1) Innleiing Ut frå Kvinnherad skyttarlag sin trong for innandørs skytebane og Kvinnherad kommune sin trong for ny brannstasjon i Rosendal er det arbeidd fram ei løysing med samlokalisering av dei to funksjonane. 2) Løysinga sikrar skyttarlaget: a) Ein tidsrett innandørs skytebane med attraktiv lokalisering og eigna utomhus infrastruktur. b) Gunstig finansiering og fordelaktig totaløkonomi i prosjektet. c) Eit stort skytefagleg løft for alle laget sine medlemmer. d) Eit eigna lokale for å driva ungdoms- og rekrutteringsarbeid. 3) Skyttarlaget sin del av bygget er tenkt innehalde følgjande funksjonar: a) 15 m skytebane med 10 elektroniske skiver og standplassleiarbu. Alt skyterelatert er i tråd med DFS sine krav. b) Skytesimulator med viltmål; dyr, fugl, leirdue (trap og skeet). c) Opphaldsrom, selskapslokale med live visning frå begge skytearenaer. Tilrettelagt for utleige som selskapslokale. d) Lite storkjøkken med kjølekapasitet. e) Garderobe/toalett for skyttarar/gjester f) Heis dimensjonert for funksjonshemma, universell utforming. g) Kontor for skyteleiing og lagsarbeid. h) Lager i) Uteareal med parkering /grønt j) Gjennomført skilting både inne og ute. Side 1 av 6
4) Byggteknisk: Innandørs skytebane - Notat til omframt årsmøte 2012-09-30 a) Val av innvendige løysingar, innreiing, oppvarming, materialar o.l med tanke på reduserte kostnader til vedlikehald og drift. b) Bygningskroppen og rom-planen er utarbeidd saman med Kvinnherad kommune. Brannetaten sine krav og behov er ivaretekne. c) Utvendige fasadar og tak, både design og material, er gjort i tråd med føringane frå Baroniet som grunneigar. d) Uteareal, både utnytting og material, er i stor grad definert frå Baroniet som grunneigar. e) Særlege krav til parkering for branntropp er omsynteke. 5) Investeringsråme: Investeringsråma er basert på at a) - prosjektet skal realiserast som eit samarbeidsprosjekt med Kvinnherad kommune b) - Kvinnherad skyttarlag står som byggherre for totalprosjektet c) - brannstasjonen vert leigd ut/seld til kommunen d) - den delen av bygget som skal nyttast av skyttarlaget har optimal brukarfleksibilitet i all skyterelatert aktivitet, e) - bygget er tilpassa og tilrettelagt for utleige til private arrangement. Talmaterialet må på dette tidspunktet sjåast på som budsjett tal. Tala er utarbeidde av deltakande entreprenørar og kvalitetssikra. Tala er inkl. mva. og er utan omsyn til f) Rabattar på varer og tenester g) Dugnadsarbeid frå medlemmane Investeringsråma vil kunne endre seg noko når endelege løysingar er bestemde, men tala er vurdert til å ligge i den konservative enden og skulle såleis ikkje gje store overraskingar med mindre planane vert vesentleg endra. Investeringsråme Brannstasjon 5.500.000 Skytebane 6.400.000 11.900.000 Side 2 av 6
6) Finansiering av prosjektet Det er overordna viktig at finansieringa av prosjektet a) - ikkje medfører redusert aktivitet i laget sin generelle aktivitet. b) - ikkje reduserer oppfylging av planane for Midthølen skytesenter. Likevel vil laget, i ein 6 månadars intens byggjefase, måtte styre mykje av medlemane sin dugnadsinnsats inn på miniatyrbanen. Usikkerhet Ein vil på dette stadium i prosjektet ikkje har alle svar på plass. Usikkerhetsmoment er mellom anna: c) Kva får vi av spelemidlar og når? d) Klarer vi å halde byggekostnadane på budsjett? e) Vil vi klare å yte tilstrekkeleg dugnadsinnsats? f) Vil vi klare å handtere gjelda? Dette skal finansierast Brannstasjon 5 500 000 Skytebane 6 400 000 Byggelån-kostnader/renter lån og prosjekt kostnader 1 000 000 Finansieringsbuffer 600 000 13 500 000 Det vert viktig for laget å ha ein finansieringsplan som sikrar handlingsrom i det daglege og jamn nedbetaling. Nokre element i finansieringa vert særleg sentrale: g) Prisråma for brannstasjonen er fastsett av kommunestyret til NOK 5,5 mill inkl. mva. Som byggherre er det laget si oppgåve å redusere byggekostnadane, ikkje berre på skytebanen, men også på den delen som skal overtakast av kommunen. Alle innsparingar vil i denne modellen tilfalla skyttarlaget og såleis gje eit redusert finansieringsbehov. h) Kontrakt med hovudsponsorar. i) Avtale med entreprenørane som gjev utsett betaling og tid til å få på plass øvrige punkt i finansieringsplanen. Side 3 av 6
