Landbruksrådgiving. Beiterydding på Norges tak. Norsk Gudbrandsdalen. Innhald. Medlemsskriv nr 5 - november 2012 - Årgang 12



Like dokumenter
Ugrasharving i korn Sluttrapport for prosjektperioden 2011 av Ane Harestad og Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland

Korn. Verdiprøvinger Økonomi sortsvalg bygg. Nr

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Kva kostar det å produsera grovfôr? Bioforsk/NLR samling Fureneset 17. sept Torbjørn Haukås, NILF

Kornsorter på Julemøte. Sørum 18. desember 2012

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kven tar vare på bonden? Landbrukets HMS-tjeneste si rolle i landbruket

Sorter-korn og oljevekster sesongen 2013

Til deg som bur i fosterheim år

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras

OBS! linking med passordinngang

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Brukarrettleiing E-post lesar

Tiltak for å redusere tap av næringsstoff

DB

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Rådgiving og forsøksvirksomhet i landbruket LandbruksFAg nr 8/ desember

Velkommen til fagmøte. Vinteren 2019

Medlemsblad for Norsk Landbruksrådgiving Salten Besøksadresse: Moloveien 18, 3. etg i Bodø Postadresse: Boks 494, 8001 Bodø Nr 1/

ehandel og lokalt næringsliv

Brukarrettleiing. epolitiker

Forsøk med kornsorter for økologisk dyrking

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Sortsomtale korn Tekst Ingrid Gauslaa, NLR NT

Velkommen til fagdag dekk!

Optimal utnytting av husdyrgjødsel

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

Rapport Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Fagforum Korn. Prøving av byggsorter på Sør-Vestlandet

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Rapport prosjekt «høy til hest»

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Ny strategiplan for Høgskulen

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Kva er økologisk matproduksjon?

Fagforum Korn. Prøving av byggsorter på Sør-Vestlandet

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. mill. ltr. Prognose august ,0 140,0 135,0 130,0 125,0 120,0 115,0 110,0

Aktive bønder fremtidens leilendinger?

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Rådgjevarkonferanse 2009

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

6-åringar på skuleveg

Soppbekjempelse i korn, forsøksresultater, bladanalyser og behandlingsstrategier


Rådgiving i landbruket

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Produksjon av delikatessepotet

Manglende avlingsframgang til tross for mer yterike kornsorter og bedre dyrkningsteknikk

Fôr fra leiejord hva er transportkostnaden?

Prøving av bygg- og havresorter på Sør-Vestlandet

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Prøving av bygg- og havresorter på Sør-Vestlandet

Jordarbeidingsmetodar for korndominerte

Nye satsingar for landbruksrågivinga. Landbrukskonferanse Hordaland 15.februar 2017 Dagleg leiar Liv Lyngstad, NLR Vest

6. trinn. Veke 24 Navn:

Rådgjevarkonferanse 2010

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Test av prognoseverktøy for grovfôravling og -kvalitet i 2009

IKT-kompetanse for øvingsskular

Informasjon og brukarrettleiing

Landbruksrådgiving. Enkel og driftsikker møkkspreder utvikla i gardsverksted på Dovre. Norsk Gudbrandsdalen. Innhald

På tide med kalking? Siv Nilsen, LR Fosen Forsøksring Anders Eggen, Trøndelag Landbruksrådgivning. Hvorfor kalker vi? Hvorfor blir jorda sur?

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Forsøk med kornsorter for økologisk dyrking

Stressar bonden slik at det går på tryggleiken laus?

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Nytt fra NLR Østafjells

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Styret har vore samansett slik i 2012 :

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Team Hareid Trygg Heime

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Sandeid skule SFO Årsplan

Bruk av reiserekning i Agresso

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Søking til skuleåret

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

TO ELLER TRE SLÅTTAR? Vågå 12. des Tor Lunnan, Nibio Løken

Avlingspotensialet i bygg - Betydning av høstetidspunkt

Kjøring med breie landbruksmaskiner på offentleg veg - uttale frå Maskinstasjonforeninga Rogaland

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Transkript:

