Reguleringsplan Fv. 7 Lussandberget aust Planprogram FORSLAG TIL PLANPROGRAM Region vest Ressursavdelinga Planseksjonen Dato: 2011-03-19
INNHALD 1 BAKGRUNN... 4 2 FØREMÅL MED PLANEN... 4 3 PLANOMRÅDE... 4 4 PLANPROSESS... 5 5 ORGANISERING AV ARBEIDET... 5 6 INFORMASJON OG MEDVERKNAD... 5 7 ALTERNATIV VURDERT... 5 8 KONSEKVENSUTGREIING... 6 8.1 Landskapsbilete... 6 8.2 Nærmiljø/friluftsliv... 6 8.3 Naturmiljø... 6 8.4 Kulturmiljø... 7 8.5 Naturressursar... 7 3
1 BAKGRUNN Eksisterande veg går gjennom ei strekning som er utsett for snø- og isras. Vegen er smal og har delvis berre eit kjørefelt. I tillegg er vegen svingete. Grøft manglar på innsida av vegen og det er ikkje rom for å utvide vegen sia terrenget er stupbratt. Vegen har ein årsdøgnstrafikk (ÅDT) på 900 kjøretøy per døgn, med 1 300 kjøretøy per døgn om sommaren. Fartsgrensa på strekninga hovudsakeleg 80 km/t, men med 60 km/t gjennom Lussand og tilråda fart 40 km/t i gjennom den krappaste kurven. 2 FØREMÅL MED PLANEN Føremålet med planen er å rassikre vegen og auke tryggleiken for fastbuande og næringsliv, i tillegg til å unngå stenging av vegen. I tillegg vil ein oppnå ei naudsynt standardheving av vegen. 3 PLANOMRÅDE Planområdet strekk seg frå Lussand til Beggevik. Sjå også vedlagt kart for ei meir detaljert planavgrensing. 4
4 PLANPROSESS 5 ORGANISERING AV ARBEIDET Prosjektleiar Statens vegvesen Jonas Dalland. Prosjekteigar Statens vegvesen Hilde Gunn Stenseth. Sakshandsamar Granvin herad Kjersti Finne. Statens vegvesen melder oppstart av reguleringsplanarbeidet på vegne av Granvin herad. Granvin herad er planmyndigheit, og legg forslag til plan ut til offentleg høyring. Statens vegvesen har ansvar for det praktiske planarbeidet. 6 INFORMASJON OG MEDVERKNAD Kommunen søkjer samarbeid med enkeltpersonar, næringsliv og organisasjonar, alle som vil kan gje innspel til reguleringsplanen. Det blir arrangert kontordag i Granvin heradshus måndag 28. mars 2011 klokka 14-18. Ein vil oppmode om at alle som har spørsmål eller innspel i plansaka møter opp i løpet av denne tida. Informasjon vil også vere tilgjengeleg på prosjektsida www.vegvesen.no/vegprosjekter/fv7lussand. 7 ALTERNATIVSVURDERING Statens vegvesen skal med grunnlag i dei utgreiingar som vert gjort kome utarbeide eitt planforslag til reguleringsplan. 5
8 KONSEKVENSUTGREIING Prissette konsekvensar skal ikkje utgreiast. Av ikkje prissette konsekvensar er det 5 deltema som skal utgreiast. Det er ikkje gjennomført konsekvensutgreiing på overordna plannivå for dette området. Naturbasen (Direktoratet for naturforvaltning) viser at det er registrert fire naturtypar og eit viltområde innanfor planområdet. Av naturtypane er det to A-lokalitetar (svært viktig), ein B- lokalitet (viktig) og ein C-lokalitet (lokalt viktig. Viltområdet er leveområde for hjort med lokal verdi. Samla gjer dette at vi vurderer tiltaket slik at det kan få vesentleg verknad for miljøet og difor må lagast konsekvensutgreiing (KU) i høve KU- forskrifta 4a. I KU for dette tiltaket vil naturmiljø, kulturminne og landskap vere viktigaste tema. Desse deltema skal utgreiast med utgangspunkt i metodikk frå Handbok 140 om