Eit friminutt frå sorga

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Eit friminutt frå sorga"

Transkript

1 Lokalavisa for Seljord - Kviteseid - Nissedal - Fyresdal - Tokke - Vinje Telemarks største lokalavis Nr årgang Laurdag 7. juni Kr 20,- Totaks strender: Det har blitt mange og lange turar langs strendene i Rauland for Anne Grete Larsen. Tida sidan Erlends brå død i fjor sommar har vore tøff. Diakon Eilev Erikstein trur på Anne Gretes metode. Det er lett å bli sitjande fast i sorga. Går du, har du framleis håp, seier han. (Foto: Randi Berdal Hagen) Eit friminutt frå sorga Det er under eitt år sidan Erlend Larsen døydde. Saknet er sterkt, og Anne Grete Larsen brukar naturen som terapi. Ho omtalar pilegrimsvandringa for etterlatne etter sjølvmord som «eit friminutt frå sorga». Side «Om fjellheimen er stor og vid og «endelaus», kan ein ikkje gå «over stokk og stein» og sjå bort frå reglar som er der for å bli fylgd.» Side Omkamp om eigedomsskatten Nissedal Ap vil kjempe hardt for at det ikkje skal bli eigedomsskatt på hus, hytter og næringa i kommunen. Partiet vil jobbe fram eit budsjettforslag utan eigedomsskatt, men som igjen kan råke skulestrukturen. Side 2 og 3 Tokke drøftar kommunestruktur Side 6 Unge bryr seg om samanslåing Side 7 Manndomsprøve blir utstilling Side 8 og 9

2 Laurdag 7. juni 2014 God helg med Eg bestemte meg for at kyrkja og kyrkjegarden ikkje skulle vera ein vond stad. På kyrkjegarden: Erlend og Anne Grete Larsen fekk to barn saman. No lever berre Anne Grete og dottera Kristin att. Erlend og Vegard er gravlagde på Rauland kyrkjegard, ved dei vakre strendene langs Totak. Her har Anne Grete gått tallause turar. Denne gongen har ho med seg diakon Eilev Erikstein. (Foto: Randi Berdal Hagen) 11

3 12 Vest-Telemark blad Vegen «Det er lett å bli sitjande fast i sorga. VTB Randi Berdal Hagen randi@vtb.no D ei var fire i familien Larsen. Det vil seie; dei vil alltid vera fire. Men Erlend og Vegard lever ikkje lenger. For Anne Grete Larsen, som var gift med Vierli-gründer og altmoglegmann Erlend Larsen i mange år, er samtale og vandring terapi i tunge stunder. Samtaler om Erlend, og om sonen deira Vegard, som omkom i ei ulykke i Erlend var ein bauta i reiselivet i Telemark. Ein hjørnestein. Ei legende blant ski- og snøbrettkøyrarar på grunn av arbeidet han gjorde med terrengparken på Vierli. Og kven finn vel på å opne eit skatehotell i Rauland? Ingen andre enn Erlend Larsen kunne fått ideen og langt mindre gjennomføre han. Men inni seg streva Erlend med mykje. Til slutt for mykje. Ein god stad Snart har det gått eitt år sidan Erlend tok det skjebnesvangre valet. Det har vore eit vondt og rart år for dei som stod han nær. Men Anne Grete Larsen er eit sterkt menneske. Det same er dottera Kristin. Eg har ikkje vore her i gravferd sidan Erlend blei gravlagd. Men det er ein god stad. Eg bestemte meg fort for at kyrkja og kyrkjegarden her ikkje skulle bli nokon vond plass å vera, seier Ho er i Rauland kyrkje saman med prostidiakon Eilev Erikstein. Det er hennar område, dette. Her har ho vakse opp, sprunge rundt som barn. Her har ho som vaksen gått tallause turar langs dei lange strendene, som i år ser nesten endelause ut. På kyrkjegarden ved Totak ligg både Vegard og Erlend. Friminutt frå sorga Erlend døydde 29. juli i fjor. Gravferda var 2. august. Ein månad seinare, fyrste helga i september, var Anne Grete med på pilegrimsturen «Vandring for forandring», der deltakarane er etterlatne etter sjølvmord. Eilev gav ho ein brosjyre for vandringa i gravferda. Tenkte at Anne Grete kanskje ville bli med sjølv om det berre var ein månad seinare. Han hadde rett. Eg tente på det med ein gong. Tenkte det kom til å vera godt, seier Ho fekk med seg to andre pårørande som også hadde mista nokon i sjølvmord. Då eg kom dit, blei eg overraska. For alle dei andre som var der var det lenge sidan dei hadde mista sine. For meg var det så nytt. Men det gjorde ingenting, seier Ho har etterpå omtalt vandringa som «eit friminutt frå sorga». Må gå: Kjensla av å leggje av seg noko undervegs, og det å vera saman med likesinna, gjorde så godt, seier Anne Grete Larsen om «Vandring for forandring». Lange gåturar langs strendene ved Totak

