Velkomen til Mork barnehage
BARNEHAGELOVA Stortinget har i lov 17.juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehageloven) fastsatt overordna bestemmelsar om barnehagens formål og innhald. RAMMEPLANEN gjev styrar, pedagogiske leiarar og det øvrige personalet ei forpliktande ramme for planlegging, gjennomføring og vurdering av barnehagens innhald. Rammeplanen gjev også informasjon til foreldre, eigar og tilsynsmyndigheit.
Årsplan for Mork barnehage 2010-2015 http://www.voldaskulen.no/web/page ND.aspx?id=185938 5-ÅRSPLAN Mork barnehage 2010-2015 Innhald: KVEN ER VI? 1
Fokusområde for det pedagogisk arbeid i Mork barnehage; (Henta frå vedlegg til årsplanen 2012) Personalet og barn skal få bruke seg sjølv der ein byggjer på eiga mestring (det ein allereie kan) og slik utvikle ny kompetanse. Å skape rom for mestringskjensle og kreativitet,- både hjå barn og vaksne. Vi ynskjer å fylle Mork barnehage med: MAGI, HUMOR og KREATIVITET
Å blåse medvind: ein støttande person, ein som evnar å tilpasse seg barnet og dei omgivelsane ein står i. Som ein kamelon:
«Blås din medvind inn i deira segl» Å sjå det positive Å setje andre framfor seg sjølv. Vaksne som set barna sine behov framfor sine eigne. Vaksne som er gode modellar.
Verdiar i Mork barnehage henta frå vedlegg til årsplanen: Å gi: Mork barnehage fokuserar vi på å gi. Gleda av å få vert så mykje større når vi kan glede oss over å gi. Å hjelpe: Mork barnehagen fokuserar vi på å hjelpe kvarandre. Det handlar om å sjå kvarandre og seg sjølv. Å sjå: Mork barnehage fokuserar på å sjå kvar enkelt individ,- barn og vaksne. Vi ynskjer å gje positiv feedback til kvarandre i kvardagen. Ta utgangspunkt i det ein er god til og bygg på det som er bra.
Å ha framtidshåp. Å blåse medvind i barna sin kvardag her og no.
Å få medvirke i eige liv. Leiken for leiken si skuld. Voldaprosjektet: «Barn og psykisk helse.» «Med blikk på barnet handlar også om å ha eit blikk på leiken»
Kva er voldaprosjektet? Voldaprosjektet er ein avtale mellom Volda kommune og Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU) om bistand til opplæring av personalet i barnehagen. Avtalen vart inngått i april 2013 og forplikter begge partar i perioden 2011-2017. Denne avtalen betyr at Volda kommune skal : a) bistå RKBU med innhenting av data til bruk for forskning. Foreldre og personale har fylt ut skjema som skal brukast i forskningsarbeidet. (Januar 2014.) b) Volda kommune skal sikre bruk av egne fagressurser til opplæringen av pedagogisk personell i barnehagene Vi har hatt fast rettleiinga av pedagogiske personale i barnehagen. (Februar juni 2014) Pedaogar har møtt kvarandre og fått rettleiing og drøfta viktige tema ut i frå dei tema som har vore på kursdagar. Styrarar, psykolog og perosnar frå barnevernsavdelinga har rettleia personalet.
RKBU Midt-Norges forpliktelsar i avtalen: a) skrive grundig forskningsprotokoll undervegs i prosjektet og innhente nødvendige godkjenningar for forskning på prosjektet hos Regional etisk komité (REK) Her har foreldre og personale sine uttfylte skjema hatt mykje å seie. Dei skal deretter legge forskningsresultatene fram for Volda kommune og publisere dem i anerkjente tidsskrifter b) bistå med fagleg personell i opplæringa av pedagogisk personell i barnehagane Personalet har hatt 3 planleggingsdagar/ kursdagar med viktige tema:
Planleggingsdag 2. januar 2014 «Du er kysten som dei ein gong skal segle ifrå» - Å vere ei trygge hamn
Personalet si oppsummering og læring i Mork barnehage: Viktig vi vaksne er ein trygg base. Det betyr at det er viktig vi er synleg tilstades, ikkje gå bak barnet heile tida, men vere ein trygg base. Viktig vi vaksne fokuserar på det som er positivt med barnet og gruppa. Ha små grupper med barn, då ser vi bedre det enkelte barn. Viktig med samtale og blikk- kontakt. At vi vaksne er tilstades og påkobla. Utruleg viktig å ha fokus på den trygge basen ved tilvenning av nye barn i barnehagen. Ha fokus på sammensetjing av barnegruppene, etablere tryggheit. At dei vaksne har ein god relasjon med kvarandre; perosnale og foreldre er viktig. Barnet skal vere i sentrum. Dei vaksne har heile tida ansvar for å etablere ein god relasjon til ALLE barn.
Planleggingsdag 25.mars 2014 Personalet si oppsummering og læring: Trygg tilknytning i forhold til tilknytning har konsekvens for barnets seinare tillit og mistillit i livet. Tilknytning i høve 0-2 år her betydning for utvikling og evne til sjølvkontroll, sjølvregulering, det å uttrykke følelsar, samhandle med andre barn og vaksne på ein god måte. Faste og forutsigbare rammer med nære vaksne (trygg hamn) er viktig. Barn som uttrykker «vil ikkje» eller «kjedeleg», uttrykkjer angst og usikkerheit. Mork barnehage har laga hefter med rettleiing til personalet og foreldre om tilknyting i barnehagen.
Planleggignsdag 26.mai Tema var barn og seksualitet. I Mork barnehage oppsummerte vi planleggingsdagen slik: Barnehagen er ein instans som kan førebyggje overgrep, lære barna gjennom temaarbeid om kroppen vår, bruke fagbøker, lære barna å setje grenser for eigen kropp, det er lov å seie nei. Ta barna på alvor når dei fortel ting, vi skal lytte til barna. Vi skal ikkje tolke, vi skal skrive ned det vi ser.
Kva skjer framover i Voldaprosjektet: Onsdag 10.september: planleggingsdag med tema:juss i barnehagen. Om taushetsplikt osv. Mandag 6. oktober: Planleggignsdag med tema: Vold og Rus i Familien. Rettleiing av pedagogisk personale i barnehagane. (September- november) Møter; tverrfagleg samarbeid og personalmøter med fokus på indre arbeidsrutiner.
Foreldresamarbeid FAU står for Foreldrenes arbeidsutvalg. I Mork barnehage kallar vi det AU (Arbeidsutvalget) Alle foreldre til dei som har barn i barnehagen er medlemmar av foreldrerådet. Foreldrerådet vel eit AU. AU sine arbeidsoppgaver: Fremme foreldra sine felles interesser Medverke til at foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape et godt barnehagemiljø Bidra til eit godt samarbeid mellom heim og barnehage Skape kontakt mellom barnehagen og nærmiljøet
ÅRSHJUL for AU I Mork barnehage har vi laga eit årshjul for arbeidet til AU. Vi har nokre tradisjonar som går igjen år etter år, men det er også fullt muleg å lage nye aktivitetar for å fremje eit godt barnehagemiljø. Faste aktivitetar: Dugnad haust Sommarfest, foreldre til skogtrolla Barnehagefest (Markering av den internasjonale barnehagedagen.) Barnehagen er åpen for alle i bygda og vi sel tombola, mat til inntekt for eit godt fysisk leikemiljø for barna. Dugnad våren