: Surnadal ungdomsskole. Unni Søbstad Larsen og Liv Ingrid Horvli



Like dokumenter
«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

VURDERINGSRAPPORT EKERHOVD OPPVEKSTTUN

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Hardanger / Voss kompetanseregion Vurderingsgruppa VURDERINGSRAPPORT. Strandebarm skule

Øystese barneskule April - 08

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Kvalitetsplan mot mobbing

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT SKOGSVÅG SKULE

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

VURDERINGSRAPPORT Glesnes skule

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

VURDERINGSRAPPORT RONG SKULE

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

IKT-kompetanse for øvingsskular

Dokumentasjon etter tilbakemelding frå programkomiteen!

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Trudvang skule og aktiv læring. Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Velkomen til Mork barnehage

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte


Plan for overgangar. for barn og unge

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Frå novelle til teikneserie

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Informasjonshefte Tuv barnehage

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

mmm...med SMAK på timeplanen

ØYGARDEN UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

HEIM OG SKULE SAMAN OM ELEVEN SI LÆRING OG UTVIKLING TID FOR SAMTALE

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Revidert mål og aktivitetsplan for prosjektet Ny start felles grunnlag aktive elevar

Kvalitetssikring av det mellommenneskelege arbeidsmiljøet

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Kvalitetssikring - kvalitetsutvikling

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Til deg som bur i fosterheim år

VURDERINGSRAPPORT BJORØY SKULE

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Informasjon til elevane

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Hordalandsmodellen med kurs for tverrkulturell kompetanse - ein tilnærmingsmåte.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

GODE SAMANHENGAR OG OVERGANGAR

Transkript:

Skole Kommune Vurderingsrapport frå : Surnadal ungdomsskole : Surnadal kommune : Nettverk Nordmøre Unni Søbstad Larsen og Liv Ingrid Horvli Veke/år : 48/2007 Vurderingsrapport, november -07 Surnadal kommune Surnadal ungdomsskole hausten 2007 Side 1 av 13

Innhald 1. Føreord side 2 2. Fakta om skolen side 3 3. Vurderingsområde side 3 4. Kriterier teikn på god praksis side 4 5. Kjøreplan for vurderinga, tidsbruk side 5 6. Metodar side 6 Oppsummering side 6-8 7. Skolen sine sterke sider innafor vurderingsområdet side 9 8. Skolen sine utviklingsområde innanfor vurderingsområdet side 9 9. Utdjuping av utviklingsområda. side 10 10 Vedlegg side 11-14 1. Føreord I forskrift til Opplæringslova 2-1 heiter det: Skolen og lærebedrifta skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei mål som er fastsette i den generelle delen av læreplanen og dei enkelte læreplanane for fag. Kommunen og fylkeskommunen har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene. Regionalt samarbeid På ei samling for skoleansvarlege i Molde våren 2004 blei ein orientert om ei vurderingsordning som har vore i drift i Hordaland eit par års tid. Med dette som bakteppe blei det like etterpå iverksett eit arbeid i regi av alle kommunane på Nordmøre. Målet med arbeidet har vore å få etablert eit system for Nordmøre der Hordalandsmodellen har vore mal. Det ligger sterke nasjonale føringar i at kommunene skal ha ei ordning for vurdering som eit ledd både i kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling og utvikling av læringsmiljøet for elevane. Ordninga på Nordmøre har ei slik organisering: Referansegruppe: Skoleeigarane på Nordmøre, Leiarane av PPT Styringsgruppa: 3 personar fra skoleeigarane Vurderingsnettverk Nordmøre: Kompetanse- og erfaringsnettverkvurderingskorps, 2 frå kvar kommune Surnadal ungdomsskole hausten 2007 Side 2 av 13

