Program Giske Høgre 2015-2019. 1 [Type text] [Type text] [Type text]

Like dokumenter
Politisk program for Jølster KrF

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Program for. Sykkylven Venstre

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Ei god framtid for alle!

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Program OSTERØY HØGRE

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Utkast til program Meland Høgre 2015

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Forslag frå fylkesrådmannen

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ). Saker til behandling

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Hemsedal KRF Program

«Nordhordland kommune»

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Den nye seksjon for applikasjonar

SOGN driftig raus ekte

Barnehageplan for Vinje kommune

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Regional delplan for attraktive byar og tettstader

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Program for. Årdal Venstre

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Forstudie Næringshage i Vinje

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Program for Bømlo Venstre

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Sandeid skule SFO Årsplan

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Fjell Venstre. Program

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Strategiplan

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

11 Eg i arbeidslivet

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

Framtidige behov for hjelpemiddel

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Plan for Liabygda SFO

Aurland kommune Rådmannen

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Tilleggsinnkalling for Formannskapet i Radøy

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

ROGALAND. best i jordvern? ROGALAND

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Transkript:

Program Giske Høgre 2015-2019 1 [Type text] [Type text] [Type text]

Giske mot 2020 Vi bur i ei fantastisk flott kommune og Giske Høgre ynskjer å legge til rette for ei vidare god utvikling, og å styrke innbyggarane sin trivsel og identitet til eiga kommune. Giske Høgre er di tryggheit for at vi alle skal være med å arbeide for å nå dei mål vi setter oss. Eit trygt og livskraftig lokalsamfunn vert utvikla best gjennom å gi oss som bur her, handlingsrom og muligheit. Giske kommune skal fram stå som ei opa og serviceinnstilt kommune. Innbyggarar og gjestar skal møtast med respekt, toleranse og løysingar tilpassa den enkelte sitt behov. Kommunen har også eit beredskapsansvar for innbyggarane i kommunen, og det er viktig at dette vert ivareteke på ein slik måte at det gir tryggleik for våre innbyggarar. Framtidas utvikling, med den utvikling vi kan sjå, med fleire og større oppgåver lagt til kommunalsektor, kan større einingar og større kommunar vere løysinga. Vi vil kanskje sjå eit anna kommunekart i Noreg i løpet av nokre år. I den komande perioden vil Giske Høgre vere ein aktiv medspelar med kommunane rundt oss, og vi skal gjennom ei tid med vurderingar av kva som er den beste løysinga for vår kommune. Vi er klar til å ta utfordringa og finne den beste løysinga enten å fortsette som eiga kommune som no, eller i ei storkommune. Fram til ei avklaring har Giske kommune nok av oppgåver å ta fatt på. Giske Høgre vil vere med å gi deg som innbyggar eit tilbod som kan skape trivsel og bulyst ved å ha fokus på skule og barnehage helse og omsorg kultur og frivilligheit tilrettelegging for næring bustadutvikling areal og miljø samferdsel og infrastruktur kommunen som arbeidsgivar og serviceorgan 2

