døden Livet etter ... HELG fredag 19. desember 2014 Då kvelden går mot slutten, seier ho til Kathrine at ho har funne meininga med livet.



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

«Ny Giv» med gjetarhund

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

I N N H O L D. Forord

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Jon Fosse. For seint. Libretto

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Eit barn for lite. Marie levde ikkje sitt korte liv forgjeves. Ho lærde oss mykje, seier f. 18 Reportasje

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe


BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

mmm...med SMAK på timeplanen

Brødsbrytelsen - Nattverden

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Månadsplan for Hare November

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose


LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Tor Arve Røssland. Oslo

Setring ved Håbakkselet Hareid

Månadsbrev for Rosa september 2014

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Valdres vidaregåande skule

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Velkomen til Mork barnehage

Eit friminutt frå sorga

Bearbeiding av vonde livserfaringar. 2.juni 2016 Ingen skal bære alene

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Kvalitetsplan mot mobbing

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Om å høyre meir enn dei fleste

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

Transkript:

13 Då kvelden går mot slutten, seier ho til Kathrine at ho har funne meininga med livet. Marta Margrete Økland (t.v) og Kathrine Fedøy TEKST: Anders Totland FOTO: PER EGIL LARSEN LAYOUT: LENA HERLAND EIDE Det er 19. desember og første dag i juleferien, då Marta Margrete Økland kjem heim til Tysnes. Etter ein tung og mørk haust, med fleire sjølvmordsforsøk, verkar ho lettare til sinns enn på lenge. Både familie og venner senkar skuldrene, og ser fram til ei fredeleg julefeiring. Margrete, som går på skule på Fitjar, møter igjen bestevenninna Kathrine Fedøy. Saman går dei på ungdomsklubb, og køyrer rundt på øya for å snakka med folk. Sjølv om Marta til vanleg er ei stillferdig jente, som helst sit for seg sjølv på rommet og skriv dikt, har ho mange ho vil snakka med denne kvelden. Alle konfliktar ho har hatt, skal ordnast opp i. Då kvelden går mot slutten, seier ho til Kathrine at ho har funne meininga med livet. Ho vil ikkje utdjupa kva ho meiner, men Kathrine får inntrykk av at venninna, som lenge har slite med psyken, er roleg og trygg. Heime på Flatråker har Marta huset for seg sjølv. Begge foreldra er vekke til neste dag, på jobb og møte. Ho lukkar døra til soverommet for siste gong, og legg igjen ein papirlapp med sju små ord....

14 Eg mista meg sjølv heilt, og det einaste som var igjen var eit Mange seier at det kjennest som om livet fell i grus når nokon ein er nær går bort. Men det var ikkje livet som gjekk i stykker. Livet gjekk vidare, men eg gjekk i stykker. Eg mista meg sjølv heilt, og det einaste som var igjen var eit voldsamt sinne og ei djup fortviling. Sjølv om eg etter kvart klarte å gje inntrykk av at eg fungerte, og fekk meg utdanning og jobb, var det kaos og vonde kjensler som regjerte på innsida, seier Kathrine. 22 år etter at ho mista bestevenninna si, er framleis tomrommet etter Marta Margrete Økland både stort og vondt for Kathrine Fedøy. Sjølv om ho ikkje mangla venner i ungdomstida, var det ingen som var like nære som Marta. Ho var ikkje så flink til å snakka om ting, og delte ikkje så mykje. Eg trur det var difor me fann kvarandre, for me hadde begge ting å streva med, og ingen av oss likte å snakka om det. Me kunne berre vera saman, utan at det blei stilt krav til nokon av oss. Det var noko av det fine. Me forstod kvarandre, fortel Kathrine. Då Marta døydde, gjekk eg med ei grunnleggjande kjensle av djup fortviling og sinne. Eg lova meg sjølv å aldri sleppa nokon så tett innpå meg igjen, slik at eg ikkje kunne bli så såra ein gong til. Det er det dummaste løftet eg har gjeve meg sjølv, men eg har halde det. Det er først no når eg har blitt vaksen at eg har sett kor viktig det er å sleppa folk inn, men no klarer eg det ikkje, etter å ha halda alle på avstand så lenge, seier 41-åringen. Ho ønskjer meir openheit om korleis sorga kan ta ulike former, for at andre skal komma seg gjennom dei tøffe taka på ein betre måte enn ho sjølv har gjort. Eg ser no at min måte å takla dette på har vore usunn og til skade for meg sjølv. Eg avviste alle rundt meg, og sjølv om det snart er 22 år sidan, har eg framleis eit godt stykke igjen av sorgprosessen min, seier Kathrine. Då Marta døydde, gjekk eg med ei grunnleggjande kjensle av djup fortviling og sinne. Kathrine Fedøy I fleire år prega tapet av venninna henne. Same kva ho prøvde, kom ikkje Kathrine seg vidare i livet. Redninga, fortel Kathrine, var å bli mor. Då gjekk det opp for henne at det verkeleg var eit liv etter - for dei som sit igjen. Det var først då eg fekk ein son for åtte år sidan at tomrommet blei fylt. Eg fekk fred i sjela og kunne gle meg over livet igjen, seier Kathrine. Det er ingen som veit kor mange som velgjer å avslutta livet sjølv. Offentlege tal tyder på mellom 400 og 500 personar kvart år. Linda Amundsen, som er leiar i Leve Hordaland, meiner det er grunn til å tru at om lag ti prosent av desse kjem frå Hordaland. Når det då er om lag ti menneske rundt kvart enkelt dødsfall, kan du rekna på kor mange som er rørt av dette. Det blir fort mange tusen i løpet av nokre år, seier Amundsen som jobbar

