Budsjettsøknad 2015 for institusjonar med statleg driftstilskot

Like dokumenter
HSD ASA RESULTATREKNESKAP Konsernet kv kv. 03 i 1000 kr kv kv. 03

Hjelpetekster museumsskjema budsjettsøknad 2019

Årsplan 2006 Innleiing A. Rammevilkår 1. Organisering og finansiering Mål 2006

Rekneskapsrapport per mars 2017

Årsplan A. Rammevilkår 1. Organisering og finansiering

Åse Wetås, Norsk Ordbok 2014: Planlegging og gjennomføring av eit stort vitskapleg ordboksprosjekt

Hjelpetekster museumsskjema - budsjettsøknad

Hjelpetekster museumsskjema - budsjettsøknad

Årsplan A. Rammevilkår 1. Organisering og finansiering

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Kva rolle skal språkinfrastrukturen ha i gjennomføringa av norsk språkpolitikk? Åse Wetås, språkdirektør Bergen,

Rekneskapsrapport per juli 2015

Årsrekneskap 2018 Jakob Sande-selskapet

RESULTATREKNESKAP JAKOB SANDE-SELSKAPET. DRIFTSINNTEKTER OG DRIFTSKOSTNADER Note

Årsplan 2011 Innleiing

UNIVERSITETET I BERGEN Universitetsmuseet i Bergen. Arkivkode: Styresak: 27/2012. Rekneskap Universitetsmuseet i Bergen per 31.

Orienteringssak: III i Saksnr.: 09/4975 Møte: 24. juni 2009

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Rekneskapsrapport per februar 2016

Årsrekneskap. for. Rong Fjellstove Rongastovo AS

BUDSJETT REKNESKAP 2013 M.M.

Rekneskapsrapport per september 2016

Årsplan 2013 Innleiing

Orienteringssak: b Saksnr.: 2014/2693 Møte: 11. desember 2014

Verksemdsrapport medisinsk klinikk

ÅRSREGNSKAP 2012 IL JOTUN. Innhold: Årsmelding Resultatregnskap Balanse Noter. Utarbeidet av Visma Services Norge AS

ÅRSREGNSKAP Idrottslaget Jotun. Innhold: Årsmelding Resultatregnskap Balanse Noter. Utarbeidet av Visma Services Norge AS

Norsk Bane AS Resultatrekneskap

Orienteringssak: III d Saksnr.: 2012/ RIGE Møte: 13. september 2012

Rekneskapsrapport per mars 2016

Orienteringssak: III b Saksnr.: 2012/ HEHA/RIGE Møte: 21. juni 2012

Rekneskapsrapport per november 2016

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Statusrapport. Januar 2017

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Orienteringssak: III b Saksnr.: 2011/3904 Møte: 5. mai 2011

Rekneskapsrapport per juli 2016

Rekneskapsrapport per mai 2016

Orienteringssak: III b Saksnr.: 2010/3173 Møte: 16. juni 2010

Vedtaksprotokoll styremøte og styreseminar

Orienteringssak: II b Saksnr.: 2014/ MALRØ Møte: 20. mars 2014

Orienteringssak: III b Saksnr.: 2012/ HEHA/RIGE Møte: 3. mai 2012

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Arkivkode: Styresak: 1/2014 Saksnr.: Møte: 5. februar 2014

Verksemdsrapport psykisk helsevern

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Verksemdsrapport medisinsk klinikk

Orienteringssak: b Saksnr.: 2014/ MALRØ Møte: 19. juni 2014

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

Orienteringssak: III c Saksnr.: 2011/3904 Møte: 24. mars 2011

Per Ove Aarseth Andedrs Hunnes Anne Merete Breivik styreleiar nestleiar styremedlem

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsplan 2010 Innleiing

Orienteringssak: III b Saksnr.: 2010/3173 Møte: 5. mai 2010

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 6. desember 2012

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2009

ÅRSREGNSKAP 2010 IL JOTUN. Innhold: Årsberetning Resultatregnskap Balanse Noter Revisjonsberetning. Utarbeidet av Visma Services Norge AS

