HANDLINGSPLAN MOT MOBBING



Like dokumenter
HANDLINGSPLAN FOR EIT GODT PSYKOSOSIALT MILJØ

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Kvalitetsplan mot mobbing

Øystese barneskule April - 08

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Forord

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

1. AVDEKKING AV MOBBING

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Handlingsplan mot mobbing

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing - Gol vidaregåande skule

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

TILTAKSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Nyplass skole handlingsplan mot mobbing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

DANIELSEN BARNE- OG UNGDOMSSKULE SOTRA

Handlingsplan mot mobbing

Lysheim skole Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Handlingsplan mot mobbing Glomfjord skole. Avdekke, stoppe og forebygge mobbing.

Plan for overgangar. for barn og unge

Tiltaksplan mot mobbing

Zero Rom skoles handlingsplan mot mobbing

Melding til Sandved bydelsutvalg /11

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

Handlingsplan mot mobbing

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Plan for tryggleik og trivsel ved Tangen skule

Handlingsplan mot mobbing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Plan for elevenes psykososiale skolemiljø

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Handlingsplan mot mobbing

PLAN MOT MOBBING SMØRÅS SKOLE. Gjelder fra mai 2013.

Handlingsplan mot mobbing på Eiganes skole. Er tilstede Er i utvikling Går sammen

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

SOSIAL KOMPETANSE, kva er det? Barn som strevar med sosial kompetanse, må læra det ZERO TRIVSELSPROGRAMMET

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING KORTVERSJON

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

ØSTGÅRD SKOLES HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ADFERD

SLATTUM SKOLE HANDLINGSPLAN MOT KRENKENDE HANDLINGER. [Skriv inn tekst] Side 0

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Plan mot krenking og sosial utestenging

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ADFERD KYLSTAD SKOLE

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Vardenes skoles. Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing. Våge skule; siste gjennomgang i kollegiet: mars/april Side 1

Beredskapsplan mot mobbing, vold og rasisme for Korsgård skole.

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Arbeid mot mobbing. Skolen har som mål å ruste barn, unge og voksne til å møte livets oppgaver og mestre utfordringer sammen med andre.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Rekustad skoles Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Velkommen til nytt skoleår. Læring og trivsel hånd i hånd. Samarbeid og glede gir kreativ ånd

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Transkript:

FOLDNES SKULE FJELL KOMMUNE KUNNSKAP MEiSTRING BEGEISTRING TRYGGLEIK TRIVSEL HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skiftedalsvegen 1 Tlf 55 09 69 50 5353 Straume Fax 55 09 69 51 E-post: FoldnesSkuleAdministrasjon@fjell.kommune.no SFO 55 09 69 54

Innhold Innleiande ord av rektor... 3 1. Avdekking av mobbing... 4 1.1 Kartlegging av omfanget av mobbing ved skolen... 4 1.2 Vakt og tilsynsordningar... 4 1.3 Informasjon til føresette og elevar... 5 1.4 Ved mistanke om mobbing... 5 2. Problemløysing av mobbesaker... 6 2.1. Skolen sine prosedyre når mobbing er meldt eller avdekka... 6 2.2 Samarbeid med andre instanser ved mobbing... 7 2.3 Oppfølging i etterkant av ei mobbesak arbeid med elevane... 7 2.4 Arbeid i etterkant av ei mobbesak - organisasjonsarbeid... 8 3. FØREBYGGING... 8 3.1 Relasjon lærar/ assistent - elev... 8 3.2 Relasjon lærar - klasse/gruppe... 8 3.3 Relasjon elev - elev... 9 3.4 Relasjon lærer - foresatte... 9 3.5 Skulestart... 10 3.7 Klasse/gruppestart... 10 3.9 Sikring av arenaer som skolegård, toaletter, gymnastikkfløy, SFO... 10 4. KONTINUITET... 10 4.1 Ansvarskjede... 11 4.2 Revisjon... 11 Foldnes skule Side 2 av 11

