Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon. Erfaringar frå 36 bruk i Rogaland basert på intervju og økonomisk analyse



Like dokumenter
EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Til deg som bur i fosterheim år

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Valdres vidaregåande skule

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

mmm...med SMAK på timeplanen

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Kva er økologisk matproduksjon?

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Kjennetegn ved robuste utbyggingsprosjekt. Peder Skåre, SpareBank1 SR-Bank

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

«Ny Giv» med gjetarhund

Samansette tekster og Sjanger og stil

Forslag frå fylkesrådmannen

Frå dikt til teikneserie

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Finansiering av søknaden

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Følgjande tabell viser fylkesrådmannen si rapportering på forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål:

Vurdering av allianse og alternativ

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

DB

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Kom skal vi klippe sauen

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Rapport prosjekt «høy til hest»

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Levekår 028/

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Den nye seksjon for applikasjonar

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Nærmiljøutvikling Evaluering av eit studieemne i studiet Frivilleg og offentleg

Transkript:

Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon Erfaringar frå 36 bruk i Rogaland basert på intervju og økonomisk analyse 1

FØREORD Å planlegge og bygge eit nytt kufjøs er ein prosess, som blir løyst på ulike måtar av mjølkebonden som byggherre ut frå sin bakgrunn, kunnskap og erfaring. Mange har bygd før, eller vore involvert i byggearbeid, og kjenner prosessen. For andre blir det nye kufjøset det første byggeprosjektet. Målet med prosjektet har vore å lære av mjølkeprodusentar som har vore gjennom planlegging, bygging, oppstart og drift av nytt kufjøs. Dermed kan framtidige produsentar få eit endå betre erfaringsgrunnlag å bygge sine planar og avgjerder på. Gjennom arbeidet med prosjektet har det blitt meir og meir klart at for å lukkast med eit fjøsprosjekt, må vi tenkje i fasar. Å bygge nytt fjøs er mykje meir enn bare å planlegge sjølve fjøsbygningen. Skal ein lukkast med produksjonen i det nye fjøset, må ein leggje ned tid og ressursar både i planleggingsog endringsfasen, før vi kan hauste fruktene av god drift. For gjennomføring av prosjektet vil vi rette stor takk til: Prosjektbrukarane - eit prosjekt som dette er heilt avhengig av at vi har fått ta del i dei erfaringane som har blitt gjort i utbyggingane. Vi er difor svært takksame for den velvilje og openheit frå brukarane som vi vart møtt med i intervjua. Utan dei ærlege tilbakemeldingane som vart gitt, ville prosjektet vore mykje fattigare og resultata mindre verdifulle. Bjørn Gunnar Hansen frå TINE Rådgiving - utan han hadde ikkje prosjektet kome i hamn. Stor takk for arbeid med statistiske analysar, tilrettelegging og bearbeiding av data i prosjektet, for deling av kunnskap og for eit utal diskusjonar med alltid konstruktive og gode faglege innspel til løysingar og vinklingar på arbeidet i prosjektet. Klepp Rekneskapslag SA for deltaking og samarbeid i prosjektet, og takk til dei og Hå Rekneskapslag for arbeidet med å legge til rette rekneskapsdata for bruka. Finansiørane av prosjektet: det regionale partnarskapet i Rogaland representert ved Fylkesmannen i Rogaland - Landbruksavdelinga, Jæren Sparebank, Sparebank 1 SR-Bank, Sparbanken Vest, Haugesund Sparebank. Vidare har det blitt utført eigeninnsats av TINE Rådgiving og av Rekneskapslaga på Jæren og Dalane. Terje Øen for å ha initiert og drive fram prosjektet Tone Øen for transkribering av intervjua og Andrè Brockstedt Myrseth - TINE for tilrettelegging av kukontrolldata for prosjektet. Prosjektet er kome i stand som eit resultat av diskusjonar gjennom Rogaland Landbrukspark. Styringsgruppa i prosjektet har bestått av Terje Øen og Edvin Vestvik frå TINE og Martin Svebestad og Åge Bryne frå Klepp Rekneskapslag SA. Særheim, november 2015 Torfinn Nærland Prosjektleiar Tine Rådgiving 2

Innhald FØREORD... 2 SAMANDRAG... 6 1. BAKGRUNN OM PROSJEKTET OG DELTAKARANE... 7 1.1. Bakgrunn for prosjektet... 7 1.1.1. Føremål med prosjektet... 7 1.1.2. Informasjonsgrunnlaget og oppbygging av rapporten... 8 1.2. Personane og gardsbruka... 8 2. ULIKE FASAR I EIN UTBYGGINGSPROSESS... 10 3. PLANLEGGINGSFASEN... 12 3.1. Sjekkliste for planleggingsfasen... 12 3.2. Motivasjon for nybygg... 13 3.3. Planlegging for ny situasjon... 13 3.4. Driftsplanen som verktøy og avgjerdsgrunnlag... 14 3.5. Planlegging av fjøset... 14 3.5.1. Førebuing før planlegging av fjøset... 14 3.5.2. Tid brukt til planlegging... 15 3.5.3. Val av planleggar... 16 3.5.4. Endring av teikning i byggeperioden... 17 3.5.5. Kva dei ville gjort annleis... 17 3.5.6. Brukarane sine råd om planlegging... 18 3.6. Prisar på nytt fjøs... 19 3.6.1. Innhenting av prisar for bygget... 19 3.6.2. Råd om prisinnhenting... 20 3.6.3. Kostnad for nytt fjøs budsjett og byggerekneskap... 20 3.7. Innverknad av fagmiljø og regionale forskjellar på satsing... 22 4. ENDRINGSFASEN... 23 4.1. Eigeninnsats ved bygging av fjøset... 23 4.1.1. Eigeninnsats eller ikkje?... 23 4.1.2. Motivasjon for eigeninnsats... 24 4.1.3. Omfanget av eigeninnsats... 24 4.1.4. Viktige spørsmål når du vurderer eigeninnsats... 26 4.2. Bruk av byggeleiar... 27 4.3. Råd om eigeninnsats, byggeleigar og byggegjennomføring... 28 3

4.4. Ny teknologi i fjøset... 30 4.4.1. Motivasjon for val av teknologi... 31 4.4.2. Mjølkesystem... 31 4.4.3. Grovfôrtildeling... 32 4.4.4. Golvløysing i gangareala... 33 4.4.5. Opplæring i ny teknologi innføring av nye rutinar... 33 4.4.6. Konsekvensar av ny teknologi... 34 4.4.7. Tips og råd ved oppstart av mjølkerobot... 35 4.5. Erfaringar frå innflytting i nytt fjøs... 36 4.5.1. Førebuande tiltak knyta til innflyttinga... 36 4.5.2. Innflytting i fjøset i puljer eller alle kyr på ein gong?... 36 4.5.3. Driftsproblem i fjøset i endringsfasen... 37 4.5.4. Ville gjort annleis i endringsfasen... 37 4.5.5. Tips og råd for oppstart og innflytting i nytt fjøs... 37 5. NY-DRIFTSFASE... 40 5.1. Endringar i mjølkeproduksjonen... 40 5.1.1. Mjølkevolum totalt og pr. bruk... 40 5.1.2. Fyllingsgrad av mjølkekvote... 41 5.1.3. Utrangering av kyr... 42 5.2. Korleis opplever bonden situasjonen etter utbygging?... 43 5.3. Arbeid i fjøset og på jorda... 44 5.3.1. Forventingar til arbeidsmengde... 44 5.3.2. Arbeidsmengde i fjøset... 45 5.3.3. Jordarbeid og grovfôrproduksjon... 46 5.4. Bonden som leiar og driftsleiar kva endringar har skjedd?... 47 5.4.1. Den daglege drifta... 48 5.4.2. Styring av buskapen... 49 5.4.3. Styring av økonomien... 50 5.4.4. Planlegging av arbeidet... 51 5.5. Kor treffsikker har driftsplanen vist seg å vera?... 52 5.5.1. Produksjonsmål og inntening i driftsplanen... 53 5.5.2. Stort avvik for faste kostnader... 56 5.5.3. Driftsresultat før avskrivingar... 59 5.5.4. Investeringar i åra etter fjøsbygging... 60 4

