Arkiv: K54 Arkivsaksnr: 2009/1003-1 Saksbehandlar: Bodil Gjeldnes Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Hovudutval for teknikk og miljø 39/09 29.04.2009 Kommunestyret 25/09 12.05.2009 Vedlegg 1 Tillatelse for AS Svorka Kraftselskap til å regulere Svorka og Lille Bævra i Møre og Romsdal 2 Kart Saksopplysningar Tidlegare Svorka kraftselskap fekk første gang ved kongeleg resolusjon 18.12.1959 konsesjon til å regulere Svorka og Lille-Bævra i Møre og Romsdal fylke, og til å overføre Lille-Bævra og Brandåa til Svorka. Til konsesjonen er det knytt konsesjonsvilkår. Etter omstrukturering på eigarsida i 1962 vart det også gitt ein ny reguleringskonsesjon dette året men denne tilsvarar konsesjonen frå 1959. Kraftverket vart sett i drift i 1963 og produserer årleg om lag 100 GWh. Kraftverket har ein slukeevne på 11 m 3 /s og ett aggregat. Svorka kraftverk er i dag eigd av Svorka Energi AS og Statkraft Energi AS, med halvparten kvar. Svorka Energi AS er eigd av Surnadal kommune (41%), Rindal kommune (17%), Halsa kommune (17%) og Møre og Romsdal fylke (25%). Konsesjonsvilkåra kan takast opp til ny vurdering (revisjon) etter 50 år. 50 år blir rekna frå konsesjonen som vart gitt i 1959, dvs. 50 år er gått no i 2009. Kort fortalt blir vatnet som opprinneleg drenerte til Bævra via Svorka og Lille-Bævra (Litj- Bævra) holdt tilbake på Nordmarka. Dei fleste vatna på Nordmarka fungerer som magasin for Svorka kraftverk og frå Måvatnet går vatnet i rørgate til Svorka kraftverk v/ Sæterbø i Bæverdalen. Vatnet som har vore gjennom kraftverket går her ut i Bævra igjen. Sjå vedlegg med kart over teknisk utføring av anlegget. Nordsvorka kraftverk fekk konsesjon i 2004 og utnyttar fallet i elva Nordsvorka som har utløp frå Geitøyvatnet. Svorka Energi AS eig og driv dette anlegget. Svorka kraftverk ligg om lag 4 km ovanfor Bævras utløp i sjøen. Nedanfor kraftstasjonen er vannføringsregimet endra som følge av reguleringa, og vassføringa i stor grad bestemt av drifta av kraftstasjonen. Den 12 km lange strekninga mellom Svorka kraftstasjon og utløpet av Litj- Bævra fått sterkt redusert vassføring. Ovanfor utløpet av Litj-Bævra er ikkje vassdraget berørt av kraftregulering. Det er ikkje krav om minstevassføring verken nedanfor eller ovanfor Svorka kraftverk. Bævra er lakseførande om lag 20 km opp i vassdraget. Graden av regulering i magasina på Nordmarka varierer. Litj-Bævervatnet har størst avstand mellom HRV (høgaste regulerte vasstand) og LRV (lågaste regulerte vasstand), dvs.10m. HRV 1
og LRV er vassnivåa regulanten gjennom konsesjonen er pålagt å halde seg innafor. Langvatnet og Måvatnet har minst avstand mellom HRV og LRV som her er 2m. LRV går berre i liten grad under det som var normalvasstand i vatna før reguleringa. Status for laks og sjøaure i Bævra Fangstane av laks i Bævra har dei seinare åra vore på eit historisk lavmål, medan dei rapporterte fangstane av sjøaure har auka. Dei seinare åra blir då samanlikna med nokså gode fangstar på 1970-talet. På det meste vart det då teke om lag 1 tonn laks på eit år, medan det i 2007 vart teke mindre enn 100 kg laks. Det er hovedsakleg nedanfor Svorka kraftverk denne fisken blir tatt. Dette er ei nokså lita strekning når ein veit at Bævra er lakseførande over 20 km. I Rapport 402 frå NINA (Norsk institutt for naturforskning), Laks og sjøaurebestanden i Bævra, Møre og Romsdal, Undersøkelser i 2005 2007 påpeiker