Planprogram for områderegulering Indre Øyrane merknader Det er motteke følgjande merknader: Statens vegvesen forventar at komande planframlegg inneheld avklaringar av trafikale konsekvensar i høve det utbyggingspotensialet det vert opna for. Dette inkluderer også ein situasjon der ev. utbygging av Førdslia vert knytt til området og vegnettet. Det må gå fram kva ev. tiltak/opprusting som må gjennomførast før nyetableringar kan takast i bruk. Dei meiner ein 4. trafikkarm i rundkøyringa i nord kan vere ei aktuell løysing for trafikkavviklinga i området. Dei er positive til gode og trygge løysingar for gang- og sykkelvegar, og peikar på naudsynte sykkelparkeringar. Dei viser til Veglova 29 i høve byggegrenser. Førdepakken er generelt for lite omtala, og teke omsyn til. Det vil bli varsla start av detaljregulering for nytt vegsamband frå Indre Øyrane til Langebruvegen i aust (tiltak 12 i Førdepakken), og detaljregulering for nytt gang- og sykkelvegsamband frå Naustdalsvegen til Angedalsvegen (tiltak 16 i Førdepakken) som vil ligge sør for planområdet. Det er viktig med god koordinering av planarbeida og trafikkanalysane. Dei minner om at ein må ta omsyn til rettleiar for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442, 2012). Rådmannen er samd i at det må utførast analysar. Planar i samband med Førdepakken vil verke inn på fastsetting av arealbruk på Indre Øyrane. Merknaden vert teken til følgje, og planprogram kap. 4.5, 6.1, 6.2, 6,5, 7.2.1, 7.2.2, 7.3.6 er endra. Fylkesmannen ser det som svært viktig at det vert lagt stor vekt på å ta vare på naturverdiane som er knytte til våtmarkssystemet i Løken i planarbeidet. Det gamle elveløpet (Løken) og våtmarksområdet ved Indre Øyrane representerer ein sjeldan naturtype i fylket, og området er i naturtypekartlegginga i kommunen klassifisert som eit A-område, dvs. ein naturtype som er svært viktig (nasjonal eller stor regional verdi. Dei minner om retten til bruk av motsegn dersom planframlegg viser tiltak som kan påverke verdiane i naturtypelokaliteten i området negativt. Det bør utarbeidast detaljreguleringsplan for ev. tiltak i tilknyting til naturområdet Løken, slik at utforminga av Løken og andre tiltak vert avklart der. Dei rår kommunen til å avgrense planarbeidet til overordna problemstillingar, for å redusere tidsbruken. Dei rår kommunen til å avsette våtmarksområdet ved Løken og parkområdet langs Løken til grønstruktur (her under naturområde, turdrag, friområde og parkar) i områdereguleringsplanen, og ta nærare stilling til detaljert utforming av området i ein detaljreguleringsplan. Dei konstaterer at det går fram av kommuneplanen sin arealdel at kommunen der sa at kjøpesenter er eit tiltak som ikkje bør lokaliserast til området. Ifølgje planomtalen til kommuneplanen skal framtidig bruk av området Løken avgjerast gjennom ein forvaltningsplan som del av arbeidet med områdeplan for Indre Øyrane. Dette er ikkje omtala nærare i planprogrammet. Dei ber om vurderingar av kva innverknad utbygginga har på naturmiljøet på land og i vassdrag. KU skildrar avbøtande tiltak for å redusere negative verknadar av utbygginga, og at dette vert teke inn i føresegnene til planen. Landbruksavdelinga oppmodar til høg arealutnytting pga. fulldyrka jordbruksareal og motverke auka press på landbruksområda utanfor sentrum. Dette tilseier høgt tal
