Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule 1. Formål Prosedyrane skal sikre eit godt fysisk og psykososialt arbeidsmiljø for elevane i tråd med 9a i opplæringslova. 2. er ansvarleg for at prosedyrane vert følgt. Alle meldingar knytt til opplæringslova 9a skal meldast til rektor 3. Handlingsplan LOVHEIMEL HANDLING ANSVARLEG 9 a-1 Opplysningsplikt Informasjon til foreldra/elevane om dei rettar elevane har etter 9 a 1, og om korleis dei sjølve eller deira føresette skal gå fram for å krevje sine rettar jmfr. 9a-2, 9a-3, 9a 9a-2, 9a-3 Undersøking 9a-2, 9a-3 Enkeltvedtak 9a-2 og 9a-3 Strategi for godt skulemiljø Førebyggande arbeid Forvaltningslova Meldingar/klager frå føresette, elevar, råd og utval, jmfr 9a skal registrerast i eige skjema Skulen skal umiddelbart undersøkje henvendelsar og vurdere om enkeltvedtak skal gjerast Enkeltvedtak skal bli gjort etter undersøking av henvendelse jmfr Forvaltningslova. I vedtaket skal det opplysast om høve til klage og prosedyrar for dette - Plan for å førebygge/handtere mobbing(jmfr manifest mot mobbing) - Nettvettreglar - Gjennomgang av ordensreglement for å hindre Tilsette på skulen Tilsette på skulen Skulemiljøutvalet Tilsette i sfo og skule
9a-2 og 9a-3 Oppfølging av enkeltvedtak 9a- 4 Internkontroll problemåtferd - Trivselsreglar - Kompetanseheving for personalet - Plan for å utvikle sosial kompetanse hos elevane - Trivselsundersøkingar - Vaktordning i friminutta Evaluering av tiltak skal dokumenterast skriftleg i eige notat som vert lagt i eleven si mappe - Konkrete målsetjingar for skulemiljøet (fysisk og psykososialt, inne/ute) - Kartleggje utfordringar(brukarundersøki ngar) - Planlegge og setje i verk tiltak for å nå måla Skulemiljøutval 4. Prosedyre 1. Ved klage (munnleg eller skriftleg) frå Elevar Føresette Råd og utval der foreldre og elevar er representerte 2. Skulen handsamar klaga som vert levert på eige skjema 3. Skulen har plikt til å handsame klager etter reglane i Forvaltningslova og skal svare raskt, seinast i løpet av fire veker. Vedtaket skal handsamast som eit enkeltvedtak. 4. Enkeltvedtaket skal vere skriftleg og den/dei som har levert klaga, skal få melding om vedtaket. Saman med vedtaket skal det følgje ei grunngjeving, med mindre det er grunn til å tru at ingen kan vere misnøgde med avgjersla. I vedtaket skal det opplysast om klagerett. 5. Klage kan gjennomførast på grunnlag av: Manglande tiltak Manglande oppfølging etter klaga Skulen har ikkje innan rimeleg tid tatt stilling til saka 6. Klage kan utarbeidast skriftleg av den som har klaga på grunnlag av vedtak innan 3 veker. Klaga må rettast til fylkesmannen, men sendast skulen slik at dei kan ta stilling til klaga ein gong til.
7. Saka vert vurdert på nytt. Dersom partane vert samde etter ny vurdering vert saka avslutta. Svar vert sendt til klagar 8. Dersom skulen opprettheld sitt vedtak vert klaga sendt til fylkesmannen. 5. Lovgrunnlag Opplæringslova 9a, 13-10 Forvaltningslova Rettleiar til kap.9a i opplæringslova Lov om helseteneste i kommunane, kap. 4a Miljøretta helsevern Forskrift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar Forskrift om systematisk helse, miljø og sikkerheitsarbeid i verksemder (internkontrollforskrifta) med rettleiar Forskrift om sikkerheit med leikeplassutstyr Forskrifter om grenseverdiar for støy med kommentarar Arbeidsmiljølova med forskrift Plan og bygningslova med byggforskrifta Lov om produktkontroll Lov om brannvern og lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr Kommunelova
6. Opplæringslova 9A 9a-1 Generelle krav Alle elevar i grunnskulen og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. 9a-2 Det fysiske miljøet Skulane skal planleggjast, byggjast, tilretteleggast og drivast slik at det blir teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane. Det fysiske miljøet i skulen skal vere i samsvar med dei faglege normene som fagmyndigheitene til ei kvar tid anbefaler. Dersom enkelte miljøtilhøve avvik frå desse normene, må skulen kunne dokumentere at miljøet likevel har tilfredsstillande verknad for helsa, trivselen og læringa til elevane. Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skulen skal innreiast slik at det blir teke omsyn til dei elevane ved skulen som har funksjonshemmingar. Dersom ein elev eller forelder, eller eit av råda eller utvala ved skulen der desse er representerte, ber om tiltak for å rette på fysiske miljøtilhøve, skal skulen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skule ikkje innan rimeleg tid har tatt stilling til saka, vil det likevel kunna klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det vart gjort enkeltvedtak 9a-3 Det psykososiale miljøet Skulen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte elev kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Dersom nokon som er tilsett ved skulen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkomande snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga dersom det er nødvendig og om mogleg gripe direkte inn. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme skal skulen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skulen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak. 9a-4 Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (internkontroll) Skulen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kap. vert følgt opp. Skuleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde fysisk og psykososialt miljø. 9a-5 Elevdeltaking i skulemiljøet Elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet for helsemiljø og tryggleik ved skulen. Skulen skal leggje oppgåver til rette for elevane etter kva som er naturleg for dei enkelte årssteg. Elevrådet kan nemne opp skulemiljørepresentantar til å ivareta elevane sine interesser over for skulen og styresmaktene i saker som har med skulemiljøet å gjere. Skulemiljørepresentantane deltek i planlegginga og gjennomføringa av systematiske helse -miljø og tryggingsarbeidet ved skulen i den grad det vedkjem elevane.