Innleiande ord av rektor Paragraf 9a-1 i opplæringslova slår fast at alle elevar har rett på eit godt psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Foldnes skule sin visjon er og basert på dei same verdiane; Fundamentet i eit godt læringsmiljø er tryggleik og trivsel. Handlingsplana mot mobbing viser korleis vi arbeider for å setje i verk forpliktinga i opplæringslova og innhaldet i logoen vår. Mobbing er eit alvorleg overgrep mot eit menneske, som i de verste tilfelle kan øydeleggje liv. Difor skal vi ikkje bruke dette omgrepet i alle saker der det er konflikt mellom elevar, eller mellom elevar og vaksne. Konflikt er ein naturleg, og kanskje naudsynt del av livet. Mobbing handlar om at ein elev som har vanskeleg for å forsvare seg, blir utsett for krenkande handlingar over tid. Plana viser korleis vi arbeider førebyggande. Og dette arbeidet handlar ikkje berre om mobbing, men om å motarbeide alle former for krenkande åtferd. Planen forklarer vidare korleis vi kartlegg skulemiljøet og kva vi gjør når vi har mistanke/kunnskap om at nokon vert mobba eller plaga. På Foldnes skule tolererer vi ikkje mobbing. Men for at vi skal nå målet om null mobbing, er vi avhengig av at tilsette, elevar og føresette arbeider saman om dette. Det handlar om haldningar. Det handlar om at vi vaksne er gode rollemodellar når det gjelder inkludering, språkbruk og korleis vi reagerer på negativ åtferd. Det handlar og om at leiartypane i elevgruppa tør å stå opp for dei som blir plaga eller blir utestengd. Slagordet «Å stoppe mobbing krev innsats frå alle i Fjell» er utgangspunktet for arbeidet til prosjektgruppa Trygg i Fjell. Deira visjon er at lokalmiljø og fagmiljø i Fjell skal kjenne kvarandre, og samarbeide i arbeidet mot mobbing. Målsettinga er å førebygge og redusere omfanget av mobbing generelt i Fjell kommune, samt sikre at mobbing blir avdekka og handtert godt av alle som er i relasjon til barn og unge. Ein modell for kva dei ulike partane i barna sitt liv kan gjere for å førebyggje, avdekke, handtere mobbing er laga, sjå http://www.tryggifjell.no/. Saman kan vi gjere ein forskjell i barns liv om vi vågar å sjå og handle! Plana er revidert januar 2016, Ragnhild Knudsen Magerøy rektor Foldnes skule Side 3 av 11

1. Avdekking av mobbing Mål: Mobbing som føregår i og ved skolen blir avdekka. Skulen har prosedyre for jamleg å avdekke eventuell mobbing av og blant elevar. 1.1 Kartlegging av omfanget av mobbing ved skolen Alle elevar blir spurd om trivsel og mobbing på elevsamtalane som vert gjennomført haust og vår. Ansvar: kontaktlærar. Som ein del av utviklingssamtalen kvar haust, vert alle elevar/føresette spurd om eleven blir utsett for mobbing. Informasjonen blir dokumentert i eige skjema og lagra i elevmappa. Rektor blir orientert om svara. Ansvar: Kontaktlærar. Skulen gjennomfører Elevundersøkinga kvart år i november månad. Ein del av spørsmåla her handlar om eleven sitt arbeidsmiljø. Elevar på 5.-7 trinn deltek i undersøkinga. Ansvar: Rektor og kontaktlærar. Skulen gjennomfører Zeroundersøkinga på 4. 7. trinn i april kvart år. Dette er ein mobbeundersøking utarbeida av Senter for Åtferdsforsking i Stavanger. Ansvar: Rektor og kontaktlærar. 1. 3. trinn gjennomfører ein intern trivselsundersøking. Ansvar: Kontaktlærar. Elevmiljøet vert daglig sett på ved inspeksjon i friminutt og ved dei vaksne er til stades i skule og SFO. Ansvar: Heile personalet. Leiinga har ansvar for at Skulemiljøutvalet (SMU) blir orientert om omfanget av mobbing ved skulen. Leiing og kontaktlærar har ansvar for å følgje opp resultata av undersøkinga. Sjå kapittel 2 Problemløysning av mobbesaker. 1.2 Vakt og tilsynsordningar Alle som har inspeksjon i friminutt har på seg gule vestar som gjer dei synleg i skulegarden. Personalet i SFO har gule vestar på i utetida der. Ansvar: Personalet som har inspeksjon og personalet i SFO. Den enkelte sitt ansvar ved inspeksjon og tilsynsordningar: Alle kjem presis ut til inspeksjonen. Personalet har plikt til å gripe inn når dei observerer mobbing eller mistanke om mobbing i skule - og SFO - tid. Friminuttinspektørar og personalet i SFO bryr seg når eleven tek kontakt. Det betyr at den vaksne høyrer på eleven og gir konstruktiv tilbakemelding på en slik måte at eleven opplever seg ivaretatt. Friminuttinspektør er ansvarleg for å melde saka vidare til kontaktlærar og/ eller sfoleiar dersom det er trong for det. Friminuttinspektør og personalet i SFO noterer episodar. Det kan være elevar som går alene, elevar som ikkje følgjer skolens reglement og liknande. Meldinga vert levert til kontaktlærer eller SFO-leiar som tek saka vidare. Informasjon vert arkivert av kontaktlærar. Ansvar: Kontaktlærar og personalet i SFO. Skulen sitt uteområde er delt inn i fem soner. Det er ein voksen som har tilsyn i kvar sone. Foldnes skule Side 4 av 11

