Arbeid på timeplanen. Betre gründarhjelp. Ny næring i gamle naust. Går for det blå gullet. Årsmelding 2011. Klyva satsar på familiepark



Like dokumenter
Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Program for. Årdal Venstre

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Årsmelding Motorlab i verdsklasse. - Hjelpa var avgjerande. Ein snuoperasjon i skulen. - Byen vil sikre rekrutteringa

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Forslag frå fylkesrådmannen

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Innovasjonsmetoden vår

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Til deg som bur i fosterheim år

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Lønnsundersøkinga for 2014

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Rekruttering til marin sektor Rådgjevarsamling Trond Wahl

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

EnergiKompe- tansesenteret

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

SOGN driftig raus ekte

Trygg og framtidsretta

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: F:

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

INTERNASJONAL STRATEGI

Strategi Forord

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Kommunedelplan for oppvekst

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

Referat frå MINTA møte

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Transkript:

Årsmelding 2011 Betre gründarhjelp Klyva satsar på familiepark Går for det blå gullet Utdannar seg og flyttar frå Øygarden Konkurrentar og samarbeidspartnarar Frå bygdesentrum til bysamfunn Ny næring i gamle naust Arbeid på timeplanen

Foto/illustrasjonar: Inger Elise J. Økland Gaute Hatlem (s.5/9/10/28/29) Sotra Villmarksenter (s.8) Leif Magne Vik (s.14) Laila L. Lossius (s.26) Ariktekt Rolv Eide/3D Pro (s.18) Link Signatur/MIR (s.19) John Ringstad (s.13) David Harris (s.2/3) Kenneth Forland (s.25) Sotra Steinindustri (s.12) Vigleik Brekke, Fjell Kommune (s.5) Hordaland Fylkeskommune (s.5) Sund Kommune (s.5) Litteraturhuset i Bergen (s.5) SINTEF (s.5) Innhald 04 Leiaren 05 Styret 06 Visjonen til Gode Sirklar Næringsutvikling 07 Etablerartenesta 08-10 Kysteventyret 11 Studietur 12 Sotra Marine Industrinettverk 13 Kollsnes 14 Levekårsundersøking 15 Kompetanseforum Vest Stadutvikling 17 Gjerdet kulturminnegard 18-19 Sotra kystby 20 Ny næring i gamle bygg i strandsona 21 Forlandsvågen Utdanning 23 Praksisnær læring 24 Praksisnær utdanning, marin næring 25 Kompetansenettverk Vest 26 Ingeniørstudiet på Straume i nye lokale 27 Masterstudiet i Trondheim Rekneskap og revisjon 28-29 Årsmelding frå Styret 2 3

Gode Sirklar AS - Ein reiskap for eigarane Vegen vidare - spissa og dynamisk! 2011 har vore eit år med målretta aktivitet for å utvikle prosjektinitiativ, slik at dei etterkvart skal få eigarskap av aktørar i regionen som tar ansvar for vidareføring på ein berekraftig måte. Etter at slik eigarskap er etablert, vil selskapet gjerne ta ei anna støttande rolle etter behov. I 2011 har vi utvikla ein strategi for selskapet der næringsutvikling er prioritert på næringsområde som står for vesentleg verdiskaping - og der potensial for vekst og auka innovasjonsevne er stort. I tillegg er område som medverkar til å styrkje regionen sin attraktivitet prioritert. Samstundes har selskapet sikra vidareføring av fokusområde som dekkjer behov på tvers av næringane, slik som utdanning, rekruttering, entreprenørskap og etablerarhjelp. Etablerarhjelpa har vore nyskapande med samarbeid og arbeidsdeling mellom Servicetorga, NAV og Gode Sirklar. Askøy kommune er og med i dette arbeidet. Målretta samarbeid med næringslivet innan marin sektor har medverka til etablering av Sotra Marine Industrinettverk som eigen gruppering i Vest Næringsråd, og skapt grunnlag for ein marin biopark på Skaganeset. Denne satsinga er no ein del av ei satsing på ei marin bioklynge i Bergensregionen gjennom samarbeid med Business Region Bergen. Samarbeid mellom bedrifter innan mekanisk industri i regionen har resultert i potensial for felles satsingar gjennom bransjegruppa Verkstedsgruppen VNR, med 25 medlemer. Det starta som Kompetanseforum Vest. Samarbeidet har ambisjonar om å løysa felles utfordringar når det gjeld kompetanse og leveranse. Naturgassparken i Øygarden skal kunna spele ei større og større rolle knytt til ulike servicefunksjonar offshore nasjonalt og internasjonalt m.a. gjennom etablering av selskapet CCB Kollsnes. Gode Sirklar arbeider saman med kommunen og CCB på Ågotnes og Kollsnes for at dette skal gje ringverknader for Øygarden sitt næringsliv. vore mogeleg med betydeleg offentleg stønad. Ambisjonen i framtida er å byggja ein berekraftig organisasjon i samarbeid med andre reislivsaktørar i Hordaland. Erfaringar er at dette er berre mogeleg med bidrag økonomisk frå offentlege kjelder. Eit reiseliv i vekst betyr mykje for attraktiviteten til lokalsamfunn og grunngjev bidrag frå kommunar. Satsinga på utdanning er i ferd med å gje resultat som er synlege for næringsliv og for utdanningsinstitusjonane. Det er svært gledeleg at Høgskolen i Bergen satsar slik dei gjer i vår region, og at dei tenkjer langsiktig. Sotra Vidaregåande Skule føl opp med nyskapande tiltak for at dei betre skal dekkja behova i regionalt næringsliv. Samstundes er grunnskulenivået i regionen i stadig utvikling, og vitnar om ei heilskapleg satsing på utdanning for det framtidige næringslivet i regionen! Regionens attraktivitet er under sterk utvikling. Gjennom samarbeidet for urbanisering på Straume og Bildøy, der ein engasjerer den beste kompetansen, vil det veksa fram ein ny by i Bergensregionen som vil trekkja talent til regionen på mange område. Samstundes vert det satsa på tiltak i lokalsamfunn som Gjerdet Kulturminnegard og Forlandsvågen, som gjev balanse mellom urbanisering og utvikling av gode små lokalsamfunn i regionen. Gode Sirklar vil i nær framtid ha noko reduserte økonomiske rammer knytt til endringar i den kommunale økonomien. Verksemda vil difor bli enda meir spissa og prioritert inn mot å bidra i utviklingstiltak i regionen som dekkjer felles sentrale behov. Alle kostnader som ikkje er direkte knytt til prioriterte aktivitetar vil bli reduserte. Kommunane vil elles kunna kjøpa tenester frå selskapet bilateralt. Gode Sirklar vil inntil vidare ha tilhald i Fjell Rådhus og nytta lokalitetar etter behov i rådhusa i Sund og Øygarden. Styret i Gode Sirklar AS Styreleiar Eli Årdal Berland, ordførar i Fjell kommune Styremedlem Ove Bernt Trellevik, ordførar i Sund kommune Styremedlem Kristin Helle Valle, Dagleg leiar Litteraturhuset i Bergen Bisitjar Tove Håpnes, Seinorforskar SINTEF Styremedlem Otto Harkestad, ordførar i Øygarden kommune Styremedlem Tove Ormevik, Offshore Installation Manager i BP Norge Bisitjar Dagleg leiar Visjonen til Gode Sirklar AS: Samskapt meirverdi Satsingsområder: Forskingsbasert kunnskap kopla til lokal kompetanse og behov. Heiskapleg tilnærming mellom interessentar Fokus på meirverdi gjennom samhandling Balanse mellom profesjonalitet, dynamisk og innovativ nytenking Reiselivssatsing i Gode Sirklar har så langt vore ein suksess, og har posisjonert regionen som eigen destinasjon i Hordaland, i tett samarbeid med Hordaland Fylkeskommune og Bergens Reiselivslag. Dette har 4 Sigmund Kvernes Dagleg leiar, Gode Sirklar AS Åge Landro, styreleiar i Vest Næringsråd Berit Vetlejord, Hordaland Fylkeskommune Sigmund Kvernes, Dagleg leiar Gode Sirklar 5

