Årsmelding 2014. Senter for yrkesrettleiing i Hordaland



Like dokumenter
Årsmelding Senter for yrkesrettleiing i Hordaland

Årsrapport Senter for Yrkesrettleiing i Hordaland.

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Årsmelding 2010 Senter for yrkesrettleiing i Hordaland

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Det nytter. Skuleinterne tiltak

Elev- og lærlingombod i HFK

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Skule - OPPL AVD. Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

1. Forord s Innhaldsoversyn s Innleiing s Arbeidsområde s Internt utviklingsarbeid s Vedlegg

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Til deg som bur i fosterheim år

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Rekruttering til marin sektor Rådgjevarsamling Trond Wahl

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Innhald 1:Innleiing :Vidareutdanning Nasjonal satsing Regionalt samarbeid Regionalt prioriterte

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Nytt HFK Intranett

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Støtteordningar og søknader

Innkalling til møte i Opplærings- og helseutvalet

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Strategi for kompetanseutvikling

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Prognoseinntaket 2013: Orientering frå opplæringsavdelinga

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Skulebruksplan Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune prognosar Vedlegg 4

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Mål: Elevane skal bli medvitne mulegheitene og bli kompetente til å ta eigne val i forhold til utdanning og yrkeskarriere.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Brukarrettleiing. epolitiker

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2014/15

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

AUD-rapport Endring i billettinntekt ved nytt ungdomsbillettområde. Metode for automatisert berekning av ungdomsbillettområde.

FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND HANDLINGSPLAN Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft. Regional kompetanseutvikling. Korleis møte framtidige kompetansebehov?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Rekruttering i Hordaland. Trond Wahl

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

IKT-kompetanse for øvingsskular

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Karriere Hordaland - etablering av fylkeskommunale karrieresenter for vaksne

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Prosedyrar og rettleiar for NSSU

Kompetanseregionen Nordhordland,

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

SØKJARINFORMASJON LÆREPLASS

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Transkript:

Årsmelding 2014 Senter for yrkesrettleiing i Hordaland

Forsidefoto: Emilie S. Vatshelle

Årsrapport 2014 1 INNHALD Skule og arbeidslivsprosjekt i 2014 2 Variert etterutdanningstilbod 3 Hospitering for rådgjevarar 4 Regionalt og nasjonalt samarbeid 7 mittyrke.no - samler fylket om utprøving 8

Årsrapport 2014 2 Senter for yrkesrettleiing i 2014: Ein pådrivar i samarbeidet mellom skule og arbeidsliv FAKTA/ Senter for yrkesrettleiing - er ein del av Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Arbeidsområdet til SYR omhandler kompetanseheving innan yrkes- og utdanningsrettleiing i Hordaland, samt koordinering av kontakt mellom grunnskule, vidaregåande skule og arbeidslivet. Både rådgjevarar, lærarar i grunn- og vidaregåande skule, samt NAV-tilsette nyttar seg av etter- og vidareutdanningstilbodet frå SYR. Senter for yrkesrettleiing knytter kontakt mellom skule og arbeidsliv. Hausten 2014 starta ei alternativ hospiteringsordning for rådgjevarar på vidaregåande skule, der rådgjevarane besøker bedrifter. I 2014 var Senter for yrkesrettleiing (SYR) med å fullføre videreutdaninga for det andre studentkullet i Utdanningsval i landet. I tilegg arrangerte SYR rådgjevarsamlingar, yrkeskonferansar og diverse kurs der samarbeidet mellom skule og arbeidsliv var fellesnemnaren. Opprettinga av individuelt karriererettleiingstilbod i Sunnhordland var eit av fleire høgdepunkt i 2014. Fylkestinget vedtok den 16.juni 2014 å opprette Karriere Sunnhordland som eit pilotprosjekt. SYR var ein viktig bidragsytar for å etablere det nye tilbodet og har frå 2015 prosjektleiaransvaret for tiltaket. Skuleåret 2013/14 var SYR med å arrangere vidareutdanning i faget Utdaningsval for andre gong. Dei tjue studentane presenterte sine studieprosjekt på Delingskonferansen i april. Skuleåret 2014/15 blei vidareutdanninga ikkje arrangert i Hordaland. Dette året tok Akershus fylkeskommune over stafettpinnen. I januar 2014 var det igjen oppstart for SYR sitt Etterutdanningstilod i utdanningsvalfaget. Dette er fjerde gong kursrekkja blir gjennomført. 15 lærarar starta på kurset som har 12 samlingar i løpet av halvanna år. Kurset inneber ein grundig innføring i vidaregåande opplæring i Hordaland, vegar til fag- og sveinebrev, arbeidsmarknad og yrkesmoglegheiter etter fullført opplæring. Over 80 lærarar og rådgjevarar har deltatt på kursa sidan starten. I september starta SYR ein alternativ hospiteringsordning for rådgjevarar i den vidaregåande skule. Dette inneber 12 samlingar der tema er arbeidsmarknad. HFK fekk midlar frå Utdanningsdirektoratet til oppdraget. SYR blei utpeikt som arrangør, mellom anna på bakgrunn av gode tilbakemedlingar på etterutdanningskurset for ungdomsskulerådgjevarar. Senter for yrkesrettleiing er sentral i arbeidsgrupa som arrangerer rådgjevarsamlingar for skulane i Hordaland fylke. Tre gonger i 2014 var rådgjevarar, lærarar og andre interesserte samla i Salem konferansesenter om aktuelle tema kobla til skule og utdanning. Over 400 deltok på dei tre samlingane. SYR er dessutan representert i arbeidsgruppene som lagar yrkesmessa Yrkeslabyrinten i Vestlandshallen, samt konferansen Rett kompetanse. Rett kompetanse rettar seg mot skule og arbeidsliv i Hordaland. Arrangementet fann stad den 6.november på hotellet Scandic Ørnen i Bergen.

