Å lykkast med økologisk fruktproduksjon



Like dokumenter
1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

«Ny Giv» med gjetarhund

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Årsmelding 2014 for Sognefrukt SA

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Prosjektskildring for Føregangsfylke økologisk frukt og bær

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Brødsbrytelsen - Nattverden

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Økologi-satsing i Norge

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Rapport prosjekt «høy til hest»

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Bustadområde i sentrum. Vurdering

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kva er økologisk matproduksjon?

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Avling i økologisk epledyrking. v/ Gaute Myren, Liv Lyngstad og Marianne Bøthun

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Forslag frå fylkesrådmannen

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Kvalitetsplan mot mobbing

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Erfaringar frå økologisk dyrking. Nordre Nes, Gvarv Tone Ness og Mikkel Aanderaa

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn

M/S NYBAKK SI HISTORIE

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/

Nye sortar gjev ny giv i pæredyrkinga. Stein Harald Hjeltnes Graminor avd Njøs

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

Kom skal vi klippe sauen

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Kulturhistoriske registreringar

Følgjande tabell viser fylkesrådmannen si rapportering på forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål:

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Transkript:

Å lykkast med økologisk fruktproduksjon Kva skal til for å lykkast med økologisk fruktproduksjon? Registreringar av avling, omsetting og arbeidstid gjev noko informasjon, men like viktig er økodyrkarar sine erfaringar og tankar om kva som er utfordringar og kva som skal til for å lykkast med økologisk fruktproduksjon. TEKST: GUNNHILD JAASTAD, FØREGANGSFYLKET FOR ØKOLOGISK FRUKT OG BÆR I HORDALAND OG SOGN OG FJORDANE. Me syns me får det så godt til at me vil plante meir, seier Marianne Bøthun. Ho driv, saman med mannen Stein Knatterød, gard i Fresvik i Sogn. Begge har anna arbeid i tillegg til garden. Dei har sidan 2004 dyrka Raud Aroma og Discovery økologisk på 5 daa i tillegg til å driva litt med hest, sau, ved- og tømmerhogst. Garden er på 53 daa dyrka mark. I tillegg kjem mykje beite og skog. Fram til i fjor leverte dei epla til Fresvik kjølelager som vidaresel til mindre grossistar og butikkar, i dag leverar Marianne og Stein til Sognefrukt som sel vidare til Bama. Dei skifta lager for å få eit meir rasjonelt system med maskinpakking. Garden til Jan Ove Nes ligg på Nes i Ullensvang. Garden er på 22 daa og vart delvis lagt om til økologisk drift i 2003. I dag paktar Jan Ove 30 daa med eple og plommer som han også driv økologiske. Jan Ove er også rettleiar i Norsk Fruktrådgjeving Hardanger. Motivasjon I eit nyleg avslutta prosjekt har NILF mellom anna undersøkt motivasjonen for å leggje om og drive økologisk (Milford, 2014). Dei fleste av dei som i dag driv økologisk frukt valde å gjere det av omsyn til miljø og helse. Ein økologisk epledyrkar seier at Det viktigeste var det med sprøytemidler, å slippe å ha det uti hagen, for vår egen del, og for bikkja og ungene. Andre har valt å drive økologisk fordi dei har ei forventning om å tene meir pengar på produksjonen. Marianne Bøthun arbeidde på Fresvik kjølelager då ho bestemte seg for å dyrke eple økologisk. Det vart for fyrste gong levert økologiske eple til lageret i 2000. Dei var like fine som konvensjonelle eple og det utan bruk av syntetiske plantevernmiddel! Difor starta Marianne friskt med økologisk fruktproduksjon i 2004. Mannen kom inn i etterkant, men har etter kvart også fått auka interesse for fruktdyrking. - No syns me at me får det så godt til at me vil utvide og plante meir, seier Marianne. Me har nettopp fått innvilga tilskot frå Innovasjon Norge til utviding med 6 daa eple. Dette skal me plante i 2016. Fresvik er ei bærbygd, så slik sett er me kjerringa mot straumen, seier ho og ler. Me har lært utruleg mykje på desse åra med økologisk produksjon, og det ynskjer me å gjere framover også. For Jan Ove Nes var motivasjonen knytt til det å meistre å drive økologisk: - Eg ville bevise for ein tidlegare heradsgartnar at det var mogeleg å dyrke eple økologisk. Og det klarde eg!