NINA at hovedårsaka til den dårlege situasjonen for fisk i vassdraget er for lita vassføring ovanfor Svorka kraftverk, og for raske vasstandsvariasjonar nedanfor kraftverket. Den same rapporten peiker også på forhold og konkrete tiltak som truleg vil betre situasjonen for laks og sjøaure. Desse er mellom anna: Slepp av vatn om Litj-Bævra, evt. bygging av nytt kraftverk i Litj-Bævra. Justering av høgde på tersklar bygd ovanfor Svorka kraftverk etter reguleringa. Fleire av dei er i dag for høge og fungerer som vandringshinder for fisk. Elveleiet er fleire stader ovanfor Svorka kraftverk for breitt og grunt i forhold til den låge vassføringa. Dette gir spredt og usamanhengande vannspeil som også hindrar fisken i å ta i bruk større delar av vassdraget. Samling av vatnet i eit smalare elveløp kunne ha betra situasjonen. Minstevassføring nedanfor Svorka kraftverk. Vil mest truleg kreve omløpsventil og eit ekstra aggregat i kraftstasjonen. Større vassføring i smoltutvandringperioden.
Status for fisk i magasina på Nordmarka Vatna på Nordmarka som er magasin for Svorka kraftverk er Litj-Bævervatnet, Krokvatnet, Solåsvatnet, Gjetøyvatnet, Andersvatnet, Langvatnet og Måvatnet. Aure og rør (røye) er dei vanlegaste fiskeslaga. I tillegg er det ørekyte i fleire av vatna. Dette er ein introdusert art, truleg etter bruk som levande agn. Konkurrent til auren om næring. Fisken har sidan reguleringa generelt ikkje hatt vesentleg tilbakegang. Utfordringa for fisk på Nordmarka er heller at vatna har for mykje fisk i forhold til næringstilgangen. Resultatet blir mykje fisk med låg vekt. Periodar med aktiv utfisking har betra situasjonen, men ein ser nokså fort ein nedgang i størrelsen når utfisking opphører. Å oppretthalde ein del større fisk kan vere viktig for å halde ørekyta tilbake. Eit problem i fleire av vatna er at fisken ikkje kjem seg opp i bekkane for å gyte. På grunn av lange periodar med unaturleg høg vasstand er mykje av strandsona vaska ut og blitt svært bratt. Dersom det då er låg vasstand i gytetida om hausten blir avstanden/høgda opp til bekkane for stor og bratt. For øvrig er dei negative estetiske konsekvensane av reguleringa hovedproblemet på Nordmarka. Sterkt varierande vasstand har gitt nokså store reguleringssoner langs vatna utan vegetasjon. Kombinert med stor bruk i fritidssamanheng er dette sjølsagt uheldig Utsettingspålegg Som kompenserande tiltak er regulantane pålagt å sette ut 10 000 smolt (2-3 år gamal laks) og 30 000 ein-somrig yngel i Bævra årleg. Denne fisken blir produsert på Statkrafts smoltanlegg i Todalen. Sjølvpålagte restriksjoner Dette er restriksjonar som ikkje har opphav i konsesjonsvilkåra, men som regulanten har pålagt seg sjøl av omsyn til omgivelsane og miljøet. For tida er det 3 slike for Svorka kraftverk: 1. Nedkjøring av kraftverket går gradvis over 3 timar. Hensikta er å redusere risiko for stranding av fisk. 2. Unngå stans i kraftstasjonen i samband med utsetting av smolt. Det er då viktig med god vassføring. 