TEMA Nr. 6 - April 2011
|
|
|
- Gustav Antonsen
- 10 år siden
- Visninger:
Transkript
1 TEMA Nr. 6 - April 2011 Phytophthora ramorum angrip skogen på vestkysten av England Venche Talgø, Bioforsk Plantehelse [email protected] I 2009 vart det oppdaga at Phytophthora ramorum er årsak til massedød av japanlerk (Larix kaempferi) i sørvest England. Også andre treartar som veks under eller nær infisert japanlerk vert ramma. Epidemien spreier seg til stadig nye område, infisert lerk vert no funnen nordover langs heile vestkysten av England og inn i Skottland. Også øya Man og Nord-Irland er ramma. Ein reknar med at epidemien har sitt utspring frå undervegetasjon av sjuk rododendron, som i si tid har vorte smitta frå grøntanlegg. Phytophthora ramorum Phytophthora-slekta inneheld om lag 100 artar. Dei fleste spreier sporane sine i jord og vatn, men nokre kan også spreia seg i luft. P. ramorum er luftboren, noko som kan forklara den raske utviklinga av epidemien ein no ser på lerk i Storbritannia. Både jordbuande og luftborne Phytophthora-artar treng fuktige tilhøve for å infisera og spreia seg. I kyststroka ut mot Atlanterhavet er det det ofte mykje nedbør, rå luft og vind, så dei klimatiske tilhøva er gode for spreiing av P. ramorum. På grunn av plantehandel er P. ramorum vidt utbreidd både i USA og Europa, særleg på rododendron (Rhododendron spp.), krossved (Viburnum spp.) og kamelia (Camellia spp.). Utbrotet på lerk i England i 2009 var første funn på skogstre i Europa, men P. ramorum har sidan midten av 1990-talet gjort stor skade på eikeskogane på vestkysten av USA (California og Oregon). Denne artikkelen rapporterar frå to feltturar i sørvestre England i byrjinga av april Den eine turen gjekk til eit skogsområde ved Plymouth, og den andre til lyngheiar i Cornwall for å sjå på blåbær.
2 TEMA Figur 1. Til no er det hogd ned om lag 2 millionar lerketre i Storbritannia på grunn av Phytophthora ramorum. Tømmerveltene ligg tett i dei infiserte områda, her i Plymouth 1. april Dei raude prikkane som Forestry Commission og fera (The food and Environment Research Agency) har lagt inn på kartet syner kvar P. ramorum er påvist på lerk (Larix kaempferi) i Storbritannia (oppdatert 1. april 2011). Foto: Venche Talgø. Vertplanter og symptom Fram til april 2011 var det felt om lag 2 millionar lerk på grunn av skade etter angrep av P. ramorum i Storbritannia (Fig. 1). Område med infisert lerkeskog er estimert til dekar. Infiserte tre er lettare å plukka ut frå lufta enn frå bakkenivå, då angrepa først kjem til syne i toppane av trea. Dette fordi P. ramorum er luftboren og dermed fylgjer luftstraumen innover toppsjiktet i skogsområde og angrip nåler og tynne kvistar. Infeksjonen spreiar seg så innover greinene til hovudstammen. Trea vert då ståande med brun topp som tydeleg skil seg frå det grøne baret lenger ned, noko ein lett ser frå helikopter (Fig. 2). Forestry Commission leigar inn helikopter som dei flyg over trekronene med i 500 fots høgde, og inspisera ei gate på 3-4 km til kvar side. Alt vert koordinatfesta ved hjelp av GPS og fotografert. Funn kan seinare fylgjast opp av bakkemannskap. Det er stort sett japanlerk (Larix kaempferi) som daudar på grunn av angrep, men P. ramorum kan også gå på europalerk (L. decidua). Sistnemnde vert lite planta i dei aktuelle områda i England, fordi arten er svært svak mot lerkekreft (Lachnellula willkommii). Etter felling av lerk vert det no planta inn ulike lauvtre som det så langt ikkje er funne symptom på (Fig. 3). Det er heller ikkje funne symptom på furu (Pinus sylvestris) eller tuja (Thuja plicata) (Fig. 4). Teigar med begge desse bartreartane stod midt i det infiserte området der ein av feltturane vart arrangert, men det er lite interesse for å satsa på desse to bartrea som skogsvirke. Figur 2. Sjuk lerkeskog på grunn av Phytophthora ramorum avbilda frå helikopter. Foto: Forestry Commission, England