Dyrkingstekniske utfordringar I Milford (2014) si undersøking er dyrkingstekniske utfordringar hovudårsak til at konvensjonelle fruktdyrkarar vel å ikkje leggje om til økologisk drift. Dyrkarane fryktar meirarbeid med mellom anna ugrasreinhald. Det er i dag mogeleg å bruke traktormontert mekanisk utstyr for ugrasreinhald, og det reduserer tida betrakteleg samanlikna med slått. Haukås og Meland (2014) viser i eit forprosjekt at tida brukt på ugrasreinhald vart redusert frå 12,7 t til 2,7 t med bruk av mekanisk utstyr (registreringar gjort i Raud Aroma i eitt felt over to år). Jan Ove svarar slik når han vert spurt om kva han ser på som den største utfordringa: - Det er heilt klart ugrasreinhaldet. Me har mekanisk utstyr som fungerar godt, men det må køyrast mange gonger gjennom sesongen og det tek tid. Marianne trudde at skurv kom til å bli største utfordringa, men det har stort sett gått greitt ved bruk av svovel og koparpreparat. Ho planta trea i Mypex for å redusere arbeidet med ugraskontroll, det har fungert på ugraset men gjer det vanskelegare med bruk av gjødsel. I tillegg har dei fått problem med maur som likar seg veldig godt under duken. Med det utstyret som finst i dag vel ho å gjere det annleis: - Når me no plantar nytt kjem me til å kjøpe Orizzonti Mira maskin til traktoren; denne er enkel, fleksibel og overkommeleg i pris for eit lite bruk som vårt. Me vil slå og frese under trea for å halde ugraset vekke og molda ned gjødsla. Då skal me også ta vekk mypexen i den gamle hagen, noko me trur vil gjera problemet med maur og lus mindre. Plantingane må stå på relativt flatt areal skal ein bruke traktormontert utstyr for ugraskontroll det må kunne køyrast med traktor i feltet. Dersom det i tillegg til bratt areal regnar mykje tidleg på våren vert ugraskontroll med slik utstyr vanskeleg tidleg i sesongen. I Fresvik er det flatt og dermed perfekt for økologisk drift. Sjukdomar og skadedyr. Konvensjonelle dyrkarar er bekymra for at dei vil verte meir plaga med skadedyr og sjukdommar dersom dei driv økologisk (Milford, 2014). Med dei tiltak og plantevernmiddel som er tilgjengeleg i økologisk produksjon er det klart viktig at dyrkarane arbeider førebyggjande. For å til dømes førebyggje skurv på epla må det setjast inn tiltak like før sporekasting (med svovel eller kopar) eller like etter sporekasting (svovel og bakepulver). Varslingssystema som vert nytta i dag (Rimpro) er utvikla for økologisk produksjon, og gjev råd og varsel som gjer at ein kan setje inn tiltak til rett tid. Av dei økologiske dyrkarane som vart intervjua i NILF si undersøking var det ingen som hadde hatt store problem med skurv. - Har du dei rette sortane og brukar eit varslings- og prognosesystem som er godt klarar du å halde skurven vekke, seier Jan Ove. No kan me også bruke middel som Nordox og bakepulver og då har me ein sjansen til å sprøyte kurativt.

Mot skadedyr finst det fleire direkte tiltak som kan nyttast i økologisk fruktdyrking, og fleire av desse er vorte adoptert i konvensjonell dyrking. Olje og såpe i blanding mot egg av lus og frukttremidd er eit slikt døme. - Når det gjeld insekt så er nok lus på epletrea i etableringsfasen det største problemet, meiner Jan Ove. Elles trur Jan Ove at svinn på grunn av insekt varierer like mykje mellom felt og dyrkarar som mellom konvensjonell og økologisk drift, og det er nok nokon konvensjonelle dyrkarar som sprøyter på seg insekt- og middproblem. Marianne seier også at lus på unge tre kan vera eit stort problem i eple. Marianne si erfaring er at det er viktig å ta hand om dette problemet raskt, slik at det ikkje et på seg. Ho meiner at problemet hjå dei er knytt til maur. Mauren får mjølke honningdogg frå lusa, men må til gjengjeld beskytta lusa mot fiendar (nyttedyr). Det er mykje maur i deira felt, men ho har tankar om løysingar: - Når me fjernar Mypexen vil det verte dårlegare miljø for mauren, slik at dei vonleg minkar. Elles skulle det vore gjort meir forsøk for å finne rett sprøytetid og konsentrasjon for olje/såpe i eple, då forsøk og tilrådingar hittil er basert på moreller. Tilrådde konsentrasjonar varierer også veldig mellom landsdeler og land, noko som gjer meg litt usikker. I felta i Fresvik har det elles vore lite utgang av tre og frukter grunna skadedyr. Næringstilførsel. - Det som kan vere problematisk er å få frigitt næring til trea til rett tid, seier Marianne. Me skulle hatt fleire økologiske gjødseltypar og middel som gjev raskare effekt enn den pelleterte hønsegjødsla, og som kunne tilførast gjennom dryppvatningssystemet. Ei utfordring for å få høg kvalitet og avling på frukta er næringsforsyning. Økologiske produsentar nyttar organisk gjødsel, i hovudsak gjødsel frå kylling eller frittgåande høns. Dei resirkulerar på den måten energien/plantenæringa i systemet (plante-dyr-møk-næring-plante-osv). Då dei ikkje kan tilføre lettløyseleg syntetisk produsert næring er det vanskelegare å presisjonsgjødsle slik at trea får næring tidleg i sesongen. Særleg nitrogen er det viktig at trea får tidleg, det er då dei skal vekse mest. Det vert arbeidd med næringstilførsel og nedmolding i samband med ugrasreinhald i Bioforsk for tida, og truleg vil ein finne gode løysingar for næringstilførsel i økologisk produksjon. Både i Fresvik og hjå Jan Ove brukar dei tørka hønsegjødsel som hovudnæring i frukthagen (Marihøne Pluss (8-4-5)). I tillegg brukar dei litt mineraler som bladgjødsel om bladprøvar viser at det er naudsynt og/eller tilrådingar for enkelte sortar tilseier det. Avling. Avlinga for eple var i snitt på 451 kg/daa i Hardanger i 2012, men variasjonen var stor (Jaastad et al., 2014). Dei beste dyrkarane hadde rundt 2000 kg/daa, noko som viser at det er fullt mogeleg å nå høge avlingar som økologisk produsent. I den same undersøkinga vart om lag 70 % av epleavlinga definert som klasse 2 av dyrkarane sjølve. Til saman viser det at her er det eit stort potensiale for å produsere meir frukt av konsumkvalitet. Ved å nytte seg av kunnskap og erfaring som er opparbeidd og med god rettleiing er det mogeleg å produsere meir klasse 1.

