1
MAT ER GOD MEDISIN I samband med sjukdom og opphald på sjukehus er det ikkje uvanleg å ha lita matlyst og å gå ned i vekt. Vekttap i samband med sjukdom er uheldig, også om ein er overvektig. Ved vekttap taper ein ikkje berre fett, men også muskelmasse og livsviktig vev frå indre organ. Dette kan føre til eit lengre sjukdomsforløp pga. nedsett motstandskraft, auka risiko for infeksjonar, dårlegare sårtilheling, auka trøytleik og forseinka rehabilitering. EIT ANBEFALT KOSTHALD FOR FRISKE ER IKKJE NØDVENDIGVIS GUNSTIG FOR SJUKE Når vi er friske og aktive og har god appetitt, skal vi ete mykje fiber og lite feitt, for eksempel måltid med mykje grønsaker. Når vi er sjuke, aukar kroppens behov for energi og protein. Protein er kroppens byggjesteinar. For å nytte proteina i maten til vedlikehald og rekonstruksjon av musklar og vev, er det viktig at energibehovet er dekka. Om vekta di er stabil eller aukar, får du nok energi (kaloriar). Når du er sjuk og har dårleg appetitt, kan det vere vanskeleg å få i seg nok energi, særleg om du et feittfattig kost. I denne brosjyra gir vi deg råd om kva du kan gjere om du har lita matlyst og kva du bør ete for å gjere måltida meir kaloririke. Ved å ete energirik mat, kan du ete mindre porsjonar og likevel få i deg dei kaloriane kroppen treng. Mange pasientar har ugunstig vekttap, som kunne vore unngått med betre rettleiing. Vekttap er lettare å førebygge enn å behandle. Når vi er sjuke, aukar kroppens behov for energi og protein. Protein er kroppens byggjesteinar. Foto: Kristin Støylen 2
Ei forutsetting for å klare å ete er at smerter og ubehag er redusert til eit minimum. Det er viktig at tarmen fungerer bra og at slimhinnene i munn og svelg er friske. Sørg for regelmessig tann- og munnstell. Be om hjelp til desse tinga ved behov. ROM FOR MATLYST Vi i Helse Møre og Romsdal Helseføretak ynskjer å gje kvar einskild pasient rom for matlyst ved å vise fleksibilitet og å tilby alle eit gunstig og variert kosthald. Vi ynskjer å ha fokus på god kommunikasjon mellom pasientane og dei som førebur maten, samt ei atmosfære som inviterer til auka matlyst. Ved dei fire sjukehusa i helseføretaket har vi ulike serveringsalternativ. Det varierer både mellom sjukehusa og i sjukehusa. Nokre avdelingar har den tradisjonelle brettserveringa, medan andre har kald buffé ståande heile døgnet. Ved dei avdelingane som har buffé, oppmodar vi pasientane til å ete i daglegstova. Dei som av helsemessige orsakar ikkje kan det, vil få maten servert på rommet. Det vert servert fire måltid ved kvart sjukehus. Tidspunktet kan variere noko frå sengepost til sengepost. Frukost: 08.00 09.00 Består av ulike typar brødmat, pålegg, egg, yoghurt Lunsj: 11.30 13.00 Består av supper m/ brød, pastarettar, enkle varmrettar eller brød m/ pålegg Middag: 15.15-16.30 Du kan velje mellom ein kjøtrett og ein fiskerett. Personalet på avdelinga tek imot ynskje om morgonen. Kveldsmat: tidspunkt for servering varierer. Påsmurt brød, varme supper eller graut. Sein kveldsmat: tidspunkt for servering varierer. Påsmurt brød, varme supper eller graut. Dersom du har ynskjer utover dette, finst ein eigen ynskjekostmeny ved sjukehusa. Snakk med personalet om dette. 3
ENERGIRIK MAT, BERIKING Når du har problem med å få i deg nok næring, anbefaler vi å prøve følgjande tiltak: Et fleire måltid i løpet av dagen og sørg for at maten du får i deg inneheld mykje energi og protein. Dette kan du gjere ved å velje energi- og proteinrike matvarer eller ved å tilsette energi- og proteinrike matvarer i annan mat (berike). Feitt er det næringsstoffet som har høgast energitettleik. Det er difor fint å bruke til energiberiking. Her er nokre eksempel på korleis feittrike matvarer kan brukast til å auke energimengda i mat: Olje: Nøytral olje som raps- eller solsikkeolje kan blandast ut i yoghurt, graut og sausar. Kaldpressa oljar med mykje smak kan brukast som dressing. Smør: Bruk eit godt lag på brødskiva, som smørauge på graut og i matlaging generelt. Fløyte: Kan brukast i saus, supper, graut, på bær og i kaffi. Rømme og crème fraîche: Kan brukast som tilbehør til middag, i sausar, i graut, på vafler eller som dipp. Bruk gjerne eit smørauge på grauten og i matlaging generelt 4
