Rapport fra møter med Genova/Liguria og deltaking på Slow fish i perioden 9.-13. nov. 2005.



Like dokumenter
mmm...med SMAK på timeplanen

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Til deg som bur i fosterheim år

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Brukarrettleiing E-post lesar

Forslag frå fylkesrådmannen

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Samansette tekster og Sjanger og stil

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Informasjonshefte Tuv barnehage

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Informasjon til pasientar og pårørande

Brukarrettleiing. epolitiker

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Sporing og merking. Merking

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike


Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Hordaland si deltaking i Cardiff International Food and Drink Festival sluttrapport

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Stemnehandboka for NKSF

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Frå novelle til teikneserie

Nytt HFK Intranett

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Læreplan i resepsjonsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Månadsbrev for Rosa september 2014

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

ehandel og lokalt næringsliv

Psykologisk førstehjelp i skulen

Invitasjon til regional messe for elevbedrifter

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Referat frå MINTA møte

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

«Årets Bedrift 2015» Slettvoll Møbler AS

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

IKT-kompetanse for øvingsskular

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Transkript:

Rapport fra møter med Genova/Liguria og deltaking på Slow fish i perioden 9.-13. nov. 2005. Bergen 27. nov. 2005 Terje Inderhaug

Bakgrunn. I januar 2005 kom det fleire prominente personar innan Slow Food International i Italia til Noreg og Bergen. Genova kommune og handelskammer var og representert i delegasjonen. Hordaland fylkeskommune var vertskap for delegasjonen i Bergen saman med Bergen kommune, Havforskningsinstituttet, Sjømatsenteret, m.fl.. Målet for delegasjonen var den gong å få vite meir om Vestlandet, kyst-noreg, fiskerinæringa, tradisjonelle norske produkt som tørrfisk, klippfisk og sild samt bruk av tretønner som Slow Food meinte kunne gjerast meir kjende på den internasjonale marknaden. Slow Food er ei internasjonal rørsle som starta i Italia i 1986 og som no arbeider over store delar av verda for å fremje matkultur og det sakte, gode livet, - som ein slags motkultur til fast food kulturen. Det var fleire formål med reisa, mellom anna å førebu godkjenning av moglege norske produkt innan fiskerisektoren i Slow Food-rørsla, samt utvikle samarbeid kring matkultur og gjere Slow Food meir kjend i Noreg og finne samarbeidsformer mellom hamnebyen Genova/Liguriaregionen og Vestlandet. Resultata frå fylkesordførar og fylkeskommunen si vertskapsrolle kan seiast å vere mangfaldig. Slow Food har i ettertid inkludert tradisjonell tørrfisk-, klippfisk-, sildeproduksjon som eigne internasjonale Slow Food Presidia produkt. Slik internasjonal godkjenning opnar opp for god hjelp til dei aktuelle bedriftene på Sunnmøre, Kristiansund og Finnmark, - mellom anna til marknadsføring og profilering, teknisk hjelp, eksport og reiseliv. Dessutan vart vi invitert til Slow fish deltaking i Genova Representantane frå Genova by, italiensk reiseliv og media konkluderte med at det er mogeleg å få til meir konkret samarbeid kring reiseliv mellom landa, og det vart laga fleire flotte reise og opplevingsreportarsjar om Noreg og Bergen i fleire nasjonale magasiner i Italia. Deltaking i Bergen. Difor satsa Genova og Liguria og mykje på si deltaking på den 1ste Internasjonale Tørrfiskfestivalen i Bergen i juni i år der dei promoterte si omfattande historie, sin matkultur basert på norske råvarer og gode reiselivsopplevingar. Utvekslingsprogram. I løpet av 2005 har ein og utveksla kokkar/faglærarar til kursverksemd for restaurantar i Bergen kring bruk av vår tørrfisk i italiensk matkultur og dessutan fått godkjent eit EU- Leonardo utplasseringsprogram for yngre kokkar til Genova og Liguiria. To kokkar frå Hordaland har nytta høve til no, og 9 kokkar til skal reise på 12 veker opphald på italiensk restaurant i løpet av 2006. Oppfølging - Eit internasjonalt regionalt samkvem inneber gjensidig oppfølging, kunnskap, ansvar og tillit, - noko som er bakgrunn for vår deltaking og reise til Genova og Liguriaregionen på vegne av store delar av kyst-noreg, og for vår rolle som hovudutstillar på Slow Fish arrangementet 11-13. nov. Det reiste om lag 50 menneske frå Kyst-Noreg til Slow fish i Genova, frå norsk Tradisjonsfisk sine produsentar frå heile landet, frå lokale og regionale mynde, media og ulike nærings- og reiselivsorganisasjonar og ikkje minst mange dyktige faglærarar frå Vidaregåande skoler. Fylkesordføraren i Hordaland, ordførar Herøy Kommune, Nordmøre Næringsråd, Herøy Næringsråd, Fitjar Vidaregåande skole, Herøy Vidaregåande skole, Norges Fiskarlag, Bergen Reiselivslag, Lokallaget til Slow Food i Bergen, Norsk Tradisjonsfisk produsentar, Fiskerimuseet, RBL, Kgl. selskap for Norges Vel, Hurtigruta, Astri Riddervold og mange fleire hadde viktige oppgåver på møter med Genova kommune og Liguria regionen, - så vel som med Slow Food og på Slow fish arrangementet. 2