Årsplan A. Rammevilkår 1. Organisering og finansiering

Rekneskapsrapport per september 2015

Vitskaplege samlingar. Åse Wetås, Norsk Ordbok 2014 Ope seminar om Språkbanken,

Verksemdsrapport Psykisk helsevern

Orienteringssak: III b Saksnr.: 2013/ RIGE Møte: 21. mars 2013

Orienteringssak b Økonomirapport MN september 2017

Rekneskapsrapport per november 2015

Fagdag for næringsmedarbeidarar

Verksemdsrapport medisinsk klinikk

Verksemdsrapport medisinsk klinikk

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner

Arkivkode: Styresak: 05/2013 Saksnr.: Møte: 9. april 2013

Rekneskapsrapport per august 2017

REGNSKAPSRAPPORT. Admin Medastud. Økonomirapport Admin Mediastud - Pr. September Utarbeidet av: Stein Lysfjord

Verksemdsrapport Kirurgisk klinikk

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Orienteringssak: b Saksnr.: 2014/ MALRØ Møte: 8. mai 2014

Idrottslaget Jotun 2017

Fjordly Ungdomssenter

Verksemdsrapport Medisinsk klinikk

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Orienteringssak: III d Saksnr.: 2010/3173 Møte: 10. november 2010

Orienteringssak: III k Saksnr.: 09/4975 Møte: 29. april 2009

Orienteringssak: III b Saksnr.: 2010/3173 Møte: 8. september 2010

7. Festivalar. Statistiske analysar 127 Kulturstatistikk ,5 millionar til musikkfestivalar

Prinsippnote til rekneskapen for fonda i NPE

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Orienteringssak: III e Saksnr.: 2010/3173 Møte: 6. oktober 2010

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Arkivkode: Styresak: 13/2016 Sak nr.: 16/xxxx Møte: Dag 14. juni 2016

Orienteringssak: III b Saksnr.: 2012/ RIGE Møte: 13. desember 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Verksemdsrapport medisinsk klinikk

Kyrkja. Kostradokument nr. 16. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for Gjennomgang av funksjonar under rammeområdet Kyrkja

Transkript:

Budsjettsøknad 2015 for institusjonar med statleg driftstilskot Adresseinformasjon Institusjonen sitt Namn Organisasjonsnummer Bankkontonummer 76940511050 Besøksadresse Gaustadalleen 30 1. etasje 0315 OSLO Postadresse Postboks 1021 Blindern 0315 OSLO Telefon, faks, e-post og URL Telefonnummer 22854380 Telefonnummer 22855753 Telefonnummer 22854391 Faks 22854381 E-post ase.wetas@iln.uio.no Kontaktperson Kontaktperson Åse Wetås Telefonnumme 22854380 E-post ase.wetas@iln.uio.no Oppsummering av søknad (alle tal i heile 1000): Kulturdepartementet, tilskot 2014: 16 674 Budsjettsøknad ordinær drift 2015: 17 074 Omsøkte tiltak: 1 Brukarrettleiing for Norsk Ordbok 400 Sum omsøkte tiltak: 400 Budsjettsøknad 2015 27. februar 2014 22:25:01 Side: 1 av 14