Norsk Gudbrandsdalen Landbruksrådgiving Medlemsskriv nr 5 - november 2012 - Årgang 12 Innhald Invitasjon til grovfôrmøter... s 3 Invitasjon til møter om jordpakking... s 4 Invitasjon til Ny bonde - kurs... s 4 Styrking av økonomien - nytt rådgjevingstilbod... s 5 Tid for KSL eigenrevisjon... s 5 Informasjon frå NLR Gudbrandsdalen...s 6-7 Bra oppmøte på pløyedagen i Skjåk... s 7 Såkorn for sesongen 2013... s 8 Kva lærte vi etter kornsesongen 2012?... s 8 Gjødselpriser... s 9 Ta sikkerheita på alvor... s 9 Kalking... s 10 Ugraset må være stort nok ved sprøyting..s 11 Beiterydding på Norges tak Attgroing er stadig eit tema i ymse media. Mange pratar om det, men få tek skikkeleg tak i «problemet». Eigentleg er attgroing ein prosess som starta etter siste istid og framleis går sin gang. Prosessen har så absolutt vore påverka av menneskja sin bruk av naturen. Ein som verkeleg tek tak er Laurits Fokstugu på Dovrefjell. Fokstugu er i vår målestokk ei stor einheit når det gjeld areal i tilknyting til husa på garden. Fleire hundre mål er inngjerda, delvis dyrka mark, delvis beite og ein del urørt areal av ymse bonitetar. Fokstugu er ein saugard med 200-250 vf. Det meste av beita brukar sauen slik dei er i dag. Laurits har i fleire år drivi maskinell riving av einer med godt resultat. Men det er tidkrevjande. Eineren er heller ikkje lokalisert på dei areala som har størst potensiale for godt beite. Derimot er store areal med tidlegare beiter tilgrodd med halvhøg vier og småbjørk. Ein del av dei turrlendte delane blir dominert av dvergbjørk. Areal med dvergbjørk. Alle foto: Sigurd Eggen Tiltak mot attgroing Landbruksrådgivinga vart i sommar invitert med

Areal med vier, dvergbjørk og småbjørk. Ei køyring i sort sett dvergbjørk. Store bjørk i nedkant og vegetasjon mot gamal mur er behalde. Knusing av vier og småbjørk. på befaring i dei aktuelle områda på garden. Det var utvilsamt ei omfattande attgroing der nemnde vekstar dominerte. Det var tydelege spor i landskapet av at areala var rydda på eit tidspunkt. Murar og røyser tala sitt tydelege språk. Ein ser og godt at beita er nytta slik det er nå, men sauen har problem med å ta seg fram i det tette krattet. Slik blir det berre øyer av beitemark som er tilgjengelege. Manuell rydding på slikt smått kratt er uoverkommeleg i dag. Det blir tidkrevjande og dyrt. Grunneigar og rådgjevar vart difor rimeleg fort einige om at løysinga måtte liggje i maskinell behandling. For det meste såg det og ut til å vera bra tilhøve for å køyre med traktor. Laurits Fokstugu ein 2 handlingens mann. Alt i haust vart maskin rekvirert og køyrt på ca. 40 daa. Utstyret som vart valt, var ein robust AHWI krattknusar montert på stor traktor. (Sjå gudbrandsdalen.lr.no/2011/11902/). Resultata etter ei køyring er svært lovande. Utfordringa ligg i neste omgang i å etablere gode beiteplanter. Forsøksvis vil det bli utprøvd både isåing av beitefrøblandingar og i tillegg la naturen gå sin gang med eigen frøbank. Målet for både gardbrukar og rådgjeving er å auka beitearealet, samtidig som ein ivaretek det unike landskapet som Dovrefjell er. Det blir avgjort meir om prosjektet neste sesong. Sigurd Eggen

FAGMØTER Grovfôr og økonomi Tirsdag 6. november kl. 11.0 Vin samdrift, Venabygd kl. 19.0 Vågå Hotell Onsdag 7. november kl. 11.00 Lom og Skjåk Ysteri Tema: - Grovfôrkvalitet - Avlingsnivå - Produksjonskostnad - Hvordan tilpasse rådgivinga best mulig Målgruppe: Gårdbrukere (melkeprodusenter, kjøttprodusenter sau/storfe, andre grovfôrprodusenter) og andre interesserte Program: Velkommen, møteinfo og presentasjon av innledere. Tolking av surfôranalyser ved hjelp av Surfôrtolken, v/lise Austrheim, NLR Hordaland. Bruk av surfôranalyser i fôrdyrkingsrådgivingen, og litt om resultatene fra 2012, v/lise Austrheim. Hva viser surfôranalyser for distriktet ved NLR Gudbrandsdalen. Hva betyr godt og nok grovfôr for økonomien, v/ Bart van Gool, NLR Hordaland. Økonomisk vurdering av dagens produksjonsopplegg sammenlignet med alternative produksjonsopplegg, grovfôrkostnader, v/bart van Gool. Rådgivingsopplegg Lise Austrheim og Bart van Gool fra NLR Hordaland vil presentere eget rådgivingsopplegg på fagmøtene i Gudbrandsdalen. Opplegget har fått god oppslutning blant gårdbrukerne på Vestlandet. Målet er å finne forbedringsmuligheter i grovfôrproduksjonen (avling, kvalitet, økonomi) og tilpasse ønsket rådgiving på dette fagområdet. I programmet Surfôrtolken ser de etter mulige forbedringspotensialer i grovfôrproduksjonen/grovfôrkvaliteten med bakgrunn i fôranalyser. Brukerne tar med egne fôranalyser, de legges inn i programmet og det blir en realistisk demonstrasjon på møtene. Ved hjelp av et eget driftsplanprogram, settes enkelt opp alternative driftsopplegg (driftsomfang, dyreslag, konvensjonelt/økologisk) med økonomiske utslag. I surfôrtolken gjøres også en effektiv beregning av gårdens avlingsnivå (FEm/dekar). Beregningene kombineres med gårdsbesøk i vekstsesongen. Med programmet Surfôrtolken kan en se mulige forbedringspotensialer i grovfôrproduksjonen med bakgrunn i fôranalyser. Foto: Jan-Erik Mæhlum Pris: 200 kroner for medlemmer, inkl. servering. Andre: 400 kroner. Vel møtt til interessante fagmøter! Arr.: Norsk Landbruksrådgiving Gudbrandsdalen med økonomisk støtte fra Oppland fylkeskommune

