OFFENTLEG ETTERSYN SØKNAD OM AKVAKULTURANLEGG FOR MATFISK AV TORSK - RAUMA KOMMUNE - FRÅSEGN

Like dokumenter
FRÅSEGN SØKNAD OM TAREOPPDRETT

FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom.

KLAGE VEDTAK OM SKOGSVEG - RAKSTANG

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

FRÅSEGN AREALDELEN TIL KOMMUNEPLANEN

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule

FRÅSEGN SØKNAD OM BYGGING AV SANDÅA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Bærekraftig fremtidsrettet torskeoppdrett

FLORA KOMMUNE SOGN OG FJORDANE - HØYRING - OMRÅDEREGULERINGSPLAN FLORELANDET NORD - MOTSEGN

Reguleringsplan for Engebøfjellet i Naustdal og Askvoll kommunar behov for tilleggsinformasjon

Tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond i 2016

REGULERINGSPLAN FOR BERGMESTEREN, RAUDSAND

kan ein oppnå begge. til gjenutsett fisk aukast, og den gjenutsette ( ) er gjennomført innanfor tidsramma for friskmeldingsprogrammet.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Høring: Oppdrett av torsk i Trondheimsfjorden - forslag til utredningsprogram

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

FRÅSEGN ENDRING AV GRENSE FOR VERMEDALEN NATURRESERVAT I RAUMA KOMMUNE

Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune

KLAGE HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

HØYRING NYE BESTEMMELSER OM TORSKEOPPDRETT

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

VOLLASETRA UTTAK AV TORV

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 94/2015 Utval for drift og utvikling PS

Slakteriet AS (SF-F-30) - Tilsagn om utviding av løyve til slaktemerd lokalitet Hesteneset i Flora kommune, Sogn og Fjordane.

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

SJØOMRÅDEPLAN NORDMØRE - FRÅSEGN

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Refleksjon og skriving

Krav til kartlegging av biologisk mangfald i plansaker. Tore Larsen Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

OPPRUSTING AV VERMA KRAFTVERK I RAUMA: STOPP UNDERGRAVINGA AV VERNEPLANEN FOR VASSDRAG!

Fylkesdirektøren rår hovudutval for næring og kultur til å gjere slikt vedtak:

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK GJENNOMFØRING AV HANDLINGSPROGRAMMET

HANDSAMING AV DISPENSASJON - 66/1 - GJENOPPBYGGING AV NAUST, HUGLO

SAKSGANG. Bremnes Seashore AS - Søknad om dispensasjon frå kommuneplanen - Ny lokalitet Hesvik Jondal kommune

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Saksnr. Utval Møtedato 024/18 Formannskapet /18 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

MOTSEGN - SELJE KOMMUNE SOGN OG FJORDANE - KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL VÅRE MERKNADER

DETALJREGULERING I SJØ, LAUSANAKKEN JONDAL KOMMUNE PLANID:

MARINE HARVEST NORWAY AS - SØKNAD OM KONSESJON PÅ 7,5 MILL SETTEFISK I STONGFJORDEN ASKVOLL KOMMUNE - UTTALE

Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF

SVAR PÅ PRINSIPPSØKNAD FOR OPPSTART AV REGULERINGSPLAN FOR UTVIDING AV INDUSTRIOMRÅDE KVERNAVIKA GNR.100,BNR.2 M.FL. ØKLAND

Løyve til helikoptertransport i samband med forskning i Folgefonna nasjonalpark - Universitetet i Bergen

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE

Høyring - tiltak mot negative miljøeffektar av medikamentell behandling mot lakselus

Bordalselva kraftverk i Molde kommune i Møre og Romsdal - klagesak

KLAGE PÅ VEDTAK OM BETINGA SKADEFELLINGSLØYVE

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Avdeling Nordland

Sakshandsamar: Hanne Marie Utvær. Dykkar referanse: Dykkar dato:

Rauma Stamfisk AS - Løyve til anleggsendring på lokalitet Gjerset Vest, Haram kommune

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Svar på høring - Søknad om løyve til å byggje 4 småkraftverk, og opprusting og utviding av eit kraftverk - Fyresdal kommune

Vår ref. Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2014/564/27/ 2015/11167 Laila Nersveen

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

KLAGE - VEDTAK OM GAUPEKVOTE FOR VÅREN 2017

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato «REF» 2012/ Bodil Gjeldnes

Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk

ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Kva for kunnskapsgrunnlag skal til for å friskmelde ein vassførekomst? Seniorrådgjevar Tom Dybwad og seniorrådgjevar John Anton Gladsø Fylkesmannen i

FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM SÆRSKILDE KRAV TIL AKVAKULTURRELATERT VERKSEMD I HARDANGERFJORDEN

Info til barn og unge

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Søknad om godkjenning av oppstart - Reguleringsplan for Strandebarm gamle skule gnr 120/121 bnr 001, 002/171, 169, mfl Kvam Herad.