Statusrapport over den økonomiske stoda. Mål, strategiar og omtale av verksemda Kulturdepartementet har sidan starten av prosjektet vist stor velvilje for tiltaket. I 2014 er prosjektorganisasjonen heilt på tampen av arbeidet med oppdraget, men med ein redaktør mindre til rådvelde enn det den opphavlege opptrappingsplanen la opp til, må me som avtalt driva prosjektet to månader inn i 2015 for å fullføra verket. I den seinaste treårsperioden har utviklinga i løyvinga frå KUD vore slik: 2012: 15 595' 2013: 16 110' 2014: 16 674' I 2013 hadde prosjektet ein inngåande balanse på kr 845' og eit rekneskapsresultat på kr 179'. I perioden hadde prosjektet lønsutgifter som var kr 1502' høgare enn lønsinntektene. Dette blei dels dekt opp av overføringa frå 2013, dels dekt opp av refusjonsinntekter (kr 294' i perioden) og dels dekt av ei ekstraordinær inntekt frå Språkrådet (til dekning av lønsutgifter NO 2014 har lagt ut for dei i perioden 2011-2013). I perioden gjorde UiO ei feilføring av prosjektmidlar kr 103' på tiltaket NO 2014. Dette blei ikkje oppdaga og retta på før etter årsskiftet til 2014, men feilføringa gav eit bilete av at prosjektet ville gå mot eit nullresultat, og førde til at me let vera å gjennomføra nokre planlagde aktivitetar mot slutten av året. Då feilen blei oppdaga, blei resultatet kr 103' større enn planlagt. Budsjettet for 2014 er sett opp i balanse. Dei stipulerte lønsutgiftene er på kr 1,2 mill. meir enn lønsinntektene i same perioden. Fordi alle medarbeidarane i prosjektet i 2014 blir sagde opp frå stillingane sine ved UiO, er det venta at prosjektorganisasjonen kjem til å mista medarbeidarar før prosjektet er fullført. Den stipulerte innsparinga i lønsutgifter vil få rekneskapen for 2014 til å gå i balanse. 658 I søknaden vår om statstilskott for 2015 vil me søkja om dekning i to månader av lønsutgifter for ein stab med så mange medarbeidarar som prosjektet har nå. Dersom prosjektet mister redaktørar på tampen av prosjektperioden, vil tomme månadsverk innanfor denne ramma måtta fordelast på dei medarbeidarane som er att i organisasjonen for at verket skal bli fullført. Det er pr. 1.3.14 framleis ingen plan for kven som skal drifta Norsk Ordbok og dei underliggjande språkressursane etter at prosjektet er slutt. Fordi dei tilsette i verksemda blir oppsagde ved prosjektslutt, vil den leksikografiske kompetansen knytt til prosjektorganisasjonen forsvinna. NO 2014 bed difor om ekstra midlar til å utarbeida ei fullstendig brukarrettleiing som kan følgja det ferdige verket i både trykt versjon og nettversjon, slik at me kan sikra at denne ressursen følgjer verket. Formålet med statstilskotet. Føremålet med statstilskotet og det overordna målet med prosjektet NO 2014 er å fullføra det store vitskaplege ordboksverket Norsk Ordbok i 12 band. Verket dokumenterer det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket Prosjektorganisasjonen håper å fullføra trykkmanuskriptet til band 12 til jul i 2014. I januar og februar 2015 vil organisasjonen følgja bandproduksjonen fram til trykt utgjeving, gjera naudsynt arbeid med å sikra at alle artiklar har koplingar, at grunnlagsmaterialet er tilgjengeleg og ryddig og avslutta prosjektorganisasjonen i god skikk. Føremålet med midlane til brukarrettleiing er å gje den trykte ordboka og nettutgåva av verket ein god, instruktiv rettleiingsmanual til erstatning for den mellombels rettleiinga som blei laga i 1994. 659 Årsrapport for 2013. Budsjettsøknad 2015 27. februar 2014 22:25:01 Side: 2 av 14

