Alderspensjon frå folketrygda
// Alderspensjon Kjenner du reglane for alderspensjon? 1. januar 2011 blei det innført nye reglar for alderspensjon frå folketrygda. Kva inneber reglane for deg? Kva moglegheiter har du? Med denne brosjyren ønskjer NAV å vise deg alternativa. Det er ditt val. 2
Kva betyr alderspensjonsreglane for deg? Kva reglar som gjeld for deg, er mellom anna avhengig av når du er fødd. På dei neste sidene kan du lese meir om korleis alderspensjonen blir tent opp korleis alderspensjonen blir teken ut korleis alderspensjonen blir regulert Visste du at du kan ta ut alderspensjon frå fylte 62 år dersom du har høg nok opptening? at du får høgare årleg alderspensjon jo lenger du ventar med å ta han ut? at alderspensjonen din blir justert etter forventa levealder i befolkninga? at du kan kombinere arbeid og alderspensjon fritt utan at pensjonen din blir redusert? 3
// Alderspensjon Korleis tener du opp alderspensjon? Kva oppteningsreglar som gjeld for deg, er avhengig av når du er fødd. Er du fødd i 1963 eller seinare? Du tener opp alderspensjon etter nye oppteningsreglar. For kvart år med pensjonsopptening byggjer du opp ei pensjonsbehaldning som avgjer kor stor alderspensjonen din blir. Er du fødd i perioden 1954 1962? Du tener opp alderspensjon etter ein kombinasjon av gamle og nye oppteningsreglar. Er du fødd i 1954, får du til dømes berekna 9/10 av pensjonen din etter gamle reglar og 1/10 etter nye. Er du fødd i 1962, får du berekna 1/10 av pensjonen din etter dei gamle reglane og 9/10 etter dei nye. Er du fødd i perioden 1943 1953? Du tener opp alderspensjon etter gamle oppteningsreglar. Det nye er at du kan få pensjonsopptening heilt fram til du fyller 75 år. Sjå pensjonsoppteninga di på nett I nettenesta Din pensjon på nav.no får du oversikt over pensjonsgivande inntekt og pensjonsoppteninga di. 4
Opptening av alderspensjon etter gamle reglar: Dei 20 beste inntektsåra dine avgjer kor stor pensjonen din blir. Full alderspensjon krev 40 års opptening. Pensjonsoppteninga di blir uttrykt gjennom pensjonspoeng. Er du fødd i 1943 eller seinare, kan du få opptening for pensjonsgivande inntekt fram til fylte 75 år. Dagpengar ved arbeidsløyse og enkelte andre ytingar frå folketrygda blir òg rekna som pensjonsgivande inntekt. Du får opptening for ulønna omsorgsarbeid tilsvarande ei inntekt på 4,5 G (4 G før 2010). Opptening av alderspensjon etter nye reglar: Alle åra du er i arbeid eller får anna pensjonsgivande inntekt fram til fylte 75 år tel for pensjonsoppteninga. Som pensjonsgivande inntekt reknar ein òg enkelte ytingar frå folketrygda. Pensjonsoppteninga blir uttrykt gjennom oppsparing av ei pensjonsbehaldning som blir regulert kvart år. Pensjonsbehaldninga di aukar kvart år med 18,1 prosent av - pensjonsgivande inntekt inntil 7,1 G - inntekt tilsvarande 4,5 G for ulønna omsorgsarbeid (4 G før 2010) - inntekt tilsvarande 2,5 G for avtent sivil eller militær førstegongsteneste på minst seks månader - tidlegare inntekt inntil 7,1 G ved arbeidsløyse med mottak av dagpengar G er grunnbeløpet i folketrygda og svarer til 82 122 kroner per 1. mai 2012. Minste pensjonsnivå for personar som ikkje har hatt arbeidsinntekt Alle som har budd 40 år eller meir i Noreg etter fylte 16 år, har rett til ein alderspensjon som svarer til eit minste pensjonsnivå frå fylte 67 år. 5
