MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Like dokumenter
MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Protokoll Tysnes kommune

Protokoll Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

Offentleg møteprotokoll

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: Tid: Tittel

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: Tittel

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Behandling i Formannskapet den FRAMSETT FORSLAG FRÅ: Arve Opsanger (AP) / Ole T. Holmedal (Frp) / Kjell Yri (V) / Marit E.

Saksnr. utval Utval Møtedato 040/18 Rådet for eldre og menneske med nedsett

Offentleg møteprotokoll

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 13244/2015

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 43/18 18/ gongs handsaming Felles plan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2016/1745 Løpenr.: 12288/2016

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Formannskapet Kommunestyret

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

Behandling i Formannskapet den

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Saksframlegg Valle kommune

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

SAKSPAPIR. Økonomiplan Vedlegg :

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEBOK - TITTELBLAD - Formannskapet

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Tysnes kommune

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: 118/07 07/853 REGULERING AV HUSLEIGENE I KOMMUNALE BUSTADER

MØTEBOK Tysnes kommune

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /15

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET:

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Tysnes kommune

1. Vågsøy kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2019 og økonomiplan slik det ligg føre.

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Gunnvor Linde Gudvin Haraldsson Kari Bolstad Kjetil Nesse Anne Margrethe Kråvik

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune Formannskapet

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

SAKSGANG. Arkivsaknr. Morten B. Aasbø

OPPSTART AV KOMMUNEPLANARBEID OG OFFENTLEG ETTERSYN AV PLANPROGRAM

Tysnes kommune Møteprotokoll

Rådet for eldre og funksjonshemma

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 117/17 Formannskapet PS Kommunestyret

Budsjett 2019 og økonomiplan

Saksprotokoll. Det vert gjort følgjande endringar i tillegg til budsjettnotat nr 1 i punkt 1.

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Tokke kommune. Møteprotokoll. Oppvekstutvalet. Utval: Møtestad: Kultur, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt:

Til veljarane i Tysnes

Saksnr. utval Utval Møtedato 112/18 Formannskapet Kommunestyret. Vedlegg i saka: Prisbok

Ordføraren bad om gruppemøte. Etter gruppemøtet vart det lagt fram 2 framlegg til vedtak. Administrasjonssjefen trekte sitt framlegg.

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

KARTLEGGING OG VERDSETTING AV FRILUFTSLIVSOMRÅDE

Skodje kommune Teknisk avdeling

Rådet for eldre og funksjonshemma

Fitjar kommune Møteprotokoll

KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: UTV.SAKSNR.

Sakspapir. Kommunereforma - vurdering av Masfjorden som eigen kommune i framtida

Saksframlegg. Sakshandsamar: Erikka Torgersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 10/992-31

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksprotokoll. Sak: 84/18 SAKSPROTOKOLL - BUDSJETT 2019 OG ØKONOMIPLAN

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 043/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

MILEPELSPLAN. Prosjektområde

Arild Iversen, Krf, kom med fylgjande framlegg på vegne av Krf, H, Frp og Ferjelista: 1. Skattesatsen for eigedomsskatt i 2015 vert sett til 2

Samnanger kommune Møteprotokoll

OSTERØY KOMMUNE. Kommunereform kva vert verknadane for Osterøy kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Tysnes kommune Møteprotokoll

NOTAT. Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2014/ / ADM/RSJ

PS 66/13 - ÅRSBUDSJETT 2014, ØKONOMIPLAN

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

? Foto: Simen Soltvedt?

Oversyn over økonomiplanperioden

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Transkript:

Utval : FORMANNSKAPET Møtestad : Rådhuset Møtedato : 02.12.2014 Tid : 09:00 MØTEINNKALLING Tysnes kommune SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 82/14 14/712 GEBYR - LANDBRUK OG TEKNISK PS 83/14 14/713 OPPHALDSUTGIFTER - TYSNES SJUKEHEIM PS 84/14 14/715 BETALINGS- OG HUSLEIGESATSAR I HELSE- OG SOSIALETATEN PS 85/14 14/716 REGULERINGS AV BETALINGSSATSAR I OPPVEKSTETATEN 2015 PS 86/14 14/691 SKATTLEGGING 2015 PS 87/14 14/653 EIGEDOMSSKATT 2015 PS 88/14 14/303 BUDSJETT 2015 - ØKONOMIPLAN 2015-2018 PS 89/14 14/710 FINANSFORVALTNINGSRAPPORT PR. 31.10.14 PS 90/14 14/700 PLANPROGRAM - KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNE 2014-2024 PS 91/14 14/673 OPPSTART AV KARTLEGGING OG VERDSETJING AV FRILUFTSOMRÅDE I TYSNES KOMMUNE Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 53 43 70 00 5685 UGGDAL UGGDAL Telefaks: 53 43 70 11

PS 92/14 14/364 KOMMUNEREFORM I SUNNHORDLAND PS 93/14 12/456 SAK AV KAI I ELSÅKERVÅGEN PS 94/14 13/765 FRAMLEGG TIL REGULERINGSPLAN FOR KROKJEN - LANDE, DELER AV GNR.94 OG GNR.91, VÅGE. PS 95/14 13/971 SØKNAD OM STØNAD TIL UTDANNINGSMESSA 2015 YMSE Tysnes ordførarkontor, 28. november 2014 Kjetil Hestad Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 53 43 70 00 5685 UGGDAL UGGDAL Telefaks: 53 43 70 11

SAKSFRAMLEGG Tysnes kommune GEBYR - LANDBRUK OG TEKNISK Sakshandsamar: Steinar Dalland Arkivsak : Arkivkode: 14/712 113 - SAKSUTGREIING: Alle gebyr innanfor fagområde landbruk og teknisk vert auka tilsvarande deflator på 3 % i 2015, gebyrauken gjeld likevel ikkje innan følgjande område: Slam Avløp Renovasjon Gebyr som vert fastsett sentralt etter lov eller forskrift. Gebyr der kommunen fakturerer vidare gebyr fastsett av andre. Stukturen og prinsippa i gebyrregulativet vert ikkje endra. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Gebyr innan fagområde landbruk og teknisk vert auka med 3 % i 2015 med dei unnatak som følgjer av denne saka. Rådmannen oppdaterer gebyrregulativet i samsvar med premissa i denne saka.

SAKSPROTOKOLL FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 02.12.2014: Gebyr innan fagområde landbruk og teknisk vert auka med 3 % i 2015 med dei unnatak som følgjer av denne saka. Rådmannen oppdaterer gebyrregulativet i samsvar med premissa i denne saka.

SAKSFRAMLEGG Tysnes kommune OPPHALDSUTGIFTER - TYSNES SJUKEHEIM Sakshandsamar: Hildur Heie Arkivsak : Arkivkode: 14/713 113 - SAKSUTGREIING: Bto. driftsutgifter 1.3310.2530/2610 kr 30.899.043 Vaktmeister/vedlikehald trygding spesifisert «743.327 Frådrag: Kantine/kafeteria «600.000 Mva kr 580.000 + 140.000 «720.000 Andre refusjonar «18.800 kr 30.303.570 (2015) kr 30.303.570 : 14.235 (39 plassar x 365 døger) kr 2.129,- pr. døger INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: På bakgrunn av budsjett 2015 og føresegner for opphald i institusjon m.v. vert opphaldsutgifter pr. døger i Tysnes sjukeheim fastsett til kr 2.129,- pr. 01.01.15.

SAKSPROTOKOLL FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 02.12.2014: På bakgrunn av budsjett 2015 og føresegner for opphald i institusjon m.v. vert opphaldsutgifter pr. døger i Tysnes sjukeheim fastsett til kr 2.129,- pr. 01.01.15.