5.5.5. Utvikling i gjeld... 63 5.6. Oppsummering av avvika mellom rekneskap og driftsplan... 65 5.7. Økonomien etter utbygginga... 67 5.7.1. Økonomien i drifta... 67 5.7.2. Utvikling i privatøkonomi... 68 6. DISKUSJON OG TILRÅINGAR... 69 6.1. Driftsplanen som styringsverktøy kva må til?... 69 6.2. Endra krav til bonden som leiar og driftsleiar... 71 6.3. Planleggingsfasen - får fjøset for mykje fokus?... 71 6.4. Den vanskelege endringsfasen - år 0 og 1... 72 6.5. Arbeidsmengde og produktivitet... 73 6.6. Nytt byggeprosjekt som ledd i langsiktig strategi... 74 7. OPPSUMMERING... 76 7.1. Kapitalbehovet ved utbygginga... 76 7.2. Produksjon... 76 7.3. Ny teknologi... 77 7.4. Økonomi og driftsleiing... 78 7.5. Byggeprosessen... 78 8. KONKLUSJONAR... 80 REFERANSAR... 81 5

SAMANDRAG TINE Rådgiving har undersøkt økonomi og driftsleiing på bruk i mjølkeproduksjonen i Rogaland som har bygd nytt fjøs i perioden 2007-2010. TINE Rådgiving har vore prosjekteigar, med deltaking av Klepp Rekneskapslag og bidrag frå Rekneskapslaga på Jæren og Dalane. Dei 36 bruka i undersøkinga tok i bruk nytt fjøs i perioden 2008-2011. Dette gav minimum tre heile driftsår i nytt fjøs som grunnlag for undersøkinga. Bruka i utvalet er frå heile Rogaland, med same geografiske spreiing som tal mjølkebruk i fylket. Det var 17 enkeltmannsføretak og 19 samdrifter, der hovudparten av samdriftene bestod av ein aktiv samdriftsdeltakar som hadde bygd det nye fjøset. I undersøkinga har rekneskapet for minimum 3 år etter utbygging blitt samanlikna mot driftsplanen i samband med utbyggingsprosjektet. Vidare har byggerekneskap blitt samanlikna med byggebudsjett for prosjekta. Det er gjennomført djupneintervju med alle brukarane om erfaringar med planlegging, endring av produksjon og driftsopplegg med nytt fjøs. Det er også nytta opplysningar frå Husdyrkontrollen for bruka i prosjektet. Mjølkekvoten på bruka har auka i snitt 79% ved utbygginga. Kvoten var i snitt 216.000 liter 1 år før bygging, med variasjon frå 71.000 til 444.000 liter. I år 3 etter bygging var snittet 386.000 liter, med variasjon frå 170.000 til 759.000 liter. Ein av hovudkonklusjonane i prosjektet er at utbygginga må delast i ein planleggingsfase, ein endringsfase og ein ny-driftsfase, for å få rett vektlegging av ulike utfordringar til rett tid. Samanlikning av rekneskap mot driftsplan viser at det i driftsplanane ikkje er teke tilstrekkeleg høgde for den endringsprosessen, auke i produksjon og dertil auke i faste kostnader som har skjedd. Det er heller ikkje teke omsyn til behova og ynskja for investeringar som er på bruka, eller for dei øvrige utbyggingane som bruka har gjennomført. Analyse av husdyrkontrolldata viser at bruka utrangerer mange kyr i innflyttingsåret. Analysane viser også at dess større mjølkekvote, dess mindre andel av kvoten vert levert i åra kring bygging og etter. For å redusere desse problema, har mange brukarar i ettertid sjølv kome fram til at dei skulle lagt meir vekt på å ha god tilgang på kalvar og kviger i endringsfasen. Mjølkerobot som teknologi motiverer brukarane i drifta av fjøset og stellet av dyra. Den viktigaste endringa som leiar og driftsleiar generelt er at ein må vera meir i forkant slik at produksjonen flyt og ein unngår problem. Vidare har større produksjon og høgare arbeidsmengde ført til meir behov for å planlegge arbeidsdagen og sesongane, og til meir leige av arbeidskraft og maskinarbeid på jorda. Det er stor spreiing i oppnådde økonomiske resultat på bruka, som vert reflektert i korleis brukarane sjølv vurderer den økonomiske situasjonen etter utbygginga. Ein tredel seier økonomien er som forventa, 36% seier at økonomien er relativt grei eller god, medan 28% seier at den er dårlegare enn venta ut frå produksjonsomfang og arbeidsmengde. I vurderinga av privatøkonomien etter utbygginga, seier 22% at dei har redusert privatforbruket og/eller har teke meir arbeid utanom bruket, medan 67% ikkje har opplevd endring. 6

1. BAKGRUNN OM PROSJEKTET OG DELTAKARANE 1.1. Bakgrunn for prosjektet Det er gjennomført mange utbyggingar på mjølkebruk i Rogaland frå år 2000, og produksjonsvolumet og investeringsbehovet pr. fjøs har auka monaleg i desse åra. Samstundes har det blitt innført ny teknologi, nye produksjonsmetodar er teke i bruk og behovet for innleigd arbeidskraft har auka. Dette har ført til større produksjonsmessig og økonomisk risiko for gardbrukarfamilien. Både bankar og landbruket sine rådgjevarar erfarer at mange brukarar meistrar desse endringane bra, medan andre slit. Ved utgangen av 2014 vart omtrent halvparten av mjølka både i Noreg og i Rogaland produsert i båsfjøs. For Rogaland sitt vedkomande må det byggast ca 16.400 kubåsplassar fram til 2024 for at alle mjølkekyr skal vera i lausdrift iht. krav i forskrift om hald av storfe. Dette betyr at mange mjølkeprodusentar står føre store endrings- og byggeprosessar. 1.1.1. Føremål med prosjektet Mjølkeprodusentar som har bygd nytt fjøs sit med mykje erfaring og kompetanse. Dei har vore gjennom ein krevjande planleggings- og byggeprosess. Dei skal meistre ein produksjon som i volum ofte har blitt dobla eller meir frå utgangspunktet, samt meistre ny teknologi og driftsmetodar. Målet med prosjektet er å lære av desse utbyggingane og endringane slik at både mjølkeprodusentar, rådgjevarar og bankar er betre rusta til å gjennomføre ein slik endrings- og utbyggingsprosess i framtida. Denne rapporten skal svare på fylgjande spørsmål i samband med utbyggingsprosessen på mjølkebruka: 1. kapital - har driftsplanane teke tilstrekkeleg høgde for kapitalbehovet til sjølve fjøsutbygginga, til fylgjeinvesteringar i maskinar og reiskap og til å dekke behovet for driftskapital i tida etter utbygginga? 2. produksjon har produksjonen gått som føresett? Dersom ikkje, korleis kan ein førebygge svikt i produksjonen? 3. ny teknologi - korleis opplever brukarane at den nye teknologien har virka inn på produksjonen og arbeidsdagen, og kva gjere at dei tek i bruk ny teknologi? 4. økonomi og driftsleiing erfaringa viser at når ein bygger nytt aukar gjerne produksjonsomfanget. Det er behov for meir dyr, fôr, areal, mjølkekvote, arbeidskraft osv. Korleis førebur bonden seg på det? Kva økonomiske konsekvensar får det? Går det som planlagt? Viss ikkje kvifor? 5. byggeprosessen - korleis er prosessen med planlegging av fjøset og innhenting av pristilbod frå ulike entreprenørar kva legg bonden vekt på? Mange legg ned stor eigeninnsats i byggearbeidet, har det påverka den løpande drifta, økonomien m.m.? Prosjektet skal også lage ei sjekkliste/hugseliste med gode råd og viktige tema å avklare i denne prosessen for utbyggingsbruk, som mjølkebønder, bankar og rådgjevingsapparat kan nytta. 7