// Alderspensjon Korleis kan du ta ut alderspensjonen din? Det er opp til deg å vurdere når og korleis du ønskjer å ta ut alderspensjonen, og kor mykje du vil jobbe ved sida av. Uttak av alderspensjon: Du kan begynne å ta ut alderspensjon frå fylte 62 år dersom du har høg nok opptening. Du kan fritt kombinere arbeid og pensjon utan at pensjonen din blir redusert. Du kan ta ut full pensjon eller berre ein del: 20, 40, 50, 60 eller 80 prosent. Det kallar vi uttaksgrad. Etter at du har starta uttak, kan du endre uttaksgrad éin gong i året. Du kan likevel når som helst velje å ta ut full alderspensjon eller stanse pensjonen. Du kan rekne ut pensjonen din Ikkje alle har høg nok opptening til å ta ut alderspensjon frå 62 år. I nettenesta Din pensjon på nav.no kan du gjere berekningar for å sjå på kva tidspunkt og med kva grad du kan ta ut pensjon. 6
Du kan fritt kombinere arbeid og pensjon Reglane for uttak av alderspensjon gjer at du kan jobbe så mykje du vil, sjølv om du tek ut pensjon. Du kombinerer jobb og pensjon fritt. Det vil seie at du til dømes kan jobbe i 80 prosent stilling og ta ut 40 prosent alderspensjon. Alternativa er mange. ARBEID Kor mykje vil du jobbe? pensjon Kor mykje vil du ta ut i pensjon? Ikkje jobbe Jobbe delvis Jobbe fullt Vente Gradert pensjon Full pensjon Vel du å ta ut pensjon, må du søkje om ønskt uttaksgrad og tidspunkt for uttak (sjå side 14). Kor mykje alderspensjon du vel å ta ut, og når du tek han ut, avgjer kor mykje du får utbetalt seinare. Ønskjer du å endre stillingsprosent, må du snakke med arbeidsgivaren din. Dersom du held fram med å arbeide etter at du har teke ut pensjon, held du òg fram med å tene opp nye pensjonsrettar. 7
// Alderspensjon Alderspensjonen din blir levealdersjustert Pensjonen din blir justert etter forventa levealder i befolkninga. Det inneber at dersom den forventa levealderen aukar, må yngre årskull arbeide litt lenger enn eldre årskull for å få den same pensjonen. Levealdersjustering er innført for å sikre at pensjonssystemet held seg berekraftig. Ventar du med å ta ut pensjonen, kan du kompensere for levealdersjusteringa. Tala nedanfor viser kor lenge etter 67 år ulike årskull må utsetje pensjonsuttaket sitt for å kompensere for levealdersjusteringa. 1946: 3 månader, 1948: 5 månader, 1950: 8 månader, 1952: 10 månader, 1962: 2 år og 2 månader. Tala føreset 40 års opptening ved 67 år. Ventar du med å ta ut alderspensjon, får du større årlege utbetalingar. 8
Eit døme på uttak av alderspensjon Kjell er fødd i 1950 og har budd og jobba i Noreg heile livet. I løpet av 40 år i arbeid har han hatt ei årleg gjennomsnittleg inntekt på 400 000 kroner. Kjell får større årlege utbetalingar jo lenger han ventar med å ta ut alderspensjonen. Dersom Kjell tek ut heil alderspensjon frå han er 63 år, blir den årlege utbetalinga om lag 176 000 kroner. Dersom Kjell ventar med å ta ut heil alderspensjon til han er 67 år, aukar pensjonen til om lag 215 000 kroner. Dersom Kjell ventar heilt til han er 70 år med å ta ut heil alderspensjon, aukar utbetalinga til om lag 256 000 kroner i året. 275 000 250 000 225 000 200 000 175 000 150 000 125 000 100 000 75 000 50 000 25 000 0 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 Beløpa viser kva Kjell får dersom han tek ut heil pensjon. Bestemmer han seg for å ta ut ein mindre del av alderspensjonen, blir beløpa annleis fordi Kjell då sparer meir til seinare. Prøv nettenesta Din pensjon Bruk nettenesta Din pensjon på nav.no til å rekne ut din eigen pensjon og sjå korleis ulike tidspunkt og uttaksgradar slår ut for deg. 9