3. Halde vasstanden i Geitøyvatnet høgare enn dei andre magasina. Av omsyn til estetikk og fisk i hytte-/friluftsområde. Verdiskaping Skatter og avgifter til vertskommunane utgjorde i 2007 til saman om lag 2 mill kr. Verdien av salg av konsesjonskraft utgjør med dagens priser ei inntekt på ca. 2,4 mill årleg. Eigarane tek også ut utbytte frå kraftverket. Kjelde: Miljøstatusrapport Bævrareguleringen. Statkraft Energi AS og Svorka Energi AS. Mars 2009. Mulighet til å kreve revisjon Som nemnt kan konsesjonsvilkåra, dvs. måten kraftverket blir drive på, takast opp til revisjon no i 2009. Nye vilkår vil ikkje endre sjølve konsesjonen til å drive kraftproduksjon i Bævravassdraget. Ein vilkårsrevisjon regulerer berre forholdet til offentlege myndigheiter, almennheten og almenne verdiar. Den berører ikkje forholdet til grunneigarane. Det privatrettslege forholdet mellom regulanten og grunneigarane kan ikkje endrast i denne prosessen. Dei fleste grunneigarane har fått erstatning ein gang for alle frå regulantane. NVE anbefaler at krav om vilkårsrevisjon blir fremma gjennom kommunen. NVE avgjør om revisjonssak skal startast. At vilkårsrevisjon blir fremma gjennom kommunen inneber at kommunen, på vegne av allmennheten, tek styring i og organiserer denne prosessen. Saksgang ved revisjon Jfr. NVE er dette normal saksgang ved vilkårsrevisjoner:
Representanter for almenne interesser påpeker og begrunner behov for endringer i konsesjonsvilkår. NVE ber konsesjonæren kommentere påpekte behov for endringer. NVE avgjør etter en skjønnsmessig vurdering om revisjonssak skal startes. NVE avgjør hvilke utredninger som er nødvendige å utføre for å vurdere konkrete endringer. NVE sender utredninger og forslag til endringer på høring til berørte parter. NVE vurderer uttalelsene og avgir innstilling til OED om evt. endring av vilkår, evt. med forslag til nye vilkår. OED evt. regjeringen avgjør revisjonen. Kva kan takast opp? Kan tas opp: Endre eksisterende vilkår (f.eks størrelse på fiskeutsettinger). Nye vilkår (f.eks terskler). Minstevannsføring Fyllingsrestriksjoner Hvordan magasin skal fylles / tappes over året, f.eks en viss vannstand til en gitt dato. Av hensyn til f.eks estetikk / fiske om sommeren. Kan ikkje takast opp: HRV og LRV Forhold knyttet til næringsinteresser Lovpålagte vilkår. Justeringer av avgiftssatser / næringsfond. Regulantanes mål I Miljøstatusrapport Bævrareguleringen. Statkraft Energi AS og Svorka Energi AS. Mars 2009 blir det uttrykt ein klar skepsis til innføring av minstevassføring og generelt større vassføring då dette medfører tapt kraftproduksjon. Frå høgste politisk hald, t.d. Ot. Prp. Nr. 50 (1991-92) og St. meld nr. 37 (2000-2001) er det også framheva at det bør leggast stor vekt på å halde oppe eksisterande produksjon. Vurdering Trass i signal om at ein ikkje skal skru opp forventningsnivået ved eit krav om vilkårsrevisjon for Svorka kraftverk, bør Surnadal kommune gripe muligheita som ligg i dette. Det er på det reine at reguleringa har påført Bævravassdraget stor skade, og det er først og framst laks og sjøauren det har gått utover. Norge har eit særleg stort ansvar for å ivareta desse artane. Ei styrking laks og aure i Bævra vil vere positivt for turisme og lokalt fritidsfiske. Kommunen bør, som representant for almenne interesser, t.d. fiske og friluftsliv, gjennom eit krav om vilkårsrevisjon for Svorka kraftverk, påpeike og begrunne behov for endringar. Det er naturleg at ei arbeidsgruppe utarbeider eit slikt krav, men kravet bør behandlast politisk før oversending til NVE. Arbeidsgruppa bør mellom anna bestå av personar med kjennskap til