Fagmøter med tema jordpakking Mandag 19. november, foredrag ved Kjell Mangerud Joratunet, Dombås kl. 11.00 Tunet kro (tidl. Kvitfjelltunet), Fåvang kl. 19.0 Tema: - Jordpakking - Totalvekt - Hjulutrustning - Dekkvalg - Riktig bruk og innstilling av maskiner og redskap Etter nok en regnfull sommer, blir det mer og mer viktig å tenke forebyggende i forhold til jordpakking og jordstruktur som går ut over næringsopptak og avling. Kjell Mangerud er en travel pensjonist som er kjent for de fleste, og han kommer og vil dele sine erfaringer med oss. Dette er et tema han kan mye om og som han brenner for. Så møt opp på disse fagmøtene. Mangerud er svært etterspurt og det er ikke sikkert han har tid til flere slike oppdrag i vår region framover. På dette fagmøtet blir det garantert flere gode og nyttige agronomiske tips å ta med seg til en ny sesong. Pris: 200 kroner for medlemmer, inkl. servering. Andre: 400 kroner. Vel møtt til interessante fagmøter! Møt opp på fagmøtet for å få gode og nyttige agronomiske tips å ta med seg til en ny sesong. Foto: Jan-Erik Mæhlum Arr.: Norsk Landbruksrådgiving Gudbrandsdalen med økonomisk støtte fra Oppland fylkeskommune Ny Bonde kveldskurs Vi kom i gang med det første kurset på Joratunet den 23. oktober. Første dagen var vellykka med aktive deltakarar og gode samtaler. Deltakarane var så ivrige at det vart nærare ein time på overtid med god fagleg prat. Vi har planer om å få til eit kurs for Ottadalen også, men her er berre to som har meldt seg på. Vi vil derfor satse på at dette kurset skal gå på ein laurdag og to kveldar for at dei som har arbeid ved sidan av bruket også kan delta. Kurset er planlagt arrangert i Vågå, men vert det fleire deltakarar frå Midt-dalen så vil vi legge kurset til Otta. Sjølv om kurset heiter Ny Bonde så er stoffet aktuelt for dei som har vore i næringa nokre år også. Det er blant anna greitt å utveksle erfaring frå oppstartfasa med dei som har nokre år på baken. Stoffet utanom oppstartfasa er like veleigna for dei som har drivi nokre år som det er for heilt nystarta brukarar. Kurset her vil verta korrigert og supplert ut i frå erfaringane frå det første kurset. Interessert? Meir informasjon om programmet finn du på vår heimeside : http://gudbrandsdalen.lr.no. Påmelding kan du sende til gudbrand.hyrve@lr.no eller 909 14 142. Pris: 1500 kr. for medlemmar inkl. servering. Andre: 2500 kr. 300 kr. for deltakar nr. to frå same gard. Arr.: Norsk Landbruksrådgiving Gudbrandsdalen med økonomisk støtte fra Oppland fylkeskommune