Skule og barnehage For Giske Høgre er ein god barnehage- og skulepolitikk ein berebjelke i velferdssamfunn som vårt. For alle born og unge skal det vere mogelig å delta aktivt, og til å utvikle sine evner. Born byrjar på barnehage og skulen med stor iver og lærelyst. Giske Høgre ynskjer ein skule som tek vare på denne lærelysta, og tilpassar opplæringa etter den einskilde sine evner og behov. Grunnlaget for eit godt sjølvstendig liv for våre born og unge vert lagt i heimen, i barnehagen og i skulen. Sosial kompetanse og lese og skrivekunnskap er viktige grunnleggande ferdigheiter som skal utviklast i barnehagen og i skulen. Det er viktig at dei som har ansvar for Giske kommune sine born og ungdom vert verdsatt for den jobben dei gjer, og får lagt til rette for eiga utvikling. Læraren og skulen har ei nøkkelrolle for at born trivast på skulen og at det vert skapt lærelyst. Giske Høgre vil endre på skulestrukturen i kommunen, då på ungdomsskuletrinnet. Bakgrunnen for dette er for å få betre kvalitet i skulen, og sikre likt læringstilbod og lik kvalitetsstandard for alle elevar i kommunen. Giske Høgre ser at ein har utfordringar i høve bygningsmassen på skular i Giske. Det vil vere viktig å fastsette plan for rehabilitering og eventuelt fornying/nybygg, og på dette på plass i kommunen sine utbyggingsplanar. Giske Høgre vil arbeide for god skuleutvikling og hensiktsmessig skulestruktur bistå skulen med å skape eit læringsmiljø utan mistrivsel og mobbing gjennom ei ansvarsfordeling/forpliktande samarbeid mellom skule og heim at det for alle skal være mogelig å utvikle sine individuelle evner og talent at born med spesielle behov skal få kartlegging, utredning og avklart bistand og hjelp innan utgangen av 2. klassetrinn. at det skal vere mogelig for alternative opplæringsarenaer for ungdomsskulelevar med behov i eit systematisk samarbeid med næringsliv. sikre at det vert gode overgangar mellom barnehage, grunnskule og til vidaregåande skule ha auka fokus på orden og folkeskikk ha eit tydeleg ordensreglement og gje læraren moglegheit til å handheve det legge til rette for demokrati i praksis kommunestyremøte for barn og unge satt i system styrking av FAU i skulen som eit sterkt samarbeidsorgan gi kompetanseløft til lærarar, leiing og medarbeidarar i barnehagen og skulen. 3

Helse og omsorg Eit vel fungerande lokalsamfunn byggjer på at kvar og ein av oss tek ansvar for sitt eige liv og for sine nærmaste familie. Dei som heilt eller delvis ikkje er i stand til dette, må få tilrettelagt hjelp frå det offentlege. Ei god kommune vert i stor grad målt på korleis den gir bistand og hjelp til den som trenger dette. Kanskje det viktigaste bidraget vi kan gjere og som Giske Høgre no vil ta initiativ til at det vert oppretta, er eit brukarutval for helse og omsorg. Gjennom eit slikt utval kan vi få til betre kommunikasjon og auka brukarmedverknad med brukar og pårørande, for å kome fram til ei god løysing og finne riktig tiltak for dei mange som har behov for bistand innan helse og omsorg. I eit brukarutval er det viktig at også det politiske miljøet er representert. Giske Høgre vil etablere sjukeheimsplassar ved Giske omsorgssenter styrke det førebyggande helsearbeidet, særlig for å motverke utviklinga av livsstilrelaterte helseproblem bidra til at det vert oppretta besøksordningar til eldre som bur heime og som ynskjer litt ekstra kontakt og tryggleik etablere heimebesøk 75+ med fokus på å legge til rette for at eldre skal kunne bu lengst mogelig i eigen heim sikre gode lavterskeltilbod innan psykiatri styrke lavterskeltiltakene med tidleg hjelp til pleietrengande støtte prosjekter som kan hjelpe tidlegare rusmiddelbrukarar tilbake i aktivitet og arbeid ha fokus på gode arbeidstilhøve og kompetanseheving for tilsette i helse- og omsorgssektoren. styrke helsesøster- og psykiatri tilbodet i ungdomsskulen ha eit godt barnevern legge vekt på eldresenter som ein viktig sosial og aktivitetsskapande arena for helsearbeid, gjerne i eit samarbeid med Frivillighetssentralen, frivillige organisasjonar, barnehagen og skulen legge til rette slik at ideelle organisasjonar og private aktørar også kan bidra for å auke både tilbodet og kvaliteten i omsorgstenesta. inkludere alderdom i kommuneplanlegginga med tilbod om aktivitet, tilpassa bustadar og rehabilitering, og alternative former for brukareigd omsorgsbustadar 4