Prosjektets hovudmål er å produsera manuskript til Norsk Ordbok i tråd med den avtalte produksjonsplanen. I 2013 ferdigstilte redaksjonen arbeidet med band 11 av ordboka og starta produksjonen av band 12. Band 11 av ordboka dekkjer alfabetbolken frå og med substantivet stø til og med adjektivet tåvrut. Med den redigeringskapasiteten organisasjonen har hatt til rådvelde i produksjonsperioden, blei bandmanuskriptet sendt ut av redaksjonen 5. juli 2013. Ved årsslutt hadde redaksjonen vidare førstegongsredigert 322 sider materiale til band 12. 70,3 av desse sidene hadde i løpet av året gått gjennom alle kvalitetssikringsinstansane i redaksjonen og fått status "Til korrektur". 402 19.9.13 lanserte NO 2014 band 11 i eit eige arrangement i Trondheim Katedralskoles gamle festsal. Redaksjonen har i 2013 hatt eit jamt høgt produksjonspress. Det har ført med seg at organisasjonen også i år har måtta prioritera ned nokre av dei delmåla som var sette opp i årsplanen for 2013. Av dei underordna målsettingane har me likevel gjennomført dei organisasjonen har vurdert til å støtta mest konkret opp om produksjon og framdrift. I tillegg er det lagt vekt på å arbeida med tiltak som peikar framover mot nye prosjekt etter 2014. Redaksjonen gjekk gjennom ei svært krevjande flytting frå Gaustadalleen 25 til nye lokale i Gaustadalleen 30D i pinsehelga 2013. Prosessen fram til endeleg vedtak om kvar ordboksorganisasjonen og dei nynorske samlingane skulle flyttast, var lang og vanskeleg. Etter flyttinga er samlingsmiljøet ved ILN delt på fire lokalitetar. Dette gjer det vanskelegare å oppretthalda den daglege kontakten i fagmiljøet. NO 2014 er særleg avhengige av eit svært tett samarbeid med Eining for digital dokumentasjon (EDD), og for prosjektet ville vore ein føremon om samlokaliseringa av desse to einingane kunne vore vidareført. Meir detaljert om aktiviteten i 2013: Redaksjonen nyredigerte til saman 622 sider manuskript til band 11 og 12. Det var lagt opp til ein produksjon på 561,7 sider. Grunnen til at me fekk til dette svært høge produksjonstalet, er at prosjektet i 2013 har hatt svært lite sjukefråvær og få permisjonar. Dermed fekk me så mykje som 26,53 produktive årsverk ut av løyvinga vår, ein auke på 1,03 årsverk jamført med året før. Redaksjonen arbeider heile tida aktivt med å halda manuskripta innanfor den strenge omfangsdimensjoneringa og har etter kvart etablert gode og velfungerande redaksjonelle rutinar for å møta desse utfordringane. Organiseringa av arbeidet fungerer godt og manuskriptstraumen til hovudredaktør og fram til korrekturstatus er god. Ved utgangen av 2013 var 28 personar knytte til redaksjonen i redaktørfunksjon. Den eine av desse arbeider 25 % i redaksjonen og er i langvarig utdanningspermisjon i dei resterande 75 %. To redaktørar har gjennom året hatt uløna omsorgspermisjon i mindre stillingsbrøkar, og éin redaktør har i perioden hatt 20 % stillingsreduksjon for skuld ei bistilling ved Høgskulen i Oslo og Akershus. Éin redaktør går i 20 % mellombels pensjonsordning. Éin hovudredaktør har hatt 20 % stillingsreduksjon første halvår 2013 for å leia arbeidet med Språkrådet og ILNs revisjon av Nynorskordboka. Éin redaksjonsassistent er teken inn i opplæring til redaktør frå og med 15.4.13 og ut året med lønsdekning av overførde refusjonsmidlar frå 2012. To assistentar har i 2013 vore inne i Trondheims-redaksjonen. Den eine av desse har vore finansiert av HF-fakultetet på NTNU, medan den andre har vore NAV-finansiert. Assistentane ved NTNU har i perioden levert verdfulle bidrag i form av redaksjonell støttefunksjon. Budsjettsøknad 2015 27. februar 2014 22:25:01 Side: 3 av 14

Administrasjonen tel tre personar (inkl. prosjektdirektør) fordelte på 3 årsverk, og me har dessutan som tidlegare sett av 1,5 stilling til redaksjonssekretærordning. Den eine redaksjonssekretæren har hatt uløna permisjon i 50 % heile året. Det har vore sett inn vikar i 30 % i permisjonsperioden. Ein av medarbeidarane i administrasjonen var i fødselspermisjon fram til 15.10.13. I perioden var det sett inn vikar i 100 % stilling. Redaksjonen er svært sårbar for utskiftingar og den største risikofaktoren i prosjektet fram mot sluttføring er at me mister ferdig opplærte redaktørar. I 2013 har prosjektet hatt ein stram økonomi, og det har gjort det vanskeleg å kompensera for tapt redaktørtid med ny redaktørarbeidskraft. Som tidlegare år opplever organiasjonen at det er vanskeleg å dekkja opp for vakante redaktørmånadsverk. Frikjøpet av éin hovudredaktør i 20 % stilling til å leia arbeidet med oppgradering og revisjon av Nynorskordboka og dei administrative oppgåvene som har falle på prosjektet i samband med dette revisjonsarbeidet har i 2013 som året før ført med seg vanskelege avvegingar for NO 2014-organisasjonen. Det har vore viktig å sikra at prosjektet ikkje yter eigne ressursar inn i dette arbeidet, samstundes som oppgraderinga og revisjonen er arbeid som av omsyn til både fagleg styring, rekruttering og framdrift fell inn under arbeidsoppgåvene til det leksikografifaglege miljøet ved ILN. På utviklingsplanen for 2013 for samarbeidet mellom Eining for digital dokumentasjon (EDD) og NO 2014 stod fullføring av arbeidet med nyskriving av delkomponentar i applikasjonsdatabasen. Utviklingsarbeidet har hatt førsteprioritet i perioden. NO 2014 har i 2013 også utvida materialet gjennom at det blei lagd inn 16 804 setlar merkte med innleggingsår 2013 i Setelarkivet. Det nynorske tekstkorpuset passerte i desember 2013 100 millionar ord, og i løpet av 2013 har det blitt arbeidd mykje med å vidareutvikla søkjefunksjonaliteten til denne store tekstsamlinga. I 2013 sette sju redaktørar av tildelte småforskmidlar (til saman kr 100 000) til felles arbeid med digital tilrettelegging av kartdata for publisering i NO 2014s nettutgåve. NO 2014 er svært takksame for at redaktørane vel å bruka småforskmidlane sine til slike fellestiltak. Me har i 2013 vidareført arbeidet med redaksjonsintern skolering gjennom interne redaksjonsseminar og fagleg juleseminar. Det er gjennomført 5 redaksjonsseminarsamlingar i 2013, og redaksjonen opplever desse seminara som fagleg svært nyttige. Redaksjonen kunne ikkje avvikla ordinært sommarseminar i juni 2013, fordi dette i tid fall saman med sluttarbeidet på band 11, men heile redaksjonen var samla til fagleg juleseminar 5.-6.12.13. NO 2014s rådgjevande gruppeleiarmøte har i 2013 hatt seks møte og drøfta 14 redaksjonelle spørsmål. I 2013 utgjorde desse styret for : Styreleiar Magnus Rindal, nestleiar Randi Alice Nilsen, Inger-Johanne Ullern (vara Greta Holm har møtt hausten 2013), Edmund Austigard, Unn Røyneland, Christian-Emil S. Ore og Dagfinn Rødningen. Vara Endre Brunstad møtte for Unn Røyneland første halvår 2013. Styret har hatt fire møte og handsama 28 saker. 2013 var eit vellukka formidlingsår og redaksjonen fekk positiv respons i fleire forum. I tillegg til bandlanseringa 19.9.13 arrangerte me saman med DKNVS i Trondheim seminar om arven etter Ivar Aasen som fellestiltak i Språkåret 2013. Redaksjonen har vore representert med foredrag på ni fagseminar og -konferansar i Budsjettsøknad 2015 27. februar 2014 22:25:01 Side: 4 av 14