SAKSFRAMLEGG Tysnes kommune BETALINGS- OG HUSLEIGESATSAR I HELSE- OG SOSIALETATEN Sakshandsamar: Hildur Heie Arkivsak : Arkivkode: 14/715 113 - SAKSUTGREIING: Betalings- og husleigesatsane var sist regulert pr. 01.01.14. I budsjettpremissane for 2015 er det lagt opp til 3 % prisauke. Det vert difor gjort framlegg om auke i betalings- og husleigesatsane med 3 % frå 01.01.15. Prisen på tryggleiksalarm er ikkje regulert pga inntektene er høgare enn utgiftssida. Husleige for legebustad er vurdert opp til same nivå som for turnuslegebustad. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Betalings- og husleigesatsane vert regulert med 3 % frå 01.01.15. Betalings- og husleigesatsane vert slik pr. 01.01.15: Eigenbetalingssatsar for måltider m.m. Middag kr 67,- Andre enn eldre/uføre kr 102,- Frukost/kvelds kr 43,- Varm middag utkøyrd frå sjukeheimen kr 74,- Ambulerande vaktmeister (sjølvkost) Frisørtenester Fotpleie kr 246,- pr. time sjølvkost sjølvkost Transport til / frå Dagsenter kr 21,- pr. tur Månadsabonnement eigenbetaling for heimehjelp

Nto. Inntekt 0 2 G (Stortingsvedtak) kr 180,- pr. månad (statleg sats) 2 G 3 G kr 871,- pr. månad 3 G 4 G kr 1.283,- pr. månad 4 G 5 G kr 1.795,- pr. månad over 5 G kr 2.358,- pr. månad Timepris kr 246,- pr. time G er grunnbeløpet i folketrygda. G pr. 01. januar i betalingsåret skal leggjast til grunn. Husstanden si samla inntekt før særfrådrag ved siste skatteligning skal leggjast til grunn. Vederlaget skal ikkje overstiga kommunen sine utgifter til tenestene (sjølvkost). Tryggleiksalarm Abonnementspris kr 270,- pr. månad Korttidsopphald og dagopphald i institusjon Satsane følgjer til einkvar tid gjeldande statleg sats, p.t.: Korttidsopphald kr 142,- pr. døgn Dag- og nattopphald kr 74,- pr. dag/natt Omsorgs / trygdebustader med parabolanlegg Vedlikehald parabolanlegg kr 139,- pr. månad Husleigesatsar i omsorgs-, trygdebustader og bufellesskap Husleige inkl. renovasjons-, vass- og feieavgift vert fastsett til 25 % av leigaren(ane) si brutto inntekt. Min. husleige kr 3.340,- Maks. husleige kr 5.590,- Teknisk husleige kr 6.000,- Husleige i gjennomgangsbustaden Jensvoll II Husvære 95 m2 leigeareal inkl. renovasjons-, vass- og feieavgift kr 5.200,- pr. månad. Husvære 56 m2 leigeareal inkl. renovasjons-, vass- og feieavgift kr 3.100,- pr. månad. Husleige turnuslegebustad Husvære 101 m2 leigeareal inkl. renovasjons-, vass- og feieavgift kr 6.200,- pr. månad. Husleige legebustad Husvære 130 m2 leigeareal inkl. inkl. renovasjons-, vass- og feieavgift kr 6.200,- pr. månad.

SAKSPROTOKOLL FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 02.12.2014: Betalings- og husleigesatsane vert regulert med 3 % frå 01.01.15. Betalings- og husleigesatsane vert slik pr. 01.01.15: Eigenbetalingssatsar for måltider m.m. Middag kr 67,- Andre enn eldre/uføre kr 102,- Frukost/kvelds kr 43,- Varm middag utkøyrd frå sjukeheimen kr 74,- Ambulerande vaktmeister (sjølvkost) Frisørtenester Fotpleie kr 246,- pr. time sjølvkost sjølvkost Transport til / frå Dagsenter kr 21,- pr. tur Månadsabonnement eigenbetaling for heimehjelp Nto. Inntekt 0 2 G (Stortingsvedtak) kr 180,- pr. månad (statleg sats) 2 G 3 G kr 871,- pr. månad 3 G 4 G kr 1.283,- pr. månad 4 G 5 G kr 1.795,- pr. månad over 5 G kr 2.358,- pr. månad Timepris kr 246,- pr. time G er grunnbeløpet i folketrygda. G pr. 01. januar i betalingsåret skal leggjast til grunn. Husstanden si samla inntekt før særfrådrag ved siste skatteligning skal leggjast til grunn. Vederlaget skal ikkje overstiga kommunen sine utgifter til tenestene (sjølvkost). Tryggleiksalarm Abonnementspris kr 270,- pr. månad Korttidsopphald og dagopphald i institusjon Satsane følgjer til einkvar tid gjeldande statleg sats, p.t.: Korttidsopphald kr 142,- pr. døgn Dag- og nattopphald kr 74,- pr. dag/natt

Omsorgs / trygdebustader med parabolanlegg Vedlikehald parabolanlegg kr 139,- pr. månad Husleigesatsar i omsorgs-, trygdebustader og bufellesskap Husleige inkl. renovasjons-, vass- og feieavgift vert fastsett til 25 % av leigaren(ane) si brutto inntekt. Min. husleige kr 3.340,- Maks. husleige kr 5.590,- Teknisk husleige kr 6.000,- Husleige i gjennomgangsbustaden Jensvoll II Husvære 95 m2 leigeareal inkl. renovasjons-, vass- og feieavgift kr 5.200,- pr. månad. Husvære 56 m2 leigeareal inkl. renovasjons-, vass- og feieavgift kr 3.100,- pr. månad. Husleige turnuslegebustad Husvære 101 m2 leigeareal inkl. renovasjons-, vass- og feieavgift kr 6.200,- pr. månad. Husleige legebustad Husvære 130 m2 leigeareal inkl. inkl. renovasjons-, vass- og feieavgift kr 6.200,- pr. månad.

SAKSFRAMLEGG Tysnes kommune REGULERINGS AV BETALINGSSATSAR I OPPVEKSTETATEN 2015 Sakshandsamar: Aud Kaldefoss Arkivsak : Arkivkode: 14/716 113 - SAKSUTGREIING: Regulering av betalingssatsane i SFO: Tysnes kommune har SFO tilbod ved Onarheim og Uggdal skular. Betalingssatsane vart sist regulert med verknad frå 01.01.14 I budsjettpremissane er det lagt opp til ein auke på 3% frå 01.01.15 på dei ulike områda. Betalingssatsane vert då slik gjeldande frå 01.01.15 Full plass SFO. kr. 1957,- Ny pris kr. 2016,- Full plass utan onsdagar: kr. 1236,- Ny pris kr. 1273,-. SFO berre onsdagar: kr. 721,- Ny pris kr. 743,- SFO annankvar onsdag: kr. 360,- Ny pris kr. 371,- Ekstra veke: Kr. 721,- Ny pris kr. 743,- Regulering av prisar i barnehagane: Betalingssatsane i barnehagane vart sist regulert 01.01.14. Det er i føringane til Statsbudsjettet sett ein makspris i barnehagen på kr. 2580,- for full plass. Deltidsplassane vert regulert slik: 4 dagar i veka (80% plass) kr 2000,- Ny pris kr 2200,- 3 dagar i veka (60% plass) kr. 1700,- Ny pris kr 1900,- Kulturskulen Betalingssatsane er auka med 3% til:

Einskildundervisning kr. 2500. Ny pris kr. 2575,- pr. år Gruppeundervisning kr. 2000,- Ny pris kr. 2060,- pr. år Kor, korps etc. kr. 15.960,- Ny pris kr. 16.439,. pr. årstime Basseng Betalingssatsane vart sist regulert hausten 2011. Kostnadene ved utvida opningstid var då kr. 16.115,- pr. mnd. (4 veker). Då var det rekna oppvarming, kjemikalier og vaktmesterteneste. Reinhald må leigetakar syta for sjølv. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Bassengleiga vert auka med 5% frå kr. 16.115,- til kr. 16.921,-. Betalingssatsane i SFO, barnehagar og kulturskulen vert regulert i samsvar med ovanståande.