Elevane har to friminutt på 30 minutt alle dagar utanom tysdag, som er ein kortare skuldag. På tysdagar er det eit friminutt på 30 minutt. Ansvar for vaktliste: Avdelingsleiar Elevane viser stoppteikn, eller seier stopp, når dei ikkje ønskjer å vere med på leiken lenger. Medelevane respekterer dette. Ansvar: Eleven. 1.3 Informasjon til føresette og elevar Klassemiljøet er alltid tema på klasseforeldremøtet om hausten. Ansvar: Kontaktlærer Mobbing som tema blir tatt opp på informasjonsmøte med nye 1.klasseforeldre om våren. Ansvar: Rektor. Antimobbereglar vert tatt opp i klassen ved starten av kvart skuleår. Ansvar: Kontaktlærar. 1.4 Ved mistanke om mobbing 1. Innhenting av informasjon gjennom observasjon: Kontaktlærar, faglærar, assistent og friminuttsinspektør observerer antatt mobbeutsett i friminutt og timer. Skriftleg tilbakemelding leverast kontaktlærar. Leiing vurderar om voksenressursen må omdisponerest for kortare eller lengre tid. Mistenkt mobbar blir observert på same måte. Ansvar: Kontaktlærer, faglærer, friminuttsinspektør, SFO-leiar, rektor. 2. Innhenting av informasjon gjennom samtale med antatt offer, andre elever og andre vaksne: Samtale med antatt offer for å lytte etter korleis eleven opplever situasjonen. Det blir skreve notat frå samtalen. Samtale med foreldre/ føresette til antatt offer. Samtale med andre vaksne på skulen som kan ha kjennskap til saka. Sosiogram kan brukas for å få informasjon om evt sosial utestenging. Ansvar: Kontaktlærar/ SFO - leiar. (Sosiallærer kan være den som utfører slike samtaler som nemnt over). Foldnes skule Side 5 av 11