Næringsutvikling Gode Sirklar sitt innsatsområde næringsutvikling skal bidra til å dekkje kompetanseog kunnskapsbehov for innovasjon og utvikling i næringar og verksemder som er berekraftige og som skaper økonomisk vekst. Vi prioriterer energinæringa som i aukande grad inkluderer fornybar energi, marin næring og reiseliv og kulturbasert næring. Vi har eit spesielt fokus på små og mellomstore verksemder og ulike former for samhandling mellom desse, basert på felles behov eller lokalisering. Gode Sirklar har ansvar for regionen si Etablerarteneste, som vert utvikla og drive i samarbeid med kommunane og NAV. Etablerartenesta Betre rusta til å hjelpe gründarar Det har blitt enklare å rettleie personar som vil etablere eiga verksemd. Det meiner Beate Myksvoll, som jobbar på Servicetorget i Fjell kommune. Etter at Etablererforum Vest vart oppretta i regi av Gode Sirklar, har førsteline-apparatet i region vest fått auka kjennskap til kva for støtteordningar som finst, og korleis ein best mogeleg kan rettleie gründarar. - Før visste vi ikkje kven vi kan henvise til når nokon tek kontakt, no veit eg det, seier Myksvoll. Forumet vart etablert som eit ledd i kompetansehevinga knytt til rettleiing av nyetablerarar, og har gjennomført fem prosjektgruppemøte og fire forumsamlingar i 2011. Hjelp til 30 nyetablerarar Gode Sirklar har ansvar for regionen si Etablerarteneste, som vert utvikla og drive i samarbeid med kommunane og NAV. Etablerartenesta skal rettleie folk som tek kontakt med det offentlege for å få hjelp til å starte eiga verksemd. I løpet av 2011 har eit 30-tals nyetablerarar vore i kontakt med Etablerartenesta. 15 av desse har hatt behov for næringsvurdering, altså har halvparten kome frå NAV. Elles har det vore mykje fokus på forretningsplan, kanskje særleg marknadsføring, handlingsplanar og budsjett, men og vidare rådgjeving mot dei organ som har vore riktige i kvart tilfelle. Fleire etablerarar har blitt vist vidare til Business Region Bergen (BRB) sine kurs. «Hjelp til hjelp» er eit godt døme på ein gründar som fekk realisert sine planar om ei eiga heimeside for informasjon om psykisk helse, etter rettleiing frå Etablerartenesta. Det er mange små verksemder som ønskjer seg eit nettverk, påfallande mange nisjebedrifter innan til dømes handverk. Utvikling av eit større Fiskarbondens Marknad har vore svært positivt i dette arbeidet. I samlingane vert det sett fokus på tidsaktuelle behov hjå nyetablerarar. Korleis rettleie arbeidsinnvandrarar som ønskjer å etablere eigen bedrift? Det var tema for ei av samlingane i Etablererforum Vest i 2011. Til Noreg med gründardraum Det er aukande etterspurnad etter arbeidskraft i ei rekkje bransjar, og arbeidsinnvandringa er stigande. Utfordringane knytt til dette er mange, alt frå språk til kulturforståing og forvirring kring regelverk. 6 7

Kysteventyret Fleire oppdagar eventyret i vest Ei utstoppa ørn, maritim dekor og delikat sjømat sørga for at Kysteventyret stakk av med tittelen «beste utstiller» på Reiseklar 2011. Ein god start på året for reiselivsarbeidet i regionen. - Det er viktig å byggje opp heile regionen, det vil generere meir trafikk til alle aktørane. Vi har alt her i regionen: nærleiken til Nordsjøen, kystkulturen og tilgang på verdas beste råvarer frå havet. Marknadsføring er svært kostbart, difor er Kysteventyret så viktig, sa kjøkkensjef og diplomkokk Odd Einar Tufteland frå Cornelius under reiselivsmessa i 2011. - Vår erfaring er at folk er meir bevisste på kva mattilbod som finst i regionen vest for Bergen. Samstundes blir opplevingar knytt til mat meir og meir etterspurt, sa Tufteland under Reiseklar 2012. Reiselivsmesse Deltakinga på Reiseklar handlar like mykje om profilering mot bransjen og ut mot privatmarknaden, som direkte sal. Denne marknadsføringa har og vore målet med fleire visningsturar for bransjen, media og viktige offentlege aktørar. Fleire har fått augene opp for Kysteventyret og kva regionen har å tilby. Det meiner prosjektleiar Line Steinsland Mosnes i Kysteventyret. For å løfte fram regionen sitt rikhaldige reiselivstilbod, vart det bestemt at Akselerasjonskonferansen i februar 2011 skulle handle om reiselivsprosjektet Kysteventyret, og vegen til suksess i ei utsett næring. Konferanse Med innleiarar frå det nasjonale og regionale reiselivet, og 70 påmelde deltakarar, vart det ei brei drøfting av kva som skal til for at Kysteventyret skal bli ei berekraftig satsing. Etablerte fagfolk i bransjen, mellom anna reiselivsguruen Georg Kamfjord frå BI, forskarar og andre sette fokus på kva for utfordringar og moglegheiter ein har gjennom samhandling. Dette ordet var sentralt i alle innlegga. Hordaland Fylkeskommune hadde med seg 350.000 kroner i støtte til det vidare arbeidet med å bidra til auka verdiskaping i Kysteventyret. Studietur og marknad På ein studietur til Voss og Hardanger i regi av Kysteventyret og Vest Næringsråd i mars 2011 vart det diskutert moglege løysingar for det vidare reiselivsarbeidet. Fiskarbondens Marknad har vore arrangert i Sartor Storsenter fem gonger i 2011, og er blitt eit godt og innarbeida tiltak. Aktørane som deltek får hjelp til å auke salet og marknadsføringa av det dei driv med. I juni og november 2011 var det eit utvida Fiskarbondens Marknad med handverksaktørar i tillegg til mat, i samband med Straumedagane. No er handverkarane med kvar gong. Guida turar Vestlandsforteljingar er eit anna populært tilbod - opplevingar som kombinerer kultur, natur, historie og fysisk aktivitet. Ein har knytt til seg fleire guidar som tek seg av dette. Det er lagt ned mykje arbeid i å få laga god kart over turløypene i regionen, få dei merka og få ut informasjonen turar som ein løftar opp i reiselivssamanheng. I tillegg til vandring har det vore jobba med merking av kajakkløyper. Opninga av Panorama Konferansehotell i mars 2011 var eit viktig tilskot i reiselivsarbeidet. Stikkord for anna arbeid i 2011 er til dømes turistinformasjonsskilt i Sund kommune, samt næringslivsdag i Sundhallen, workshops, messer og presentasjonar i andre regionar. Søknader, møter med verkemiddelapparatet og prosjektinitiering er andre oppgåver i 2011. Møteplass for reiselivet Kysteventyret var fokus på reiselivskonferansen Møteplass Reiseliv Hordaland 2012: eit resultat av målretta arbeid i 2011. Deltakarane fekk oppleve juv og klippevandring i Øygarden, havørnsafari i Telavåg og matopplevingar på restaurant Cornelius. Arbeidsgrupper kom med råd om forbetring av tilboda. Det kom innspel til nye aktivitetar. Mykje arbeid er lagt ned for å skape eit fundament for eit destinasjonsselskap, og aldri tidlegare har ein kome så langt på veg med reiselivsarbeidet i regionen. - Som NCE-partnar har vi tilgang til eit stort nettverk. Vi er og synleg i mange kanalar gjennom samarbeid med Bergen Reiselivslag, Fjord Norge, Innovasjon Norge og ei rekkje andre aktørar, seier Steinsland Mosnes. Vil utvikle marknaden - Fiskarbondens Marknad er eitt av dei viktigaste tiltaka vi har fått etablert i 2011, og vi har ambisjonar om å utvide marknaden i 2012 med fleire utstillarar og på fleire stader. Vi håpar og å få realisert marknader i Sund og Øygarden, fortel ho. Året vi er inne i vert avgjerande for den felles reiselivssatsinga i regionen. Kysteventyret er inne i fase tre, og skal opp «på eigne bein». Tilførsel av nye midlar vil vere avgjerande for eksistensen. Ein forretningsplan for drift av eit destinasjonsselskap blir behandla i styret i 2012. Planen skal vere i tråd med Regjeringa sin nye reiselivsstrategi, som vart lansert i april 2012. 8 9