Prosjektet hadde òg til føremål å svare på korleis utbygginga og tida etter utbygginga virka inn på familie- og arbeidssituasjonen, men grunna manglande data var dette ikkje mogleg å svare utfyllande på. Dette må difor fylgjast opp i eventuelle nye prosjekt. 1.1.2. Informasjonsgrunnlaget og oppbygging av rapporten Prosjektleiar har gjennomført djupneintervju av 36 utvalte mjølkeprodusentar ute på gardsbruket for å ta del i deira erfaringar, meiningar og råd frå utbyggingsprosessen. Der ektefelle eller samdriftspartar var involvert i drifta/prosjektet, var i hovudsak også desse med under intervjuet. For å vurdere om økonomien har utvikla seg som planlagt, har vi samanlikna rekneskapet for inntil fem år etter byggeåret med driftsplanen som vart utarbeidd i samband med finansieringa. Vidare har vi henta inn data frå husdyrkontrollen for perioden to år før bygging til tre- fire år etter byggeprosjektet var ferdig, for å sjå om utbygginga har påverka produksjonen. Eit viktig føremål med prosjektet har vore å lære av dei erfaringane som brukarane har gjort i utbyggingsprosessen. Vi har difor brukt sitat i rapporten for å få fram brukarane sine vurderingar og synspunkt direkte til lesaren. Dette er subjektive meiningar og erfaringar, der ulike brukarar kan ha ulike råd og meiningar om det same temaet. Skilnadene må ein sjå på bakgrunn av ulik erfaring, kunnskap og preferansar hjå den enkelte brukar, i tillegg til ulikt ressursgrunnlag på bruka. Rapporten er bygd opp slik at funna og resultata i prosjektet er presenterte i same rekkefølgje som eit fjøsprosjekt bør gjennomførast; ein fase for planlegging, endringsfase og ein ny-driftsfase, jf. kapittel 2. I slutten av rapporten drøftar vi funna og gjev tilrådingar for vidare arbeid med å gjere bonde, rådgjeving og bank betre i stand til å meistre utbyggingsprosessen. 1.2. Personane og gardsbruka Dei 36 bruka som har blitt intervjua er geografisk spreidd på same måten som tal mjølkebruk er fordelt i Rogaland. Dei nye fjøsa på bruka er bygd i perioden 2007-2010, og er teke i bruk i perioden 2008-2011. Det er gjort eit slikt utval for å få tre heile driftsår som grunnlag for å undersøka økonomisk utvikling etter nytt fjøs opp mot planlagt økonomisk resultat i driftsplanen. Fjøsa skulle også vera samanliknbare i tidsperiode og utvikling teknologisk og dyrevelferdsmessig. Vidare er ulike bygningsløysingar representert; reine kufjøs utan oppdrett, kufjøs med fullt påsett, nybygg, og folkefjøs (tilbygg og ombygging av båsfjøs til lausdriftsfjøs). 29 av produsentane leverte mjølk til TINE, 7 leverte til Q-meiereiene. Av 36 prosjektbruk var 17 enkeltmannsføretak og 19 samdrifter, der hovudparten av samdriftene bestod av ein aktiv samdriftsdeltakar som hadde bygd det nye fjøset. 8

Av dei 36 bruka hadde 18 stk. i tillegg sau, 8 stk. hadde griseproduksjon og 4 hadde fjørfe, og eit bruk hadde potet. Produksjonsomfang pr. produksjon varierte frå 10-160 sauer til full konsesjon på fjørfe. Av brukarane i prosjektet har 25 stk. (71%) teke over garden før fylte 31 år, medan 5 stk. (14%) bygde det nye fjøset før fylte 31 år, jf. tabell 1.1. Hovudtyngda på 72% av gardbrukarane bygde fjøset medan dei var i alderen 31-50 år. Det er meir spreiing på kor mange års erfaring dei hadde som gardbrukar før det vart bygd fjøs, 11 stk. (31%) hadde drive inntil 5 år, og 17% mellom 0-2 år, jf. tabell 1.2. Ut av dei 36 bruka vart 3 av bruka i hovudsak driven av kvinneleg gardbrukar, 9 driven av mann og kone i fellesskap, og 24 bruk der mannen i utprega grad var hovudutøvaren på bruket. To tredeler av brukarane har agronomutdanning. To tredeler har også vidaregåande skule. Det er mange ulike årsaker til at ein vert gardbrukar og mjølkeprodusent. Svara i tabell 1.3 viser kva deltakarane i prosjektet likar best ved å driva gard. Tabell 1.1. Alder ved overtaking av gard og når fjøset vart bygd Alder hovudbrukar år Tok over gard tal Bygde fjøset tal <26 13 1 26-30 12 4 31-40 9 13 41-50 1 13 51-over 0 5 Ikkje svart 1 SUM 36 36 Tabell 1.2. År etter overtaking når bygde fjøs År etter overtaking Bygde fjøs tal 0-2 6 3-5 5 6-10 7 11-20 9 21-over 8 Ikkje svart 1 SUM 36 Tabell 1.3. Kva brukarane likar ved å drive gard Likar ved å drive gard Tal Vera sin eigen herre/bestemme sjølv 27 Variasjon i arbeidet 15 Arbeid med dyr 14 Utvikle garden som bedrift 8 Arbeid med jord og maskinar 3 Sum 67 Fleire svar mogleg pr. deltakar 9