2. Problemløysing av mobbesaker Mål: Skulen tek ansvar og initiativ for å stoppe mobbing. Dette gjerast på måtar som i neste omgang førebyggjer mobbing ved skulen. Skulen sin felles strategi skal sikre at lærar eller føresette som tek opp ei mobbesak veit at den blir seriøst handsama etter retningslinjer man er blitt einige om, og som er kjend for alle. Rektor fattar enkeltvedtak etter 9a i Opplæringsloven. I sin yttarste konsekvens kan vedtaket omfatte flytting av mobbar til annen skule. 2.1. Skolen sine prosedyre når mobbing er meldt eller avdekka Undersøking og observasjon for å skaffe informasjon: Den som får kjennskap til at mobbing skjer på skolen, melder frå til eleven sin kontaktlærar. Lærer skaffar seg informasjon om saka gjennom observasjon, samtale med andre involverte i saka eller på annen adekvat måte. Det er naturleg at sosiallærer blir involvert i denne fasen. Rektor blir informert. Ansvar: Kontaktlærer Første samtale med offer: Samtale gjennomføras etter mal i Zero. SAFs program mot mobbing. Lærerveiledning (sjå vedlegg.) Formålet med samtalen er å skaffe informasjon og gje støtte. Ansvar: Kontaktlærar (sosiallærer kan, om naudsynt, gjennomføre samtalen. Rektor kan i særskilde tilfelle overta ansvaret). Første samtale med plagar: Samtalen gjennomføras etter mal i Zero. SAFs program mot mobbing. Lærerveiledning (sjå vedlegg.) Formålet med samtalen er å gi munnleg melding om at mobbinga er uakseptabel og må stoppe umiddelbart. Ansvar: Kontaktlærer (sosiallærar kan eventuelt gjennomføre samtalen). Rektor kan i særskilte tilfelle overta ansvaret). Samtale med føresette til offer: a) Lærer tek telefonkontakt med føresette og informerer om saka og samtalen med barnet. Ansvar: Kontaktlærer (sosiallærar kan eventuelt gjennomføre samtalen). Samtale med føresette til plagar: a) Lærar tek telefonkontakt med føresette og informerer om saka og samtalen med offer og eige barn. Det kan her avtales eit møte på skulen med føresette til plager(ane). Ansvar: Kontaktlærar (sosiallærar kan ved, om naudsynt, gjennomføre samtalen.) Oppfølgingssamtalar med offer: a) Ca ei veke etter første samtale med offer gjennomførast ein oppfølgingssamtale. Føremålet er å undersøke om mobbinga/ plaginga har stoppa. Foldnes skule Side 6 av 11

Ansvar: Kontaktlærar (sosiallærar kan eventuelt gjennomføre samtalen). Oppfølgingssamtalar med plagar: a) Ca ei veke etter første samtale med plagar, gjennomførast ein oppfølgingssamtale. Skulen må før samtalen ha informasjon om plaginga har teke slutt eller ikkje. b) Dersom plaginga har tatt slutt vert det gjeve støttande tilbakemelding og invitasjon til vidare positivt samarbeid om et godt skulemiljø. c) Dersom mobbinga ikkje har teke slutt, lagast det ein skriftlig avtale med plager. Plagaren sine føresette blir kalla til møte med skulen. d) Det vert avtala eit nytt møte med plagar. Ansvar: Kontaktlærar (sosiallærar kan eventuelt gjennomføre samtalen. Rektor er med på møtet). Tiltak og sanksjonar: Dersom plaginga/ mobbinginga ikkje tek slutt umiddelbart kan følgende tiltak/ sanksjonar iverksetjast: Åtferden til plagaren vert offentliggjort og diskutert i klassen. Møte mellom plagar, eigne føresette og offeret sine føresette og lærar. Plagar må følgje inspiserande lærar i friminutta. Plagar mistar friminutt. Plagar må skifte klasse for ein periode. Plagar må skifte skule for ein periode. Ansvar: Kontaktlærer og rektor. Enkeltvedtak: Rektor fattar enkeltvedtak når skulen har konkludert etter undersøkingsperioden. Dersom foreldre ber skolen sette inn tiltak, skal rektor alltid skrive enkeltvedtak. Ansvar: Rektor 2.2 Samarbeid med andre instanser ved mobbing Aktuelle samarbeidspartar utanfor skolen er: Skulesjef, PPT, BUP, barnevernet, rettleiarane for skulane i Fjell og skulehelsetjenesta. Rektor, i samarbeid med kontaktlærar og føresette, avgjør når det er naudsynt å søke samarbeid med andre instansar. Ansvar: Rektor. 2.3 Oppfølging i etterkant av ei mobbesak arbeid med elevane Etter at ei mobbesak er løyst eller at det er tatt affære for å endre situasjonen, vil det være naudsynt å arbeide strategisk i høve til dei ulike partane: mobbeofferet, mobbar(ane) og tilskodarane. Målet med dette arbeidet må være å førebygge at dei kjem i noen av disse rollene seinare. Jevnlege oppfølgingssamtalar med offer og plager(ane). Haldningsskapande arbeid i klassen(ane). Foldnes skule Side 7 av 11