Kysteventyret Klyva vil opp og fram satsar på familiepark Klyva Opplevelsessenter vil byggje ein aktivitetspark på storleik med Mikkelparken i Øygarden. Men først må politikarane leggje til rette for dette i kommuneplanen. - Vi ønskjer å gje full gass om kommunen legg til rette for det i kommuneplanen, seier medeigar og dagleg leiar Cato Risløw i Klyva. Frå før tilbyr Klyva aktivitetar som juv- og klippevandring, paintball, øksekast, leirdueskyting, aktivitetspark, rappelering, zip-line (taubane) og overnatting i villmarksleiren på Torsvik i Øygarden. Tilbodet vert mykje nytta til teambuilding og andre firma-events, og er svært populært for utdrikkingslag. I samarbeid med Rongesundet båtutleige tilbyr dei turar med rib-båt. Ventar på kommuneplanen Sidan etableringa av Klyva AS i 2008, har omsetnaden auka år for år. Dei ønskjer å satse for fullt og vidareutvikle tilbodet, men treng ei politisk avgjerd når det gjeld kommuneplanen før dei kan jobbe vidare med planane. Finansieringa er på plass. Ein stor familiepark lik Mikkelparken er målsetnaden, fortel Risløw. Han legg til at Trafikkløysingar må avklarast med Vegvesenet. - Vi ønskjer å nytte området nærast vegen til aktivitetar og tilbod retta mot barn, med til dømes klatrepark og steinalderplass, dyr, bmx-bane, fugledam, servering og overnattingstilbod, oppsummerer Risløw. På Toftøy er det funne spor etter ei av dei eldste busetnadene i landet. Klyva ønskjer å etablere ein steinalderplass, i samarbeid med Kystmuseet. Eit større område retta mot vaksne ligg og i planane, med eigen klatrepark, zipline og andre aktivitetater. Som skapt for teambuilding Med eit utvida tilbod vil dei nå turistmarknaden og ein større del av privatmarknaden. I mellomtida vil dei satse meir offensivt mot bedriftsmarknaden på å marknadsføre tilbodet og gjere seg meir kjent hjå bedriftene. - Vi vil og satse på skuleavslutningar, noko som har vore svært vellukka i Os. Ungdomsskuleelevar kan kome og ha det kjekt i villmarksleiren og overnatte i lavvoen, alternativt inne på kursog konferansesenteret, som vi nyttar gjennom eit samarbeid med Torsvikhuset, seier Risløw. Studietur til Oslo I januar vart det gjennomført ein studietur for byggentreprenørar, der mellom andre Vestkyst Bygg på Tjeldstø deltok. Turen var i regi av Gode Sirklar. Tema for turen var elementproduksjon og automatisert produksjon av bygg. Delegasjonen vitja fleire verksemder. Hjå SINTEF Byggforsk fekk dei sjå store, velutstyrte laboratorier for dei fleste sentrale områder innafor bygge-, anleggs og eigedomsnæringa. Det var svært nyttig å sjå korleis andre gjer det, ikkje minst når det gjeld tiltak for effektivisering, seier fagleg leiar Frode Pedersen i Vestkyst Bygg. 10 11