Styrking av økonomien - nytt rådgjevingstilbod Bruksgranskingane hos Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), syner at det er stor forskjell på driftsoverskot og vederlag til arbeid og eigenkapital på bruk med likt driftsomfang og produksjon. Som eksempel syner Driftsgranskingane på bruk mellom 200 og 300 dekar at den tredjedelen som har dårlegast resultat, berre har 58 % av snittet til den tredjedelen som har best resultat. På saubruka er variasjonane enda større. Vederlaget til arbeid og eigenkapital pr. årsverk for den dårlegaste tredjedelen av saubruk mellom 100 og 200 dekar, er berre 9 % av det den beste tredjedelen oppnår. Årsaka til desse store variasjonane kjem som regel av lågare inntekt og større variable og faste kostnader. NLR Bedre Bunnlinje Det har vore skrevet om prosjektet NLR Bedre Bunnlinje i media det siste året. For dei fleste er vel dette eit lite kjent prosjekt, men vi skal prøve og gje ei innsikt her. Målet for prosjektet er ei gjennomgåande økonomisk og produksjonsfagleg rådgjeving som skal styrke økonomien på bruka gjennom reduserte kostnader og auka inntening. Ein vil sjå på økonomi og agronomi i ein samanheng for å styrke drifta. Det er 30 bruk på landsbasis som har vore med på eit pilotprosjekt siste året og som har fått støtte til gjennomgang av drifta på bruket. Desse har vore med på å skape ein mal for opplegget, men det Tid for KSL eigenrevisjon Den nye KSL- standarden frå KSL- Matmerk er nå klar. KSL eigenrevisjon skal utførast ein gong kvar 12. månad, når på året bestemmer ein sjølv. Dei som har nytta den elektroniske versjonen av KSL eigenrevisjon får ikkje tilsendt KSL sjekklistene i posten. Enklaste måten å utføre eigenrevisjon på, er å gå inn på Matmerk si nettside, vel KSL og logge seg inn med brukarnamn, som er det 10-siffra produsentnummeret ein har, samt passord. Har du ikkje er viktig at dette skal vere eit individuelt opplegg tilpassa kvar enkelt. Lågterskeltilbod NLR Bedre Bunnlinje skal vera eit lågterskeltilbod innan økonomisk rådgjeving med gjennomsnittsbonden som målgruppe. Prosjektet skal ha ein sterk fokus på botnlina med mål om minst kr 20 000 i reduserte kostnader eller auka inntening for deltakaren. NLR Bedre Bunnlinje er eit opplegg som krev ein del arbeid både av gardbrukaren sjølv og av rådgjevarane. Det er stipulert rundt 20 timer arbeid for rådgjevarane for kvart bruk. I dette inngår: Kartlegge ressursane i verksemda Sette opp visjon for gardsbruket Drøfte og formulere strategiske mål for bruket Gjennomgå utaforliggjande faktorar Revurdere oversikt over strategiske mål og tiltak Utarbeide ei prioritering av innsatsfaktorane Utarbeide handlingsplanar Det vil bli nytta eit tverrfagleg spekter av rådgjevarar frå NLR, Tine, Nortura, Skogeigarsamvirke med fleire ved gjennomføring av handlingsplanen. Det er sett av midlar i jordbruksoppgjøret til prosjektet slik at eigendelen i finansieringa er låg. Interessert? Ordinær pris på NLR Bedre Bunnlinje er kr 15.500, men i 2013 er det kampanje på kr 5000 for eit vist tal brukarar. Påmelding til prosjektet skjer til NLR Gudbrandsdalen på adressa gudbrand.hyrve@lr.no eller tlf. 909 14 142. Gudbrand Hyrve passord, så ber du om å få det tilsendt. Brukarnamn og passord er nå vorte ei forenkla og felles innloggingsteneste for mange av web-tenestene for landbruket, slik som slakteweb, Husdyrkontrollen osv. Hugs å fylle ut alle sjekklistene som gjeld din gard, det vil seie sjekklista Generelle krav til garden, samt sjekklistene for alle dei produksjonane du har. Når alt er fylt ut, er det viktig å gi melding attende om at eigenrevisjonen er utført. Det ligger brukarrettleiing på sida for korleis dette kan gjerast. Ingebjørg Ekre 5

Informasjon om 2686 Lom Telefon: 954 06 419 E-post: gudbrandsdalen@lr.no Heimeside: http://gudbrandsdalen.lr.no Alle våre rådgivarar har grunnkunskap om plantedyrking. Fagområda som er sett opp nedanfor, er kvar enkelt sitt spesialområde. Rønnaug Mona; 954 06 419 dagleg leiar ronnaug.mona@lr.no Bjørn Lilleeng; 975 68 008 grovfôr, gjødslingsplanlegging bjorn.lilleeng@lr.no Eivind Bergseth; 952 00 352 korn, teknikk eivind.bergseth@lr.no Ingebjørg Ekre; 416 44 625 gjødslingsplan, miljøplan ingebjorg.ekre@lr.no Leif Martin Svisdal; 917 84 188 grovfôr, vånd leif.martin.svisdal@lr.no Jan-Erik Mæhlum; 975 51 501 potet, grovfôr, økologisk landbruk jem@lr.no Sigurd Eggen; 922 41 345 gjødslingsplan, miljøplan, BSF, KSL, hest sigurd.eggen@lr.no Hege Sundet; 952 08 633 Redaktør fagbladet Økologisk Landbruk hege.sundet@lr.no Gudbrand Hyrve; 909 14 142 økonomi gudbrand.hyrve@lr.no Oddvar Eriksen; 970 84 251 innleid konsulent økonomi oddvar.eriksen@lr.no Medlemstilbod Som medlem i NLR Gudbrandsdalen, har du tilbod om å kjøpe tenester av oss til medlemspris. Hugs, det er pengar å spare på god rådgiving! Vi tek 400 kr/time, tida vi nyttar på reise er gratis. Ikkje-medlemmar betaler 700 kr/time. Tenester til timepris Økonomirådgiving, Miljøplan/Kulturlandskap, KSL, Grøfteplanlegging, Søknader, Anna rådgiving etter ønskje. Tenester til fastpris for medlemmar - Gjødslingsplan fakturerast etter bestillingsdato: * før 1. desember: 200 kr + 25 kr/skifte * 1. desember-31. januar: 300 kr + 25 kr/skifte * etter 31. januar: 400 kr + 25 kr/skifte - Uttak av fôrprøver, 1 gratis besøk, 400 kr for neste besøk. Analysene kostar de sjølve. Vi kan også veie ballene. - Funksjonstesting av åkersprøyter, 1.700 kr - Økologiske rådgivingstimar, 100 kr/time Økologisk førsteråd Dette er ei uforpliktande vurdering av føresetnadane for omlegging til økologisk drift på din gard. Byggteknisk planlegging Landbruksrådgivinga har overteke denne tenesta frå FMLA. Vi samarbeider med Hedmark Landbruksrådgiving om dette tilbodet. Ring grønt nr 800 30 678. Bestill gjødslingsplan før 1. desember! Vi minner om at bestillingsdato avgjer kva de må betale for gjødslingsplanen. Prisane blir som følgjer: Bestilt før 1. desember: Bestilt 1. des. - 31. jan.: Bestilt etter 31. januar: 200 kr + 25 kr/skifte 300 kr + 25 kr/skifte 400 kr + 25 kr/skifte Vi har prisdifferensiering for å få til ei jamnare fordeling på gjødslingsplanlegginga i vinterhalvåret slik at alle kan få gjødslingsplan til rett tid. Vi håpar også at tidleg gjødslingsplanlegging fører til at fleire ventar med å kjøpe inn gjødsel til gjødselplanen er lagt. Redaktør/layout: Rønnaug Mona, tlf. 954 06 419

