Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal (grunneigarar)
Aktuelt område ligg på aksen frå bruk 40/13 til Vetlatræet i nord:
Eldre historie før 1800. I gards- og ættesoga for Hatlestrand sokn utgjeve 1987 står det: Hauge er ein gamal gard, men utan synlege merke etter tidleg busetnad. Namnet Hauge er som usamansett naturnamn rekna som av dei eldste. Slik garden ligg til, nær sjøen og god hamn, skulle ein tru han måtte vera ein stad dei første busitjarane slo seg til på. I skriftlege kjelder finn ein garden nemnt frå om lag 1600. Garden var då eit klostergods under Munkeliv. Frå 1660-tallet har bøndene på Hauge vore sjølveigande, og såleis ikkje vore baronibruk slik mange andre bruk i bygda var det til inn på 1900-tallet. Delinga av garden i dei to likeverdige hovudbruka ein har i dag, skjedde allereie rundt 1680 då to brør overtok kvar sin halvpart frå far sin. Fram til utskiftninga i 1912 var det eit felles tun for begge bruka, der tunet på 40/1 Eilevane er i dag. Tunet til Hansane 40/3 vart då flytta sørvestover. 1800-tallet. I 1801 reknar ein med at det budde 15 personar på Hauge i 3 huslydar. Rundt 1900 har folketalet auka til heile 65 i om lag 10-12 huslydar, og Hauge var på den tida garden med flest busette på Hatlestrand. I tillegg til folka på hovudbruka, var det husmenn, båtbyggjarar, sjøfolk, bøkkarar, skomakarar og fiskarar. Det var skild ut fleire husmannsplasser og andre budde som oppsitjarar og strandsitjarar på bygsla tomter. Husmannsplassene Skomakarplassen, Dunbakken, Larsaplassen/Kleiva, Nedrebøen/Nystad og Nylund som framleis er eigne bruk, stammar frå denne tida. Eit anna, Vetlatræet, som låg i området for dei planlagde bustadtomtene, har ikkje hatt eige bruksnummer, og gjekk tilbake til hovudbruket på 1900-tallet. Siste hundreåret. Folketalet på Hauge er i dag tilbake på nivå med 1801, men i dobbelt så mange huslydar. Alle husmannsplassane er fråflytta, og husa borte, med unnatak av Larsaplassen/Kleiva, Nedrebøen/Nystad som tener som fritidseigedomar og Nylund som har fast busette. Ved sjøen (i dag nedanfor riksvegen) vart det på 30 og 40-tallet skild ut to eigedomar frå 40/1 (Haugeteigen og Fritun) der det vart sett opp hus. Her var det fastbuande til nærare 2000, men tener i dag som fritidseigedomar. Inne på bruk 40/1 vart det rundt 1960 selt ei tomt der det vart sett opp hus bruk 40/13. Ei einsleg mor budde her til ho døydde i 1978, dottera til ho døydde i 1990. Eigedomen som f.t. er utleigd som heilårsbolig, har i dag same eigar som hovudbruket, og vert teke med i reguleringsplanen for nye bustadtomter.
Vetlatræet. Husmannsplassen Vetlatræet (el Kalvatræet), som ligg innanfor planlagt tomteområde, vart truleg reist ein gong på 1860-tallet. Olav E Hauge 1850-1932 og kona Ales 1845-1908 fekk her 8 born. Ingen av dei 5 som vaks opp busette seg på bruket, men dei to eldste sønene vart buande på andre husmannsplasser på Hauge Kleiva og Nylund. Det er difor i dag direkte etterkomarar etter folket på Vetletræet på tre bruk på Hauge, samt i andre bygder i Kvinnherad og i USA. Sjølve husmannsplassen fekk aldri eige bruksnummer, og gjekk tilbake til hovudbruket 40/1 når Olav E Hauge døydde i 1932. Husa stod tomme ei tid, men vart tekne ned og nytta som material til løe og naust på det nye småbruket Haugeteigen ved sjøen, som vart skild frå 40/1 rett før 2. verdskrigen. I dag står grunnmurane av huset på Vetletræ overgrodde slik biletet nedanfor viser. Historien må sjåast som eit aktivum for ei ny tomt Vetlatræ, og bør takast omsyn til ved ei utbygging. I det heile er tanken bak utforminga av tomtene å trekkja linjer tilbake til husmannsplassane. Men fornminnet er neppe av så stor og særleg verdi at fornminnet må vernast for inngrep.