Kultur og frivilligheit Kultur skapar identitet og beriker våre liv og skaper nærleik mellom mennesker, enten det er i det organiserte eller uorganiserte kulturlivet. Eit aktivt og mangfaldig kultur- og friluftsliv er ei god investering for å førebygge sjukdom og andre uønska verknader av ein passiv livsførsel. Frivillig innsats innan kultur, idrett og friluftsliv skapar viktige fritidstilbod og sosiale møtestader for born, unge og eldre. Giske Høgre meiner at den kommunale kulturpolitikken skal etablerast og finne sin plass i eit positivt samarbeid og samvirke mellom uorganiserte, organiserte og kommersielle kulturtiltak. Kulturlivet i Giske har også stor betyding for kommunen sin attraktivitet og trivsel for både unge og eldre i Giske, men også for ny busetting og næringsetablering. Giske Høgre vil styrke innsatsviljen og lokalpatriotismen gjennom satsing på kulturelt mangfald og gode kommunale tenester, ved å sikre gratis leige av kommunale anlegg til dei yngste i kommunen sine lag og organisasjonar og gjere skulen sine lokalar mest mulig tilgjengelig for kultur- og idrettsaktivitetar på ettermiddagog kveldstid vidareutvikle det gode arbeidet ved Frivillighetssentralen utarbeide gode og forpliktande planar for å styrke samarbeidet mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar sikre eit godt kulturskuletilbod legge til rette for å skape gode relasjonar mellom generasjonar sikre eit framtidsretta bibliotek 5

Tilrettelegging for næring Giske Høgre vil føre ein politikk som støtter opp om etablert næringsverksemd og legge til rette for vidareutvikling, men også for nyskaping, innovasjon og nyetablering. Giske Høgre vil jobbe for at kommunen profilerer seg slik at den kan tiltrekke seg bedrifter som kan være med å styrke dei etablerte næringsmiljøa og flyplassen som ein viktig motor for etablering av ny verksemd. Giske Høgre vil jobbe for betre næringspolitisk kontakt til næringslivet i kommunen. Gjennom kontakt og samtalar med næringslivet har vi fått signal om at det har vore liten kontakt med kommunen. Dette vil Giske Høgre endre og vil etablere «kontaktpunkt» som kan fange opp utfordringar og behov og på denne måten skape ein betre dynamikk og kontakt til næringslivet i Giske. Fiskeri og cluster for samhandling mellom fiskeri og industri Fiskerinæringa er sentral og viktig i Giske kommune. Samtidig som vi vil vere ein politisk påverkar for å gi best mulige rammevilkår for ei bærekraftig utvikling av fiskerinæringa i kommunen, vil vi i Giske Høgre også støtte opp om og initiere til at det skjer innovasjon og nyskaping i fiskeflåten. Giske Høgre vil støtte opp om dette arbeidet og vere med å legge til rette, gjennom både egne vedtak i kommunen, men også påvirkning og samarbeid med regionale, fylkeskommunale og statlige organ for utvikling av eit kompetansesenter innan fiskeri. Industri Industriarbeidsplassar og bedrifter som har verdsmarknaden som arenaar er viktige aktørar å ha i ein kommune. Desse setter standard for anna verksemd og pusher på det øvrige næringslivet til å heve seg enda eit hakk, for å kunne konkurrere ute i dei enkelte marknadene. For å legge til rette for ekspansjon og ny utvikling vil Giske Høgre gjennom påvirkning av arealplan legge til rette for næringsareal på Gjøsundmyrane og sjønære areal rundt Gjøsundet. Reiseliv Giske kommune har hatt reiseliv og utvikling av reiselivsnæring som satsingsområde i mange år. Giske Høgre vil støtte opp om fortsatt fokus på utvikling av meir reiselivsnæring, og vere med å legge til rette for at det kan skapast meir overnattingsplassar. Større antal overnattingsplassar vil mest sannsynleg også gi grunnlag for meir reiselivsnæring. Giske Høgre vil støtte opp om at det gjennom arealplan vert lagt til rette for areal for reiselivsnæring på spanande areal mot havet. Kultursenteret på Øygardshavna er eit fantastisk tiltak og initiativ. Det vil vere viktig for kommunen å støtte opp om fortsatt utvikling, og bistå nærmiljøet og drivarar til ein god dialog om utvikling. Modellen av dette næringsmiljøet av kreativ næringar er noko som Giske kommune bør initiere fleire stadar i kommunen. Bobilparkering er også eit viktig element å legge til rette for og då også på attraktive stadar. Giske Høgre vil i kommande periode ta opp om det er mulig å legge til rette for slik parkering på Alnes, i det tidligare steinuttaket til moloen. Landbruk For å sikre areal til eit framtidig landbruk, driftsgrunnlag og areal for matproduksjon, vil Giske Høgre gå i dialog med landbruksnæringa, finne dei dyrka og dyrkbare areala som er mest mulig formålstenleg for 6

