Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Landbruk, Miljø og Utmark Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Landbruk, Miljø og Utmark Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Dato: 03.06.2010 Tid: 12:30 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet snarast råd. Vararepresentantane møter berre etter nærare innkalling. Det vert synfaring til Halvorsli. Avreise frå kommunehuset kl. 12:30. Møtet med handsaming av saker startar ca. kl. 13:30. Etter fullmakt Sverre Bakke Skogbruksjef Ingeborg Hetland Konsulent
Saksliste Utvalssaksnr Innhald Referatsaker RS RS 10/19 Gardskart- Brev frå Skog og landskap. RS 10/20 Invitasjon til informasjonsmøter om GPS-merkeprosjektet på villrein i Setesdalsheiane RS 10/21 Villreinkvoter 2010 SA PS 10/6 Politiske saker til behandling 146/19 Halvorslid- Søknad om konsesjon. Søkar : Olav Mikkel Veum Eielsen Lukka
Tokke kommune Arkiv: 146/19 Saksnr.: 2009/935-5 Saksbeh.: Sverre Bakke Direkte tlf.: 35075242 Dato: 12.05.2010 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Landbruk, Miljø og Utmark 10/6 03.06.2010 146/19 Halvorsli- Søknad om konsesjon. Søkar : Olav Mikkel Veum Eielsen Vedlegg: 1 146/19 - Olav Mikkel Veum Eielsen - søknad om konsesjon Saksdokument: Nr. Søknad om konsesjon Saksutgreiing: Olav Mikkel Veum Eielsen er lege, bur i Stavanger saman med sin familie, og er 64 år. Han overtok 9/10 av Halvorsli gnr. 146 bnr. 19. i 2009. Halvorsli ligg like utanfor Bandaksli på sørsida Bandak, rett over for Lårdal.
Eigedomen har følgjande areal jamfr. gardskart: Fulldyrka jord Overflatedyrka jord Innmarksbeite Produktiv skog Annet markslag Ikke klassifisert Tall i dekar Prod. skog Annet markslag Ikke klassifisert Sum grunneiendom 146/19/0 0.0 3.6 0.0 1288.7 87.8 6.4 1386.5 Sum 0.0 3.6 0.0 1288.7 87.8 6.4 1386.5
Våningshuset
Ulike hus på Halvorsli: I tillegg er det eit bur som ein ser på bilde saman med våningshuset. Våningshuset er toleg bra, men vi er usikker på om kloakk er lagt inn. Det har vore bruka som feriestad om sommaren. I dag er det leigd bort på åremål. Heile plassen ber preg av manglande vedlikehald. Vegen opp til eigedomen er bratt og tunet er slik at det ikkje er plass til bilar. Her er likevel mogeleg å ordne det. Den dyrka marka ligg rett ned for huset. Den har vore ute av drift lenge. Bruket var sist busett på 60-, 70- talet. Det er ca. 18 km til Dalen dersom ein køyrer bomvegen forbi Lauvikgardane. Dersom ein køyrer om Krossli er det ca. 30 km til Dalen. Skogen er godt arrondert. Driftstilhøva lette på toppen og nedst mot Bandak. Vanskeleg for den midtre delen. Tilveksten er ca. 430 m³. 66 % høg bonitet. Eigedomen har strandlinje i Bandak og med fiske. Eigedomen er med i eit storvald som er på ca. 50.000 da og har fellingsløyve på 25 elg og 12 hjort pr. i dag. Det er 18 eigedomar med. Eielsen eig i fleire landbrukseigedomar i Nissedal der han også har buplikt. Dette er opplysningane i søknaden : gardskart Dette gjeld Mule og Haugane gnr. 17 bnr. 1,6,7,48 1.563 da Stoli skog gnr. 16 bnr. 9 840 da Vestgarden gnr. 45 bnr. 28 3.692 da Frå landbrukskontoret får eg opplyst følgjande Breibu gnr. 17 bnr 43 -ser ut som ei tomt/hytte på gardskart
Hytte på Kyrkjebygdheia Vestgarden gnr. 45 bnr. 28 skogstykke i Treungen på 3.600 da. Vidare har han overtekje Veum sameige i Kyrkjebygda som er Mule gnr. 17 bnr. Jamfr. Landbrukskontoret er det buplikt på denne eigedomen som ikkje er oppfylt. I søknaden står det at Eielsen søker om å overtaka Halvorsli utan buplikt, på vilkår av at buplikta i Nissedal vert oppfylt. I Nissedal eig han totalt ca 6.093 da. Av dette er 34 da dyrka mark. Jamfr. konsesjonsloven er det buplikt på Halvorsli, då arealet produktiv skog er over 500 da og eigedomen har bustadhus. Ved konsesjon skal ein legge vekt på følgjande: 9. (særlige forhold for landbrukseiendommer) Ved avgjørelsen av søknad om konsesjon for erverv av eiendom som skal nyttes til landbruksformål skal det legges særlig vekt på: 1. om den avtalte prisen tilgodeser en samfunnsmessig forsvarlig prisutvikling, 2. om erververs formål vil ivareta hensynet til bosettingen i området, 3. om ervervet innebærer en driftsmessig god løsning, 4. om