2. ULIKE FASAR I EIN UTBYGGINGSPROSESS Å bygge nytt fjøs er for mange det konkrete som skjer på garden når sjølve bygget reiser seg og blir teke i bruk det er det som er «greia». Alt det andre er bare vanleg gardsdrift. Men det å bygge nytt fjøs krev meir enn bare å planlegge sjølve fjøset som ein bygning til dyra. Bonden må òg ta stilling til mange andre spørsmål, til dømes: produksjonen skal aukast - kva krev dette av buskap og grovfôr, og kor tid får ein dette på plass? Korleis skal bonden handtere drifta av garden i sjølve byggeperioden? Kor mykje tid skal bonden bruke på å bygge sjølv? Kor raskt skal ein vekse i forhold til det volumet du har i dag? Korleis blir økonomien og likviditeten i framover? Vår studie syner at det er nettopp å planlegge og meistre overgangen frå eit båsfjøs med 100-200.000 liter til nytt lausdriftsfjøs med 300-600.000 liter, som avgjer om det blir ein vellukka eller mindre god start i det nye fjøset. Mange har tenkt gjennom dette, og får til ein god prosess og god oppstart, medan andre av ulike årsaker ikkje får gjort dette. Vi spurte prosjektbrukarane kva som må til for å lukkast med ei fjøsutbygging. Her er nokre døme på kva dei la vekt på: Par 40-åra: Du må ha eit utgangspunkt som du bestemmer deg for, at slik skal du ha det, og det skal det koste. Då er det betre å kjøpe det viss du får råd seinare, for det kan øydelegge budsjettet ditt. Mann i 50-åra: Du må planlegge slik at du har ein plan. Det er mange ting bygginga skal klaffe med. Eg hadde planlagt slik at eg hadde pløgd mykje åra før, så eg frigjorde tida til å bygge. Mann i 30-åra: Vi har 10-dobla produksjonen på 10 år. Det går ikkje heilt smertefritt, så eg har lært ein del om auke av mjølk på denne tida her, både med kostnad knyta til livdyr og kvotefylling og dei tinga som er litt elementære oppi det heile her. Det eg har lært er at til meir forsiktig du klarer å ta denne auken, til meir fornuftig er det. Til mindre steg det er i trappa for kvar gong du gjere det, til smidigare blir det. Par i 40-åra: For det fyrste må du ha heile familien med deg, trur eg. Alle må være einige at nå bygger vi fjøs, ikkje at ein vil bygge og ein vil ikkje, då er det motvind heile tida. Og du må ikkje vera redd for endringar. Mann 50-åra: Vera på hogget heile tida, passe dyra og passe på generelt. Kan ikkje vimse, du må sjå etter at dyra har det godt og at dei et det dei skal, og sjalte ut dyr som ikkje passar inn i produksjonen og ikkje yter best mogleg. Det er det du må. Enkelt og greit. 10

Basert på tidlegare forsking om endringsprosessar Hansen og Jervell (2014), erfaring frå rådgjevinga og frå denne studien, vil vi legge vekt på at eit fjøsprosjekt bør delast inn i tre ulike fasar, med ulike fokus og arbeidsoppgåver: 1. planleggingsfase: planlegge nytt fjøs, hente inn prisar, avklare eigeninnsats, få tilgang til nok jord/grovfôr og kvote, planlegge auke i dyretal mm. 2. endringsfase: fjøset vert bygd og teke i bruk, utføre eigeninnsats i byggeprosess, drifte dagens produksjon, dyretal og areal må tilpassast produksjonsvolum og nytt driftsopplegg, laga og innarbeida nye rutinar 3. ny-driftsfase: få produksjonen opp til planlagt nivå, optimere drifta Dei tre fasane har ofte glidande overgangar, og dei varer i ulik tid for ulike gardbrukarar og byggeprosjekt. Figur 2.1. Fasar i utbyggingsprosess For å få ein vellukka endringsfase og drift i ny-driftsfasen, er ein avhengig av å ha gjort ein god jobb i planleggingsfasen. Til dømes vil manglande planlegging av besetningsauke frå dagens 25 kyr til nytt fjøs for 60 kyr føre til at det vert liten produksjon og låg inntening i endrings- og ny-driftsfasen. Vidare må ein vera medviten på at ein ikkje bør vandre for mykje fram og tilbake mellom desse fasane, for dette skaper lett problem. Eit par i 40-åra uttrykka seg slik om forståinga av, og om konsekvensen av, at det er ulike fasar i ein utbyggingsprosess: Nå bygger vi, nå er vi ferdige med planlegginga. Det trur eg var veldig lurt. At vi ikkje endra nokon ting etter at vi hadde «satt» teikningane. Det har eg sett før i ein hektisk byggeperiode. Då får du ein god idè, og så har du ikkje hatt tid til å tenke igjennom det, så var det ikkje så lurt likevel. 11

3. PLANLEGGINGSFASEN Mange opplever det uoversikteleg og vanskeleg å vite korleis ein skal gripe an prosessen med nytt fjøs. Planlegging av sjølve fjøsbygningen er bare er ein mindre del av det totale arbeidet som må gjennomførast før nytt bygg står ferdig. I dette kapittelet presenterer vi ulike tema ein bør gå gjennom i denne fasen og brukarane sine erfaringar og råd frå planleggingsfasen. 3.1. Sjekkliste for planleggingsfasen Vårt råd er å ta utgangspunkt i sjekklista nedanfor. Start med å avklare dei overordna forholda; kva vil du og familien, korleis vert økonomien, korleis skal vi få nok grovfôr og kvote, korleis skal vi handtere arbeidsmengda, og kva finansielt handlingsrom har vi? Legg så planar for kva som må til for å fylle fjøset og lukkast med å få til produksjonen. Her må ein ofte planlegge parallelt for å få kabalane til å gå opp. Til slutt kjem sjølve planlegginga av fjøsbygningen, ut frå dei ynskjer og rammer som du og familien har lagt for fjøsprosjektet. Figur 3.1. Sjekkliste for planleggingsfasen Sjekkliste for planleggingsfasen Kva ynskje har familien for garden og framtida? Korleis skal det sjå ut på garden om 10 år? Driftsplan: korleis vert økonomien etter utbygginga? Grovfôr: leige jord eller kjøpe fôr? Kvote: kjøpe/leige/samdrift? Arbeidsmengde etter utviding: o korleis drifte jorda leige / investere i maskinar? o arbeid i fjøset? Buskap til å auka produksjonen Finansiering nytt fjøs: banklån, offentlege midlar, eigeninnsats Driftskapital til utviding av produksjonen: kjøp av kviger/kyr, drift areal Planlegge nytt fjøs ut frå: o Økonomisk ramme o Storleik bygg og dyregrupper o Logistikk og dyreflyt o Dyrevelferd og krav i forskrifter, herunder krav til beite/luftegarde o Bygning (isolert/uisolert, materialer m.m.) og ventilasjon o Mjølkesystem o Mekaniseringslinje for grovfôr i fjøset og lagring av grovfôr o Gjødselhandtering og lager Forhandle prisar for bygg, avklare eigeninnsatsen Byggesøknad kommune 12

3.2. Motivasjon for nybygg Blant prosjektbrukarane var det ulike årsaker og motivasjon som gjorde at dei valde å satse og bygde nytt fjøs. Å fylgje med i utviklinga var den viktigaste årsaka, herunder at fjøset var utslite eller ikkje tidsmessig, krav til bygning og dyrevelferd, og utviding av produksjonen for å oppretthalde inntekta. Tilgang på meir jord og kvote var nest viktigast blant årsakene til at prosjektbruka satsa på nytt fjøs. Denne gruppa har eit underliggjande ynskje om å utvide og bygge nytt, og når sjansen baud seg var dei klare. Om lag ti prosent la vekt på Tabell 3.1. Motivasjon for å bygge nytt fjøs Motivasjon Tal svar % Fylgje med utviklinga 23 39 Tilgang på jord/kvote 15 25 Arbeidssituasjon 6 10 Generasjon/ektefelle 5 8 Bli/vera heiltidsbonde 5 8 Del av planlagt utvikling 4 7 Interesse for kyr 1 2 Sum 59 100 Fleire svar mogleg pr. deltakar omsynet til eigen arbeidssituasjon fleksibilitet, fritid og fysisk lettare arbeid, hovudsakleg knyta til mjølkerobot som faktor. 3.3. Planlegging for ny situasjon Vi spurde brukarane korleis dei hadde planlagt endringa som skulle skje, frå båsfjøset til større produksjonen i nytt lausdriftsfjøs. Aktuelle emne var både kvote, grovfôrtilgang og dyremateriale for å kunne auka produksjonen. Tabell 3.2. viser at om lag halvparten av bruka sa dei hadde ressursgrunnlaget på plass før bygginga av fjøset, og ytterlegare 20% hadde lagt ein plan for korleis dei skulle dekke behovet. Tabell 3.2. Brukarane si planlegging av ressurstilgang ved nytt fjøsprosjekt Svaralternativ Tal svar % Ressurstilgangen var OK hadde inngått avtalar om dyr, kvote og areal/grovfôr 17 47% anten ved ferdigstilling av fjøset, eller i løpet av spesifikk periode etterpå Hadde lagt ein plan for å auke produksjonen / dyretal gjennom kjøp av dyr eller 7 19% leigd fjøs til oppdrett av kviger Intensjon om å auke produksjonen gradvis - eige kvigepåsett, utvide 11 31% produksjonsvolumet gjennom utviding av samdrifta/leige meir kvote Ikkje svart 1 3% SUM 36 100% Dei fleste prosjektbruka søkte Innovasjon Norge om bygdeutviklingsmidlar til delfinansiering av fjøset. Ved slik søknad må søkjar disponere eit ressursgrunnlag (areal, kvote) i tråd med storleiken på utbygginga, og søknaden må innehalde pristilbod/kostnadsoverslag, teikningar, driftsplan, godkjent byggemelding og stadfesting av finansiering. Dette må vera klart før søknaden kan vurderast. Mange syntes dette var strenge krav. For mange kan nok dette likevel ha hatt ein positiv effekt. Brukarane på eit bruk med to generasjonar såg at desse krava førte til at dei måtte tenke heilskap, legge planar for drifta og legge ramane for drifta: 13