Del 1. Resultat frå møte/samarbeide med med Regionale mynde/ Handelskammera i Genova og Liguria. Fylkesordførar og representantane frå Hordaland og Bergen hadde møter med Genova og Liguria handelskammer og politiske mynde for by og region på torsdag 9.nov.,- dagen før Slow Fish arrangementet opna. Rolle og oppgåver. Dei Italienske handelskammera har ei mykje meir utøvande næringspolitisk og praktisk rolle enn tilsvarande organisasjonar i Noreg. Alle bedrifter i Italia må både registrere seg og få alle sine løyver hos eit handelskammer lokalt. Dei er lovpålagte offentlege organisasjonar med mange viktige forvaltningsmessige oppgåver og kontrollfunksjonar også for priser og konkurransetilhøve, mattilsyn m.m., - men dei er og utøvande organ for bedriftservice, marknadsføring av næringsliv og turisme, opplæring, kvalitet, nyskaping og innovasjon, internasjonalt samarbeide, medeigarskap i organisasjonar og bedrifter samt tilrettelegging for næringsutvikling, - til og med for det dei sjølv kallar infrastrukturtiltak. Det er dei regionale mynde jf. Liguria regionen som set opp prioriteringane, handlingsplan og vedtekter for handelskammeret, og som vel styre og kontrollerer budsjett og rekneskap. Styreleiar/President for handelskammmeret er Paolo Odone og Generalsekretær er Romano Merlo. Sistnemnde var og ordførar i Genova tidleg på 90-tallet og leia delegasjonen som var i Bergen i Juni. Det er 146 tilsette ved Handelskammeret i Genova. Møte med Liguria regionen. Fylkesordførar hadde og eit eige møte med Claudio Burlando, som er president for Liguria regionen (der Genova høyrer heime), - saman med UD/Innovasjon Noreg sin representant i Italia. Fylkesordførar og administrasjon deltok og på ulike arrangement på oppfordring av Handelskammera under Slow fish arrangementet, m.a. vart fylkesordførar med på kåringa av Årets restaurant i Genova der 42 restaurantar vart vurdert og premiert. Vinnaren spesialiserte seg på klippfisk og tørrfiskrettar. Samarbeidsresultat. Det er etablert eit godt samarbeide med regionale og lokale mynde i Genova og Liguria og Hordaland fylkeskommune som vil kunne ha stor verdi for landsdelen vår i framtida. Italia er eit viktig EU land og ein viktig handelspartnar for Noreg, - ikkje minst er Genova ein viktig europisk kulturby, maritim region, universitetsby og importhavn for mange norske varer og tenester. a)konkrete utvekslingar og samarbeid er på gang i løpet av kort tid. Italia er verdas mest kjende matkulturland og både kokker/restaurantar og faglærarar/skoler har knytt gode kontaktar. Dessutan er reiselivs- og promoteringsamarbeid etablert, Bergen og Genova handelskammer har knytt dei første kontaktar, og fleire samarbeidskonstellasjonar og moglegheiter vert utforma. b)årets restaurant/kokk i Genova vert æresgjest på Bergen Internasjonale Tørrfiskfestival 2007. c)fiskerimuseet har m.a. invitert Genova til å lage ein utstilling i kystkultursenteret i Sandviken omkring deira historie og bruk av vår tørrfisk i Italia. d)eksport og handelskontaktar. Handelskammeret har m.a. stadfesta informasjonsservice/tiltak omkring aktuelle importørar av norsk fisk og invitert fleire av norsk Tradisjonsfiskbedriftene på Vestlandet til møter og presentasjon av aktuelle eksportprodukt overfor distributørar i Genova på nyåret. e)konseptet/ideen om det gyldne triangel, dvs. det gode samarbeide mellom Italia/Genova, Slow food og Norge/ Hordaland vart lansert overfor media på den avsluttande pressekonferansen til Slow fish. 3

Del 2. Resultat frå samarbeide med Slow food rørsla og frå Slow fish arrangementet i Genova. Innleiing. Slow Food er ei internasjonal rørsle som vart grunnlagd i Bra, Piemonte (Italia) i 1986. Slow Food arbeider for å ta vare på og fremme matkultur og det sakte gode liv. Rørsla samlar seg til kamp mot den verdsomfattande standardisering av smak og mot manipulering av forbrukarar. Grunnleggjande prinsipp i alle Slow foods aktivitetar og arrangement er det gode samvær menneske imellom, og retten til glede og nyting. Dei meine og at stadeigne matvarer er uttrykk for ein region sin smakmessige eigenart, lokale tradisjonar, og gamle produksjonsteknikkar. Alt dette er vel verdt å ta vare på, til glede for oss sjølve og for dei som kjem etter oss. Difor arbeider Slow Food for å beskytte og styrkje alle ledd i den kjeda som utgjer lokal matkultur. Serveringsstader som ivaretek vår gastronomiske arv og miljøet rundt dei er ein viktig del av denne kjeda. Slow Food har imidlertid eit større perspektiv, og jobbar for å trygge viktige deler av jordbruk, som står for matproduksjon, og vår matkulturelle historie. Stikkord er: Biodiversitet (bevare artsmangfaldet), bærekraftig jordbruk (dyrke utan å øydelegge), distriktsutvikling, bevaring av håndverksteknikkar og mattradisjonar. Når det gjeld tiltak og virkemidlar så har Slow food utvikla eit omfattande oversyn/dokumentasjon over utsette og viktige matkulturprodukt som dei kallar smaksarken og ein utøvande verksemd/tiltak, som vert kalla Presidebedrifter, - som er verna bedrifter innanfor rørsla og som skal produsere viktige matprodukt av verdi for verdas matkulturarv. Den brune Undredalsosten er einaste godkjente norske Presidiaprodukt på landbrukssektoren per i dag. (Sjå meir om Slow food i vedlegg Slow food si historie). Diverse resultat frå samarbeide med Slow food rørsla i 2005. Nye Internasjonale Presidiabedrifter. Slow food sendte oss ein rapport frå Noregsreisa der dei konkluderte med at dei såg for seg 3 produkt som kvalifiserte for Smaksarken og som Presidia produkt på kort sikt og som hadde potensiale internasjonalt, desse var Røykesilda, Klippfisk og Tørrfisken. Det er utført ein omfattande utviklings- og dokumentasjonsprosess i ettertid og to av produkta/ bedriftene er allereie godkjende og vart lansert som Presidiabedrifter på Slow fish messa, - medan den 3-dje, klippfisken framleis må bruke meir tid fram mot Terra madre i oktober neste år før eventuell godkjenning som Internasjonal Presidabedrift. Alle 3 tradisjonsfiskbedriftene hadde eigne sals- og promoteringsutstillinger på Slow fish messa. Desse var Njardar as på Leinøy med røykesilda, Klippfiskbutikken i Kristiansund og Sørvær med tørrfisk/fiskeprodukt frå Vest-Finnmark. Bergen Slow Food lokallag. Det er etablert ei ny Slow food avdeling i Bergen på bakgrunn av vitjinga i Bergen og mange frå Bergensavdelinga deltok aktivt på Slow Fish arrangementet vårt. Leiaren Wigdis Espeland hadde viktige oppgåver under vår offisielle opning av utstillinga. Norsk Slow Food Smaksark. Det vil bli etablert ein Norsk Ark kommisjon for innsamling av viktig matkultur dokumentasjon for Noreg, vonleg i løpet av 2005. Ove Fosså frå Slow Food i Stavanger organiserer utvikling og etablering av smaksarken. Prosjektleiar for Norsk tradisjonsfisk i HFK er invitert med som representant for matkulturen på fiskerisektoren. Prosjektleiar er også invitert med i Slow Food sitt øvste faglege organ, den internasjonale smaksark kommisjonen og har deltatt på eitt møte i Firenze allereie. Deltaking på Bergen International Stoccafissofestival. Slow food International deltok på Tørrfiskfestivalen i sommar både med faglige foredrag og med utstilling på Bryggen (saman med Bergen lokallag av Slow food) og med internasjonale Presidum bedrifter og produkt fra Italia og Irland. Deltaking på TERRA MADRE i Torino 2006. Terra madre er den største samlingen for Slow food rørsla og i 2006 vert over 5000 matprodusentar, 1000 matkulturinteresserte kokker og 200 universitet og FoU miljøer frå heile verda inviterte til arrangementet. Det er ei stor ære at Slow Food har bede Norsk Tradisjonsfisk sin administrasjon om å koordinere mykje av den norske deltaking på fiskerisektoren til dette arrangementet, både når det gjelder produsentar, kokkar og FOU miljø. 4