SAKSPROTOKOLL FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 02.12.2014: Bassengleiga vert auka med 5% frå kr. 16.115,- til kr. 16.921,-. Betalingssatsane i SFO, barnehagar og kulturskulen vert regulert i samsvar med ovanståande.

SAKSFRAMLEGG Tysnes kommune SKATTLEGGING 2015 Sakshandsamar: Steinar Dalland Arkivsak : Arkivkode: 14/691 102 - INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: I samsvar med tidlegare år vert det kommunale skattøret sett til høgaste sats.

SAKSPROTOKOLL FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 02.12.2014: I samsvar med tidlegare år vert det kommunale skattøret sett til høgaste sats.

SAKSFRAMLEGG Tysnes kommune EIGEDOMSSKATT 2015 Sakshandsamar: Helge Drange Arkivsak : Arkivkode: 14/653 111 - SAKSUTGREIING: Vedtaket om utskriving av eigedomsskatt må gjerast kvart år i samband med budsjetthandteringa for det komande skatteåret, jf. Eigedomskattelva 10. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: I medhald av eigedomsskattelova 2 og 3 vert det vidareført i 2015 utskriving av eigedomsskatt på alle faste eigedomar i heile Tysnes kommune. Eigedomsskattesatsen er for 2015 på 3,8 promille. Det vert ikkje innført botnfrådrag for bustaddelen av eigedommar som ikkje vert nytta til næringsverksemd i 2015. I medhald av eigedomsskatteloven 7 bokstav b vert bygning som har historisk verdi fritatt for eigedomsskatt. Nyoppført bygning som heilt eller delvis vert brukt som bustad vert fritatt etter eigedomsskatteloven 7 bokstav c i 5 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Også tidlegare vedtekne fritak etter eigedomsskattelova 7 bokstav a vert vidareført. Eigedomsskatten skal betalast i fire terminar. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter og retningsliner.

SAKSPROTOKOLL HANDSAMING I FORMANNSKAPET 02.12.2014: Magnar Solheim sett fram framlegg om at eigedomsskattesatsen for 2015 vert redusert til 3,05 promille. Ved avrøysting fekk framlegg frå Frp 1 røyst (MS), innstilling frå rådmannen fekk 6 røyster. FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 02.12.2014 MED 6 RØYSTER (K.H., A.M.F., I.R., T.A.H., Ø.F., T.H.): I medhald av eigedomsskattelova 2 og 3 vert det vidareført i 2015 utskriving av eigedomsskatt på alle faste eigedomar i heile Tysnes kommune. Eigedomsskattesatsen er for 2015 på 3,8 promille. Det vert ikkje innført botnfrådrag for bustaddelen av eigedommar som ikkje vert nytta til næringsverksemd i 2015. I medhald av eigedomsskatteloven 7 bokstav b vert bygning som har historisk verdi fritatt for eigedomsskatt. Nyoppført bygning som heilt eller delvis vert brukt som bustad vert fritatt etter eigedomsskatteloven 7 bokstav c i 5 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Også tidlegare vedtekne fritak etter eigedomsskattelova 7 bokstav a vert vidareført. Eigedomsskatten skal betalast i fire terminar. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter og retningsliner. FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 02.12.2014 MED 1 RØYST (M.S.): I medhald av eigedomsskattelova 2 og 3 vert det vidareført i 2015 utskriving av eigedomsskatt på alle faste eigedomar i heile Tysnes kommune. Eigedomsskattesatsen er for 2015 på 3,05 promille. Det vert ikkje innført botnfrådrag for bustaddelen av eigedommar som ikkje vert nytta til næringsverksemd i 2015. I medhald av eigedomsskatteloven 7 bokstav b vert bygning som har historisk verdi fritatt for eigedomsskatt. Nyoppført bygning som heilt eller delvis vert brukt som bustad vert fritatt etter eigedomsskatteloven 7 bokstav c i 5 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Også tidlegare vedtekne fritak etter eigedomsskattelova 7 bokstav a vert vidareført. Eigedomsskatten skal betalast i fire terminar.

Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter og retningsliner.

SAKSFRAMLEGG Tysnes kommune BUDSJETT 2015 - ØKONOMIPLAN 2015-2018 Sakshandsamar: Steinar Dalland Arkivsak : Arkivkode: 14/303 102 - Vedlegg: 1. Økonomiplanperioden 2015 2018 Budsjettnotat 2. Budsjett 2015 finansområdet 3. Alternativt framlegg til budsjett frå Tysnes Frp 4. Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2015 5. Framlegg til budsjett frå formannskapet

SAKSPROTOKOLL HANDSAMING I FORMANNSKAPET 02.12.2014: Representanten Tore Atle Humlevik refererte til innspel frå frivilligsentralen, og gjer framlegg om at budsjettet vert styrkt med kr. 15.000,- for driftsåret 2015. Han føreset vidare at Frivilligsentralen får høve til kobla seg på den kommunale telefonen. Han rår til at inndekninga vert sikra gjennom reduserte løyvingar til kontrollutvalet. Representanten Anne Merethe Fjeldstad stilte spørsmål om kvifor det ikkje var sett av midlar til prosjektering på Tysnes skule. Rådmannen svarte at me vil byggja vidare på forprosjektet som er gjennomført. Representanten gav vidare uttrykk for at Ap ikkje vil stetta framlegget til Frp sitt alternativte budsjett, det er i første rekkje knytt til at partiet meiner at det vil vera uansvarleg å redusera avdraga. Ho tok vidare opp at nye lån vert teke opp med 30 års avdragsprofil til neste år og at premissa såleis ikkje slår til. Rådmannen presiserte at nye lån vert teke opp med 30 års nedbetalingstid, men at det går ei stund før me kjem ned på minimumsavdrag ut frå at me også har ein del eldre lån i portefølja. Framlegget frå Frp vil krevja at me kjøper ut ein del fastrentelån. Representanten Øystein Flakke var positiv til at midlar til eigedomsskatt vart sett av til fond og at dette vart synleggjort i budsjettet. Ordføraren stilte spørsmål om kva kulturskulen frametter skal vera, for alle praktiske formål er i dag kulturskulen ein musikkskul. Han meinte at ei tilføring om nye midlar til kulturskulen må øyremerkjast til nye tiltak innan til dømes dans og drama. Ordføraren ønskjer å styrkja kulturskulen med kr. 100`med slik inndekning: Ansvar for friluftsliv vert redusert tilsvarande kr. 50.000,- Posten for maling av kyrkje vert redusert med kr. 50.000,- Rådmannen gjorde oppmerksam på at maling av kyrkjer ligg på investeringar og at det må finnast ei anna innsparing innanfor driftsbudsjettet. Representanten Øystein Flakke ba om at kulturskulen legg fram ein plan for bruk av ei tilleggsløyving på inntil kr. 100.000,-. Representanten Torstein Hatlevik ba om at det i planen også vert gjort ei totalvurdering av av kostnader og ressursbruk, det bør i samband med dette også vurderast om korvidt deler av kulturskulen kan gjerast til sjølvkost. Representanten Anne Merethe Fjeldstad tok opp at det i dag er ein høg kostnad for korps og kor å leiga timar frå kulturskulen, inntektene til kulturskulen vart auka til kr. 100.000 i 2014 ved at prisane på desse timane vart auka opp. Rådmannen viste til at det i budsjettet er vidareført kr 100`i tilskot til korps og kor også i 2015. Det vart sett fram framlegg om slik inndekning av ekstra løyvingar i samband med utviding av opningstider i barnehagane for sumaren 2015:

- Kontrollutvalet sitt budsjett vert redusert tilsvarande kr. 85` for budsjettåret 2015. Innspel frå Fagforbundet, dagsett 28.11.14 vart gått gjennom i møte. Det vart ikkje gått inn for ei permanent styrking av open omsorg per i dag. Ordføraren oppsummerte formannskapet sine endringar i rådmannen sitt budsjettframlegg slik: 1. Det vert sett av kr. 50.000,- til formannskapet sine tilleggsløyvingar for å kunna styrka arbeid i kulturskulen 2. Det vert sett av kr. 15.000,- til tilskot til friviljugsentralen for 2015 3. Det vert sett av kr. 85.000 for å sikra at det skal vera tilbod om barnehage gjennom heile sumaren. 4. Det vert gjort reduksjon tilsvarande kr. 100.000 innanfor kontrollutvalet sitt ansvar 5. Det vert gjort reduksjon tilsvarande kr. 50.000 innanfor ansvar friluftsliv Ordføraren sette fram slikt framlegg til budsjettvedtak: «I Budsjett 2015 Kommunestyret vedtek drifts- og investeringsbudsjett for 2015 i samsvar med formannskapet si innstilling i vedlagde budsjettdokument og elles i tråd med dei føringane som går fram av møteboka for budsjettarbeidet. Kommunestyret godkjenner låneopptak i budsjett for 2015 med kr. 64,5 mill over 30 år. II Økonomiplan 2015-2018 1. Økonomiplanen vert vedteken slik den ligg føre som vedlegg til denne saka. 2. Økonomiplanen sine hovudtal for 2015 vert å leggja til grunn som driftsramme for 2015. 3. Økonomiplanen sitt investeringsbudsjett vert retningsgjevande for kva for prosjekt som skal førast opp i investeringsbudsjettet 2015.» Representanten Magnar Solheim sette på vegner av Frp fram slikt framlegg til budsjett for 2015: «Budsjett 2015

Kommunestyret vedtek drifts og investeringsbudsjett for 2015 i samsvar med dei endringane som følgjer av Frp sitt alternative budsjettframlegg. Økonomiplan 2015-2018 1. Økonomiplanen vert vedteken slik den ligg føre som vedlegg til denne saka og likevel med endringar som går fram av Frp sitt alternative framlegg til driftsbudsjett for 2015. 2. Økonomplanen sine hovudtal for 2015 vert å leggja til grunn som driftsramme for 2015. 3. Økonomiplanen sitt investeringsbudsjett vert retningsgjevande for kva for prosjekt som skal førast opp i investeringsbudsjettet for 2015.» Ved avrøysting fekk framlegg frå ordføraren 6 røyster (K.H, I.R, A.M.F, Ø.F, T.H, TAH), framlegg frå Frp fekk 1 røyst (M.S). FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 02.12.2014 MED 6 RØYSTER: I Budsjett 2015 Kommunestyret vedtek drifts- og investeringsbudsjett for 2015 i samsvar med formannskapet si innstilling i vedlagde budsjettdokument og elles i tråd med dei føringane som går fram av møteboka for budsjettarbeidet. Kommunestyret godkjenner låneopptak i budsjett for 2015 med kr. 64,5 mill over 30 år. II Økonomiplan 2015-2018 1. Økonomiplanen vert vedteken slik den ligg føre som vedlegg til denne saka. 2. Økonomiplanen sine hovudtal for 2015 vert å leggja til grunn som driftsramme for 2015. 3. Økonomiplanen sitt investeringsbudsjett vert retningsgjevande for kva for prosjekt som skal førast opp i investeringsbudsjettet 2015. FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 02.12.2014 MED 1 RØYST: I Budsjett 2015 Kommunestyret vedtek drifts og investeringsbudsjett for 2015 i samsvar med dei endringane som følgjer av Frp sitt alternative budsjettframlegg. II Økonomiplan 2015-2018 1. Økonomiplanen vert vedteken slik den ligg føre som vedlegg til denne saka og likevel med endringar som går fram av Frp sitt alternative framlegg til driftsbudsjett for 2015.

2. Økonomplanen sine hovudtal for 2015 vert å leggja til grunn som driftsramme for 2015. 3. Økonomiplanen sitt investeringsbudsjett vert retningsgjevande for kva for prosjekt som skal førast opp i investeringsbudsjettet for 2015.

SAKSFRAMLEGG Tysnes kommune FINANSFORVALTNINGSRAPPORT PR. 31.10.14 Sakshandsamar: Rolf Johan Lunde Arkivsak : Arkivkode: 14/710 100 - Vedlegg: 1. Finansforvaltningsrapport pr. 31.10.14 INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Kommunestyret tek rapporten til orientering.

SAKSPROTOKOLL FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 02.12.2014: Kommunestyret tek rapporten til orientering.

SAKSFRAMLEGG Tysnes kommune PLANPROGRAM - KOMMUNEDELPLAN FOR KULTUMINNE 2014-2024 Sakshandsamar: Vibeke Øxnevad Stoltz Arkivsak : Arkivkode: 14/700 256 - Vedlegg: 1. Framlegg til planprogram SAKSUTGREIING: Arbeidet med ein kommunedelplan for kulturminne i Tysnes er i kommunen sin planstrategi 2012-2015 vedteken å vera ei prioritert oppgåve. Første steget i arbeidet med planen er å vedta eit planprogram, slik det vert kravd i Plan- og bygningslova 4-1. Føremålet med planprogrammet er å leggja til rette for opne, demokratiske prosessar, og å auka innsynet og medverknad i planlegginga på eit tidleg stadium. Planprogrammet dannar rammer for sjølve kulturminneplanen. Planprogram for Kommunedelplan for kulturminne skal sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn. Høyringsfrist for framlegg til planprogram er minimum 6 veker. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Tysnes kommune starter opp arbeidet med ein kulturminneplan i samsvar med Planprogram for Kommunedelplan for kulturminner 2014 2024. Planprogrammet skal sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn. Høyringsfristen vert 20. februar 2015.

SAKSPROTOKOLL HANDSAMING I FORMANNSKAPET 02.12.2014: Representanten Torstein Hatlevik sette fram slik tillegg til framlegget: «Næringsinteresser må koma tydeleg inn i planprogrammet og reiselivsnæringa må delta aktivt i arbeidet.» Formannskapet slutta seg samrøystes til framlegget. FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 02.12.2014: Tysnes kommune starter opp arbeidet med ein kulturminneplan i samsvar med Planprogram for Kommunedelplan for kulturminner 2014 2024. Planprogrammet skal sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn. Høyringsfristen vert 20. februar 2015. Næringsinteresser må koma tydeleg inn i planprogrammet og reiselivsnæringa må delta aktivt i arbeidet.