Bra oppmøte på pløyedagen i Skjåk 25 gardbrukere deltok på pløyedagen i Skjåk 8. oktober og sju ploger ble stilt inn så godt som mulig under kyndig veiledning av Kjell Mangerud. NLR Gudbrandsdalen vil gjerne takke Tor Inge Bårdseng og Jan Ove Dagsgard som stilte areal og utstyr til disposisjon. All jordarbeiding skal ha som formål å bedre vekstforholda for kulturplantene. Rett utført jordarbeiding er enormt viktig for å få optimal effekt mot rotugras. Pløying legger grunnlag for såbedet og er i seg sjøl et svært viktig ugrastiltak, vel å merke når plogen har riktig utstyr og er riktig innstilt. De aller fleste har en plog som kan innstilles litt bedre. Riktig pløying, slik at det er fullstendig gjennomskjæring, at alle velter er like brede og høge osv. er viktig for at alle etterfølgende arbeidsoperasjoner som slodding, harving, såing og senere ugrasharving og radrensing, skal bli optimal. Pløyinga må utføres når jorda er lagelig for å redusere faren for jordpakking. Pløyehefte Kjell Mangerud har skrevet et fyldig temahefte om Det var stor interesse i Skjåk for å lære mer om rett innstilling av plogen. Foto: Jan-Erik Mæhlum pløying. Alle pløyekursene for praktiske bønder har gitt erfaring i hva som må til for å få til en agronomisk riktig pløying. Dette heftet kan brukes av alle fordi utstyr, vedlikehold og innstilling i hovedsak er det samme om en har stor eller liten plog. Vi har et lite opplag av heftet som vi selger for 60 kr. pr stk. Interesserte kan henvende seg til oss, her er mange nyttige tips! Jan-Erik Mæhlum Husk gode fôranalyser Har du større partier med grovfôr med noenlunde lik høstetid, bør du koste på deg noen prøver av fôret. Mange aktører kan hjelpe deg med dette; Kraftfôrleverandører, meieri og oss i Landbruksrådgivinga. Du kan også ta ut disse ved innkjøring av rundballer, silohiv e.l. Vi har konvolutter og rekvisisjonsskjema. For medlemmene i Landbruksrådgivinga er første uttak gratis. Også uttak der vi både tar prøver av fôret og veier ballene er gratis. Dere må koste anslyseutgiftene. Som vi har nevnt tidligere, bør analyser av fôret og veging av rundballene være obligatorisk ved kjøp og salg av grovfôr. I fjor ble noe grovfôr omsatt for 4,17 kr/fem inkl. frakt. Prisen på kraftfôr er på kr 3 og oppover. Skifteplan mobil Skifteplan mobil gjer det nå mogleg for rådgjevar å sende gjødslingsplanen direkte til din mobil. Skifteplan mobil kan opnas på smarttelefon/nettbrett, og gjødslingsplanen er da tilgjengeleg til kvar tid. Den gir oversikt over skifter med jordanalyser, samt vekst, såmengde og gjødsling på dei ulike skifta i vekståret. Denne «innsynsversjonen» er gratis. Viss du er interessert i å prøve Skifteplan mobil, kontakt rådgjevaren din for å få link, passord, samt opplysningar om pålogging. Viss det er ønskjeleg, kan ein også bestille mobil lisens, og få tilgang til å registrere endringar. Denne «fullversjonen» kostar kr. 400 pr. år.