Eg synes dei krava som Innovasjon Norge hadde for å få støtte, sette i gang ein god prosjekteringsfase. Du måtte vise til og ha planar, og alt gjorde at du fekk sett i gang ein stor prosess. 3.4. Driftsplanen som verktøy og avgjerdsgrunnlag Alle 36 prosjektbruk hadde fått utarbeida driftsplan i samband med investeringa. 33 av brukarane (92%) oppgjev av driftsplanen vart utarbeida fordi Innovasjon Norge kravde det, eller fordi banken ville ha den. For 17 (52%) av desse var driftsplanen òg ein tryggleik for at økonomien ville bli tilfredsstillande etter fjøsprosjektet. Dei resterande 16 brukarane (45%) fekk laga driftsplanen berre for å få finansiering. Bare 10 stk. (28%) har teke fram og sett på driftsplanen, medan dei resterande 26 (72%) ikkje har brukt planen i det heile. Driftsplanen har i 58% av utbyggingssakene blitt utarbeida av rekneskapsførar, 22% av TINE, og dei resterande 20% av ulike aktørar. I 80% (28 stk.) av driftsplanane meiner brukaren at planen tok utgangspunkt i tidlegare oppnådde rekneskapstal og dekningsbidrag. Tre bruk har nytta gjennomsnittlege tal for dekningsbidrag, 3 brukarar kjenner ikkje grunnlaget og ein brukar meiner tala var vèl optimistiske. Brukarfamilien si involvering i utarbeiding av driftsplanen varierer, avhengig av kva rolle planleggaren hadde og brukaren sin motivasjon. 21 (62%) av brukarane opplevde at dei vart/var involverte i driftsplanarbeidet, medan 13 (38%) opplevde at dei ikkje var involverte. Ektefelle eller andre familiemedlemer var involverte i diskusjonen rundt driftsplanen og økonomien i omlag 50% av utbyggingane, brukaren sjølv var einaste involverte i dei resterande 50% av utbyggingane. Driftsplanane har ulik kvalitet og er utarbeidde med ulike verktøy. Mange planar har lite verbale framstillingar og informasjon om kva føresetnader driftsplanen legg til grunn, og kva framtidige planar det er for bruket. Totalt sett har dette gjort arbeidet med å samanlikna driftsplanane med rekneskapen utfordrande. 3.5. Planlegging av fjøset 3.5.1. Førebuing før planlegging av fjøset Vi spurte kva førebuingar prosjektbrukarane gjorde for å skaffe seg informasjon, kunnskap og avgjerdsgrunnlag, før dei byrja å planlegge fjøset, jf. tabell 3.3. Det viktigaste tiltaket var å besøke ulike fjøs, gjennom ulike «òpe fjøs»- tilstellingar arrangerte av bygge- og utstyrsleverandørar når nye fjøs var ferdig, eller vitje kollegaer som har drive nytt fjøs ei tid. 78% (28 stk) av prosjektbrukarane har gjennomført dette. I tillegg kjem 6 brukarar som har besøkt fjøs ved at i-mek (innandørsmekaniserings) firma har teke brukaren med til ulike fjøs dei har planlagt. Det nest viktigaste tiltaket har vore å bygge opp kunnskap om ulike fjøsløysingar over lengre tid gjennom fagtidsskrift, diskusjon med kollegaer, studieturar osv. Ei gruppe har i tillegg henta impulsar og kunnskap frå utlandet, hovudsakleg frå Danmark, gjennom studieturar, eigeninitierte 14

gardsbesøk og planskisser. Fem brukarar (14%) fekk avklara om det i det heile var økonomisk grunnlag for å bygge nytt fjøs basert på ein forventa kalkyle, før dei starta den konkrete planlegginga. Tabell 3.3. Førebuingar før planlegging av fjøs Aktivitet Tal Besøkt fjøs - på eige initiativ - saman med firma 28 6 Kunnskapsbygging over lengre tid 15 Utanlandsbesøk + kunnskapsbygging over lengre tid 8 Avklara økonomisk grunnlag 5 Diskutert m/ulike fagrådgjevarar 3 Andre tiltak 3 Kan vera fleire svar pr. bruk Dei nye fjøsa vart oftast planlagde for større produksjon enn bruka hadde i utgangspunktet. Mange vil då naturleg søkje informasjon og besøke fjøs som er om lag like store som dei har tenkt å byggje sjølve. På bakgrunn av den utviklinga vi har sett, og som vi nok også vil få framover, er det framtidsretta å legge til rette for moglege utvidingar på eit seinare tidspunkt. Difor bør ein studere smarte og arbeidseffektive fjøsløysingar med god logistikk, slik brukarane på dette bruket med to generasjonar hadde kome fram til: Så trur eg det at folk som har store fjøs må tenke litt annleis logistikkmessig, at det kan vera lurt å besøke store fjøs, sjølv om du ikkje skal ha like stort fjøs. 3.5.2. Tid brukt til planlegging Å planlegge nytt fjøs er for mange gardbrukarar ofte ein prosess som går over lang tid, medan andre brukar kort tid. Desse utsegnene frå ein mann i 50-åra og ein i 40-åra kan illustrera dette: Det var eit stort skritt å tørre heilt å tenke tanken, men den låg litt i bakhovudet. Den modnast med tida, og då tok vi skrittet. Ein skal ikkje køyre seg fast i det med alt for lang og mykje planlegging, for då dreg ting ut og då kan du begynne å bli usikker sjølv om du skal satse, og då kjem du aldri i gang. For nokre av prosjektbrukarane blei planleggingstida svært kort, som på dette bruket med to generasjonar Nei, skulle hatt litt lenger tid til å planlegge enn 2 månader, og nå i ettertid så er det enkelt å seie det. Det trur eg hadde vore gode greier. Årsaka til den korte planleggingstid var at dei fekk tilgang til meir jord og kvote på kort varsel. Når 25% av svara er knytte til at fjøsprosjektet vart utløyst av at brukarane fekk tilgang til meir jord og kvote, er ein god strategi å byrje å tenke og planlegge nytt fjøs slik at ein er førebudd når tilbodet kjem. 15

