TEMA Nr. 2 - Februar 2009

Like dokumenter
TEMA Nr. 1 - Januar 2012

TEMA Nr. 6 - April 2011

Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran?

Plommedyrking og plantehelse i plomme. Gaute Myren

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Vortemjølkrust i norske julestjerner i 2006

Sjukdomsorganismer på viltvoksende eik og på eik i grøntanlegg

Strategiar mot skurv i økologisk epledyrking. Arne Stensvand

Kartlegging av Neonectria

Sjukdomar i grøntanlegg Trendar og nye utfordringar

Bladfall i kristtorn (Ilex aquifolium)

Lagersjukdomar i eple og pære. Arne Stensvand og Jorunn Børve Bioforsk Plantehelse

Risingskurs Luster 2012

Tørrflekksjuke forårsaket av sopper?

Frukt Plantevern. Frukttrekreft og risiko for fruktråte

Sluttrapport i prosjektet Grøntanleggshygiene Venche Talgø, Maria L Herrero, May Bente Brurberg og Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Årsplan naturfag og samfunnsfag. 1. og 2. klasse. Skuleåret

Klepp kommune Tu skule

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum

Brukarrettleiing E-post lesar

Klima i plasttunnelar ved økologisk dyrking av bringebær

Sharkavirus på Plomme - en farlig virussjukdom

TEMA Nr oktober 2010

Vegtrafikkindeksen 2018

Vegtrafikkindeksen oktober 2018

Vårmøte 24.mars 2011

Klimavinnere blant patogene sopper. Hva kan vi forvente fram i tid?

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

Klepp kommune Tu skule

Skadegjerarar og næringsmangel i norske edelgranfelt til bar- og juletreproduksjon

Bildesamling. Nyttedyr, skadedyr og sjukdomar i frukthagen. Dag Røen, Olav Sørum og Jorunn Børve. Njøs næringsutvikling AS - Rapport No.

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

TEMA Nr November 2012

Resultat frå eit lite forsøk med oppfølging av vekst og utvikling av trea. Samt måling av tilvekst av pærekarten og rett haustetid for pæresorten.

Rødråte et problem i 2009

Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune

Brukarrettleiing. epolitiker

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

Korleis kan vi løysa problemet med lêrròte i jordbær?

Alt det lyse og alt det mørke

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Søknad om støtte for prøvetaking i samband med byllesjuke i sauebesetning.

Vegtrafikkindeksen januar 2018

Vegtrafikkindeksen februar 2018

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE

Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag

Vegtrafikkindeksen august 2018

Vegtrafikkindeksen juni 2018

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

FØRSTEKLASSELÆRER NYNORSK KOPIARK. GAN Aschehoug

Jordbærsvartflekk nye erfaringer med sjukdommens opptreden i Norge

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

- Observasjon - Samtale - Oppgåver - Illustrasjonar - Praktiske gjeremål

Natur- og samfunnsfag

Elevundersøkinga 2016

Basilikum (Ocimum basilicum L.), prøvedyrking på friland

TEMA. Frø og spirer. Nr Skolehage

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

Hver skog eller hvert voksested har spesielle egenskaper som gjør det mulig for ulike arter og organismer å utvikle seg. Dette kalles en biotop.

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Gropflekk - hvorfor i 2006?

Vegtrafikkindeksen. februar

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Vegtrafikkindeksen mars 2018

Vegtrafikkindeksen september 2018

Raud Aroma haustetidsvurdering 26. september, samanlikna med målingar forrige veke:

Generelt om beising i potet og virkningen på ulike sjukdommer. Ragnhild Nærstad Bioforsk Plantehelse

Løyve til utsetjing av utanlandske treslag, skogproduksjon Hellebrekkene, gnr/bnr 147/1 Tysvær

Fagleg rapport frå prosjektet Bringebær under tak, og i forlengja sesong (Av: Gabriela Lundberg, FBØ)

Dickeya solani en ny, aggressiv stengelråteorganisme er på fremmarsj i Europa Juliana Irina Spies Perminow Bioforsk-konferansen 2011

Kom skal vi klippe sauen

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

KORLEIS LEGGE INN OG SØKE ETTER SKREDAKTIVITET OG HENDINGAR I REGOBS?

