NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN.



Like dokumenter
Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Stemnehandboka for NKSF

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Les for livet - del 2 (Ref # )

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Månadsplan for Hare November

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Kvalitetsplan mot mobbing

10/60-14/N-211//AMS

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

5. Soknerådsmøte mai Referat

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Samansette tekster og Sjanger og stil

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

«Ny Giv» med gjetarhund

Forslag frå fylkesrådmannen

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Sandeid skule SFO Årsplan

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Handlingsprogram og økonomiplan

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

Informasjonshefte Tuv barnehage

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Strategiplan for Apoteka Vest HF

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Valdres vidaregåande skule

Frå prosjekt til fast drift Helene Fjellheim Midthun, Suldal Kommune

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne

Vurdering av allianse og alternativ

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 09/809

KOMPETANSEKATALOG del I 2000 / 2001

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Transkript:

PEDAGOGISK UTVIKLINGSARBEID. RAPPORT. SOGNDAL FOLKEHØGSKULE 2003. NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN. Bakgrunn. Sogndal kommune har i de seinare åra teke i mot mange flyktningar for busetting. I tillegg vart det hausten 2001 opna eit asylmottak for inntil 150 asylsøkjarar Dette inneber at innslaget av framandspråklege og annleis utsjåande menneske er stort i det vesle regionsenteret vårt. Det har på ulike måtar vore jobba godt i kommunen for at dette skulle bli oppfatta som ei styrke meir enn eit problem. M.a. har det i Sogndal i 3 år eksistert ei ressursgruppe for flyktningar der underteikna har vore med. Det som syner seg er at nokre av kvinnene i dei kulturane som er representerte i denne gruppa, i mindre grad enn mennene knyter sosiale nettverk og lærer seg språk. Det er ei fare for at dei bruker for lang tid på å knekke dei kulturelle kodane og dermed lengre tid på å bli integrerte i lokalsamfunnet. Dette handlar motsett òg om at vi kvinner som bur i Sogndal har mykje å lære av og om dei framande kulturane for betre å forstå og respektere deira synspunkt i mange kontroversielle spørsmål. Intergrering er eit felles ansvar og ei felles utfordring. Det var eit uttrykt ønskje blant ein del kvinner om å ha ein eigen møteplass. Sogndal Folkehøgskule sa seg interessert i å tilby ein slik møteplass. Målsetting for prosjektet. Målsettinga er todelt. 1. Å fremje integrering av kvinner med framand kulturbakgrunn i lokalsamfunnet vårt. 2. Å bidra til betra språkferdigheit med tanke på å ta del i arbeidsliv og/eller sosiale nettverk. Dei to delmålsettingane heng sjølvsagt tett saman. Samarbeidspartnarar. For å kome i kontakt med deler av målgruppa har vi samarbeida med flyktningekonsulenten i Sogndal Kommune og Sogndal Asylmottak. Pilotprosjekt haust 2002. Det vart hausten 2002 starta eit pilotprosjekt. Representantar for innvandrarkvinnene, flykningekonsulent, leiar av asylmottak og prosjektleiar på Sogndal Folkehøgskule møttest for å snakke saman om kva og korleis, og for å leggje ein førebels plan ofr hausten. Møteplassen vart offentleg annonsert (vedlegg 1