Sotra Marine Industrinettverk Går for «det blå gullet» Kollsnes På jakt etter vind i segla Sentrale aktørar frå havbruksnæringa, og fôr- og foredlingsindustrien har stor tru på at ein marin biopark på Skaganeset kan ta ein internasjonalt leiande posisjon. Det kom fram på eit møte 20. april 2012, der aktuelle aktørar frå næringslivet og FOU-miljøa (forsking og utvikling) var samla for å få presentert planane om storsatsinga. Planane vekte stor interesse og ønskje om å bidra til realisering av mellom anna ein inkubator og eit pilottestanlegg. Moglegheitene for å ta ein nasjonal og internasjonal leiande posisjon innan «blå teknologi» og utvikling av fôringrediensar for havbruk er reelle, meinte aktørane. - Deltakarane var samde om at etablering av ein marin biopark på Skaganeset vil kunne gje auka verdiskaping i heile vestlandsregionen, seier prosjektleiar Ove R. Hjelmervik i Gode Sirklar. Han har drive fram prosjektet. BRB overtek prosjektet Business Region Bergen (BRB) tek no over arbeidet med dei vidare planane, medan Gode Sirklar vil yte bistand ved behov. Det vert arbeidd med å få Skaganeset marin biopark inn i ei stortingsmelding frå Fiskeri- og kystdepartementet. Sotra Marine Industrinettver vart etablert på tampen av 2009 og har i dag 20 medlemsbedrifter, frå fiskeri og oppdrett til restaurant og kafé-drift. Ønskjet er å skape ei sterk marin klynge, etter suseamodellen på Ågotnes. Gode Sirklar har vore ein pådrivar i etableringa og utviklinga av nettverket. Nasjonal merksemd På medlemsmøtet 31. august 2011 vart Marine Bioproducts sine planar om eit forskingsbasert bioteknisk produksjonssenter presenterte. I samband med at selskapet bygde ny fabrikk, kom ideen om å utvikle eit forskingssenter, som fekk svært positiv respons frå mellom andre Innovasjon Noreg. Eit slikt senter vil styrkje klynga på Skaganeset. I Bergensregionen er det eit leiande miljø innan forsking, -næring og -bioteknologi, og ein meiner at tilhøva på Skaganeset er svært gode for utvikling av eit slikt senter. Her ligg frå før bedrifter som følgjer fisken frå sjøen til matfatet. Opninga av Biomega sin nye fabrikk i mars 2012 sette satsinga på Skaganeset verkeleg på kartet, med merksemd i nasjonale media. - Noreg skal vere ein verdsleiande sjømatnasjon, og det som skjer på Skaganeset er eit viktig bidrag, sa fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen, då ho opna det som no er noregs største fabrikk for foredling av restråstoff frå laks. Siktemålet er at SMI skal inn i Vest Næringsråd som ei bransjegruppe i løpet av 2012, under namnet Sjømatgruppen VNR, noko som vil bidra til ei betre forankring av den marine klynga. I mai 2012 vart det kjent at CCB Kollsnes vel å nytte seg av områda på Kollsnes til ordinær basedrift, for å avhjelpe auka aktivitet. Trass i at CCB Kollsnes hausten 2011 samarbeidde tett med Gode Sirklar om å etablere noregs første vindkraftbase. - Vi jobbar med ein generalplan for tomta, i samarbeid med Gode Sirklar, som omhandlar tre fasar fram mot 2020. Mogelegheitene er store, men i første omgang ser vi føre oss at arealet på Kollsnes kan nyttast til testing av utstyr og pilotar, sa Irene Lillehammer, dagleg leiar for CCB Kollsnes i januar 2012. - Vindkraftsatsinga er i ein for tidleg fase, markedet er ikkje modent nok til at vi kan skape lønsam aktivitet på Kollsnes. Samstundes opplever vi stor pågang og aktivitet på Ågotnes, og ønskjer å flytte noko av aktiviteten til Øygarden for å avhjelpe den ordinære drifta, seier administrerande direktør Kurt Andreassen i Coast Center Base (CCB) i mai. Han understrekar at vindsatsinga langtifrå er lagt død. Aktivitet på Kollsnes - Vi held fram med satsinga, men det er svært begrensa aktivitet knytt til vindkraft i Noreg i denne fasen, og vi ønskjer å avven- te litt. Det viktigaste er å skape aktivitet på Kollsnes, ikkje kva type aktivitet vi skal ha der, seier Andreassen. Han legg til at det blir viktig å ta ei avgjerd om kva det er naturleg å ha av vindkraftrelatert aktivitet på Kollsnes. - Det pågår eit arbeid med vindsatsing på Stord og. Det vil bli satsa på vind båe stader, men på ulike ting. Sway ønskjer å stå løpet ut på Kollsnes, når dei er klare til det, seier Kurt Andreassen. CCB Kollsnes har tidlegare sett føre seg faste etableringar på tomta i Øygarden, til dømes produksjonshall, verkstad, kontorer og kanskje til og med eit betongstøperi. Eit treningssenter for opplæring i sikkerheit og tilkomstteknikk (tilkomst til vindmøller) har og vore nemnt. Framtidige løysingar Korleis feste møller på havbotnen? Utfordringane knytt til vindkraft er mange, og evna til å skape lønsam business av vindkraft heng saman med den teknologiske utviklinga. - Gode Sirklar er ein god samarbeidspartnar og ein naudsynt hjelpar. Eg trur mange undervurderer verdien av å ha eit utviklingsselskap som driv prosjekta framover, bidreg i prosessane og er sjølve limet mellom aktørane. Gode Sirklar bidreg dessutan med eit viktig nettverk og genererer aktivitet, seier Andreassen. 12 13

Levekårsundersøking Kompetanseforum Vest Samarbeid trass konkurranse Utdannar seg og flyttar frå Øygarden I ei undersøking blant tidlegare ungdomsskuleelevar i Øygarden, har halvparten av elevane sidan 1980 teke høgare utdanning. Dei fleste med høgare utdanning har flytta ut av kommunen. Undersøkinga vart gjennomført av Gode Sirklar og resultata vart presenterte for rådmann, ordførar og komite for levekår i Øygarden 29. august 2011. Av alle som gjekk ut av ungdomsskulen i Øygarden i 1980, 1990 og 2000, svara 35 prosent på undersøkinga. Halvparten av utvalet har høgare utdanning. Respondentane med høgare utdanning er meir positive til skulegangen enn dei som ikkje tok høgare utdanning. Kun 6,5 prosent har ikkje fullført vidaregåande skule. Føremålet med undersøkinga var mellom anna å kartleggje andelen og årsaker til at ungdom droppar ut frå vidaregåande opplæring, samt finne tiltak for å motverke dette. Korleis vekke interesse for utdanning hjå barn, unge og vaksne i kommunen, slik at kompetanse får ein høgare status? Meir praktisk undervising Undersøkinga viser at Øygarden har eit godt omdøme, men mange har inntrykk av at kommunen har eit lågare utdanningsnivå enn snittet. Generelt er respondentane uenige i at skulen har ein god blanding av teori og praksis, samt tilpassa opplæring. Menn opplever i større grad enn kvinner at det er færre moglegheiter for arbeid, og saknar fleire arbeidsplassar i privat sektor. Dei som ikkje tok høgare utdanning kom med svar som «fekk jobb, trengte det ikkje» eller «skulelei, ville ha ein pause» eller berre «skulelei». Dei meinte og at dei ikkje meistra ungdomsskulen. Dei fleste som har teke høgare utdanning har flytta ut av kommunen, men ein stor del av desse kunne tenkje seg å flytte tilbake. For dårleg tilpassa arbeid Det vart og gjennomført ei undersøking for å avdekkje årsakene til den høge andelen uføretrygda i Øygarden, og kome opp med målretta tiltak for å snu utviklinga. Kun 21 prosent av alle uføretrygda i Øygarden responderte på undersøkinga, dei fleste over 50 år. Det var like mange kvinner og menn som svarte, mange har kun grunnskuleutdanning. Mange av respondentane kjem ikkje frå Øygarden. Dei fleste uføretrygda har vore yrkesaktive mesteparten av livet, har jobba i full stilling i privat sektor, og er uføretrygda på grunn av fysisk sjukdom. Flesteparten ønskjer å jobbe fulltid om det hadde vore mogleg, fleire menn enn kvinner ville ha jobba fulltid. På spørsmål om kva som må til for å kome tilbake til yrkeslivet var mange av svara «omskolering» eller betre tilrettelagt arbeid. I undersøkinga kom det fram at mange meiner det er einsamt å vere uføretrygda, at det verste med situasjonen er å bli «uglesett», å ikkje kunne bidra og å kjede seg. - Vi må skape ei kjensle av fellesskap med konkurrentane våre, sa dagleg leiar Trond Wisnes Nilsen i Sotra Contracting på Industrikafeen til Kompetanseforum Vest 8. september 2011. Det som vart etablert som eit interesseforum for verksemder knytt til teknisk og mekanisk industri, er no ei velfungerande bransjegruppe under Vest Næringsråd, med namnet Verkstedsgruppen VNR. Gruppa har kring 25 medlemer. Målet er å auke konkurranseevna til verksemdene gjennom samhandling. Det er dei på god veg med å få til. Kompetanseforum Vest vart etablert som eit samarbeid mellom Gode Sirklar, industriverksemdene og Høgskolen i Bergen, med Ivan Ole Moldskred i Gode Sirklar som prosjektleiar. Gode Sirklar avdekka eit behov hjå bedriftene for et slikt nettverk, etter ei kartleggjing. - Eit unikt samarbeid - Gode Sirklar har vore ein nøytral, objektiv part og det arbeidet som Gode Sirklar har gjort har vore avgjerande for å lukkast. Det er ikkje mange andre som kunne gjort jobben med å etablere dette på ein slik. Resultatet er eit unikt samarbeid mellom bedriftene, meiner Trond Wisnes Nilsen i Sotra Contracting, leiar for Verkstedsgruppen VNR. - Vi ønskjer å skape ein god plattform for SMB-bedriftene (små og mellomstore bedrifter), og på sikt få med dei store, tunge aktørane, forklarer Wisnes Nilsen. Føremålet er å skape ein arena for utvikling, kompetanseheving og ikke minst kapasitetsutveksling. Styreleiaren legg til at i staden for å tape eit oppdrag til ei bedrift på bysida, eller at jobben forsvinn ut av Bergensregionen, kan ein ta på seg eit oppdrag i fellesskap og samarbeide om å utføre jobben. Responsen frå dei store aktørane har vore svært god. Kaprar fleire store oppdrag - Eit tett samarbeid mellom leverandørbedriftene vil sikre dei fleire oppdrag enn dei vil kunne klare kvar for seg, uttrykka prosjektdirektør Ronny Haufe i CCB då Verkstedsgruppen VNR var samla for første gong. Han trur og at andre aktørar i større grad vil få augene opp for kva den lokale leverandørindustrien har å tilby, når dei saman viser større styrke. - CCB ønskjer først og fremst å bruke lokale leverandørar. Vi er stolte over at 90 prosent av oppdraga for CCB i dag faktisk går til lokal leverandørindustri. Samarbeidet gjer meg trygg på at bedriftene vil ha den kapasiteten og kompetansen som trengs for å kunne ta på seg større oppdrag, uttrykte Haufe. Det er stor kamp om fagarbeidarar og ingeniørar, ein kamp som SMB-bedriftene ofte tapar. På bakgrunn av dette arbeider Verkstedsgruppen VNR i 2012 med å danne ei ingeniørverksemd, der medlemsbedriftene er aksjeeigarar. Tanken er at eigarane skal kunne kjøpe ingeniørtenester frå verksemda ved behov, og skape eit attraktivt ingeniørmiljø, fortel Wisnes Nilsen. 14 15