landbruksproduksjon og gjennom arealplanen avsette disse til framtidig bruk for landbruk og matproduksjon. Flyplassen Flyplassen er ein viktig arbeidsplass i kommunen. Den gir også stor tilstrøyming av reisande, med ulemper og fortrinn dette gir. Men den kan også verte ein endå betre «motor» for ytterligare utvikling og etablering av ny næringsverksemd. Giske Høgre vil vere ein pådrivar for at kommunen skal engasjere seg sterkare i utviklinga av flyplassen og vere med å legge til rette for utvikling og ny etablering rundt flyplassen, og gjennom planarbeidet sørge for at det er tilstrekkelig areal for slik utvikling. Giske Høgre ser det også interessant å sjå på ei kopling av næringsetableringar på aksen mellom flyplassen og Gjøsundområdet og om dette kan gi ein endå større mogeligheit for utvikling av eit sterkt nærings messig cluster med fokus på fiskeri, logistikk, innovasjon, industriell automatisering, robotisering og kompetansearbeidsplassar. Det vil også være en viktig oppgåve å halde ein god dialog med Avinor og lokal styring av flyplassen, for å sikre langsiktig planlegging for eventuell utviding av flyplassen, samt sikre nok areal ved ei eventuell endring av flyplass-strukturen i fylket gjennom dei nye samferdselsprosjekta som no etterkvart vert realisert. For å sikre transporten til og frå flyplassen vil det vere naturlig å sjå om ein kan legge til rette for ny veg frå Gjøsund til flyplassen ein veg der ein har 80 km/t. Giske Høgre vil i planarbeidet med arealplan fremme dette spørsmålet. Eigedomsskatt For å sikre gode vilkår for næringslivet i kommunen vil det også vere viktig at skattar og avgifter er på eit lavast mulig nivå. Giske Høgre vil arbeide for at eigedomsskatten i kommunen ikkje vert auka. Giske Høgre vil sikre ein god og effektiv sakshandsaming av søknader om etablering og vidareutvikling stimulere til bedriftsvekst, etablering av arbeidsplassar og næringsklynger bidra til å sikre gode og stabile rammevilkår for alle næringsdrivande i kommunen arbeide for å halde på og skaffe nye kompetansearbeidsplassar halde kommunale avgifter og gebyr så lave som mogelig gjennom å påverke til effektiv drift i dei kommunale og interkommunale sjølvkosttenestene auke antalet lærlingplassar i kommunen sette krav om lærlingar i bedrifter som får kommunale oppdrag vidareutvikle kommunen sine næringsareal og avklare, eventuelt legge til rette for, etablering av nye områder opprette og halde kontinuerlig ved like ein politisk kontakt til sentrale bedrifter og næringsliv i kommunen 7

