saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.01.2013 4070/2013 Guri Bugge Tlf: 71 25 88 29 Saksnr Utval Møtedato Miljøutvalet 30.01.2013 Hurtigladestrategi Bakgrunn Fylkesutvalet vedtok på møte 31.10.2011 at Møre og Romsdal fylkeskommune skulle slutte seg til Vestlandsrådet sitt arbeid for å få samanhengande utbygging av hurtigladestasjonar langs heile E39. Hurtigladarane skal byggje på kompatibel teknologi, og skal stå omtrent kvar tiande mil i nærleiken av E39: ved fylkesgrensa i sør og nord, og i nærleiken av dei tre store byane (Molde, Ålesund, Kristiansund). I møte i Miljøutvalet i november 2012 vart det vedteke å tildele Grønn Kontakt støtte til å bygge ut fire hurtigladarar langs E39 (MU-25/12). I skrivande stund er det ikkje avklart om Transnova vil tildele støtte til alle desse fire punkta frå 2012- budsjettet sitt, svaret på dette er venta innan utgangen av januar. Om svaret er negativt vil Grønn Kontakt søkje Transnova på nytt i 2013. Transnova har fått styrka budsjettet for 2013, og det kan vere lettare å få positivt svar på årets søknadar. Ved positivt svar frå Transnova vil Grønn Kontakt starte utbygging umiddelbart. Støtta frå fylkeskommunen blir utbetalt når hurtigladestasjonen på ein lokalitet er fullfinansiert. I tillegg til å fordele midlar ba miljøutvalet administrasjonen utarbeide ein hurtigladestrategi der følgjande prioriteringskriterier skal leggast til grunn: Vidareføring av fylkeskommunal støtte til klimatiltak, herunder etablering av hurtigladepunkt for elbilar, også i komande økonomiplanperiodar. Ferdigstilling av prosjektet Elektrisk E39 med hurtigladestasjon nær fylkesgrensa til Sør-Trøndelag. Etablering av hurtigladestasjonar langs dei andre store samferdselsårene ut av fylket: E136 Ålesund fylkesgrense mot Oppland, Rv70 Kristiansund fylkesgrense mot Sør-Trøndelag. Vidare utbygging langs fylkesvegnettet, med vekt på å etablere hurtigladestasjonar på lokalitetar med mange heimehøyrande elbilar. Hurtigladestasjonar må byggast med meir enn eitt ladepunkt. Ideelt sett bør det vere minst like mange ladepunkt pr lokalitet som talet på pumper for fossilt drivstoff på ein vanleg bensinstasjon. Tydeleg skilting og annan informasjon som viser kvar hurtigladepunkta er lokalisert. Generell målsetting om at ingen i Møre og Romsdal skal bo meir enn 50 km frå eit hurtigladepunkt for elbilar i 2020.
Side 2 Vurdering Hurtigladarar Med utgangspunkt i vedtaket frå Miljøutvalet har administrasjonen utarbeidd kart basert på hurtigladestasjonane det er gjeve tilskot til, busetting og viktige transportårer. Det er ikkje gjort vurderingar av tekniske løysingar, då fagekspertisen på dette sit hos Transnova. Så lenge fylket tek utgangspunkt i Transnova sine vurderingskriterier ved eventuelle nye tildelingar vil ein til einkvar tid ta omsyn til konkurransen i markedet mellom dei ulike ladeløysingane og bilprodusentane. Dei tre viktigaste ladeløysingane i dag er ChaDeMo (Leaf, Mitsubishu, Peugot, Citröen), Combo (Volkswagen, BMW, Audi) og AC (Tesla). I dominerar bilar med ChaDeMo-standard marknaden, men dette er venta vil endre seg radikalt i løpet av 2013 og 2014. Om ingen i Møre og Romsdal skal bu meir enn fem mil frå ein hurtigladestasjon må det i tillegg til dei fire langs E39 settast opp omtrent ti hurtigladarar i eller ved følgjande område: Ulstein, Hareid, Sande eller Herøy Haram, Midsund, Sandøy eller Aukra Stranda eller Norddal Rauma Nesset Sunndal Surnadal, Rindal Ytre Fræna, Eide, Averøy eller Kristiansund Aure eller Halsa Smøla Figur 1: Omtrent halve fylket er dekt av dei fire stasjonane det vart gjeve tilsagn om støtte til i 2012. På Runde, Nordøyane, Averøy, Smøla, og i norddelen og dei indre delane av fylket bur nokre framleis meir enn 5 mil frå hurtigladarar.