Stadutvikling Gode Sirklar har delteke i spennande oppgåver saman med næringsaktørar, kommunane og lokalsamfunn i spørsmål om berekraftig stadutvikling. For å kunna skape grunnlag for berekraft og koma fram til dei gode heilskapelege løysingane, er notidas kulturelle verdiar og fenomen viktig å ha medvit om. Fundamentet som framtidsvisjonane skal byggjast på er lokal identitet og kultur. Gjerdet kulturminnegard Her blir det business 16 Butikk, catering og turistverksemd. Det er store moglegheiter på Gjerdet. Allereie frå hausten 2012 kan drifta vere i gang, trur Kultursjef Lennart Fjell. Arbeidet med å etablere eit samvirke på Gjerdet kulturminnegard er i gang etter at Fjell kommunestyre vedtok Gode Sirklar si tilråding til driftsmodell tidleg i 2012. Kultursjef Lennart Fjell håpar at det frå hausten kan vere forretningsmessig drift på Gjerdet. - Vi veit at det er fleire aktørar som ønskjer å vere med i eit samvirke. Det er ein god modell som ikkje krev for mykje økonomisk. Dette er ein moglegheit for dei som i dag driv kulturnæring på hobbybasis, og som vil gå eit steg vidare. Vi treng ein slik stad, seier Kultursjefen. Medlemene i samvirket slepp å betale husleige dei tre første åra. Tanken er å knytte til seg aktørar innan reiseliv, mat- og handverk og andre som vil tilby kulturopplevingar på garden. Plassen begrensar mogleigheitene, men som utsalsstad er der plass til mange, understrekar Kultursjefen. Mangel på p-plassar er ei utfordring som må løysast. Ein ønskjer å ivareta gamle tradisjonar gjennom utvikling av mat-, handverk- og kunstprodukt for sal, servering og utstilling. I samspel med landbruk, kultur, historie og reiseliv skal det utviklast opplevingspakkar. Sist, men ikkje minst, er det eit føremål å formidla kvardagen i krigshistoria for den lokale, sivilbefolkinga og det tyske forsvarsverket på Fjell festning under okkupasjonsåra i 2. verdskrigen. 17

Sotra Kystby Frå bygdesentrum til bysamfunn Medan 1000 skuleelevar var samla på Sotratrappo vart den første offisielle sprengsalva avfyrt for å markere starten på utviklinga av Sotra Kystby. Gode Sirklar har vore ein partnar i arbeidet med byutviklinga. Den første sprengsalva vart direkteoverført på storskjerm, slik at elevar, lærarar og andre som var samla på Sotratrappo fredag 8. juni 2012 fekk sjå den store hendinga. Alle elevane hadde teikna Sotra Kystby slik dei trur han vil sjå ut i framtida. Teikningane ligg samla i ein tidskapsel som skal opnast om 15 år. Byggjinga av den underjordiske p-garasjen er dermed i gang ved Sartor Storsenter, og dei neste ti åra vil vi få sjå stor byggjeaktivitet på Straume. Straumeplanen består av fleire store prosjekt. I juni 2011 godkjente Fjell kommunestyre områdereguleringsplan for Straume sentrum. Målet med planen er å skape ein bystruktur og leggje til rette for tilbod som høyrer heime i ein by. På same tid godkjente Fjell kommunestyre reguleringsplan for Straume sjøfront. Planen omfattar eit område på 68 dekar og legg til rette for 200 bueiningar, næringsareal, fellesareal, parkering, offentleg strand- promenade og småbåthamner. Eitt hovudmål med planen er å opne Straume sentrum mot sjøen gjennom nytt gangsamband. Nordre Bildøy Fortetting på nordre Bildøy vil skape ein betre samanheng mellom de ulike prosjekta og binde Sotra Kystby sammen. Fjell kommune godkjente i september 2011 eit planprogram for ein ny plan som omfattar nærare 300 mål på nordre Bildøy. Dette området vil vere ei naturleg forlenging av Straume og vil tilby bustader, nærings- og servicebygg og kultur- og fritidstilbod. Nord for Bildøy ligg den idylliske øya Råna. Liegruppen er ein pådrivar for å knyte øya saman med Bildøytangen med ei gangbru slik at Råna kan tilretteleggast som friareal for innbyggjarane og tilreisande til kystbyen, og har jobba med å finne løysingar saman med styret i Hyttelaget på nordre Bildøy. Først ny bru på plass Bildetangen er ein del av Sotra Kystby og representerer eit heilskapleg utviklingsgrep som fortettar og skapar samanheng mellom Foldnes, Straume, via Søndre og Nordre Bildøy og over til Kolltveit, meiner eigedomssjef Roy-Eddy Lie i Liegruppen. Kommunedelplanen er ikkje ferdigbehandla i politiske organ. - Igangsetjing på nordre Bildøy heng saman med nytt sotrasamband, og ligg difor mange år fram i tid. Vi meiner at å setje i gang med utbyggjinga no ville vere positivt for å få ned talet på pendlarar, men politikarane har eit anna syn og det må vi akseptere, seier Lie. Andre prosjekt som inngår i Sotra Kystby er Straumsfjellet Panorama, Solsiden/Grønamyrsvegen. Prosjekta omfattar bustader og næringsverksemd, mellom anna handel, kontor og kafear. - Gode Sirklar er gode å ha når vi går utover det alminnelege planarbeidet. Gode Sirklar set oss i kontakt med FoU-miljøa og bidreg med kompetanse der vi treng det. Vi har eit godt samarbeid og det hadde ikkje vore ein like god prosess med byutviklinga utan Gode Sirklar, meiner Lie. 18 19