bueiningar, bygg i fleire etasjar, og redusert parkeringsareal på bakkeplan, fortrinnsvis under bakken. Dei ber om at planomtalen inneheld opplysningar om bruken av jordbruksareala i dag, og kva konsekvensar omdisponering og nedbygging vil bety for landbruket i området. Dei viser til ROS-analysen, og peikar i tillegg på tema som støysone og magnetfelt rundt trafostasjonen, brann, farlege stoff, overflatevatn og liknande. Dei rår til at DSB sin rettleiar Handtering av havnivå i kommunal planlegging, vert lagt til grunn for vurderingane av framtidig havnivå. Rådmannen ser det som svært viktig at dagens status og framtidig bruk av Løken vert avklara i overordna plan. Rådmannen meiner at forvaltning av Løken vil skje best ved ei samla vurdering for heile området, samtidig som inngrepa kan bli minst mogleg. Dette vil også gje ei samla gjennomføring av føremåla som vert fastsett i områdeplanen. Det må gjerast ei best mogleg utgreiing i samband med områderegulering. Eventuelle inngrep må avklarast nærare i ei detaljregulering der utbyggarane må forplikte seg til å ta del i gjennomføring av eventuelle tiltak. I samband med utgreiing av Løken må trong for skjøtselsplan for området avklarast. Nye setningar i siste avsnitt i kap. 7.3.3. Fylkesmannen peika på at kommunen har vedteke at kjøpesenter ikkje bør etablerast i området. Rådmannen viser til at Bystyret gjorde vedtak om at dette skulle greiast ut i samband med områderegulering, jf. vedtak av kommuneplanen sin arealdel den 28.05.15. Nokre tema vert presisert nærare i planprogrammet. Ny setning i kap. 7.3.3 med presisering i høve Naturmangfaldlova. Kap. 7.3.5 vurdering i høve konsekvensar for landbruk. Kap 7.4.2 i høve handtering av havnivå, nytt kap. 7.4.5 i høve beredskap. Fylkeskommunen Kultur meiner det er viktig at eit grøntområde i front av Kirkevolden vert bevart etter at utbygginga er ferdigstilt. Siktlinjer til området må sikrast, og KU må vise framlegg til løysingar m.a. i høve byggehøgder og plassering. Brua over Sjøahola er mykje brukt turveg, og rår til at dette vert teke vare på som ein turveg. Dei er opptekne av at elvebreidda på begge sider av Sjøahola vert teke vare på av omsyn til ev. førhistorisk naust og naustmiljø. Dei finn grunnlag for å stille krav om arkeologiske registreringar innanfor planområdet for å oppfylle tiltakshavar si undersøkingsplikt, jf. lov om kulturminne 9. Områdeplanen kan ikkje vedtakast før endeleg uttale er gjeve i høve varsla registrering. Plan og samfunn meiner at medverknad vil vere heilt avgjerande for kvaliteten på denne planen. Dette er byutvikling, og ein sentral del av eit byutviklingsprosjekt er kva folk som bur i byen ynskjer at staden dei bur på skal vere. Det er i planprogrammet lagt opp til eit tradisjonelt opplegg for medverknad, og etter minimumskravet i plan- og bygningslova. FK ynskjer å kome i dialog med Førde kommune for å utvikle ein metodikk for god aktiv medverknad. Konkrete arena for medverknad bør stå i framdriftsplanen. Dei peikar på at vidare planarbeid må utvikle og forme komplementære samfunnsstrukturar som er med på å skape og stimulere til aktivitet som gjer det interessant å bu og leve i sentrum, og viser til ein blå-grøn bydel. Vekt på mjuke trafikkantar, og Førde som sykkelby, er viktige premissar for å utvikle ein gangbasert bydel. Fleire bustader i sentrum betyr betre bukvalitet, særleg med
