Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap 19.09.2006 138/06 RUVI Avgjerd av: Saksh.: Rune Vik Arkiv: N-511, GBNR-J019/0436 Objekt: Arkivsaknr 06/337 Melding om tiltak på gnr. 19 bnr. 436, Fureberghovden på Kvamskogen. Tilbygg fritidsbustad. Søknad om dispensasjon frå byggjegrense i reguleringsplan Samandrag: Det vert søkt om dispensasjon frå byggjegrense i reguleringsplan i samband med tilbygg til eksisterande fritidsbustad på gnr. 19 bnr. 436, Fureberghovden på Kvamskogen. Statens vegvesen peikar på at ein så ny reguleringsplan bør vera såpass gjennomarbeidd at regulerte byggjegrenser vert respektert. Rådmannen er ikkje ueinig i argumentet. Men så lenge bygget i plan ikkje er vist skal rivast/ innløysast, bør mindre endringar kunne tillatast så sant omsynet bak byggjegrensa ikkje vert skadelidande. Rådmann meiner derfor at det er ei overvekt av omsyn som talar for at det kan gjevast dispensasjon i denne saka Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Søknad om dispensasjon frå byggjegrense i Reguleringsplan for 19/2 m.fl.fureberghovden i samband med tilbygg fritidsbustad på gnr. 19 bnr. 436, vert godkjend med heimel i 7. Dispensasjonen er grunngjeve med at Kvam formannskap meiner det er ei overvekt av omsyn som talar for ein dispensasjon, samt at ein kan ikkje sjå at omsynet bak byggjegrensa i plan vert skadelidande om ein tillet tiltaket. Løyve til oppføring av tilbygg fritidsbustad på gnr. 19 bnr. 436, Fureberghovden på Kvamskogen, vert gjeve med heimel i 93 i plan- og bygningslova på følgjande vilkår: 1. Tilbygg og terrasse skal plasserast som vist på situasjonsplan stempla inn hjå Kvam herad 27.02.06. Minste avstand frå terrassen til midtline riksveg er i følgje kart 19 meter. 2. At Skadar eller ulempe valde av vegtrafikken, drift, vedlikehald eller utbetring av riksvegen som fylgje av at byggverket ligg innanfor byggjegrensa, gjev ikkje rett til skadebot, jfr. uttale datert 12.04.06 frå Statens vegvesen (journalid. 06/7308).
Godkjende ansvarsrettar I og med tiltaket i storleik er i samsvar med Mindre byggearbeid på bustadeigedom, jfr. 86 a i plan- og bygningslova, vert tiltakshavar godkjend som ansvarleg for heile tiltaket og er dermed ansvarleg for at tiltaket følgjer krav gitt i eller i medhald av plan- og bygningslova. Klage: Det vert gjort merksam på at fullmaktsvedtak gjort av Kvam formannskap som det faste utval for plansaker kan klagast på til fylkesmannen, jf. 13 fjerde ledd og 15 i plan- og bygningslova, og 28 i forvaltningslova. Klagefrist er tre veker etter at melding om vedtak er motteke, jf. forvaltningslova 29. Klagen skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland, men sendast til Kvam herad. Dersom tiltak vert sett i verk før klagefristen er gått ut, eller før det føreligg endeleg vedtak etter handsaming av eventuell klage, må tiltakshavar bera kostnadene med eventuell seinare retting av tiltaket. Informasjon: Dersom tiltaket ikkje er sett i gang seinast 3 år etter at løyve er gjeve, fell løyvet bort. Jf. planog bygningslova 96. 19.09.2006 Kvam formannskap Røysting: Rådmannen sitt framlegg til vedtak fekk 9 røyster og vart samrøystes vedteke. FSK-138/06 Vedtak: Søknad om dispensasjon frå byggjegrense i Reguleringsplan for 19/2 m.fl.fureberghovden i samband med tilbygg fritidsbustad på gnr. 19 bnr. 436, vert godkjend med heimel i 7. Dispensasjonen er grunngjeve med at Kvam formannskap meiner det er ei overvekt av omsyn som talar for ein dispensasjon, samt at ein kan ikkje sjå at omsynet bak byggjegrensa i plan vert skadelidande om ein tillet tiltaket. Løyve til oppføring av tilbygg fritidsbustad på gnr. 19 bnr. 436, Fureberghovden på Kvamskogen, vert gjeve med heimel i 93 i plan- og bygningslova på følgjande vilkår: 1. Tilbygg og terrasse skal plasserast som vist på situasjonsplan stempla inn hjå Kvam herad 27.02.06. Minste avstand frå terrassen til midtline riksveg er i følgje kart 19 meter. 2. At Skadar eller ulempe valde av vegtrafikken, drift, vedlikehald eller utbetring av riksvegen som fylgje av at byggverket ligg innanfor byggjegrensa, gjev ikkje rett til skadebot, jfr. uttale datert 12.04.06 frå Statens vegvesen (journalid. 06/7308). Godkjende ansvarsrettar
I og med tiltaket i storleik er i samsvar med Mindre byggearbeid på bustadeigedom, jfr. 86 a i plan- og bygningslova, vert tiltakshavar godkjend som ansvarleg for heile tiltaket og er dermed ansvarleg for at tiltaket følgjer krav gitt i eller i medhald av plan- og bygningslova. Klage: Det vert gjort merksam på at fullmaktsvedtak gjort av Kvam formannskap som det faste utval for plansaker kan klagast på til fylkesmannen, jf. 13 fjerde ledd og 15 i plan- og bygningslova, og 28 i forvaltningslova. Klagefrist er tre veker etter at melding om vedtak er motteke, jf. forvaltningslova 29. Klagen skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland, men sendast til Kvam herad. Dersom tiltak vert sett i verk før klagefristen er gått ut, eller før det føreligg endeleg vedtak etter handsaming av eventuell klage, må tiltakshavar bera kostnadene med eventuell seinare retting av tiltaket. Informasjon: Dersom tiltaket ikkje er sett i gang seinast 3 år etter at løyve er gjeve, fell løyvet bort. Jf. planog bygningslova 96. Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar 06/7896 12.05.2006 Vedk. melding om tiltak på gnr 19 bnr 436. Odd Jørgen Dispensasjon 06/3504 27.02.06 Melding om tiltak på gnr 19 bnr 436, Kvamskogen. Utvidelse av hytte -Utbygging av hytte,brev dagsett 24.02.06 (vedl.b1) Odd Jørgen 06/3506 27.02.06 Kart og teikningar Odd Jørgen 06/14138 30.08.06 Utsnitt av reguleringsplan Fureberghovden Kvam herad 06/6621 21.04.06 Vedk. søknad om dispensasjon frå byggjegrense gnr. 19 bnr. 436 Fureberghovden Kvamskogen Statens vegvesen
Saksopplysningar: Det vert søkt om dispensasjon frå byggjegrense i reguleringsplan i samband med tilbygg til eksisterande fritidsbustad på gnr. 19 bnr. 436, Fureberghovden på Kvamskogen. Saka gjeld eit bodtilbygg med utbygd areal (BYA) 1,8 m 2, innbygging av eksisterande terrasse (BYA) 16 m 2 samt ny terrasse med (BYA) 13,5 m 2. Samla auke i bruksareal (BRA) grunna tilbygg er rekna til 17 m 2. Samla utbygd areal (BYA) etter utviding er oppgjeve til 77 m 2 pluss terrasse. Plansituasjon Gjeldande plan for området er Reguleringsplan for 19/2 m.fl.fureberghovden godkjend 06.09.2005 i sak 071/05/HST. Eigedomen 19/436 ligg i hytteområde H3. Reguleringsplankartet viser byggjegrense mot riksveg, jfr. utsnitt av reguleringsplankart. Omsøkt tilbygg vil kome i konflikt med byggjegrense mot veg. Heile hytta ligg utanfor byggjegrense i plan. Følgjande argumentasjon ligg til grunn i søknad om disp., jfr. journalid. 06/7896: -Omsøkt løysing er den beste måten å gjennomføre ei utviding på, både i forhold til terreng og tekniske løysingar. -Alternativ utviding av bygg i retning N/NØ - bort frå byggjegrense, vil gje konflikt i forhold til avstand til privat veg og i forhold til avstandskravet til nabohytte. Ei slik løysing vil også medføre rivearbeid og total ombygging av heile hytta sin takkonstruksjon. Uttale frå Statens vegvesen, jfr. journalid. 06/6621 (utsnitt): Estetikk og byggjeskikk, jfr. 74 i plan- og bygningslova: Tradisjonell hytte. Ansvarsrettar Tiltaket i storleik er i samsvar med Mindre byggearbeid på bustadeigedom, jfr. 86 a i planog bygningslova.
Vurdering: Det vert søkt om oppføring av tilbygg på fritidsbustad. Om ikkje omsynet bak byggjegrensa vert skadelidande, bør omsøkt tilbygg kunne godkjennast. Rådmannen kan ikkje sjå at tiltaket vil forverre trafikktryggleiks-/vegvedlikehaldssituasjonen i området. Dette er grunngjeve med at det er stigande terreng frå vegflate til fritidsbustaden. Statens vegvesen har i 1988 i samband med tidlegare tilbygg på same fritidsbustad, gjeve dispensasjon frå byggjegrense med minste avstand av 20,0 m frå midtline av riksveg., jfr. vedtak dagsett 23.11.1988. Omsøkt tilbygg som resultat av innbygd terrasse vil ut frå kart få ein avstand til midtline riksveg på 21 meter. Hjørne på ny terrasse vil få ein avstand på om lag 19 meter. Statens vegvesen peikar på at ein så ny reguleringsplan bør vera såpass gjennomarbeidd at regulerte byggjegrenser vert respektert. Rådmannen er ikkje ueinig i argumentet. Men så lenge bygget i plan ikkje er vist skal rivast/ innløysast, bør mindre endringar kunne tillatast så sant omsynet bak byggjegrensa ikkje vert skadelidande. Rådmann meiner derfor at det er ei overvekt av omsyn som talar for at det kan gjevast dispensasjon i denne saka.