Side 1 av 5 PLANPROGRAM Regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014 2017 (revisjon av Fylkesdelplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse 2010-2013) 1. Regionale planar Vedteke av Fylkesutvalet 27.06.12 Planen er ein regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Den er heimla i Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt framlegg til regional planstrategi. Regionale planar er planar med krav om breie prosessar etter plan og bygningslova og omhandlar område som har stor kompleksitet. Dette er område der det er mange saksfelt og der utfordringane må finne si løysing gjennom ei integrert og heilskapleg satsing. Desse områda kan og vere prega av manglande kunnskap om årsak/verknad og med uklare eller konfliktfylte mål. Regionale planar skal legge til rette for samarbeid med private aktørar og frivillige lag og organisasjonar. 2. Føremål med planarbeidet Gjennom planarbeidet skal ein utarbeide ein politikk for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og anleggsutvikling for fylket. Politikken skal stimulere til fysisk aktivitet hos innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Han skal meisle ut eit tilrettelagt tilbod til alle, med særleg fokus på born og unge. Den skal medverke til å redusere sosiale skilnader i helse. Folkehelse, universell utforming, miljø, barn og unge skal vere gjennomgåande perspektiv i plandokumentet. Planarbeidet skal trekke opp politikk og retningsliner for tildeling av spelemidlar til idretts- og friluftslivsanlegg i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen fordeler årleg 25-30 millionar kroner av speleoverskotet til anlegg i fylket. Med varsla endring i tippenøkkelen vil denne summen auke, truleg alt frå 2013. Anlegga vert utbygd i regi av kommunar, fylkeskommunen, idrettslag og andre organisasjonar. Alle anlegg som skal kunne få midlar, må vera prioriterte i vedtekne kommunale planar. Storehagen 1B Pb. 173 6801 FØRDE Tlf.: 415 30 610 Faks: Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 5 Den regionale planen skal synleggjere fylkeskommunen sin politikk, og gje innspel til utarbeiding av kommunale planar for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse. Planen skal også gje føringar for dei deltakande aktørane sitt arbeid på feltet. Vi legg til grunn dei føringar kulturdepartementet har gitt for innhald i planen, saman med fylkeskommunen sine eigne føringar slik: 2.1. Kulturdepartementet har desse føringane for kva planen skal omfatte: Politiske målsettingar innanfor området. Målsetting for anleggsutbygging i fylket. Resultatvurdering av tidlegare plan. Registrere store anlegg (fylkeskommunen definerer sjølv kva vi reknar for store anlegg). Analyse av behov (5 10 år) for store nyanlegg og rehabilitering av eldre anlegg. Prioritert handlingsprogram for utbygging av store anlegg og rehabilitering av eldre anlegg. Programmet skal innehalde budsjett med kostnader og finansieringsløysingar. Eit budsjettmessig oversyn som viser mogeleg fylkeskommunal medverknad knytt til drift og vedlikehald av anlegg. 2.2. Fylkeskommunen vil i tillegg vurdere desse tema og behovet for utgreiingar Målsetting om fysisk aktivitet for alle. Anleggsutbygging som stimulerer auka fysisk aktivitet Tiltak som stimulerer auka fysisk aktivitet Born og unge sin kvardagsaktivitet Fysisk aktivitet for nye grupper som i dag er lite aktive Ernæring 3. Organisering av arbeidet 3.1 Politisk organisering av arbeidet: I den politiske organiseringa av arbeidet med regional plan legg vi til grunn same arbeidsdeling som i dei andre regionale planane som det er gjort vedtak å starte opp (skulebruksplan og regional transportplan). Planen vil gå inn på ansvarsområde for fleire hovudutval. Vi legg opp til slik politisk organisering: Politisk styringsgruppe (SG): Fylkesutvalet/planutvalet Politisk referansegruppe: Hovudutval for kultur, hovudutval for plan og næring og hovudutval for opplæring. 3.2 Administrativ organisering av arbeidet: Planarbeidet vert organisert som eit prosjekt der ein nyttar PLP (prosjektleiarprosessen) som metode for administrativ organisering. Planinnhaldet vil gå inn på fleire av sektorane i fylkeskommunen. Det vert likevel lagt opp til at prosjektansvaret/prosjektleiinga vert lagt til ei avdeling slik: Prosjektansvarleg (PA): Fylkesdirektør for kultur Prosjektleiar (PL): Assisterande fylkesdirektør kultur Administrativ prosjektgruppe (PG):