Side 3 Figur 2: Kartet viser eit døme på korleis hurtigladestasjonane kan plasserast for at ingen i fylket skal bu meir enn fem mil frå ein hurtigladar. I dei lyse områda bur det ikkje folk i dag. Normalladarar Det er størst behov for hurtigladarar i område der elbilførarar skal opphalde seg i kort tid før dei skal vidare, eller før dei skal kjøre tilbake til heimbasen. Der elbilførarane bur og arbeider er det viktigare at det er nok normalladarar. Normalladaren er billigare, og betre for batteriet på bilen. I dag kan ein få over 20 normalladepunkt for prisen av ein hurtigladar. Nok tilgang på normalladarar vil ikkje redusere behovet for god geografisk distribusjon av hurtigladarar, men det kan redusere behovet for mange ladepunkt på same stad. Det er difor viktig at ein ser på utbygging av normalladarar i samanheng med hurtigladeutbygginga. I følgje Grøn Bil Noreg bør det vere eit normalladepunkt tilgjengeleg i nærleiken av arbeidsstaden for kvar elbilpendlar som har ein arbeidsveg på meir enn tre mil. I tillegg må elbileigaren ha tilgang på lading i nærleiken av der ho eller han bur. For dei som bur i einebustad er ikkje dette noko problem, men for dei som bur i leilighet kan det vere ei utfordring å lade heime. I Akershus fylke var det i byrjinga av 2012 87 normalladestasjonar med totalt 432 ladepunkt. Dette var langt frå nok til å dekke behovet, og for å fremje utbygginga av slike punkt vart det sett av 1 million kroner i 2012 med mål om å få bygd ut minst 200 ladepunkt til. Kommunale verksemder, borettslag, sameige og kommersielle aktørar som t.d. private parkeringsselskap og kjøpesenter kunne søke om tilskot på opp til 10 000 kr. Dei oppmoda særskilt Akershus-kommunane og dei videregåande skulane til å søke tilskot og sikre tilgang til lademoglegheiter og bruk
Side 4 av elbil i eiga drift. Privatpersonar kunne ikkje søkje midlar. Ved utgangen av 2012 var det 250 fleire ladepunkt i Akershus fylke. Figur 3: Fylkesvis fordeling av ladepunkt ved utgangen av 2012. I Møre og Romsdal var det ved utgangen av 2012 82 registrerte ladepunkt. På http://www.ladestasjoner.no/ finn ein kart som viser kvar desse er plassert. Dei fleste ladepunkta ligg i eller ved byane, fleire av kommunane her i fylket er blanke på ladestasjonskartet. Mange av desse ladepunkta ligg ved offentlege bygg, fleire ved vidaregåande skular og andre fylkeskommunale bygg. Men det er langt frå alle av dei vidaregåande skulane som har ladepunkt for elbil i dag. Det vil vere viktig for å kunne legge til rette for bruk av elbil mellom dei fylkeskommunalt tilsette, og eventuelt for elektriske tenestebilar. Sidan dei vidaregåande skulane og tannklinikkane er spredt utover fylket vil ladestasjonar ved alle fylkeskommunale bygg gi god geografisk spredning på normalladepunkta. Gjennom Kollektivstrategien har fylkeskommunen sett mål om å bygge opp kollektivknutepunkt for å effektivisere kollektivtransporten i fylket. Ved fleire av desse knutepunkta skal det vere lagt til rette for parkering. Dette har ein hatt god erfaring med andre stader, særskilt rundt storbyar eller andre stader der det er bomstasjonar. Det er viktig at desse parkeringsområda blir tilrettelagte både for bil og sykkel, og at det blir tilrettelagt for lading. For å redusere unødvendig lading på slike stader kan det vere eit godt alternativ å ta betalt for lading. Forsøk i Oslo har vist at det er betalingsvilje for dette i marknaden, særskilt om det blir kombinert med interaktive kartløysingar for å sjå kva for ladepunkt som er ledige og opptekne. Forslag til vedtak: 1. Miljøutvalet tilrår at Møre og Romsdal fylkeskommune bør arbeide for utbygging av hurtigladestasjonar i eller ved desse kommunane, slik at ein totalt sett, innan 2020, når målet om at ingen i Møre og Romsdal skal bu meir enn fem mil frå ein hurtigladar: Ulstein, Hareid, Sande eller Herøy Haram, Midsund, Sandøy eller Aukra Stranda eller Norddal Rauma Nesset Sunndal
Side 5 Surnadal, Rindal Ytre Fræna, Eide, Averøy eller Kristiansund Aure eller Halsa Smøla 2. Miljøutvalet tilrår at Møre og Romsdal fylkeskommune bør arbeide for at det blir bygd ut normalladarar: ved offentlege bygg ved kollektivknutepunkt Nils-Gunnar Solli administrasjonssjef Ingunn Bekken Sjåholm seksjonsleiar adm.seksjon