Kven er vurderarane og kva gjer dei? Vurderarane i vår region er plukka ut av skoleeigarane, og dei har brei og variert pedagogisk bakgrunn. Vurderarane har hatt kursdagar der vurdering og kriterietenking har vore tema. Ingen skal vurdere skolar i eigen kommune. - Skolen vel eit fokusområde for vurdering i samråd med skolefagleg ansvarleg i kommunen. - Vurderingsparet førebur sjølve vurderinga gjennom møte med skolen. I dette møtet utarbeider ein kriterier, metodeval og verktøy tilpassa det skolen ønskjer fokus på. Rapporten Vurderingsparet skriv ein rapport om resultatet av vurderinga. Rapporten trekker fram verksemda sine sterke sider, og kva utfordringar skolen har som vurderinga har avdekka. Rapporten skal og gje informasjon om rammene for vurderinga, tidsbruk, metodeval, verktøy m.m. 2. Fakta om skolen Surnadal ungdomsskole vart teken i bruk etter renovering/påbygging hausten 2006. (Nye SUS). Elevane kjem frå 6 Barneskular i kommunen. Har inneverande skuleår 261 elevar fordelt på 20 grupper. Personalet er sett saman av 25 lærarar, 7 assistentar spesialarbeidar, spesialpedagog, rektor, inspektør, rådgjevar/sosiallærar og sekretær. Lærarane er organiserte i team på årstrinn med ein trinnleiar på kvart trinn. Spesialundervisninga er styrt av eit ressursteam samansett av rektor, og ein representant frå kvart årstrinn. Rådgjevar/sosiallærar er og representant for 10.trinn 3. Vurderingsområde Støttar arbeidsplanane våre arbeidet med TPO for den einskilde elev? Skolen har arbeidd med temaet sidan innflyttinga i nye SUS hausten 2006. Trinna har stått fritt til å utforme arbeidsplanane til no, men målet er å kome fram til ei felles plattform i løpet av inneverande skoleåret. Dette er bakgrunnen for at dei har valt dette temaet for eksternvurderinga. Surnadal ungdomsskole hausten 2007 Side 3 av 13

4. Kriterier/ teikn på god praksis GLANSBILETE Støttar arbeidsplanane våre arbeidet med TPO for den einskilde elev? Kriterium Arbeidsplanen har god struktur Læringsmåla er tydelege Arbeidsplanen gjev høve for varierte arbeidsmåtar Arbeidsplanen gjev høve for variasjon av arbeidsmengde og fagnivå Arbeidsplanen er tilpassa kvar einskild elev Det er godt samspel mellom elevar og lærarar Teikn på god praksis Arbeidsplanen er oversiktleg, lett å forstå og er informativ både for elevar og foreldre Sosiale- og faglege mål er sentrale og tydelege på arbeidsplana Det er ulike mål for ulike elever, men innen same tema. Elevane kjenner læringsmåla Vurderingskriteria er kjente for elevane Elevane får systematisk opplæring i ulike arbeidsmåtar Elevane kan ofte velje arbeidsmetode Elevane får høve til å uttrykkje oppnådde læringsmål på ulike måtar Undervisningsareala er hensiktsmessige i høve til å bruke ulike arbeidsmåter Elevane har tilgang til variert undervisningsmateriell Planen gjev høve for val av vanskegrad Felles fagtema og mål, men ulike vegar til målet Elevane kjenner læringsmåla og kan planleggje eige arbeid og eigne oppgåver ut i frå dei. Evaluering og rettliing gjev eleven god bakgrunn for å ta medansvar for egne val og eiga læring Elevane opplever meistring når dei arbeider med arbeidsplanen Elevane opplever at dei lærer noko nytt Elevane får utfordringar som er tilpassa det nivået dei er på Elevane har/kan ha ulike arbeidsplanar Det er faste utviklingssamtalar/elevsamtalar. Lærarane er bevisste på å motivere og skape ei positiv atmosfære Kvar einskild elev får positiv oppmerksomheit frå ein lærar kvar dag Lærarane nyttar varierte arbeidsmåtar/metodar Lærarane har tid til kontakt/oppfølging av den einskilde elev Surnadal ungdomsskole hausten 2007 Side 4 av 13