4 Laurdag 7. juni vidare Går du, har du framleis håp.» Den fyrste tida går du på autopilot. Men det har jamt vore viktig for meg å vera ute i naturen, og eg hadde stort utbytte av det sjølv i tida like etter dødsfallet. Det gjev meg styrke til å koma gjennom kvelden. Det gjer godt å kjenne seg trøytt, seier Erikstein er samd. Han har mykje erfaring med sorgarbeid, sett mange måtar å takle sorg på. Det er lett å bli sitjande fast i sorga. Går du, har du framleis håp, seier Eilev. Anne Grete søkte fellesskap også då Vegard døydde. Gjennom foreininga «Vi som har et barn for lite» fann ho hjelp og støtte. Difor blei den fyrste tanken min då Erlend døydde å vera saman med andre som har mista nokon i sjølvmord. Det er noko med det å vera saman med dei som er i same bås. Snakke ope, få bekrefta at andre kanskje kjenner ting på same måte som ein sjølv, seier ho. Brått og overraskande Erlends dødsfall kom som eit sjokk på Erlend sleit med problema sine. Men eg hadde ikkje trudd han skulle gå til det skrittet. Eg trudde han ville løyse det. Nokon seier dei ikkje syntest det var rart det gjekk slik. Men for meg var det veldig overraskande, seier Eit tema som likevel av og til trengjer seg fram er skuldkjensla. Ei vanleg kjensle for dei som sit att etter sjølvmord. Eg har sjølvsagt tenkt «kvifor reiste eg ikkje opp til han den sundagskvelden?» Men eg hadde hatt ei god samtale på telefonen med han tidlegare, i fred og fordragelegheit heldigvis, fortel Eit spørsmål ho oftare stiller seg, er «kva tenkte du på då, den kvelden du bestemte deg?» Eg har tenkt mykje på det. At han har fare ut i hurten og sturten og gjort det han gjorde. Kva utløyste det, undrar ho, og legg til: Erlend var utruleg vanskeleg å stoppe, i alt han gjorde. Han var eit godt menneske. I gode periodar hjelpte han dei som sleit. Men særleg den siste vinteren Erlend levde var tøff. Han blei sjuk, mista «sidesynet». Det gjekk ut over forholdet til dei næraste, vener, forretningspartarar, og dei tilsette på Vierli. I periodar av livet streva Erlend med alkoholen. Det gjorde noko med sinnet hans. Vintersesongen 2013 blei prega av store avisoppslag i fylkesavisene om interne konfliktar. har vore terapi.