// Alderspensjon Korleis blir alderspensjonen din regulert? Prisar og lønningar aukar som regel kvart år. For å ta vare på verdien av pensjonsrettane du har tent opp, blir alderspensjonen din regulert årleg per 1. mai. Regulering av alderspensjon under opptening Alderspensjon du enno ikkje har teke ut, blir regulert i takt med den gjennomsnittlege lønnsveksten i Noreg. Regulering av alderspensjon under utbetaling Alderspensjon under utbetaling blir kvart år regulert med den gjennomsnittlege lønnsveksten, og pensjonen blir deretter redusert med 0,75 prosent. Over tid er det venta at dette skal gi ei regulering som svarer til eit gjennomsnitt av lønns- og prisstiginga. Døme: Tenk at alderspensjonen før reguleringstidspunktet er 250 000 kroner, og at lønnsveksten er 3 prosent. Etter reguleringa blir alderspensjonen 255 569 kroner. Det reknar du ut ved å leggje til lønnsveksten: 250 000 kroner x 1,03 = 257 500 kroner å trekkje frå 0,75 prosent: 257 500 kroner x (1 0,0075) = 255 569 kroner 10
Andre spørsmål og svar Kan eg ha uførepensjon og alderspensjon samtidig? Ja, du kan ha uførepensjon og alderspensjon samtidig, men den samla pensjonsgraden kan ikkje overstige 100 prosent. Har butid eller arbeid i utlandet noko å seie for alderspensjonen? Langvarige utanlandsopphald kan påverke pensjonen din. Har du budd eller arbeidd i eit anna land, bør du undersøkje om du har tent opp rett til pensjon derfrå. NAV kan hjelpe deg med dette og kan i tillegg hjelpe deg med å søkje om pensjon frå land som Noreg har trygdeavtale med. Kva med skatt på alderspensjon? Alderspensjonen er skattepliktig. Dersom du tek ut alderspensjon og samtidig held fram med å jobbe, skattar du òg på vanleg måte av arbeidsinntekta di. Du finn meir informasjon om skatt og pensjon på skatteetaten.no. NAV rettleier deg om regelverket for alderspensjon Har du spørsmål om alderspensjon frå folketrygda, kan du kontakte NAV Kontaktsenter Pensjon på telefon 55 55 33 34. Her får du òg svar på spørsmål om alderspensjon i kombinasjon med uførepensjon eller rettar som attlevande. Informasjon om andre ytingar som supplerande stønad, sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar (AAP) frå NAV finn du på nav.no. 11
// Alderspensjon Den samla alderspensjonen din meir enn folketrygd? Mange har i tillegg til oppteninga i folketrygda tent opp pensjonsrettar gjennom arbeidsforhold. Enkelte har òg spart ved sida av. Den samla pensjonen din kan derfor bestå av følgjande: Alderspensjon frå folketrygda Kor mykje du får utbetalt i alderspensjon frå folketrygda, kjem an på kva opptening du har hatt gjennom livet, og kor mange år du har budd i Noreg. Tenestepensjon og AFP (avtalefesta pensjon) Dei aller fleste arbeidstakarar har ei tenestepensjonsordning. Arbeidsgivaren din eller leverandøren din av tenestepensjon gir informasjon om pensjonsordninga du høyrer til. AFP er ei pensjonsordning for arbeidstakarar som har fylt 62 år, og som jobbar innanfor eit område med tariffavtale om AFP. Spør arbeidsgivaren din dersom du er usikker på om du har rett til AFP, eller dersom du har spørsmål om ordninga. Eiga sparing Dersom du har private spareavtalar for pensjon, kjem dette i tillegg til andre utbetalingar når du blir pensjonist. 12