året som gjekk. I januar 2013 heldt to redaktørar foredrag på NFL-symposiet på Schæffergården og prosjektdirektøren heldt foredrag på fagseminar om Nordisk dialektkorpus ved UiO. Éin redaktør heldt foredrag på SASS-konferansen i San Francisco i mai. Fem medarbeidarar heldt foredrag på Nordisk Foreining for leksikografis konferanse i Oslo i august. To redaktørar heldt foredrag på NO /DKNVS-seminar i Trondheim i september. Éin redaktør heldt foredrag på e-leksikografikonferanse i Tallinn i oktober. Éin redaktør heldt foredrag på Språkrådets Språkdag, prosjektdirektøren heldt foredrag om Ivar Aasen som leksikograf og namnegranskar på eit halvdagsseminar ved Nasjonalbiblioteket, og fire medarbeiarar deltok med til saman sju foredrag på MONS (Møte om norsk språk) i Oslo i november. Til saman har redaksjonen halde 19 faglege innlegg på desse konferansane. Redaksjonen opplever den faglege formidlinga og deltakinga på fagkonferansar som svært meiningsfull, og har i år arbeidd særleg aktivt med formidling av forskinga vår. Høvet til vidare fagleg utvikling er ein viktig føresetnad for at staben greier å halda medarbeidarane motiverte til å møta dei faste og høge produksjonskrava i det daglege. Éin redaktør og éin redaksjonsassistent under opplæring deltok på Lexicom-kurs i Kivik i juni 2013. Også i år deltok NO 2014 på Forskingstorget, men dette året hadde me lagt deltakinga vår til Trondheim. I oktober deltok NO 2014 med to foredrag på UiOs fagleg-pedagogiske dag for lærarar frå vidaregåande skule. Slike tiltak gjev positiv merksemd til prosjektet vårt og me prioriterer dei så høgt som råd. NO 2014 har fått plass i det offisielle programmet for feiringa av Grunnloven i 2014. Budsjettsøknad 2015 27. februar 2014 22:25:01 Side: 5 av 14

