saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 05.12.2014 78069/2014 Per Olaf Brækkan Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 08.12.2014 Fylkestinget 08.12.2014 K 104 Romsdal vidaregåande skole - kostnadsreduserande tiltak i fylkesutvalet si innstilling i sak U-119/14 pkt. 4 1. BAKGRUNN Retningsliner for byggje- og eigedomsverksemda er fastsett gjennom vedtak i sak T-35/92 (U-74/92A). Alle byggeprosjekt over 100G skal vere gjenstand for politisk handsaming. Saksgangen i et prosjekt - Frå ide til anbefalt forprosjekt Milepæl Vedtak Innhald Økonomiplan Fylkestinget Prioriterte prosjekt som det er ønskja realisert i økonomiplanperioda vert fremja for vedtak i Fylkestinget. Endeleg kostnad er ikkje kjent. Førebels program/ Utviklingsplan Fylkestinget Administrasjonen fremjar sak som gjev overslag over venta arealbehov og kostnadar. Plana tar utgangspunkt behovsanalysar som t.d skolebruksplan. Utviklingsplana analyserer eksisterande arealbruk og tomtetilhøve gje eventuell mogleg utbygging på eksisterande/vurdert tomt. Kostnadar vert grovt vurdert basert på eigne erfaringstal. Byggeprogram Fylkestinget Administrasjonen utarbeider eit romprogram, og prosjekteringsunderlag. I prosjekteringsunderlaget vert konstruksjons-, kvalitets-, miljø, energikrav og krav til tekniske løysingar vedtatt. Aktuelle tomteval, framdriftsplan og entreprisemodell vert vedtatt. Kostnadar vert vurdert i høve til venta arealbruk basert på erfaringstal. Skisseprosjekt Plannemnd Skisseprosjektet skal ikkje fremjast for politisk
Utdanningsutval og miljøutval som referatsaker handsaming i høve til retningslinene. Administrasjonen fremjar likevel større prosjekt for politisk handsaming i Plannemnd, med referatsak til Utdanningsutvalet. I skisseprosjektet er endeleg areal fastsett. Bygget er teikna ut av arkitekt, men manglar løysingar og teikningar frå dei tekniske faga. Kostnadar vert vurdert i høve til kjent arealbruk. Forprosjekt Fylkesting I forprosjektet er alle rammevilkår og brukskrav klårlagt etter forhåndskonferanse med kommunen. Alle reguleringsmessige detaljar er avklåra. Forprosjektet består av integrerte teikningar der konstruksjonar, tekniske anlegg og andre anlegg er framstilt og teikna som prinsippløysingar. Alle desse momenta og programføresetnader (brukarane sine krav) er framstilt i ein skrifteleg rapport. Forprosjektet er siste politiske handsaming i Fylkestinget før byggestart. Plannemnda får deretter mandat til å følgje opp prosjektet i høve til føresetnadane i forprosjektet. Kostnadsramma er vurdert i høve til kjent areal og ut frå løysingane til arkitekt og kvar einskild rådgjevar. I dei største prosjekta er det utført usikkerhetsanalyse. 2. KOSTNADAR Kostnaden til eit nybygg vert bestemt av mange faktorar. I hovudsak er kostnadskomponentane i eit byggjeprosjekt knytt til; Areal Kvalitet på prosjektering/utføring/materialer Tidsbruk til prosjektering og bygging- byggetid Konkurranse i marknaden, dvs. «kjøper eller seljars» marknad å finne rett mix mellom prosjekterande/entreprenørar og det som skal byggast er dei «retta» ledig for oppdrag?. Nærare om areal Areal har størst påverknad på investeringskostnaden. Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar den såkalla FEF-arealmodell som rammer for storleiken på den vidaregåande skolen. Dette er ein arealnorm utvikla i samarbeid mellom fylkeskommunane med hensikt å oppnå gode og arealeffektive bygg. Arealmodellen inneheld føringar for storleik på kantine, administrasjon, bibliotek, teoriareal, elevtenester, grupperom etc..