nr I) som eit kurstilbod, der interkulturelle samtalar og ulike praktiske aktivitetar skulle vere innhaldet. Det vart arrangert fire kveldar i løpet av hausten 2002. Deltakartalet var 29, 14 av desse norske. Program og innhald ligg ved som vedlegg nr. II. Alle deltakarane fekk evaluere opplegget. Desse evalueringane danna grunnlaget for planen for vår 2003. Møteplass vår 2003. Med bakgrunn i erfaringar frå pilotprosjektet heldt vi fram med med møteplassen to gonger pr. mnd, 3 timar kvar kveld. På nytt vart møteplassen annonsert offentleg og alle kvinner i Sogndal og omegn ønskt velkomne. Innhaldet likna mykje på det som var i pilotprosjektet. Det syner seg at praktiske aktivitetar er ein god måte å kome saman på, særleg når språkproblema er store. I tillegg til teikning/grafikk, samtale og kulturforståing, har mat frå ulike kulturar vore tema. Planen er å lage ei lita tverrkulturell kokebok. Vi avslutta før sommaren med ein tur til Galleri Walaker, reker, kaffe og kaker på kaia i Solvorn. Dette var eit samarbeidsprosjekt med Husflidslaget i Sogndal, og representerte eit forsøk på utviding av nettverket. Totalt var 21 kvinner med i større og mindre grad. 7 av desse var norske. Møteplass haust 2003. Møteplassen vert vurdert som så viktig at den held fram hausten 2003, i tråd med prosjektet sin føresetnad. Aktivitetane er stort sett de same og vi arbeider mykje på same måten. Det vi legg merke til er at kvinner som får positiv utgang på sin asylsøknad ofte forsvinn frå gruppa. Det kjem likevel heile tida nye kvinner til nettverket. Slik sett ser det ut til møteplassen er kjent og dekkjer eit behov. Vi har òg vore færre norske kvinner i hausthalvåret. Det er positivt at det nå fins ei kjerne av ca. 15 kvinner som bruker møteplassen fast og som kjenner seg trygge i gruppa og miljøet. Forutsetnadar og arbeidsmåtar. Det er krevjande å skape ein meiningsfull møteplass for ei så samansett gruppe. - Språket er ei barriere. Det syner seg at mange av dei nye treng ei form for tolking. Ei løysing for oss har vore å nytte oss av dei som har felles språk og der nokon kan norsk. Dette gjeld særleg der vi har teke opp særskilde tema. - Nye deltakarar som kjem til heile tida pga. asylsituasjonen utfordrer oss både språkleg og sosialt. - Tid er viktig. Det følgjer av språkproblema. Det er heilt grunnleggjande å ta seg god tid til samtale og sikre at alle forstår det som blir sagt. Å ikkje forstå/bli forstått er ei dårleg oppleving og bryt ned motivasjon for å delta. - Å gjere ting er ein god måte å kommunisere på. Her kjem òg ulike kulturelle trekk til syne og det skaper ei god ramme rundt erfaringsutvekslinga. Teikning, saum, strikking, matlaging er fellesnemnarar for dei fleste kvinner overalt i verda. 2

Rammer for prosjektet. Det er først og fremst Sogndal Folkehøgskule som har stått ansvarleg for opplegget. Underteikna har vore prosjektleiar, løna av skulen, og skulen er fast tilhaldsstad. Tilsette ved Sogndal Mottak har vore medansvarlege og bidratt bl.a. med førelesarar på ulike tema. Vi har nytta fagfolk frå ulike miljøer i Sogndal Kommune. Økonomisk er vi inne i ei utvikling frå fast kursavgift til ei ordning der eventuelle utgifter til mat og materiell vert dekka etter bruk. Vurdering av prosjektet. Positivt.: Møteplassen har vorte ein innarbeidd institusjon og er eit viktig tilbod for ca. 15 20 kvinner. Kvinnene kan fritt ta opp spørsmål dei er opptekne av, og vi kan relativt lett få tak i fagfolk innafor ulike fagfelt. Samtalane mellom norske kvinner og innvandrar-kvinner viktig for å lære å forstå kulturkodar, fjerner utryggheit og opner opp for utvida sosial kontakt. Kvinner som kjem frå andre kulturarar opplever det som positivt å få komme til orde, snakke om sin eigen kultur, heinmlandet sitt og eigen bakgrunn og historie. Nokre av kvinnene søker inn i nye aktivitetar i lokalsamfunnet. Vi ønskjer å halde fram med møteplassen og at den skal bli meir og meir sjøldreven, dvs. ikkje ha karakter av å vere eit prosjekt. Utfordringar: 1. Spre informasjon, unngå at det blir ein møteplass berre for kvinner i asyl. 2. Å knytte til oss stadig fleire av kvinnene frå Sogndal, enten som deltakarar eller som føredragshaldarar på ulike tema. 3. Nye aktivitetar,- invitere kvinner som er aktive innafor ulike felt. Opne dører og skape interesse for større deltaking i lokalsamfunnet sine tilbod. 4. Utfordre innvandrarkvinnene meir på det dei kan og det dei kan bidra med. VEDLEGG. I: Annonse-invitasjon til kurs. Pilotprosjekt. II: Program og innhald. Pilotprosjekt. III: Annonse vår 2003. IV: Annonse haust 2003 V: Program haust 2003 3

VEDLEGG I ANNONSE. NIURI Norge - Iran - Uzbekistan - Russland - Irak + mange andre andre land og kulturar KURS-OG MØTEPLASS FOR KVINNER! starter på Sogndal Folkehøgskule 19.november. Vi lærer av kvarandre om ulike kunstuttrykk, blomebinding, skulptur, grafikk, måling, data.. om kulturar, kulturforståing, kommunikasjon, verdiar og haldningar.. 4