Årsrapport 2014 3 Etterutdanning i regi av Senter for yrkesrettleiing SYR har i fleire år arbeidd for å styrke kompetansen til rådgjevarar og lærarar i ungdomsskolen som arbeider med faget Utdanningsval spesielt, og yrkes- og utdanningsrettleiing generelt. Innføring i vidaregåande opplæring og arbeidsliv Kurs for ungdomsskulelærarar om vidaregåande opplæring og arbeidsliv Målsetjing: gi grundig innføring i vidaregåande opplæring og arbeidsliv Varigheit: 12 heile dagar over halvtanna år. Oppstart var i januar 2014. Målgruppe: lærarar/rådgjevarar i Utdanningsval i ungdomsskulen Stad: vidaregåande skular og bedrifter/verksemder i Hordaland Deltakarar: 20 lærarar/rådgjevarar frå ungdomsskulane i fylket Alternativ hospitering for lærarar i vidaregåande skule om vidaregåande opplæring og arbeidsliv Målsetting: gi grundig innføring i vidaregåande opplæring og arbeidsliv Varigheit: 12 heile dagar over halvtanna år. Oppstart var i september 2014. Målgruppe: rådgjevarar i vidaregåande skule Stad: vidaregåande skular og bedrifter/verksemder i Hordaland Deltakarar: 20 lærarar/rådgjevarar frå ungdomsskulane i fylket Kurs i vidaregåande opplæring for NAV-tilsette Målsetting: Gi info om vidaregåande opplæring og arbeidsliv Målgruppe: NAV-tilsette Varigheit: éin dag x 4 kurs Stad: Bergen Deltakarar: 80 deltakarar fordelt på fire kurs Dagskurs Foreldrekurs om vidaregåande opplæring i samarbeid med rådgjevarar ved ungdomsskular Målsetting: gi verktøy for korleis involvere seg i utdannings- og yrkesrettleiing av barna sine Varigheit: 3-4 timar på kveldstid. Målgruppe: Rådgjevarar og foreldre til 10. klassinger Stad: Lindås ungdomsskule, Danielsen ungdomsskule Deltakarar: 50 deltakarar til saman Etterutdanning i samarbeid med andre aktører Rådgjevarsamlingar Samarbeidspartnarar: Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Rådgiverforum Hordaland Varigheit: 3 enkeltståande dagar i løpet av året - februar, april og november. Målgruppe: rådgjevarar i grunn- og vidaregåande opplæring, ansatte i OT/PPT, NAV-tilsette Målsetting: gi faglig påfyll både innan sosialpedagogisk rådgjeving og yrkes- og utdanningsrettleiing Stad: Salem konferansesenter, Bergen Deltakarar: om lag 400 fordelt på 3 samlingar «Rett kompetanse» Samarbeidspartnarar: LO, NHO Bergen kommune, Bergen Næringsråd og opplæringskontora. Varigheit: 1 dag - den 6.november 2014. Målgruppe: Leiarar og rådgjevarar i heile grunnopplæringa, tilsette i arbeidslivet med ansvar for rekruttering og politikarar. Stad: Clarion Hotel Ørnen, Bergen Målsetting: Styrke samarbeidet mellom skule og arbeidsliv. Gi bedriftar og bransjar høve til å påvirke innhaldet i faga, slik at tilbodet i vidaregåande opplæring blir styrka og dermed er betre rusta til å levere rett kompetanse til arbeidslivet. Deltakarar: Over 200 frå mellom anna HFK, NAV og opplæringskontora. Sjef i eget liv Kurset er eit samarbeid med Husbanken og Papirbredden karrieresenter. Senter for yrkesrettleiing formidla kurset til lærarar i Hordaland for å auke kompetansen i karriererettleiing grunnskolen. Samarbeidspartnarar: Papirbredden karriersenter i Buskerud. Husbanken region Vest. Varigheit: 1 dag - den 20.oktober 2014. Målgruppe: Rådgejvarar og lærarar i faget Utdanningsval. Stad: Motorhallen, Solheimsviken Målsetting: Kursdeltakarane skal tydeligare sjå seg sjølve, sine ressursar og moglegheiter, og korleis privatøkonomien blir påvirka av ulike val. Deltakarar: 17

