Kvartalsrapport 2. k v a r t a l 2 0 11 1
Resultatrekneskapen pr 30.06.2011 Resultatet av ordinær drift i banken før skatt syner pr 30.06.11 eit overskot på 14,225 mill. kroner mot 11,801 mill. kroner for same periode i fjor. Rentenetto Rentenettoen er på 16,640 mill. kroner mot 14,913 mill. kroner for same periode i fjor. I prosent er det en auke til 1,59% mot 1,25% for same tidsrom i 2010. Rentenetto viser jamn framgang, men er framleis lågare enn budsjett på 1,92%. Inntekter frå verdipapir Det er i kvartalet bokført utbytte frå Terra-gruppa på 0,918 mill. kroner. Dotterselskap Ryfylke Eiendomsmegling AS har også i 2. kvartal hatt god aktivitet, og det er venta utbytte på minst same nivå som i fjor. Selskapet sitt driftsresultat pr Q2-11 er 1,007 mill. kroner mot 0,559 mill. kroner i fjor. Provisjonsinntekter Provisjonsinntektene utgjer 5,195 mill. kroner eller 0,49% av gjennomsnittleg forvaltningskapital. Inntektene var 4,715 mill. kroner i same periode i fjor. Provisjonsinntektene frå garantiar er noko høgare enn på same tid i fjor. Ein noko høgare skadefrekvens innan skadeforsikring påverkar framleis provisjonsinntektene noko i negativ retning. Provisjonskostnader Provisjonskostnadene ved banktenester er 0,923 mill. kroner, noko lågare enn same tid i fjor (1,111 mill. kroner). Gevinst på valuta og verdipapir Bokført gevinst er 3,288 mill. kroner mot 6,622 mill same periode i fjor. Banken si portefølje av obligasjonar er definert som omløpsobligasjonar og har sidan nyttår blitt seld ned frå 256,608 mill. kroner til 206,626 mill. kroner. Banken skal ha ei portefølje med eit volum i intervallet 180 220 mill. kroner. Andre inntekter Andre inntekter er 0,247 mill. kroner mot 0,300 mill. kroner i same periode i fjor. Kostnader Lønns- og administrasjonskostnadene utgjer 11,456 mill. kroner eller 1,09 % av gjennomsnittlig forvaltningskapital mot 0,95% same tid i fjor. I kroner er det ein auke på 0,056 mill. Lønnskostnadene er 0,79% mot 0,61% i fjor, i kroner er det ein auke på 1,000 mill. Ein tilsett blei pensjonist i april og ein tilsett slutta ultimo mai. Det er venta at lønnskostnadene for året blir noko lågare enn budsjett (15,910 mill. kroner). Totale driftskostnader er 13,848 mill. kroner, prosentuelt 0,14% høgare enn i fjor, men i kroner ein reduksjon på 0,207 mill. Tap utlån og garantiar Det er netto inngang tap på 2,572 mill. kroner mot tap på 1,806 mill. kroner på same tid i fjor. I året er det inngått 1,322 mill. kroner på tidlegare konstaterte tap, og 0,958 mill. kroner i kostnader på tapsprosjekt er bokført som tap. Balanse Forvaltningskapitalen Forvaltningskapitalen er 2,090 mill. kroner. Utlån Brutto utlån er på 1.652,515 mill. kroner. Inkludert utlån formidla via Terra Boligkreditt er brutto utlån 1.964,256 mill. kroner. Dette er ein auke på 13,2 mill. kroner frå årsskiftet. Innskot Innskot frå kundar er 1.373,628 mill. kroner. Det er ein reduksjon på 9,3 mill. kroner frå årsskiftet. Innskot utgjer 83,1% av brutto utlån mot 82,7% ved årsskiftet. 2
Likviditet/Soliditet Likviditeten blir vurdert som god. Likviditetsindikator 1 og 2 er per 30.06.11 hhv 109,2 og 109,7. Banken har ved utgangen av Q2-11 tatt eit innlån frå Kredittforeningen for Sparebanker på 50 mill. kroner. Eit obligasjonslån på 70 mill. kroner vart innløyst i juni, mens fondsobligasjon i Statens Finansfond på 30,5 mill. kroner vart innløyst i april. Banken si kapitaldekning er etter innløysinga av fondsobligasjonen redusert til 23,7%. Netto ansvarleg kapital er 289,663 mill. kroner. Kjernekapitalen er dermed redusert og er no på 16,2%. Kjernekapital skal etter banken sin strategi minimum vera 12 %. Kapitalkravet pr 30.06.11 er 97,878 mill. kroner (berekningsgrunnlaget er 1.223,475 mill. kroner). Kapitalmål etter ICAAP 2011 er 17,1% kor 15,1% er kapitalbehov etter Pilar 2 med påslag av 2,0% kapitalbuffer. Soliditeten blir vurdert som god. Utsiktene for 2. halvår 2011 Banken sin kjernekapital og kapitaldekning blir vurdert som god og gir rom for kontrollert vekst. Banken har framleis betydelege individuelle nedskrivingar på utlån. Fleire av engasjementa har positiv utvikling. Eitt engasjement har negativ utvikling og dermed auka nedskriving. Det ligg føre risiko for at saka må bli løyst i domstolen. Eitt til av dei 13 engasjementa i stort tapsengasjement frå 2008 er nå konkurs. Dermed er totalt 12 selskap konkurs. Fleire av kausjonistane for engasjementa har klaga til Finansklagenemnda. Finansklagenemnda har no behandla klagane og ingen av klagarane har fått medhald. Vi ventar ingen større nye nedskrivingar, men nokon av tidlegare nedskrivingar vil bli realiserte tap. Dersom engasjementa som er i positiv utvikling lykkas med sine tiltak innan antatt tidshorisont, kan det liggje til rette for noko lågare individuelle nedskrivingar og misleghald til årsskiftet. Rentenettoen auka i 2. kvartal. Det er venta ein jamn auke gjennom året etter tiltak som blei sett i verk i 2010. Utviklinga i kostnader er under oppsyn. Det vil mest sannsynleg ikkje bli gjort nye tilsetjingar i 2011. Styret antar at resultat før skatt minst blir i tråd med budsjett på kr 18,7 mill. kroner grunna forventa netto inngang på tap. Banken vil i 3. kvartal kjøpe inntil 6% av banken sine eigenkapitalbevis. 3
4
5
Hovedkontor: Hjelmeland Sparebank Sentrum 4130 Hjelmeland Telefon 51 75 44 00 Salgskontor Jørpeland: Oldeidegården 4100 Jørpeland www.hjelmeland-sparebank.no Org.nr 937 896 581 6