5 14 Vest-Telemark blad Ein god stad: Anne Grete Larsen har vore oppteken av at Rauland kyrkje og kyrkjegarden ikkje skal bli ein vond stad å vera for henne. Ho voks opp i dette området. Prostidiakon Eilev Erikstein er imponert over Anne Gretes styrke. D å han kom litt til seg sjølv att utpå sommaren blei han veldig lei seg. Han sa «eg trudde jo at det var slik men eg skjønar no at det var feil», fortel Men det var ein forsona Erlend som døydde. Han hadde vore tørrlagt dei siste månadene. Og han hadde snakka godt med både ekskona Anne Grete, og med dottera Kristin. Han forsona seg med oss, som nok var dei han hadde såra aller mest, seier Snakk om det! Openheit og samtaler er viktig for Ein skal aldri slutte å snakke om dei døde, meiner ho. Anne Grete har opplevd det verste ein gong før. Sonen Vegard omkom i ei akeulykke då han var 8 år gamal i Eg har aldri slutta å snakke om Vegard heller. Me må ikkje slutte å snakke om dei som er borte. Det treng ikkje vera triste samtalar, me snakkar også mykje om artige episodar, og ler. Men me må ikkje late som dei ikkje har vore der, seier Ho kan fort byrje å gråte når ho snakkar om Vegard og Erlend. Men eg vil gjerne uttrykke at det er ok likevel. Det er så bra når folk spør korleis det går, om eg har det greitt at dei spør på sin måte. Når folk går forbi utan å seie noko er det veldig sårande, sjølv om dei sikkert ikkje meiner noko med det. Det gjer meg godt når nokon bryr seg, seier ho. Saknet er ein del av livet Erikstein er imponert over Anne Gretes måte å møte sorga og sambygdingane på. De gjorde det; de var opne frå fyrste dag. De hadde bestemt dykk for å ikkje leggje skjul på kva som hadde skjedd. Openheita er ei gåve til dei som møter deg og Kristin. At de snakkar om tapet, om Vegard, om Erlend og om sjølvmordet, seier han. Framleis kjennest både Vegard og Erlend nære for Nyare sorgforsking går vekk frå prinsippet om ulike fasar av sorg. For sorga er så samanvevd. Sorg er ikkje å prøve å skuve den døde frå seg og gløyme. Sorg er å la saknet vera ein viktig del av det å vera menneske, seier Eilev. Det er også prinsippet bak pilegrimsvandringa. Ikkje at ein skal gå frå dei som er borte, men at ein skal gå saman med andre som har opplevd det same som ein sjølv. Sorg er ikkje å prøve å skuve den døde frå seg og gløyme. Sorg er å la saknet vera ein viktig del av det å vera menneske. Vandring i mektig natur er terapi for å regulere kjensler. Kanskje legg ein att ei bør eller to på vegen. Alt som skjer denne helga går føre seg ute i naturen, mellom menneska. Pilegrimsvandringane har endra korleis eg tenkjer om sorg, seier Eilev. Eg har mykje meir tru på dette enn på dei tradisjonelle sorggruppene. Det å samlast og gå saman har vist seg å vera til stor hjelp for mange, seier diakonen. Det er tøft å setje seg ned og tenkje når ein er åleine, legg Anne Grete til. Snora og dragen Kvar einaste dag i vinter har Anne Grete vore på Vierli. Det har aldri vore noko alternativ å setje seg til. Det er dette Kristin skal overta og drive ein dag. Og når ikkje far hennar er her for å hjelpe, så vil eg bidra med det eg kan, seier Anne Grete. Eilev ymtar frampå at det nok er ho som har vore motoren i familien, den som har fått alt til å svive. Anne Grete smiler. Det var nok litt som du skildra oss ein gong, Eilev at Erlend var dragen som flaug i vinden, og eg stod på bakken og heldt att i snora. No er det Kristin og Anne Grete som skal føre Vierli vidare inn i framtida. Utan Erlend. Kanskje må me drive på ein annan måte. For ingen er som Erlend. Men det skò nòk gange bra, seier «Vandring for forandring» 550 menneske i Noreg vel å avslutte livet kvart år. Blant unge menn er sjølvmord den hyppigaste dødsårsaken. I år blir det for tredje gong arrangert pilegrimsvandring for etterlatne etter sjølvmord. Vandringa skjer helga september, og går frå Haukeliseter til Røldal, med overnatting på Haukeliseter båe nettene. Arrangørar er RVTS Sør (Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging), Kyrkja ved prostidiakonen i Vest-Telemark og Leve (foreining for etterlatne etter sjølvmord). Det spelar inga rolle om det er ein månad eller 25 år sidan ein mista nokon. Kjenslene rundt sjølvmord er kompliserte, seier prostidiakon Eilev Erikstein. Fyrste året var det singeltreff på Haukeliseter same helg som pilegrimsvandringa for etterlatne etter sjølvmord. Eilev og dei andre arrangørane hamna dermed i ein noko absurd situasjon då dei stod ved inngangen til fjellhytta og skulle prøve å sile ut kven som var på jakt etter kjærleiken og kven som var etterlaten etter sjølvmord. Det illustrerer godt det vanskelege med at ein ikkje ser det utanpå eit menneske kva ho ber på, seier Eilev. Vandringa skjer i vakre omgjevnader. Fyrst frå Haukeliseter til Svandalsflona, og til Røldal neste dag. Turen går i lett terreng, og ein treng slett ikkje vera supersprek. Båe overnattingane er på Haukeliseter, og ein blir frakta dit etter laurdagsetappen. Ein liten tursekk med nyste er det ein treng å bera på fysisk. Så kan ein kanskje leggje av seg undervegs mykje av børa som ikkje er av den fysiske sorten.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN 16.08.2013