Prosjektbrukarane har estimert kor lang tid dei brukte til å planlegge fjøset sitt, etter at det vart bestemt at dei skulle bygge. Gjennomsnittleg planleggingstid var ca 12 månader, men det er stor variasjon slik tabell 3.4 viser. Det er også verdt å ta med seg at det i dansk byggerådgjeving ofte vert sagt at ved fjøsplanlegging vil ein ofte bruke eitt år til å planlegge, eitt år til å bygge, og eitt år til å avslutte byggeprosessen og rydde opp. Tabell 3.4. Planleggingstid for fjøset Månader Tal svar % 2-3 4 11 4-6 5 11 10-12 13 36 13-18 4 11 19-36 5 14 Ikkje svart 5 14 Sum 36 100 3.5.3. Val av planleggar Innandørsmekaniseringsfirma (I-mek) tilbyr «gratis» planlegging av fjøs som innsalsmetode for at kunden skal velje firmaet sine produkt i fjøset. I Rogaland står desse firma sterkt. I den tids-perioden prosjektbruka bygde, var det svært få frittståande planleggingsaktørar som kunne tilby fjøsplanlegging. Når prosjektbrukarane skulle velje bygningsplanleggar for fjøset sitt, var det fleire moment som spela inn. To hovudfaktorar peika seg tydeleg ut: Positive opplevingar med firmaet dei hadde valt: god kvalitet på produkta, god kjemi med planleggar eller serviceinnstilling frå firma - både historiske opplevingar og korleis ein blir møtt ved første besøk eller kontakt Teknisk løysing på produkta som firmaet tilbyr brukaren si eiga vurdering, testar, og andre sine erfaringar Nokre valde eit konkurrerande firma framfor det firmaet dei hadde erfaring med. Årsaker til dette var dårlege opplevingar som t.d. dårleg service og oppfylgjing, dårlege tekniske produkt eller dårleg omtale av konkurrentar. Tabell 3.5. viser at hovudtyngda av prosjektbrukarane valde eitt firma til å planlegge bygget, og dette firmaet fekk då normalt levera innandørsmekaniseringa til fjøset. 11 brukarar valde å la minst to firma planlegge og konkurrere parallelt om fjøset. Undervegs i denne prosessen kunne eitt firma falle frå, eller begge firma planla Tabell 3.5. Planleggar av fjøset Kven planla fjøset Eit firma planla Konkurranse mellom firma Planla sjølv, firma laga teikninga NLR/Folkefjøs-prosjekt Sum Tal 21 11 3 1 36 % 58 31 8 3 100 ferdige løysingar, og prisen på innandørsmekaniseringa avgjorde kva for eit firma som fekk leveransen. Når gardbrukaren skal planlegge nytt lausdriftsfjøs, har dei fleste ikkje praktisk erfaring med å drifte og arbeide i andre fjøs. Dette paret i 40-åra søkte difor rådgjevarhjelp til å avklare spørsmål som dukka opp i planleggingsfasen: 16

TINE var veldig gode i byggeprosessen. Då brukte vi TINE sin rådgjevar på bygningar og inneklima som sparringspartner i forhold til alle leverandørar, for då dukka det opp så mange påstandar som du ikkje veit så mykje om. Har ikkje drive lausdrift, har ikkje auka produksjonen så mykje og det var mykje eg ikkje kunne seie noko om på grunn av mangel på erfaring. Så når det kom ein påstand; - «er det vits å ha 4 meter frå liggebåsen til fôrbrettet?», då brukte eg han til sparringspartnar og diskutere dei tinga. Det var veldig nyttig og du fikk veldig mange innspel. Det er mange detaljar som må tenkast gjennom. Såleis kviler det stort ansvar på planleggaren til å finne ei løysing som fungerer og som bonden vil bli fornøgd med, slik denne utsegna frå eit anna par i 40-åra vitnar om: Eg såg det var mange gardbrukarar som gjekk og målte høgde på båsar og lengda på alt og dill og dall. Vi sa til bygningsplanleggaren i firmaet: "Du skal teikne eit fjøs som fungerer", så gjorde han det, og så tenkte vi ikkje meir på det. Vi valte å stole på planleggaren, og så visste vi litt kva ting vi ikkje skulle ha. Så ser vi det i ettertid at det er kanskje ting som kunne vore litt annleis, men det vil det alltid vera. Slik som med hus, du må bygge 3 gonger før du er fornøgd og eg trur du må bygge 3 fjøs også - då er du godt fornøgd. 3.5.4. Endring av teikning i byggeperioden Det er tydeleg at prosjektbrukarane har fått med seg at endringar på bygget i forhold til planteikning og avtala prisar kan fordyre prosjektet, slik ein mann i 50-åra sa det: Eg bestemte meg for at eg skulle ikkje begynne med kalvehopp etterpå, for då veit eg at budsjettet sprekker ganske fort. Det visste eg nokon som hadde gjort, og då fekk dei bankane på nakken, og så ble dei sure og då sleit dei. Hjå nokon ville ikkje bankane vere med og sluttfinansiere, og då sleit dei frykteleg. Det var eg veldig redd for og passa godt på å ikkje gjere. Heile 30 av bruka (83%) hadde difor bygd i høve til plan eller gjort minimale endringar. To hadde føreteke ei mindre utviding av bygget, medan ein valde ei anna teknisk løysing utan det verka inn på byggekostnaden. 3.5.5. Kva dei ville gjort annleis Brukarane hadde 3-5 års erfaringar med å drifte fjøset etter det var ferdig. Vi spurte difor om dei ville planlagt likt igjen, eller om det var noko dei ville ha endra på når det gjaldt planløysing og innandørsmekanisering. Dei aller fleste var fornøgde med totalløysinga gitt den økonomiske ramma og utstyret som var tilgjengeleg på marknaden. Tabell 3.6. Ønska endring i forhold til bygd fjøs Ønska endring Tal Misfornøgd med teknisk utstyr 11 Nye dyrevelferdsløysingar 8 Justert bygningsmål romsligare 6 Alle dyregrupper i same bygget 2 Robot i staden for mjølkegrav 2 Isolert bygg / isolert tak 2 Flest tilbakemeldingar handla om teknisk utstyr. Hydraulisk gjødseltrekk og for lite robust automatisk fôringsvogn var hovudproblema. Andre ville gjerne hatt med seg nye dyrevelferdsløysingar som har 17