tilhøva kring fiske og friluftsliv på Nordmarka og i Bævra. Vidare bør dei folkevalde vere representert i gruppa i tillegg til kommuneadministrasjonen. Rådmannen foreslår slik samansetting av arbeidsgruppa: Det eksisterer i dag ikkje noko brukar- eller hytteeigarorganisasjonar på Nordmarka, men Surnadal jeger- og fiskerforening (SJFF) representerer brukarane av både Nordmarka og Bævra. Det er derfor naturlig at den eine representanten for allmennheten kjem frå SJFF. Den andre kan t.d. vere ein person med god kjennskap til dei ferskvassbiologiske tilhøva på Nordmarka eller Bævra. Desse to representantane oppnemnast av rådmannen. Dei to politikarane oppnemnast av kommunestyret. Representantane frå kommuneadministrasjonen oppnemnast av rådmannen. Kommunen bør samarbeide med LVK (landssamanslutninga av vasskraftkommunar) i Det vil vere viktig å ikkje kreve endringar som i vesentleg grad reduserer inntektene Surnadal kommune i dag har frå Svorka kraftverk. Rådmannen si tilråding Surnadal kommune bør på vegne av almenne interesser og verdiar kreve revisjon av gjeldande konsesjonsvilkår for Svorka kraftverk. Ei arbeidsgruppe opprettast for å påpeike og begrunne behov for endringar i eksisterande vilkår. Arbeidsgruppa skal bestå av: Dei to politikarane utnemnast av Surnadal kommunestyre. Rådmannen utnemner representantane for allmennheten og kommuneadministrasjonen. Kommunen skal samarbeide med LVK (landssamanslutninga av vasskraftkommunar) i Det skal ikkje krevjast endringar som i vesentleg grad reduserer inntektene Surnadal kommune har frå Svorka kraftverk i dag. Surnadal kommunestyre oppnemner.. og.. som medlemar i arbeidsgruppa ved revisjon av konsesjonsvilkåra i Svorka kraftverk. Behandling i Hovudutval for teknikk og miljø - 29.04.2009 Forslag: Hovedutval for teknikk og miljø arbeidde seg fram til følgjande forslag: Pkt. om økonomiske interesser i tilrådinga blir sløyfa. Votering: Rådmannen si tilråding unntatt pkt. 4 som sløyfes, samrøystes vedtatt. Leiar og nestleiar blir valgt inn gruppa.
Hovedutval for teknikk og miljø si tilråding: Surnadal kommune bør på vegne av almenne interesser og verdiar kreve revisjon av gjeldande konsesjonsvilkår for Svorka kraftverk. Ei arbeidsgruppe opprettast for å påpeike og begrunne behov for endringar i eksisterande vilkår. Arbeidsgruppa skal bestå av: Dei to politikarane utnemnast av Surnadal kommunestyre. Rådmannen utnemner representantane for allmennheten og kommuneadministrasjonen. Kommunen skal samarbeide med LVK (landssamanslutninga av vasskraftkommunar) i Surnadal kommunestyre oppnemner leiaren i HTM og nestleiaren i HTM som medlemar i arbeidsgruppa ved revisjon av konsesjonsvilkåra i Svorka kraftverk. Behandling i Kommunestyret - 12.05.2009 Habilitet: Mons Otnes ba om å få vurdert habiliteten sin. (Svoger til grunneigar) Votering: Mons Otnes vart erklært inhabil mot 2 røyster.. Votering: Tilrådinga frå teknikk og miljø vart samrøystes vedteken. Kommunestyret sitt vedtak: Surnadal kommune bør på vegne av almenne interesser og verdiar kreve revisjon av gjeldande konsesjonsvilkår for Svorka kraftverk. Ei arbeidsgruppe opprettast for å påpeike og begrunne behov for endringar i eksisterande vilkår. Arbeidsgruppa skal bestå av: Dei to politikarane utnemnast av Surnadal kommunestyre. Rådmannen utnemner representantane for allmennheten og kommuneadministrasjonen. Kommunen skal samarbeide med LVK (landssamanslutninga av vasskraftkommunar) i Surnadal kommunestyre oppnemner leiaren i HTM og nestleiaren i HTM som medlemar i arbeidsgruppa ved revisjon av konsesjonsvilkåra i Svorka kraftverk.