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Løyve til å mudre i hamna på Sandvikvåg og flytte massane til djupare vatn

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

SAKSGANG FORSLAGTIL FORSKRIFTOM SÆRSKILDEKRAV TIL AKVAKULTURRELATERT VERKSEMD I HARDANGER FJORDEN- HØYRINGSUTTALEFRA JONDAL KOMMUNE.

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Forslag til etablering bevaringsområder for hummar i Sognefjorden.

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

KLAGE GAUPEKVOTE JAKTA 2018

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 010/17 Plan- og miljøutvalet PS

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

FORSLAG TIL PLANPROGRAM

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Transkript:

Tingvoll, 23.4.2022 Rauma kommune post@rauma.kommune.no OFFENTLEG ETTERSYN SØKNAD OM AKVAKULTURANLEGG FOR MATFISK AV TORSK - RAUMA KOMMUNE - FRÅSEGN Etter avtale med Naturvernforbundet i Rauma skriv fylkeslaget fråsegn i denne saka. Dette er ein søknad som kjem som ein stim i form av 10-15 søknader om konsesjon for torskeoppdrett i løpet av nokre månader i Møre og Romsdal. For kring 10 år sidan såg ein dei siste dønningane etter den førre satsinga på torsk. Dei som søker no seier at problema som avslutta det førre eventyret no er løyst. Det skal prøvast ut. I stor skala, kjempestor skala. Viss det går gale med noko, så går det stort sett gale med alt. Påverkar dette t.d. dei lokale bestandane av kysttorsk, så må ein rekne med at alle bestandane i fylket vil bli prega av dette. Det same gjeld om t.d. laksen eller sjøauren får dårlegare kår. Det er eit stort eksperiment. Det er eit selskap med ein aksjekapital på 30 000 kroner som ber om å få prøve seg. Spørsmålet er om dei skal få lov. Naturvernforbundet meiner at dokumentasjon av ulike tilhøve er for dårleg og risikoen er for stor. Det vil vere feil å gje konsesjon til så mange søknader på ein gong. Det må dessutan undersøkjast og dokumenterast meir før eventuelt dei første konsesjonane blir gjeve. Kartlegging Dei lokale bestandane av kysttorsk er generelt dårleg kartlagd. Det er eit særleg sentralt spørsmål i denne saka. Vi veit lite kva som skjer med den ville torsken viss det kjem eit stort innslag av oppdrettstorsk i fjorden. Vil t.d. den ville torsken halde seg nær merda? Vil den ville torsken bli påverka av lyset som manipulerer kjønnslivet til tamtorsken? Kva slags konsekvensar vil det kunne få? Vi tykkjer ikkje slike spørsmål får overtydande gode svar i søknaden. Dette er viktige spørsmål og dei må konsekvensutgreiast. Ein tar ikkje risiko med den fiskearten som Noreg truleg er mest kjent for gjennom mange hundre år. Det har vore noko kartlegging etter DN-handbok 19 av marine naturtypar. Når ein ser kartet bør ein undre seg over kvar det er påvist lokalitetar, og kanskje like mykje kvar det ikkje er funne lokalitetar. Ein treng eigentleg eit kartlag til, der det går fram kva areal som er kartlagd. Fråvere av lokalitetar kan skuldast at det ikkje er nokon, eller at ingen har leita. Slikt må ein vite. Om ikkje så kan ein ikkje seie at fråvere av registreringar tyder at det ikkje er noko der. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/øystein Folden, Rasta 4, 6630 TINGVOLL Telefon 918 12 542 E-post: moreogromsdal@naturvernforbundet.no Org. Nr. 871367132 www.naturvernforbundet.no/mr

Frå Naturbase 20.4.2022. Lokalitetar kartlagd etter DN-handbok 19 er merka med grønt. Går ein til Artskart for å sjå kva som er registrert av stortare og ålegras, så er det mykje den same situasjonen for desse artane. Der naturbase har lokalitetar med tareskog har artskart ikkje ei einaste registrering av stortare. Vi meiner ein bør legge til grunn at ein veit ikkje kva utbreiing desse artane har. Det kan berre avbøtast med opplysningar om kva som er kartlagd og kriteria for kartlegginga. Er det ikkje kartlagd, så er det nødvendig å kartlegge. Artskart 18.4.2022. Stortare.