blitt vanleg etter at dei bygde, som velferdsavdeling til mjølkekyrne og betre løysingar for småkalvane. Blant større endringar er to bruk som ville ha samla alle dyregrupper i ein bygning, men ikkje kunne det av økonomiske årsaker. To brukarar ville også ha valt robot i staden for mjølkegrav. Ein ville ha bygd isolert fjøs i staden for uisolert dersom det hadde vore økonomisk rom for det på byggetidspunktet, medan ein ville ha lagt isolert tak på den uisolerte bygningen sin for å unngå kondensproblem. Grovfôrmekaniseringa i fjøset er den enkeltfaktoren som har skapt størst utfordringar i åra etter bygging. Fleire gav uttrykk for å ha prøvd ulike løysingar før dei kom fram til nåverande løysing, og at dei hadde hatt mykje større vedlikehaldskostnader og vesentleg meir plunder enn dei hadde forventa. 3.5.6. Brukarane sine råd om planlegging Vi spurde brukarane kva konkrete råd om planlegging dei vil gje til andre som skal planlegge fjøs, svara går fram av tabell 3.7. Tabell 3.7. Råd ved planlegging av fjøs Tal svar Innspel 15 Besøk fjøs: for å finne ut kva løysingar som du kan tenke deg i ditt fjøs studèr og løysingar som ikkje fungerer så godt. Still spørsmål: kvifor fungerar dei ikkje? når du finn løysingar som du meiner er gode, besøk dette fjøset fleire gonger, ein får ikkje med seg alt på første besøk reise fleire saman slik at de får med dykk meir, og kan diskutere etterpå som har vore i drift nokre år. Då har brukaren fått røynd fjøset og sett kva som er bra og kva som kunne vore gjort annleis. besøk større fjøs enn det du skal bygge sjølv for å læra av dei drifts- og logistikkerfaringane desse brukarane har gjort. Tenk desse løysingane overført til ditt fjøs for å få eit mest mogleg rasjonelt opplegg spør brukaren kva han ville ha gjort annleis neste gong han skal bygge, og kva han vil ta med seg i eit nytt fjøs ta bilete og lag skisser av gode løysingar 8 Tilpass til eigne behov og ynskjer: det er viktig med fagkunnskap om fjøs og dyr, slik at ein kan gjere seg opp eigne meiningar om kva ein vil ha vel løysingar som passer til di eiga drift og din ønska måte å drive gard og fjøs på vel løysingar tilpassa eigen økonomi 3 Vurder utbygginga i forhold til ressursar og økonomi sørg for å ha ressursgrunnlaget (kvote, areal m.m.) på plass før utbygging vurder om det vil vera økonomisk grunnlag for investeringa, om du får nok igjen 3 Planlegg grundig - slik at ein får tenkt gjennom alt, får gode løysingar og slepp å gjere endringar 1 Involvèr ektefelle slik at det vert avklara at begge vil gjennomføre prosjektet 1 Bruk ein uavhengig planleggar så står du friare når prisar skal hentast inn 18

3.6. Prisar på nytt fjøs 3.6.1. Innhenting av prisar for bygget Val av firma til å bygge fjøset er ei viktig avgjerd som kan ha stor innverknad på sluttresultatet og byggesummen. Brukarane i prosjektet vart difor spurt kva dei la avgjerande vekt på når dei skulle velje leverandør. Høgast score fekk tidlegare erfaring med firmaet, eller om andre gav firmaet gode referansar (kvalitet, leveranse til avtalt tid, løpande oppfylgjing, kommunikasjon på norsk). Prisen måtte likevel vere akseptabel eller konkurransedyktig. Nokre ga klart uttrykk for at på enkelte delar av bygget var det berre eitt firma som var aktuelt ut frå tidlegare positive erfaringar. Tabell 3.8. Vektlegging ved val av leverandørar, tal svar Viktigast Tal Erfaring med firma /referanse 11 Fekk få pristilbod vanskeleg marknad 6 Lokale firma 6 Lågast pris 4 Bekjente i firma/har jobba der 3 Oppfylgjing og service etterpå 1 Kan vera fleire svar pr. bruk I delar av perioden då prosjektbruka bygde fjøsa sine, var det stort press i byggenæringa, og vanskeleg å få inn pristilbod. Nokre av bruka ligg geografisk slik til at entreprenørane var tilbakehaldne med å gje pris. Difor vart det i enkelte prosjekt ikkje reell konkurranse mellom entreprenørane. Bruk av lokale firma stod òg sentralt hjå ein del av brukarane, medan pris som viktigaste utvalskriterium vart overraskande lågt rangert. Brukarane vart bedne om å oppgje kor mange pristilbod dei henta inn for ulike deler av fjøset. Tabell 3.9. viser at det vart henta inn flest pristilbod for betongarbeid, overbygg og i-mek. At det er desse delane av bygget som får størst merksemd, er ikkje så merkeleg når vi ser på prosentvis fordeling av kostnad pr. bygningsdel ut frå summen av alle pristilboda til bruka. Det er noko overraskande at det har blitt henta inn så få tilbod for grunnarbeidet, for her opplever vi at det kan vera til dels store prisforskjellar. Tabell 3.9. Pristilbod innhenta pr. del av fjøset, og prosentvis fordeling av byggekostnad pr. del Tal pristilbod Del av bygg 1 2 3 4 Sum % av byggekostnad 2 Grunnarbeid 32 2 2 0 36 6 % Betong 1 21 9 5 1 36 18 % Overbygg 21 10 3 2 36 32 % I-mek 19 16 1 0 36 35 % Elektro 30 4 1 1 36 7 % Røyrleggar 30 5 0 1 36 1 inkludert eventuelt gjødsellager 2 Fordelinga av byggekostnad pr. del av bygg er ut frå sum av alle pristilboda på prosjektbruka. I tillegg kjem 2% i uføresette kostnader som ikkje er vist i tabellen 19

3.6.2. Råd om prisinnhenting Med bakgrunn i deira erfaringar i byggeprosessen, vart prosjektbrukarane bedne om å gje råd om kva ein bør legge vekt på når ein skal hente inn prisar for eit bygg, jf. tabell 3.10. Tabell 3.10. Råd ved innhenting av prisar på fjøs, tal svar Tal svar Innspel 10 Legg vekt på pris og kvalitet Pris er viktig, men det må leggast avgjerande vekt på kvalitet og ferdigstilling til avtalt tid Velg firma etter referansar og omdømme Sørg for at pristilbodet er inklusiv alt/komplett leveranse/bygg, slik at du ikkje får pristillegg pga. manglande spesifikasjon Spør firmaene etter referansar. Snakk med eller besøk gardbrukaren som har nytta firmaene for å få tilbakemeldingar på firmaet og byggeprosessen Når du besøkjer fjøs, spør kven som har vore leverandørar og om gardbrukaren er nøgde med firmaet 8 Hent prisar frå fleire Det er prisvariasjon mellom leverandørar og entreprenørar, hent prisar hjå fleire for å gjere deg opp ei meining om prisnivået Leverandørane og entreprenørane har oftast prutingsmon, forhandle om prisen 1 Avtal pris skriftleg på ekstraarbeid - før arbeidet vert sett i gang 3.6.3. Kostnad for nytt fjøs budsjett og byggerekneskap Vi har samanlikna innhenta pristilbod med byggerekneskapen på 34 bruk. Dette er løpande tal for perioden 2007-2010, dvs. ikkje korrigerte for prisstigning. Ikkje alle brukarane har talfesta eigeninnsatsen, og det varierer difor kor mykje av denne som er med i byggekostnaden. Reelt sett er difor byggekostnaden truleg litt høgare enn det byggerekneskapet viser, og avviket mellom byggerekneskap og budsjett er dermed noko større enn det som går fram av tabellen. Tabell 3.11. Avvik i kostnad mellom byggerekneskap og budsjett for fjøsbygga Bruk Maksimum Minimum Snitt kr. / % Budsjett kr. 34 8 700 890 2 100 000 5 095 983 Rekneskap kr. 34 9 528 992 2 136 853 5 421 909 Avvik i kr. 34 1 414 976-443 839 325 926 Avvik i % der budsjett=100% 34 129 % 93 % 106 % I figur 3.2. syner vi avviket i byggekostnad mellom rekneskap og budsjett både som % og i kroner for dei 34 bruka. Figuren viser at det er få bruk som kjem under budsjettert kostnad. 20