Utregning av treets alder og høyde

Vårmøte frukt. Gaute Myren

Kartlegging av blomstrar og fuglar i området Morafta 2014.

ALM. (Opptil 40 meter)

Lærarrettleiing 1. Kornartane

VOLLASETRA I SUNNDAL

FYLKESROS 2018: SMAKEBITAR OM KLIMA Tonje Fjermestad Aase

Kva er økologisk matproduksjon?

Vegtrafikkindeksen oktober 2016

TEMA Nr. 3 - Februar 2008 Vol.3 Nr

Eksamen 1T hausten 2015 løysing

Frå dikt til teikneserie

Lønnsundersøkinga for 2014

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Vestskog og snutebiller. Skogsamling Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland Forvaltningsavdelinga. Betre føre var. Oversikt over risiko i Rogaland. juni

Transkript:

TEMA Nr. 2 - Februar 2009 Store skadar på poppel Venche Talgø, Arild Sletten, Halvor B. Gjærum og Arne Stensvand, Bioforsk Plantehelse Inger Hilmersen, Norsk Gartnerforbund E-post: venche.talgo@bioforsk.no I vekstsesongen 2007 kom det inn fleire rapportar frå Oslo og omegn om poppel (Populus spp.) med visne blad og greiner. Gjennom prosjektet Planter for norsk klima undersøkte vi i 2008 poppel frå fleire lokalitetar på Austlandet og fann ulike skadar. Også poppel frå to lokalitetar i Rogaland vart undersøkte. Store tre stod med visne greiner stikkande ut frå nærast bladlause kroner. Mest alvorleg var kreftsår på greiner og stammer som etter alt å døma skuldast bakterien Xanthomonas populi. I artikkelen omtalar vi også ulike soppsjukdomar og misteltein som kan gå på poppel. Mange stadar på Austlandet vart det i 2007 og 2008 observert mykje poppel (Populus spp.) med kraftig tilbakevisning. Treet over til høgre er sikkert 40 år gamalt, likevel har det ingen greiner av særleg dimensjon. Mykje tydar på at hovudårsaka til skadane er bakterien Xanthomonas populi. Treet til venstre står i Østfold (Spydeberg) og treet til høgre i Akershus (Ås). www.bioforsk.no

TEMA Figur 1. Kreftsår på poppelgreiner (Populus spp.) frå Ås i Akershus (venstre) og Oslo (høgre) sommaren 2008. Som snittet i veden på prøven frå Ås syner, er vevet daudt under kreftsåret. Figur 2. Kreftsår på poppelstammar (Populus sp.) på Vinterbro i Ås kommune i Akershus. Bileta er tatt i november 2008, men kreftsåra er truleg fleire år gamle, og skuldast etter alt å døma bakterien Xanthomonas populi. - 2 -

Figur 3. Klumpar på bladstilkar av poppel i 2008. Bladet til venstre er frå ein søylepoppel ved Tjølling i Larvik kommune og blada til høgre frå Vinterbro i Ås kommune. Det var ingen teikn til insektskade. Kanskje klumpane skuldast bakterien Xanthomonas populi. Bakterievisning (Xanthomonas populi) Angrep av X. populi fører til klumpar og kreftsår på kvistar og greiner. Leiingsvevet bryt saman når klumpane vert for store (greinene vert ringa) og alt utanfor angrepspunktet daudar. I ekstreme tilfelle vert det også kreftsår på stammene. Vi fann kreftsår på poppelgreiner fleire stadar på Austlandet (Figur 1) og ved to lokalitetar på Jæren i Rogaland. Vi fann også kreftsår på relativt tjukke stammer på poppel på Vinterbro i Ås kommune (Figur 2). Dessutan fann vi klumpar på bladstilkar (Figur 3), men vi veit ikkje om det har same årsak som kreftsåra på bark. Laboratoriearbeid pågår og vert følgd opp med ny prøvetaking våren/sommaren 2009. Det einaste tiltaket ein kan setja i verk mot bakteriekreft på poppel, er å fjerna sjuke tre som spreier smitten og planta inn resistente klonar. Observasjonar i grøntanlegg i Oslo-området i 2008, tydar på at P. trichocarpa Spirit (kjempepoppel) er motstandsdyktig. X. populi er påvist i mange land i Europa, men det er stor skilnad i kor mottakelege ulike artar og klonar er. Til dømes er svartpoppel (P. nigra) rapportert å vera heilt resistent, men hybridar av denne arten kan vera mottakelege. I Europa vert det no brukt mange relativt resistente hybridar mellom europeiske og amerikanske poppelartar. Bakterien trivest ikkje i dei områda av Europa som har høge temperaturar gjennom heile vekstsesongen, men klimaet vårt er truleg ideelt. Smitten kan ha kome til Noreg med import av planter. - 3 -