Eigeninntekter og ordinært offentleg driftstilskot Eigeninntekter (i heile 1000. 1000=1) Rekneskap 2013 Budsjett 2014 Budsjettsøknad 2015 Billettinntekter 404 405 406 Inntekter frå butikken 623 624 625 Inntekter frå kaféen 626 627 628 Inntekter frå andre varer 667 668 669 Inntekter frå utleige av lokale 670 671 672 Inntekter frå andre tenester 673 674 675 Sponsorinntekter 649 650 651 Gåver 652 653 654 Andre eigeninntekter 413 414 415 Totale eigeninntekter 0 0 0 Ordinært offentleg driftstilskot frå Rekneskap 2013 Budsjett 2014 Budsjettsøknad 2015 Kulturdepartementet 16110 416 16674 417 17074 418 Fylkeskommune(r) 422 423 424 Kommune(r) 425 426 427 Kunnskapsdepartementet 455 456 457 Utanriksdepartementet 473 474 475 Riksantikvaren 632 633 634 Norsk kulturråd 661 662 663 Anna offentleg enn det som er spesifisert her 3840 479 3939 480 676 481 Totalt ordinært off. driftstilskot 19950 20613 17750 Spesifisering av anna offentleg ordinært driftstilskot. Universitetet i Oslo løyver i 2014 kr 2258' i driftsmidlar til NO 2014-organiasjonen, og i tillegg får organisasjonen kompensasjon for fire årsverk som var faste stillingar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studiar, men som har blitt omgjorde til prosjektstillingar etter at dei opphavlege stillingshaldarane har gått av med pensjon. Denne kompensasjonen utgjer i 2014 kr 1680'. For 2015 er driftsmidlar og kompensasjon frå UiO budsjettert for dei to månadene prosjektorganiasjonen etter planen skal vera i drift. 676 Budsjettsøknad 2015 27. februar 2014 22:25:01 Side: 6 av 14

Anna offentleg tilskot Anna offentleg tilskot frå Rekneskap 2013 Budsjett 2014 Budsjettsøknad 2015 Kulturdepartementet 482 483 484 Fylkeskommune(r) 488 489 490 Kommune(r) 491 492 493 Norsk kulturråd 557 558 559 Kunnskapsdepartementet 521 522 523 Utanriksdepartementet 539 540 541 Riksantikvaren 635 636 637 EU 545 546 547 Innovasjon Noreg 551 552 553 Noregs forskingsråd 554 555 556 Anna offentleg enn det som er spesifisert her 569 570 571 Totalt anna offentleg tilskot 0 0 0 Totale driftsinntekter 19950 20613 17750 Spesifisering av anna offentleg tilskot. 677 Budsjettsøknad 2015 27. februar 2014 22:25:01 Side: 7 av 14

Driftskostnader og finanspostar Driftskostnader (i heile 1000. 1000=1) Rekneskap 2013 Budsjett 2014 Budsjettsøknad 2015 Utgifter til butikken 638 639 640 Utgifter til kaféen 641 642 643 Utgifter til andre varer og tenester 958 644 820 645 141 646 Lønskostnader 17735 575 17364 576 3359 577 Pensjonskostnader 1833 578 1946 579 340 580 Avskrivningar 581 582 583 Drift av lokale 584 585 586 Vedlikehald av lokale/bygg 587 588 589 Husleiekostnader 94 590 100 591 20 592 Andre driftskostnader 451 593 762 594 131 595 - Offentlege refusjonar 296 596 200 597 33 598 Totale driftskostnader 20775 20792 3958 Driftsresultat -825-179 13792 Finanspostar Rekneskap 2013 Budsjett 2014 Budsjettsøknad 2015 Finansinntekter 599 600 601 Finanskostnader 602 603 604 Resultat av finansielle postar 0 0 0 Ekstraordinære poster Regnskap 2013 Ekstraordinære inntekter 159 647 Ekstraordinære kostnader 648 Årsresultat -666-179 13792 Budsjettsøknad 2015 27. februar 2014 22:25:01 Side: 8 av 14