Del 3. Resultat frå Slow fish arrangementet. Kort om bakgrunn for Slow Fish arrangementet i Genova. Slow Fish er det største matfaglege arrangementet innanfor Slow Food rørsla på fiskerisektoren og det er andre gang det vart gjennomført. Slow Fish vil bli arrangert i Genova kvart andre år framover. Norsk Tradisjonsfisk vart invitert som ein av hovudustillarane i år, både med produsent/salsboder for tørrfisk, klippfisk og røykesild samt for presentasjon av ferdige produkt på eigen restaurant/utstilling jf. Norway Isle som vart organisert og utført av Fitjar og Herøy vidaregåande skoler. Reiselivsprofilering Bergen/Hordaland, Sunn- og Nordmøre, og Finnmarksamarbeide. Bergen Reiselivslag engasjerte seg positivt og tok ansvar for deltaking på Slow fish og for utforming av ein god profilering av kyst-noreg i samarbeide med Hurtigruta og samarbeidsregionane på vår fellestand. Det vart laga ei eigen brosjyre for kyst-noreg på Slow fish der Bergen reiselivslag utforma ei eiga brosjyre med kopling mellom reiselivsopplevingar og serleg matkultur i kvar landsdel, - noko som syntes å vere ei god løysing på ei fiskerifagleg matkulturmesse som Slow fish. Brosjyra kobla mellom Bergen og vår kjende fiskesuppe, Sunnmøre og røykesildtradisjonane, og Nordmøre og klippfisken, og Finnmark og tørrfisktradisjonane. Brosjyra er lagt ved. Hurtigruta sin viktigaste agent/reiselivsoperatør i Italia Giver som er basert i Genova var med på standen alle dagane. Bergen Reisleivslag og Giver gikk tidleg tomme for alle sine hurtigrute- og reiselivsbrosjyrar om Noreg, inklusive alt av materiell om fjord-noreg og Hordaland/Bergen som vi hadde med oss til Genova. Konklusjon: Geoturisme er eit nytt satsingsfelt for Innovasjon Norge m.fl. og slik sett fikk vi stadfesta at det både er fornuftig satsing for framtida og at det er ei god kopling mellom matkulturprofilering som norsk tradisjonsfisk presenterte og marknadsføring av reiselivsopplevingar. Bergen Reiselivslag har medverka til god profilering og resultat for reiselivsnæringa på Vestlandet/kyst-Noreg og hurtigruta, - samt for å ha utvikla eit godt verktøy og samarbeide for liknande tiltak i framtida. Informasjon, faglege presentasjoner og deltaking på Work Shops Eksportutvalget for fisk leverte oss store mengder informasjonsmateriell og oppskriftshefter for tørrfisk, klippfisk og laks. I tillegg hadde vi med oss mykje informasjonsmateriell for eigne produsentar og tradisjonsfiskprodukt samt for landbruksprodukt og drikkevarer og alt vart delt ut. Norsk Tradisjonsfisk var med på Kunnskapsruten (med deltaking av Knut-Arne Høyvik frå Norges Fiskarlag, Kjetil Leknes frå Leanfish as og Knut Garshol frå Klippfiskbutikken). Dei presenterte historia om den arktiske skrei, informerte om bærekraftig fiske, om fiskebåtar/utstyr og om produksjon samt kvalitetskontroll av tørrfisk og klippfisk ved 2 tilstellingar. Avslutningsvis vart det servert smaksprøver av klippfisk og tørrfisk til forsamlingane (dvs. til 120 personar). Norsk Tradisjonsfisk var dessutan med på 4 workshops med faglege innleiingar, der Njardar v/jan Nærø orienterte om sal/marknad for silda, Knut Garshol orienterte om kvalitetskontroll/kvalitet på klippfisk, Astri Riddervold fortalde om kystkultur, kystkvinnene og mattradisjonar og Terje Inderhaug orienterte om NT og moglege internasjonale samarbeidstiltak mellom presidiebedrifter i framtida. Sørvær var med på skoleruta med informasjon om sitt fiskesamfunn. Konklusjon: Ein viktig tilbakemelding er at Italiensk ungdom er sers oppteken av sin eigen matkultur og bruk av norske råvarer, - både konservert fisk og av fersk fisk generelt, - noko som er sers positivt sett ifrå den del av norsk fiskeindustri som produserer konvensjonelle fiskeprodukt. Presidie/sals utstillinger Sørvær m/tørrfisken,. Njardar m/røykesilda og Klippfiskbutikken m/klippfisken hadde alle eigne salgs- og informasjonsutstillingar på Slow fish. Dei selte alle ut alt av sine produkt og delte ut all sin informasjon i løpet av dei 3 dagane Slow fish varte. Det vart knytt mange gode marknadskontaktar for deltakarane både i Italia og andre stader, - med agentar og distributørar i Genova og andre stader frå men og med - t.d. italienske restaurantar både i Italia og stader som New York. Desse USA restaurantane gir t.d. viktige signaler for heile den amerikansk/italienske restaurantmarknaden. 5