Bustadutvikling Høgre sitt program om bustad- og næringsutvikling slår fast at planprosessane, regelverket og byråkratiet skal forenklast med den nye regjeringa. I tillegg skal muligheitene for statlege motsegn og flaskehalsar i byggesakshandsaminga begrensast. Dette er godt nytt for vekstkommunen Giske og alle kommunar i Noreg. Giske Høgre vil vere med å bidra til at kvart enkelt nærmiljø på øyane i Giske kommune kan utvikle seg til lokale kraftsentra med ein eigen identitet, men likevel som ein del av øy samfunnet Giske. Målet er at innbyggarane skal vere stolte av å bu der dei bur, og at dette skal vere ein viktig drivkraft for vidare utvikling av eige nærområde. Sentrumsutviklinga må utviklast på ein slik måte at dette kan bidra til ytterligare tilbod for kommunen sine innbyggarar, men og slik at dette kan gjere kommunen meir attraktiv og skape ein sterkare identitet. Det vil vere viktig å få utarbeidet retningsliner for korleis kommunen gjennom sitt planarbeid, reguleringsplanar og søknads- og sakshandsaming, får ein utbygging av bustadeingingar og bustadmiljø som er attraktiv. Dei ulike bustadmiljøa på øyane i Giske er med på å karakterisere kommunen som bustadkommune og samtidig med på bestemme vår attraktivitet. For å tiltrekke seg personar og bustad/miljøbevisste bustadsøkarar, bør kommunen, gjerne i samarbeid med utbyggingsaktørar, få fram eit bustadområde med fokus på ulike miljøløysningar innan strømforbruk, gjenbruk, avfallshandtering, med meir. Giske kommune har dei siste åra hatt eit nært samarbeid med utbyggingsaktørar av nye bustadområder i kommunen. Som ei vidareføring av slik utbygging i kommunen vil det være viktig å sikre at ulike tiltak innan landskapsmessige tiltak, leike- og trivselsområde, ulike miljøaspekt, gang- og sykkelvegar, barnetråkk, m.m. vert i vareteke og teke inn i avtaleverk. Giske kommune har hatt ei svært stor utbygging av nye bustadar dei siste åra og det er i stor grad fortetting i bustadområde, spesielt på Valderøya. Dette skaper utfordringar i lokalmiljø og store endringar for dei som bur i disse områda. For å skape ein større medverking i korleis lokalmiljøa skal utformast og utviklast må det gjerast grep for å skape større engasjement og eigarskap til dei planar som skal gjennomførast. Giske Høgre vil arbeide for å få innført nye metodar i planarbeidet, som sikrar større medverking på og eigarskap for planar for utvikling. Giske Høgre vil arbeide for spredt og differensiert bustadbygging, sett i ein samanheng med lokale «kraftsentra» og for å skape variasjon i nærmiljøet. Det vil også være viktig å sjå på bustadbygging i ein samanheng med infrastruktur, transport og miljø. å sikre større med og påvirkning i planarbeidet å legge til rette for idrett, leik og rekreasjon i lokalmiljøa bevare skogteigar og «grøne» områder i lokalmiljøa å sikre friluftsområder som bør gjerast meir varig tilgjengelige og lyssette turvegar i nærområda 8