Arealmodellen er kontinuerlig i utvikling og evaluering. I dag er over 100 vidaregåande skolar brukt som datagrunnlag for modellen. Utarbeiding av disse normtallene skjer i regi av FEF (Fylkeskommunalt eiendomsforum) der Møre og Romsdal fylkeskommune er leiar av arbeidsgruppa som har utvikla og vidareutviklar FEF-modellen. Nærare om kvalitet Kvaliteten til bygget påverkar driftskostnadane. Fylkeskommunen har stort fokus på å velje byggemateriale som gjev gunstige driftskostnadar og eit triveleg arbeids- /skolemiljø. Felles for alt dette er at materialvalet også skal føre med seg eit nøkternt investerings- og drifts-/vedlikehaldsbehov. Til omgrepet kvalitet i materialar reknast synlege byggematerialer som til dømes golv, veggar, himling, heis og armaturar. I tillegg reknast kvalitet på tekniske installasjonar som til dømes varme- og ventilasjonsanlegg, brann- og alarmanlegg. FEF s arbeidsgruppe for reinhald og materialval (RENØK) er leia av Møre og Romsdal fylkeskommune. Arbeidsgruppa utarbeidar temahefter og vegledarar for godt og effektivt reinhald (som er største driftskostnaden i eit bygg), samt gjer vurderingar av materialval som sikrar lang levetid og låge driftskostnader. Nærare om Tidsbruk til prosjektering og bygging- byggetid Byggetida, tid til planlegging(prosjektering) av bygget og tidsbruk i sjølve produksjonsfasen av bygget påverkar kostnadane. Både veldig kort og veldig lang prosjekttid kan vere fordyrande i prosjektet. For kort og pressa prosjekterings- og byggetid medfører betydeleg risiko for at ein ikkje får fram dei beste løysingsalternativa, korkje teknisk i høve til utføring eller praktisk i høve byggekostnader, materialval m.v.. Det seier seg sjølv at manglande tempo i sjølve produksjonen medfører auka kostnader gjennom auka kostnad til drift av sjølve byggjeplassen (rigg), prisstigning mv. I prosessen med å leggje fast prosjekteringstid- og produksjonstid for skulebygg må prosjektleiinga i stor grad ta omsyn til behova på skolane for når m.a. bygget skal takast i bruk. Dette vil ofte føre med seg at ein i mindre grad har høve til å avpasse tidspunktet for når ein går ut i marknaden både sett i relasjon til å finne «rett» kompetanse og rett kompetanse til best pris. 3. VURDERING MOT NORSK PRISBOK Norsk Prisbok og Holte kalkulasjonsnøkkel er dei to mest brukte prisdatabasane i den norske byggebransjen. Til dømes består Norsk prisbok av 1700 ferdigkalkulerte element samt erfaringsprisar per m 2 for 65 bygningstypar. Begge verktya er hovudkilda når dei fleste entreprenørar, rådgjevarar, arkitektar og byggherrar skal kalkulere kostnadar for eit byggeprosjekt. I tidlege fasar av prosjektet vert det nytta kostnad/m 2 av eit forventa bygd areal. Først i skisseprosjektet er arealet kjent, og største uvissa i prosjektet ligg på tekniske anlegg og utomhus. Utomhus anlegg er ikkje medtatt i nokon av prisbøkene.
I forprosjektet vert bygget kostnadsrekna mykje meir detaljert enn tidlegare. Eksempelvis reknast antall m2 innerveggar, golv, tak, ytterveggar med mykje meir. Da Norsk prisbok ikkje inneheld alle kostnadane knytt til prosjektet er kostnadane for Romsdal vgs tilpassa for å kunne samanliknast med prisboka. Kostnadar Romsdal vgs i 12.300 m 2 bygg inkl mva: Norsk prisbok 31.800,- kr/m 2 Forprosjekt Romsdal vgs 33.790,- kr/m 2 SINTEF Byggforskrapport nr 113 (2012) syner økt kostnad for passivhus tilsvarande 5,27%. Norsk prisbok sin pris vert da 33.612,- kr/m 2. 