5. Køyreplan for vurderinga tidsbruk TID TILTAK ANSVAR Vår,-07 Kommunen (og skolen) melder inn vurderingstema Styringsgruppa Kommune Veke 38 Fordeling av vurdererar på skolane Styringsgruppa Vurderarane har sin første kontakt med skolen. Vurderarane Skolen sender diverse overordna årsplaner, vekeplaner for alle Veke 39 Skolen klassetrinn osv.) til vurderingsparet Vurderarane utarbeider kriterium og teikn på god praksis Vurderarane Veke 42 Veke 43 Veke 47 Veke 48 Torsdag 29/11 Vurderarane møter på Surnadal ungdomsskole for å bli kjent med skolen/personalet og drøfte/ orientere om opplegg/planer for gjennomføring av vurdering. Skolen melder tilbake godkjenning av kriterium. Skolen gjev aksept, evt. endringsframlegg til skjema. Vurderingsparet diskuterer med skoleleiinga ønska sine i høve samtalar med tilsette og elevar Skolen får tilsendt spørjeskjema til elevar, foreldre og føresette og gjennomfører spørjeundersøkinga Vurderarane legg fram forslag til timeplan for sjølve gjennomføringa. Innhenting av informasjon: - samtalar og møte med elevar, tilsette og foreldre. Observasjon i klasserommet. Vurdering : - analyse og oppsummering Møte med personalet for kommentarar og evt. justeringar? Endeleg rapport og rapportvedlegg vert gjeve til skolen. Rapport vert sendt Surnadal kommune og Nettverk Nordmøre. Skolen vert beden om å gje ei evaluering av vurderingsopplegget, på fastsett skjema. På rektormøte deler rektor erfaringane sine med dei andre skoleleiarane i kommunen. Ev. blir rapporten lagt fram for politiske organ. Rapport og spørreskjema vert lagt ut på regionen si nettside. Skolen Vurderarane Skolen Vurderarane Skolen Vurderarane Vurderarane Styringsgruppa Skolen Kommunen Surnadal ungdomsskole hausten 2007 Side 5 av 13

6. Metodar Tema og tid verkar inn på val av metode. I denne vurderinga er følgjande metodar brukt: Kriterier på god praksis Vurderingsgruppa utarbeidde kriterier og teikn på god praksis med utgangspunkt i det valde tema. Kriteriegrunnlaget vart evaluert av lærarane før vurderings- veka. Dokumentanalyse Skolen gav vurderingsgruppa relevante dokument, i hovudsak diverse vekeplaner frå hausten 07.Vi fekk og skolen si verksemdplan. Spørjeskjema I forkant av skolebesøket sendte vurderingsparet ut spørjeskjema som foreldre, elevar og lærarar svara på. Desse blei oppsummert i forkant av vurderinga. Resultatet av spørjeundersøkinga vart behandla elektronisk og er lagt ved som vedlegg i form av diagram til internt bruk. Samtalar med tilsette, elevar og foreldre Vi har snakka med dei fleste på lærartrinna, 24 elevar i 2 grupper på 4 elevar frå kvart trinn og foreldra sine representantar i FAU. Observasjon i klassane. Vi har observert og snakka med elevar i nokre timar på kvart årstrinn. Vurdering Vurderingsparet vurderte ved å samanlikne informasjonen frå føresette/foreldre, tilsette og elevar med observasjonane og dokumentanalyse. Desse blei vurdert opp mot utarbeidde kriterier og teikn på god praksis. Gjennom vurderinga fann vurderarane sterke sider og utviklingsområder for skolen innanfor vurderingsområdet. OPPSUMMERING Oppsummering frå samtalar, observasjon og spørjeskjema for elevar. Elevane er stort sett samde om at dei synest det er greit å ha arbeidsplan og at plana er oversiktleg og lett å forstå. Elevane svarer at dei kjenner læringsmåla i dei ulike faga og at dei likar å ha læringsmål på plana. I samtale seier elevane at måla nokre gongar meir er oversikt over temaet dei skal arbeide med og at måla kunne vore meir konkrete og tilpassa ulike elevgrupper. Dei seier dette varierer i fag. 2/3 av elevane svarar at dei ofte/alltid får vist at dei har nådd læringsmåla. Under samtale seier dei at dette i hovudsak skjer gjennom skriftlege prøvar/ arbeid, men og munnleg i norsk og engelsk. Surnadal ungdomsskole hausten 2007 Side 6 av 13