SAKSFRAMLEGG Tysnes kommune OPPSTART AV KARTLEGGING OG VERDSETJING AV FRILUFTSOMRÅDE I TYSNES KOMMUNE Sakshandsamar: Vibeke Øxnevad Stoltz Arkivsak : Arkivkode: 14/673 104 - SAKSUTGREIING: Hordaland fylkeskommune har invitert Tysnes kommune og kommunane i Hordaland til å gjennomføra ei kartleggjing og verdsetjing av friluftsområde lokalt, eventuelt i samarbeid Bergen og Omland Friluftsråd som lokal prosjektleiar. Dette vert ei temakartlegging, og ikkje ein plan. Arbeidet vil gje grunnlag for vurdering av friluftslivsinteresser i kommuneplanar og kommunedelplanar. Gjennom arbeidet vert det etablert viktige nettverk mellom dei ulike aktørane med interesser innan friluftsliv. Arbeidet med kartleggjing og verdsetjing av friluftsområder er forankra i Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv (2014-2020) og Nasjonal handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftsområder (2014-2020), og skal følga Miljødirektoratet si handbok, M98-2013. Sjølve kartleggjingsarbeidet skal gjerast av Tysnes kommune, i regi av ei lokal arbeidsgruppe med prosjektleiar frå Bergen og Omland Friluftstråd. Denne gruppa vurderer relevant informasjon, kartfester areala og gjev ei skildring av dei ulike områda. Hordaland fylkeskommune bidreg med midlar til prosjektleiarrolla, som får eit ansvar for framdrift, samanstilling og skriving av ein kortfatta rapport. Vidare skal kartdata digitaliserast og leggjast ut påinter nett. Hordaland fylkeskommune koordinerer dette arbeidet. Mål med kartlegginga Metoden vil kunne bidra til å oppnå det nasjonale målet om å sikra befolkninga høve til å driva eit variert friluftsliv både i nærmiljøet og naturen elles. Moglegheit for fysisk aktivitet i naturen har stor innverknad på både folkehelse og trivsel, og friluftsområda er viktige fellesgodar for lokalsamfunna. Målet med kartlegginga er å: få oversyn over og tydeleggjera areala til friluftsliv i kommunen få verdsett og prioritert areala til friluftsliv i kommunen - og gjennom dette sikra god tilgang på relevant friluftslivsinformasjon i kommunen og for eksterne partar. Døme på dette kan vere å sikre eit godt grunnlag for å utarbeide ein sti- og løypeplan for kommunen/ regionen.

Frå 2018 vil det vere eit krav frå Miljøverndepartementet om å ha gjennomført ei kartleggjing og verdsettjing av friluftsområde for å kunna søkja om statleg medverknad til sikring av friluftsområde. Resultat Ein kortfatta rapport med oppsummering av arbeidet Kartfiler i SOSIformat til kommunen (leggjast inn som eit temalag i kommunen sin digitale kartløysning) Interaktivt kart som presenterer friluftsområda på internett. Dette vert lagt inn i Naturbase.no med kommunen som eigar av datasettet. Organisering Prosjekteigar: Tysnes kommune Lokal prosjektleiar: Bergen og Omland Friluftsråd Prosjektkoordinator: Hordaland fylkeskommune Forslag til deltagarar i lokal arbeidsgruppe og referansegruppe: Prosjektleiar, Bergen og Omland Friluftsråd Vibeke Øxnevad Stoltz, rådmannskontoret Laila Jane Hope, landbruk- og teknisk etat Representant frå prosjektet Vandring Tysnes Representant frå idrettsråd/jakt- og fiskelag Andre ressurspersoner vert trekte inn ved behov Arbeidsplan Oppgåve Oppstartsvedtak, inkl. nedsetjing av arbeidsgruppe og referansegruppe Første møte i arbeidsgruppa: Metodikk/arbeidsform, få tak i informasjon om friluftsområda, avgrensing område/test av metodikk Systematisering av eksisterande informasjon, kontakt mot barnehagar og skular (med vekt på tettbygde område) Møte i arbeidsgruppa: Avgrensing og skildring av friluftsområde Møte i arbeidsgruppa: Verdsetjing av friluftsområda, ferdigstilling av manuskart og tilhøyrande tabell med eigenskapar og skildring for kvart område Digitalisering av friluftsområda og utarbeiding av enkelt kart på nett (for kvalitetssikring) Rapportskriving (kort summering av gjennomført arbeid) Kvalitetssikring (eventuell ei enkel høyring) og eventuelle justeringar Møte i arbeidsgruppa: Korrektur kart Ferdigstilling av digitalisering/sosi-fil og kort rapport Presentasjon i kommunestyret Det er eit mål at arbeidet er ferdig for heile kommunen innan sommaren 2015.

Ressursbruk Arbeidsinnsatsen frå prosjektleiar, administrasjonen og deltakarar i prosjektgruppa vil utgjera til saman om lag 3-4 veker. I tillegg kan det vere nokre avgrensa møte- og reisekostnader i samband med arbeidsgruppa. Arbeidsinnsatsen utgjer eigeninnsatsen for kommunen. Kostnader i samband med koordinering, prosjektleiing, digitalisering av materiell og ferdigstilling av kartfil, SOSI-fil, (Samordna Opplegg for Stadfesta Informasjon den største nasjonale standard for geografisk informasjon) vert dekt av midlar frå Hordaland fylkeskommune og Miljødirektoratet. INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN: Tysnes kommune starter opp arbeidet med kartleggjing og verdsetjing av friluftsområde i tråd med saksframlegget.

SAKSPROTOKOLL HANDSAMING I FORMANNSKAPET 02.12.2014: Representanten Anne Merethe Fjeldstad bad om at det vert lagt opp til at arbeidet med verdsetjing og kartlegging av friluftsområde vert lagt opp i samarbeid med innbyggjarane og at arbeidet vert forankra mellom folk flest. FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 02.12.2014: Tysnes kommune starter opp arbeidet med kartlegging og verdsetjing av friluftsområde i tråd med saksframlegget.

SAKSFRAMLEGG Tysnes kommune KOMMUNEREFORM I SUNNHORDLAND Sakshandsamar: Steinar Dalland Arkivsak : Arkivkode: 14/364 010 - Vedlegg: 1. Spørjeskjema i samband med kommunereform SAKSUTGREIING: Det vert vist til kommunestyret si handsaming av sak PS 21/14 der kommunestyret gjorde vedtak om delta i prosjektet «Kommunereform Sunnhordland.» Prosjektgruppa har sendt ut vedlagde spørjeskjema til dei deltakande kommunane, det er kommunen si referansegruppe som skal svara på spørjeskjemaet, formannskapet er uttnemnt av kommunestyret til å ivareta denne rolla. Svarfrist for å gje tilbakemelding er 10. desember. Rådmannen vil i samband med denne saka gje ei kort vurdering av ulike spørsmål og moment som kan vera aktuelle å vurdera. Det er ikkje lagt opp ei innstilling i saka då mykje av dette i realiteten er knytt til reine politiske vurderingar, det er såleis ikkje unaturleg om formannskapet vil svara annsleis på spørsmåla enn det som er gjort i denne framstillinga. Del 1: Generelle spørsmål Kva er unikt med kommunen? Tysnes er ein øykommune som ligg sentralt plassert mellom Stord og Bergen. Kommunen er i dag berre brufast mot Fusa og Kvinnherad. Kommunikasjonar har gjort interkommunale satsingar mot Sunnhordland krevjande, det gjeld særskilt innanfor ulike beredskapsfunksjonar. Kommunen er per i dag delt på kryss og tvers i ulike regionale og statlege inndelingar. Kommunen er per i dag den minste av kommunane i samarbeidet, men dette vil truleg endra seg i samband med ny E39 der kommunen igjen vil få ein svært sentral posisjon mellom Midt- og Sunnhordland, mellom Stord og Bergen. Kommunen har ei stor og viktig oppdrettsnæring med stort potensial for vidare utvikling der Alsaker Fjordbruk er venta å verta ein motor også i fortsetjinga. Kommunen er rik på kulturminner noko som kan vera både ei føremon og ei ulempe i samband med vidare utvikling.