Artskart 18.4.2022. Ålegrasslekta. Det blir vist til at det er nokre spørsmål som er avklara i samband med vedtatt sjøarealplan. Det er prinsipielt rett, men i realiteten er avklaringa mangelfull. Mellom anna har torskeoppdrett utvikla seg til noko anna enn det ein kunne legge til grunn då sjøarealplana blei handsama. Det er difor nødvendig å gå gjennom ulike tema for å klarlegge om føresetnaden er til stades, eller om ein må gjere nye utgreiingar. Naturvernforbundet meiner at kunnskapen om førekomst av kysttorsk, stortare og ålegras er mellom dei tema som må takast opp igjen. Sjøfugl ny raudliste Naturvernforbundet antar at sjøområdet aust for Holmsholmen blir bruka ein del av sjøfugl. Det finst ein del registreringar av sjøfugl i området. Sidan mange av artane er raudlista, bør ein gjere ein omfattande gjennomgang av dette materialet og eventuelt gjennomføre supplerande undersøkingar. I samband med dette arbeidet kan det tenkjast at ein må undersøke større område enn det som blir direkte råka av det tekniske anlegget. Sjølv ein liten bestand av ein raudlista art innanfor influensområdet kan ha stor verdi viss dette er einaste plassen arten finst i området. Det er ikkje utenkeleg at det kan vere anna enn sjøfugl som også er knytt til omsøkt område. Det må også klarleggast nærare. Påverking av laks og sjøaure Eit oppdrettsanlegg for torsk kan truleg ha ein verknad på laks og sjøaure. Naturvernforbundet trur kunnskapen om dette er såpass dårleg at ein må legge inn eit betydeleg element av føre var når det gjeld dette temaet. Sumverknad Det er søkt om ein lokalitet til oppdrett av torsk i Vestnes kommune. Det må undersøkjast om det kan vere nokon sumverknad av fleire anlegg i same fjordsystem.

Elles vil torsken som annan oppdrettsfisk sleppe ut næringsemne i sjøen. Naturvernforbundet er overtydd om at denne typen utslepp i sum er såpass stor at ein har passert for ei stund sidan ei mengde som kan seiast å vere bra for fjordsystemet. Det er difor meir eit spørsmål om kor mykje skade ein skal akseptere som følgje av oppdrett. Kommunane i området bruker ein del ressursar til å reinse kloakk, som mykje godt er det same. Sjølv om det er tale om ei fortynningseffekt, så er ein avhengig av at det ein tynner med framleis er såpass reint at det er hjelp i. Motstrid mellom Gadus Group AS og Havforskningsinstituttet Det verkar som det er noko usemje om faktiske tilhøve: Vi har klipt frå rapporten om påverking av vill torsk på side 3. (Vi seier oss samtidig lei for at vi berre har klipt frå rapporten utan å spørje Gadus om løyve, og ikkje tar med heile rapporten i heilskap slik Gadus Group krev i innleiinga.) Vi opplever ved å lese Havforskningsinstituttet (HI) sin rapport https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2021-22 og samanlikne dette med kva Gadus seier om same tema at dette ikkje heng saman. Det går igjen i HI sin rapport at kysttorsken består av små stammar som generelt ikkje har det veldig bra. Særleg dei små stammane vil vere utsette om dei blir utsett for påverknad frå tamtorsk. Vidare seier HI: Genetiske interaksjoner mellom domestisert oppdrettsfisk og ville populasjoner er godt dokumentert og representerer en av de største utfordringene for et bærekraftig havbruk (Bekkevold m.fl. 2006; Taranger m.fl. 2015; Forseth m.fl. 2017; Glover m.fl. 2017). Vidare: I motsetning til laksen vil torsken kunne gyte i merdene. Gyteatferd hos torsk involverer trolig partnervalg med kurtise (Karlsen & van der Meeren 2013), og det er observert at torsk kan gyte i små vannvolum (van der Meeren & Ivannikov 2006). Det er videre påvist at befruktede egg fra oppdrettstorsk vil unnslippe merdene og overleve til kjønnsmoden torsk som igjen vil bidra til gyting på lokale gytefelt (Jørstad m.fl. 2008; van der Meeren m.fl. 2012). En studie med genetisk merket torsk i et kommersielt oppdrettsanlegg i Norddalsfjorden ved Florø påviste larver og yngel av torsk med den genetiske markøren i og ved gyteområder opp til 19 km unna anlegget, men grunnet rømmingsepisoder fra anlegget var det ikke mulig å si om dette var avkom fra gyting i merd eller fra rømt torsk (Jørstad m.fl. 2014). Naturvernforbundet får ikkje til anna enn at det kan vere ein viss motstrid om dette temaet mellom det Gadus Group og Havforskningsinstituttet seier. Påverking av lys Søkjar seier dei vil bruke lys for å utsetje gyting. Det er påvist nordflaggermus i området. Arten er raudlista (VU). Det er antatt at flaggermus blir påverka av lys. Det må difor utgreiast korleis dette kan påverke flaggermus. Dessutan må ein utgreie om vill fisk som går i nærleiken av merda vil bli påverka. Viss den ville fisken også blir påverka til å ikkje gyte eller gyte seint, så er det ugreitt.