Ansvar: Kontaktlærar. Handlingsplan mot mobbing 2.4 Arbeid i etterkant av ei mobbesak - organisasjonsarbeid Problemløysing på individnivå og etterarbeid etter ei mobbesak kan avdekke svakheitar i systemet, som bør endrast for å vere førebyggjande. Det er derfor viktig at kvar mobbesak avsluttas med ei evaluering der leiing saman med aktuelle partar drøftar kva ein i organisasjonen kan lære av denne saka med tanke på å førebyggje mobbing. Dette blir gjort ved: Gjennomgang av saka med tanke på kva den viser av organisering og rutine som ikkje fungerer godt nok. Trinnvis gjennomgang av saka i lys av denne planen. Evalueringa blir gjort av kontaktlærar, sosiallærar og rektor. I nokon tilfelle kan plangruppa involveras i evalueringa. Informasjon, basert på det som kjem fram i gjennomgangen over, til andre tilsette. Gjere naudsynte endringar i plana. Ansvar: Rektor 3. FØREBYGGING Mål: Alle elevar skal oppleve eit godt psykososialt miljø som fremmar helse, trivsel og læring (jf. Opplæringsloven 9a-1). 3.1 Relasjon lærar/ assistent - elev Det er den vaksne som har hovudansvaret for kvaliteten på denne relasjonen. Lærar/ assistent er ein tydeleg og støttande vaksen som eleven kan ha tillit til (jf. prinsippa i klasseleiingsprogrammet TSK (Tydeleg, Støttande og førebudd Klasseleiing)). Det betyr: Eleven møter førutsigbarheit i skulekvardagen. Alle blir sett kvar dag. Dei vaksne tek eleven på alvor og viser han/ho respekt. Tiltak skulen set inn for å styrke lærarar sin relasjonsbygging til enkeltelevar går føre seg kontinuerlig og har høg kvalitet (lista er ikkje uttømmande): Den vaksne helsar på kvar elev om morgonen. Den vaksne er raus med ros, gir positiv merksemd til det som er bra. Den vaksne klarar å ta elevperspektiv. Den vaksne lyttar og viser interesse for det eleven er oppteke av. Kontaktlærar har elevsamtale to gonger i året. Skulen gjennomfører sosiale arrangement som fotballturnering, aktivitetsdag, turar og utflukter. 3.2 Relasjon lærar - klasse/gruppe Lærer utøver tydeleg og støttande leiing på ein slik måte at klassen/gruppa opplevast som ein trygg stad for alle elevane. Det betyr: Klassen har klare reglar og rutinar som forpliktar alle. Klassen har kjende strategiar for problem- og konfliktløysing (jf. prinsippa i TSK). Foldnes skule Side 8 av 11

Tiltak skulen set inn for å sjå til at lærar sin relasjonsbygging til klassen/gruppen har høg kvalitet: Alle lærarane har kompetanse i klasseleiingsprogrammettsk og er forplikta til å arbeide etter desse prinsippa. Lærar kan ved trong be om kollegabasert rettleiing i arbeidet med klassemiljøet Rektor gjennomfører årleg skulevandring der ho observerar alle lærarane i leiing av klassane og har oppfølgingssamtale med den enkelte lærar. Læraren samarbeider med heimen om klassemiljøet. 3.3 Relasjon elev - elev Elevane i klassen/gruppa tek vare på kvarandre og er oppteke av at alle har det trygt. Det betyr: Elevane reagerer når andre har det vondt, ved å hjelpe sjølv eller ved å sei frå til ein vaksen. Det å sei frå i slike situasjonar er ikkje å sladre. Alle elevane vet kva som menast med mobbing, plaging og krenkande handlingar, og at det ikkje er lov. Tiltak skolen set inn for å sjå til at dei vaksne stimulera til at positive relasjonar mellom elevene går føre seg kontinuerlig og har høg kvalitet: Klassemøter (Zero-time) kvar veke Trivselsleiarprogram (TL) i ein del av friminutta Fadderordning Turar og eksklusjonar Fellesaktivitetar Aktive vaksne som har inspeksjon i friminutta Kartlegging av elevrelasjonar ved mellom anna observasjon, sosiogram, elevsamtaler o.a. Konkrete tiltak som hemmeleg venn og liknande. 3.4 Relasjon lærer - foresatte Relasjonen mellom lærer og den enkelte elev sine føresette er preget av respekt, tillit og samarbeidsvilje. Det betyr: Det er lav terskel for å ta kontakt, og dialogen skal alltid være til eleven sitt beste. Tiltak skolen set inn for å bidra til at lærarane sitt arbeid med å byggje gode relasjonar til føresette går føre seg kontinuerlig og har høg kvalitet: Planlagde og strukturerte utviklingssamtalar to gonger i året der eleven sitt psykososiale miljø alltid er tema. På samtalane vert kartleggingsskjema om mobbing nytta. Vekeplana har fast informasjonsbit. Eventuelt vekebrev med generell omtale av om livet i klassen. Klasseforeldremøte etter oppsett plan. Føresette blir invitert til fellesarrangement i regi av skule. Foldnes skule Side 9 av 11