3 Figur 3. Etter nedhogging av lerk (Larix kaempferi) på grunn av Phytophthora ramorum i dette området ved Plymouth sørvest i England, vert det satsa på planting av lauvtreartar som så langt har synt seg å vera friske. Foto: Venche Talgø - 3 -
4 TEMA I nærleiken av infisert lerk er det også funne symptom på andre bartre og lauvtre. Fig syner typiske symptom av P. ramorum på høvesvis japanlerk, kjempedelgran (Abies grandis), douglas (Pseudotsuga menziesii), vestamerikahemlokk (Tsuga heterophylla), kastanje (Castanea sativa) og bøk (Fagus sylvatica) like nordaust for Plymouth. Typiske symptom på bartre er sterk kvaeutflod frå infeksjonspunkta med misfarga vev under barken. Lauvtre får innsokne, mørke flekkar i barken, og i vekstsesongen tyt det ut plantesaft (blødande sår) frå skadde område. Utanom nokre einskilde tre som er felte for nærare undersøking, er det berre lerk som vert systematisk hogd ned. Dette fordi dei meiner lerk husar smittekjelda som driv epidemien, medan dei andre treartane berre er sjuke fordi dei står nær infisert lerk. Dette grunngjev dei med at det så langt berre er lerk som visnar heilt ned, og det går fort. Lerk som har vorte observert med symptom om våren, har vore daud innan hausten. Dei eitårige lerkenålene vert lett infiserte (Fig. 11). Figur 4. Så langt tydar det på at tuja (Thuja plicata) er resistent mot Phytophthora ramorum. Det var ingen sjuke tre å sjå i dette bestandet som grensa til eit område med sjuk lerk (Larix kaempferi) og hemlokk (Tsuga heterophylla). Plymouth, England 1. april Foto: Venche Talgø. Figur 5. (Under) Japanlerk (Larix kaempferi) hogd ned på grunn av angrep av Phytophthora ramorum. Det er ofte mykje kvaeutflod kring angrepspunkta på greiner og stamme og karakteristik vinraud farge i reaksjonssona (overgangen sjukt/friskt vev). Plymouth, England 1. april Foto: Venche Talgø
5 Figur 6. Sterk kvaeutflod og misfarga vev på kjempedelgran (Abies grandis) etter angrep av Phytophthora ramorum. Plymouth, England 1. april Foto: Venche Talgø. Figur 7. Douglas (Pseudotsuga menziesii) med sterk kvaeutflod og daudt vev i kreftsår på kvist og stamme etter angrep av Phytophthora ramorum. Plymouth, England 1. april Foto: Venche Talgø
6 TEMA Figur 8. Vestamerikahemlokk (Tsuga heterophylla) med angrep av Phytophthora ramorum; daud topp (venstre), felt tre med kreftsår på grein (midten) og misfarga, infisert vev under barken (høgre). Plymouth, England 1. april Foto: Venche Talgø. Figur 9. Kastanje (Castanea sativa) med Phytophthora ramorum-symptom. Halvdaude stubbeskot til venstre, innsokken bark på hovudstammen kring daud kvist (midten) og misfarga vev under den innsokne barken. Plymouth, England 1. April Foto: Venche Talgø. Figur 10. Angrep av Phytophthora ramorum på bøk (Fagus sylvatica) fører til innsokne, mørke flekkar med misfarga vev under barken. Ofte vert slike flekkar sett på greiner høgt opp i krona, noko som avspeglar at P. ramorum er luftboren. Plymouth, England 1. april Foto: Venche Talgø
7 Figur 11. Angrep av Phytophthora ramorum på nåler av lerk (Larix kaempferi). Foto: Forestry Commission, England. Fig. 12 syner Phytophthora-angrep på blåbær (Vaccinium myrtillus) frå ein lyngkledd ås i Cornwall. P. kernoviae dominerar på blåbær, men ved nokre lokalitetar er det også funne P. ramorum. Dei to Phytophthora artane er nært i slekt. Før funnet i England hadde P. kernoviae berre vore funnen på New Zealand. Det er sjølvsagt knytt stor spenning til korleis situasjonen med Phytophthora vil utvikla seg over år. Ein skadegjerar med potensiale til å angripa så mange ulike vertplanter er svært farleg. Kan noko liknande skje i Noreg? I tillegg til ei eik (Quercus sp.) i Bergen er det her i landet gjort fleire funn av P. ramorum på rododendron og artar innan pyramidelyng (Pieris spp.) og krossved (Viburnum spp.) (Talgø et al. 2010). Klimaet