Hansasaga og kvednhus Utskiftninga på Hauge i 1912, som blant anna førde til at klyngetunet vart løyst opp, og bruk 3 Hansane laut flytta husa, førde og til at dei viktige vassfalla vart liggande på bruk 40/1. Difor fekk Hansane rett til å ha sag og kvednhus inne på nabobruket (merka Sag og kvednhus på kartet) Sagbygningen står framleis ganske intakt. Kjelder kan hugse at saga var i bruk på 50-tallet. Skovlhjulet vart då øydelagt, og ein snikkar i bygda laga nytt. Dette vart likevel aldri montert, men står fortsatt i sagbygningen som vist på bilete. Kjelder trur at kvedna vart nytta under 2. verdskrigen, og at kvednhuset vart rive på 50-tallet. Takstein og kvednstein står framleis på grunnmurane som er tilnærma intakte. Som vassmagasin for sag og kvedn vart Hansadammen inne på bruk 40/3 demt opp med ein fast demning som framleis viser i terrenget. Sjølve damarealet er oppdyrka etter at saga ikkje lenger vart brukt.
Ved planlegging av nye tomter i området rundt Hansasaga og kvednhusmurar, vil det vera sjølvsagt at denne kulturhistorien vert teken vare på og sikra. Bygningar og historie vil vera ein stor tilleggsverdi for tomtene.
Bruk 40/1 hadde truleg kvednhuset sitt lenger ned i bekken, der det framleis ligg kvednsteinar og restar av ein liten grunnmur. Her nytta ein truleg oppdemming av Glipen som vassmagasin, i tillegg til at ein kunne nytte same vatnet som dreiv Hansasaga/Hansakvedna. Kulturlandskap drift. Kor tid oppdyrkinga av gardane på Hauge skjedde er uvisst, men allereie på 1600-tallet hadde ein fôr til rundt 20 storfe og liknande antall småfe, og dyrka knapt 20 tønner korn. Siste halvdel av 1800-tallet var desse talla auka monaleg til 25 storfe, 82 sau, 2 hestar, 44 tønner korn og 48 tønner poteter. I dag er det berre sjølvstendig landbruksdrift på 40/1 av bruka på Hauge. Dei andre er anten bortleigde eller innlemma i andre gardar. Innmarksteigen på 40/1 utgjer totalt 58 da., av dette er 32 da dyrka mark, resten innmarksbeite, litt skog og tun. Rundt 1980 vart det bygd heilt ny driftsbygning for smågrisproduksjon og sau, i 2000 vart denne ombygd til mjølkeproduksjon. Drifta i dag er økologisk mjølkeproduksjon og noko sau, i svært stor grad basert på leigejord elles i bygda. Med tilgang på leigejord både til slått og beite, er det ei kjennsgjerning at dei minste og dårlegaste teigane på eigen gard vert nedprioritert, t.d. når det gjeld vedlikehald av grøftar. Likeeins er mange beiteteigar for små og av liten verdi ved moderne drift, og desse har siste tiåra grodd igjen med krattskog. Dette gjeld bl.a. areala ein no planlegg å legga ut som tomter, og som viser på fylgjande bilete. Ein legg likevel vekt på at tomtene ikkje vert lagt på dyrka mark, men heller at planane opnar for betre tilkomst til areala slik at desse kan rustast opp igjen. Eit velstelt nærområde vil og vera av verdi for tomtene. Areal mot planlagt tomteområde som må grøftast i samband med utbygging. Krattskogen på planlagt tomt Vetlatræ som no vert fjerna. Kjelder: Arne Stuland Kvinnherad naturtilhøve og gardssoga 1924 Erling Vaage Kvinnherad 2 Gards- og ættesoga 1987 Bjarne Hauge Slektsbok for Kvinnherad band 1 Ølve-Hatlestrand-Mauranger 2010 Samtalar med: Eivind Hauge, busett på Nylund, slektar frå Vetlatræ Bjarne Hauge, Årland i Samnanger, oppvaksen på Haugeteigen og noværande eigar, forfattar til siste slektsboka for bygda