HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 15.01.2013 22.01.2013 31.01.2013 BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV SAMANDRAG Mona Hellesnes sette i møte i Fylkesutvalet 21. og 22.11.12 fram følgjande oversendingsforslag: «Fylkesutvalet ber om ei sak som vurderer bruk av alternative løp som fører fram til fagbrev. Saka må og gje informasjon om i kva grad Hordaland fylkeskommune nyttar dei ulike ordningane.» Ungdom som ønskjer fag- eller sveinebrev kan i dag velje mellom følgjande alternativ her i Hordaland: Modell Oppbygging Målgruppe Løpande kontraktar per 31.12.11 2+2-modellen 2 år i skule Alle 2875 2 år i bedrift Full opplæring i bedrift 4 år i bedrift eller Vg1+3 år i Alle 515 361 bedrift Fleksibel opplæring (tilbodet finns berre i HO-fag i dag) Skule og bedrift parallelt i fire år Ungdom med lite motivasjon for vidaregåande opplæring 17 Lærekandidatordninga Fleksibel oppbygging Dei som ikkje ønskjer fullt fagbrev. Kan ev byggast på til fagbrev. 156
TAF Skule og bedrift parallelt i fire år, inkludert studiekompetanse Søkjarar som ønskjer å oppnå fagbrev og spesiell studiekompetanse på fire år Praksiskandidatordninga Vaksne med minimum 5 års praksis i lærefaget 151 900 tok fag-/ sveineprøve i 2011 I tillegg har opplæringsavdelinga sett i gong forsøksprosjekt med vekslingsmodellen, og med opplæring på arbeidsplassen for vaksne i HO-fag. Rett til å ta påbyggingsår etter fullført fagbrev vert innført i 2014, og vi vurderer å sette i gong forsøk med praksisbrevordninga. FORSLAG TIL INNSTILLING Fylkesutvalet tar saka til orientering. Johnny Stiansen Konst. fylkesrådmann Svein L. Heggheim Opplæringsdirektør 2
FYLKESRÅDMANNEN, 09.01.2013: Mona Hellesnes sette i møte i Fylkesutvalet 21. og 22.11.12 fram følgjande oversendingsforslag: «Fylkesutvalet ber om ei sak som vurderer bruk av alternative løp som fører fram til fagbrev. Saka må og gje informasjon om i kva grad Hordaland fylkeskommune nyttar dei ulike ordningane.» Hordaland har i dag følgjande tilbod som fører fram til fag-/sveinebrev: Merknad: Dei fleste lærefag har til saman fire års læretid, enkelte har 4,5 år. For å forenkle saksframstillinga noko blir det i teksten berre vist til fire års opplæring. 2+2-modellen Dette er den ordinære vegen fram til fag- eller sveinebrev. Ungdommen fullfører først to år i skulen som elev, og er så lærling i lærebedrift i to år. Full opplæring i bedrift (0+4 eller 1+3) Full opplæring i bedrift er ei ordinær ordning som liknar på lærlingordninga slik denne var før Reform -94. Mesteparten av opplæringa skjer i lærebedrifta, og teorien vert gjennomført ved skulegang t d ein dag i veka, fordelt over heile læretida. Det er mogeleg å gå inn på denne ordninga direkte frå ungdomsskulen, eller ein kan fullføre Vg1 og så teikne lærekontrakt. Lærlingen må sjølv finne ei lærebedrift som vil ta ho/han inn etter denne modellen. Fleksibel opplæring Hordaland har utvikla og prøvd ut modellen «fleksibel opplæring» frå 2007. Her blir dei to opplæringsarenaene skule og lærebedrift brukte parallelt alle fire åra, med t d to dagar i skulen og tre dagar i bedrifta per veke. I tillegg samarbeider kontaktlærar og fagleg leiar/instruktør tett heile vegen. Fellesfaga vert i stor grad yrkesretta, og framdrift/rekkefølgje i størst mogleg grad tilpassa den enkelte ungdom. Fleksibel opplæring er ein del av fråfallssatsinga i Hordaland, og har vore prøvd ut i liten målestokk innan teknikk- og industriell produksjon (TIP-fag), restaurant- og matfag (RM-fag), bygg- og anleggsteknikk (BA-fag) og helse- og oppvekstfag (HO-fag). Tilbodet finst i dag i HO-fag ved Fitjar vgs. Lærekandidatordninga (grunnkompetanse) Dette er ein modell for dei som av ulike grunnar ikkje kan eller ønskjer å ta fullt fag-/sveinebrev. Ordninga gir kompetansebevis, og kan ev byggast på mot fagbrev. Ordninga har stor fleksibilitet i høve til kor stor del av læreplanane som skal leggast til grunn. TAF TAF-modellen kombinerer opplæring i skule med opplæring i bedrift alle fire åra, og fører fram til fag-/sveinebrev. I tillegg inkluderer ordninga påbygging med fellesfag, slik at ein kjem ut med studiekompetanse i tillegg til fagbrevet. Den tradisjonelle TAF-modellen har gitt spesiell studiekompetanse, men er i enkelte fylke også tatt i bruk mot generell studiekompetanse. 3
Praksiskandidatordninga Dette er ei privatistordning (dokumentasjonsordning ikkje opplæringsordning) for vaksne med minimum 5 års praksis i eit lærefag. Det er ikkje krav til gjennomføring av fellesfag, men praksiskandidaten må fullføre tverrfagleg eksamen i programfag. Oppsummering og dimensjonering: Modell Oppbygging Målgruppe Løpande kontraktar per 31.12.11 2+2-modellen 2 år i skule Alle 2875 2 år i bedrift Full opplæring i bedrift 4 år i bedrift eller Vg1+3 år i Alle 515 361 bedrift Fleksibel opplæring Skule og bedrift Ungdom med lite 17 parallelt i fire år motivasjon for vidaregåande opplæring Lærekandidatordninga Fleksibel Dei som ikkje ønskjer 156 TAF oppbygging Skule og bedrift parallelt i fire år, inkludert studiekompetanse fullt fagbrev Søkjarar som ønskjer å oppnå fagbrev og spesiell studiekompetanse på fire år Praksiskandidatordninga Vaksne med minimum 5 års praksis i lærefaget 151 900 tok fag- /sveineprøve i 2011 Forsøksordningar i Hordaland Vekslingsmodellen (2 variantar) Eit forsøk med vekslingsmodellen starta i Oslo hausten 2012, og vi planlegger å starte eit tilsvarande forsøk i Hordaland hausten 2013. Vekslingsmodellen blir prøvd ut som ein 0,5+3,5-modell. Første halvår skjer opplæringa i skulen, deretter blir mykje av opplæringa lagt ut til lærebedrifta. Teorien blir gjennomført i modular på skulen. Skule og bedrift jobbar tett saman om opplæringa, og fellesfaga vert yrkesretta. Vi ønskjer å prøve ut vekslingsmodellen med ein klasse i bygg- og anleggsfag (tømrarfaget og betongfaget) og ein klasse i helse- og oppvekstfag (bua-faget og helsearbeidarfaget). Målgruppa for vekslingsmodellen blir o For byggfaga: ungdom som ønskjer seg meir arbeidslivsretta opplæring o For helse- og oppvekstfag: søkjarar som ønskjer seg studiekompetanse i tillegg til fagbrev Y-vegen I samband med forsøket med vekslingsmodellen i helse- og oppvekstfag er det eit ønskje også å få laga eit tilbod om Y-vegen i samarbeid med Høgskolen i Bergen. 4
Y-vegen tyder at Høgskulen legg til rette for at ungdom med fag-/sveinebrev kan søkje høgare utdanning utan at dei har studiekompetanse. VOPA prosjektet (forsøk med vidaregåande opplæring på arbeidsplassen, for vaksne) Bakgrunnen for prosjektet er eit aukande behov for kvalifisert personale innan helsetenesta og oppvekstsektoren. Innan helsefag er vaksne den største og mest stabile rekrutteringskjelda. Vaksne med rett til vidaregåande opplæring vel ofte komprimerte opplæringsløp i regi av fylkeskommunen, men vegen fram mot fagbrev vert likevel lang og mange fell frå undervegs. Små stillingar og manglande bredde i praksis er ofte grunngjeving for at den vaksne ufaglærte ikkje fullfører ei fagutdanning. Målet for forsøk med vidaregåande opplæring på arbeidsplassen er å utvikle og prøve ut opplæringsmodellar som høver for vaksne ufaglærte som er i