Til deg som har rett til AFP Det er forskjell på reglane for AFP i privat og offentleg sektor. AFP i privat sektor er eit livsvarig tillegg til alderspensjonen frå folketrygda. Dersom du vil ta ut AFP i privat sektor, må du samtidig søkje om alderspensjon frå folketrygda. Du kan jobbe så mykje du vil, utan at pensjonen din blir redusert. I offentleg sektor er AFP ei tidlegpensjonsordning du kan få frå du er 62 til 67 år. Dersom du vil ta ut AFP i offentleg sektor, kan du ikkje samtidig ta ut alderspensjon frå folketrygda. Det er grenser for kor mykje du kan tene utan at pensjonen blir redusert, dersom du tek ut AFP i offentleg sektor. Informasjon om pensjon frå andre enn folketrygda: Nettsidene til Norsk Pensjon (norskpensjon.no) gir deg informasjon om privat tenestepensjon og andre private pensjonsavtalar. Nettsidene til Statens pensjonskasse (spk.no) gir informasjon om offentleg tenestepensjon og AFP til deg som jobbar i staten. Nettsidene til Fellesordninga for AFP (afp.no) gir deg informasjon om AFP i privat sektor. Du kan kontakte arbeidsgivaren din for å få informasjon om tenestepensjonsordninga. Arbeidsgivaren din vil òg kunne fortelje deg om du høyrer til ei AFP-ordning. 13
// Alderspensjon Pensjon er lett på nett prøv nettenesta Din pensjon på nav.no På nav.no kan du logge deg inn i nettenesta Din pensjon. Der ligg pensjonsinformasjonen din lagra, slik at du kan rekne ut pensjonen din. Dette er noko av det du kan gjere i nettenesta Din pensjon: Sjå oppteninga di i folketrygda Berekne framtidig alderspensjon frå folketrygda, og eventuell AFP og tenestepensjon Søkje om alderspensjon frå folketrygda og seinare søkje om endra uttaksgrad Søkje om AFP i privat sektor Sjå utbetalingane dine Sende spørsmål til NAV om alderspensjon Krav til innlogging: I nettenesta Din pensjon blir innlogginga gjord med ID-porten/MinID. ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på nett og gir tilgang til alle sjølvbetente tenester i NAV. Du kan logge inn med passord og eingongskode til MinID smartkort frå Buypass USB-pinne frå Commfides På difi.no finn du informasjon om korleis du skaffar deg elektronisk ID. 14
Logg inn med eindagspassord: Dersom du ikkje nyttar MinID, kan du som eit alternativ logge inn med eindagspassord. Det får du frå NAV Kontaktsenter Pensjon på telefon 55 55 33 34 eller ved å møte opp på det lokale NAV-kontoret. Dersom du får eindagspassord via telefon, vil du av tryggleiksgrunnar ikkje få tilgang til alle funksjonane i Din pensjon mellom anna får du ikkje høve til å søkje om alderspensjon. 15
// Alderspensjon Søknadsinformasjon Dersom du bestemmer deg for å ta ut alderspensjon og veit når du ønskjer at utbetalingane skal starte, må du hugse følgjande: Du må søkje om alderspensjon frå folketrygda. Du kan søkje elektronisk eller skrive ut delvis utfylte søknadsskjema i nettenesta Din pensjon på nav.no. Søkjer du elektronisk, kan du få svar i løpet av få minutt. NAV-kontoret ditt kan gi deg delvis utfylte søknadsskjema og informasjon om søknadsprosessen for alderspensjon frå folketrygda. Ønskjer du å ta ut privat AFP saman med alderspensjonen, må du hugse å sende ein eigen søknad om det dersom du søkjer på papir. Når må du søkje? Alderspensjon frå folketrygda kan tidlegast bli utbetalt frå og med månaden etter at vi har motteke søknaden din. Du bør derfor søkje i god tid før den månaden du ønskjer at utbetalinga skal begynne. Vanleg saksbehandlingstid for søknad om alderspensjon er tre månader. Søkjer du elektronisk i nettenesta Din pensjon, kan du derimot få svar i løpet av få minutt. 16
17
// Alderspensjon eigne notat: 18
eigne notat: 19
// Alderspensjon Her får du meir informasjon om alderspensjon frå folketrygda: - nav.no - Nettenesta Din pensjon på nav.no - Rettleiing på telefon 55 55 33 34 Vi viser deg alternativa Det er ditt val Utgitt av: Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5 St. Olavs plass 0130 OSLO 20 Nynorsk Juni 2012 Opplag xxxx Trykkeri: 07 GRUPPEN AS Layout: Seksjon for informasjon og kanalvalg, arbeids- og velferdsdirektoratet ISBN 978-82-551-2301-9