Areal og lokalmiljø Giske Høgre har tru på at det vil være med å styrke kommunen totalt om vi klarer å få til ein sentrumsfunksjon i ein eller annan form, og ein attraktiv handelsstad og møteplass også for andre enn dei som bur i kommunen. Sjølv om vi har vel fungerande nærbutikkar på dei fleste av kommunen sine øy samfunn, og som fortsatt er viktige tilbod og møteplassar, vil ein sentrumsfunksjon ha stor betyding for kommunen totalt sin identitet og attraktivitet. Giske Høgre vil bidra til at vi får etablert ein sentrumsfunksjon på Sætra/Gjøsund. Nærleik til sjøen og hamneaktivitetar er viktige insitament for å skape eit sentrum for eit øy samfunn. Det vil vere viktig å etablere ei utvikling her som kan innehalde bærekraftige funksjonar innan handel, service og kontor, men også sjå om ein kan integrere bustadar for å skape eit meir levande sentrum. Sentrumsutviklinga må utviklast på ein slik måte at dette kan bidra til ytterligare tilbod for kommunen sine innbyggarar, men også slik at dette kan gjere kommunen meir attraktiv og skape ein sterkare identitet. Det er sentralt for Giske Høgre å forvalte naturen og overlate den til neste generasjon i best mogelig stand. Difor vil det også vere viktig for Giske Høgre å fronte prinsippa «føre var» og at «forurensaren» betaler til grunn for ein kommunal miljøpolitikk. Og hensynet til miljøet skal ivaretakast på alle politiske områder. Giske kommune har viktige ressursar innan friluftsliv, med flott natur og mykje tilrettelagte stiar. Giske Høgre vil vere med å bidra, gjerne i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, til å utbygge nye turstiar, men på ein slik måte at ein ivaretek natur og miljøet på ein god måte. Vi står overfor store miljøutfordringar på verdsnivå noko som krever både global, nasjonal og lokal handling. Det er difor viktig å ha ambisiøse mål også for kommunen sin miljøpolitikk, men samtidig slik at mål og tiltak er realistiske og gjennomfør bare. Giske kommune bør bidra ved å ta i bruk framtidsretta løysingar innan miljøteknologi. Giske Høgre vil i samarbeid med andre aktørar og politiske parti jobbe for at Giske kommune skal bli ei lavutsleppskommune og gjere energi og miljø til eit av sine varemerke. God og stabil vassforsyning er noko av det mest sentrale for alle innbyggarane i Giske. Fleire områder i kommunen har opplevd at eldre vassrør no går i stykker, og at det er brudd, og derav stopp i vassforsyninga i kortare eller lengre tidsrom. Dette er ein kostnad og investering for kommunen som skal dekkast inn gjennom sjølvkostprinsippet og Giske Høgre vil ha som prioritet ein plan for god vassforsyning og tiltak i alle deler av kommunen vert utarbeida i komande kommunestyre periode. Giske Høgre vil arbeide for spredt og differensiert boligbygging, sett i ein samanheng med lokale «kraftsentra» og for å skape variasjon i nærmiljøet. Det vil også vere viktig å sjå på boligbygging i ein samanheng med infrastruktur, transport og miljø å legge til rette for fortetting i den allereie spredte busettinga vi har på mange av øyane og i ein slik samanheng regulere grensene mellom boligområde og anna areal disponering å legge til rette for idrett, leik og rekreasjon i nærmiljøet 9

bevare skogteigar og «grøne» områder i lokalmiljøa å sikre friluftsområder som bør gjerast varig tilgjengelige å lyssette turveier i nærområda at kommunale bygg og anlegg i størst mulig grad er miljøvennlige å innføre miljøregnskap i kommunen 10

Samferdsel og infrastruktur Giske kommune skal vere ei trygg kommune å ferdast i for mjuke trafikantar, samtidig som ein skal sikre god framkomst for både billistar og kollektivtransport. Giske kommune er eit lokalsamfunn som har hatt ein sterk vekst i befolkninga dei siste åra og med stor utbygging av nye bustadar. Vegnettet i store deler av kommunen har ikkje hatt den same utviklinga, og vi heng etter i å få utbetring av både det som er kommunale veger og fylkesveger. Vi har ein stram økonomi i kommunen, men ein bør likevel søke å finne finansiering og tiltak for utbetring av det kommunale vegnettet spesielt der vegen er mykje brukt skuleveg. I det som er fylkeskommunal veg bør Giske kommune gå i dialog med fylkeskommunen om å finne midlar til utbetring. Det er utbygd mykje flott gang- og sykkelveg, men enno står det igjen vegstrekningar som burde ha fått gang- og sykkelveg spesielt der ein frå før har smale veger og i tillegg stor trafikk av skuleborn. Giske Høgre vil arbeide for å finne finansiering av utbygging av gang- og sykkelvegar i kommunen. Giske kommune er også vertskap for flyplassen på Vigra og det er viktig å sørge for ei god trafikkgjennomføring til og frå flyplassen gjerne mest mulig ad skilt frå dei øvrige trafikk- og vegløsningane i kommunen. Det vil også vere ei viktig oppgåve for Giske kommune å jobbe frem best mulig tilførselsvegar til kommunen og flyplassen. I dette ligger avklaring på og eventuelt påvirkning for utbygging av nye tunneler til Ålesund, utbetring av veg over Ellingsøy til Stette og Hamnsundsambandet. Vi ligg nær Ålesund by og kommune og har ein felles bo- og arbeidsmarknad. Ålesund kommune arbeider no med å få på plass ein «bypakke» for å få betre løysningar for bil-, sykkel- og kollektivtrafikk. For å finansiere dette vil ein innføre bompengeinnkreving og sette opp bomstasjonar også i yttergrensene mot nabokommunar. Giske Høgre støttar opp om Ålesund kommune sine planar for betre veg- og trafikkløysingar, men vi er sterkt mot korleis Ålesund kommune handsamar sine nabokommunar i denne saka. Dette er ei sak som ved rører nabokommunane sine innbyggarar i stor grad, og det ville tent både saka og Ålesund kommune om nabokommunar vart teken med både på råd og i avgjersle i saka. Giske Høgre vil at alle skal ha trygge skuleveg vektlegge vedlikehald og utbetring av belysning langs veg at kommunale vegar skal halde ein god standard. I dette legge planer for utbetring av dei kommunale vegane på alle øyane i kommune og gjere ei prioritering for utbetring jobbe fram planar og gjennomføring for utbygging av gang- og sykkelveg på vegar med stor trafikk sikre gode parkeringstilhøve ved startpunkt for turstiar jobbe for et best mogelig kollektivtilbod i kommunen og for fastlandsbussen 11