Ny næring i gamle bygg i strandsona Reiseliv i nausta Forlandsvågen Teiknar framtida Nytt liv til gamle naust Det skal realiserast 20 pilotar fordelt på kommunane som deltek: Sund, Austevoll, Bømlo og Radøy. Målet er å få til gode og praktiske ordningar for korleis gamle bygg i strandsona kan verta ein ny ressurs for næringsaktivitet, og resultera i nye ret- Hordaland Fylkeskommune har gjeve 70.000 kroner til eit pilotprosjekt i Sund som tek sikte på å hjelpe nausteigarar til å etablere seg som utleigarar. Gode Sirklar er ansvarleg for prosjektet. Vi skal utarbeide eit informasjonshefte med råd for korleis ein går fram for å få innpass i reiselivsmarknaden. Tanken er at rettleiaren skal kunna nyttast av nausteigarar langs heile kysten, ikkje berre i Sund. Det seier prosjektleiar Kenneth Sangolt. Ein ønskjer og å få til ein samarbeidsmodell for små naustobjekt med eit lokalt/regionalt hotell, og laga ei smart og praktisk løysing for nøkkeloverlevering til turistar. Sund kommune bidreg økonomisk til pilotprosjektet. Det er ein «spinoff» av prosjektet «Ny næring i gamle bygg i strandsona», som er støtta av Fylkesmannen i Hordaland og Fylkeskommunen i Hordaland. ningsliner for framtidig planlegging og forvalting av strandsona. Samstundes vert kulturminna sikra, utan at bygningsmassen misser særpreget. I Sund kommune er det registrert ca. 500 naust og sjøbuer, og fleire av desse bygga er i ein slik forfatning at det trengs strakstiltak for å sikre dei. Bygga forfell når dei no ikkje lenger gjev inntekter. Ta nausta i bruk av Sverre Sangolt frå september 2008 set fokus på problemstillinga. Fotografi som er teke av nausta viser at det krev mykje arbeid å heva den estetiske standarden i strandsona. Mange moglegheiter for bruk Det er førebels teke med fem naustprosjekt frå ulike område i kommunen. Dei skal restaurerast og det skal etablerast ny næringsverksemd i nausta. Tiltak for verdiskaping kan vere overnatting, næringsutleie, servering eller kulturformidling. For reiselivsnæringa kan tilboda inngå i «pakkar», og bygga kan fungere som forsamlingslokale med sosiale aktivitetar for unge og eldre. Skulen kan nytte dei og ein kan etablere kurstilbod basert på lokal kultur, historie og landskap. Lokale fiskarar kan nytte ombygde bygg til produksjon og foredling av fisk og landbruksprodukt moglegheitene er mange. for Forlandsvågen Ein kyststi som gjev tilgang for soling, bading og fiske frå land, skal gjere Forlandsvågen meir tilgjengeleg for ålmenta. For å møte framtidig vekst i søre delen av Sund kommune, ønskjer grunneigarar og politikarar ei utvikling i Forlandsvågen. I samband med handsaminga av arealplanen for kommunen, vedtok Sund kommunestyre at det skal lagast ein områdeplan for Forlandsvågen. Arbeidet starta opp våren 2012. Gode Sirklar har vore ein pådrivar i det som har vore ein lang prosess i 2011. Det har vore ei utfordring å oppnå semje hjå grunneigarane. For å sikre at grunneigarane vert høyrte i utarbeidinga av planen, har dei etablert Ankergjengen båtlag som er deira representant i planarbeidet med kommunen. Førdesveten og omkringliggjande fjellområder er frå før godt utvikla med turstiar frå fleire av bygdene omkring. Dei fine svaberga er lite tilgjengelege, og ein ønskjer å utvikle ein kyststi som gjev tilgang for soling, bading og fiske frå land. Ei sandstrand til heilårsbruk vil og koma til dømes skular, barnehagar og kajakkpadlarar til nytte. 20 21

Utdanning Gode Sirklar har teke initiativ til ei satsing på heile skuleløpet, frå barnehage til høgskule- og universitetsnivå. Målet er å utvikla kompetansearenaer der skulane, føresette og næringslivet samarbeider. Målet er å skape undervising som involverer og motiverer. Betre kopling mellom skule, samfunn og lokalt næringsliv skal stimulere til yrkesval som sikrar rekrutteringa i regionen. Undervisingsprogrammet til Gode Sirklar femner om heile utdanningsløpet. Læringsarbeidet tek utgangspunkt i deltaking og samarbeid med fagpersonar innan ulike bransjar, organisasjonar og næringar. Praksisnær læring Arbeid på timeplanen Fjell kommune vedtok tidlegare i år å vidareføre Praksisnær Læring og har sett av midlar til dette. No skal Gode Sirklar sjå på korleis Praksisnær læring kan revitaliserast. Føremålet er å motivere ungdom til yrkesval som matchar dei ulike behova i næringslivet. Gode Sirklar tok initiativ til ei satsing på heile skuleløpet, frå barnehage til høgskule- og universitetsnivå, og mottok betydelege midlar til satsinga i perioden 2006-2009. Merksemda var stor og tilbakemeldingane var svært positive, ikkje minst frå stortingsgrupper og statssekretærar. Motivasjon er nøkkelen Ved å skape undervising som involverer og motiverer vil ein stimulere til yrkesval som sikrar rekrutteringa i regionen. Betre kopling mellom skule, samfunn og lokalt næringsliv er sentralt i Praksisnær Læring. Universitetet i Bergen, Fjell pedagogiske senter, Statoil og andre industriverksemder har vore samarbeidspartnarar i utvikling og gjennomføring. Fjell kommune vedtok i 2012 å vidareføre Praksisnær Læring og har sett av midlar til dette, etter ei grundig evaluering av satsinga. Saman med Gode Sirklar vil skulekontoret kome fram til kva for løysingar som er best. - Moglegheitene er mange, og erfaringane er delte, difor er det viktig å kome fram til gode ordningar som sikrar at elevane får maksimalt utbytte av Praksisnær Læring, meiner rådgjevar Steinar Vibeto ved Fjell Ungdomsskule. Ulike erfaringar Arbeidslivsfaget er eit døme på praktisk undervising. På Fjell ungdomsskule har elevar til dømes bygd terrasse og gjennomført ulike prosjekt i faget Arbeidsliv, eit praktisk fag som vart oppretta som eit prøvefag i fire kommunar (deriblant Fjell) for tre år sidan. Det har vore svært vellukka. Frå hausten skal faget inn i læreplanen for ungdomstrinnet i alle kommunar i landet, fortel Vibeto. Det gjev elevane eit grunnlag for vidare yrkesval. - Det er ulike erfaringar, men dei som ønskjer å få til noko i fellesskap får det til. Vi ser at stadig fleire ser verdien av ein praktisk tilnærming i undervisinga, seier prosjektleiar Sverre Konrad Nilsen i Gode Sirklar. 22 23