TEMA Figur 4. Skurvangrep fører til flekkete, deformerte blad (venstre) og visne skot (høgre) på poppel (Populus spp.). Dei infiserte blada er frå ein poppel i Ås kommune der vi fann konidiesporar (innfelt) av Venturia macularis. Det visne skotet er frå ein poppel i Spydeberg der vi fann askosporar av V. macularis (innfelt). Juni 2008. Skurv (Venturia spp.) Skurv er vanleg på poppel. Angrep fører til flekkar på blad, som ved sterke angrep kan sjå heilt misforma/forvridde ut (Figur 4, venstre). Tynne skot med skurvangrep visnar og får ein karakteristisk bøy/knekk (hyrdestav) (Figur 4, høgre). Det er to ulike skurvartar som kan gå på poppel; ospeskurv (V. macularis) og poppelskurv (V. populina). I 2008 fann vi ukjønna sporar (konidiar) av V. macularis i skurvflekkar på blad frå ein poppel i Ås, medan vi på visne skot frå ein poppel i Spydeberg fann det kjønna stadiet (askosporar) av same arten. Mikroskopbilete av begge sporetypane er innfelt i Figur 4. Kjemiske tiltak mot skurv på poppel er uaktuelt i grøntanlegg. Dersom det er praktisk gjennomførbart bør blad og visne toppar fjernast innan neste vekstsesong. Figur 5 syner sterke angrep av skurv på poppel i Oregon på vestkysten av USA. Skurvangrep førte der til redusert tilvekst, men glissen krone gjorde også at meir lys slapp ned til skogbotnen og gav oppslag av mellom anna bjørnebær. Det tornefulle riset var eit stort problem som gjorde det nærast uråd å ferdast mange stadar i plantingane. Det er kjent at svartpoppel, balsampoppel (P. balsamifera) og nærståande artar kan verta hardt ramma av skurv. Figur 5. Desse bileta frå ein poppelplantasje i Oregon i USA i 2004 syner at skurvangrep førte til kraftig bladfall, som igjen førte til redusert tilvekst og oppslag av bjørnebær og ugras. - 4 -

Figur 6. Mørke skorper (teleutosporar) av rustsoppen Melampsora larici-populina på oversida av eit blad av berlinerpoppel (Populus X berolinensis) frå Sør-Odal i Hedmark (venstre). På undersida av blada var det gul sporemasse (uredosporar) som spreier soppen i vekstsesongen. Vi farga uredosporane med blåfarge (cotton blue) for at dei skulle syna godt i mikroskopet (høgre). Bladprøven vart tatt ut 5. oktober 2006. Rust (Melampsora larici-populina) Hausten 2006 fekk vi inn ein prøve av balsampoppel frå Sør-Odal. Eigaren kunne fortelja at trea ikkje hadde utvikla naturleg haustfarge på 3-4 år, men stod i staden med tørre, brune blad tidleg i vekstsesongen. Elles vart det opplyst om korte skot, små og ferre blad enn normalt og visning av små tre. På bladverket var det mørke skorper på oversida (Figur 6, venstre). Desse skorpene er overvintringsstadiet (teleutostadiet) til rustsoppen Melampsora larici-populina. Soppen overvintrar i blad på bakken. Tidlegare i sesongen ville skorpene ha vore meir lilla på farge. På undersida av blada fann vi restar av gule sporehopar (uredosporar) (Figur 6, høgre). Rustsoppar kan ha opp til 5 ulike sporestadium, og dei er ofte avhengige av to ulike vertplanter som ikkje er i slekt med kvarandre for å fullføra livssyklusen. Som det går fram av namnet M. lairci-populina er det her snakk om vertskifte mellom lerketre (Larix sp.) og poppel. Vertskiftet er tvungent, så eit aktuelt tiltaket for å verta kvitt rustsoppen på poppelen er å bryta livssyklusen ved å fjerna lerketre som står i nærleiken. Grunnen til at mindre tre visna ned i Sør-Odal kan vera at angrep av rustsoppen gjennom fleire år har gjort trea svake. Figur 7 syner rustsoppangrep på poppel i Ås kummune i 2008. Figur 7. Rustsoppsymptom på over- og undersida av eit poppelblad (Populus sp.) frå Ås i Akershus i august 2008. - 5 -