Elevane svarar at dei kan velje vanskegrad, men at dei ikkje ofte får råd frå lærarane om korleis dei bør velje. I samtale seier elevane at det i hovudsak er i matematikk og engelsk dei kan velje og at det elles er venta at dei skal gjere alt som står på plana. Nokre seier dei får hjelp av læraren til å ta bort arbeid frå plana og gjere mindre. Vel halvparten av elevane seier dei ofte/alltid har skolearbeid dei kan fordjupe seg i at dei gjer skolearbeid som er utfordrande. Om lag 75% av elevane svarar dei har passe med arbeid på plana og at dei sjølv kan velje når dei vil gjere arbeidet. Nokre elevar seier dei har for mykje lekser, andre at dei aldri treng gjere lekser heime. Av elevsvara går det fram at dei i liten grad kan velje arbeidsmetodar/arbeidsmåtar. I samtale seier dei at dei oftast får velje i norsk og engelsk og at det og er mest i dei faga dei får opplæring i ulike arbeidsmåtar Elevane er svært samde om at dei får den hjelpa dei treng både på skolen og heime. Vel halvparten svarar at dei heime ofte/alltid følgjer med på kva dei lærer på skulen. Oppsummering frå samtalar og spørjeskjema for foreldre. Dei fleste foreldra svarar på spørjeskjemaet at arbeidsplana er lett å forstå både for dei og for elevane. 2/3 svarar at dei får god informasjon frå skolen om arbeidsplana og at plana gjev dei oversikt over kva barnet deira skal lære. I samtale er dei delte i dette synet, og seier dei mellom anna er usikre på om alle elevane skal gjere alt på plana. Vel halvparten svarar at dei ofte/alltid følgjer med på arbeidsplanene. Foreldra er samde om at arbeidsplana viser læringsmål og heile 97% svarar at dei synest dette er viktig. Fleirtalet av foreldra svarar at arbeidsplana sjeldan er slik at elevane kan velje vanskegrad, men svarar og at plana er passe utfordrande for elevane. 2/3 svarar at arbeidsmengde er passeleg og at elevane får vist at dei har nådd måla sine. I samtale seier dei dette varierer, nokre har mykje lekser, andre har aldri med arbeid heim. Berre 20% svarar at dei ofte får tilbakemelding om korleis eleven arbeider med arbeidsplana og i samtale ønskjer dei oftare tilbakemelding. Resultat av diskusjon på FAU-møte 27/11-2007 1. Kva er positivt med den arbeidsplana elevane ved Surnadal ungdomsskole har no? - Oppbygginga av planener oversiktleg med læringsmål - Greit at foreldra skal skrive under på at ein har sett plana. - Fint med rubrikk der foreldra kan skrive spørsmål og kommentarar. 2. Kva er negativt med den arbeidsplana elevane ved Surnadal ungdomsskole har no? - Det blir frykteleg mykje lesing. - Læringsmåla kunne ha vore meir konkrete (både for elevar og foreldre). - Kan sjå lite av tilpassa opplæring direkte ut av arbeidsplana. - Har fått lite orientering om arbeidsplanane.(ulikt på trinn?) -Vanskeleg tilgjengeleg om eleven ikkje tek plana med heim Surnadal ungdomsskole hausten 2007 Side 7 av 13

