BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010



Like dokumenter
BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Kvalitetsplan mot mobbing

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Den nye seksjon for applikasjonar

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Levekår 028/

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Valdres vidaregåande skule

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Time kommune Henteordning for plastemballasje fra husholdningene.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Sandeid skule SFO Årsplan

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR Satsane gjeld frå

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

«Ny Giv» med gjetarhund

Namning av vegar i Fræna Kommune

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

Kva er økologisk matproduksjon?

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Midsund kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet - Arbeidsmøte Møtestad: Møterom, Midsund sjukeheim Dato:

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Fjordsenteret

SÆRUTSKRIFT - MELDING OM POLITISK VEDTAK - AVFALLSGEBYR 2015.

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Framtidige behov for hjelpemiddel

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Transkript:

Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet 032/10 23.08.2010 Lokal utvikling 045/10 24.08.2010 Levekår 023/10 25.08.2010 Framlegg til vedtak: 1. Saka vert tatt til orientering. 2. Rådmannen kallar renovatøren inn til møte for gjennomgang av brukarundersøkinga. Renovatøren sitt ansvar for plassering av avfallsbehaldarane etter tøming, jf. føringane i 4-8 i renovasjonsforskrifta og gjeldande avtale med renovatøren, vert vektlagt.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 SAKA GJELD Orientering om resultata etter brukarundersøking om renovasjon i mai 2010. BAKGRUNN FOR SAKA Time har vedtatt tenestestandard og kvalitetsmål for renovasjonenen i kommunen. Her heiter det mellom anna: Formål Å tilby ei renovasjonsordning for hushalda basert på dei mål og retningsliner som går fram av gjeldande avfallsplan, forskrifter og miljøpolitiske mål. Kvalitetsmål Unngå forsøpling Renovasjonstenesta skal utførast på den måten som er best for abonnentane innanfor gitte rammer. Undersøkinga er gjennomført for å sjå kva brukarane meiner om desse forholda. Resultata i tabellform er gitt i vedlegg. Det vart gjennomført tilsvarande undersøkingar i mars 2003 og juni 2006, og svara på alle spørsmåla i 2010 er samanlikna med svara i 2003 og 2006. RESULTAT Det er om lag 5500 renovasjonsabonnentar i Time kommune i 2010. Av desse vart 514 abonnentar trekte ut tilfeldig til å vera med i undersøkinga. Alle skjema vart sende pr post i april 2010. Ei skriftleg påminning vart sendt til alle 2 veker etterpå. I alt er det kome inn 214 svar, dvs ein svarprosent på 42 %. I 2003 og 2006 vart det gjennomført tilsvarande undersøkingar på om lag same tal abonnentar. Svarprosenten var då 52 % i 2003 og 40 % i 2006. Svarprosenten i 2003 er tilfredsstillande, men litt låg dei to siste åra. Likevel trur me at det er rimeleg god grunn til å kunna leggja vekt på klare forskjellar mellom undersøkingane. Kommentarar til hovudresultata i 2010 Svara på dei enkelte spørsmåla i 2010 (og 2006 og 2003) er vist i vedlegget. Hovudinntrykket frå svara i 2010 er at eit klart fleirtal er rimeleg godt fornøgde med renovasjonen i kommunen. Eit lite mindretal seier seg likevel heilt eller delvis ueinig i mange av påstandane, noko som må tolkast som at dei ikkje er heilt fornøgde. Spørsmål 1 viser at 3 av 4 brukarar ikkje er plaga av vond lukt frå avfallsbehaldarane. Men kvar sjette brukar er plaga av dette. Spørsmål 2-5, 8, 9 og 12 gjeld mykje kva ein veit om renovasjonordninga og kva informasjon ein har fått. Hovudinntrykket er at dei fleste har god kunnskap om ordninga. Svært få er uenige i påstandane som er stilte. Men det er relativt mange som har svara Veit ikkje. Svara kan tyda på at 15-20 % av brukarane ikkje har godt nok kjennskap til alle sider ved renovasjonsordninga. Særleg er det mange som ikkje veit om dei kan setja dunken ved vegkanten eller få renovatøren til å henta dunken mot ekstra betaling (spm 8).