Kva er største fortrinnet? Kommunen sin geografiske plassering mellom Midt- og Sunnhordland, mellom Stord og Bergen. Stort frivillig engasjement. Sterke og levedyktige bygder. Kva er det viktigaste satsingsområdet i kommunen i dag? Kommunen sitt viktigaste satsingsområde er å leggja til rette og stimulera til vekst i folketalet. Kor ligg det viktigaste potensialet for videre utvikling av kommunen? Det største potensialet for vidare utvikling av kommunen ligg i å vera i forkant av utviklinga i samband med omlegging av E39, dette gjeld utvikling av attraktive nærings- og bustadområder. Det er også vist at det er eit stort potensial for utvikling på austsida av Tysnes, det er stort lokalt driv og optimisme med omsyn til utvikling av nye bustadområder, nytt senter og ikkje minst ei mogleg utvikling av næringsområde på Nedrevåge. Kva er særskilt utfordrende i kommunen? Den demografiske situasjonen me har no med ei aldrande befolkning er ei utfordring, det må skapast grunnlag for at også fleire unge vel å busetja seg på Tysnes. Kommunikasjonane internt i kommunen er dårlege, vegstandarden er så dårleg at det er set effektive hindringar for utvikling av nærinslivet. Kommunen står i ein uheldig situasjon der me trass i låg folketalsvekst må gjennomføra store investeringar innan skule og pleie- og omsorg. Del 2: Spørsmål i høve til kriteria i vegleiaren Tenesteytar Kva er sterke og svake sider ved kommunen som tenesteytar i dag? Kommunen leverer tenester av god kvalitet til låg pris innan dei fleste tenesteområda i dag. Smådriftsfordeler som inneber ei heilskapeleg tilnærming til verdikjeda er ein føresetnad for dette.

Kommunen har klart å fylla dei fleste funksjonar med god fagkompetanse, dette gjeld både innanfor oppvekst og helse- og sosial. Me har også god kompetanse innanfor tekniske områder. Kommunen har relativt god evne til å halda på arbeidskrafta, men det har vist seg å vera utfordrande å då tak i kometente arbeidstakarar innan einskilde område. Trass i at grunnkompetansen faktisk er delvis svært god er me likevel sårbare, ikkje minst gjeld dette for kortare fråvær ved permisjonar og sjukdom, men også i noko mon for utskifting av personell. Kommunen er over tid prega over nøktern drift og ansvarleg økonomistyring, noko som avspeglar seg i at gjelda er under kontroll og at det framleis står disposisjonsfond til rådvelde. Kommunen er likevel svært utsett for svingningar og eventuelle endringar i inntektssystema. Det er ein styrke at kommunen sine bygg i hovudssak er i god stand, men det er ei stor utfordring å finna rom for å gjera turvande investeringar på dei største og viktigaste tenesteiningane i kommunen: Tysnes skule og Tysnes sjukeheim. Ein svakheit er at det er for lite ressursar til å utvikling og innovasjonsarbeid innanfor drifta. Den administrative kapasiteten er for liten noko som i særskilt grad har gjeve utfordringar innanfor planområde den seinare tida. Kommunen er vurdert som den 4. beste tenesteleverandøren i Hordaland i kommunebarometeret for 2013. Kva er utfordringane i forhold til forventa demografisk utvikling? Kommunen har i dag svært mange eldre samanlikna med landsgjennomsnittet, veksten i denne gruppa er noko lågare enn tilsvarande vekst for resten av landet. Me er trygg på at kommunen vil få ei positiv utvikling både i samla folketal og ei positiv utvikling med ein yngre befolkning etter at kommunen vert landfast nordover mot Os og sørover mot Stord. Flyttemønster tyder på at dei som i første rekkje flytter ut i randsona er familiar i etableringsfasa. Kva er utfordringane har kommunen når det gjeld kompetanse spesialisering og rekruttering? Det er ei utfordring at fagmiljøa er små i kommunen, større fagmiljø gjev fleire «spesialistar», i ein liten kommune som vår må alle vera «generalistar», dette gjev gode kår for samordning men mindre djupne i einskildssaker. Kommunen har svært høg kompetanse innan einskilde områder, men er sårbare i høve til rekruttering, dette gjeld særskilt innanfor tekniske fag, ingeniørar og planleggjar. Konsekvensar om ein ikkje lukkast med rekruttering innanfor eit einskilt område vert fort meir kritisk ut frå at det ikkje er overlapping innan ulike fagområder. Kva finnest av interkommunale tenestesamarbeid?

SIM - IKS Krisesenter Vest - IKS PPT Kjøp av tenster etter vertskommuneprinsippet ( Os kommune) Skatteoppkrevjar Kjøp av tenester etter vertskommuneprinsippet ( Os kommune) Landbruk Kjøp av tenester etter vertskommuneprinsipp (Fusa kommune) Sunnhordland Interkommunale Innkjøpsforum Kjøp av tenester etter vertskommueprinsipp (Stord Kommune) Veterinærsamarbeid med Fusa og Samnanger (ordninga vert adnministrert av Tysnes kommune) Sal av legevaktstenester til Kvinnherad Deltaking i kompetanseregion Midthordland innan oppvekstområde. Samarbeid med Fusa og Samnanger innanfor økonomi og lønsfaget. Økonomiske nøkkeltal: Finansielle nøkkeltall Tysnes Kostragruppe 02 Brutto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter, konsern Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter, konsern Frie inntekter i kroner per innbygger, konsern Langsiktig gjeld i prosent av brutto driftsinntekter, konsern Arbeidskapital ex. premieavvik i prosent av brutto driftsinntekter, konsern Netto lånegjeld i kroner per innbygger, konsern Hordaland Norge uten Oslo Norge totalt 1,0 2,0 1,5 2,1 1,9 58 957-2,5 2,7 2,5 2,6 Figuren over er henta frå KOSTRA tal 2013, me rår elles prosjektgruppa til å henta andre tilgjengelege nøkkeltal frå kommunane frå KOSTRA. 53 468 46 603 47 407 48 196 217 207 200 207 206 14,2 15,5 16,3 16,9 14,1 41 136 55 668 48 309 53 826 50 721 Utøving av mynde Skaper mangel på kapasitet og kompetanse utfordringer for utøving av mynde? Mangel på kapasitet er i noko mon ei utfordring med omsyn til å få handsama saker tilstrekkeleg raskt til einkvar tid, mangel på kompetanse synes å vera ei mindre utfordring. Korleis er tilgangen til juridisk kompetanse i dag?

Det er p.t. 4 tilsette med juridisk embetseksamen, to av desse arbeider i sentraladministrasjonen (1,36 årsverk) og to av desse arbeider innan barnevern ( 1,8 årsverk). Forutan eigen kompetanse har kommunen tilgang på juridisk kompetanse gjennom forsikringar i høve ansvar, i høve arbeidsrettslege spørsmål nyttar me KS advokatane. Me har rammeavtaler på advokattenester innan barnevern og me arbeider med å få på plass ein rammeavtale for advokattenester innan areal og eigedomsspørsmål. Ut frå at det er behov for spissa juridisk kompetanse innan einskildområde, er det ikkje aktuelt å nytta eigen kommuneadvokat. Den juridiske kompetanen me har i dag er godt tilpassa tenesteområda. Kva er omfanget av klager og korleis fordeler desse seg på ulike forvaltningsområde? Omfanget av klager er relativt sett lågt og er uproblematisk å handtera innan dei ulike forvaltningsområda. Det er relativt få saker som går til kommunen sitt klageorgan, samla har det vel vore 2 saker det siste året. Det er ein del klager i samband med eigedomsskatt, men handsaminga og oppfølginga av desse går stort sett greitt. Innan plan og byggjesak er det kome 10 klager i 2014, talet på handsama saker er 310. Korleis er sakshandsamingstidene og kvaliteten på sakshandsaminga? Det er relativt korte sakshandsamingstider innanfor dei fleste fagområda. Me merkjer ei positiv utvikling for sakshandsaming innanfor barnevern der andel meldingar som ikkje er lukka innan 3 månader er falt til 22 %, dette er nok likevel noko høgare andel enn kva me helst hadde sett. I høve fagområde plan og byggjesak ligg me i snitt innanfor ei handsamingstid på 6 veker for delegerte saker, lovkravet her er som hovudregel 12 veker. Det er svært få søknader som fyller vilkåra for tre vekers handsamingstid. Dispensasjonssaker tek lengre tid, men her er det ikkje krav om sakshandsamingstid. Når det gjeld sjenkesaker så har me kort sakshandsamingstid, i einskilde høve berre på nokre timar om det skulle stå på. I høve kart og oppmåling har me hatt ei svært positiv utvikling på sakshandsamingstida dei siste åra og ligg godt innanfor lovkravet her. Husbankssaker har hatt for lang sakshandsamingstid i siste året.