3. Korleis meiner de at arbeidsplana bør vere for at den best mogeleg skal støtte den tilpassa opplæringa til kvar einskild elev? - Lik plan på alle trinn. - Konkrete, handfaste mål, fleire nivå på dei. -Viktig å vite om det er meininga at alle skal gjere alt, eller om noko er valfritt - Ønskjer fleire alternativ på same plan framfor ulike planar (Ellers viktig at elevar ikkje blir fastlåst på ei plan/ eit nivå) - Meir praktisk arbeid. (Prosjektet på 10. trinn og Tunet vart trekt fram som positive tiltak for tilpassa opplæring) - Rubrikk for dialog med foreldra. Oppsummering frå samtalar og spørjeskjema for lærarar. Arbeidsplanar er tema som ofte blir teke opp i fellesskap på skulen. Lærarane svarar at det er lagt til rette for samarbeid om å utarbeide planane og at samarbeidet er godt og arbeidsfordelinga jamn mellom dei lærarane som utarbeider felles plan. Det kontinuerlige samarbeidet på skolenivå er ikkje like tydeleg eller samstemt. I samtale seier lærarane at dei samarbeider tett om planane, men at foreldre og elevar er lite involverte. Dei er samde om at arbeidsplanane er nyttige for lærarar, elevar og foreldre, og at dei er lett tilgjengelege for faglærarar og vikarar. Ei ulempe for dei som er involverte på fleire trinn at planane har forskjellig utforming. Dei fleste faga er med på arbeidsplana. Plana har tydelege læringsmål som samsvarar med måla i læreplanane og vel 60% svarar at planane har fokus på kva som skal lærast og ikkje kva som skal gjerast. Det er og stor semje om at læringsmåla fremjer læring, sjølv om ein del i samtalar seier at måla ikkje vert gjennomgått med / forklart for elevane. Om lag halvparten av lærarane svarar at dei differensierer læringsmål og oppgåver. I samtale seier mange at dette skjer gjennom muntlege avtalar med elevane. Elevane får i liten grad velje arbeidsmåtar sjølve eller fordjupe seg i stoff som interesserer dei. Lærarane svarar og at dei i liten grad tek elevane med på råd knytt til innhald og utforming av plana og til vurdering av eige arbeid med plana. 80% svarar at arbeidsplan og læringsmål er lett tilgjengelege for foreldra og at plana er nyttig i samarbeidet mellom heim og skule. Vel halvparten svarar at foreldra ofte følgjerjer opp elevane sitt arbeid med plana. Observasjon av det fysiske arbeidsmiljøet. Det er lyst, romsleg og triveleg på nye SUS. Ein del lærarar, elevar og foreldre gjev uttrykk for at elevane blir forstyrra av støy på grunn av dei opne løysingane. Det vert lagt ned mykje energi i å organisere arbeidet i basane med tanke på dette. Under observasjon la vi og merke til elevar som mista konsentrasjonen og vart forstyrra på grunn av prating i fellesareal. Lyden bar overraskande godt inn i basearealet. Samstundes observerte vi og at det mange stader vart snakka unødvendig høgt, både ved forflytning og under sjølvstendig arbeid. Både lærarar og elevar gjev uttrykk for at dei har tilgjengeleg læremateriell der dei arbeider, med unnatak av fleire/ lettare tilgjengelege datamaskinar. (I verksemdplana er IKT i faga sterkt vektlagt). Surnadal ungdomsskole hausten 2007 Side 8 av 13

Lærararbeidsplassar i basane gjev god kontakt med elevane, men kanskje mindre skjerming for lærarar til anna arbeid. Ei ulempe er at lærarane ikkje så ofte møtest på lærarrommet og på tvers av trinn og blir litt tre skoler i skolen. Det krev at alle kjenner seg forplikta av og aktivt tek del i oppfølging av felles mål og avtaler for verksemda. 7. Skolen sine sterke sider innanfor vurderingsområdet Lærarane er opptekne av å tilpasse opplæringa til den einskilde elev og det er gjort mange organisatoriske grep for å få dette til både felles og på team Arbeidsplanar er eit prioritert utviklingsområde ved skolen og personalet bruker mykje tid, engasjement og energi på å utvikle arbeidsplanane Arbeidsplanen er oversiktleg og læringsmåla er sentrale Lærarane samarbeider tett på trinn og snakkar om elevgruppa som våre elevar Elevane seier dei trivst og at det er eit godt miljø ved skolen. Lærarane uttrykkjer at dei ser på dette som viktig og at det blir satsa på. Elevane seier det er lett å spørre lærarane om hjelp og at dei er trygge på at dei får den hjelpa dei treng 8. Skolen sine utviklingsområder innanfor vurderingsområdet Arbeidet med å utvikle ei arbeidsplan blir aldri ferdig! Finn ut kva reiskap de vil arbeidsplana skal vere Sett delmål for korleis plana skal utviklast Synleggjer den tilpassa opplæringa ved SUS i plana Konkretiser/differensier læringsmål ( også sosiale mål) og oppgåver Gi større rom for elevmedverknad Utvikle samarbeidet mellom trinna Surnadal ungdomsskole hausten 2007 Side 9 av 13