Side 3 av 5 Prosjektgruppa er den arbeidande gruppa og er sett saman av medarbeidarar i dei ulike sektoravdelingane i fylkeskommunen, eit medlem frå kvar av organisasjonane Sogn og Fjordane idrettskrins, Forum for natur og friluftsliv, KS, Funksjonshemma si fellesorganisasjon, Høgskulen og Fylkesmannen. Administrativ referansegruppe(rg): Eldrerådet, Rådet for funksjonshemma, regionale lag og organisasjonar innan feltet, anleggseigarar, kommunar, NHO Reiseliv, Fylkesmannen, Høgskulen, kommersielle aktørar som treningssenter, enkeltpersonar/ressurspersonar. Referansegruppa skal inviterast til dialog-/informasjonsmøter i alle fasar av prosessen. 4. Planprosessen med fristar og deltakarar Framdriftsplan: Det er lagt opp ein førebels framdriftsplan for arbeidet. Framdriftsplanen vil bli bearbeidd og detaljert på bakgrunn av høyringsinnspel. Tidsrom Planprosess 19./20./27.06.12 Tilråding om oppstart og utlegging av planprogram i HPN/HK/HO/FU/planutvalet Juli-august Høyring planprogram 21.08.12 Dialogmøte referansegruppe evaluering av gjeldande plan og planprogram for ny plan 01.09.12 Høyringsfrist planprogram 25./26.09.12 Vedtak endeleg planprogram HPN/HK/HO/FU/planutvalet frist ca.20.11.2012 Gjennomgang og oppdatering av plandokument, skriving av ny tekstdel (utanom handlingsprogram), inkl. mål og strategiar Dialog - mål og strategiar Styringsgruppa strategisk diskusjon om mål og strategiar 15. desember Dialogmøte referansegruppa mål og strategiar 01.01.13 Frist innspel tekstdel - mål og strategiar Jan/febr 2013 Justering av tekstdel - mål og strategiar Februar/mars 13 Utarbeide forslag til handlingsprogram/tiltak Mars 2013 Handlingsprogram/tiltak Styringsgruppa strategisk diskusjon om handlingsprogram Dialogmøte Referansegruppa handlingsprogram/tiltak 01.04.13 Frist innspel handlingsprogram/tiltak April 2013 Vedtak om utlegging av forslag til regional plan til off. ettersyn HK/HPN/HO/FU/planutvalet April mai Høyringsperiode Mai 2013 Høyringsmøte referansegruppa 01.06.13 Høyringsfrist, regional plan Juni august Bearbeide plan etter innspel Styringsgruppa strategisk diskusjon om regional plan Sept 2013 Tilråding til vedtak om regional plan i HK/HPN/HO/FU/planutvalet Okt. 2013 Vedtak i fylkestinget
Side 4 av 5 5. Innspel til planarbeidet Gjennom høyringsperioden for planprogrammet ønskjer vi innspel på kva planen skal innehalde. Vi presenterer nokre tematiske område planen skal dekke, verkemiddelbruk, anleggsutbygging som skal inn i regional plan, og tema for innspel til kommunale planar. Universell utforming, folkehelse, miljø, barn og unge vil vere gjennomgåande perspektiv i planen. Vi presenterer her førebelse stikkord for kva som vert omtala i planen. Lista er ikkje utfyllande. 5.1. Evaluering av gjeldande plan 5.2. Aktuelle tematiske område Fysisk aktivitet Aktivitet for inaktive. Aktiv aldring Integrere nye grupper, handtere sosiale skilnader Koplingane fysisk aktivitet og tryggleik (t.d trygge lokalsamfunn) Lågterskeltilbod Friluftsliv Meir merking og rydding av turstiar/gamle driftevegar Friluftsliv skal aktivisere nye grupper og stimulere til fysisk aktivitet i heile befolkninga, korleis gjer ein det? Nærmiljøanlegg Stimulering av utbygging av turstiar/turvegar i sentrumsnære område. Korleis leggje til rette nærmiljøet for kvardagsaktivitet? Grøn infrastruktur Korleis utvikle gode nærmiljøanlegg, i. viktig for den fysiske aktiviteten for alle aldersgrupper ii. gode og varierte uteanlegg i tilknyting til skulane for å gje gode lågterskel tilbod til alle. Idrett Dreiing i fokus frå anleggsbygging til fysisk aktivitet, korleis sikre at aktivitetsfokuset vert styrka utan at ein legg vekk anleggsfokuset? Aktivitet for born og unge Fråfall Breiddeidrett - toppidrett Idrettsliner i vidaregåandeskule Ernæring Auka kunnskap særleg blant barn og unge 5.3. Verkemiddelbruk Etablering av friluftsråd. Ansvarsdeling mellom forvaltningsnivå stat, fylke, kommune, frivillig sektor Interkommunalt samarbeid, regionalt samarbeid/heilskap Utvikle politikk for tilskot til anlegg og drift Samarbeids-/utviklingsavtalar
Side 5 av 5 Økonomi, gratis bruk av anlegg for born under 19 år 5.4. Anleggsutbygging som skal styrast i regional plan. Er det spesielle anleggstypar som bør prioriterast, t.d. heilårsanlegg, fleirbruksanlegg? Er det spesielle anlegg vi manglar eller har for få av i fylket som bør prioriterast? Samarbeid om bygging av interkommunale anlegg Avklare strategiar for interkommunalt samarbeid om anleggstypar som har for lite brukargrunnlag i ein kommune. Strategiar og tiltak for drift og vedlikehald av idretts- og friluftslivsanlegg. Prioriterte anleggstyper, har vi nok av enkelte typar anlegg? Må vi stille strengare krav til driftsplanen for anlegga? Behov for anlegg knytt til kvardagsaktivitet kontra spesialaktivitetar/spesialanlegg 5.5. Innspel til kommunale planer. Bør vi stimulere meir til interkommunalt plansamarbeid? Er det anlegg som vi har nok av, og som ikkje bør prioriterast? Sjå anleggutvikling som del av heilskapleg utvikling i regionen Vi har i fleire planperiodar oppfordra kommunane om at offentlege anlegg, bygd med tilskot frå spelemidlane, bør vere gratis for born og ungdom under 19 år. I nokre kommunar fungerer dette, men kostnaden vert etter kvart svært stor for fleire av desse gruppene. Bør vi prioritere spelemidlar til anlegg som er gratis, eller svært rimelege for denne aldersklassen? Korleis skal vi styrke det førebyggjande arbeidet ved hjelp av kommunale planer? 5.6. Anna