jobbe fram planar for ein tilførselsveg til flyplassen som går utanom bebygde områder jobbe fram planer for gode vegløsninger som kan sikre utviklinga til flyplassen i eit framtidig perspektiv der Møreaksen, Hafast og kryssing av Storfjorden er på plass vere med på å sikre avklaring for vegsambandet mellom Hamsund og Valderøya 12

Ein god og effektiv kommuneadministrasjon Giske kommune er ein viktig leverandør av tenester og service til innbyggarane. Samtidig er kommunen også ein viktig utøver av myndigheit, gjennom forvaltning av lover og forskrifter. I alle sine roller er det viktig at kommunen sine folk og tilsette er tilgjengelige, serviceinnstilt og opptrer løysingsorientert. Kommunen er den største arbeidsgivaren. Vi meiner at det vert gjort ein god jobb i alle kommunen sine einheiter og på alle nivå, men som på alle andre arbeidsplasser vil det vere viktig at ein ser etter forbetringspotensial og er innstilt på endring. Giske Høgre ynskjer at kommunen sin administrasjon og som tenesteleverandør på alle plan, skal ha fokus på å utvikle seg best mogelig. Giske Høgre vil at kommunen skal utvikle seg via implementering av «Lean-metoden». Dette er ein metode som vert nytta for å gi betre forutsetningar for å utnytte og forvalte ressursar på ein best mogelig måte. Ein skal gjennom ei slik metode analysere noverande arbeidsprosess, tenke forbetring og ha brukaren i sentrum og fokus. Dette er ein metode som vert fronta av fylkeskommunen og også implementert i mange bedrifter. Giske Høgre sine folkevalte vil ta sitt arbeidsgivaransvar på alvor. Vi vil vidareføre kommunen sin status som IA-bedrift. Ein god medarbeidar og leiar skal merke at det er utviklande og givande å arbeide i Giske kommune. For å ha ein god kommune å ta kontakt med og arbeide i, vil Giske Høgre avklare og søkje vilje for innføring av «Lean» som kultur og arbeidsfilosofi i kommunen gjere kommunen enda meir tilgjengelig gjennom økt bruk av internett og sosiale medier ha fokus på brukarane sine behov og ikkje la byråkratiske systemer og regelverk stå i vegen for gode løysningar etablere arenaer for dialog med innbyggarane og næringsliv for å utvikle og kvalitetssikre tiltak for utvikling av lokalsamfunna i Giske kommune sikre sunn og god drift og god økonomistyring av kommunen fastsette konkrete mål i forvaltning og tenesteproduksjon, og følge opp avvik frå oppsette mål gi leiarar opplæring og kompetanseheving til å verte endå betre leiarar, og samtidig gi reassurer og myndigheit til å utøve sitt leiarskap tilby medarbeidarar behov tilpassa opplæring, slik at tilsette kan utføre sitt arbeid på ein betre måte 13