Kvaliteten på sakshandsaminga er nok varierande her som alle andre plasser, me vil likevel hevda at kvaliteten er gjennomgåande god. Har kommunen gode rutinar og system for utøving av mynde? Kva utfordringar er avdekka gjennom statlege tilsyn? Tilsyn på grunnskulesektoren knytt til spesialundervisning og til etterleving av forvaltningslova avdekka rom for forbetring, dette er gripe tak i og det er i dag relativt gode system for handsaming av forvaltningsvedtak i dag. Ei gjennomgåande utfordring er at kommunen ikkje har eit overordna kvalitetssystem og at det er mangelfullt internkontrollsystem og skriftlege rutinar innanfor fleire område. I kva grad er det problem med habilitet og kva utfordringar skaper det? Me opplever i lita grad problem knytt til habilitet. Samfunnsutviklar Kva utfordringar står kommunane føre i dag med tanke på å fremje ein langsiktig og heilskapleg utvikling, både kvar for seg og for regionen som heilskap? Kommuneadministrasjonen er for liten til å vera ei god støtte for politisk nivå opp mot samfunnsutviklingsrolla, for mykje av kapasiteten går til oppfølging og støtte til tenesteproduksjon. Kommunen står føre endringar i kommunikasjonar som vil binda oss tettare opp mot omliggjande kommunar i nord og sør. Kommunen vil krevja større ressursar knytt til planlegging og proaktivt arbeid for å koma i rett posisjon til å hausta frukter av ei slik utvikling. Ei utfordring med dagens kommuneinndeling kan vera at den einskilde kommune tenkjer litt for mykje på seg sjølv og for lite på kva som er tenleg sett innanfor eit større geografisk område. For Tysnes kommune er ei næringsutvikling på Nedravåge viktig, dette kan verta vanskeleggjort om ikkje regionen i større grad samlar seg for å finna løysingar som ivareteke dette område med omsyn til framtidige vegsamband. Korleis er situasjonen i kommunen når det gjeld befolkningsutvikling, næringsutvikling og sysselsetting? Kommunen har dei siste 40 åra hatt eit stabilt folketal, men har ikkje klart å oppretthalda vekst på nasjonalt nivå. Etter SSB sine prognoser for folketalsutvikling kan me venta eit svakt fall i folketalet frametter, men me meiner at SSB sine prognosar i for lita grad tek omsyn til ytre omstende slik som endring i infrastruktur med vidare. Me forventar ei positiv folketalsutvikling med ein vesentleg vekst dei komande åra.

Når det gjeld næringsutvikling så er det verdt å merkja seg at Tysnes har blitt ein av dei viktigaste Grùnderkommunane. Det er i lita grad store industrielle hjørnesteinar å kvila seg på lokalt, noko som gjer næringslivet litt mindre utsett for svingningar i einskildnæringar. Kommunen har mykje havbruk, noko som er venta å også i framtida er venta å vera ei vekstnæring. Det er elles verdt å merkja seg at utpendlinga frå kommune er stor, det går då i første rekkje til Stord og Bergen. I samband med kommunereform må me også peika på at den kommunale verksemda er ein viktig kompetansearbeidsplass, i særskilt grad for kvinner. Kva oppgåver og utfordringar krve felles løysingar på tvers av kommunegrensene? Ei rekkje oppgåver kunne i dag vore løyst på tvers av kommunegrensene, for vårt vedkomande vil dette vera ei av dei sentrale avklaringane i samband med prosjektet som skal sjå på konsekvensar av ei kommunereform. Me ser samstundes at dagens kommunikasjoner gjer det vanskeleg å tenkja seg at ein del beredskapsfunksjonar skal kunna løysast utanfor øya, dette gjeld til dømes legevakt. For Tysnes som vert eit utkantsamfunn i ein større kommune vil det vera viktig at ein i prosjektet har ei god analytisk tilnærming til tenestespørsmålet, i prosjektet bør ein også allereie no tenkja på system som sikrar gode prosessar for samfunnsutviklinga innanfor heile det geografiske område til ein ny stor kommune. I kva grad evner kommunen å gjennomføra vedtak i plan- og utbyggingssaker? Kommunen evnar i stor grad å gjera vedtak i plan og utbyggingssaker. Utfordringa er å ha nok kapasitet til å også vera ein sjølvstendig aktør i plan og utbyggingssaker, dette gjeld til dømes evnen til å gjennomføra rulleringar av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel. Demokratisk arena Korleis er lokaldemokratiet organisert i dag, og kva former for deltaking er etablert? Lokaldemokratiet har ei tradisjonell organiserinng gjennom etablerte parti. Kommunestyret har 21 representantar. Det er tre faste utval med delegert mynde; formannskapet (komml. 8) har 7 representantar, utval for landbruk/teknisk og utval for oppvekst/omsorg (komml. 10) har også 7 representantar. Kontrollutvalet er kommunstyret sitt utval for internt tilsyn og kontroll. Forutan desse utvala er det ein del andre råd og utval slik som: Eldreråd, rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, ungdomsrådet, arbeidsmiljøutval og administrasjonsutval. Korleis er rekrutteringa og engasjementet for å driva politisk arbeid?

Det er utfordringar å sikra rekruttering til politisk arbeid og få personar til å stå i lokalpolitiske verv over fleire periodar. Kva parti er representert og korleis er aktiviteten i partiorganisasjonane? Ved førre kommuneval var følgjande parti representert: Ap, Frp, H, Krf, V, Sp. Aktiviteten i partiorganisasjonane oppleves som god. Korleis er valdeltakinga og det lokalpolitiske engasjementet? Valdeltakinga ved førre kommune og fylkestingval var på 71,61 %, dette er godt over landsgjennomsnittet som var på 64,2 % I den grad at høg oppslutnad om valet er eit utrykk for lokalpolitisk engasjement så er det lokalpolitiske engasjementet godt. Korleis vert lokalpolitisk styring drive overordna styring eller detaljstyring? I all hovudsak er det overordna styring, men innanfor einskilde saker kan det også vera nede på detaljstyringsnivå. God kunnskap hjå lokalpolitikarar inneber at dei også utfordrar administrasjonen innanfor detaljområder, men det skjer i hovuddsak gjennom oppfølging og spørjingar og i mindre grad gjennom styring. Korleis er forholdet mellom saksmengde og tid til å driva lokalpolitikk i kommunestyret? Kommunestyre er ein viktig arena for politikkutforming, men alle saker kjem til kommunestyret med politisk tilråding, noko som inneber at mange saker i realiteten er ferdig handsama før dei kjem til kommunestyret. Del 3: Anna Kva interkommunale selskap er kommunen med i? Samarbeidsrådet for Sunnhordland Sunnhordland Interkommunale Miljøverk Krisesenter Vest Bergen Omland Friluftsråd Business Region Bergen Bergensalliansen Er det nokre område kommunen meiner ei samanslåing vil føra til betre resultat? Kommunen forventar betre resultat på ulike område som følgje av ei samanslåing, me meiner at dette er noko av det prosjektet må konkretisera og gjera ein god analyse av. Me har nok også forventning om at me vil tapa noko av det som er bra i dag på vegen og det er viktig at prosjektet også tek opp desse vurderingane.