Årsrapport 2014 4 Vidareutdanninga i Utdanningsval kull 2: Avslutta med stil FAKTA/ Vidareutdanninga i Utdanningsval På Delingskonferansen presenterte utdanningsvalstudentane sine paper. Fagleg ansvarleg: Unni Høsøien, Papirbredden karrieresenter Keynote speaker: Kjell Helge Kleppestø, Senter for yrkesrettleiing, Hordaland fylkeskommune Tilsette på Senter for yrkes rettleiing og Papirbredden karrieresenter har i stor grad vore brukt som førelesarar i faget. Kull 2 av studiet i faget Utdanningsval starta hausten 2013. Studiet utgjer 15 studiepoeng og er det første i sitt slag i Norge. Året 2014-15 blir studiet gjennomført i Akershus fylke. Maya Mykkeltveit likte godt den praktiske tilnærminga på vidareutdanninga i utdanningsval. Den såkalla «Delingskonferansen» markerte avslutninga på eit spennande studieår for det andre studentkullet som har fullført vidareutdanninga i faget Utdanningsval. 20 lærarar presenterte sine studieprosjekt for ein spesielt invitert forsamling på Hotel Norge i Bergen. Om lag 50 personar frå skular, kommunar og fylke var i april samla for å høyre meir om utviklingsprosjekta studentane har gjort med sine elevar i løpet av studieåret. Det blei vist stor kreativitet. Fleire av innlegga viste elevane i aksjon gjennom film og bilete - gjerne med elevane sine eigne vurderingar av øvingane. Regionalt samarbeid Vidareitdanninga på 15 studiepoeng som starta i 2012, er eit samarbeidsprosjekt mellom Senter for yrkesrettleiing (SYR), Papirbredden karrieresenter og Høgskolen i Buskerud. Vidareutdanninga var den første i sitt slag i Norge og blei mellom anna kåra til «Årets dristigste» av «Vox - Nasjonal enhet for karriereveiledning». - Vi har levt som vi har lært. Med det meiner eg at vi har lært dei relevante teoriane ved å gjere praktiske øvingar. I tillegg til at metoden har vore god har det vore god stemning og etablert seg eit godt læringsmiljø i studentgruppa, seier Mykkeltveit. Ho likar også godt at metoden ofte er vinkla mot kreative og estetiske fag for å få elevane til å bli kjent med seg sjølve. Gode undervisningsopplegg - Dette har vore eit utruleg kjekt fag samanlikna med andre vidareutdanningar eg har gått på. Den praktisk retta undervisinga gjer det mogleg å ta med seg gode opplegg rett inn i undervisninga. Det å ha gjort øvingane sjølv i studiesamanheng, gjer det også lettare å sette seg inn i elevane sin situasjon, seier Drønen. Fagleg ansvarleg på studiet, Unni Høsøien, understreka at studentane utgjer fagmiljøet i faget Utdanningsval: - Eg ønskjer fortsatt samarbeid med studentane i framtida oppgåva med å utvikle valkompetansen til elevane som skal velje utdanning- og yrkesveg. Maya Mykkeltveit og Laura Kristine Drønen likte godt den praktiske tilnærminga i studieopplegget.

