Kor stor er bustaden din? Ny likningsverdi på bustadeigedomar
Kor stor er bustaden din? Ein ny metode for fastsetjing av likningsverdien på bustader er innført frå og med inntektsåret 2010. Føremålet med endringa er å skape betre samanheng mellom likningsverdien og omsetjingsverdien på bustader. Dei nye reglane gjeld for alle bustader med unntak for våningshus, bustader i utlandet, bustader på Svalbard og fritidsbustader. Kva tyder dette for bustadeigarar? Alle bustadeigarar må rapportere opplysningar om bustaden sin til Skatteetaten. Kva for opplysningar skal Skatteetaten ha? Alle bustadeigarar skal gje opplysningar om: Bustadareal (P-ROM eller BOA) Byggjeår Bustadtype Desse opplysningane vil danne grunnlaget for den nye likningsverdien. Opplysningar om arealet og byggjeåret finn du til dømes i salsoppgåver og takstdokument. Sjå skatteetaten.no/boligverdi for informasjon om korleis du måler arealet i bustaden din. Viss du eig ein bustad saman med ein eller fleire og det berre skal opplysast om areal, vil det vere nok at éin av eigarane rapporterer opplysningane. Hugs å sende inn: Bustadareal (P-ROM eller BOA) Byggjeår Bustadtype
Kva hender dersom du ikkje sender inn opplysningane? Dersom opplysningane ikkje er gjevne innan fristen for å levere sjølvmeldinga, kan Skatteetaten fastsetje likningsverdien etter skjønn og eventuelt vurdere å påleggje tilleggsskatt. Korleis sender du inn opplysningane? Elektronisk på skatteetaten.no SMS Papirskjemaet du får i posten kan sendast inn eller leverast på skattekontoret. Korleis blir den nye likningsverdien rekna ut? Likningsverdien blir fastsett med utgangspunkt i ein Kvadratmeterpris som Statistisk sentralbyrå (SSB) rekner. Kvadratmeterprisen skal gje uttrykk for det som blir rekna for å vere marknadsverdi per kvadratmeter, og byggjer på statistiske opplysningar om selde bustader (bustadtype, areal, stad og alder). Det blir òg teke omsyn til om bustaden ligg i eit område med tett eller spreidd busetnad. Ut frå kvadratmeterprisen til SSB fastsetjar Skatteetaten årlege kvadratmetersatsar. Desse satsane vil utgjere 25 prosent av kvadratmeterprisen for primærbustader (der bustadeigaren er folkeregistrert pr. 1. januar) og 40 prosent for sekundærbustader (alle andre bustader). Likningsverdien vert rekna ut ved å multiplisere kvadratmetersatsen med arealet (P-ROM/BOA) til bustaden.
Nyttige definisjonar Primærrom (P-ROM) Alle bustadeigarar blir bedne om å sende inn opplysningar om det primære arealet til bustaden (P-ROM). P-ROM er alt som kan definerast som opphaldsrom i bustaden din, til dømes stove, kjøken, soverom, bad, vaskerom og entré. Ein må kunne kome til P-ROM via dør eller trapp. Garasje, uinnreidde kjellarrom/loft, buer og andre oppbevaringsrom blir ikkje rekna som P-ROM. Buareal (BOA) Dersom du ikkje har opplysningar om P-ROM, kan du gje opp BOA. BOA er arealet i hovuddelen av bustaden, dvs. dei same romma som blir kalla P-ROM. Andre delar av bustaden kan òg reknast som BOA, avhengig av materialbruken i romma, typisk buer med tapet og parkett. Ofte utgjer P-ROM og BOA tilnærma same arealet. Einebustad Ein einebustad er eit bustadbygg som er meint for eitt hushald, til dømes frittståande hus, villaer o.l. Småhus Småhus er bustader som er fysisk bundne saman ved at dei har minst éin felles vegg, eventuelt felles golv/tak, med nabobustaden. Dette vil typisk vere rekkehus og tomannsbustader. Einebustader i rekkje/kjede blir òg rekna som småhus. Leilegheit Ei leilegheit er ei bueining i ein bygning med minst to etasjar, tre bueiningar og felles inngang. Dette vil typisk vere blokkleilegheiter og terrasseleilegheiter. Byggjeår Byggjeåret er det året då bustaden blei ferdigstilt. Rehabilitering, oppussing og påbygging endrar ikkje byggjeåret.
Bruk bustadkalkulatoren på skattetaten.no og rekn ut den nye estimerte likningsverdien. Grafisk produksjon/design: RenessanseMedia Bilder: fiskarhedenvillan.se, istockphoto.com Sjå skatteetaten.no/boligverdi for meir informasjon.