Italienske restaurantar finst over heile verda og dersom dei kan fokusere meir på sine regionale spesialitetar som gjer bruk av dei felles verdsarvprodukta som tørrfisk, klippfisk og røykesild som vi har med Italia, - så kan resultata verte sers positive for store delar av norsk fiskeindustri. Kunstutstilling. Kunstnaren Torill Børretzen fikk invitasjon til å stille ut ein serie av sine tørrfiskakvarellar på Slow fish. Det vart ein flott kunstutstilling og ho er allereie invitert attende til neste Slow fish i 2007. Meny utvikling og resultat frå Norsk Tradisjonsfisk utstillinga/restauranten Det vart utvikla ein spanande mat og drikke meny for Norway Isle saman med tradisjonsfisk og andre leverandørar av norske produkt og dei matfaglege ansvarlege frå Fitjar og Herøy Vidaregåande skoler. Menyen vart presentert både på italiensk og engelsk. Utgangspunktet for menyen var ein tilnærming til italiensk matkultur gjennom vårt samarbeide med Genova/Liguria i samband med tørrfiskfestivalen, samt etter signal frå dir. Svein Berg i EFF som på Norsk Tradisjonsfisk sin nasjonale konferanse gav uttrykk for at when we are in Rome we must do as the Romans, dvs. vi bør tilpasse oss de italienske matskikkar framfor å få dei interesserte i våre eigne tradisjonar og smaksvaner. Det var likevel dei norske spesialitetane som vekte mest interesse, t.d. lutefisken synes å ha et stort potensiale i Italia. Den norske maten/stand vakte stor merksemd og interesse frå publikum, utstillare, media og arrangør. Viktige resultat frå Slow Fish arrangementet. Beste utstillar. Det kom 60 000 besøkande til messa og Norsk Tradisjonsfisk si fellesutstilling med matservering, saman med Presidiabedriftene, vart den beste utstillar og vakte mest merksemd av alle deltakarane på Slow fish. Dette er stadfesta av ulike utstillarar, organisasjonar og av italiensk media. Slow Food sin President til Bergen. Fylkesordføraren i Hordaland fikk under opningsseremonien til Norsk Tradisjonsfisk sin utstilling overtydd grunnleggar og President i Slow food Carlo Petrini om at han måtte komme på Norgesbesøk for første gang. Carlo Petrini stadfesta at han no vil komme til Bergen i mai 2006, - for å møte representantar for den norske regjering, - for å sjå og oppleve Vestlandet, Slow food bedriftene (inkludert Presidia osteprodusent i Undredal), oppleve matkulturen vår og førebu norsk deltaking på Terra Madre. Astri Riddervold fikk i oppdrag av Carlo Petrini å undervise ved Slow food universitetet i ei veke i april 2006 og ho fikk og skissert eit mogleg EU/FOU prosjekt mellom fleire Presidiebedrifter omkring modning av feitfisk og bruk av tretønner der dei har felles utfordringar overfor regelverk. Media/PR verksemd/opningsseremoni. Norsk Tradisjonsfisk si utstilling hadde ein flott og fengande opningsseremoni under leiing av fylkesordførar Toril Selsvold Nyborg, - der Astrid Riddervold og Jan Aksnes (Fitjar Vid. skole) i vikingdrakter presenterte vår historiske meny og matkultur med suppe servert i gryte etter kopi frå Osebergskipet og vikingepizza med rakefisk på langpanne etter kopi frå Gokstadskipfunnnet. Seansen vart send på riksdekkande fjernsyn/nyheitsendingar over heile Italia. Wigdis Espeland leiar av Slow food i Bergen avslutta presentasjonen vår overfor President Carlo Petrini i Slow Food. Norsk Tradisjonsfisk si deltaking har fått solid dekning i italiensk presse og media, men og med noko dekning i norsk fiskeripresse og diverse lokalpresse kring om i Noreg. Informasjonsavdelinga i HFK har sendt ut pressemelding til lokalmedia i Hordaland og vi reknar med mediamessig oppfølging ikkje minst av Fitjar vidaregåande skole sin store innsats og deltaking på Slow Fish seinare. Gode resultat for norsk matkultur på fiskerisektoren - sjå detaljert vurdering av produkt nedanfor. 6