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN 16.08.2013 PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN 16.08.2013 BAKGRUNN Mange barn strever psykisk Ca 20% har psykisk problemer som forstyrrar dagleg fungering Vanlege problemer: angst, depresjon

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft over tid. Psykososiale utfordringar og hensiktsmessige tiltak ved kreftsjukdom Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft Det er mange utfordringar, f.eks:

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Om å høyre meir enn dei fleste

Om å høyre meir enn dei fleste Om å høyre meir enn dei fleste Anne Martha Kalhovde Psyk spl., PhD student Leiar av Forskning og undervisningseininga ved Jæren DPS Kva slags høyrselserfaringar er det snakk om? Erfaringar med å høyre

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

døden Livet etter ... HELG fredag 19. desember 2014 Då kvelden går mot slutten, seier ho til Kathrine at ho har funne meininga med livet.

døden Livet etter ... HELG fredag 19. desember 2014 Då kvelden går mot slutten, seier ho til Kathrine at ho har funne meininga med livet. 13 Då kvelden går mot slutten, seier ho til Kathrine at ho har funne meininga med livet. Marta Margrete Økland (t.v) og Kathrine Fedøy TEKST: Anders Totland FOTO: PER EGIL LARSEN LAYOUT: LENA HERLAND EIDE

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Eit barn for lite. Marie levde ikkje sitt korte liv forgjeves. Ho lærde oss mykje, seier f. 18 Reportasje

Eit barn for lite. Marie levde ikkje sitt korte liv forgjeves. Ho lærde oss mykje, seier f. 18 Reportasje 18 Reportasje Eit barn for lite Dei små som berre får leva ei lita stund set óg djupe spor i foreldra sine liv. I denne serien blir vi nærmare kjent med nokre av dei som miste sine kjære så altfor tidleg.

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014 Barnevernsfaglege vurderingar Fylkesmannen sine erfaringar Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014 Heimel Dokumentasjonskrav 1. Barnevernlova og forvaltningslova Formål 1. Arbeidsverktøy for dei

Detaljer

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Tormod Haugland MØRK MATERIE Tormod Haugland MØRK MATERIE Roman FORLAGET OKTOBER 2015 TORMOD HAUGLAND Mørk Materie Forlaget Oktober AS 2015 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg Exil Design hos OZ Fotosats AS Tilrettelagt for ebok

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman Carl Frode Tiller Innsirkling 3 Roman OM FORFATTEREN: Carl Frode Tiller (f. 1970) er ein av dei fremste forfattarane i norsk samtidslitteratur. For dei fire romanane Skråninga (2001), Bipersonar (2003),

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Av Eli Gunnvor Grønsdal Då Tehmina Mustafa kom til Noreg, som nyutdanna lege, fekk ho melding om å ta utdanninga på nytt. Ho nekta. I dag er ho professor i

Detaljer

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Innledning Eg valde å tolke oppgåva slik at ein skulle framstille ein «historie» kun ved hjelp av bilete. Eg tolka det òg slik

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

Det nödvendiga samtalet hur ger vi vi allvarliga besked til patienter och närstående?

