Sakshandsamar, innvalstelefon Magnus Johan Steinsvåg, 5557 2325 Stein Byrkjeland, 5557 2114 Vår dato 16.09.2015 Dykkar dato Vår referanse 2010/48811 432.0 Dykkar referanse Til grunneigarane Stopp i arbeid med frivillig skogvern på Skarvatun ---------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Med bakgrunn i resultata frå synfaring 3. september 2015, stoppar Fylkesmannen arbeidet med frivillig skogvern på Skarvatun. Avgjerda er tatt i samråd med Miljødirektoratet. ---------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Fylkesmannen var på synfaring på Skarvatun 3. september 2015 saman med representantar for gnr. 18 bnr. 5. Føremålet med synfaringa var å kartfeste og klassifisere eksisterande traktorvegar som skulle vere gjeldane i det framtidige verneområdet. Naturinngrep og lovbrot Verneprosessen har dokumentert og kartfesta nasjonalt viktige artsførekomstar og naturtypar på Skarvatun. Likevel viste synfaringa brot på naturmangfaldlova 6, skogbrukslova 4 og landbruksvegforskrifta 2-1. Inngrepa i utmarka på Skarvatun var mange og for oss overraskande, og dei mest alvorlege er: o Rydding av nye skogvegar med hogst og køyring med traktor med påfølgjande terrengskader. Vegane vart i ettertid sagt å vere gamle vegfar, men ein måtte fjerne både tre og buskar for å køyre der med traktor. Skogvegane gjekk mellom anna gjennom naturtypane rik edellauvskog, rikare sumpskog og kalkfuruskog. Alle lokalitetane er klassifisert som nasjonalt viktige, og inngrepet er gjort med stor fare for påverknad på trua artar. o Rydda traktorveg ned til Støa. Veg ned til Støa har vore tema i verneprosessen, og Fylkesmannen har heile tida sagt at med bakgrunn i dei store naturverdiane, kan det ikkje tillatast. Det er også situasjonen sjølv om området ikkje vert verna som naturreservat. o Rydding av beite, trass i at det gjennom talrike telefonsamtalar og utkast til forvaltingsplan er sagt at det ikkje kan gjerast. Med bakgrunn i at dei nye traktorvegane er etablerte i særs viktige naturområde utan løyve frå skog- og landbruksstyresmakt, og i strid med utkastet til verneforskrift som har vore til høyring, ser vi oss no nøydde til å stanse arbeidet med frivillig vern. Traktorvegane kan vanskeleg godkjennast som landbruksveg når dei er etablert utan løyve. Vi ser alvorleg på lovbrota i utmarka på Skarvatun. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Miljøvern- og klimaavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Frivillig vern er basert på tillit Samla sett gav staten eit erstatningstilbod på fleire millionar for det aktuelle utmarksarealet, for frivillig vern av området som naturreservat. Fylkesmannen har også på eige initiativ lagt inn eit generelt unntak frå forbodet mot motorferdsle for nødvendig bruk av traktor på traktorvegar til ordinær landbruksdrift, jf. 6c i verneforskrifta for å gjere det lettare for grunneigarane å vidareføre utmarksbeite i området. Gjennom ei lang rekke telefonsamtalar, møte, og elles gjennom brevet av 14. mai 2010, har vi skildra dei nasjonale naturkvalitetane på Skarvatun og gjort greie for på kva måte omsynet er heimla i skogbrukslova og naturmangfaldlova. Gjennom svar på tilbodet dykkar om frivillig vern på Skarvatun, har vi òg skrive i brev dagsett 1. mars 2011, at «vi er i god von om at vi saman kan ta vare på det rike natur- og kulturverdiane gjennom eit vern av området som naturreservat». Frivillig skogvern som metode er bygd på frivillighetsprinsippet og handlar om tillit mellom likeverdige partar. Vedlagte fotodokumentasjon viser dei inngrepa som nyleg er utførte. Bileta viser og at grunnlaget for frivillig vern og framtidig forvaltning ikkje er til stades. Konklusjon Som resultat av at Fylkesmannen no har stoppa arbeidet med frivillig vern, kan ikkje Skarvatun vernast som planlagt. Dersom de som grunneigarar likevel ønskjer eit frivillig skogvern på Skarvatun, må de rådspørje dykk med Vestskog, og kome med melding om dette til Fylkesmannen. Eit framtidig skogvern må ha dei nye erfaringane som premiss i ein eventuelle ny verneprosess. Med helsing Lars Sponheim fylkesmann Kjell Kvingedal miljøvernsjef Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi: Miljødirektoratet, Kvinnherad kommune, Vestskog BA, Viken skog og Statens naturoppsyn (SNO). Vedlegg: Sporlogg frå synfaringa og fotodokumentasjon. 2
Vedlegg Sporlogg frå synfaringa 3. september 2015. 3
4
5
6
7
8