arbeid. Prosjektet starta i 2012. Forsøksordningar i andre fylke Praksisbrevordninga Praksisbrevordninga har mykje til felles med «fleksibel opplæring», og er eit forsøk som har vore gjort i 4-5 fylke dei siste åra. Ein større del av opplæringa er gjort bedriftsbasert, slik at praksisbrevkandidatane er t d fire dagar i bedrift og ein dag i skulen. Det er laga eigne forsøkslæreplanar. Etter to år avsluttar elevane med ein praksisbrevprøve. Dei kan så bygge vidare med to år til, og ta fag-/sveineprøve. Målgruppa er skule-/teoritrøtte elevar som ønskjer seg arbeidslivsretta opplæring. Resultata av forsøket skal vere positive, dei fleste fullførte to års opplæring og ønska å bygge på med dei to siste åra og ta fag-/sveinebrev. Hordaland vurderer å prøve ut praksisbrevordninga. Rett til påbyggingsår etter fagbrev Er innført i enkelte fylke for å gi muligheit til påbygging etter fag-/sveinebrev. Ein kan då unngå at ungdom tar påbyggingsåret i staden for å gå ut i lære. Læreplass kan ein nemleg skaffe seg utan ungdomsrett, medan det kan vere vanskeleg å kome inn på påbyggingsåret dersom ungdomsretten er oppbrukt. Hordaland innfører rett til påbyggingsår frå 2014. Vurdering av bruken av dei ulike ordningane Full opplæring i bedrift er ein god modell for ungdom som er meir motiverte for bedriftsbasert opplæring enn skulebasert opplæring, og som også kan jobbe sjølvstendig med teorien. Ordninga verkar lite kjend blant både ungdom, føresette og i skulane. Fagopplæringskontoret arbeider med å få meir informasjon lagt ut på internett, og informerer også på rådgivarsamlingar mm. Vi vurderer muligheita for å gjere modellen søkbar gjennom Vigo, men i dei fleste fag har vi ei utfordring i høve til å få lærebedrifter til å ta inn desse søkjarane. Fleksibel opplæring har på mange måtar vore ein tidleg vekslingsmodell. Dette er eit tilbod til ungdom som vil tidleg ut i bedrift. Samstundes har ein i modellen lagt inn tett samarbeid og oppfølging frå skulen og lærebedrifta. Målsettinga med å starte tilbodet var å kunne gi eit meir skreddarsydd opplæring til ungdom som stod i fare for å falle ut av vidaregåande opplæring. Rundt halvparten av elevane som har starta har gjennomført, eit godt resultat sett i lys av utgangspunktet. Det har vist seg vanskeleg å få tilbodet til å bli så breitt som planlagt, då skulen er avhengig av minimum tre Vg1-klassar innan det aktuelle utdanningsprogrammet for å kunne starte ein fleksibel- 5
klasse. Sist haust var det berre Fitjar vgs som starta ein ny fleksibel-klasse. Skulen har hatt tilbodet i helse- og oppvekstfag i heile forsøksperioden. Lærekandidatordninga var lenge ei lite nytta ordning, men har via eit prosjekt dei siste tre åra blitt meir kjent. Talet på lærekandidatar er derfor aukande. Vi har i prosjektet samarbeidd med nokre vidaregåande skular, og desse har hatt ei aktiv rolle i høve til å knytte kontakt med aktuelle opplæringsbedrifter og i oppfølging av elevane mot opplæringskontrakt. Dette har gitt gode resultat. Det blir frå Kunnskapsdepartementet si side stadig meir fokus på fleksibilitet, og at den bedriftsbaserte delen av opplæringa kjem inn tidlegare. Dette for å gjere opplæringsløpet så tilpassa den enkelte som råd, og på den måten sikre fullføring. Utfordringa når det blir mange modellar å velje mellom er å få synleggjort skilnadene, slik at den enkelte ungdom som søkjer vidaregåande opplæring finn fram til det tilbodet som er best for seg. Det er viktig å ha eit tilbods-spekter som er tilpassa ulike målgrupper, men at dette samstundes er oversiktleg og føreseieleg. 6