4. NÆRARE OM PROSJEKT K104 ROMSDAL VGS I HØVE FYLKESUTVALET SI INNSTILLING PKT. 4 I SAK U-119/14 Vi vil under dette punktet transformere prosjektet K104 Romsdal vgs. inn i den sakshandsamings-/beslutningsmatrisa vi redegjorde for under pkt. 1 Milepæl Saksnr Dato Kostnad i Innhald sak Utviklingsplan T-96/11 13.12.11 450 mill Kostnad for total opprusting av Romsdal vgs. Mulighetsstudie om å bygge skolen i tre PN-23/12 10.09.12 Ingen Studie om å bygge med massivtre,»low-tech» tekniske anlegg og passivhus. Byggeprogram T-78/12 11.12.12 390 mill Vedtak om å bygge 12.000 m2 nybygg i massivtre med passivhusnivå og «low-tech» løysingar. Utomhus og riving ikkje kostnadsvurdert. Skisseprosjekt PN-18/14 RS-sak i miljøutval og utd.utv 30.04.14 448 mill Teikningar for 12.300 m2 nybygg og utomhusanlegg for heile skolen. Bygningskrav i høve til byggeprogram. 14.05.14 08.05.14 Forprosjekt T-68/14 08.12.14 493,1 mill Teikningar og prinsippløysingar for nybygg og utomhus for heile skolen. Økonomisk ramme. Prisstigning frå byggeprogram til forprosjekt er ca 26 mill kr. Forprosjektet for K104 Romsdal vgs vart 18.november 2014 fremma for politisk handsaming i Fylkesutvalet i sak U-119/14. Følgjande tilråding vart vedtatt; 1. Fylkestinget godkjenner framlagt forprosjekt med ei brutto kostnadsramme på 493,1 mill. kroner inkl. mva, eksl løns- og prisstigning. 2. Fylkestinget føresett at naudsynte midlar vert lagt inn ved rullering av økonomiplanen. 3. Fylkestinget sluttar seg til at prosjektet blir ført vidare som skissert. 4. Fylkestinget pålegg byggleiing å få ned kostnaden av prosjektet. Til dømes kan det vurderast å fjerne dyre detaljar før anbodsutsending utan at det går utover totalkvaliteten eller framdrifta.
Nærare om pkt. 4 i tilrådinga Fylkesrådmannen tolkar intensjonen i pkt. 4, m.a. i lys av debatten i fylkesutvalet, til å be/pålegge prosjektadministrasjonen i heile prosessen å "jakte" moglege kostnadskutt. Fylkesrådmannen finn i tillegg grunn til å minne om at dette er i samsvar med dei prosessane fylkeskommunen køyrer etter m.a. i byggjeprosjekt. Ser ein fylkesutvalet si tilråding samla og i samanheng med drøftinga i utvalet vil vi i høve ovanståande avsnitt leggje til grunn: - konseptet i prosjektet skal haldast (massivtre og "low-tech") - energimåla i høve passivhus - halde fast på dimensjonerande tilbodsstruktur - kostnadskutta skal heller ikkje takast slik at prosjektet si framdrift vert truga. Konsekvensen er då at større grep som krev omprosjektering i høve til forprosjektet skal ikkje vurderast. Fylkesrådmannen vil avslutningsvis minne om at det er heilt nødvendig å få vedtatt forprosjektet med ei uomtvisteleg kostnadsramme som prosjektet skal rapportere på/mot. 5. KOSTNADSREDUSERENDE TILTAK I høve til kostnadsberarane omtalt i saksframlegget pkt 2 vil det i samband med forprosjektet berre vere mogleg å kutte kostnader på to områder. Kvalitet Vi vil innleiingsvis peike på at vi, basert på fylkestinget sine føresetnader om «massivtrehus» og «low-tech» har skjerma kvalitative element som er naudsynte for ikkje å rokke ved prosjektet sitt konsept. Forprosjektet for Romsdal vgs er lagt fram i med ein nøktern materialbruk. Prosjektleiinga har allereie i høve prosjekteringsgruppa sitt framlegg til forprosjekt kutta fleire fordyrande val som til dømes parkett i dei store fellesareala. Parkett er dyrt å kjøpe og fordyrar drift og vedlikehald på skolen. Likeeins er andre kvalitetar som til dømes unødvendig høg kvalitet på kaldlager og miljøstasjon, samt innvendig rekkverk i glass tatt ut av prosjektet før forprosjektet vart lagt fram for politisk handsaming. Om kvaliteten vert redusert ytterlegare, jfr. ovanfor, kan det gå på ut over målsettinga til prosjektet om «low-tech» tekniske anlegg. Det vil også måtte bety at bygget får høgre driftskostnadar og høgre vedlikehaldskostnadar. Areal Ved å redusere arealet kan kostnaden reduserast. Arealbruken ved Romsdal vgs er nøktern i høve til FEF-modellen samstundes som at arkitekt har teikna eit bygg med ein låg B/N-faktor. (B/N-faktoren er eit mål på kor effektivt arkitekt og rådgjevarar har teikna bygget. Ein B/N-faktor på 1,41 betyr at det er lagt 41 prosent på brukarane sitt areal til korridorar, tekniske rom og veggar. Dette er veldig lågt for eit passivhus.)