Årsrapport 2014 5 Bransjekunnskap for rådgjevarar I september 2014 starta Hordaland Fylkeskommune tiltaket Alternativ hospitering for rådgjevarar i vidaregåande skule. Målet med tiltaket er å gi rådgjevarar grundig kunnskap om vidaregåande opplæring, arbeidsmarknad og bransjekunnskap. Deltakarane skal i størst mogleg grad møte bedriftene på deira heimebane. Tore Muren ønskjer rådgjevarar frå den vidaregåande skule velkomen til kurs om arbeidsmarknaden. 20 deltakarar frå tretten ulike vidaregåande skular deltek på hospiteringstiltaket som til saman utgjer tolv samlingar over tre semester. På kvar samling tar ein for seg eitt utdanningsprogram. Dette inneber å besøke bedrifter som rekrutterer lærlingar og arbeidstakarar. Målet for kvar samling er at rådgjevarane får sjå og helst gjere noko ute i bedriftene, slik at dei får ei oppleving av arbeidet i dei ulike bransjane. Denne kjennskapen til bransjane meiner vi er gull verd når rådgjevarane skal utføre karriererettleiing for sine elevar, seier Kjersti Kvaløy frå Senter for yrkesrettleiing. Ho er rådgjevarkoordinator i Hordaland Fylkeskommune og ansvarleg for hospiteringa. Med seg på laget har ho også Tore Muren og Trond Lygre frå Senter for yrkesrettleiing. Det er økonomisk støtte frå Udir som gjorde det mogleg å starte den alternative hospiteringa. Tilbakemeldingane frå deltakarene har vore gode. I evalueringane skriv rådgjevarane mellom anna at det mest positive med å delta er at bransjekunnskapen gjer det lettare å skjønne kva som er relevant informasjon når dei skal rettleie elevar. Å få kunnskap om mangfaldet av val ein kan gjere innanfor kvart fag blir også framheva. I tillegg ser rådgjevarane det som, svært positivt å knytte kontaktar med andre som gjer liknande arbeid på andre skular. Kunnskapar om arbeidsmarknad og bransjar er etterpurt hos rådgjevarane. I tillegg får dei møte bransjar som er ivrige etter å komme i dialog med skulane. Den alternative hospiteringa er med andre ord ein etterlengta arena for begge partar, seier Kvaløy. Individuell karriererettleiing i Sunnhordland Den 16. juni 2014 vedtok Fylkesutvalet å etablere ei individuell karriererettleiing i Sunnhordaland som ei prøveordning. Hausten 2014 blei to personar tilsett i jobben som karriererettleiarar. Begge starta i sine nye jobbar i januar 2015. Senter for yrkesrettleiing har i fleire år hatt rolla som karrieresenter i Hordaland. SYR arbeider med kursog kompetanseutvikling på systemnivå. Det siste året har senteret også vore ein pådrivar for å få på plass individuell karriererettleiing i fylket. Bakgrunnen var at VOX (Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk) sette individuell karriererettleiing som kriterie for å få tilskot. Resultatet blei pilotprosjektet Karriere Sunnhordland som starta opp den 5. januar 2015. Karrieresenteret er eit trepartssamarbeid med NAV og Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Leiar for prosjektet, som varar ut 2016, er Kjell Helge Kleppestø frå SYR. Seniorrådgjevar Tore Muren har ansvaret for den faglege oppfølginga. Hovedfokuset med den individuelle karriererettleiinga er for det første å gi vaksne over nitten år eit karriererettleiingstilbod. Dessutan har karrieresenteret ha som mål å bygge eit nettverk med andre aktuelle partar i Sunnhordalandsregionen, seier Muren. Hans oppgåve er å samarbeide med Karriere Sunnhordland for å utvikle eit godt metodeverk for kariererettleiinga. Dette skal sikra kvalitet og likskap på tenestene som blir levert. Tilbodet skal være til beste for den einskilde brukar, men arbeidet må også sjåast i ein regionalpolitisk samanheng. Det er interessant både for kommunane og regionen som heilheit å informere om relevante utdanningstilbod innan brukarane sitt område. Dei fleste ønskjer eit tilbod i nærleiken av der dei bur, seier Muren. Samstundes er det naturligvis brukarane sine behov som skal stå i sentrum for karriererettleiarane. Også der dei må reise for å få det utdanningstilbodet dei er på jakt etter, legg han til. Karriere Sunnhordland er fysisk plassert på same stad som vaksenopplæringa på Stord Vidaregåande skule. Stord vidaregåande skule har også personalansvaret for dei to Karriererettleiarane. Styringsgruppa til Karriere Sunnhordaland som består av Fylkesdirektør Opplæring Svein Heggheim og Fylkesdirektør regional utvikling Bård Sandal. Tore Muren