Praksisnær utdanning - marin sektor Fleire unge vel marin utdanning Eit samarbeid mellom skule og marin næring gav resultat. Fleire ungdomar søkte havbrukslina etter at elevar laga dokumentarfilm om oppdrettsnæringa i eigen kommune. Sund kommune har ei omfattande verdiskaping innan fiskeri, oppdrett og fiskeforedling. I starten av 2011 gjekk næringa saman med ungdomsskulen i kommunen om eit systematisk program for dei tre klassestega. Dette viste seg å vere svært vellukka. Konkurranse - Vi utlyste ein konkurranse om å lage den beste dokumentarfilmen om oppdrettsnæringa i kommunen. Næringa gjekk med på å kjøpe den beste filmen. Resultatet vart presentert for elevane i tidsrommet før fristen for å søkje vidaregåande utdanning gjekk ut, og det viste seg at søkjartala vart høgare enn dei hadde vore, fortel Frede Thorsheim, som leia prosjektet for Gode Sirklar. Bakgrunnen for satsinga var ei kartleggjing og omdømeundersøking som Gode Sirklar gjennomførte under etableringa av Sotra Marine Industrinettverk (SMI). Undersøkinga avdekka at marin næring hadde eit dårleg omdøme og at ungdom ikkje ønskte seg inn i denne næringa. Modell for andre kommunar Sund kommune, Sotra Marine Industrinettverk og Gode Sirklar organiserte satsinga, saman med skulen og bedriftene. Som eit ledd i oppbygginga av programmet var ei gruppe lærarar frå skulen på orientering og omvising hos Sotra Fiskeindustri på Kausland. Hordaland fylkeskommune støtta tiltaket, som vart implementert i fleire kommunar langs kysten. Fusa vidaregåande skule og opplæringskontoret i Austevoll har vore kompetansemiljø i grensesnittet fag, næring og pedagogisk tilretteleggjing. - I løpet av prosessen fekk elevane innsikt i bedriftene sin verdikjede, materiale til teoriundervisning og yrkesrettleiing. Dei vart involvert på ein svært god måte og lærte om næringa gjennom arbeidet med filmen, legg Thorsheim til. «Film-modellen» er no ein del av undervisingsprogrammet Praksisnær læring, som er utvikla av Gode Sirklar. Kompetansenettverk Vest I bresjen for ny fagutdanning Eit heilt nytt kompetansenettverk vil mellom anna jobbe for å etablere eit nytt logistikkfag på Sotra. Bakgrunnen er eit stort behov for fagarbeidarar. Med fagopplæring innan logistikk vil elevane sitje igjen med eit fagbrev som vil vere svært attraktivt i arbeidsmarknaden. Det er eit stort behov for faglært arbeidskraft innan dette faget. Vil «mette» marknaden Kompetansenettverk Vest er eit heilt nytt samordningsorgan som koplar utdanning og næringsliv, og jobbar for å innfri behova i arbeidsmarknaden. Det er Sotra Vidaregåande Skule som har teke initiativ til satsinga. Med på laget er Vest Næringsråd, Høgskolen i Bergen (HiB) og Gode Sirklar. Etableringa fant stad i desember 2011. Opprettinga av eit logistikkfag er berre eitt av seks konkrete tiltak ein ønskjer å jobbe fram. Eit anna mål er å etablere eit integrert bachelorstudium i ingeniørfag, særskilt med tanke på elevane ved Teknologilina på Sotra. Saman med skulen har VNR og Gode Sirklar bede HiB om å utgreie dette. Norskopplæring «på boks» Stadig fleire bedrifter nyttar seg av utanlandsk arbeidskraft. Kompetansenettverk Vest vil utarbeide ein «norskopplæringspakke» til arbeidsinnvandrarar frå EØS-området. Informasjon om til dømes HMS, kultur og språk er relevant å ha med. Etterutdanning og vidareutdanning av arbeidstakargruppa over 30 år er ei anna utfordring Kompetansenettverk Vest vil jobbe med. - Vi har ledige lokale på kveldstid som kan nyttast til mellom anna bedriftsintern opplæring, og vi kan vere eit ressurssenter når det gjeld lærerkrefter, seier assisterande rektor Erik Strøm ved Sotra Vidaregåande Skule. Andre tiltak Kompetansenettverk Vest kjem til å jobbe med er praksisplassar i bedrift, samt tiltak for å gjere byggfaga og helsefaga meir attraktive og få flere ungdomar til å velje yrkesutdanning. - Opplæringslova opnar for meir kreative opplæringsmåtar, det må vi nytte oss av, meiner seniorrådgjevar Svein-Erik Røskeland i Hordaland fylkeskommune. 24 25

Ingeniørstudiet flyttar i nye lokale Masterstudiet Vel vekk Sotra og Øygarden Berre to av 19 subseastudentar har valt masteroppgåver frå bedrifter i regionen Sotra og Øygarden. Det viser tal frå NTNU. gåver her. Bedriftene er flinkare til å informere undervegs i studiet om kva for prosjekt som kan vere aktuelle å koble dei opp mot, og har kanskje eit større fokus på forsking og utvikling, meiner Østerås. 26 Straume mest pop i landet Ingeniørstudiet på Straume har fleire søkjarar enn noko anna ingeniørstudium i landet. No vil dei utvide med fleire studieplassar. Med 211 søkjarar til 40 studieplassar er ingeniørstudiet på Straume det mest populære ingeniørstudiet i landet. Det fortel dekan Halvor Austenå. Gode Sirklar har samarbeida med Fjell kommune og Høgskolen i Bergen (HiB) for å finne ei permanent lokalisering for studiet. Når dei nye studentane kjem 17. august, skal alt vere klart i eit nybygg som er under oppføring på nabotomta til Oceaneering i Straume Næringspark. - Vi har mange gode søkjarar og ønskjer å utvide tilbodet til 55 studieplasser. Vilkåret er at næringslivet bidreg med fleire praksisplassar, vi får det ikkje til utan fleire praksisplassar, seier Austenå. Kring 20 verksemder tilbyr i dag praksisplassar til studentane ved ingeniørutdanninga på Straume. Kvar student skal ha 17 dagar med praksis ute i ein bedrift mot slutten av første studieår. I dag finst ikkje meir enn 40 praksisplassar. Håpet er å få på plass eit utvida tilbod allereie frå hausten. - Vi vil jobbe for å bidra til å få på plass fleire praksisplassar slik at det kan realiserast fleire studieplassar, seier dagleg leiar Sigmund Kvernes i Gode Sirklar. I fjor haust starta 19 ingeniørstudentar, mellom anna frå HiB og ingeniørutdanninga på Straume, på det nyoppretta masterstudiet innan subsea i Trondheim. Gode Sirklar samarbeida tett med Høgskolen i Bergen (HiB) for å utvikle dette studiet. Ambisjonen var at alle skal fullføre studiet med oppgåver i bedrifter i vår region i 2013, men slik har det ikkje gått, fortel senioringeniør Trond Østerås ved mastserutdanninga innan subsea ved NTNU. Bedriftene i Trondheim og landet elles er meir synlege og det er difor lettare å velje opp- Dekan Halvor Austenå ved HiB meiner problemet er at altfor få studentar vel ei fagretning som tilseier at dei vil kome attende til regionen. Han meiner at bedriftene må kome sterkare på bana for å sikre at vi får fleire ingeniørkrefter i Sotra-regionen. Vi håpar å få på plass ei eiga masterutdanning her i Bergen, men vi treng fleire fagfolk som jobbar med forsking og utdanning for å få til det, seier Austenå. Gode Sirklar vil jobbe for å bidra til dette i 2012, seier dagleg leiar Sigmund Kvernes i Gode Sirklar. 27