Rekneskap i % av budsjett Avvik i kr. rekneskap - budsjett Byggjerekneskap jamført med budsjett Mill. kr. 140% 2 130% 1,5 120% 110% 100% 90% 80% 0 10 20 30 40 Prosjektbruk Bruk - % avvik Bruk - kr. avvik 1 0,5 0-0,5-1 Figur 3.2. Avvik i byggekostnad mellom byggerekneskap og budsjett for dei 34 bruka Av dei 34 bruka der vi har samanlikna pristilbod med byggerekneskap, er det berre 19 bruk der vi kan samanlikne dette pr. kostnadspost. Årsaka er at ein i byggerekneskapen ofte har slått saman fleire kostnadspostar, t.d. betongarbeid og overbygg. Men nyttar vi tala frå dei 19 bruka som uttrykk på kva kostnadspostar som har størst avvik, får vi ein klar indikasjon på kva kostnadspostar ein bør retta størst merksemd. Tabellen 3.12. viser at det er viktigast å ha fokus på betongarbeid, overbygg samt innreiing og teknisk utstyr. For andre deler av landet, med meir sprengingsarbeid, vil truleg også grunnarbeid vera ein post å ha ekstra fokus på. Tabell 3.12. Rekneskap i prosent av budsjett pr. post for 19 av fjøsbygga Bruk Maksimum Minimum Snitt byggerekneskap i % av budsjett Snitt kostnad i byggerekneskap Grunnarbeid 19 280 % 43 % 104 % 341 135 Betongarbeid 19 203 % 67 % 110 % 1 405 926 Overbygg 19 171 % 76 % 113 % 1 465 086 Innreiing og teknisk 19 252 % 58 % 106 % 1 829 500 utstyr Elektrikar og røyrleggar 19 170 % 27 % 95 % 341 473 Evt. gjødselkum 3 135 % 0 % 48 % 442 167 Byggeleiing 1 92 % 0 % 92 % 208 020 Sum avvik 19 129 % 96 % 108 % Avvik i kr. 19 1 414 976-213 230 399 625 Desse samanlikningane viser at vi i driftsplanane truleg bør auke posten «uføresett» til 8-10%, frå 5% som mykje har vore praktisert i driftsplanlegginga. Dette for å ta høgde for avvik i byggekostnad i høve til budsjettet. 21

I prosjektet har vi ikkje gjort forsøk på å samanlikne kostnad pr. m 2 bygg, pr. båsplass eller liknande, då bygga er ganske ulike med omsyn til mekanisering av fôringslinje, ungdyroppdrett, mjølkesystem, isolert/uisolert bygg osv. 3.7. Innverknad av fagmiljø og regionale forskjellar på satsing I ulike undersøkingar har det kome fram at eit sterkt fagmiljø betyr mykje for motivasjon og vilje til satsing i landbruket. I ettertid ser vi at prosjektet har hatt for lite fokus på å undersøkje korleis det lokale fagmiljøet verkar inn på brukarane si vurdering av kor vidt dei skal satse eller ikkje. Dette må sjåast på bakgrunn av at i Rogaland er viljen til å satse generelt stor. Særleg på Jæren er det lett å gløyme denne faktoren, då eit sterkt fagmiljø vert teke for gitt. Sjølv om det føregår ei sterk strukturrasjonalisering på Jæren òg, merkast det ikkje så godt pga. korte avstandar mellom bruka, og mange produsentar «å ta av». Som døme på kor viktig eit sterkt fagmiljø er for avgjerda om å satse og bygge, kan vi lytte til kva denne kvinna i 20-åra fortel: Hadde det vore ei bygd der den eine etter den andre la ned og det var eit daudt miljø, men innover her så er det eit kjempebra miljø. Det trur eg har veldig mykje å seie, det å sjå at andre også satsar, det blir litt pågangsmot det òg. Då har du lyst. Det er òg velkjent at det er regionale forskjellar i haldningar og vilje til å satse, og at gardbrukarar i nokre regionar er meir forsiktige enn i andre, slik denne utsegna frå paret i 40-åra underbygger: Det som eg synes er forskjellen med her nord for Boknafjorden, så verkar det som at vi tenker litt meir gjennom det. Sjølv om finansieringa er i orden og alt, så blir det kanskje ikkje bygga likevel. Medan på Jæren, viss du har finansieringa i orden, så bygge du. Ein stor del av prosjektbruka har gjennom si utbygging vakse forbi mange andre bruk i bygda. Dermed blir dei òg oppfatta av mange sambygdingar å vera blant dei som driv fram ei strukturrasjonalisering, noko som blir oppfatta negativt. Dette paret i 40-åra har merka dette på kroppen: Det blir sett negativt på av våre eigne yrkesbrør at vi har bygga nytt. Det er stadig det vi får høyre, dei store er det mykje negativt med på den eine eller andre måten. Nå er vi eigentleg ikkje store, men i forhold til dei som er her, så er vi det. Er vi på møte eller noko så kan du vera sikker på at dei skal fortelje kor dårlig økonomi det er og slikt, så vi har valt å seie minst mogleg. Du får ikkje noko positiv tilbakemelding, så då gidder vi ikkje det. Vi er dei einaste i bygda som har satsa på denne måten, veit ikkje kva som eigentlig gjere det. 22

4. ENDRINGSFASEN Endringsfasen er svært krevjande. Dagens produksjon skal køyrast parallelt med at nytt fjøs skal byggast. Kanskje skal det også gjerast eigeninnsats i bygginga. Ein skal stå klar til å fylle nytt fjøs med dyr og større produksjon når det er ferdig. Ny teknologi skal takast i bruk og lærast. I dette avsnittet ser vi på kva erfaringar prosjektbrukarane har gjort seg, og kva råd dei kan gje til andre i denne fasen. 4.1. Eigeninnsats ved bygging av fjøset 4.1.1. Eigeninnsats eller ikkje? Dette er alltid eit omdiskutert tema når det skal byggast. Det er ofte ulike, og gjerne motstridande, meiningar om kor viktig det er å legge ned stor eigeninnsats i eit byggeprosjekt. Ein mann i 40- åra og eit par i 50- åra ordla seg slik: Det som eg klarte å fange opp og det som eg klarte å ta av arbeid, det trur eg gjorde heile prosjektet billigare rett og slett, og det trur eg var på grunn av at eg hadde eit skikkeleg eigarskap til dette. Hvis du ikke maktar (klarer) å ha det travelt, så skal du aldri tenke på eigeninnsats Paret i 50-åra driv både ein husdyr- og planteproduksjon i tillegg til mjølkeproduksjonen, medan mannen i 40-åra kunne konsentrere seg om mjølkeproduksjonen. Utsegnene må difor vurderast opp mot det totale arbeidsomfanget på bruka, samtidig som dei skulle bygge nytt kufjøs. Såleis må ein vurdere den totale arbeidsbelastninga og kor mykje fokus eksisterande produksjonar krev, når ein skal vurdere kor mykje ein kan utføre sjølv. Det er viktig å vera medviten på kvifor ein vil gjera eigeninnsats og kva ein kan bidra med i ein byggeprosess, slik denne mannen i 50-åra og paret i 40-åra poengterer: Eg har litt innsikt i det og veit korleis ting skal vera og gjerast. Så sjølvsagt viss du er heilt grøn på det så er det ikkje noko poeng i å gå og tulle der. Men alle kan rive forskaling og reinske opp og halde det i orden slik at alt ligg klart. Det sparer handverkarane for kjempe mykje tid. Viss du skal gjere eigeninnsats så plukk ut noko og gjer det. Eigeninnsats inn i noko som andre gjere er det lite pengar å tene på. Det som ein kan tene pengar på er at du plukkar bort risikoen. Gevinsten du får er viss du klarar å gjere det sjølv utan at det skjer noko uføresett. Dette viser at ein bør ha klare tankar og strategiar om kva eigeninnsats ein vil gjere avhengig av erfaring og kompetanse. Dersom ein skal gjere mykje sjølv, kan ein leige avløysar i fjøset i byggeperioden og dermed få frigjeve tid, slik paret i 40-åra gjorde: 23