Me forventar til dømes eit betre grep om den heilskaplege utviklinga i regionen, samstundes tenkjer me at det er viktig at prosjektet også meiner noko om korleis utviklinga i dei områda som i dag er sjølvstendige einingar skal ivaretakast særskilt innanfor ramma av ein ny kommune. Korleis vert styringsstrukturen i ein ny storkommune demografisk og administrativt? Kva tenester er det viktig å ha desentralisert og kva tenester bør sentraliserast? På kva områder kan me sjå føre oss at det vert bygd opp sentrale stabseiningar og kva områder kan lika godt ivaretakast i desentraliserte stabseiningar? Korleis skal me sikra at ei samanslåing vert ei reform og ikkje berre ei samanslåing? Kva nye oppgåver bør overførast til kommunane ved samanslåing? Dersom alle kommunane som er med i dette prosjektet faktisk gjer vedtak om å slå seg saman vil me få ein stor og robust kommune i Sunnhordland som bør ha ambisjon om å handtera ein del oppgåver som i dag vert ivareteke av statlege og regionale organ slik som til dømes vidaregåande skular, barnevern, regionale utviklingsmidlar, samt større ansvar og fridom innanfor arealspørsmål. Dersom det blir ei mindre samanslåing enn det som er lagt opp til, vil det truleg ikkje vera realistisk å venta at kommunane vert tilført vesentleg nye oppgåver. Vel så viktig som å stilla spørsmål om kva som skal overførast til kommunane er spørsmålet om korleis kommunane faktisk kan løysa dei oppgåvene dei har i dag på ein betre måte. Me ser også at det er økonomiske utfordringar innan rammene av ein ny større kommune i dag, korleis planlegg me å møta desse? Korleis er etterslepet på investeringar i ein samla ny kommune? INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN:

SAKSPROTOKOLL VEDTAK I FORMANNSKAPET 02.12.2014: Del 1: Generelle spørsmål Kva er unikt med kommunen? Tysnes er ein øykommune som ligg sentralt plassert mellom Stord og Bergen. Kommunen er i dag berre brufast mot Fusa og Kvinnherad. Kommunikasjonar har gjort interkommunale satsingar mot Sunnhordland krevjande, det gjeld særskilt innanfor ulike beredskapsfunksjonar. Kommunen er per i dag delt på kryss og tvers i ulike regionale og statlege inndelingar. Kommunen er per i dag den minste av kommunane i samarbeidet, men dette vil truleg endra seg i samband med ny E39 der kommunen igjen vil få ein svært sentral posisjon mellom Midtog Sunnhordland, mellom Stord og Bergen. Kommunen har ei stor og viktig oppdrettsnæring med stort potensial for vidare utvikling der Alsaker Fjordbruk er venta å verta ein motor også i fortsetjinga. Kommunen er rik på kulturminner noko som kan vera både ei føremon og ei ulempe i samband med vidare utvikling. Kva er største fortrinnet? Kommunen sin geografiske plassering mellom Midt- og Sunnhordland, mellom Stord og Bergen. Stort frivillig engasjement. Sterke og levedyktige bygder. Kva er det viktigaste satsingsområdet i kommunen i dag? Kommunen sitt viktigaste satsingsområde er å leggja til rette og stimulera til vekst i folketalet. Kor ligg det viktigaste potensialet for videre utvikling av kommunen? Det største potensialet for vidare utvikling av kommunen ligg i å vera i forkant av utviklinga i samband med omlegging av E39, dette gjeld utvikling av attraktive nærings- og bustadområder. Det er også vist at det er eit stort potensial for utvikling på austsida av Tysnes, det er stort lokalt driv og optimisme med omsyn til utvikling av nye bustadområder, nytt senter og ikkje minst ei mogleg utvikling av næringsområde på Nedrevåge. Kva er særskilt utfordrende i kommunen?

Den demografiske situasjonen me har no med ei aldrande befolkning er ei utfordring, det må skapast grunnlag for at også fleire unge vel å busetja seg på Tysnes. Kommunikasjonane internt i kommunen er dårlege, vegstandarden er så dårleg at det er set effektive hindringar for utvikling av nærinslivet. Kommunen står i ein uheldig situasjon der me trass i låg folketalsvekst må gjennomføra store investeringar innan skule og pleie- og omsorg. Del 2: Spørsmål i høve til kriteria i vegleiaren Tenesteytar Kva er sterke og svake sider ved kommunen som tenesteytar i dag? Kommunen leverer tenester av god kvalitet til låg pris innan dei fleste tenesteområda i dag. Smådriftsfordeler som inneber ei heilskapeleg tilnærming til verdikjeda er ein føresetnad for dette. Kommunen har klart å fylla dei fleste funksjonar med god fagkompetanse, dette gjeld både innanfor oppvekst og helse- og sosial. Me har også god kompetanse innanfor tekniske områder. Kommunen har relativt god evne til å halda på arbeidskrafta, men det har vist seg å vera utfordrande å då tak i kometente arbeidstakarar innan einskilde område. Trass i at grunnkompetansen faktisk er delvis svært god er me likevel sårbare, ikkje minst gjeld dette for kortare fråvær ved permisjonar og sjukdom, men også i noko mon for utskifting av personell. Kommunen er over tid prega over nøktern drift og ansvarleg økonomistyring, noko som avspeglar seg i at gjelda er under kontroll og at det framleis står disposisjonsfond til rådvelde. Kommunen er likevel svært utsett for svingningar og eventuelle endringar i inntektssystema. Det er ein styrke at kommunen sine bygg i hovudssak er i god stand, men det er ei stor utfordring å finna rom for å gjera turvande investeringar på dei største og viktigaste tenesteiningane i kommunen: Tysnes skule og Tysnes sjukeheim. Ein svakheit er at det er for lite ressursar til å utvikling og innovasjonsarbeid innanfor drifta. Den administrative kapasiteten er for liten noko som i særskilt grad har gjeve utfordringar innanfor planområde den seinare tida. Kommunen er vurdert som den 4. beste tenesteleverandøren i Hordaland i kommunebarometeret for 2013. Kva er utfordringane i forhold til forventa demografisk utvikling?

Kommunen har i dag svært mange eldre samanlikna med landsgjennomsnittet, veksten i denne gruppa er noko lågare enn tilsvarande vekst for resten av landet. Me er trygg på at kommunen vil få ei positiv utvikling både i samla folketal og ei positiv utvikling med ein yngre befolkning etter at kommunen vert landfast nordover mot Os og sørover mot Stord. Flyttemønster tyder på at dei som i første rekkje flytter ut i randsona er familiar i etableringsfasa. Kva er utfordringane har kommunen når det gjeld kompetanse spesialisering og rekruttering? Det er ei utfordring at fagmiljøa er små i kommunen, større fagmiljø gjev fleire «spesialistar», i ein liten kommune som vår må alle vera «generalistar», dette gjev gode kår for samordning men mindre djupne i einskildssaker. Kommunen har svært høg kompetanse innan einskilde områder, men er sårbare i høve til rekruttering, dette gjeld særskilt innanfor tekniske fag, ingeniørar og planleggjar. Konsekvensar om ein ikkje lukkast med rekruttering innanfor eit einskilt område vert fort meir kritisk ut frå at det ikkje er overlapping innan ulike fagområder. Kva finnest av interkommunale tenestesamarbeid? SIM - IKS Krisesenter Vest - IKS PPT Kjøp av tenster etter vertskommuneprinsippet ( Os kommune) Skatteoppkrevjar Kjøp av tenester etter vertskommuneprinsippet ( Os kommune) Landbruk Kjøp av tenester etter vertskommuneprinsipp (Fusa kommune) Sunnhordland Interkommunale Innkjøpsforum Kjøp av tenester etter vertskommueprinsipp (Stord Kommune) Veterinærsamarbeid med Fusa og Samnanger (ordninga vert adnministrert av Tysnes kommune) Sal av legevaktstenester til Kvinnherad Deltaking i kompetanseregion Midthordland innan oppvekstområde. Samarbeid med Fusa og Samnanger innanfor økonomi og lønsfaget.