3 av 4 brukarar er enige i at miljøstasjonane er lett tilgjengelege (spm 6). Men rundt 1/6 er uenige i dette. Dei aller fleste får henta avfallet mellom kl 0600 og 1800 (spm 7). Bare rundt halvparten av brukarane er enige i at renovatøren set dunkane fint på plass etter tøming i spm 10, mens like mange er uenige i påstanden. Derimot er fleirtalet enige i at kommunen utfører nødvendig service i rimeleg tid (spm 11). Over halvparten oppgir at dei har vorte flinkare å kjeldesortera i 2010 enn tidlegare (spm 13). Men ¼ er nøytrale til denne påstanden, og 1/6 meiner at dei ikkje har vorte flinkare, dvs sannsynlegvis dårlegare til å kjeldesortera. Her kan det vera grunnlag for ei forbetring frå kommunen si side. 6 av 10 brukarar er enige i at det er tilstrekkeleg at restavfallet vert henta kvar fjerde veke (spm 14). Men eit relativt stort mindretal på rundt 1/3 er uenige i dette. Relativt mange av brukarane meiner altså at restavfallet burde vore henta oftare. 3 av 4 abonnentar brukar Re gjenvinningsstasjon nokså flittig (spm 14). 59 % er der 1-4 gonger pr år, og 12 % er der 5 eller fleire gonger pr år. ¼ av abonnentane brukar aldri Re gjenvinningsstasjon. I tabell II.1 og III.1 i vedlegget er det undersøkt om det er systematiske forskjellar i svara etter kva alder brukarane har og kor dei bur. Tabellane viser at det ikkje er slike forskjellar. Brukarane svarer om lag det same uansett alder og bustad. Men det er ein liten tendens til at abonnentar på 60 år og over er litt meir enige i påstandane som er stilte, enn abonnentar under 60 år. Begge aldersgrupper brukar Re gjenvinningsstasjon om lag like mykje. Samanlikning av svara i 2010, 2006 og 2003 Det er nå gjennomført 3 like brukarundersøkingar innan renovasjon. Først når vi får ei slik tidsrekkje over ein lengre periode, er det grunnlag for å seia noko meir sikkert om tendensar i haldningane hos brukarane. Alle desse 3 undersøkingane viser ein markert tendens til betring i synet på renovasjonen i Time og servicen ein får her. Svara er meir positive på dei fleste spørsmåla (dimensjonane) som er undersøkte. Undersøkinga i 2003 gav rimeleg positive svar for Time kommune. I 2006 var det ei ytterlegare betring i haldningane som brukarane har. Og 2010-undersøkinga er igjen klart meir positiv enn 2006- undersøkinga. Dette gjeld på dei fleste spørsmåla, jf. tabellen nedanfor. Men på eit punkt er brukarane mindre nøgde enn før. Svara tyder på at renovatøren ikkje er like flink til å setja dunkane fint på plass etter tøming i 2010 som i 2006 (spm 10). I 2010 er det også klart færre som har vorte flinkare til å kjeldesortera det siste året enn i 2006 (spm 13). Men dette kan ha ei naturleg forklaring. Etter at kjeldesorteringa vart innført i Time, har brukarane vorte stadig flinkare til å sortera. Det kan vera at mange nå er så flinke at dei meiner det er vanskeleg å verta betre. Difor er dei i 2010 nøytrale til denne påstanden, eller uenige i den. Svara i spm 8 kan tyda på at forvirringa rundt spørsmålet om ein kan setja dunken ved vegkanten eller få renovatøren til å henta den mot betaling, er litt større i 2010 enn i 2006. Og sannsynlegvis er det litt fleire brukarar i 2010 enn i 2006 som meiner at restavfallet bør hentast oftare enn kvar fjerde veke.