Årsrapport 2014 6 Samarbeid grunnskule,vidaregåande skule og arbeidsliv Utprøving av utdanningsprogram På heimesida til SYR (www.mittyrke.no) finst eit verktøy som koordinerer ungdomsskuleelevar sin utprøving av vidaregåande utdanning. Systemet er laga med tanke på at elevane skal få simulert korleis ein gjer for å søkje om plass i vidaregåande skule. Dette skal lette arbeidet for begge skuleslaga slik at koordineringsbehovet blir tatt hand om. I Hordaland er det no 29 av 33 kommunar som brukar dette systemet. Utprøvingar av yrker i bedrift I februar og mars hadde elevane ved tre ungdomsskular på Askøy utprøving i bedrift delvis organisert gjennom internettsida www.mittyrke.no. 27 bedrifter ga tilbod om til saman 128 stillingar. Bedriftene fekk søkjarar til 46 av desse stillingane. Tilbodet om å få hjelp til koordinering av utprøving i verksemder gjeld alle kommunar i Hordaland. Informasjonsmøter - verksemder vitjar ungdomsskular Senter for yrkesrettleiing legg til rette for at verksemder i Hordaland kan vitje ungdomsskular. Også denne ordninga blir koordinert gjennom nettsida mittyrke.no. Aktuelle verksemder set seg på ei liste for velviljuge verksemder som ønskjer å besøke skular og fortelje om sine yrker og sin bransje. Rådgjevarane har tilgang til denne lista i mittyrke.no og avtalar informasjonsmøta direkte med bedriften. Brukarforumet Haugalandet Skule og Arbeidsliv Hordaland fylkeskommune er ikkje aleine om å nytte det digitale koordineringsverktøyet som er tilgjengeleg på mittyrke.no. Den aktuelle løysinga har vi kjøpt oss inn i hos «Haugaland skole og arbeidsliv». Saman med Akershus Fylkeskommune, Buskerud Fylkeskommune og Troms Fylkeskommune har vi vore med å vidareutvikle systemet. I 2012 var vi med å skipa eit brukarforum for løysinga. Dette forumet har ein til to faste møte i året. Frå 2015 skal gruppa også arrangere work shop der ein får lære meir om funksjonaliteten i verktøyet. Rådgjevarkoordinator frå SYR Våren 2014 blei Kjersti Kvaløy frå SYR tildelt rolla som rådgjevarkoordinator i Hordaland. Dette inneber eit særleg ansvar for å følgje opp rådgjevingstenesta i den vidaregåande skulen. I sitt arbeid er ho mellom anna opptatt av å bygge gode nettverk mellom rådgjevarar på dei ulike skulane. Den alternative hospiteringa (sjå side 6) for rådgjevarane i den vidaregåande skulen er ein god kommunikasjonskanal mot rådgjevarane, samtidig som tiltaket set rådgjevarar på ulike skular i kontakt med kvarandre. Dette er med på å bygge eit godt rådgjevarnettverk. Laga læreplan for minoritetsspråklege I 2014 blei det laga ein lokal læreplan for innføringsklassane i Hordaland. Læreplanen var rettleiande for undervisninga i skuleåret 2014/2015. Fylkesdirektør for opplæring sette i juni 2014 saman ei faggruppe som utarbeidde den lokale læreplanen. I denne gruppa var Senter for yrkesrettleiing representert ved Trond Lygre. Målet for arbeidet var å leggje til rette for eit tydeleg rammeverk for innføringstilbodet. Dette skal sikre god informasjon til elevar, foreldre og føresette om kva som er innhald og læringsmål for kursa. Det er også eit mål å sikre felles rammeverk for alle skular som har innføringsklassar. Det blei laga læreplanar i seks fag; norsk, samfunnsfag, engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving. Alle faga har to kompetansenivå. Tanken er at ein kan nytte dei læreplanmåla som vil vere høvelege ut frå elevane sitt nivå. Den lokale læreplanen er basert på element frå læreplanar for grunnskulen og for vidaregåande skule. Diverse prosjekt I tillegg til dei nevnte prosjekta har Senter for yrkesrettleiing medverka på ein rekkje andre prosjekt av ulik storleik i 2014. Mellom anna hadde leiar Kjell Helge Kleppestø eit dagsseminar for rådgjevarar på skulane i Rogaland, samt eit tilsvarande på Lillehammer. Dette gjorde han saman med med lærar og tidlegare student på vidareutdanninga i Utdanningsval Reinhardt Røyset. Dei to presenterte ulike arbeidsmetodar i Utdanningsval, samt korleis ein jobbar med faget i Hordaland. Hordaland fylkeskommune starta i 2014 arbeidet med å lage nye nettsider for dei vidaregåande skulane. Anbjørn Holme frå SYR er medlem av nettredaksjonen i Opplæringsavdelinga og deltok i arbeidet med å lage tekstinnhald på sidene. I tillegg til dette fungerte han som innhaldskonsulent når fagutvalet for Design og handverk laga brosjyre om sine fag. Han utarbeida dessutan teksten og tok bileta i brosjyren Det nytter våren 2014. Brosjyren omhandla skuleinterne tiltak og vart sendt til alle dei vidaregåande skulane. Målet var å inspirere skulane til å søke om midlar og sette i gong nye prosjekt mot frafall på sine skular.