Buffer for finansiering. Nokre finansieringselement har ein valt å ikkje nytta i finansieringsplanen. Desse elementa kan ligge som ein buffer. j) Sal av lutar til lag, organisasjonar, bygdefolk. k) Auke i medlemskontingent. Slik skal/kan det finansierast Finansieringsplan (akkumulerte tal for første fem åra) Sal av brannstasjonen til kommunen (I) 5 500 000 Dugnadsarbeid frå medlemar (II) 1 000 000 Sponsorinntekter (III) 1 250 000 Leigeinntekter (IV) 250 000 Stemneinntekter (V) 100 000 Spelemidlar (VI) 1 750 000 Tilskot frå fond og stiftingar (VII) 1 250 000 Gåver (VIII) 350 000 Kompensasjonsmidler (MVA refusjon) (IX) 1 100 000 Restlån (X) 950 000 Totalt finansiert over 5 år 13 500 000 Tala er akkumulert for dei første 5 åra. Dett er gjort for å sjå prosjektøkonomien i eit tidsperspektiv som det er råd å ha eit forhold til. I. Sal til Kvinnherad kommune iht avsette midlar i kommunen sin økonomiplan. II. 2000 faglege dugnadstimar som bytast 1/1 med entreprenøren. III. Sponsorinntekter kr. 50.000 årleg (netto etter motytingar) frå 5 sponsorar. IV. Leigeinntekter som selskapslokale, kr. 50.000 årleg. V. Stemneinntekter kr. 20.000 årleg. VI. Spelemidlar er rekna ut frå kostnaden med skytebanedelen. VII. Prosjektet er eit idrettsanlegg, det er retta mot alle aldrar, begge kjønn, funksjonshemma. Ein har mange innfallsvinklar til slike søknader. VIII. Prosjektet vil verte særs positivt motteke lokalt. Det bør vera råd å få tilført midlar frå andre hald enn det som er vanlege kjelder å søkje. IX. Til no har alle som har søkt fått heile søknadssummen innvilga. Søknadsmengda aukar noko kvart år, men så langt er den avsette potten stor nok til å dekke alle. Det er sannsynleg at vi får alt eller svært nær alt. Side 4 av 6
X. Langsiktig banklån som er sikra med skytebanen som pant. 7) Kontantstraumsanalyse /likviditet i prosjektet første 5 år Kontantstraumsanalysen syner utbetalingar frå prosjektet og innbetalingar til prosjektet fordelt årleg over dei første 5 åra. Oversikten skal gje eit bilde av komande betalingsplikter for prosjektet og dermed vil ein sjå om komande innbetalingar sikrar prosjektet tilstrekkeleg likviditet til å handtere desse. Kontantstraum (prosjekt) 2013 2014 2015 2016 2017 IB Bank - 1 795 000 340 000 585 000 180 000 Utbetalingar: Renter og avdrag byggelån - 450 000 3 500 000 1 500 000 500 000 Løn prosjektleiar 100 000 100 000 Driftskostnader /straum/forsikring/reinhald/vøling 75 000 75 000 75 000 75 000 75 000 Betaling til entreprenør 5 400 000 2 500 000 2 000 000 1 000 000 Betaling i form dugnadsarbeid (ikkje likviditet) 1 000 000 Sum utbetalingar 6 575 000 3 125 000 5 575 000 2 575 000 575 000 Innbetalingar: Byggelån 6 900 000 Momskompensasjon 1 100 000 Sal av brannstasjonen 5 400 000 Tilført dugnad frå medlemmer (ikkje likviditet) 1 000 000 Leigeinntekt brannstasjon 100 000 Sponsorinntekter 250 000 250 000 250 000 250 000 250 000 Leigeinntekter 50 000 50 000 50 000 50 000 50 000 Stemneinntekter 20 000 20 000 20 000 20 000 20 000 Gåver frå fond og stiftingar 50 000 50 000 50 000 50 000 50 000 Tippemidlar 1 750 000 Andre innbetalingar 100 000 100 000 50 000 50 000 50 000 Sum innbetalingar 8 370 000 1 670 000 5 820 000 2 170 000 420 000 UB Bank 1 795 000 340 000 585 000 180 000 25 000 UB byggelån (inkl. rentesaldo) 6 900 000 (byggelån avslutta utgang 2013) UB Langsiktig banklån( etter konvertering av byggelån) 6 450 000 2 950 000 1 450 000 950 000 Dersom utgåande behaldning i banken (UB Bank) er negativ så må prosjektet tilførast pengar for å kunne betale rekningane. Normalt vil dette gjerast med å etablere trekk i bank eller tilførsel av midlar frå morselskap (i dette tilfelle lagskassen). Status byggelån er vist på eiga linje. Side 5 av 6
8) Timeplan. Innandørs skytebane - Notat til omframt årsmøte 2012-09-30 a) Omframt årsmøte i Kvinnherad skyttarlag søndag 30.09.2012 kl. 19:00 b) Ved positivt årsmøtevedtak kan ein utan opphald sende tilbod til kommunen. c) Administrasjonen kan utgreie saka og fremje den for politisk handsaming på formannskapsmøte den 11. oktober og på kommunestyremøte den 25. oktober. d) Basert på positive vedtak kan endeleg avtale forhandlast og fysisk arbeid startast opp i februar 2013. e) Byggetida er estimert til 8 månader og opning av anlegget skal kunne skje kring årsskifte 2013/2014. Side 6 av 6