VEDLEGG II NIURI. PROGRAM FOR KURSKVELDANE FRAM TIL JUL. TYSDAG 19.11. 17.00: Opning av kurset, presentasjon av dektakarane, praktisk om kurset og val av aktivitetar 17.30: Gruppene starter - dekor, silkeblomar - grafikk/teikning - strikkeverkstad 18.45-19.30: Felles samling, dans og kaffe/mat 19.30 ca. 21.00: Gruppene held fram. TORSDAG 28.11. 17.00: Felles samling, samtale,informasjon og ideutveksling. 17.15: Gruppene starter - dekor, silkeblomar - grafikk/teikning - strikkeverkstad - dataopplæring (går innimellom dei andre aktivitetane, tre personar i gangen) 18.45:Felles samling, dans og kaffe/mat. 19.30 ca. 21.00: Gruppene held fram. TYSDAG 03.12. 17.00: Felles samling, samtale, informasjon og ideutveksling. 17.15: Gruppene starter - dekor, silkeblomar - grafikk teikning - strikkeverkstad - dataopplæring (organisert som forrige gang) - trening med musikk (NB! dei som vil vere med må ta med treningstøy, gode sko! det er mogleg å dusje etterpå) 18.45: Fellessamling, samtale, kaffe og mat. Planlegging av juleavslutning/kulturkveld. Ca 20.00-21.00: Gruppene held fram. 5

FREDAG 13.12. (Juleavslutning) Kulturkveld for familie og vener. Utstilling. Mat. Program. 6

VEDLEGG III NIURI Norge - Iran - Uzbekistan - Russland - Irak + mange andre andre land og kulturar KURS-OG MØTEPLASS FOR KVINNER! Sogndal Folkehøgskule starter opp igjen på Fire kveldar før påske; 25. februar, 11. mars, 25. mars, 8. april Alle dagar kl. 17.00 20.00 Vi lærer av kvarandre; matlaging frå ulike kulturar teikning/grafikk samtale og kulturforståing Kursavgift kr. 160.- for fire kveldar. Ring Sogndal Folkehøgskule tlf. 57672033 for å melde deg på,- eller møt opp tysdag 25. febr. kl. 17.00 7

VEDLEGG IV. ANNONSE. NIURI Multikulturell møteplass for kvinner i Sogndal. Følgjande tirsdagar kl.17 20 på Sogndal Folkehøgskule: 14.okt. 28.okt 11.nov. 25.nov Vi drøfter kvinnespørsmål, lager mat frå ulike kulturar, handarbeid, grafikk Interessert? Møt opp på folkehøgskulen For meir info: ring 57627575 (Mai-Evy) 57625700 (Karin) 8

VEDLEGG V HAUSTPLAN NIURI 2003. Tirsdag er fast møtedag. Vi møtes i biblioteket på Sogndal Folkehøgskule DATO KLOKKA PROGRAM MAT ANSVAR 02.10 17-20 Planlegging Kaffe/te-kake Mai-Evy 14.10 17-20 Tema: om likestilling i Norge (Hanne) Kaffe/te kake Karin Hanne - tegning/grafikk (Elisabeth) - hekle/ strikke/brodere 28.10 17 20 Mat (Tsjetsjenia?) - dans/fysisk aktivitet - hekle/strikke/brodere - tegning/grafikk (Elisabeth) 11. 11 17-20 Spørsmål til legen Camilla - dans /fysisk aktivitet - hekle/strikke/brodere - tegning/grafikk (Elisab.) 25.11 17-20 Mat? Karin/ Hanne spør om noen vil.., eller vi kunne lage noe norsk! noe julematlignende? - hekle/strikke/brodere - tegning/grafikk (Elisab.) 16.12 Juleavslutning! - for heile familien? NB! Planlegges underveis. Vi må forhøre oss om mulighetene på folkehøgskolen. Meb.03.10.2003. Smakebiter Fra Tsetsjenia + kaffe/te Kaffe/te Smakebiter + kaffe/te Mai-Evy Karin Hanne Karin Hanne Mai-Evy? Alle! 9

REKNESKAP PEDAGOGISK UTVIKLINGSARBEID 2003.11.21 Sogndal Folkehøgskule NIURI interkulturell møteplass for kvinner. Budsjettposter Budsjett Rekneskap Kommentar Prosjektledelse 18000.- Mai-Evy Bakken. 1. planlegging, oppsetting av program, kontaktansvarleg, annonsering. 48 t., 2 dager `8 t pr. semester(adm) 2. Tilstedeværelse i prosjektet,- 11 kvelder * 2t = 22 timer 3. Undervisning. 11 kvelder *2 =22 t. Adm. 2000,- Annonsering, brev/post, tlf. *3 annonsar *60 brev/ivitasjonar Materiell 2000,- Mapper, kopier etc. til deltakerne. 50*25 10