Årsrapport 2014 7 Regionalt og nasjonalt samarbeid Regionalt nivå I Hordaland skjer det mykje spennande arbeid for å skape gode arenaer for samarbeid mellom skule og arbeidsliv. Fleire kommunar har eigne prosjekt. Andre stader er det sett i verk interkommunalt samarbeid som til dømes i Nordhordland. SYR sitt arbeid krev godt samarbeid med lokale krefter. I 2014 har vi, som tidlegare, delteke aktivt i denne type arbeid. SYR sine samarbeidspartnarar: Askøy kommune skole arbeidsliv samarbeid, styringsgruppe Stord skole og arbeidslivsforum, nettverksgruppe Forum for oppvekst i Sunnhordland Ka vil DU bli? Bergen kommune. Hordaland fylkeskommune er med på å finansiere prosjektet og samarbeider om utprøvinga. Kurs i kompetanseutvikling for tillitsvalde Senter for yrkesrettleiing ved Trond Lygre blei i mai 2014 engasjert i eit samarbeid med Folkeuniversitetet og arbeidstakarorganisasjonen Delta. Initiativet kom frå Folkeuniversitetet som ville utvikle eit kurs i kompetanse-utvikling for tillitsvalde. For å få midlar til dette søkte dei Vox om støtte. Målgruppa for kursa er tillitsvalde og leiarar i ulike verksemder. Formålet er å få tilsette til å formalisere sin kompetanse, for eksempel gjennom realkompetansevurdering eller vidareutdanning. SYR blei kontakta på grunn av sitt arbeid med yrkesrettleiing. Kurset, som startar hausten 2015, skal ha to dagssamlingar med sjølvstendig jobbing i perioden mellom kursdagane. Nasjonalt nivå - Vox Nettverk for leiarar av karrieresenter i Norge har eksistert sidan 2012. VOX Nasjonal eining for karriererettleiing i Norge ser dette som ei viktig gruppe å ha dialog med. I 2014 fekk Kjell Helge Kleppestø frå SYR leiaransvaret for gruppa saman med Finn Magne Spjelkavik frå KarriereTroms. Leiarnettverket har fleire faste møte, både videokonferansar og vanlege møte. Eit fast møtepunkt skjer årleg i ettekant av Vox sine karriererettleiingskonferansar. Karriereveildeningskonferansen i 2014 blei arrangert i Tromsø. SYR deltok på dette arrangementet saman med representantar frå karrieresenter i heile landet. Medlem i etikkutvalet til Vox Hausten 2014 oppretta Vox eit etikkutval med medlemmar frå mellom anna fylkesvise karrieresenter. Tore Muren frå Senter for yrkesrettleiing fekk plass i denne gruppa. Kjartan Kversøy frå Høgskulen i Buskerud er leiar. Gjennom månedsvise samlingar i 2015, skal gruppa utarbeide etiske retningslinjer for karriererettleiing. Desse skal ligge til grunn for karriererettleiinga i alle dei fylkesvide karrieresentra. Utdanning i Bergen - SYR med på laget Utdanning i Bergen er eit samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane i Bergen. Målet er å synleggjere og profilere Bergen som studieby. Opplæringsavdelinga I HFK er delaktig i dette samarbeidet. Leiar på SYR Kjell Helge Kleppestø er med i arbeidsgruppa medan leiar for seksjon skule Linda Farestveit sit i styringsgruppa. Aktørkart SYR har på bestilling frå Næringsalliansen i Bergen utarbeidd eit såkalla aktørkart. Aktørkartet har namnet Samarbeid skule og arbeidsliv i Hordaland fylke - eit mangfald av innovative aktørar. Det er publisert elektronisk på: http://www. mittyrke.no/no/ Artikler/ Om-senter-for-yrkesrettleiing/ Aktørkaret skal gi eit oversyn og samstundes stimulera til auka kontakt mellom partane, verksemder (privat og offentleg) og skule. Aktørkartet skal vere ein ajourført utgåve av kva som skjer på feltet. Det er eit dynamisk dokument på den måten at det alltid er ope for tilføring av nye aktuelle aktørar.

