Til anbydarane ANBODSINNBYDING INVENTAR OG UTSTYR TIL GAUPNE BARNEHAGE, LUSTER KOMMUNE Luster kommune som tiltakshavar ønskjer anbod på inventar, utstyr og gardiner, basert på denne beskrivelsen og vedlagt inventarliste. For dette innkjøpet gjeld "Forskrift om offentlige anskaffelser av 15. juni 2001 med endring av.; Del I Alminnelige bestemmelser Del III om anskaffelser under terskelverdi Innkjøpet vert gjennomført som open anbodskonkurranse. Levering av anbod Anbod skal leverast med eitt sett av utleverte dokument i komplett utfylt stand. Anbod skal leverast i nøytral og lukka konvolutt merka "Gaupne Barnehage- inventar og utstyr". Anbod skal vere supplert med forpliktande anbodsbrev. Sending pr. telegram, telefax, e-post eller tilsv. vert ikkje godteke som tilbod. Leveringsadresse Postsendt: Arkitektkontoret Erling Haugen AS Pb. 67, 6881 Årdalstangen Levert: Arkitektkontoret Erling Haugen AS Statsråd Evensensveg 3, 6885 Årdalstangen Anbodsfrist Anbodet skal vere oss i hende innan 29.06.2011 kl. 12.00. Postsendt anbod som er levert Posten 24.06.2011 vert akseptert, sjølv om det p.g.a. postgangen ikkje skulle vere kome fram innan fristen. Føresetnaden er at kvittering frå Posten på rett-tidig innlevert sending vert sendt pr. e-post til hanne@aeh.no Årdalstangen, 07.06.2011 Hanne Øren
ANBODSSKJEMA Nedanfor skal fyllast ut opplysningar vedr. kostnader, regulering og vedlegg det er bede om i grunnlaget: Anbodssamandrag Inventar: Sum frå beskrivelse møblar og utstyr eksl. mva:... Rigg og drift møblar og utstyr som spesifisert i anbodsbrev:... Sum: Sum rigg og drift/ eksl. mva:... 25 % mva... Totalsum inkl mva: Regulering av kontraktssum SSB-indeks som anbydar vil nytte ved regulering av kontrakt dersom kontrakt vil strekke seg utover i tid... Side 2 av 7
Vedlegg Anbydar stadfester at følgjande er levert som ein del av anbodet, anten som vedlegg der det er påkreva, eller gjort tydeleg greie for i anbodsbrevet: Beskrivelse med alle prisar og merknader utfylt... Firmaattest... Skatte- og avgiftsattestar (2), nyare enn 6 mnd.... HMT-eigenerklæring... Siste årsberetning, samt nyare, relevante rekneskapstal... Årsrekneskap eller utdrag får dette... Siste års omsetning med relevans til denne kontrakt... Totale bemanning, bemanning for denne kontrakt med CV... Referanseliste for fagkompetanse og levering til tilsv. prosjekt... Prøvar, beskrivelser og/eller prospekter av produkt... Orientering om HMT politikk og KS-system for føretaket... Dokumentasjon og henvisingar for tilbydde produkt... Utgreiing/ spesifisering av kostnader med "rigg og drift"... Leveringstid... Underskrift Underteikna stadfester at anbodet er komplett og gjeve i samsvar med krav stilt i utlevert dokumentasjon: Stad/ dato/ signatur... Side 3 av 7
1. GENERELLE BESTEMMELSAR Orientering om prosjektet Gaupne Barnehage er ein ny 5 avdelingsbarnehage i Gaupne, Luster Kommune. Det er eit resultat av samanslåing av dei to eksisterande barnehagane bygda har i dag. Det vil seie at prosjektet allereie har ein del av inventaret som dei ynskjer å behalde og ta med seg, men kommunen ynskjer samstundes å supplere og kjøpe nytt der det trengs. Det vil og vere viktig å kunne etterbestille og kjøpe nytt ettersom dei ser kva behov dei har når dei få bu seg til. I delar av barnehagen er det teke med kryssfinèr i veggar, i forhold til feste av veggbord eller anna inventar på veggane. Lokalisering Gaupne Barnehage Gardavegen, 6868 Gaupne HMT/ byggjeplassrutinar Anbydar er ansvarleg for alle krav og rutinar for HMT som er knytt til levering/ montering og at dette er med i anbodet. Anbydar må også underordne seg dei rutinane som gjeld for HMT på byggeplassen der han kjem i kontakt med desse, t.d. ved varelevering. Det skal etablerast kontakt mellom valt anbydar og byggjeleiar før levering startar. Framdrift og leveringstider Byggjeleiing Leverandør er ansvarleg for koordinering og framdrift for alle arbeid som inngår i anbodet, og at kostnader for dette er medrekna. Eventuell koordinering/ varsling av elektrikar og røyrleggjar skal også vere medrekna. Søknader og godkjenningar Dersom det er arbeid eller leveransar i anbodet som krev søknader/ godkjenning, skal anbydar ha teke med gjennomføring og alle kostnader for dette. Side 4 av 7