Prosent som har svara Heilt enig eller Litt enig på påstandane i undersøkingane i 2010, 2006 og 2003. 2010 2006 2003 1. Eg vert ikkje plaga av vond lukt frå avfallsbehaldarane 78 72 64 2. Er dunken for restavfall, organisk avfall eller papiravfall full, kan eg plassera søppel i ein sekk med kvitteringsmerke og få han henta på tømedagen 67 59 44 3. Eg kan levera ekstra sekker med plastemballasje utan å betala ekstra 79 69 4. Eg kan levera alle typar hushaldsavfall på Re gjenvinningsstasjon 64 57 43 5. Eg har fått informasjon om korleis eg skal kjeldesortera hushaldsavfallet mitt 95 94 90 6. Miljøstasjonane er lett tilgjengelege for meg 77 74 67 7. Hushaldsavfallet mitt vert henta mellom kl 0600 og kl 1800 tømedagen 94 94 88 8. Eg kan velja om eg vil setja dunken ved vegkanten eller om renovatøren skal henta dunken mot betaling 40 49 46 9. Eg kan velja om eg vil levera organisk avfall i brun dunk eller nytta heimekompostering 75 77 81 10. Renovatøren set dunkane fint på plass etter tøming 49 65 52 11. Eg tykkjer kommunen utfører nødvendig service i rimeleg tid 68 62 59 12. Eg er kjent med at eg får bioposar, sekker for plastemballasje, kvitteringsmerke for ekstra avfallssekk og info om renovasjonen ved å kontakta kommunen 91 90 13. Eg har vorte flinkare til å kjeldesortera avfallet mitt enn eg var før 57 89 14. Det er tilstrekkeleg at restavfallet vert henta kvar fjerde veke 61 69 VURDERING Sjølv om det har vorte betre med åra, oppgir rundt 1/6 av brukarar i 2010 at dei er plaga av vond lukt frå avfallsbehaldarane. Lukta kjem sannsynlegvis frå behaldaren for organisk avfall, sjølv om denne vert tømt annankvar veke. Bortsett frå eventuelt bleieavfall skal ikkje behaldarane for restavfall innehalda organisk avfall. Dei skal difor heller ikkje lukta mykje, sjølv om dei bare vert tømde kvar fjerde veke. Regelmessig reinhald av avfallsbehaldarane er viktig for å unngå vond lukt. Mange av brukarane kjenner ikkje til ordninga med at renovatøren kan henta behaldarane ved huset mot betaling. Dette er ei ordning som er oppretta for å ha eit tilbod til abonnentar som av helsemessige årsaker har vanskar med å setja dunkane fram til vegen, og for blokker/bustadeiningar som har mange store behaldarar som ikkje bør stå ved vegkanten over lenger tid. Abonnentar som har behov for henteordning av helsemessige årsaker, får denne tenesta gratis etter søknad om dispensasjon. Andre abonnentar som har behov for hjelp med behaldarane, kan knyta seg til ordninga. Informasjon om ordninga er tatt inn i tømekalenderen. I 2010 er det om lag 30 abonnentar som nyttar ordninga grunna helsemessige årsaker. I tillegg er det 6 sameiger/bustadblokker som nyttar ordninga grunna storleiken på avfallsbehaldarane. Ordninga er tidkrevjande å utføra og krev relativt store ressursar å administrera. Det vil vera viktig å halda fram med å informera om ordninga i tømekalendaren, på heimesida til kommunen og eventuelt i lokalavisa. Renovatøren i 2010 er tydelegvis ikkje så flink som før til å setja dunkane fint på plass etter tøming. Rundt halvparten av brukarane er ikkje fornøgde her. Rådmannen må ta dette opp med renovatøren. Det er utarbeidd rutiner for korleis dunkane skal behandlast, og me må gå gjennom dette med renovatøren for å innskjerpa korleis det skal praktiserast. Overgangen til henting av restavfall kvar fjerde veke har gått greitt for dei fleste. Men eit relativt stort mindretal på rundt 1/3 av brukarane er ikkje tilfredse med at restavfallet vert henta kvar fjerde veke. Ein del av brukarane hadde også liten plass i behaldaren for restavfall då den vart henta annankvar veke. Det

er usikkert kor mange av desse som framleis har problem. Samtidig har me erfart at det er fleire brukarar som har redusert storleiken på behaldaren for restavfall enn som har fått større behaldar etter overgang til tøming kvar fjerde veke i staden for annankvar veke. Me er også kjende med at ein mindre del av brukarane er i mot ei kvar form for kjeldesortering fordi det medfører noko meir arbeid. For at folk skal verta meir tilfredse på dette området, er det viktig framover å halda fram med god informasjon om kjeldesorteringa, ha tilbod om fleire eller større behaldarar, eigen behaldar for bleier utan ekstra tømekostnad og høve til å levera ekstra avfallssekker ved behov. Det er også viktig å dokumentera at me har miljøgevinst og økonomisk gevinst av kjeldesorteringa og at dette viser igjen på renovasjonsgebyret. Eit lite mindretal har ikkje god nok informasjon om renovasjonsordninga i det heile. Her vil det vera viktig å bruka dei informasjonskanalane me har til dette tømekalendaren, heimesida til kommunen og lokalavisa. Det vil verta arbeidd aktivt med dei forbetringspunkta som gjeld informasjon om renovasjonsordninga ved hjelp av ny tømekalender i 2011, heimesida til kommunen og eventuelt lokalavisa. KONKLUSJON Rådmannen tilrår at saka vert tatt til orientering. Rådmannen kallar renovatøren inn til møte for gjennomgang av brukarundersøkinga. Renovatøren sitt ansvar for plassering av avfallsbehaldarane etter tøming, jf. føringane i 4-8 i renovasjonsforskrifta og gjeldande avtale med renovatøren, vert vektlagt. Rådmannen i Time, den 06.08.2010 Brit Nilsson Edland Bjørn Meling Kommunalsjef samfunn