Forbruk av fôrressursar På folkemøtet i Sunndal 26.1. presenterte Gadus Group seg med at dei skulle «Sikre verden tilgang på nok mat på en berekraftig måte». Oppdrettsfisk må i tilfelle ete mat som vi menneske ikkje kan nytte oss av viss dette skal vere tilfelle. Om dette ikkje er tilfelle så vil verda få tilgang til mindre mat, ikkje meir. Dette er eit spørsmål som kan vere sentralt når ein skal avgjere saka. Søkjar seier at dei bruker vesentleg meir fôr med marint opphav enn det som er vanleg. Laksenæringa har dei seinare åra auka andelen som ikkje har marint opphav grunna for liten tilgang av fôr med marint opphav. Når mindre bruk av soya blir vist til som ein fordel når ein skal vurdere om søknaden skal føre til ein konsesjon, er det nødvendig å få klarlagt meir om det. På møtet i Sunndal blei det opplyst at avskjær frå lakseproduksjon er aktuelt fôr. Når ein ikkje kan fôre laks med slikt fôr, så vil vi t.d. vite om det er greitt å bruke slikt fôr når ein har ei lakseførande elv som nabo. Jo meir laks ein kan fôre opp på soya, jo meir marint fôr blir det tilgang til for tamtorskverksemda. Det høyrast jo mykje betre ut enn om tamtorsken et soya, men er det kanskje ikkje. Viss det er andre fiskeressursar næringa har sett seg ut, er det nødvendig å få gjort ei vurdering av kor mykje ressursar ein kan ta ut før andre artar blir vesentleg påverka. Her må ein også ta høgde for at det kan bli mange svoltne tamtorskar i framtida, så mange søknader som ein no ser. Avl på torsk og lokale torskestammar Vi har sett gjennom 50 år at tamlaks er noko anna enn laksen i vill tilstand. Ved utval får tamlaksen andre eigenskapar. Så lenge tamlaksen ender på middagsbordet utan å ha rota det til med vill laks på vegen, så treng det ikkje vere eit problem. Så snart tamlaks blander seg med den ville, så har ein fått ein negativ verknad. Vi er overtydde om at ein vil sjå det same med tamtorsken. Det blir opplyst at ein no har 6. eller 7. generasjon tamtorsk. Sidan kysttorsken har forskjellig genetikk etter kvar han held til, dvs. forskjellige stammar, vil det då bli eit problem både at han kan bli utsett for blanding med ein tamtorsk som er avla på, men også at det blir blanding av fleire lokale kysttorskstammar. Vi har ikkje sett teikn til at tamtorskverksemda har tenkt å bruke 1. generasjon aktuell kysttorsk i staden for den dei har avla på. Her er det noko som må utgreiast grundig, slik at ein kan unngå problema som har oppstått med tamlaksen. Vi såg nettopp ein artikkel hos Nrk om supergenar hos torsk. Universitetet i Agder var opphavet til nyhendesaka. Einsretting av genetikken som ein ser hos tamlaksen, og rot med lokale kysttorskstammar vil truleg vere negativt ut frå det som var nemnt om supergenane. 1 1 https://www.nrk.no/nordland/supergener-i-torsk-gjor-den-bedre-utrustet-til-a-takle-endringer-i-klima- 1.15858039

Sitatet over er funne i Gadus group sin eigen rapport side 3 om påverking av vill torsk. Utan konsesjon er det vel ikkje noko selskap som kan ha mange tilsette. At fokus på bærekraft kan vere forankra hos tilsette og kundar alt no høyrast meir enn merkeleg ut. Vi tykkjer dette liknar håp og lovnader. Dette er ikkje noko ein kan stille opp som garanti for at alt vil gå godt. Konklusjon: Oppdrett av torsk er på mange måtar ei ny næring. Det er mykje vi ikkje veit om korleis denne næringa kan påverke naturen. Den viktigaste kunnskapen vi har er skaffa gjennom 50 år med oppdrett av laks. Med dei problemstillingane som har blitt synlege i lakseoppdrett, er det tydeleg at ein skal gjere ein del ting annleis med torsk. Det er difor eit etter måten stort behov for kunnskap. Denne kunnskapen må andre enn næringa sjølv skaffe. Difor er det eit stort behov for konsekvensutgreiing i saker som denne. Vi er ille ute med laksen som følgje av at næringa fekk sleppe til for lett. Med helsing Øystein Folden Fylkessekretær