Del 4 Detaljert resultat for produkt/produsentar på Norway Isle/Norsk Tradisjonsfisk si utstilling og matservering av norske matprodukt. Før oppstart lunsj- og middagsservering kvar dag vart ulike fiske og landbruksprodukt bydt fram for publikum for sal og smakstesting. Alt som ble bydt fram forsvann fort og det var alltid mykje folk. Norsk Tradisjonsfiskprodukt evaluering av einskildprodukt 1. Ferske reker frå Finny Sirevåg. Rekene var heilt fantastiske i følgje kokkane. Nokre småglas vart satt fram for sal til publikum saman med smaksprøver. Alle forsvann med eingong. Smørbrød med reker vart selt unna umiddelbart. Dei store plastbuttane var tyngre å formidle til kundar noko som har samanheng med at Italienere ikkje lagrar mat i store kjøleskap eller fryseboksar slik som vi gjer i Norge. Plastbuttane er aktuelle overfor restaurantar medan småglasa er bra for konsumentar. Folk kom ofte igjen og spurte etter smørbrød og småglas gjennom heile messeperioden. Konklusjon: Finny Sirevåg har eit klårt og stort marknadspotensiale i Italia. 2. Røykjelaks frå Espevær Røykeri. Vi hadde nokre småpakker med røykelaks med oss som vart testa ut og konklusjonen er at dei vart sers etterspurde av publikum. Småpakkane forsvann med eingong første dag (med unntak av 2 pakker som vi gjømde på), og vi kunne ha selt store mengder av småpakker dersom ein hadde lagt opp til det. Folk kom att gjennom heile festivalen og spurde etter fleire småpakker. Det var eindel folk som syntes haldbarheita var litt kort til å vere røykelaks og som lurte på akkurat det at haldbarheit ikkje varte ut heile november. Espevær er kan hende meir ærleg enn andre produsentar av røykelaks? Konklusjon: Laks på brød som forrett var ein strålande suksess og vi kunne selt mykje meir dersom vi hadde hatt meir med oss enn det vi gjorde. Røykelaksen fikk mange gode tilbakemeldingar og fleire hevda at dette var den beste røykelasken dei nokon gang hadde smakt. Italienarane synes å like meir salt i maten enn det vi gjer og det trur ein er relevant med omsyn til Espevær sin røykelaks den passer godt til den italienske gane og marknad. 3. Kryddersild og ansjos frå Kyvig Kryddersilda fikk ein overraskande og sers positiv mottaking av italienarane. Den vart servert på skiver med egg, rødbetar og creme fraise og alt forsvann veldig fort. Den gikk serleg godt å servere saman med norsk akevitt. Kokkane hadde helst sett at silda vart filetert på forhand. Den skulle vert vakumert for sal, men det som vart lagt fram for salstesting i plastposar forsvann likevel med ein gong. Produktet kryddersild har ei garantert framtid i den italienske marknaden. Ansjosen fungerte bra, men vi merka at den var ukjent og at dei reagerte på at den var mjuk å ete. Den må og verte filetert før sal til forbrukarar og restaurantar, helst i små pakningar. Ansjosen blei demonstrert renska og smaksprøver av ansjos på flatbrød blei tilbode publikum. Alt forsvann like fort som ein klarte å reinske ansjosen. Vi brukte ansjosen og på skive med egg og det var ukjent for italienarane, men likevel populært og oppfatta som god og eksotisk mat. Norsk brislingsansjos må dokumenterast og forklarast betre fordi den heile tida vil bli samanlikna med den kjente og kjære faste og salte middelhavsansjosen som ofte er tilsett/modna i olivenolje. Konklusjoner: Norsk brislingsansjos har til prosjektleiar si store overrasking ein tyngre veg å gå enn kryddersilda. (For øvrig presenterte prosjektleiar på workshopen ideen om eit europeisk ansjos og sildesamarbeide, for eksempel Europeisk (Presidie) Ansjos i gåveeske med oppskriftshefte/dokumentasjon m.m. Nordsjøsildetradisjoner vart vist fram som eit anna eksempel på mogleg samarbeide - sjå vedlegg. Vi reknar med at Italienske ansjosprodusentar innafor SF systemet vil komme attende til oss med forslag om eventuelt produkt og marknadssamarbeid framover). 4. Laksesuppe frå Ferdigmat as Produsent var tilstades alle dagar på Slow fish og formidla sitt produkt på utmerka vis. Laksesuppa vart ein del av opningseremonien vår servert i historisk vikinggryte og vart slik promotert på italiensk fjernsyn over heile landet. Folk likte laksesuppa godt og den har heilt klårt ein marknad i 7