Årsrapport 2014 8 Mittyrke.no - brukarar i heile fylket Nettsida mittyrke.no har omlag 60 000 besøk i året - hovudsakeleg ungdomsskuleelevar som skal ta viktige val. Etter fleire år med sterk auke i talet på brukarar av mittyrke.no, har talet på besøkande no stabilisert seg. Ein grunn til dette er at nettsida dei siste to åra har blitt brukt av dei fleste skulane i fylket. Mittyrke.no er ein viktig informasjonskanal i arbeidet mot målgruppene elevar, skule og næringsliv. Nettsida rettar seg mot elevar, lærarar, rådgjevarar, foreldre og verksemder med både rettleiingsråd, informasjon og nyttige lenkjer. På sida kan elevar og lærarar logge seg på vårt koordineringsverktøy - systemet som mellom anna administrerer utprøving i vidaregåande skule og arbeidsliv. Verktøyet Google Analytics, som måler nettsidetrafikk, viser at mittyrke.no hadde om lag same besøkstal i 2014 som i 2013. Etter fleire år med sterk vekst er bruken av nettsida i faget utdanningsval no godt etablert i det aller meste av fylket. Sida hadde i 2014 58 000 besøkande og vel 42 000 unike brukarar. Med unike brukarar meiner ein kor mange treff nettsida har frå enkeltvise IP-adresser. Vise til gode nettstader Mittyrke.no skal vere ein portal der brukarane kan finne nyttig informasjon om vidaregåande utdanning i Hordaland og ulike utdanningsvegar. Målet er ikkje å ha inngåande informasjon om alle tilbod, men losa vidare til gode nettstader der ein kan finne utfyllande informasjon. Yrkesintervju Mittyrke.no er laga for å være skal vere undervisningsstøtte for lærarar og rådgjevarar til bruk i faget Utdanningsval. På mittyrke.no er det også mogleg for elevar å bidra med innhald. Elevane kan intervjue arbeidstakarar om yrka deira og få dei publisert på nettsida. Yrkesintervjua som er gode nok til å publiserast premierast med kinobillettar. Dette er med på å sikre brukaraktivitet på sida, samt vise mangfaldet av yrke i Hordaland. daregåande skule i Hordaland vore organisert gjennom mittyrke.no. Nettsida inneheld eit digitalt verktøy utvikla av Haugalandet skole- og arbeidsliv og Hatteland solutions. Elevane loggar seg på ei side med passord og brukarnamn og setter opp tre utdanningsprogram i prioritert rekkjefølgje som dei ønskjer å ha utprøvingsdag i. Dei aller fleste elevane får innfridd førstevalet sitt, og lærarane i både ungdomsskule og vidaregåande skule kan enkelt halde kontroll på klasselister og logistikk. Erfaringane frå både grunnskole og vidaregåande skule er at SYR har treft godt gjennom å bidra til ein meir effektiv organisering av utprøvingsdagane. Senter for yrkesrettleiing var eit av dei første fylka som tok i bruk det digitale verktøyet frå Haugalandet skoleog arbeidsliv. SYR har slik fått være med å forme utviklinga av verktøyet basert på sine erfaringar. Dei siste åra har mange fleire fylke komme til. SYR er også representert på brukarmøta der ein evaluerer det digitale verktøyet og kjem med forslag til forbetringar. År Tal på besøk Unike brukarar 2011 35 082 24 799 2012 43 023 28 868 2013 59 877 42 195 2014 58 812 42 170 Utprøving av utdanningsprogram og arbeidsliv Sidan 2011 har utprøvinga av utdanningsprogram i vi-