I 2013 hadde Marianne og Stein om lag 1600 kg/daa av eplesorten Raud Aroma (avstanden mellom tre er 2 x 4 m). Same året hadde dei likevel ikkje meir enn ca 160 kg/daa av Discovery som står tett ved og er planta med same avstand. Truleg fordi det var så kaldt i byrjinga av blomstringa. Jan Ove hadde i 2013 ei epleavling på mellom 1500 og 2000 kg pr daa i eit felt som vart planta i 1998/1999 (1,5 x 4 m mellom trea). - Avlingane i konvensjonelle felt er nok ikkje så mykje større enn i økologiske felt, meiner Jan Ove. Variasjonen mellom dyrkarar er viktigare. Det er interessa og kunnskapen hjå dyrkaren som er det viktigaste for å få høg avling. - Eg trur ikkje det er så stor forskjell mellom konvensjonell og økologisk dyrking i kor mykje som vert fråsortert, seier han. Det er vel om lag 15 % fråsortering på lager, og mesteparten skuldast støytskade. Det er likt for økologiske og konvensjonelle eple. Anna skade vert tynna vekk eller sortert vekk heime. Marianne seier at naboen som også produserer økologisk eple, fann at utsorteringa totalt sett var ca 15% for økoepla (inkl. fråsortering heime), då han rekna på det for nokre år tilbake. Hjå Marianne og Stein har det lege på ca 20-25%, med unnatak av skurvåret 2011 då meir gjekk til industri. Omsetting og pris. Frå 2012 til 2013 auka omsettinga av økologisk frukt, bær og nøtter gjennom daglegvarehandelen med 47 %. Importen står for mesteparten av denne auken, og den norske produksjonen er langt frå høg nok til å stette etterspurnaden (SLF, 2014). Produksjonen av norsk frukt og bær ligg på litt over 1 % av den norske konvensjonelle produksjonen, men berre 0,6 % av omsettinga av norsk frukt gjennom daglegvarehandelen er økologisk. Det er klart ein stor etterspurnad etter økologisk frukt og bær i marknaden, og det er stort potensiale for norske økologiske varer. I NILF si undersøking rekna ikkje dyrkarane det som vanskeleg å få omsett varene som økologisk. Marianne sine erfaringar er noko annleis: - Grunnen til at Fresvik Kjølelager starta med omsetting av økologisk frukt var at Bama ikkje ville ta mot økologisk frukt i 2000. Eg meiner det har vore vanskeleg å få forståing for at det tek tid å opparbeide volum i fruktproduksjonen og at ein er avhengig av ein grossist som tenkjer langsiktig for at produsentane skal tora satsa på økologisk/nye produksjonar. Tonnasjen i Norge var i fjor ca 100 tonn kl 1, så no håpar eg på at dei store grossistane vil ta imot den økologisk frukta og selje den på ein måte som gjer at produsenten får ein fornuftig meirpris. Bama ville i fjor berre ta i mot økoeple i storleikar som passa for å pakka i 6-pakk, og dermed vart dei andre storleikane selde som konvensjonell vare. Dette gav liten økologisk meirpris totalt sett. Dei mindre grossistane/butikkane som kjøper gjennom Fresvik er mykje flinkare til å betala meirpris for god kvalitet av økovare. Jan Ove meiner at snitt prisen på eple som vert levert til fruktlager burde vore høgare. Når han ser på heile avlinga si er det ikkje meir enn ca 1 kr meir pr kg for økologiske eple. Det burde ha vore 2-3 kr meir.