Italia, men emballasje og datomerking må betrast ein del. Med anna må haldbarheita forklarast betre når den er frysevare og takast i bruk som kjølevare dersom store pakningar. Mindre pakningar vert vel konsumert med ein gong. Dessutan hadde suppa litt tjukk konsistens og det må då forklarast korleis ein best skal spe ut suppa med mjølk eller anna mjølkeprodukt. Vi krydra laksesupa med oppmalte sure eple fra Hardanger noko som fungerte veldig bra. All suppa forsvann i løpet av 3 dagars perioden, til og med dei store 3 l pakningane som vi hadde. Konklusjon: Laksesuppe frå Ferdigmat har gode marknadsutsikter i Italia oppfølging er på gang. 5. Nubbesild - stocca aringha Italienarane vart fascinert av tørrsilda vår fordi det var eit ukjent produkt som dei vart nysgjerrige på når dei såg den på disken. Vi hadde med 240 nubbesild og alt forsvann fort både som forrett og som enkeltprodukt for sal. Serleg nubbesild på flatbrød vart populært og nettopp det med flatbrødet. Konklusjonar: Italienarane gjev eit nyttig signal attende til norske flatbrødprodusentar de har ikkje berre ein stort marknad i Italia for norsk flatbrød. de har ein kjempemarknad! Nubbesild kan heilt klårt verte eit eksportprodukt til Italia på linje med tørrfisken (men i langt, langt mindre kvanta naturlegvis), men først må produsent forsyne den norske marknaden med nok nubbesild. (Det er vel likevel greitt å ha med seg grunnlag for eventuelle nye framtidige marknader/moglegheiter). 6. Vikingepizza og rakfisk/raudsei Vikingepizza basert på byggmjøl, og som vart utvikla av Fitjar Vidaregåande skole saman med Astri Riddervold vart ein større suksess enn noko hadde trudd og då tenkjer vi på smak og etterspurnad meir enn som mediastunt. Pizzaen var rett og slett sers god å ete og kvar gang den vart lagt fram forsvann den med ein gong. Litt av forklaringa er at ein blanda inn mykje Ramsløkpuré (vikingane sin kvitløk) i deigen, noko som gav ein serprega og god smak på botnen. Ein brukte både tørrfisk/klippfisk/raksild og gamalsalta sei som fyll saman med Tine ost (snøfrisk) og anna tilsetting. Det er vanskeleg å seie heilt kva som gjorde mest lukke om det var pizzadeigen, fyllet eller kombinasjonane av alt. (Meir utfyllande kommentar vil komme frå kokkane). Konklusjon: Vikingepizza (basert på våre gamle mat og korntradisjonar jf. klappkake) er eit produkt som ganske enkelt må takast meir i bruk heime både til privat forbruk og som reiselivsprodukt på restaurantar. Den er ein garantert salssuksess i alle samanhenger og for NT har vi kombinasjonen med profilering av våre fiskespesialitetar som ein tilleggsdrivkraft og effekt. Konklusjon: Rakefisk og raudsei mangla skikkelig volum/mengde og dokumentasjon til å kunne framstå som dei spanande nasjonale matprodukt som dei er Carlo Petrini fikk smake på rakefisken vår og reagerte veldig positivt på den (burde vært tatt bilde av akkurat den anledningen). 7. Lutefisk Lutefisken vart meint som ein liten tilleggssak/smak for berre å gje inntrykk av våre rare og særnorske mattradisjonar i Noreg men enda opp som den store og positive overraskinga på Slow fish italienarane elska denne matretten basert på tørrfisken frå første stund - til alt var konsumert! Konklusjon : Lutefisk må følgjast opp snarast råd i Italia og det finst restaurantar som gjerne vil prøve ut og innarbeide denne matretten i Genova. 8. Tørrfisk Vår tørrfisk frå vest-finnmark, som vart utvatna på tradisjonelt italiensk vis i Genova, var ein klår og garantert suksess på Slow fish messa naturlegvis. Som middagsrett på ein fiskemesse Italia forsvann 75 kg. utvatna tørrfisk lenge før messa var ferdig. Den vart servert på tradisjonelt italiensk vis, men og på tradisjonell norsk vis, jf. vår meny. Det som er serleg interessant å melde attende er at dei norske kokkane stadfester at Lofotskrei sitt produkt (skinn og beinfire vakumerte filetar) er mykje betre på smak, konsistens og farge enn den italienske råvare av same norske tørrfisk. Dette har mest med svært ulike utvatnings- og produksjons og oppbevaringsteknikkar å gjere. Vannet i Italia er grunnvatn med høgt mineralinnhald. Dessutan sett dei til andre stoff for å gjere fisken tyngre og smakfull seies det. 8

Vi hadde med 10 kg av Lofotskrei sin råvare til Italia som gåve til Handelskamra i Genova/Liguria sin stand på messa og vi venter på detaljert melding attende frå Genova CC sine italienske kokker om kvalitet, smak og deira inntrykk av Lofotskrei sin råvare til italienske menyar og restaurantformål. Vi vil hevde at Lofotskrei har marknadspotensiale i Italia avhengig av om dei kan konkurrere i pris meir enn kvalitet. Konklusjon - Finnmarkstørrfisken vil kunne få ein liten renessanse over tid som eit Presidie i Slow food bevegelsen, med utgangspunkt i Sørøya. Dette er bra for Sørvær, for regionen og sers bra for norsk tørrfisknæring generelt at tørrfisken no er teken opp som verdsarvprodukt gjennom Slow food rørsla. Vi kunne selt mykje meir av norsk tørrfisk både som matrett og som råvare frå vår stand dersom vi hadde lagt opp til det. 9. Klippfisk Norsk kvalitetsklippfisk er og ein tilsvarande garantert suksess i Italia. All utvatna klippfisk til matstellet forsvann meir eller mindre i løpet av fredag/laurdag. NT Produsent var sjølv tilstades og marknadsførte sine produkt med stor innsats og glød. Klippfiskrettane var sers populære og kokkane fikk mange gode tilbakemeldingar. Tradisjonell norske klippfiskrett med rotstuing og stekt flesk var den mest populære og etterspurte matretten meir enn den italiensk inspirerte. Konklusjon - Klippfisken som er kvalitetssikra gjennom NT har ein stor marknad i Italia og internasjonalt. Ein SF Presidie for klippfisken er enno ikkje godkjent, men protokoll er ferdig utvikla og delvis omsett til engelsk for vidare godkjenningsprosess med Slow Food rørsla fram til haust 2006. Det er viktig å få presidiestatus på norsk klippfisk før Canadierne kjem oss i forkjøp reint historisk. Vårt føremon er at vi i Noreg har ein meir berekraftig arktisk torskestamme, - som er ein føresetnad for alle SF presidier. Fleire presidiebedrifter innanfor NT si varemerkeforeining vil bli viktig i oppbygginga av vårt marknadsarbeid og status nasjonalt i åra som kjem. Både klippfiskbutikken og Njardar fikk etablert god kontakt med italiensk restauratør ved kjent restaurant i New York som ønskjer våre Presidie produkt og norske kokker over dit. 10. Røykesilda Røykesildrettane var og sers populære på messa. All røykesild forsvann i løpet av messeperioden. Produsent var sjølv tilstades på slow fish med eigen salsstand og kokker frå Herøy vidaregåande skole som har spesialisert seg på silda frå Njardar as. Serleg den norskinspirerte sildesalaten med potet og norsk eple i fall i smak hos italienarane. Konklusjon: Landbruksprodukt og Drikkevare evaluering. Desserten Tilslørte Bondepiker. Desserten var ganske enkelt ein kjempesuksess i Italia. Vi selde rubbel og bit av dessert og det var omtrent det siste produkt vi hadde igjen og som ble selt tilslutt som ei avslutning på vår messedeltaking. Eit lite fat med tilslørte bondepiker til EUR 2 per stykk. Tilslørte bondepiker består av eplemos, sukker, brødsmular og krem. Vi fikk med oss 60 kg eplemos frå Lerum fabrikker i Sogndal. Sjølv om eplemosen ved ein feil ble frosen under lagring i Italia (og derfor litt tynnare konsistens) så kan vi trygt seie at råvare og ferdigprodukt er ein sikker suksess kvar enn den måtte brukast saman med norsk tradisjonsfisk i italiensk matkulturramme. Konklusjon: Vi hadde med oss mykje hardangerepler og epleprodukt fordi det er sesong for det hos oss og ein viktig del av vår matkultur i Norge. Norske eple i kombinasjon med norsk matkultur er ein garantert suksess og eit godt reiselivsprodukt. Tine ostar Vi hadde med noe oss nokre Tine Snøfrisk og runde geitostar. 10 stk. geitostar forsvann på under 10 minutt. At norsk brunost også har eit potensiale i Italia er heilt klart for dei matfagleg ansvarlege som var tilstede (noko som også blei stadfest under SF sitt store cheese arrangement tidligare i haust, der brun geitost frå Undredal ble lansert som SF Presidium og utselt på eit blunk til tross for ein relativ 9