Prosjektet kan imidlertid reduserast arealmessig utan at det får konsekvens for ramme- og byggeløyve eller varme/energiforsyning til attståande bygg. Slik reduksjon i areal kan takast ved å fjerne følgjande opsjonar i prosjektet: Opsjon Kostnad inkl mva a) 300 m2 til ekstra lærararbeidsplassar (1) 8,0 mill kr b) Samanbygging med eksisterande bygg. 7,5 mill kr c) Kaldtlager/miljøstasjon. 2,5 mill kr Sum mogleg reduksjon 18 mill kr 1) Kostnad for lærararbeidsplassar på 8,0 mill kroner er allereie innrekna i budsjett for nybygg på 452,1 mill kroner. Ytterlegare kutt i areal krev at sjølve bygget vert krympa. Dette medfører stor grad av omprosjektering som kan koste meir enn innsparinga. 6. VURDERING Fylkesrådmannen vurderer alternativa til innsparing å ha følgjande konsekvensar; a) 300 m2 til lærararbeidsplassar. Medfører at ein må redusere talet på elevplassar noko ved skolen fordi at kvar lærar har krav på 6 m 2 arbeidsplass. I skisseprosjektet vart det meldt om for låg dimensjonering av lærararbeidsplassar. Prosjektet fann at ved å byggje arbeidsplassar på unytta mesaninar kunne ein løyse dette på ein meget rimeleg måte. Ved å ta bort desse vil skolen naturlegvis ha noko manko på lærarar til maksimal utnytting av bygningsmassa. b) Samanbygging med eksisterande bygga Medfører mindre universell tilkomst, samt skolen risikerer noko segregering av fagmiljø. Målet om eit samla skulemiljø kor alle har lik tilgang til fellesfunksjonane vert ikkje oppfylt. c) Kaldtlager til bruk som materiallager for bygg-/anleggslinja og miljøstasjon Kaldtlageret og miljøstasjonen skal byggjast av elevane på skolen. Dersom ein tek dette ut må anna rimelegare alternativ da etablerast for material og utstyr ved bygg- og anleggslinja. (eks plasthall) Litt om «styringsramme» og prosjektramme I byggeprogrammet vart prosjektet vedtatt med mål om massivtre, «low-tech» tekniske løysingar og passivhus. Dette er ambisiøse mål som det er til dels svært lite kompetanse på i Noreg. Massivtreprodusenten er engasjert frå Austerrike, rådgjevar på «low-tech» er engasjert frå Danmark. Kostnadane var derfor i tidleg fase basert på tynt erfaringsgrunnlag frå eigne prosjekt. Det har sidan vore naudsynt å bruke tid på å utvikle prosjektet og val av løysingar. Forprosjektet syner at måla er oppnåelege innan ein kostnad lik kjente passivhus. Bygget vert bygd med redusert energibehov (passivhus) i høve til gjeldande energikrav. Krava til skolebygg er i TEK10 gitt som 114 kwh/m 2 /år. Romsdal vgs vert bygd slik at bygget skal kunne driftas med energibehov 70 kwh/m 2 /år. Dette gjev ei forventa innsparing per år på 541.200 kwh/år. På grunn av prosjektets usikkerhet grunna kompleksitet og innovasjonshøgd er det økonomiske styringsmålet satt lågare enn ramma for prosjektet.
7. OPPSUMMERING Romsdal vgs er eit prosjekt som har politisk vedtatt kostnadsdrivande element som massivtre og passivhusnivå. Tilsvarande alle andre byggeprosjekt i regi fylkeskommunen vert prosjektet styrt mot ei nøktern ramme og alle val vert vurdert i høve til kost/nytte funksjon. For å kutte kostnadane i høve til forprosjektet kan det gjerast følgjande vedtak; 1. Fylkestinget godkjenner framlagt forprosjekt med ei brutto kostnadsramme på 475,1 mill. kroner inkl. mva, eksl løns- og prisstigning. 2. Fylkestinget føreset at følgjande opsjonar i forprosjektet ikkje vert vidareført; a) b) c) 3. Fylkestinget føresett at naudsynte midlar vert lagt inn ved framtidig rullering av økonomiplanen. 4. Fylkestinget sluttar seg til at prosjektet blir ført vidare som skissert. Forslag til vedtak: Fylkesrådmannen legg saka fram utan tilråding. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Per Olaf Brækkan byggje- og vedlikehaldssjef