Elevane kan møte med inntil to skulemiljørepresentantar i arbeidsmiljøutval eller anna samarbeidsorgan der eit slikt er oppretta ved skulen i samsvar med arbeidsmiljølova kapittel 7, når det behandlar spørsmål som vedkjem skulemiljøet for elevane. Skulemiljørepresentantane har då talerett og rett til å få meininga si i protokollen. Skulemiljørepresentantane skal ikkje vere til stades når utvalet handsamar saker som er omfatta av teieplikt etter lover og forskrifter. Skulemiljørepresentantane har rett til den informasjon som trengst for oppdraget, så langt informasjonen ikkje er omfatta av teieplikt etter lover og forskrifter. Skulemiljørepresentantane har rett til den opplæring og fritak frå undervisninga som trengst for å skjøtte oppgåvene. 9a 6 Informasjonsplikt og uttalerett Samarbeidsutvalet, skulemiljøutvalet og dessutan elevrådet og foreldrerådet skal haldast informert om alle tilhøve- deriblant hendingar, planar og vedtak - som er avgjerande for skulemiljøet. Råda og utvala har på førespurnad rett til å få dokumentasjon for det systematiske helse -miljø og tryggleiksarbeidet ved skulen Råda og utvala som er nemnde i første ledd, skal så tidleg som muleg takast med i planlegging og gjennomføring av miljøtiltak ved den enkelte skulen, og har rett til å uttale seg og kome med framlegg i alle saker som er avgjerande for skulemiljøet. Dersom skulen blir klar over tilhøve ved skulemiljøet som kan ha negativ verknad for helsa til elevane, skal elevane og dei føresette snarast mogleg varslast om dette. 7. Korleis informere om 9a På skulen si heimeside Informasjon i skulen sine råd og utval Informasjon på foreldremøte 8. Registrering av avvik skal skje Elevsamtalar Kontaktsamtalar med elevar og føresette Skjema som vert brukt til førebuing til kontaktsamtalar Meldingar frå elevar, føresette og tilsette på bakgrunn av observerte tilhøve/situasjonar Elevane sitt skulemiljø som tema på foreldremøte
Myking skule SKJEMA FOR KLAGE OPPLÆRINGSLOVA 9a Elevar eller foreldre/føresette som ber om tiltak etter Opplæringslova 9a vert bedne om å fylle ut dette skjemaet. Leverast til skulen v/rektor. Dette omfattar det fysiske miljøet, det psykososiale miljøet (krenkande ord, handlingar, mobbing, diskriminering, vald eller rasisme). Dette skjemaet er til bruk dersom du ønskjer å gå vidare med saka etter å ha vært i kontakt med skulen sine representantar (lærar/andre tilsette) og/eller skuleleiinga Dato og namn på elev + klassesteg. Klaga gjeld: Fysisk miljø: Mobbing: Diskriminering: Vald: Rasisme: Anna:
Nærare skildring: Fortel kva saka gjeld og skildra hendinga/situasjonen, kven som var involverte og eventuelle tidlegare episodar/hendingar, kven som var involverte og korleis saka vart følgt opp frå skulen si side. Bruk dette skjemaet som side 1 i det du sender dersom du treng meir plass å skrive på Underskrift elev/føresette: Oppfølgingstiltak: Namn på oppfølgingsansvarleg: Evaluering: Dato/underskrift leiar: Oppfølgingsansvarleg