høg pris). Italienarane synes generelt å være nysgjerrige på ny mat som utstrålar ein viss kvalitet. Fitjar vidaregåande skole vil følgje opp sine erfaringar med brunosten direkte med Tine. Konklusjon: Tine har ein stor marknad for brune ostar i Italia. Olden drikkevatn/brevatn Plastflaskene var meir populære enn glasflaskene, dvs. de var lettare å bære med seg for folk som flytta seg rundt om på messeområdet. Vi burde hatt eit synleg skilt på italiensk som formidla Olden drikkevatnet sine færemonar betre vi hadde noen få italienske brosjyrar, og skrev noen lappar tilslutt, men få tok seg tid til å lese dokumentasjon om drikkevatnet når vi hadde så mye spanande mat å velje mellom, mye folk og konkurranse om oppmerksomheit. Dei som la merke til brevatnet fatta likevel voldsom interesse for produktet og vi kunne sikkert selt alt om vi hadde jobba meir systematisk med det over tid. No returnerer vi faktisk fleire 1oo-dre flasker med Olden vann til Noreg utan at det er noe negativt med det. Vi vil hevde at Olden både på plast og glasflasker har ein marknad i Italia rent kvalitetsmessig, saman med god info. på etiketter. Spørsmålet er om man er konkurransedyktig på pris når ein plastflaske med Italiensk kjeldevatn vert selt for EUR 1,25 på flyplassen i Genova. Glasflasker med italiensk etikett vil sikkert kunne nå fram i den meir eksklusive restaurantmarknaden, og vi bør gjenta bruk og test av Olden drikkevatn til Terra Madre i okt. 2006, - dersom man blir invitert dit av Slow Food organisasjonen. Konklusjon: Olden drikkevatn på glasflasker med god informasjon på italiensk bør følgjast opp. Ramsløkpureé på glass. Ramsløk på små eksklusive glas forsvann fort utan serleg dokumentasjon/info. på kva det eigentleg var for produkt og innhald. Vi kalla det som produsent sjølv seier vikingane sin kvitløk. Italienske kvalitetsprodukt blir ofte selt på glas og ramsløken var flott emballert på eksklusive glas, derfor kan vi trygt si at eksklusivitet, nysgjerrigheit og nyheitsverdi sel i Italia. Konklusjon: Smak av ramsløkpureé bli bekrefta som godt av kundane, serleg på vikingpizzaen. Eit mogleg Slow Food Presidieprodukt i framtida. Balholm Eplemost, Hardangercider og Hardanger cider champagne. Mange ville ha epledrikk/cider med alkohol, men det hadde vi lite av fordi Slow food ville ha med seg fleire flasker til neste helgs arrangement for Ciderprodusentar frå heile verda. De fikk med seg flasker av alle 3 norske epleprodukt. Vi vil få fyldig tilbakemelding om de norske produkta sine kvalitetar og muligheiter derifrå reknar eg med før jul. Dei som smakte på Balholm eplemost likte produktet og når dei først hadde smakt det så kom de ofte tilbake etter meir. Balholm bør kanskje tenke mir på plastflasker for internasjonale kundar. Plast gir meir inntrykk av leskedrikk/kvardagsdrikk enn glas som gir inntrykk av alkohol/dyr drikke. Cideren med alkohol og cider champagnen som blei gitt til aktuelle kundar er stadfesta som gode i smak generelt og like god som aktuelle vinprodukt elles. Vi vet ikkje om pris og muligheiter samanlikna med konkurrentar, men håper å få vite mir om dette fra Slow food organisasjonen seinare. Konklusjon: Norske ciderprodukt vekte interesse frå matkulturinteresserte personar og er sers aktuelle reiselivsprodukt for hotell og restaurantar i Noreg. Norsk Akevitt. Vi er forundra over at Arcus ikkje for lengst er inne på den Italienske marknaden. Akevitten vekte stor begeistring og vi fikk veldig bra med tilbakemeldingar heile tida. Italienarane drikk sin grappa for å fordøye sin mat og samanlikna med den så forstår vi meir av akevittens potensiale i Italia. Både Linje og Bacalao og annen spesialtilpasset akevitt har et stort potensiale og ein garantert suksess i et matkulturfokusert Italia. Vi kunne selt kassevis med Akevitt men det var ikkje vårt formål der. Ved eit anna høve trur vi det ville vært ein god ide å ha med eit stort utval av miniatyrflasker. Arcus vil få tilsendt alle skriv som vi veit kjem til oss frå fleire interesserte importørar til Italia. Konklusjon: Norsk Akevitt har ein garantert marknad og framtid i Italia. 10