Årsrapport 2014 9 Tilsette ved Senter for yrkesrettleiing Kjell Helge Kleppestø, leiar SYR 100 % Tore Muren 100 % Kjersti Kvaløy 100 % Anbjørn Holme 100 % Trond Lygre 100 % T: 55 23 94 57 M: 997 17 156 E: kleppesto@hfk.no Agnes Mowinckelsgt 6 pb 7900 5020 Bergen Hordaland fylkekommune

Årsrapport 2014 10 Samarbeidspartnarar i 2014 i forbindelse med etter- og vidareutdanningskurs Bedrifter og virksomheter: Bergensavisen AS BA Coast Center Base AS (CCB-basen, Ågotnes) Hellebakken Barnehage Husfliden Bergen AS BKK AS Hjemmesykepleien, Bergenhus, Sentrumsgruppen Kinne Gård, Voss v/ Lars Istad NAV, avdeling Lindås Nordhordland Handverk- og industrilag Norsk Landbruksrådgiving Otera Delta AS Palografen Statoil ASA Sætrevik Interiørsnekkeri Thon Hotel Bergen Airport Tine Rådgjeving Walløe & Nilsen AS (tidl. A.K. Walløe Møbeltapetserer AS) Opplæringskontor: Blikkenslagmestrenes Opplæringskontor Murermestrenes Opplæringskontor Live 2 Learn Opplæringskontor for Sotra og Øygarden Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene Opplæringskontoret for fiskerifag/norsk Sjømatsenter Opplæringskontoret for tømrerfaget Opplæringskontoret i Norhordland Videregående skoler /opplæring: Fagopplæringskontoret, avdeling Stord Fagopplæringskontoret, HFK Bergen Senter for voksenopplæring, Bergen katedralskole Senter for voksenopplæring, Årstad videregående skole Askøy videregående skole Bergen maritime videregående skole Fana Gymnas (Studiespes.) Langhaugen videregående skole (Musikk, dans og drama) Lønborg videregående skole (HS) Nordahl Grieg Videregående skole (MK) Sandsli videregående skole (RM) Slåtthaug videregående skole (Elektro) Sotra vidaregåande skule, Avdeling Bildøy (SS) U. Pihl videregående skole (Idrettsfag) Voss Jordbruksskule (NB) Årstad videregående skole (DH) Åsane videregående skole (BA)

Årsrapport 2014 11

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalands samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelse tenester og kollektivtransport til inn byggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, nærings utvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Agnes Mowinckels gate 5 Postboks 7900 5020 Bergen Telefon: 55 23 90 00 e-post: hfk@hfk.no www.hordaland.no Månad År. Avdeling/seksjon.