Gode Sirklar AS har i 2011 drive nærings- og samfunnsutvikling gjennom prosjektverksemd i kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Næringsutvikling i Gode Sirklar AS vert drive gjennom bedrifts- og bransjeretta aktivitetar og stadutvikling der kunst og kultur er sentralt i å skapa gode bu- og arbeidsmiljø. Selskapet si rolle er å tilføre og kople kunnskap og kompetanse frå forskings- og kompetansemiljø til lokale og regionale behov i samskaping med lokale verksemder, kommunane og andre interessentar som etterspør nettverk og samarbeid med eksterne kunnskapsmiljø. Gode Sirklar var lokalisert i Straume Teknologisenter, Straume Næringspark i Fjell kommune til 1. september 2011, og flytta deretter inn i leigde kommunale lokale i Bildøybakken 105 i Fjell kommune. Gode Sirklar er eigd av kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Selskapet har ingen tilsette, men vert tilførd personressursar gjennom ei avtale med SINTEF. Gjennom avtala har SINTEF engasjert dagleg leiar og personressursar som er prosjektbaserte. Personressursane kjem frå SINTEF, frå andre kompetanseinstitusjonar og sjølvstendige næringsdrivande, lokalt, regionalt og nasjonalt. Verksemda i 2011 har vore konsentrert om å kopla utdanning til næringsliv og samfunn, gjennom Praksisnær undervising, der forankring og implementering i skulane og sikra godt samarbeid med næringsliv, har hatt fokus. Selskapet har utvikla fleire nettverksprosjekt mellom små og mellomstore verksemder i regionen, til dømes Sotra Marine Industrinettverk, bedrifter i Øygarden og etablering av eit samarbeid mellom mekaniske verksemder i Fjell kommune gjennom Kompetansefoum Vest, no Verkstedsgruppen VNR. Medlemmer i NCE Subsea blir følgd opp på ulikt vis gjennom m.a. satsinga på ingeniørutdanning innan undervassteknologi som Høgskolen i Bergen har etablert. Styret si årsmelding Ei langsiktig satsing på reiselivsnæringa er etablert i samarbeid med Vest Næringsråd og har fått namnet Kysteventyretet, og blir rekna som ein destinasjon i Hordaland med økonomisk stønad frå Fylkeskommunen. Utvikling og vidareføring av prosjekt innan kultursektoren, der oppfølging av resultat frå prosjektet Perler i Nordsjøløypa er sentralt. Perler i Nordsjøløypa fekk status som ein av 10 pilotar i Verdiskapingsprogrammet til Riksantikvaren, og vart avslutta i 2010. Selskapet driv etablerarstønad som førstelineteneste med støtte frå Hordaland fylkeskommune. Det er etablert eit Etablerarforum Vest for kompetanseutvikling og arbeidsdeling med deltaking frå NAV og servicetorga i kommunane. I dette arbeidet deltek Askøy kommune og Senter for Nyskaping ved Høgskolen i Bergen. Gode Sirklar har hatt sentrale roller i prosjekt som er kome i gong i regionen med finansiering av utviklingsoppgåver for perioden 2006-2010, på om lag 110 millionar kroner, utan at storparten av desse midlane er ein del av selskapet sin økonomi. Eit av føremåla med etableringa av Gode Sirklar er oppfylt med dette. Selskapet er tidlegare evaluert av Agderforskning på oppdrag frå eigarane. Selskapet kom godt ut av evalueringa. Selskapet har gjennomført ein strategiprosess med styret, og eksterne aktørar frå næringslivet i regionen har delteke i prosessen. Arbeidsmiljøet er godt. Personalet er engasjert basert på behov i avgrensa prosjekt. Ein person som har vore engasjert ca 70 % av full tid, har vore delvis sjukmeld sidan august 2011. Styret har ut frå ei vurdering av engasjerte personar og stillingskategoriar ikkje funne det nødvendig å setja i verk særskilde tiltak med omsyn til likestilling. Styret har no 4 kvinner og 2 menn. Selskapet har stor breidde i kompetanse og erfaring hjå dei som er engasjert i verksemda. Av 21 personar som har vore engasjert, er 9 kvinner. Selskapet har retningsliner som tek sikte på at det ikkje skal framkoma forskjellsbehandling grunna kjønn. Omsetninga i Gode Sirklar AS i 2011var kr 7 792 893, mot 8 922 416 i 2010. Driftsresultatet er på kr. - 364 343 i 2011, mot kr - 218 737 i 2010, medan årsresultatet før skatt vart på kr - 362 192 i 2011. Det er ikkje betalt skatt. Eigenkapitalen er pr 31.12.2011 kr -9 294 624. Såleis er heile aksjekapitalen tapt. Selskapet har ei langsiktig gjeld til Fjell kommune på kr. 10.000.000. Kommunestyret i Fjell gjorde 28.10. 2010 vedtak om å gjera om lånet på 10,000.000 til aksjekapital. Føresetnaden er at dei andre eigarane over tid gjer tilsvarande i høve til deira eigardel. Kommunestyret i Øygarden vedtok 22.09. 2010 å styrkja eigenkapitalen til Gode Sirklar AS og at kr 5.000.000 skal utbetalast i 2012, fordelt på kr 2.500.000 som er utbetalt våren 2012 og kr 2.500.000 som vil bli utbetalt seinare i 2012. Sund kommune har meldt at kommunen er innstilt på å gjera politisk vedtak om aksjeutviding i juni 2012, og at kr 5.000.000 vil verta overført til Gode Sirklar i løpet av 2012. I tråd med aksjelova 3-5, Handleplikt ved tap av eigenkapital, vurderer styret, med dei vedtak og intensjonar eigarane viser for å styrkja eigenkapitalen i 2012, risikoen knytt til den negative eigenkapitalen å vera minimal, så lenge den negative eigenkapitalen er innanfor ramma av det langsiktige rente- og avdragsfrie lånet frå Fjell kommune. I samsvar med 3-3 i regnskapsloven vert det stadfesta at føresetnadene for drift er lagt til grunn for utarbeiding av rekneskapen. Styret meiner at informasjonen i rekneskapen og årsmeldinga gjev eit rett-vist bilete av Gode Sirklar sine eigedelar og gjeld. Selskapet arbeider med ei rekkje andre tiltak for å betra likviditetsbehaldninga. Dette omfattar tenestekjøp frå eigarane og frå private næringsdrivande. Selskapet har motteke tilskot frå Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og selskapet arbeider kontinuerleg med å lansera prosjekt der finansiering av tredjepart er sentralt. Verksemda medfører verken forureining eller utslepp som kan vere til skade for det ytre miljø. Straume 18. juni 2012 Eli Årdal Berland, Styreleiar Ove Bernt Trellevik, Styremedlem Otto Harkestad, Styremedlem Tove Håpnes, Styremedlem Tove Ormevik, Styremedlem Kristin Helle Valle, Styremedlem Sigmund Kvernes, Dagleg leiar 28 29