ELDRERÅDET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 17.10.2012 Møtetid: Kl. 10:00 15:15 Møtestad: Heradshuset/bufellesskapet på Byrkjelo Saksnr.: 019/12-022/12 Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke Parti Krf Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Kristin Sandal Sp Ingen Ugilde Sak i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Sjå sak 20/12! Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Underskrifter: Olav Moritsgård Sekretariatsjef Jan Kåre Fure Områdeleiar Elsa Hjorteset under deler av sak 20/12 Olav Moritsgård Side 1
SAKLISTE Sak nr. Sakstittel 019/12 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 020/12 Referat- og orienteringssaker 021/12 Fastlegeordninga for dei som bur i bustader med personale heile døgnet 022/12 Eventuell ombygging av bufellesskapet på Byrkjelo - toalett og garderobe for tilsette Side 2
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Eldrerådet 17.10.2012 019/12 Avgjerd av: Eldrerådet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 12/1573-1 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møteboka frå eldrerådet sitt møte den 6. september 2012 blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber rådmannen om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: 1. Eldrerådet godkjenner møteboka frå sitt møte den 6. september 2012 2. Eldrerådet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 17. oktober 2012. 17.10.2012 ELDRERÅDET 019/12 VEDTAK: Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Side 3
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Eldrerådet 17.10.2012 020/12 vgjerd av: Eldrerådet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Referat- og orienteringssaker Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 12/1572 Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 12/9087 S 02.10.2012 Orientering om prosjektet Etisk kompetanseheving Kopi av orienteringa ligg ved. Orienteringssaker: Frå brukar- og pasientombodet i Sogn og Fjordane orienteringa er felles med rådet for funksjonshemma Bufellesskapet på Byrkjelo orientering frå områdeleiaren i Breim Saker frå hovudutvalsmøta den 16. og til formannskapet den 18. oktober sekretæren vil gå gjennom sakene Bilførar 65+ status for nytt kurs. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 17.10.2012 ELDRERÅDET Til orienteringa frå brukar- og pasientombodet i kommunestyresalen: Det bør leggast betre til rette for bruk av teleslynga i kommunestyresalen med mikrofon på den som snakkar. Områdeleiar Elsa Hjorteset orienterte om heimetenesta i Breim og vise rundt i bufellesskapet på Byrkjelo. 020/12 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 4
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Eldrerådet 17.10.2012 021/12 Rådet for funksjonshemma 17.10.2012 012/12 Avgjerd av: Eldrerådet/rådet for funksjojnshemma Saksbehandlar: Ragnhild S. Eimhjellen Objekt: Arkiv: G00 Arkivsaknr.: 11/1558-9 Fastlegeordninga for dei som bur i bustader med personale heile døgnet Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Eldrerådet gjorde i møte 23.05.2011 vedtak om at «( ) det blir vurdert om ordninga med tilsynslege/fastlege for dei som bur i bustader med heildøgns omsorg kan gjerast på ein meir praktisk og mindre ressurskrevjande måte». Problemstillinga har dukka opp i etterkant av omheimlinga frå institusjon til bustad med tenester etter enkeltvedtak. I institusjonstenesta er legetilsynet organisert som ein tilsynslegefunksjon. Ordninga etter omheimlinga: Når du bur i bustad med tenester tildelt som enkeltvedtak etter helse- og omsorgstenestelova, er det fastlegeordninga som gjeld. Kvar enkelt person er tildelt sin fastlege. Den enkelte person kan be om å få skifte fastlege så sant det er ledig plass på lista. Legehjelpa førgår ved at pasienten møter opp hjå legen eller legen kjem heim til pasienten. Dei bustadane som vart omheimla var 2. etasje på omsorgssenteret (Oreteigen) og Lyngtunet (på Gotatoppen). Dei som bur her vil ofte ha trong for at legen kjem heim til dei, men i einskilde tilfelle vert det bestilt time på legekontoret. På Oreteigen er det organisert slik at Benny Hansen er fastlege for dei fleste pasientane. Når nye flyttar inn og har annan fastlege, vert dei oppmoda om å flytte over til Benny si liste. Dette gjer organiseringa av legearbeidet lettare og meir oversiktleg med faste dagar. Ved behov utanom dei faste dagane vert fastlegen kontakta. På Gotatoppen vert fastlege kontakta ved behov, det skjer enten ved time på legesenteret eller ved at fastlegen kjem heim når pasienten sin tilstand krev det. For alle desse pasientane er det viktig at dei har med seg følgje til legen. Personalet vurderer når det må vere med kvalifisert følgje eller ikkje og difor vert pårørande spurde om å vere følgje når det er høveleg. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Eldrerådet/rådet for funksjonshemma tek orienteringa til vitande. 17.10.2012 ELDRERÅDET 021/12 VEDTAK: Side 5
Eldrerådet tek orienteringa til vitande. Vedtaket var samrøystes. Side 6
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Eldrerådet 17.10.2012 022/12 Avgjerd av: Eldrerådet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 440 Arkivsaknr.: 11/904-5 Eventuell ombygging av bufellesskapet på Byrkjelo - toalett og garderobe for tilsette Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 182583 Teikning av bufellesskapet på Byrkjelo - frå byggemelding datert 28. august 2002 Bakgrunn for saka: På vernerunden til heimetenesta i Breim er det påpeika at garderobetilhøva for tilsette på Byrkjelotunet er dårlege. Saka er meldt vidare til kommunen si eigedomsavdeling med sikte på å utbetre tilhøva. Ein konkret plan for utbetring er ikkje utarbeidd, men det er snakka om å bruke det eine fellesrommet til garderobe og toalett. Det aktuelle rommet er merka av på teikninga. Her er det lett tilgang til vatn og avløp. Saksutgreiing: Vedlagde teikning viser innreiinga av Byrkjelotunet etter utvida for ti år sidan. Då Byrkjelotunet vart bygt, var det toalett og garderobe for tilsette i tilknyting til opphaldsrommet og kjøkkenet i den eldste delen av bygget. Bruken av opphaldsrommet til dagtilbod har naturleg nok ført til at toalettet der også blir brukt av andre enn dei tilsette. Dette er ikkje i samsvar med dagens krav. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ikkje rekna på. Rådmannen si vurdering: Rådmannen har så langt ikkje vurdert saka. Som sagt innleiingsvis har det vore snakka om at løyse toalett- og garderobespørsmålet ved å bygge om det avmerka rommet på teikninga fordi det her er lett tilgang på vatn og avløp. Nokon plan ligg ikkje føre, og andre alternativ er heller ikkje vurderte. Saka blir lagt fram for eldrerådet til uttale før vi går vidare. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Side 7
Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 17.10.2012 ELDRERÅDET 022/12 VEDTAK: Med dei opplysningar som ligg føre i saka har eldrerådet ikkje merknader til at det blir bygt garderobe og toalett i bufellesskapet på Byrkjelo som skissert i saka. Eldrerådet forutset at bebuarane i bufellesskapet blir orienterte om planane og at dei får høve til å uttale seg. Vedtaket var samrøystes. Side 8