TEMA Figur 8. Det visne poppelskotet (Populus sp.) over har angrep av poppelbarkbrann (Pezicula populi). Prøven vart tatt i Spydeberg i juni 2008. Dei lyse tuppane på den innsokne barken er soppen som sprengjer seg gjennom epidermis for å frigjera konidiesporane sine. Biletet under syner visne kvistar av berlinerpoppel (P. X berolinensis) etter angrep av poppelbarkbrann. Kvistane vart tatt ut i Ås kommune i november 2008. Dei mørke flekkane er arr etter der sporane vart frigjorte. På kvistane fann vi askosporar av soppen (innfelt under). - 6 -

Poppelbarkbrann (Pezicula populi) På ein poppel i Spydeberg (til venstre på forsida) fann vi i juni 2008 Cryptosporiopsis sp., som er konidiesporestadiet til soppen Pezicula populi. Som Figur 8 (øverst) syner, fann vi soppen på eit fjorårsskot med litt innsokken bark der skotet var ringa. Cryptosporiopsis dannar først blæreliknande utvekstar i barken som sprekk opp på forsommaren og frigjer sporar som kan infisera nye, grøne skot. Det er kjent at berlinerpoppel (P. X berolinensis) er den arten som er mest utsett for å få poppelbarkbrann. Problemet er som regel større i planteskular enn på friland, så det er viktig å fjerna sjuke planter i planteskular så snart ein ser symptom. I november 2008 undersøkte vi daude kvistar av berlinerpoppel i Ås kommune (Figur 8, under) som hadde visna i løpet av vekstsesongen, og fann askosporar av soppen (innfelt). Andre soppsjukdomar på poppel Ved Bioforsk Plantehelse er det også identifisert honningsopp (Armillaria sp.), frukttrekreft (Nectria galligena), sølvglanssopp (Chondrostereum purpureum), Colletotrichum sp. og poppelbladfall (Drepanopeziza sp.) på poppel. Misteltein Misteltein (Viscum album) har tre underartar (subspecies/spp.) i Europa; V. a. ssp. abietis som går på vanleg edelgran (Abies alba), V. a. ssp. austriacum som går på furu (Pinus spp.) og V. a. ssp. album som går på lauvtre. På poppel har vi funne misteltein i Horten (Figur 9) og Ås. Misteltein har frø med eit kvitt fruktkjøtt rundt som fuglar likar, og dermed spreier dei frøa (Figur 9, under). Misteltein er ei snylteplante som tek mineral og vatn frå vertplanta, men har grøne blad til eigen fotosyntese. Sterke angrep kan gå utover veksten til vertplanta, og i Europa ser ein spesielt skade på epletre. Figur 9. Misteltein (Viscum album ssp. album) på poppel (Populus sp.) i Horten (over). Nærbiletet av misteltein (under) er tatt på pil (Salix sp.) i Horten, og syner dei kvite bæra som vert spreidde med fuglar. - 7 -

TEMA Takk Vi vil takka Ellen Løvseth (Park og Idrett Oslo KF), Sissel Haugslien (Bioforsk Plantehelse) og Lars Semb for uttak av prøvar. Arbeidet er utført i samarbeid med prosjektet: Planter for norsk klima. BIOFORSK TEMA vol 4 nr 2 ISBN: 978-82-17-00478-3 ISSN 0809-8654 Fagredaktør: Ellen Merethe Magnus Ansvarleg redaktør: Forskingsdirektør Nils Vagstad Foto: Venche Talgø - 8 - www.bioforsk.no