- Slik det er no trur eg ikkje det er ein meirpris å hente i marknaden, seier Jan Ove. Eg meiner at det fram til no har vore liten vilje hjå daglegvarehandelen og kunden til å betale ein meirpris for økologiske varer. I tillegg er det ein del kjeder som profilerer økologiske varer som like billig eller til og med billegare enn konvensjonelle varer. Då byggjer ein heller ikkje opp ein forbrukaraksept på at det skal vera ein meirpris. - I dag vert økologisk produksjon pressa fram frå styresmakter og forvaltningsnivå, det burde vere kunden og daglegvarehandelen som dreiv fram den økologiske produksjonen, meiner Jan Ove. Marianne meiner at det offentlege burde ta større ansvar gjennom innkjøp av økologisk frukt til t.d. barnehagar, skular og offentlege kantiner, slik våre naboland har gjort. Slik kan dei vere med på å få opp ein marknad og å læra forbrukarane opp til å kjøpe økologisk frukt og grønt. Styringsgruppa i Føregangsfylket for økologisk frukt og bær var i 2013 på tur til Sveits, Austerrike og Sør-Tyrol for å sjå på produksjon og omsetting av økologisk frukt. Dei fann at årsaka til at produksjonen av økologisk frukt auka i desse tre landa skuldast i hovudsak at 1) øko-produsentane samla seg og selde gjennom fellslager/pakkerier og fekk fleire større produsentar til å legge om. Slik fekk ein opp eit samla volum av økologisk frukt som vart interessante for daglegvarehandelen, 2) dei økologiske produsentane samla seg i produsentorganisasjonar som ville arbeide for å kvalitetssikre dei økologiske varene. Dei arbeidde aktivt ovanfor kundane for å synleggjera meirverdien øko-varene hadde. Då kunne dei også sikre seg meirpris, 3) daglegvarehandelen ville omdømmebygge si verksemd med miljøretta tiltak, som blant anna betydde ei satsing på fleire økologiske produkt helst frå innanlandsproduksjon (Lindén, 2014). Kanskje er det denne vegen ein må gå også i Noreg? Eg er interessert i økologisk fruktdyrking, kva gjer eg? Både Marianne og Jan Ove er rettleiarar i NLR. Begge meiner at det å planlegge godt før planting og å vere i stand til (ha tid til) å gjere alt til rett tid er viktig for å lykkast som øko-fruktdyrkar. Marianne seier at ho ville tilrå ein som var interessert i å starte opp med økologisk produksjon å fyrst søkje hjelp og rettleiing. Ta kontakt med den lokale rettleiingstenesta (www.lr.no) og be om eit gardsbesøk (økologisk fyrsteråd) som er gratis, seier ho. Begge to seier at råda dei ville gitt er avhengig av om det er snakk om ein fersking eller ein erfaren fruktdyrkar, og om det er snakk om å plante nytt eller leggje om eit gammalt felt. Er det snakk om nyplanting så vil både Jan Ove og Marianne hjelpe med å velje dei rette sortane og lage planteplanar. Er det alt planta frukt, så ville begge vurdert kva sortar som var på garden og eventuelt tilrådd parallellproduksjon der berre felt med sterke sortar vart lagt om til økologisk drift i ein startfase. Det aller viktigaste for ein som vil lykkast med å dyrke økologisk frukt er å vere like kunnskapsrik som dei dyktigaste konvensjonelle dyrkarane, ein må heile tida liggja litt i forkant av problem og utfordringar. Men dermed blir det heile også meir interessant og gleda enno større når ein får det til. Både hjå Jan Ove og hjå Marianne og Stein i Fresvik er det vist at det går godt an! Tek du utfordringa?

Litteratur: Haukås og Meland, 2014. Er økologisk fruktdyrking meir arbeidskrevjande ann konvensjonell dyrking? Norsk Frukt og Bær, 2: 4-7. Jaastad, Lindén og Lunde Knudsen, 2014. Økologisk frukt og bær omsetting og kvalitet (del 2), Norsk Frukt og Bær, i pressa. Lindén, 2014. Rapport frå studietur: http://www.fylkesmannen.no/hordaland/landbruk-ogmat/okologisk-landbruk/europeisk-marknadsarbeid-innan-okologisk-fruktproduksjon/ Milford, 2014. Årsaker til manglende motivasjon for økologisk dyrking blant norske frukt-, bær- og grønnsakdyrkere, NILF Notat 2014-9. SLF, 2014. Produksjon og omsetning av økologiske landbruksvarer. Rapport-nr.: 8/2014.