voldsamt sinne og ei djup fortviling. for å sikra omsorg og støtte til pårørande etter sjølvmord. Ho meiner det er viktig at både støtteapparatet for dei etterlatte, og samfunnet elles, er medvitne dei utfordringane som følgjer i kjølvatnet av eit sjølvmord. Som etterlatt etter sjølvmord slit ein med heilt andre ting enn om ein til dømes mister nokon i ei bilulukke, eller andre brå dødsfall. Særleg gjeld dette den skuldkjensla og skammen mange kjenner på når ein av deira nærmaste tar sitt eige liv. Ein kan ha gjort sitt ytterste for å strekka ut ei hand og gje hjelp, men når det av ulike grunnar ikkje lukkast, og utfallet blir at livet blir avslutta på ein så tragisk måte, er det tungt. Sjølv om andre menneske kan seia at du har gjort alt du kan, tar det ofte veldig lang tid før ein kan klara å integrera dette i eigen fornuft og i sine eigne kjensler. Somme klarer det aldri, og klandrar seg sjølv så lenge dei lever, seier Amundsen. Kathrine Fedøy sleit lenge med tapet av venninna. Ho er oppteken av at støtteapparatet er på hogget, og ikkje let det vera opp til den enkelte pårørande å finna hjelp. Dei etterlatte har ikkje peiling på kva form for hjelp dei treng i slike situasjonar. Då er det hjelpa som må komma til den etterlatne. Det fungerer bra ein del plassar i Hordaland, men me kan ikkje seia at det fungerer like godt i alle kommunane, seier Amundsen. På grunn av at sjokket er så stort for dei som sit igjen etter eit sjølvmord, meiner Amundsen det kviler eit ekstra stort ansvar på støtteapparatet til å følgja opp meir standhaftig enn i andre saker. Eg vil ikkje seia at dei må masa, men dei må ikkje gje seg. Det kan godt vera at ein først takkar nei til tilbod om hjelp, men likevel har behov for det. Om ein som støtteapparat blir avvist, bør ein prøva å ta kontakt på ny etter ei tid, seier Amundsen. Ho har ei klar oppmoding til alle 15 Ein kan ha gjort sitt ytterste for å strekka ut ei hand og gje hjelp, men når det av ulike grunnar ikkje lukkast, og utfallet blir at livet blir avslutta på ein så tragisk måte, er det tungt. Linda Amundsen som kjenner nokon som opplever sjølvmord i familien eller omgangskretsen: Ta kontakt. Ingen ventar at nokon skal klara å setja seg inn i kva dei etterlatte går gjennom, men berre det å oppleva medmenneskelegheit og omsorg betyr veldig mykje. Det treng ikkje å vera så viktig kva ein seier. Eit klapp på skuldra eller eit handtrykk kan vera nok, seier Amundsen. Det, meiner Amundsen, kan også vera god sjølvmordsforebygging. Me veit kor viktig det er for folk å bli sett. Det å bry seg om og inkludera andre menneske, det er enkle tiltak i kvardagen som har vesentleg effekt, seier Amundsen....