Vedlegg Brukarundersøking renovasjon 2010 Resultat I. Svar på dei enkelte spørsmåla i 2010 samanlikna med 2006 og 2003 I.1. Eg vert ikkje plaga av vond lukt frå avfallsbehaldarane Heilt enig 51 49 46 Litt enig 27 22 18 Nøytral 6 7 8 Delvis uenig 11 14 18 Heilt uenig 6 6 10 Veit ikkje 0 2 0 I.2. Er dunken for restavfall, organisk avfall eller papiravfall full, kan eg plassera søppel i ein sekk med kvitteringsmerke og få han henta på tømedagen Heilt enig 59 49 40 Litt enig 8 9 4 Nøytral 9 10 9 Delvis uenig 1 8 10 Heilt uenig 4 9 12 Veit ikkje 19 15 25 I.3. Eg kan levera ekstra sekker med plastemballasje utan å betala ekstra Mai 2010 Juni 2006 Heilt enig 78 68 Litt enig 1 2 Nøytral 4 5 Delvis uenig 0 1 Heilt uenig 1 3 Veit ikkje 16 21 Sum 100 100 I.4. Eg kan levera alle typar hushaldsavfall på Re gjenvinningsstasjon Heilt enig 56 53 37 Litt enig 7 4 6 Nøytral 10 10 14 Delvis uenig 1 1 3 Heilt uenig 4 7 12 Veit ikkje 22 25 28

I.5. Eg har fått informasjon om korleis eg skal kjeldesortera hushalds avfallet mitt Heilt enig 84 82 73 Litt enig 11 12 17 Nøytral 3 1 5 Delvis uenig 1 3 1 Heilt uenig 1 2 3 Veit ikkje 0 0 1 I.6. Miljøstasjonane er lett tilgjengelege for meg Heilt enig 57 53 44 Litt enig 20 22 23 Nøytral 7 7 10 Delvis uenig 7 9 9 Heilt uenig 7 7 9 Veit ikkje 2 2 5 I.7. Hushaldsavfallet mitt vert henta mellom kl 0600 og kl 1800 tømedagen Heilt enig 91 91 77 Litt enig 3 3 11 Nøytral 1 3 4 Delvis uenig 1 1 5 Heilt uenig 1 0 1 Veit ikkje 3 2 2 I.8. Eg kan velja om eg vil setja dunken ved vegkanten eller om renovatøren skal henta dunken mot betaling Heilt enig 33 42 39 Litt enig 7 7 7 Nøytral 16 14 12 Delvis uenig 2 1 5 Heilt uenig 9 13 15 Veit ikkje 33 23 22 I.9. Eg kan velja om eg vil levera organisk avfall i brun dunk eller nytta heimekompostering Heilt enig 69 70 75 Litt enig 7 6 5 Nøytral 8 9 7 Delvis uenig 1 2 1 Heilt uenig 3 4 4 Veit ikkje 12 9 8

I.10. Renovatøren set dukane fint på plass etter tøming Heilt enig 28 40 29 Litt enig 21 25 23 Nøytral 5 8 7 Delvis uenig 23 17 19 Heilt uenig 23 9 21 Veit ikkje 0 1 1 I.11. Eg tykkjer kommunen utfører nødvendig service i rimeleg tid Heilt enig 42 43 31 Litt enig 26 19 28 Nøytral 14 19 15 Delvis uenig 6 7 12 Heilt uenig 3 6 7 Veit ikkje 9 6 7 I.12. Eg er kjent med at eg får bioposar, sekker for plastemballasje, kvitteringsmerke for ekstra avfallssekk og info om renovasjonen ved å kontakta kommunen Mai 2010 Juni 2006 Heilt enig 83 81 Litt enig 8 9 Nøytral 4 3 Delvis uenig 1 3 Heilt uenig 1 2 Veit ikkje 3 2 Sum 100 100 I.13. Eg har vorte flinkare til å kjeldesortera avfallet mitt enn eg var før Mai 2010 Juni 2006 Heilt enig 37 72 Litt enig 20 16 Nøytral 25 5 Delvis uenig 2 2 Heilt uenig 15 3 Veit ikkje 1 2 Sum 100 100 I.14. Det er tilstrekkeleg at restavfallet vert henta kvar fjerde veke Mai 2010 Juni 2006 Heilt enig 44 50 Litt enig 17 19 Nøytral 5 4 Delvis uenig 15 9 Heilt uenig 17 18 Veit ikkje 2 0 Sum 100 100