Vinar fra Liguria. Vin er populær drikke og våre viner blei valde ut til vår meny av våre samarbeidspartarar og fungerte svært bra. Særlig gikk det mye kvitvin til fisk naturligvis. Handelskamra sette stor pris på vår Konklusjon/utsagn - norsk tradisjonsfisk og italiensk kvalitetsvin høyrer saman! jf. menyen vår. Andre kommentarar/vurderingar. a) Kokkene vart invitert med på ulike arrangement og seminar som dei ikkje kunne vere med på pga. arbeidspresset og ansvar på den norske øya. Ved framtidige arrangement må det takast høgde for fleire kokkar og større fleksibilitet som eigentleg alle ville verte meir tent med fordi kunnskap og profilering vert delt med fleire fagmiljø og moglege samarbeidspartar. b) Dersom man blir med på et tilsvarande arrangement ved eit seinare høve ser ein behovet for eit samla oppskrifts- og informasjonshefte på italiensk for alle produkt og produsentar som er med. Nå blei det for mange lause ark for oss og tidskonsumerande å informere skikkeleg om alle produkt til dei mange matinteresserte på Slow Fish. Del 4 Kunstutstilling av Tørrfisk akvareller på Slow Fish. Kunstnaren Torill Børretzen frå Bergen vart invitert av Slow food rørsla til å stille ut sine kjende tørrfiskakvarellar på Slow fish i Genova. Dette vart organisert i all hast, og kunstnaren sjølv reiste til Genova for å montere og selje sine bilete på Slow food sin arrangørutstilling. Det er første gong ho stilte ut kunstverk i eit framandspråkleg land, - men det vert ikkje den siste ifølgje kunstnaren sjølv, av di ho vart invitert attende som utstillar på Slow fish i 2007 Toril Børretzen fikk profesjonell hjelp til opphenging på ein stor vegg i Slow Food sin avdeling. Der var også ein fotoutstilling og to videoskjermar som viste forskjellige kortfilmar. Det var 50 000 personar inne dei tre dagane, så det var ingen stille salong og lydnivået var bra høgt. Offisiell opning av kunstutstillingen. Det var offisiell opning av kunstutstillingen av visepresidenten av Slow Food rørsla og fylkesordførar Torill S. Nyborg. Eplecider og Eplevin frå Hardanger med tørrsild snacs blei servert med stor suksess under opninga. Utstillinga varte i tre dagar varte og kunstnaren fekk mange gode kontaktar også med dei norske delegatene. Akvarellane passa godt inn i eit aktivt messe og utstillarmiljø med fokus på fisk. Konklusjon/resultat: Kunstnaren selde ein akvarell frå utstillinga, og den fekk norsk heim. Kunstnaren fekk og fleire italienske interessentar, så kanskje det blir til noko meir sal for henne på nyåret. Det tar tid for å byggja opp ein ny marknad. Ifølgje kunstnaren var det lærerikt å snakka med alle dei som fangar, dei som produserar og dei som sel fisk. Det er mange plan i livet som er givande. Kunstnaren seier vidare: Etter å ha avslutta utstillinga i Slow Fish sin regi, flytta me hotell til sentrum og der laga eg også utstilling i ein salong. Det viste seg at hotelleigaren var son av ein gallerist, så han syns det var flott å få ein utstilling sånn på sparket. Han song, plystra og danderte bileta i denne salongen. Det stod den i 3 dagar...med eit internt publikum. Eg er altså invitert ned igjen til neste Slow fish... og det er mykje igjen å sjå, spesielt fine kystbyar rett sør for Genova. Eg trur det er verd å takka Ja! Oppsummering: Det var eit positivt tiltak både for kunstnaren sjølv og for Hordaland fylkeskommune det å få med seg ein aktiv kunstnar med ein relevant profil/innhald på sitt arbeide til eit internasjonalt arrangement som Slow fish. Det er viktig å fokusere på aktuelle og moglege kulturinnslag når ein profilerer eigen region og samfunn i utlandet i framtida. 11

Del 5 Økonomi og finansiering Vår deltaking på Slow Fish i Genova var basert på eit omfattande spleise- og dugnadsarbeid med støtte frå mange kjelder og ein stor grad av eigeninnsats frå dei fleste deltakarane. Bruttobudsjettet er på om lag kr. 750 000,- inklusive eigeninnsats. Vi har dessutan fått mange matprodukt gratis eller til innkjøpspris, under føresetnad av kvalifisert evaluering og tilbakemelding til den einskilde produsent. Det er utvikla eit godt samarbeide med mange aktørar og næringsmiddelprodusentar.. Prosjektet har fått støtte på kr. 70 000 i RUP midlar frå fylkeskommunen og kr. 10 000 frå Opplæringsavdelinga i HFK, - men hovudsfinansieringa kjem frå Innovasjon Noreg, aktuelle deltakarbedrifter, kommunar og dei ulike regionane som er med på Slow fish, samt Hurtigruta. Norsk Tradisjonsfisk/KLS i Hordaland fylkeskommune er prosjektansvarleg og reknar med å komme ut med eit lite overskot frå arrangementet eller i det minste med balanse i rekneskapen. Sluttrapport med revidert rekneskap vert ferdigstilt på nyåret. Vikingane, Carlo Petrini, Innovasjon Noreg og Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg 12