16 Ta kontakt. Ingen ventar at nokon skal klara å setja seg inn i kva medmenneskelegheit og omsorg betyr veldig mykje. Mona Lene Hareide (t.v) og Kathrine Fedøy. Mona Lene Hareide blar i gamle album, og finn fram dei bileta ho likar best. Ho smiler forsiktig når ho ser dei gamle fotografia, samstundes som klumpen i halsen får stemma til å skjelva. Det er snart 22 år sidan veslesøstera, Marta Margrete, tok livet av seg. Framleis er det vanskeleg å snakka om. Det er når ein plutseleg blir lettare til sinns, og mindre dyster, ein skal bli uroleg. Det har me lært i ettertid. Hadde me visst det då, hadde sjølvsagt alarmane ringt. Men me visste ikkje, seier Mona Lene som fortel om ei sprudlande og blid veslesøster. Overgangen kom då Marta Margrete byrja på ungdomsskulen. Me vaks opp i ein kristen heim, og det er klart at alle hadde vel eit slags ungdomsopprør på kvar vår måte. Marta Margrete byrja å sminka seg, tok hol i øyrene og gjekk på fest. Det blei ein markant overgang frå barneskulen til ungdomsskulen. Tysnes er ei lita øy, med eit lite miljø. På den tida hamna du anten blant dei tøffe og På den tida hamna du anten blant dei tøffe og kule eller blant dei søte og snille Mona Lene Hareide kule eller blant dei søte og snille, fortel Mona Lene. Sommaren før Marta Margrete tok livet av seg, gifta Mona Lene seg. For første gong skulle ho feira jul med dei nye svigerforeldra i Molde. Marta Margrete hadde vore tidleg ute med julehandelen, og gåva frå veslesøstera var med i bagasjen då Mona Lene sette seg på flyet nordover. Ho var så roleg, og det verka som ho såg så lyst på livet. Difor reiste eg med god samvittigheit, fortel Mona Lene. Det kom difor som eit sjokk då eldste søstera ringde på morgonen 20. desember. Eg hugsar at eg sette meg på senga og gret, og tente meg ein røyk. Det er første og siste gong eg har gjort det. Då ho ringde forstod eg at Marta Margrete verkeleg hadde bestemt seg. Om dei andre forsøka var rop om hjelp, hadde ho no teke valet som ikkje kunne gjerast om. Tre dagar seinare, på veslejulaftan, blei Marta gravlagd. Dagane etterpå blei fulle av kontrastar for familien på Flatråker. Dottera og veslesøstera, Marta Margrete, var død, men i heimen var det framleis liv, der fire små gledde seg til julefeiring og presangar. Jula blei heilt surrealistisk, med grining og song om kvarandre. Hadde det ikkje vore for desse niesene og nevøane våre, veit eg ikkje korleis det skulle gått, fortel Mona Lene. I løpet av juleferien blei det invitert til ei samling for ungdommane i bygda, for å snakka om det som hadde skjedd. For søster Mona Lena var det tøft, men i ettertid er ho glad for at dei valde å gjera det slik. På den samlinga, der me hadde med både prest og lege, kom det fram at det var fleire andre i miljøet som hadde gått med dei same tankane som Marta Margrete. Eg veit ikkje om me faktisk avverga nye sjølvmord den kvelden, men det fekk i alle fall fleire til å tenkja over korleis det er for dei som må leva vidare etter at nokon har teke sitt eige liv, seier Mona Lene.

dei etterlatte går gjennom, men berre det å oppleva 17 Liv Kari Bru var den siste leiaren av Leve i Sunnhordland. Finn trøyst i fellesskap Det er veldig ulikt kva folk føler er godt for dei. Medan somme synest det er ei belastning å vera saman med mange som har opplevd det same, og føler at dei på ein måte ikkje kjem seg vidare, er det andre som synest det er god hjelp i å møta andre med like erfaringar, seier Liv Kari Bru. Ho var den siste leiaren i Leve sitt lokallag i Sunnhordland. Etter nokre år med liten aktivitet, blei laget lagt ned, og sunnhordlendingane i laget høyrer no til i Leve Hordaland. Men sjølv om det ikkje lenger finst ein lokal Leve-møteplass på Stord, og Bru har skifta jobb frå soknediakon til kyrkjeverje, jobbar ho framleis med etterlatte etter sjølvmord. Alle som opplever å mista nokon på Stord, får tilbod om sorggrupper. Dei som opplever brå død og ulukker får endå meir tilbod om oppfølging. Så er det opp til den enkelte å seia ja eller nei, men me gjev i alle fall tilbodet, seier Bru. Kva gjer de der? Det er ein fast liturgi kvar gong, men det er ikkje noko kyrkjeleg innhald i det. Det er dei som kjem som styrer samtalen, og det er mykje snakk om dei som er døde, og reaksjonane til dei etterlatte. Målet er at folk skal få verktøy til å meistra livet utan at det vonde skal dominera fullstendig, seier Bru som fortel at det no er soknediakon Lisbeth Nygård som leiar sorgarbeidet til kyrkja. Linda Amundsen i Leve Hordaland mei- Målet er at folk skal få verktøy til å meistra livet utan at det vonde skal dominera fullstendig ner den felles referansebakgrunnen til dei etterlatte gjer noko med forståinga av kvar enkelt sine traume. Ein finn ofte gjenklang hos andre i alle dei spørsmåla og kjenslene ein sit igjen med. Det å møta andre, og sjå at livet går vidare, sjølv om det kan ta tid, er veldig nyttig, seier Amundsen. Ho meiner fellesskap med andre som er i same situasjon også kan vera verdfullt over tid. Etter kvart som det går mange år sidan sjølvmordet, er det ikkje så mange miljø igjen der ein kan snakka om dette. Då har denne gruppa vist seg å vera god for mange, seier Amundsen. Liv Kari Bru...