9. Arbeidet vidare område/utdjuping/ansvar Utviklingsområde Utdjuping Ansvar Arbeidet med å utvikle ei Skolen og samfunnet er i stadig utvikling Alle arbeidsplan blir aldri ferdig! TPO er omfattande Finn ut kva reiskap de vil Ver bevisste på kva de vil med plana Diskuter med foreldre og elevar kva reiskap arbeidsplana skal vere for Adm. og dei treng elevar, foreldre og skolen Lærarar Felles utforming av plana Sett delmål for korleis plana skal utviklast Synleggjer den tilpassa opplæringa ved SUS i plana. Konkretiser/differensier læringsmål ( også sosiale mål) og oppgåver Gi større rom for elevmedverknad Utvikle samarbeidet mellom trinna Ikkje gjer alt på ein gong. Prioriter og set fokus på ein ting om gongen Det foregår mykje tilpassa opplæring som ikkje går fram av plana. Synleggjer denne. Synleggjer den muntlege tilpassinga Sosiale mål på plana Konkrete mål lettar vurderinga og er viktig for meistring og motivasjon Lettar rettleiing, tilpassing og vurdering Utvikle ulike former for differensiering. Gi rom for valfridompå fleire felt, t.d.: Metodevariasjon Mengdevariasjon Nivåvariasjon Tidsintervall på arbeidet. Elevane likar og å bli tekne med på råd Medverknad aukar motivasjonen Informer elevar om kva som må gjerast og kvifor Diskuter arbeidsmetodar med elevane Øv elevane opp i å vurdere eige arbeid Sikre arena og rutine for å dele kunnskap og erfaring Sørg for å ha skolen i ryggen Adm. og Lærarar Lærarar Lærarar Lærarar og elevar Adm. og Lærarar 11. Vedlegg Spørjeskjema for elevar vedlegg 1 Spørjeskjema for foreldre vedlegg 2 Spørjeskjema for lærarar vedlegg 3 Diagram med resultat spørjeskjema vedlegg 4-6 (excelfil) Surnadal ungdomsskole hausten 2007 Side 10 av 13

Ekstern vurdering ved SURNADAL UNGDOMSSKOLE Vurderingstema: Støttar arbeidsplanane våre arbeidet med TPO for den einskilde elev? SPØRJESKJEMA TIL ELEVANE Set eit kryss i den ruta som passar best med det du meiner. Hopp over dersom det er uråd for deg å svare. Eg er elev på årstrinn. 1 Eg likar å ha arbeidsplan 2 Arbeidsplana er lett å forstå 3 Eg veit kva som er læringsmåla mine i dei ulike faga 4 Eg likar at det står læringsmål på plana 5 Eg kan velje ulik vanskegrad på skulearbeidet 6 Eg får råd frå lærarane om kva for vanskegrad eg bør velje 7 Eg har skulearbeid som eg kan fordjupe meg i 8 Eg gjer skulearbeid som er utfordrande 9 Eg har passe mykje arbeid i løpet av veka 10 Eg kan sjølv velje når i veka eg skal gjere arbeidet 11 Eg kan velje mellom ulike arbeidsmetodar, for eksempel teikning, drama, lesing, skriving, prosjektarbeid, par- /gruppearbeid 12 Eg får hjelp på skulen når eg treng det 13 Eg får hjelp heime når eg treng det 14 Dei heime følgjer med på kva jeg lærer på skulen 15 Eg får høve til å vise at eg har nådd læringsmåla mine Alltid Ofte Av og til Aldri Takk for hjelpa! Surnadal ungdomsskole hausten 2007 Side 11 av 13