omsyn til born og unge, og peikar på grøne korridorar, grøntområde, gatetun, gode byrom m.m. Vassforskrifta 6 seier at vassførekomstar skal vernast mot forringing osb. Dersom ny aktivitet eller nye inngrep inneber forringing av tilstand til Løken, skal dette rapporterast til regional vassmynde, jf. 12 i vassforskrifta. Etablering av kjøpesenter utanfor sentrum av Førde er i motstrid med fylkesdelplan for arealbruk. Fylkeskommunen meiner at Førde kommune må gjere tydelegare val ut frå strategiar for utviklinga av byen, og styrke utgreiingar knytt til handel og/eller kjøpesenter. Gjere tydelege utgreiingar knytt til avveging av dei ulike typane utbygging, og områdeplanen må tydeleg spegle konklusjonane frå konsekvensutgreiingane. Mo og Øyrane vgs. er ein stor arbeidsplass med ca. 175 tilsette og ca. 500 elevar, og tilbyr eit fagleg mangfald som er i stadig utvikling. Dei ynskjer at arealet i nord som er sett av i arealdelen, og eit tilsvarande areal i aust, vert vidareført i områdeplanen. Dei naturfaglege og kulturhistoriske verdiane skal vurderast og greiast ut, jf. kap.7.3.1-7.3.4 og 7.4. Det er tidlegare gjort registreringar av kulturminner på søre delen av området. Ny setning i kap. 7.3.1 i høve siktlinje mot kyrkja. Ny setning i kap. 7.3.3 i høve vassforskrifta. Ny setning i kap. 7.3.4 i høve Sjøahola, Kyrkjevolden og kyrkja. Rådmannen er samd i at brei medverknad er aktuelt for eit så stort og sentrumsnært område. Det vil bli arrangert folkemøte i samband med utlegging av områdereguleringsplanen til høyring og offentleg ettersyn. Eventuelt vil det i tillegg vere aktuelt å ha ein form for arbeidsverkstad med interessentar før planen vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Ein vil så langt mogleg følgje dette innafor dei ressursane og råmene som kommunen disponerer. Ny setning i kap. 3.2.2 siste avsnitt. Fleire av momenta i Fylkeskommunen sin merknad er nemnt m.a. i kap. 6.5, og må vurderast i planarbeidet. Utvida areal til Øyrane vgs. vert avklara i planprosessen. Utgreiingar og vurderingar i høve kjøpesenter, handel og næring må handterast i planprosessen. Noregs vassdrags- og energidirektorat er nøgd med fokus på flaum/ havnivå, og viser til at nivå for 200 års stormflo er rekna til kote 2,37. Ev. utbygging i flaumutsette område bør handterast ved permanent heving av terrenget. Omsynssone for flaum skal visast på plankart, og føresegner sikre tryggleik før utbygging kan finne stad. Inngrep i vassdrag må vurderast etter vassressurslova i høve ålmenne interesser, og ev. avbøtande tiltak gjerast greie for. Dei oppmodar om at det vert lagt opp til ein arealbruk som ikkje fører til negative konsekvensar for naturverdiane. Dei stør fylkesmannen sitt innspel om å avklare bruk av Løken i detaljreguleringsplan. Sunnfjord Energi sin kraftleidning i nord er ein del av regionalnett og større linjer, og transformasjonsstasjonar skal settast av som omsynssone (PBL 11-8 d) i plankartet. Mindre kraftleidningsanlegg kan settast av som teknisk infrastruktur på plankar etter PBL 11-7 nr. 2.
Omsyn til flaum, havnivå, stråle- og magnetfelt vert avklara i planframlegg. Ny setning i kap. 7.3.3 i høve ålmenne interesser. Ny setning i kap. 7.4.4 i høve stråling og magnetfelt. Førde kyrkjelege fellesråd ber om at ein legg stor vekt på kap. 7.3.1 Landskapsbilde i planprogrammet for Indre Øyrane skal planleggast. Kommunen må «vurdere påverknad av landskap, kulturlandskap, elvedelta, Løken, historisk landskap (kyrkja, Sjøahola) nær og fjernverknad. Ved fastsetting av høgde og plassering, vert det lagt vekt på at utbygginga skal få ei god tilpassing i høve bybildet.» Rådmannen sin kommentar Rådmannen er samd i at det må leggast vekt på kyrkja og Sjøahola si rolle i området. Ny setning i kap. 7.3.1. og 7.3.4. Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedømeråd viser til at ei utbygging av Indre Øyrane vil kunne påverke Førde kyrkje si markerte plassering i omgjevnadane, og stør merknadane frå fylkeskommunen og Førde kyrkjelege fellesråd. Dei vurderer det som viktig at kyrkja framleis skal ha ein synleg plass i sentrum etter at utbygginga er gjennomført. Vesentleg for dette er at siktlinjene frå kyrkja mot fjorden/sentrum og frå Nausdalsvegen mot kyrkja vert ivaretatt slik at den framleis kan opplevast som eit vesentleg element i miljøet. Rådmannen sin kommentar Rådmannen er samd i at det må leggast vekt på kyrkja og Sjøahola si rolle i området. Ny setning i kap. 7.3.1 og 7.3.4. Sunnfjord Energi viser til at dei har områdekonsesjon i Førde som inneber at dei etablerer og driftar straumnettet i kommunen. Dei har elektrisk anlegg i planområdet, og det må ikkje setjast i verk tiltak som forverrar tilkomst til nettanlegga. Det er vesentleg at ein ikkje endrar terrengdekke over kablar eller reduserer høgda opp til luftleidningsanlegga. Det må takast omsyn til framtidig støynivå over 35 db rundt transformatorstasjonen som er vist på illustrasjon. Det er tidlegare estimert eit behov for utvidingsareal på ca. 2 dekar. Permanent vegtilkomst er naudsynt for å sikre driftstryggleik til stasjonen. Av omsyn til mogleg eksplosjon eller brann bør ein vurdere å trekke ev. bustader, næring og forretningsområde vekk frå sjølve stasjonen. Det må takast omsyn til høgspentkablar i området og desse må ikkje byggast inn. Planlagde utbygging kan føre til nye nettstasjonar og kablar. Nettstasjonar skal plasserast minst 5 m frå bygningar med brennbare overflater og synleggjere dette med byggegrenser. Netteigar er pålagd å følgje varsemdstrategi i høve strålefare/magnetfelt. Detaljregulering må avklare trong for straum- og nettløysing. Fellesløysing med ulike leidningsnett bør samordnast. Det vert vist til varsemd i samband med graving/sprenging. Ved ev. flytting er hovudregel at utbyggar må dekke kostnader. Dei ynskjer å vere med vidare i planprosessen. Areal til utviding av eksisterande anlegg vert handtert i planframlegg. Kap 7.4.4 ny setning i høve støy og magnetfelt rundt trafostasjonen.
Førde historielag peikar på området Sjøahola si kulturhistoriske verdi som er dokumenter i ulike kjelder. Det er rimeleg at areal med potensiale for kulturhistoriske opplysningar i jorda også strekker seg ut i det gamle elvelaupet og langs med breidda av det. Området må sikrast med omsynssone, og vere tilstrekkeleg stort for å sikre dei kulturhistoriske verdiane. Landskapet rundt og nærliggjande kulturmiljø som Førde kyrkje er viktig. Området har store pedagogiske verdiar, det er variert fugleliv som gjev stor opplevingsverdiar som må sikrast. Dersom det skal vurderast veg frå Indre Øyrane til framtidig byggefelt i Førdslia, må ein slik trase leggast utanom Sjøahola-området. Dei kulturhistoriske verdiane vil bli lagt vekt på og så langt mogleg sikrast i planprosessen. Det vert vist til m.a. kap. 7.3.1-7.3.4. Veg over Indre Øyrane til Førdslia er foreslått utsett til det føreligg ei utgreiing om Førdslia kan nyttast som bustadområde. Det vil bli lagt inn omsynssone i planen. Nytt avsnitt under kap. 6.1. Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord peikar på området som matjord økologisk rikdom kulturhistoriske verdiar og særeige landskap. Dei har over fleire år åtvara mot systematisk nedbygging av matjorda. Indre Øyrane er ei unik grøn lunge som større byar ser verdien av å ta vare på i sentrum. Området er mykje brukt turområde og utfluktsområde for barnefamiliar og skular, og er viktig å ta vare på i høve helse, trivsel og livskvalitet. Våtmarksområdet har i dag eit rikt fugleliv med fleire raudliste artar. Etter deira oppfatning er det ikkje plass til nemneverdig utbygging på Indre Øyrane, utan at det vil vere øydeleggande for det flotte fuglelivet i Løken. Dei peikar vidare på raudlista