Såkorn for sesongen 2013 Det er meir norsk såkorn på marknaden i år enn førre hausten, men for å vere sikker på å få tak i det ein ønskjer, bør ein vere ute i god tid med bestillinga. Det er noe variabelt om ei får tak i 40 kg sekk før nyttår, men det skal pakkast meir sekk etter denne tida. Dei to hovudleverandørane av såkorn i Gudbrandsdalen er Norgesfôr og Felleskjøpet Agri. Foto: Øyann E. Brandstad Bygg Tiril er den tidlegaste byggsorten vi kan få tak i med ei veksttid på 101 døgn. Tiril har god stråstyrke, men er noe utsatt for stråknekk. Resistens mot grå augflekk er nedbrote. Svært aktuell ved sein såing etter vårsprøyting med roundup. Såmengde 18-20 kg/daa. Brage er ein ny og lovande 6-radssort med veksttid på 104 dagar og har god resistens mot grå augeflekk og andre soppsjukdomar. God stråstyrke og bra hl-vekt. Såmengde 18-20 kg/daa. Heder er ein svært stråstiv 6-radssort med same veksttid som Brage. Sterk mot byggbrunflekk, men svak mot spragleflekk. Såmengde 19-22 kg/daa. Edel er ein gamal og kjent 6-radssort med 108 dagar veksttid slik som Tyra. Edel kan gi stor avling, men krev intensivt plantevern. Såmengde 19-21 kg/daa. Tyra er også gamal og sikker og det er mange som fortsatt bruker denne 2-radssorten. Moderat resistens mot sjukdommar og god stråstyrke er karakteristisk for Tyra. Såmengde 21-23 kg7daa. Iver har veksttid på 109 dagar og har konkurrert med Tyra om litt betre avling. Likeeins som Tyra vil sorten ha god jord. Såmengde på 21-24 kg. Marigold har veksttid på 110 dagar og er sterk både mot grå augeflekk og byggbrunflekk. Konkurrere godt med dei andre seine 2-radssortane i avling. Såmengde på 21-23 kg/daa. Helium har veksttid på 112 dagar og har gjort det godt på mange gardar i området vårt. Sorten har god stråstyrke og stråkvalitet og den er storkorna så det krevst 23-26 kg/daa. Simba er ein svært avlingsrik sort med same veksttid som Helium. Såmengde på 22-24 kg/daa. Iron er den sorten som har gitt størst avling dei siste åra i norske forsøk. Veksttida er 113 dagar. Stråkvalitet og stråstyrke er på topp. Såmengde på 22-24 kg/daa. Havre Hurdal har veksttid på 108 dagar, har noe svakt strå og må vekstregulerast for å hindre legde. Såmengde på 19-21 kg/daa. Haga er 1 dag seinare enn Hurdal og er snart på grensa for å bli modent hos oss viss vi får ein ny dårleg sommar i 2013. Sorten har bra stråstyrke. Såmengde på 19-22 kg/daa. Vårkveite Bjarne er den mest aktuelle vårkveitesorten for oss. Han har kort strå og er svært stråstiv. Falltalet held seg godt ved utsatt hausting. Bjarne er svært yterik, men må passast mot septoria. Såmengde 21-23 kg/daa. Eivind Bergseth Kva lærte vi etter kornsesongen 2012? 1. Viss vi får fleire slike kjølege og våte somrar, bør vi vurdere om vi skal velje sortar med stuttare veksttid på noe av kornarealet. For dei fleste vart skuronna 2-2,5 veker seinare enn normalt, og mange måtte treske med høgare vassprosent enn vanleg og fekk dermed meir tørkeutgifter. 2. Ein del produsentar venta ikkje lenge nok med våronna slik at jorda vart ikkje lagleg for god spiring og busking av kornet. Jorda vart for tett, hadde liten luftveksling og dårleg dreneringsevne. Jordstrukturen vart altså sterkt skadd ved for tidleg jordarbeiding. 3. Etter diskusjon med produsentar etter innhausting, har vi konstatert at dei som fekk dei største avlingane, hadde vore nøye med å følgje opp med rett plantevern i sesongen. Soppsprøyting har i mange høve gitt over 100 kg meiravling. Likeeins har sprøyting mot bladminerflue hatt god effekt der angrepa har vore store. Eivind Bergseth