18 Sjølv bak dei mørkaste skyer skin sola. Hald fast på håpet Sjølv bak dei mørkaste skyer skin sola. Det er bodskapen til Liv Åse Dybdal ved Stord DPS. Me må aldre gløyma at det er håp. Uansett kor mørkt det ser ut, finst det ei framtid, der ting kan bli betre, seier Liv Åse Dybdal, som er leiar for Stord DPS. Gjennom jobben møter ho ofte personar som går med tankar om å ta livet av seg. Hennar inntrykk er at problematikken er relativt utbreidd i vårt lokalsamfunn. Men det betyr ikkje at alle som tenkjer på dette har ei psyksik liding. Dette kan vera tankar ein får i ein fortvila livssituasjon, der ein ikkje ser noko meining med å leva vidare. Det er først når desse tankane kvernar vidare, og det blir meir langvarig og konkret det byrjar å bli skummelt, seier Dybdal. Me ser at det ofte er dei som er djupt deprimerte som kan få alvorlege tankar om å ta livet av seg. Det kan vera så slitsamt og plagsamt med dei lidingane dei har, at dei rett og slett ikkje orkar meir, seier Dybdal. Ifølgje Dybdal er det fleire risikofaktorar som går igjen hos personar med sjølvmordstankar. Det kan til dømes vera ein kjærast som går sin veg, dårlege prestasjonar på skulen eller å mista jobben. Om ein mister alle desse haldepunkta som held oss på plass til kvardags, kan det bli ei massiv oppleving av at ein ikkje lukkast med noko i livet. Det kan vera skummelt, seier Dybdal, Psykologspesialist Beate Gjermstad har følgjande råd til dei som opplever at personar i nær omgangskrets ikkje klarer å finna lyspunkt i livet lenger. Dersom ein opplever at nokon i familien eller andre ein kjenner slit psykisk, og ein er bekymra for om dei kanskje har tankar om at dei ikkje vil leva lenger, er det viktig å spør direkte om dette. Mange vil kanskje vegra seg for å spør om noko så vanskeleg fordi dei er redde for å støta, såra eller provosera. Eg tenker at det å spør heller er eit uttrykk for omsorg og at ein bryr seg om ein. For mange er det nok også lettare å innrømma at dei har sjølvmordstankar når nokon spør om dette, og vegen er då oftast kort vidare til behandlingsapparatet. Å våga å spør kan faktisk utgjera ein veldig stor skilnad, og kanskje også bidra til å redda liv, seier Gjermstad. For mange er det lettare å innrømma at dei har sjølvmordstankar når nokon spør om dette Beate Gjermstad Difor skriv me om sjølvmord Sjølvmord blir som regel ikkje omtala i media. Det er det gode grunnar til. Aller tyngst veg argumentet om at merksemd kring sjølvmord medfører ein viss fare for at andre kan komma på same tanken, og dermed føra til ein slags smitteeffekt. Difor skriv me ikkje om enkeltpersonar som tar livet av seg, slik me dekkjer andre dramatiske hendingar i nærmiljøet der nokon mister livet. I haust har me sett ei klar oppmjuking av dette i både TV og aviser over heile landet. Meir eller mindre profilerte personar har stått fram og fortalt om sine opplevingar, for å setja søkjelys på det dei meiner er meir enn personlege kriser. Sjølvmord er, om me løftar blikket frå enkeltlagnadene, eit samfunnsproblem. Det fortener meir merksemd enn kryptiske notisar. Dette viser også igjen i pressa sine etiske retningslinjer, Vær Varsam-plakaten, som blei endra for få år sidan. Der det tidlegare stod at sjølvmord og sjølvmordsforsøk som hovudregel ikkje skulle omtalast, står det no følgjande: «Vær varsom ved omtale av selvmord og selvmordsforsøk. Unngå omtale som ikke er nødvendig for å oppfylle allmenne informasjonsbehov. Unngå beskrivelse av metode eller andre forhold som kan bidra til å utløse fleire selvmordshandlinger». Som fleire av ekspertane i reportasjen påpeiker, kan det vera godt å snakka om dette problemet, både for pårørande og personar som går med slike tankar. Det ynskjer me å bidra til, ved å reisa debatten på ein sakleg og nøktern måte lokalt. Vonleg bidrar me til å senka terskelen for å snakka om sjølvmord og sjølvmordstankar eit lite hakk. Det er ikkje triveleg å lesa om. Men så er heller ikkje verda ein triveleg plass alltid, for alle..red