Det nödvendiga samtalet hur ger vi vi allvarliga besked til patienter och närstående? Det nödvendiga samtalet hur ger vi vi allvarliga besked til patienter och närstående? Carl-Johan Fürst, Karolinska Institutet og Krisepsykologi ? Når pasienten kjem til legen har han kanskje fleire bekymringar

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Hei alle sjøstjerneforeldre

Hei alle sjøstjerneforeldre Hei alle sjøstjerneforeldre Tida flyg og me er godt i gong med oktober månad. Me har fine dagar på avdelinga og mykje fint haustvær har gjort til at me har vore mykje ute. Me har no jobba jamt og trutt

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Det var ein gong ein liten geitekilling som hadde lært å telje til ti. Da han kom til ein vasspytt, stod han lenge og såg på spegelbiletet sitt i vatnet,

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

VELSIGNING AV HUS OG HEIM KR 15.4/12 VELSIGNING AV HUS OG HEIM 1 Denne liturgien kan brukast når folk bed presten eller ein annan kyrkjeleg medarbeidar om å koma og velsigna den nye heimen deira. 2 Dersom presten blir beden om

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innspelsundersøking Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Status og mål... 3 1.2 Vurderingar av mål knytt til kommunesamanslåing... 4 1.3 Haldningar

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte Personalia: Testpersonens namn:... Fødselsdato:... Norm:.. Skule/Institusjon:... Klasse:.... Testleiar:... Dato:.. Merknadar: 1. Leseflyt og leseforståing

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Velkomsthelsing. Leiar: Forsamlinga skal i dag ta imot dette barnet (bruk gjerne namnet). Vi gjer dette med glede og i bevissthet om det ansvaret dette legg på

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Rekneskapet for prosjektet såg slik ut pr. september 2008:

Rekneskapet for prosjektet såg slik ut pr. september 2008: M PRSJEKTET Det har vore "Styringsgruppa for Pilegrimen" som til nå har hatt eigarskapet til prosjektet. Vest-Telemark Museum har sidan 2004 tatt på seg prosjektleiarrolla på vegne av styringsgruppa. 2009

Detaljer

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? Kst. lovrådgjevar Ole Knut Løstegaard Evalueringskonferansen, Bergen 19. september 2014 Evaluering av offentleglova bakgrunn Prosessen

Detaljer

Metodiske verktøy ved kursleiing

Metodiske verktøy ved kursleiing Metodiske verktøy ved kursleiing Lærings- og Meistringssenter Helse Fonna 30.03.2015 Metodiske verktøy - LMS Helse Fonna 1 Runde Enkel måte å få alle til å delta: Gi ei enkel oppgåve som er mogeleg for

Detaljer

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad leseserie Nynorsk m j ø s o r m e n og andre uhyre Norsk for barnetrinnet 15795_Mjosormen_M_NN.indd 1 09-11-07 13:04:28 Mjøsa er den største innsjøen i Noreg.

Detaljer

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Jon Fosse. Lilla. Skodespel Jon Fosse Lilla Skodespel Personar BASSISTEN 2 Ei uvanleg brei jerndør opnar seg og Guten kjem inn, held døra open, og Jenta kjem inn etter han, og han let døra att, det er ein lysbrytar til høgre for

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s.

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 1 INNHALDSLISTE 1. Forord s. 2 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 6 3. Ein av foreldra/føresette eller syskjen

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer