Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne

Like dokumenter
Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsatt funksjonsevne

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

11 Eg i arbeidslivet

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Brødsbrytelsen - Nattverden

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin


Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Til deg som bur i fosterheim år

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Valdres vidaregåande skule

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

«Ny Giv» med gjetarhund

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Forslag frå fylkesrådmannen

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Kvalitetssikring av det mellommenneskelege arbeidsmiljøet

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte

ETNE KOMMUNE K-LEAN BRUKARHANDBOK FOR LEIARAR OG VEILEDERE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Våg å tenk stort, våg å tenk enkelt

mmm...med SMAK på timeplanen

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Jon Fosse. For seint. Libretto

5. Soknerådsmøte mai Referat

Månadsplan for Hare November

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Vurdering av allianse og alternativ

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Lønnsundersøkinga for 2014

Vinje kommune. Sluttrapport

Kva er økologisk matproduksjon?

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Forsand kommune Personalkontoret

Transkript:

Jobbstrategien KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne

Ein døropnar til arbeidslivet Unge, positive og motiverte medarbeidarar er velkomne hos dei fleste arbeidsgivarar. Men unge med nedsett funksjonsevne er ikkje alltid like ønskte. Det er synd. Vi har alle interesse av at flest mogleg skal finne ein plass i arbeidslivet. Først og fremst handlar det om å gi unge med nedsett funksjonsevne ein sjanse til å prøve seg. No har NAV fått fleire verkemiddel som skal gjere det enklare for deg som arbeidsgivar å gi dei sjansen. Dei treng ein døropnar inn i arbeidslivet.

Ei kjelde til god arbeidskraft Unge med nedsett funksjonsevne har store ressursar. Mange har kompetanse, pågangsmot, innsatsvilje og ei breidd i bakgrunn og livserfaring som kan tilføre verksemda di noko nytt. Det kan vere ulike årsaker til at unge med nedsett funksjonsevne har utfordringar med å komme inn på arbeidsmarknaden. Nokre manglar kanskje arbeidserfaring, andre kan ha avbrote utdanninga, eller dei kan ha fysiske eller psykiske funksjonsnedsetjingar eller sjukdommar som har hindra dei i å få vist kva dei kan. I tillegg overser mange arbeidsgivarar kompetansen dei unge står for, av frykt for at det skal medføre for mykje ansvar å engasjere dei. Foto: Snøball Film

Ein vinn-vinn-situasjon Som arbeidsgivar kan du rekruttere ein medarbeidar som kan tilføre arbeidsmiljøet i bedrifta positive verdiar og vere eit bidrag til ein god sosial profil. Med litt innsats i starten kan dei unge bli ein verdifull ressurs for verksemda i lang tid framover. Samtidig gir du eit ungt menneske ein sjanse til å komme i arbeid, utvikle seg og bruke evnene sine.

Kva er problemet? Det er utan tvil mange som har fordommar mot å tilsetje ein person med ei fysisk eller psykisk funksjonsnedsetjing. Ofte kjem desse haldningane av mangel på kunnskap. Her er nokre av dei vanlegaste motførestellingane: Vi har ikkje ressursar til oppfølging Ved NAV Arbeidslivssenter er arbeidslivscoachen og IA-rådgivaren (for IA-verksemder) klare til å gi deg den praktiske hjelpa du treng for å gi eit ungt menneske sjansen til å få ein jobb. NAV-kontoret vil sørgje for å følgje opp den tilsette. Ein fast kontaktperson frå NAV vil gjennom ein eigen tilretteleggingsgaranti sikre tett oppfølging, hjelpe til med tilrettelegginga og eventuelt avvikle forholdet dersom det ikkje går bra. Vi får auka kostnader Det å leggje til rette ein arbeidsplass for ein som har ei funksjonsnedsetjing, kan nokre gonger medføre ekstra kostnader i ein periode. Men her kan NAV bidra både økonomisk og praktisk, slik at bedrifta ikkje får unødige kostnader.

Bedrifta kan få dårleg omdømme Erfaring viser at det som regel er motsett. Det er mange, både kundar og andre samarbeidspartar, som set stor pris på at ei bedrift tek samfunnsansvar og tenkjer nytt. Eit slikt engasjement er bra for omdømmet til bedrifta. Foto: Norges Blindeforbund Det går ut over produktiviteten Mange unge med nedsett funksjonsevne er motiverte og kan jobbe like effektivt som andre. Enkelte har sjølvsagt redusert eller variabel arbeidsevne. Dersom det er behov for ekstra investering og oppfølging i startfasen, kan NAV vere med på å kompensere for det med lønnstilskot, oppfølging eller andre verkemiddel. Nettbrett eit nyttig hjelpemiddel for mange synshemma

Tre historier NAV gjer mykje av jobben. Vi gir dei ein arena På Sandvika Storsenter er det 2500 arbeidsplassar. Då NAV tok kontakt med oss, tenkte vi at nokre av butikkane våre måtte kunne ta i eit tak for å gi unge ein plass i arbeidslivet, seier senterdirektør Carl Nico Nicolai L. Vold. 55 butikkar har meldt seg på prosjektet, men det er jo ikkje like lett å finne gode kandidatar til alle. Nokre passar godt i varehandelen, andre ikkje. NAV har jobba for å finne den rette personen til den rette butikken. 20 av butikkane har hatt praksisplassar, og så langt har to kandidatar fått fast jobb. Nokre har fått fast jobb ein annan stad etter å ha hatt praksis her, og nokre har fått praksisperiode der dei er. Som eit stort handlesenter har vi ein plass i samfunnet som vi må ta vare på. Kan vi hjelpe nokon tilbake i jobb, skal vi gjere det.

Det er godt med ein kvardag som eg kjenner Eirik er av dei som kom i jobb gjennom samarbeidsprosjektet mellom NAV og Sandvika Storsenter, og er ein av 94 tilsette på Lefdals varehus her. Eg tenkte at dette ville vi vere med på, seier varehussjef Tore Lunde. Men vi kunne ikkje ta på oss å drive med kartlegging og jobbavklaring. Vi måtte ha kandidatar som var silte, og som vi trudde kunne fungere og ha det bra hos oss. Den jobben blei gjord gjennom eit samarbeid mellom NAV og Reaktorskolen, som kartla kandidatar og alternativ. Eirik jobbar i supportsenteret. Der gjer han dagen betre for kundar som har problem med programvaren på PC-en sin, eller som ønskjer å få sett opp maskina og ikkje har kompetanse til det sjølv. Han fungerer veldig bra i jobben og er svært populær blant kollegaene sine, fortel Tore.

Eirik har Aspergers syndrom og vil gjerne ha faste rammer og ein kvardag som han kjenner. Den einaste tilrettelegginga som er gjord i arbeidssituasjonen hans, er at han slepp å jobbe skift. Eg treng ein kvardag med fast arbeidstid frå 8 til 16 og få kollegaer å ta omsyn til. For meg er fire kollegaer passeleg mange å jobbe saman med. NAV tilbyr ein del økonomisk støtte som vi ikkje har gjort oss nytte av, seier Tore. For oss er det meir enn nok motivasjon at vi kan vere med på å få ungdom i arbeid. Det gjeld å avklare den rette kandidaten på førehand, og den jobben overlèt vi til NAV.

Gode hjelpemiddel gir fleire moglegheiter. Isbjørnen gjer lyd om til lys. Eit fleirspråkleg arbeidsmiljø er veldig spennande! Ingunn har jobba som arkivar i Tollregion Oslo og Akershus sidan 2007. Tollvesenet har lenge hatt ein inkluderande praksis. Alle som har ei funksjonsnedsetjing, skal kunne søkje jobb på lik linje med andre. Ingunn har vore døv heile livet, og det var i utgangspunktet ei utfordring for henne å skulle begynne å jobbe. Eg var sjølvsagt spent på jobben, men aller mest på korleis kommunikasjonen skulle gå for seg mellom meg og dei eg skulle jobbe saman med. Eg tenkte òg at slike ting som møte og medarbeidarsamtalar ville bli vanskeleg når ingen kunne teiknspråk. Samtalen går lett over bordet ved hjelp av døvetolken frå NAV. Når det er spesielle behov, som kurs og større møte, tek vi inn tolk, seier

Trond-Eirik Hansen. Han er Ingunn sin nærmaste overordna. Då Ingunn skulle begynne, var det jo litt uvant i miljøet vårt òg, men NAV la veldig godt til rette for at det skulle bli ein smidig overgang. Det blei halde dagskurs i teiknspråk for alle medarbeidarane, slik at vi lærte dei grunnleggjande kvardagsteikna. Éin fekk i oppgåve å vere fadder for Ingunn og blei kursa litt ekstra. Ingunn er klar på at døve kan jobbe like bra som høyrande. Det gjeld å rette merksemda mot det ein kan, og ikkje mot hindringane. Og så er det viktig å vere open omkring situasjonen. Då er det ikkje mange hinder for å kunne gjere ein god jobb. I starten syntest eg det var vanskeleg, smiler Ingunn, men no trivst eg veldig godt på jobben! Det er viktig å kunne prate med kollegaer og kunne ta del i sosiale aktivitetar, og det går bra. Litt teiknspråk, litt kroppsspråk og litt skriving på lappar. Folk kommuniserer på forskjellige måtar, og det er veldig hyggjeleg. Ingunn har fleire avanserte hjelpemiddel som gir henne større spelerom. Til dømes ein teksttelefon der tale blir til tekst via tolketenesta, og ein tale-pc som gjer teikn til tale og tale til tekst. Det er NAV som ber kostnadene for desse hjelpemidla.

Det er greitt med leiarar som det går an å prate med. Når du blir forstått og respektert, går alt mykje lettare Stian plukkar varer til butikkar på ASKO-lageret, ein jobb han trivst med og har hatt i ni år. Han har ei kronisk psykisk liding som gjer at han slit i periodar. Men nokre enkle tilpassingar gjer at han fungerer veldig bra i ein fulltidsjobb. Det er krav til oss som plukkar, om kor mykje vi skal produsere, seier Stian. Leiaren min ser av og til litt bort frå det kravet. Dersom eg slit og treng å ta det litt pent, er det ingen spørsmål om det. Og dersom eg har hatt ei dårleg natt, er det greitt at eg kan komme litt seinare.

Det er mykje betre at du kjem og yter innanfor dei rammene du kan, seier Inger Ødegård, personalkonsulent med spesielt ansvar for inkludering, nærvær og fråvær. Noko av grunnen til at det fungerer så godt, er at du sjølv har vore open om problema dine. Når du er open, er det mykje lettare å hjelpe. Openheit er eigentleg heilt avgjerande. Dersom du har ein god leiar som du har respekt for, og som bryr seg, er det mykje lettare å vere open, seier Stian. Leiaren min har alltid tid til meg, og vi pratar saman kvar dag. Men sjølvsagt ikkje alltid om dette! Vi er jo veldig mange her, så dersom eg har ein dårleg dag, er det vel kanskje nokon som tenkjer sitt. På ASKO-lageret er det høgt tempo og stor trafikk. Du skal få vere i fred med diagnosen din, seier Inger. Den er det ingen som har noko med. Ingen av leiarane våre har fleire tilrapporterande enn at dei rekk å sjå og følgje opp kvar enkelt i teamet. Det er viktig å bli sett, og det er ikkje lov å gøyme seg bort. Vi jobbar heile tida med at alle har ansvar for å vere gode kollegaer for kvarandre. Vi er kvarandre sitt arbeidsmiljø.

Vi og arbeidsgivarane må spele på same lag for å få fleire unge med nedsett funksjonsevne i arbeid. Arbeidsminister Anniken Huitfeldt Foto: Snøball Film Du får hjelp til å ta ansvar NAV har gjennom jobbstrategien som regjeringa lanserte i 2011, fått endå fleire verkemiddel og tiltak som skal gjere barrierane for å tilsetje eller prøve ut unge med funksjonsnedsetjingar mindre. Mellom anna er det no arbeidslivscoachar ved NAV Arbeidslivssenter i kvart fylke. Dei skal saman med NAV-kontoret og NAV Hjelpemiddelsentral hjelpe verksemder som ønskjer å rekruttere personar med nedsett funksjonsevne.

Dette kan arbeidslivscoachen hjelpe med Rettleie arbeidsgivaren i prosessen med å ta imot ungdom Informere verksemda om kva dei bør tenkje på ved rekruttering Opplyse om korleis NAV kan hjelpe til med å finne dei rette kandidatane Informere om moglege støtteordningar og verkemiddel frå NAV Informere om tilrettelegging Informere om tilretteleggingsgarantien til NAV, som gir ein fast kontaktperson i NAV og samordna hjelp etter behov Støtte og rettleie arbeidsgivaren i krevjande enkeltsaker Gi kunnskap og kompetanse om kva verksemda kan gjere for å få vere ein god arbeidsplass for alle

Seks gode råd ved utprøving eller tilsetjing: Ha eit oppstartsmøte på førehand, slik at den tilsette kan gjere seg kjend med arbeidsplassen. Gi den nytilsette ein fadder som kan vere ein ekstra god kollega. Praktiske og organisatoriske tilretteleggingar skal vere på plass på førehand. Gi tydelege og positive tilbakemeldingar når du synest at noko er bra, og gi konstruktiv kritikk når noko må endrast. Ha korte og regelmessige oppfølgingssamtalar og gi gradvis større ansvar og oppgåver. Avklar forventingane til dei andre tilsette på førehand. Det nærmaste NAV-kontoret Arbeidslivscoachen og IA-rådgivaren* ved NAV Arbeidslivssenter i fylket ditt Du kan søkje etter aktuelle kandidatar og leggje ut stillingsutlysing på www.nav.no www.jobbressurs.no Vil du lese om andre verksemder som har tilsett personar med nedsett funksjonsevne? Sjå www.idebanken.org Her får du meir informasjon *for IA- verksemder

ludensreklame.no Jobbstrategi for personar med nedsett funksjonsevne www.nav.no/jobbstrategi