1.15 Kor ofte brukar du Re gjenvinningsstasjon Mai 2010 Aldri 27 1-4 gonger pr år 59 5-12 gonger pr år 13 13 gonger og meir pr år 1 Sum 100 II. Svar på dei enkelte spørsmåla i 2010 etter alder II.1 Prosent som har svara Heilt enig eller Litt enig på påstandane 1-14, etter alder på den som har svara. 2010. Under 60 år Alle 60 år og over 1. Eg vert ikkje plaga av vond lukt frå avfallsbehaldarane 76 81 78 2. Er dunken for restavfall, organisk avfall eller papiravfall full, kan eg plassera søppel i ein sekk med kvitteringsmerke og få han henta på tømedagen 63 76 67 3. Eg kan levera ekstra sekker med plastemballasje utan å betala ekstra 77 81 79 4. Eg kan levera alle typar hushaldsavfall på Re gjenvinningsstasjon 58 74 64 5. Eg har fått informasjon om korleis eg skal kjeldesortera hushaldsavfallet mitt 95 96 95 6. Miljøstasjonane er lett tilgjengelege for meg 70 88 77 7. Hushaldsavfallet mitt vert henta mellom kl 0600 og kl 1800 tømedagen 97 90 94 8. Eg kan velja om eg vil setja dunken ved vegkanten eller om renovatøren skal henta dunken mot betaling 36 48 40 9. Eg kan velja om eg vil levera organisk avfall i brun dunk eller nytta heimekompostering 73 83 75 10. Renovatøren set dukane fint på plass etter tøming 46 54 49 11. Eg tykkjer kommunen utfører nødvendig service i rimeleg tid 61 81 68 12. Eg er kjent med at eg får bioposar, sekker for plastemballasje, kvitteringsmerke for ekstra avfallssekk og info om renovasjonen ved å kontakta kommunen 90 95 91 13. Eg har vorte flinkare til å kjeldesortera avfallet mitt enn eg var før 56 58 57 14. Det er tilstrekkeleg at restavfallet vert henta kvar fjerde veke 54 74 61 Talet på svar 134 79 213 15 Kor ofte brukar du Re gjenvinningsstasjon. % Under 60 år 60 år og over Alle Aldri 27 26 27 1-4 gonger pr år 59 60 59 5-12 gonger pr år 12 14 13 13 gonger og meir pr år 2 0 1

III. Svar på dei enkelte spørsmåla i 2010 etter bustad III.1 Prosent som har svara Heilt enig eller Litt enig på påstandane 1-14, etter kor dei bur i kommunen. 2010. Bryne Utanfor Alle Bryne 1. Eg vert ikkje plaga av vond lukt frå avfallsbehaldarane 80 77 78 2. Er dunken for restavfall, organisk avfall eller papiravfall full, kan eg plassera søppel i ein sekk med kvitteringsmerke og få han henta på tømedagen 64 69 67 3. Eg kan levera ekstra sekker med plastemballasje utan å betala ekstra 82 78 79 4. Eg kan levera alle typar hushaldsavfall på Re gjenvinningsstasjon 66 60 64 5. Eg har fått informasjon om korleis eg skal kjeldesortera hushaldsavfallet mitt 93 96 95 6. Miljøstasjonane er lett tilgjengelege for meg 80 71 77 7. Hushaldsavfallet mitt vert henta mellom kl 0600 og kl 1800 tømedagen 90 97 94 8. Eg kan velja om eg vil setja dunken ved vegkanten eller om renovatøren skal henta dunken mot betaling 40 39 40 9. Eg kan velja om eg vil levera organisk avfall i brun dunk eller nytta heimekompostering 71 80 75 10. Renovatøren set dukane fint på plass etter tøming 52 46 49 11. Eg tykkjer kommunen utfører nødvendig service i rimeleg tid 72 62 68 12. Eg er kjent med at eg får bioposar, sekker for plastemballasje, kvitteringsmerke for ekstra avfallssekk og info om renovasjonen ved å kontakta kommunen 88 93 91 13. Eg har vorte flinkare til å kjeldesortera avfallet mitt enn eg var før 59 55 57 14. Det er tilstrekkeleg at restavfallet vert henta kvar fjerde veke 61 60 61 Talet på svar 103 106 209 15 Kor ofte brukar du Re gjenvinningsstasjon. % Bryne Utanfor Bryne Alle Aldri 24 31 27 1-4 gonger pr år 57 61 59 5-12 gonger pr år 16 8 13 13 gonger og meir pr år 3 0 1