karplantar, og den sjeldne naturtypen «Kroksjø». Alt areal aust for Øyrane vgs. bør stå som i dag av omsyn til framtidige generasjonar. Kommunen må få gjennomført ei grundig naturfagleg vurdering av kvalitetane i Løken, og biotopkrava til fuglane som har sitt tilhald der av fagkunnige. Nøkkelen er å ta vare på det naturlege med det nye. Det kviler eit tungt ansvar på dei som skal forvalte dette vidare at forvaltninga ikkje går over i forvandling, slik at desse verdiane går tapt. Rådmannen vil så langt mogleg sikre desse verdiane i planprosessen. Det vert vist til m.a. kap. 7.3.1-7.3.4. Anne Chatrine Neslein, Odd Fauske, Anne Erdal-Aase, Kristian Sølsnes, Britt Fjellanger og Odd Henrik Hagen, naboar i området Kirkevolden og Sjøahola viser til den daglege verdien av området som rekreasjons- og våtmarksområde for mange ulike gruppe menneske. Naturområde bør i størst mogleg grad takast vare på, og utviklast slik at flest mogleg får glede av det. Området bør takast vare på som grøn lunge samtidig som fuglelivet får utfalde seg. Dei er opptekne av at området ikkje vert ei smal grøn stripe, men får ei breidde på minst 50-100 m sjølv ved høg vasstand. Ved betre gjennomstrøyming kan ein del av området utviklast til badeplass og andre sommaraktivitetar. Kulturminna som t.d. ruinar etter naust, steinbrønn, båtfeste rundt Sjøahola er viktige tidsminner. Planområdet går inn i Kirkevolden som har freda bygg. Brua over Løken er eit vakkert kulturminne. Vegar må utforamst slik at bustader, sjukeheim og rekreasjonsområde må skjermast mot støy. Dei er sterkt kritiske til veglinje nær hovudinngang til sjukeheimen. Det er viktig med stort fokus på gode tilhøve for mjuke trafikkantar, gode bumiljø og nærleik til rekreasjonsområde som er viktig i helse- og miljøperspektiv.
Rådmannen vil så langt mogleg sikre desse verdiane i planprosessen. Det vert vist til m.a. kap. 7.3.1-7.3.4. Kjartan Myklebust, Ole Samuel Edvardsen og Bjarte Berge, naboar i Korsavegen kjem med innspel til korleis området kan takast vare på som ein oase for innbyggarane i Førde med framlegg til utnyttingsgrad og vidare oppgradering av området. Dei meiner at området sin store verdi som bynært naturområde med stort potensial for rekreasjon og aktivitet for alle i Førde, manglar som arealbruk i varslet. Dei peikar på at politikarane må ha visjonar om byen slik den ser ut om 50-100 år. Sjølve Løken må vere grøntområde, og det er viktig at det vert sett av nok grøntareal på begge sider av vatnet slik at ein får oppleving av ein park. På nordsida av Øyrane bør det vere minst 50-60 m med grønt. Sunnfjord Energi må lage penare bygg. Mot aust må arealet vere større, og i sør ligg det godt til rette for offentleg solrik badeplass med strand, aktivitet og rekreasjon. Elvefaret bør mudrast for betre gjennomstrøyming. Det må leggast til rette for fisk og fugl med vegetasjon. Kanskje bør ein lyse ut til arkitektkonkurranse for utforming av parken. Industri og store vegprosjekt passar ikkje i området, og mykje av området går tapt dersom ein realiserer planane om veg til Førdslia over Øyrane med tunnel og bru i området. Ei heving av heile området opp til fleire meter pga. havnivå vil og øydelegge karakteren på området. Parkområdet må ligge på dagens nivå. Det ligg ved planskisse for utvikling av området, og rapport av Leivestad frå 1995. Rådmannen vil så langt mogleg sikre desse verdiane i planprosessen. Det vert vist til m.a. kap. 7.3.1-7.3.4. Sunnfjord hotell v/per Storegjerde viser til tidlegare utarbeidde rapportar og undersøkingar i høve Løken. Merknaden vert teken til orientering. Førde kommune, 13.01.2016