Gjødselpriser Felleskjøpet har kommet med sine priser på gjødsel for oktober, se tabell. Vi har ikke hentet inn priser fra Norgesfôr eller de private aktørene. Endringene fra 2011 er ikke store. Fullgjødsel 18-3-15 og 19-4-12 er relativ dyre og bør brukes på næringsfattig jord eller der en kan ta svært store avlinger. Legg merke til forskjell i pris på 22-3-10 og 22-2-12. 22-2-12 er dyrere enn 22-3-10. Årsaken til dette kjenner vi ikke. Forskjellen mellom Opti-KAS (den gamle kalkammon-salpeteren) og Opti-NS er så liten at vi ofte velger Opti-NS. Du får da alltid med noe svovel. Svovel er trolig et undervurdert næringsemne for plantene. Legg også merke til NPK 27-3-5. Dette er russisk gjødsel, men den kalles ikke fullgjødsel da den ikke inneholder bor, kalsium eller magnesium. Den inneholder kun 2 % svovel. Bruker du 12 kg N om våren i form av 27-3-5, får du kun 0,9 kg svovel/ daa. Dette er i følge Hans Stabbetorp for lite. Han sa: «Bruk alltid minst 1,5 kg S om våren og du kan glemme problemet med svovelmangel». NPK 27-3-5 er derfor mer aktuell til 2.slått enn til vårgjødsling. Kalksalpeter er fortsatt relativ dyr og er vel egentlig mest aktuell som spesialgjødsel til grønnsaker, kanskje poteter. Fullgjødsel 25-2-6 er et billigere alternativ enn kalksalpeter. Tabell. FK sine gjødselpriser for oktober. Legg merke til at i prisen pr kg N, har vi lagt på 30 øre i frakt pr kg. I tillegg kommer termintillegg. Gjødseltype Fullgj 18-3-15 19-4-12 21-3-8 Selen 22-2-12 22-3-10 25-2-6 Opti-KAS Opti-NS Kalksalpeter Pris pr kg vare Kambo 3,85 3,87 4,00 3,64 3,49 3,29 2,67 2,76 2,20 Pris pr kg N inkl 30 øre frakt 23,58 22,42 20,48 18,24 17,55 14,59 11,00 11,33 16,13 NPK 27-3-5 3,10 12,73 I oversikten har jeg ikke satt opp urea. Urea er en billig nitrogenkilde. Hvis du vatner eller er garantert regn rett etter spredning, kan du velge urea. Hvis ikke kan nitrogentapet til lufta bli svært stort og du får avlingsreduksjon. Pass da på ph. Urea senker ph i jorda mer enn andre gjødselslag. Bjørn Lilleeng Ta sikkerheita på alvor Førebygging av uønskte hendingar og tiltak viss ulykker skjer, var nokre tema på fagdagen på Vinstra 11. oktober. Eit av tema var helse, miljø og tryggleik i landbruket. Hensikta med HMS på ein gard er mellom anna å drive førebygging slik at ikkje uønskte hendingar skjer. Døme her er å ha rekkverk på låvebru for å hindre utforkjøring eller fallulykker om nokon trør utfor. Hindring av brann er mellom anna å ha kontroll på det elektriske anlegget med jamne mellomrom. Viktige tiltak ved brann Viss brann startar, er det svært viktig å ha klare planar og ha gjort øvingar slik at alle veit korleis ein skal reagere. Det bør vere avtalt møteplass etter evakuering av bolighus slik at ein fort får oversikt over kven som har fått redda seg ut. Å redde ut dyr kan vere ein svært farleg operasjon som ein ikkje må starte med åleine. Branngassane kan vere livsfarleg. Vi kan sløkke brannar vi oppdagar på eit tidleg stadium. Brannvarslingsanlegg er viktig for å ha sjanse til å greie dette. Det er viktig at ein har nok sløkkeutstyr plassert rett. Det er også eit viktig tiltak å sette opp kart og lister over kor ting er på garden som er viktig i akutte situasjonar som sjukdom og brann. Eksempel på viktige faktorar er inntaksskåp for elektrisitet, hovudstoppekran for vatn, kven skal varslast osv. Forsikring Ein veit aldri kva som kan skje og difor er det viktig å ha god dekning på både hus og utstyr samt liv og helse. Forsikring kan vere dyrt, men viss uhellet er ute og ein står utan dekning, så ligg ein dårleg an. 9