langs vestlandskysten er ikkje ulikt det ein har på vestkysten av England, så vi kan ikkje utelukka at denne farlege skadegjeraren kan koma til å spreia seg til skogs- og naturområde hjå oss. Vi har ikkje lerkeskogar i stort omfang i Noreg, men på Vestlandet er det planta ein del sitkagran (Picea sitchensis). I Irland vart det nyleg stadfesta angrep av P. ramorum på ei sitkagran som stod nær ein infisert rododendron. Det er så langt ikkje gjort funn på gran (Picea abies). Figur 12. I lyngheiar i Cornwall er det funne Phytophthora kernoviae og P. ramorum på blåbær (Vaccinium myrtillus). Dette biletet vart tatt i ein ås like sør for St. Ives 4. april Infiserte planter får først mørke flekkar og tverrstriper på stenglane rundt infiserte knoppar (innfelt bilete), og etter kvart daudar heile plantene ned. Foto: Venche Talgø
8 TEMA I 2009 vart det funne P. ramorum på ville blåbær i Rogaland, Fig. 13, truleg smitta av ein sjuk rododendron like ved (Herrero et al. 2010). Vi finn dette urovekkjande, og ei kartlegging og overvaking av situasjonen i Noreg bør koma i gong snarast. Takk Eg vil gjerne takka Kathy Riley ved Puyallup Research and Extension Centre, Washington State University i USA for at ho tok initiativ til turen, og Ann Payne ved The food and Environment Research Agency (fera), Barnaby Wylder og Ben Jones ved Forestry Commission og Joan Webber ved Forest Research som organiserte feltturane i England for oss, og gav oss tilgang til bruk av informasjon og bilete. Litteratur Herrero, M.L., Toppe, B. & Fløistad, E Phytophththora ramorum, også på blåbær. Norsk Hagetidend 125(6):74. Talgø, V., Herrero, M.L., Brurberg, M.B. & Stensvand, A Phytophthora. Alvorleg trugsmål mot buskar og tre i grøntanlegg og naturområde. Bioforsk Tema 5(20):8 s. Figur 13. Angrep av Phytophthora ramorum på blåbær (Vaccinium myrtillus) fra Rogaland i Foto: Erling Fløistad. BIOFORSK TEMA vol 6 nr 6 ISBN: ISSN Fagredaktør: Guro Brodal Ansvarlig redaktør: Forskningsdirektør Nils Vagstad Forsidefoto: Forestry Commission, England EF-11
Sjukdomar i grøntanlegg Trendar og nye utfordringar
Sjukdomar i grøntanlegg Trendar og nye utfordringar Venche Talgø (Brita Toppe) GRØN GALLA 2009 Trendar Nye sjukdomar dukkar stadig opp eks. Phytophthora plurivora Vårt relativt kjølege klima ser ikkje
Sluttrapport i prosjektet Grøntanleggshygiene 2011. Venche Talgø, Maria L Herrero, May Bente Brurberg og Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse
2..01 1{32Z - 10 62.1.5 Bi~rSk Bioforsk Rapport Vol. 7 Nr. 34 2012 Sluttrapport i prosjektet Grøntanleggshygiene 2011 Venche Talgø, Maria L Herrero, May Bente Brurberg og Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse
Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran?
93 Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran? Venche Talgø, Arne Stensvand / [email protected] Planteforsk Plantevernet Innleiing På landsbasis kjem berre 50-60 % av
Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune
Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland [email protected] 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den
Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse
Konsekvensar for plantehelse ved opnare import Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse Årsaka til at importforbod vart innført på kjernefrukt og jordbærplanter (og nokre nære slektningar i rosefamilien) er
Kartlegging av Neonectria
Kartlegging av Neonectria på edelgran på vestkysten av USA Neonectria neomacrospora gjer stor skade på edelgran (Abies spp.) i Skandinavia. Dette gjeld ikkje minst fjelledelgran (A. lasiocarpa), ein art
Plommedyrking og plantehelse i plomme. Gaute Myren
Plommedyrking og plantehelse i plomme Gaute Myren Lier 2006-12 Mars Mai Juli Oktober 26.10.2012 Gaute Myren 2 Klima i 2012 Oversikt over temperatur og nedbør 1.mai til 1.september i ulike fruktdistrikt.