2. KONKURRANSEREGLAR For dette innkjøpet gjeld "Forskrift om offentlige anskaffelser av 15. juni 2001 med endring av. ; dei påfølgjande punkta er presiseringar/ suppleringar til forskriften. Anbodsfrist og -rutine går fram av den innleiande anbodsinnbydinga. Konkurransegrunnlaget Konkurransegrunnlaget består av anbodsskjema, orienterande del med konkurransereglar, beskrivelse (skjema) samt planteikningar for 1.og 2.høgda. Konkurranse grunnlaget vert utsendt digitalt i pdf format. Papirteikningar og planar i dwg format vil bli sendt ut på førespurnad. Utfylling og innlevering av anbodet Anbodet skal vere skriftleg og spesifisert/ dokumentert på ein slik måte at tiltakshavar kan vurdere yting og kvalitet på alle deler i anbodet. Alle einingsprisar skal utfyllast eksl. mva. Mva skal først fyllast ut i summeringa i anbodsskjemaet. Postar som er sett opp med prising i kolonne for "alternativ", skal ikkje vere med i summeringa. Levert og komplett anbod skal ha med følgjande: Forpliktande anbodsbrev med evt. atterhald eller avvik Anbodsskjema med alle postar utfylt Beskrivelse med alle prisar utfylt Firmaattest Skatte- og avgiftsattestar (2), nyare enn 6 mnd. HMT-eigenerklæring Siste årsberetning, samt nyare, relevante rekneskapstal Årsrekneskap eller utdrag får dette Siste års omsetning med relevans til denne kontrakt Totale bemanning, bemanning for denne kontrakt med CV Referanseliste for fagkompetanse og levering til tilsv. prosjekt Prøvar, beskrivelser og/eller prospekter av produkt Orientering om HMT politikk og KS-system for føretaket Dokumentasjon og henvisingar for tilbydde produkt Utgreiing/ spesifisering av kostnader med "rigg og drift" Leveringstid Anbodsopning Anbod vert opna 29.06.2011 kl. 13.00. Opninga er lukka. Protokoll med rekkefølgje, utan prisar eller andre opplysningar, vil bli sendt samtlege anbydarar når opninga er avslutta. Val av anbod Val av anbod skjer ut frå ei samla vurdering av følgjande forhold (kriteria er ikkje vekta eller oppført i prioritert rekkefølgje): Tilbod i høve til kravsspesifikasjonar Prisar og betingelsar Kvalitet, funksjonalitet og fleksibilitet Leveringstid Dokumentasjon Rådgjevingskompetanse Side 5 av 7
Tilråding på leverandør og invitasjon til kontraktstingingar med vedkomande, skal vere klar seinast 22.08.2011. Dokumentasjon i anbodet Det vert lagt vekt på at all informasjon om dei tilbodne produkta generelt er objektiv, eintydig og fullstendig nok til å vere samanlikningsgrunnlag mot andre tilsvarande produkt frå andre leverandørar. Det skal i kommentar-kolonne for kvart produkt/ post i beskrivelse visast til kvar i det leverte materialet informasjon om produktet er å finne. Dokumentasjon skal leverast i papirformat, med evt. referanse til digital info. Synfaring Det vert ikkje halde felles synfaring. Dersom nokon ønskjer å gjere seg kjend med lokala eller anna, må desse sjølve ta kontakt med prosjektleiar; Geir Afdal, Geir.Afdal@luster.kommune.no Spørsmål om grunnlaget o.a. Alle spørsmål vedr. anbodsgrunnlaget, skal rettast til Arkitektkontoret Erling Haugen AS Telefon 57 66 19 02 v/ Hanne Øren (hanne@aeh.no) Eventuelle endringar/ suppleringar vil bli gitt skriftleg til alle anbydarar. Vedståingsfrist Anbydar skal stå ved anbodet i 90 dagar frå fristen. Kontrakt Skriftleg avtale vert inngått i samsvar med NS 8406 eller annan avtale partane vert samde om. Rådgjeving, prosjektering og tilpassing. Det vert forventa at ein del av dei beskrivne komponentar ikkje kan tilbydast nøyaktig etter dei mål og spesifikasjonar som er gjevne i beskrivelsene. Leverandør skal i desse tilfella gje merknad om dette (i respektive post) og vise konkret til kva tilbodet i staden for inneheld. Det vert stilt krav til at leverandør skal levere fagleg bistand til tiltakshavar når det gjeld informasjon, tilråding og val av "innmat" i inventar som skal leverast og som ikkje er beskrive i detalj i grunnlaget. I praksis vil dette seie møte med arkitekt og brukarrepr. Leverandør skal også levere møbleringsplan i dwg-format (underlag vert utlevert frå arkitekt) med levert utstyr innteikna med rette mål. "Rigg og drift" Anbydar skal ta med alle naudsynte kostnader i samband med montering. Kostnader som ikkje er spesifiserte under "rigg og drift" i anbodsskjema, er føresett å vere inkludert i einingsprisar. Anbydar skal fjerne all emballasje for eigen kostnad, og alle komponentar skal leverast reingjort, innstilte og klare til bruk. Utføring Alle arbeid skal vere fagmessig utført og i samsvar med gjeldande forskrifter, relevante norske standardar, samt instruksjonar frå produktleverandørar. Alle konstruksjonar, overflater, beslag etc. skal vere av høg kvalitet, dokumentert og produsert for å tole hard bruk. Leverandør er ansvarleg for at all innfesting/ sikring er forsvarleg utført. Side 6 av 7
Dokumentasjon/ FDV ved levering Valt leverandør skal levere relevant produktinformasjon og annan dokumentasjon for samtlege leverte komponentar. FDV-dokumentasjon skal leverast både i papirformat og digitalt i pdf format. Mengder og dimensjonering Tilbydar er ansvarleg for utrekning av alle mengder og dimensjonering han finn er naudsynt og som ikkje er nemnt i beskrivelsen. Atterhald om mengder og tidspunkt Det vert teke atterhald om endeleg finansiering ved politisk vedtak. Alle mengder kan måtte avreknast i høve endeleg finansiering, og postar kan måtte gå ut. Det skal og så vere høve til å forhandle fram seinare levering av dei enkelte produkt. ** Side 7 av 7