3.5 Skulestart Skulestarten skal vere førutsigbar, trygg og gje alle elevar ei positiv oppleving. Det betyr: Skulen har faste rutinar for det første møtet med nye elevar. Tiltak skulen set inn for å sikre ein god skulestart for enkelteleven: Informasjonsmøte for føresette til ny 1. klasse om våren. Føresette får heftet "God skulestart". Førskuledag der eleven får møte kontaktlærar, klassekameratar og SFO-leiiar. Fadderordning for 1.klassingane. Nye elevar som begynner på skulen gjennom av året får komme på skulebesøk før skulestart. Samtale med føresette. 3.7 Klasse/gruppestart Lærar møter klassen/gruppa på ein måte som signaliserer trygg leiing, ivaretaking som basis for gjensidig tillit. Det vil sei å innarbeide faste klassereglar og rutinar slik skissert i TSK. Det betyr: Lærar innarbeider faste klassereglar og rutinar slik skissert i TSK og utøver tydeleg og støttande klasseleiing. Tiltak skulen set inn for å sikre ein god årleg start for klassen/gruppa: 1. klasse møter første skuledag i gymnastikksalen samen med føresette. Etter opprop går klassen samen med sin lærer til klasserommet. Fellessamling i gymnastikksalen for 2. - 7. klasse andre skuledag i august med fokus på tema frå Zero. Gjennomgang av skulen sine ordensreglar og klassereglene kort tid etter skolestart. 3.9 Sikring av arenaer som skolegård, toaletter, gymnastikkfløy, SFO Skolen har prosedyrar og sjekkpunkt som gjer at skulegard, toalett, gymnastikkfløy, SFO og skuleveg opplevast som trygge stader. Det betyr: Det fysiske miljøet er godkjent etter lovverket. Tiltak skulen set inn for å oppnå trygg skulegard, toalett, gymnastikkfløy, SFO og skuleveg opplevast som trygge stader for elevar: Synlige vaksne med gule vestar i friminutt, og følging til/frå buss Vaksne har tilsyn med elever i gymnastikkgarderobane Årlig inspeksjon av det fysiske miljøet ved kommunehelsetenesta Intern vernerunde ved leiing, verneombod og tillitsvalde Føresette følgjer skulen sitt køyremønster ved køyring til og frå skulen 4. KONTINUITET Mål: Skulen sitt arbeid med å førebygge, avdekke og stoppe mobbing føregår kontinuerleg Foldnes skule Side 10 av 11

4.1 Ansvarskjede Prinsippet er at problem vert løyst på lågast mogeleg nivå, og at lærar veit når saker skal meldast vidare og vet kven dei kan melde til om problem ikkje kan løysas på deira nivå. Det vil altså være som ei trapp, der problem søkast løyst lågast mogeleg vis, men der ein går lenger opp i trappa når det er naudsynt. 4.2 Revisjon For å gjere plana til eit aktivt verktøy i organisasjonen vil det være naudsynt med ein årleg gjennomgang for å vurdere om plana fungerer tilfredsstillande eller om det er naudsynt med revisjon. Ansvar: Rektor Foldnes skule Side 11 av 11