Balanse Eigedelar Anleggsmidlar 31/12-2011 31/12-2012 31/12-2013 Immaterielle eigedelar 605 Varige driftsmidlar 606 Finansielle driftsmidlar 607 Anleggsmidlar totalt 0 0 0 Omløpsmidlar Varer 608 Fordringar 609 Finansielle investeringar 610 Bankinnskot, kontantar o.l. 611 Omløpsmidlar totalt 0 0 0 Sum eigedelar 0 0 0 Eigenkapital og gjeld Eigenkapital Innskoten eigenkapital 612 Opptent eigenkapital 846 179 613 Eigenkapital totalt 0 846 179 Gjeld Avsetjing til forpliktingar (inkl. off. avgifter og feriepengar) 614 Investeringstilskot, prosjekt - KUD og Norsk kulturråd 615 Investeringstilskot, prosjekt - andre 616 Langsiktig gjeld 617 Kortsiktig gjeld 618 Gjeld totalt 0 0 0 Sum eigenkapital og gjeld 0 846 179 Er rekneskapet revidert? Ja 619 Eventuelle kommentarar til rekneskap og balanse. Negativt resultat for året skal kommenterast. Prosjekteigar for er Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo. Rekneskapen til NO 2014 er gjennom dette underlagd Riksrevisjonen. 620 Inngåande balanse i 2013 var på 845', m.a. fordi organisasjonen i 2012 hadde store refusjonsinntekter. I 2013 er ein del av desse midlane brukte til å engasjera ein redaksjonsassistent i opplæring. I tillegg er midlane brukte til lønsdekning. Budsjettsøknad 2015 27. februar 2014 22:25:01 Side: 9 av 14

Søknad om auka midlar til prioriterte tiltak i 2015 Oppsummering av budsjettsøknad i lys av langsiktige planar og strategiar. Prosjektet skal etter planen avsluttast til 1.3.2015. Det er førebels uavklart korleis ressursane som er utvikla i prosjektperioden, inkludert ordbase og nettutgåve av verket, skal forvaltast på lang sikt. 401 Budsjettsøknad 2015 27. februar 2014 22:25:01 Side: 10 av 14

Prioriterte tiltak, prioritet nr.: 1 Prioriterte tiltak (beløp i heile 1000. 1000=1) Namn på tiltaket Brukarrettleiing for Norsk Ordbok 01 Søknadsbeløp til KUD for tiltaket i 2015 400 05 Gjeld tiltaket søknad om sikringsmidlar Nei 06 Finansieringsplan for tiltaket Finansieringskjelder Søknadsbudsjett 2015 Eigen finansiering 10 Kulturdepartementet 400 13 Norsk kulturråd 33 Fylkeskommune(r) 19 Kommune(r) 22 Andre offentlege 25 Ikkje-offentleg finansiering 28 Hovudomtale og grunngjeving. Den ferdige ordboka treng ei brukarrettleiing. Den mellombels rettleiinga til verket er frå 1994, og den reflekterer ikkje utviklinga av verket i prosjektperioden. Utviklinga omfattar både endringar i redaksjonell arbeidsform og massiv utbygging av kjeldetilfang. 30 Rettleiinga må innehalda fullstendig bibliografi, oppdatert omtale av oppbygginga av ordartiklane og forklåringar av avstyttingane som er brukte i dei 12 banda. I tillegg må rettleiinga gjera utførleg greie for føringa av målføreopplysningar. Ei ny brukarrettleiing må planleggast både som elektronisk og trykt publikasjon. Budsjettsøknad 2015 27. februar 2014 22:25:01 Side: 11 av 14

Budsjettsøknad 2015 27. februar 2014 22:25:01 Side: 12 av 14

Oppsummering og kontroll Stadfest at tala er korrekte. Ja 655 Har institusjonen sendt separat byggjesøknad til departementet i løpet av det siste året? Nei 656 Dersom institusjonen har sendt byggjesøknad i løpet av det siste året, må de gi en kort orientering om denne søknaden. 657 Eventuelle andre kommentarar til søknaden. Prosjektet skal etter planen avsluttast til 1.3.2015. I søknaden om statstilskot for 2015 søkjer me difor berre om tilskot for dei to første månadene av året. Fordi søknadsportalen autogenererer søknadssum for budsjettåret 2015 ut frå løyvingar i føregåande år, endar me opp med ein søknadssum som er altfor høg. Me har ikkje høve til å overstyra denne autogenereringa, og får dermed dessverre ikkje retta opp det feilgenererte søknadsbeløpet. Etter avtale med Magnar Nordtug i Kulturvernavdelinga i KUD 25.2.14 leverer me difor frå oss søknaden med ein merknad om at han gjeld ordinært driftstilskot frå KUD pluss det omsøkte tiltaket organisasjonen bed om støtte til, MINUS den summen NO 2014 blir ståande med som driftsresultat for 2015 i portalen (oppgenerert til kr 13 792'). 622 Budsjettsøknad 2015 27. februar 2014 22:25:01 Side: 13 av 14

Budsjettsøknad 2015 27. februar 2014 22:25:01 Side: 14 av 14