Sjukdomsorganismer på viltvoksende eik og på eik i grøntanlegg
Sjukdomsorganismer på viltvoksende eik og på eik i grøntanlegg Figur 1: Visnesymptomer i krona på søyleeik (venstre og midten) og sommereik (høyre) i grøntanlegg i Oslo, juni 2013. Foto: V. Talgø Arter
SKADE PÅ BØK I VÅLANDSPARKEN I STAVANGER
NIBIO OPPDRAGSRAPPORT VOL.: [1] nr.: 3, 2015 SKADE PÅ BØK I VÅLANDSPARKEN I STAVANGER Phytophthora rotråte Forfattere Venche Talgø og May Bente Brurberg [Divisjon Plantehelse] FORORD Vi har det siste tiåret
TEMA Nr. 2 - Februar 2009
TEMA Nr. 2 - Februar 2009 Store skadar på poppel Venche Talgø, Arild Sletten, Halvor B. Gjærum og Arne Stensvand, Bioforsk Plantehelse Inger Hilmersen, Norsk Gartnerforbund E-post: [email protected]
Bi~rSk. Sluttrapport for prosjektet «Phytophthora trugar norsk bøk (Fagus sylvatica)>> Bioforsk Rapport Bioforsk Report Vol. 8 Nr.
Bi~rSk Bioforsk Rapport Bioforsk Report Vol. 8 Nr. 28 2013 Sluttrapport for prosjektet «Phytophthora trugar norsk bøk (Fagus sylvatica)>> Venche Talgøl, Kari Telfer l,2, Maria Luz Herrerol, May Bente Bmrberg
Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,
Konglesanking Trea i skogen formeirer seg ved å spreie frøa sine med vinden utover skogbotnen. Dei fleste landar «på steingrunn» og berre ein svært liten del av frøa veks opp til eit nytt tre. For å sikre
Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.
Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.
Phytophthora-arter gjør alvorlig skade på planter i grøntanlegg og naturområder i Norge
VOL 2 - NR. 23 - JUNI 2016 Foto: Erling Fløistad Phytophthora-arter gjør alvorlig skade på planter i grøntanlegg og naturområder i Norge De siste ti årene er det i Norge, som i mange andre land, observert
Teknikk og konsentrasjon viktigast
Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane
KLAGE VEDTAK OM LØYVE TIL UTSETTING AV VRIFURU
Side 1 Tingvoll, 11. november 2012 Direktoratet for naturforvaltning v/fylkesmannen i Møre og Romsdal KLAGE VEDTAK OM LØYVE TIL UTSETTING AV VRIFURU Viser til dykkar ref. 2012/5864/JOER/433.2, vedtak av
Samarbeid mellom Mattilsynet og kommunehelsetenesta ved mat eller vassboren smitte.
Samarbeid mellom Mattilsynet og kommunehelsetenesta ved mat eller vassboren smitte. Smittevernkonferanse Skei 01.10.2013 Mattilsynet v. T.Hellan og G.M. Breisnes Tilfelle fra Luster august 2010. Telefon
EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid
EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.
Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.
PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje
VOLLASETRA I SUNNDAL
VOLLASETRA I SUNNDAL Side 1 Skjøtsel 2012 Denne rapporten er ein oppfølgjer av ein liknande rapport frå 2011 og bygger direkte på denne. Rapporten er skriven av Øystein Folden. Side 2 Slått blei i 2012
FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen
Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.
JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.
Fuglestadelva, Hå kommune
Fuglestadelva, Hå kommune Fuglestadelva drenerer sørlege deler av Høg-Jæren og renn ut i sjøen ved Brusand. Elva er naturleg lakseførande opp til fossen ved Åsane (,8 km). Elva er ei av dei faste overvakingselvane
Klimavinnere blant patogene sopper. Hva kan vi forvente fram i tid?