Demonstrasjon av rundballer møter personbil. Legg merke til stroppinga av rundballane. Her er ikkje lasten sikra framover. I og med at både henger og bil står stille blir skadene vesentleg mindre enn om begge hadde vore i fart. Foto: Anne Berit Grasbakken Traktor og vegtrafikk Det vart sterkt presisert frå Vegvesenet si side kor viktig det er at traktorføraren følgjer med og slepper forbi trafikk frå bak der dette er mogeleg. Ein er pliktig til å oppføre seg slik at ein ikkje hindrar andre trafikantar. Det vart lagt stor vekt på kjøring med lastar på traktoren. Einaste reiskapen det er lovleg å ha montert på etter veg, er skuffe. Rundballepigg og pallegaffel er strengt forbodet. Det er også ulovleg å transportere rundballar på pigg enten det er framme eller bak. Ved rundballekjøring på tilhengar, er det svært viktig at lasset er godt sikra med skadefrie lastestroppar. Hugs også på kravet til førarkort ved kjøring med traktorar som går 50 km i timen. Eivind Bergseth Kalking Vi vil med dette enda ein gong minne om kor viktig det er å kalke slik at planterøtene kan vekse i jord med optimal surleiksgrad eller ph. Gras trivst best ved ph rundt 6,0, men tåler at den søkk ned til ph 5,5. Når ph-verdet kjem under dette nivået, vil dei grasartane vi ønskjer i enga gå fort ut og ugras vil ta over. For 2-rads bygg er det uråd å få topp avling dersom ph kjem under 6,0. Den kan gjerne kome opp i 6,5, men på lette sandjordartar kan det da bli manganmangel. 6-rads bygg tåler litt lågare ph, men heller ikkje her bør verdien kome under 6,0. Havre tåler at ph-verdien kjem under 6,0, men ikkje under 5,5. Potet vil ikkje ha høg ph-verdi og bør ligge under 6,0, men ikkje under 5,5. 10 Betrar veksevilkåra Kalking fører til at jorda dannar aggregat eller fnokkar seg. Dette gjer at jorda blir open og får ein «lett» struktur. Dette gir god luftveksling og rask drenering av overskotsvatn etter nedbør. Røtene får gode veksevilkår og plantane veks godt. Dessutan vil sur jord virke slik at det blir mykje frie aluminiums og jarnionar i jordvæska, noe som verkar giftig på planterøtene. Dei blir stutte og tjukke, får dårleg evne til å bre seg utover i jorda og blir dårlege til å ta opp næringsstoffa. Kor mykje kalk? Ein grov tommelfingerregel seier at 100 kg kalk hever ph med 0,1 eining. Her kan det vere stor variasjon mellom tunge og lette jordartar pga. ulik bufferevne i jorda. Det trengst minst kalk på lett sandjord og mest på moldrik stiv leire. Får å kjenne tilstanden i jorda må det tas jordprøver. Da kan vi planlegge kalking når vi legg gjødslingsplan. Eivind Bergseth

Ugraset må være stort nok ved glyfosatsprøyting! Erfaring fra siste vekstsesong viser at noen medlemmer har opplevd at kveke og andre ugras har overlevd sprøytinga med glyfosat. Dette til tross for at de brukte ei økt dose med glyfosat. Hvorfor kom kveka tilbake? Den viktigste grunnen er nok at kveka var for kort ved sprøyting. Hvis en ser på saftstrømmen i kveka om våren og etter slått, vil denne gå fra rot til blad inntil kveka har fått 3 ½ blad. Da snur strømmen og planta begynner å bygge opp igjen næringsreservene i rot og underjordiske stengelutløpere. Andre planter som høymol og løvetann har samme mønster. Skal en få god nok effekt mot ugraset må en vente til plantene er store nok. Høymola må ha nådd «rosettstadiet». Sprøyt aldri gammelenga med glyfosat 14 dager etter slått. Da vil ugraset komme tilbake! Gunstig sprøytetid mot løvetann og høymol er litt etter «rotløsuka» Det er ikke godt nok om du får drept 70 % av kveka eller høymola dersom 30 % overlever. Høymola må ha nådd «rosettstadiet» før ein kan sprøyte. Foto: Bjørn Lilleeng Forsikringer for landbruket - litt bedre, litt nærmere Forsøk med sprøyting Rolf Skuterud er en av høvdingene innen plantevern i Norge. Han gjorde mange forsøk med sprøyting med bl.a. glyfosat. En oppsummering av 100 forsøk er vist i tabellen. Tabellen viser at det svært viktig å vente til kveka har minst 4 blad før sprøyting. Kveka bør da være minst 25 cm høy. Kanskje er 3 ½-bladstadiet for tidlig også. Husk at det er lett å få god virkning på de største planene, mens de minste både har for lite bladareal slik at de ikke får tatt opp nok middel, og at saftstrømmen kun går oppover til bladene. Tabell. Antall lysskudd av kveke pr kvadratmeter etter ulik utviklingsgrad. Utvikling av kveka: Usprøyta Glyfosat Færre enn 3 blad/kveke 234 80 Mer enn 3 blad/kveke 234 53 Kg bygg/daa 311 377 Bank. Forsikring. Og deg. Bjørn Lilleeng 11

Retur og utgjevaradresse: NLR Gudbrandsdalen, 2686 LOM Kjøp Ensil i bulk nå i høst - svært gode betingelser! Ensileringsmidler tar vare på fôrverdien og øker utbyttet fra grovfôret. Spesielt fett og protein % i melka øker ved et godt gjæret surfôr. Felleskjøpet vil i høst tilby Ensil midlene levert i bulk med tankbil direkte på gård for fylling på fat og IBC/pallekonteiner. Minstevolumet er 2000 liter pr stopp. Ta kontakt med din fagkonsulent, nærmeste Felleskjøpet butikk/forhandler eller kundetjenesten på tlf.: 800 800 99. Ved bestilling før 1. desember vil ensileringsmidlene leveres innen 31. desember 2012 www.felleskjopet.no DG-TRYKK, Tretten, tlf. 61 27 73 50