BRØDMÅLTID Vel gjerne energirike påleggsvariantar som fiskepålegg (makrell i tomat, sardiner, ansjos, sild etc.), majonessalatar, egg, salami, feite ostar, posteiar eller sjokoladepålegg. Bruk rikeleg med pålegg på brødskiva (ost og kjøttpålegg, ost og syltetøy, kjøtpålegg og majonessalat, egg og fiskepålegg osv.) Bruk også godt med smør, margarin eller majones på brødskiva. Dette er tiltak som aukar energimengda utan at volumet aukar i særleg grad. Varier gjerne mellom brødskive, rundstykke, frukostbrød og liknande. Dersom du ikkje orkar så mykje brødmat er graut og frukostblanding gode alternativ. Lag graut på H-mjølk, tilsett gjerne smørauge og bruk sukker eller syltetøy som søting. Til frukostblanding bør du også bruke H-mjølk. Søt med sukker eller syltetøy. MELLOMÅLTID Når matlysta er dårleg, blir måltida ofte små. Då er det viktig å auke talet på måltid. Jo fleire måltid du et i løpet av dagen, jo meir mat (og dermed energi) vil du få i deg. Vel gjerne energirike påleggsvariantar som fiskepålegg, majonessalatar, egg, salami, feite ostar, posteiar og sjokoladepålegg Foto: Opplysningskontoret for meieriprodukter (melk.no) 5
FORSLAG TIL MELLOMMÅLTID Kake, vaffel, muffins, bolle, kringle Kjeks, søte eller salte. Salte kjeks kan gjerne etast med smør og ost Speilegg, omelett, eggerøre, kokt egg, eggedosis Yoghurt (evt. med müsli/havregryn/nøtter) Is, puddingar, gelé, fromasj, riskrem, rislunsj Rosiner, tørka frukt, nøtter Sjokolade, smågodt Potetgull, ostepop, saltstenger Risgraut, havregraut, semulegraut Smoothie, milkshake, kakao med krem, iskaffi NÆRINGSDRIKKAR Ofte er det lettare å drikke enn å ete. Då er det viktig å velje næringsdrikkar som for eksempel mjølk, Biola, Cultura, E+mjølk, drikkeyoghurt, juice, nektar, brus, saft, smoothie, kakao, iskaffi, vørterøl, ingefærøl. E+ er ein næringsrik drikk frå Tine meierier. Den er ikkje i kommersiell handel, vi har difor valt å selje den i kantina ved sjukehusa. Det fins også eit stort utval ferdiglaga næringsdrikkar som kan kjøpast på apotek. Vi skil mellom mjølkeliknande og saftliknande. Dei mjølkeliknande har høgast proteininnhald, og ofte også høgare energiinnhald enn dei saftliknande. Bruk drikke som inneheld energi Foto: Opplysningskontoret for meieriprodukter (melk.no) 6
Det er mange mogelegheiter for variasjon med næringsdrikkar. Du kan fryse dei til is, bruke i smoothie eller blande ut med litt saft, juice eller brus. Næringsdrikkar med sjokolade-, mokka- og cappucinosmak kan varmast opp. Det er også mogeleg å lage sine eigne næringsdrikkar. Her er to oppskrifter henta frå «Kosthåndboken», som er gjeve ut av Helsedirektoratet: PROTEIN- OG ENERGIRIK BASE TIL SMOOTHIE: 0,5 dl kesam (gjerne vanilje) 0,5 dl kremfløyte Gir 240 kcal og 5 g protein. Tilsett litt frukt eller bær for meir smak. HEIMELAGA ENERGIDRIKK: 6 dl kremfløyte 1 dl H-mjølk 50 g frukt eller bær 4 egg 1 dl sukker 2 dl iskrem (vanilje) Bruk blendar eller stavmiksar 1,5 dl av denne drikken gjer 400 kcal og 6,5 g protein. Det er også mogeleg å lage sine eigne næringsdrikkar. 7
NYTTIGE TIPS NÅR DU KJEM HEIM På grunn av hygieniske krav i sjukehus vert ikkje varmrøykt makrell, varmrøykt laks, røykt laks, gravlaks eller muggostar servert. Dette er proteinog energirike matvarer som du gjerne kan bruke heime når du berre passar på stemplingsdato. Gjer det lettvint! Du kan kjøpe mykje ferdig i butikken både av middagar, mellommåltid og dessertar. Ei rask utlufting i rommet og eit lite glas juice før måltidet kan skjerpe appetitten. Forsøk å skape ei koseleg stemning rundt måltida. Dekk på med duk, blomar og ljos. Et gjerne saman med andre. Dersom du er aleine kan det vere hyggeleg å lese avisa, høyre musikk eller sjå på TV mens du et. Server maten i små porsjonar og forsyn deg heller fleire gonger. Om du har anledning, kan ein spasertur i frisk luft betre matlysta. Ta ein multivitamin-mineraltablett dagleg. Fastlege og kommunane si pleie- og omsorgsteneste kan gje deg råd og rettleiing dersom du fortset å gå ned i vekt og matlysta fortsatt er lita etter at du har kome heim. Vi ynskjer deg lukke til vidare! Foto: Kristin Støylen Brosjyra er utarbeida av Stavanger universitetssjukehus. Brosjyra er omsett og bearbeidd av Fagavdelinga ved Kathrin Enebakk og KEFer ved HMR kontaktperson Kirsti Kverndokk Bjerkan Revidert høst 2015 8