erververen anses skikket til å drive eiendommen, 5. om ervervet ivaretar hensynet til helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskapet. Konsesjon skal i alminnelighet ikke gis dersom det ved ervervet oppstår sameie i eiendommen, eller antallet sameiere økes. Det kan gis konsesjon til selskaper med begrenset ansvar. Det skal legges vekt på hensynet til dem som har yrket sitt i landbruket. Første ledd nr. 1 og 4 gjelder ikke sak der nær slekt eller odelsberettiget søker konsesjon fordi de ikke skal oppfylle boplikten etter 5 annet ledd. I slik sak skal det i tillegg til første ledd nr. 2, 3 og 5 blant annet legges vekt på eiendommens størrelse, avkastningsevne og husforhold. Søkerens tilknytning til eiendommen og søkerens livssituasjon kan tillegges vekt som et korrigerende moment. Vurderingar : Søkar skriv i søknaden at ein søkjer konsesjon på vilkår av busetnad i Nissedal. Konsesjonsloven er delegert kommunen. Vi vel å sjå dette ut frå Tokke kommune sin ståstad. Busetnad i Nissedal ligg utanfor det vi rår med i Tokke. Vi kan ikkje sjå at Tokke kommune kan gjera vedtak med vilkår i ein anna kommune. Det er sjølvsagt mogeleg å administrere skog frå langt unna. Skogeigarforeningar kan gjera det meste. Vi ser likevel korleis stoda er på Halvorsli i dag. Her er mangel på vedlikehald. Det trong det ikkje ha vore, sjølv om ein bur i Stavanger, men avstand er likevel ein viktig faktor til at det ofte blir slik. Dersom ein bur i Nissedal vil det vera lettare, men det er vår vurdering at ein ikkje kan kalle Halvorsli ein del av ei driftseining i Kyrkjebygda i Nissedal. Halvorsli ligg einsleg til. Det er likevel ikkje meir enn ein liten kilometer til naboar, 3 husstandar. Mogleg kan det koma nabo i Bandaksli ein dag dersom det vert eigarskifte her.
Halvorslid er i Tokke-målestokk ein ressurssterk eigedom med over 400 m³ i tilvekst, medlem i eit stort elgjaktlag og fiske i Bandak. Jordbruksressursane er små. 1385 da er ein stor eigedom i Tokke. Skogen har blive hogge sterkt dei siste åra. Vi har teke opp dette med etterslep av skogkultur med eigaren, utan særleg respons. Det kjem av tid og avstand, trur vi. Det står mykje midlar på skogfond, så dette burde vera mogeleg å få orden på. Vi ser at det kan reisast tvil om ein framtidig busetnad på Halvorsli. På den eine sida flyttar folk frå kommunen vår og på den andre sida ringer folk til oss og spør etter småbruk og landbrukseigedomar. Dei er få eigedomar på sal og etter sist lovendring, har småbruka blive frie for buplikt. Den viktigaste årsaka til det er at skogarealet er sett til 500 da. Tokke kommune slit med folketalet og spesielt i dette området. Denne eigedomen har eit potensiale i bustadhuset,. Sjølv om eigedomen har stått tom så lenge, så ser vi det som pårekneleg at nokon vil kjøpe Halvorsli for å buseta seg her. Busetnad på Halvorsli og på Bandaksli er forskjellen på fiasko og suksess når det gjeld busetnad i dette området. Tokke kommune må håpe på ei nyetablering her og ha tru på dei verdiane som ligg her også i høve til busetnaden elles i kommunen vår. Ut frå konsesjonsloven 9 kan vi ikkje sjå at søkar stettar dei krava som her er sett. Denne søknaden gjev ikkje busetnad. Det vert heller ikkje ei driftsmessig god løysing. Slik eigedomen Halvorsli står fram i dag, ser ein at mangel på busetnad eller busetnad langt vekk frå eigedomen, ikkje i varetek ein heilskapleg og god resursforvaltning. Eigaren har store eigedomar i Nissedal der han og har plikter på seg som står på vent. Ut frå desse moment tilrår ein avslag på konsesjon. Rådmannen si tilråding: LMU gjev Olav Mikkel Veum Eielsen avslag på søknaden om konsesjon på erverv av 9/10 delar av Halvorsli gnr. 146 bnr. 19 i Tokke. Ein grunngjev avslaget med følgjande: 1. Ein i varetek ikkje omsynet til busetnad i området. Bandaksli/Austheii treng ny busetnad. 2. Det er ikkje ei driftsmessig god løysing å drive eigedomen enten det no er frå Stavanger eller Nissedal. Avstanden gjer at ein ikkje i varetek ein heilskapleg og god resursforvaltning. 3. Søkar sin tilknyting til eigedomen og livssituasjon er ikkje moment som har tyngde i denne saka. Vedtaket er gjort med heimel i 9 i konsesjonslova.