Klimavinnere blant patogene sopper Hva kan vi forvente fram i tid? Halvor Solheim Norsk institutt for skog og landskap Eksempler > Rotkjuke granas verste fiende > Honningsopp den smarte opportunist > Furuas
2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.
HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I
RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN
SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.
TEMA Nr. 12 - November 2012
TEMA Nr. 12 - November 2012 Phytophthora alni forårsaker sjukdom på or (Alnus spp.) i Norge Gunn Mari Strømeng 1, May Bente Brurberg 1, Maria-Luz Herrero 1, Willy Couanon 1, Arne Stensvand 1, Isabella
Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost
Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL
Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike
Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue
Kompetansearbeidsplassar i Hordaland
Kompetansearbeidsplassar i Hordaland AUD-rapport nr. 8 11 September 211 1 Tal kompetansearbeidsplassar i Hordaland har vekse med 21 % i perioden 22 29, mot 17 % i landet som heile. Alle regionane i Hordaland
SAMLET SAKSFRAMSTILLING
SURNADAL KOMMUNE SAMLET SAKSFRAMSTILLING LOKAL FORSKRIFT OM SPREIING AV GJØDSELVARER M.V. AV ORGANISK OPPHAV I SURNADAL Saksbehandler: Mona Rosvold Arkivsaksnr.: 05/02177 Arkiv: V33 &00 Saksnr.: Utvalg
INFORMASJONSBREV FRÅ MATTILSYNET - FLYTTING AV JORD
Ugradert - Til kommunane i Rogaland, Aust-Agder og Vest-Agder Deres ref: Vår ref: 2012/267983 Dato: 14.12.2012 Org.nr: 985 399 077 INFORMASJONSBREV FRÅ MATTILSYNET - FLYTTING AV JORD For tida er det stor
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)
Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte
TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?
Norsk etnologisk gransking Desember 1956 Emne 61 TURKESTOVA 1. Var det vanleg i Dykkar bygd å ha eit hus som dei kalla turkestova, tørrstugu, tørrstua, tørrstoga, trøstogo, tørrstugu, trystugu, trysty,
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.
Månadsbrev for Rosa september 2014
Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører
Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.
Dykkar ref.: «REF» Vår dato: 06.02.2014 Vår ref.: 2014/1051 Arkivnr.: 432.4 Oddmund Hognestad 4346 Bryne Postadresse: Postboks 59 Sentrum, 4001 Stavanger Besøksadresse: Lagårdsveien 44, Stavanger T: 51
Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk
Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom
SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING
Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg
Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014
Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.
Nye sortar gjev ny giv i pæredyrkinga. Stein Harald Hjeltnes Graminor avd Njøs
Nye sortar gjev ny giv i pæredyrkinga Stein Harald Hjeltnes Graminor avd Njøs 1 Celina fakta Utvikla av Graminor, kryssa på Balsgård i 1986, alt frå frø til sort er utført på Njøs Poda opp til forsøk på
Registrering av kystlynghei. Horgo, Austevoll
Registrering av kystlynghei Horgo, Austevoll Aase Nøtttveit, SFLMK, 29.10.2008 2004/2005: ytre Sunnhordland, : Sveio Bømlo Stord Fitjar Austevoll Geitaråsen, Sveio Midt- og Nordhordland, 2008/2009: Sund
LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA
LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt
Brukarrettleiing. epolitiker
Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til
Korleis kan vi løysa problemet med lêrròte i jordbær?
Korleis kan vi løysa problemet med lêrròte i jordbær? Arne Stensvand, Håvard Eikemo og Andrew Dobson, Bioforsk Plantehelse John-Erik Haugen og Frank Lundby, Nofima Divisjon Mat Trong for jordbær til norsk
Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking
Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2012 var 481 (snittvekt 5,1 kg). I 2012 vart det fanga 1075 laks (snittvekt 6,5 kg), eit av dei aller beste resultata
«Ny Giv» med gjetarhund
«Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på
mmm...med SMAK på timeplanen
mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2
Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse
Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling
Månadsbrev for ROSA mars 2015
Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og
Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1
Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen
Frå novelle til teikneserie
Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).
NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING
Tingvoll, 16. mai 2012 Tingvoll kommune NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Naturvernforbundet i Tingvoll blei tilfeldig klar over for ei tid sidan at det 24.10.2008
Kulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Vetlebotn Gnr 272 og 275 Myrkdalen Voss kommune Rapport 7 2004 Rapport om
Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2
Rolf Lystad 18.09.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen
JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min
DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko
GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad
GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med
Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :
Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar
Lønnsundersøkinga for 2014
Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember
3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.
LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne
MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel
Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00 MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/14 14/389 Framlegg til møteplan for Leikanger ungdomsråd våren 2014 2/14
Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst
Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon
Rødråte et problem i 2009
Rødråte et problem i 2009 Arne Hermansen, Maria-Luz Herrero, Elisa Gauslå og Ragnhild Nærstad Bioforsk Plantehelse Bioforsk-konferansen 2010 Innhold Symptomer Er rødråte noe nytt? Hvilke organsimer kan
KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk
Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar
Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn
Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei
Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015. Løyve i perioden til no i 2015 11. Avslag i perioden til no i 2015 0
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 05.08.2015 51527/2015 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015 Status akvakulturforvalting og fiskeri per juli 2015 Akvakulturforvalting
Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk
Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student
Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1
Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG
KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE
Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Vest-Agder [email protected] 20. januar 2015 KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND
Plantevernutfordringer i et endret klima. Ellen Merethe Magnus, Bioforsk
Plantevernutfordringer i et endret klima Ellen Merethe Magnus, Bioforsk 1 Etablering av fremmede arter Nye vekster Klimaet i Norge er i dag mildt nok godt for mange arter til å etablere seg bare de blir
Kva er økologisk matproduksjon?
Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling
SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:
SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229 Arkiv: 631 A2 IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster Rådmannen si tilråding: 1. Luster kommunestyre vedtek, med tilvising
Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN
MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN Oppsummering/ evaluering av månaden Også denne månaden har me vore mykje ute. Prøver å komma oss ut to gonger i løpet av dagen om veret er nokon lunde ok. Det er mykje sykling
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse
Juvet Landskapshotell
ei norsk oppleving Juvet Landskapshotell I tunet Burtigard på Alstad i Norddal kommune blir det etablert ei reiselivsbedrift utanom det vanlege; eit landskapshotell som tilbyr eit kortferiekonsept basert
Plassebakken Barnehage
Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen
Kort om føresetnadene for folketalsprognosen
Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar
Nytt Gebyrregulativ for lokal forskrift for VA-gebyr
Nytt Gebyrregulativ for lokal forskrift for VA-gebyr Ny lokal forskrift for VA-gebyr vart vedteken i Luster kommunestyre den 23.10.2008 sak 81/08. Forskrifta medfører, som det framkom av saksutgreiinga
Barnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)
Barnevern 2012 Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Fleire barn under omsorg I 2012 mottok 53 200 barn og unge i alderen 0-22 år tiltak frå barnevernet, dette er ein svak vekst på 2 prosent frå 2011,
INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE,
SLUTTRAPPORT: INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE, Mollandsmarki, Luster Kommune 2010 Bilete frå Sogn Avis i samband med omtale av pilotprosjektet: IPT tilbod til heimebuande demente
HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving
HAGEBLÅBÆR Haugaland landbruksrådgjeving Kva er hageblåbær Ulike kryssingar av artane Vaccinium corymbosum og Vaccinium angsutifolium. Viltveksane på austkysten av USA. Buskform om lag som solbær (1-2
Storåna, Sandnes kommune
Storåna, Sandnes kommune Storåna er eit låglandsvassdrag i Sandnes kommune. Vasskvaliteten er ein del påverka av jordbruk, men er god med omsyn til forsuring. Det er truleg ikkje naturleg laksebestand
Søk regionale miljøtilskudd elektronisk
Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis
SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9
SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga
Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing
Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere
Med god informasjon i bagasjen
Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10
FOR 2006-06-07 nr 593: Forskrift om berekraftig skogbruk.
Page 1 of 6 FOR 2006-06-07 nr 593: Forskrift om berekraftig skogbruk. DATO: FOR-2006-06-07-593 DEPARTEMENT: LMD (Landbruks- og matdepartementet) AVD/DIR: Avd. for skog- og ressurspolitikk PUBLISERT: I