konsekvensutgreiingar. Generelt for dei ulike tema gjeld at influensområde skal avgrensast i konsekvensutgreiinga. Massedeponi skal vurderast som ein del av konsekvensutgreiinga. Ein skal syne både dei kortsiktige (anleggsarbeid, riggområde, førebels massedeponi og liknande) og dei varige konsekvensane av tiltaket. Eventuelle avbøtande tiltak skal leggjast fram. 8.1 Landskapsbilete Det skal leggjast vekt på dei visuelle tilhøva knytt til fjordlandskapet, og med særskilt fokus på kulturlandskap, kulturminne og kulturmiljø. Grunnlag for konsekvensutgreiing vil vera: o Landskapsklassifisering med utgangspunkt i Nasjonalt referansesystem for landskap (Skog og Landskap). o Landskapsanalyse for Granvin herad (Aurland Naturverkstad). 8.2 Nærmiljø/friluftsliv Lokalt viktige badeplassar og eventuelle turstigar skal registrerast og inngå i konsekvensvurderinga. Rasteplassar skal vurderast og sjåast i samanheng med Nasjonal turistveg Hardanger prosjektet. Konsekvens for bumiljø (bustad og opphald) skal utgreiast. 8.3 Naturmiljø Naturmangfaldlova (NML) trådde i kraft 19. juni 2009. I høve til utredning av konsekvensar for naturmiljøet er det eit tydelegare krav til dokumentasjon og undersøkingar med innføring av naturmangfaldlova. Det finst er rekke kjelder for registreringar av naturmiljø som skal inngå i grunnlaget for konsekvensutgreiinga: o NATURBASEN: Naturbasen (Direktoratet for naturforvaltning) er den viktigaste kjelda til eksisterande registreringar på tema naturmiljø. o Kartlegging av biologisk mangfald i kommunen. o Viltkartlegging i kommunen. o Artsdatabanken og universiteta sine baser for mose, lav og sopp. 6
Konsekvens for dei registrerte naturtypane og artsmangfald ved val av vegtrasé og tunnelinnslag skal gå fram av utgreiinga. Verknader for raudlista artar skal omtalast særskilt. 8.4 Kulturmiljø Tema omfattar automatisk freda kulturminne (eldre enn 1537), nyare tids kulturminne og heilskapelege kulturmiljø. Dette inkluderer òg den historiske delen av kulturlandskapet. Innafor planområdet kan ein forventa å finne ulike typar kulturminne og kulturmiljø. Til dømes steinalderlokalitetar og førhistorisk busetnad. Frå før av er det kjent fleire kulturminne i nærleiken; som steinalderøkser, gravminne frå jarnalderen og nyare tids naustmiljø. Kjende kulturminne innafor influensområda skal registrerast og kartfestast. Og nye registreringar etter både automatisk freda kulturminne, nyare tids kulturminne og heilskapeleg kulturmiljø skal gjennomførast om naudsynt. Potensialet for å gjere nye funn av til no ukjente automatisk freda kulturminne skal vurderast, skildrast og kartfestast. I samråd med ansvarleg kulturstyresmakt skal behovet for ytterlegare undersøkingar for ikkje-synlege fornminne avklarast. 8.5 Naturressursar Det er ressursgrunnlaget for verdiskaping og sysselsetting innan primærnæring som skal vurderast. Grunnlag for konsekvensutgreiinga vil vera: o Landskapsanalyse for Granvin herad (Aurland Naturverkstad). o Omsyn til jordvernet skal vektleggast. Det skal lagast ei oversikt som syner kor mykje landbruksareal som går tapt i tiltaket. o Andre konsekvensar for landbruksdrift skal synleggjerast. 7