MAL /VEGVISAR FORRETNINGSPLAN FOR ETABLERARAR Sjå også Bedin Bedriftsinformasjon sitt oppsett og omtale av forretningsplan www.bedin.no PERSON BAK FORRETNINGSPLANEN Namn,adresse, telefonnr og e-postadresse: Alder, utdanning og praksis: Referansar som du ynskjer å gje opp, frå tidlegare arbeidsforhold og/eller i samband med dette prosjektet: Namn, adresse og telefonnr: BAKGRUNN OG KVIFOR STARTE EIGA VERKSEMD Kva er bakgrunnen for ynskjet om å starte eiga verksemd? Gje ei kort grunngjeving kvifor du meiner at det er behov for di verksemd i marknaden. FORRETNINGSIDÉ Kva er verksemda sin forretningsidé? Prøv å trekk fram spesielle eigenskapar ved deg sjølv eller vara/tenesta, eigenskapar som gjev ein eigen profil. Ein unik eigenskap er alltid eit godt utgangspunkt for ein forretningsidé. SELSKAPSFORM Val av selskapsform vil vere eitt av dei første spørsmåla som melder seg når du skal starte eige firma. Du bør tenkje nøye gjennom dette og innhente råd om kva for selskapsform som passar best for deg. Sjå vedlegg
PRODUKTET Omtal verksemda sine produkt og/eller tenester. Kva for spesielle eigenskapar og/eller mulegheiter har produktet/tenestene dine (patent, spesielle kunnskapar, osv?) MARKNADEN Eit viktig grunnarbeid når du skal starte verksemd er å analysere marknaden. Dei fleste nystarta verksemdene vert tvinga til å konkurrere i ein marknad der det ofte fins ei overflod av produkt/tenester. Oppgje verksemda sin marknad så konkret som mogeleg; geografisk, produktgrupper/tenester, kundegrupper, forventa tal kundar innafor kvar produktgruppe/teneste. Gje ei realistisk vurdering av noverande omsetnad i den marknaden du skal konkurrere på. Vurder marknadsutviklinga! Korleis såg marknaden ut for 3 år sidan? Korleis blir framtida og kvifor forventar du slik utvikling framover? KUNDANE Kor finst kundane dine? Må kundane påverkast/behandlast ulikt (kundetypar). Kva byggjer dei sine innkjøpsavgjerder på? Lag ei oppstilling over mogelege kundar du har kontakta og som har vist interesse: KONKURRENTANE Namn på konkurrentar, % av marknaden, omsetnad, korleis reagerer konkurrenten når du startar opp, konkurrenten sine sterke og svake sider. VERKSEMDA Kva for praktiske føresetnader har di verksemd. Prøv å spesifisere verksemda sine ulike funksjonar sjølv om den er lita: Ressursar Styrke Svakheit
(eigarar, tilsette, kroner, maskiner og liknande) Produksjon/lager Marknadsføring/sal Administrasjon og leiing MÅLSETTING Fastset mål!! Oppgje del av marknaden i % og salsvolum i kroner eller einingar for dei mål du trur er realistiske for første og tredje driftsår: Marknad/delmarknad Del av marknaden Salsvolum År 1 År 3 År 1 År 3 Du kan sjølvsagt ha andre verdiar som målsetting, til dømes nettoresultat pr. år, å vere marknadsleiande innan 5 år osv. Oppgje målsettinga di: LOKALE Dette er eit viktig val dersom du skal starte handelsverksemd. Men også for produsentar og konsulentverksemder er det viktig å vere lokalisert på rett stad. SALSKANALAR Vel salskanalar for di verksemd. Eksempel på salskanalar er sal pr telefon, internett, dørsal, postordresal, butikk, via forhandlar (grossist,detaljist).
MARKNADSFØRINGSTILTAK Ein føresetnad for at du skal komme i gang med verksemda, er at produkta og/eller tenestene vert kjent hos kundane. Direkte reklame Messe Brosjyrer Annonser/ Oppslag Kundebesøk Anna Sum kostnader marknadsføring Månad Kampanjar eller produkt Sum kroner RESULTATBUDSJETT/DRIFTSBUDSJETT Sjå vedlegg INVESTERINGSBUDSJETT Spesifiser behovet ditt for investeringar i faste anlegg, maskiner, inventar, transportmidlar osv. Gløym ikkje å ta med spesielle etableringskostnader som registrering, konsulenthjelp, brosjyrer, patentkostnader m.m. Type investering i heile 1000 kr
LIKVIDITETSBUDSJETT Likviditetsbudsjettet viser variasjonar i trongen for driftskapital frå månad til månad, og viser såleis kor mykje kapital du treng for å låne til den løpande drifta. Dessutan treng du sikringskapital for å møte uføresette hendingar. Det er viktig å ha god dialog med banksambandet ditt frå starten. Banken vil kunne gje råd og erfaringstal. FINANSIERING Behovet for anleggskapital (sjå investeringsbudsjettet) bør finansierast med langsiktig kapital (pantelån og liknande, og eventuelt tilskot). Alt avhengig av kor stor eigenkapital du har, bør denne dekke deler av driftskapitalbehovet (sjå likviditetsbudsjettet) til dømes den faste delen av varelageret. Kapitalbehov til : i heile 1000 kr Investeringar (frå investeringsbudsjettet) Drifta (frå likviditetsbudsjettet) Sum kapitalbehov Finansierast slik: Eigenkapital Langsiktig lån Tilskot Kassakreditt Sum finansiering
FØR DU TEK AVGJERD - TENK PÅ: Still risiko opp mot fordelar. Prøv å minske risikoen Press kostnadene. Lag eit spesielt budsjett for kor mykje pengar familien din treng Å starte eiga verksemd er svært krevande. Mykje av tida di kjem til å gå med til å bygge opp og drive verksemda Det avgjerande for kor vidt du vil lukkast, er om du klarer å skape eit gjensidig godt forhold mellom deg sjølv/verksemda di og kunden. Det er viktig å ha eit ope og godt forhold til banksambandet og andre samarbeidspartar. Ver førebudd på at du kan mislukkast, og at det er like naturleg og legalt som å lukkast - prøv på nytt, styrka gjennom verdfulle erfaringar. Lær av andre som har starta verksemd