EKSTERN SKULEVURDERING - SURNADAL UNGDOMSSKULE HAUSTEN 2007. Vurderingstema: Støttar arbeidsplanane våre arbeidet med TPO for den einskilde elev? SPØRJESKJEMA TIL FORELDRE/FØRESETTE Set eit kryss i den ruta som passar bak kvart utsegn. Hopp over dersom det er uråd for deg å svare. ÅRSTRINN: Eleven går på årstrinn. Alltid Ofte Av og til Aldri 1 Eg/Vi får god informasjon frå skulen om arbeidsplanane 2 Eg følgjer med på arbeidsplana 3 Arbeidsplana er lett å forstå for oss/meg 4 Arbeidsplana er lett å forstå for eleven 5 Arbeidsplana gjev meg oversikt over kva barnet mitt skal lære til ei kvar tid 6 Arbeidsplana er slik at eleven kan velje vanskegrad 7 Eleven har oppgåver som er passe utfordrande 8 Eleven får vist at han/ho har nådd måla sine 9 Eleven har passe mykje å gjere i løpet av planperioden 10 11 Gjennom arbeidsplana lærer barnet mitt å ta realistiske val Arbeidsplana viser kva elevane skal lære(læringsmål), ikkje berre kva dei skal gjere 12 Vi synest det er viktig med læringsmål på arbeidsplana 13 Vi får tilbakemelding om korleis eleven arbeider med arbeidsplana (gjennom kommentarar på plana, samtalar, meldingar, e-post og liknande) Takk for hjelpa! Surnadal ungdomsskole hausten 2007 Side 12 av 13

EKSTERN SKULEVURDERING SURNADAL UNGDOMSSKULE HAUSTEN 2007. Vurderingstema: Støttar arbeidsplanane våre arbeidet med TPO for den einskilde elev? Eg arbeider no (mest) på årstrinn SPØRJESKJEMA TIL LÆRARANE 1 Arbeidsplanar er eit tema som blir tatt opp i fellesskap på skulen 2 3 4 Skulen tilretteleggjer for at lærarar saman kan utarbeide arbeidsplanar Skulen tilretteleggjer for at elevar, føresette og lærarar kan gjennomføre arbeidsplanane Det er godt samarbeid med jamn arbeidsfordeling mellom dei lærarane som utarbeider felles plan 5 Trinna har felles mal på arbeidsplanane 6 Arbeidsplanane er lett tilgjengelege for faglærarar og vikarar 7 Arbeidsplanar er eit nyttig hjelpemiddel for meg som lærar 8 Arbeidsplanar er eit godt hjelpemiddel for elevane 9 Arbeidsplanar er eit godt hjelpemiddel for foreldre 10 Alle fag er med på arbeidsplana 11 12 Plana har tydelege læringsmål som samsvarer med måla i læreplana Plana har fokus på hva som skal lærast og ikkje hva som skal gjerast 13 Å ha læringsmål på arbeidsplana fremjer læringa 14 Eg brukar differensierte læringsmål på plana 15 Elevane får velje arbeidsmetode sjølv 16 Elevane får differensierte oppgåver av meg 17 18 Plana gjev elevane høve til å fordjupe seg i stoff som interesserer dei Elevane blir tekne med på råd knytt til innhald og utforming av plana 19 Elevane er med på å vurdere eige arbeid med plana 20 Arbeidsplana og læringsmåla er lett tilgjengelege for foreldra 21 Foreldra følgjer opp elevane sitt arbeid med plana 22 Arbeidsplana er nyttig i samarbeidet mellom heim og skule Alltid Ofte Av og til Aldri Surnadal ungdomsskole hausten 2007 Side 13 av 13