MØTEINNKALLING. SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0055/03 03/00149 POLITISK KVARTER 700 0056/03 03/01085 SFO GRUNNSKULE - VEDTEKTER 701



Like dokumenter
MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0009/03 03/ /4, REGULERINGSPLAN - SKEISFLATEN

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0262/04 04/ /28,57, FINNEBREKKA, BYGGESAK - FELT A NY BEHANDLING

Særutskrift - 194/6 - ny grunneigedom - Sæbøvik - Fredrik Johan Øvrevik

MØTEPROTOKOLL. Os Forvaltningsstyre. Møtestad: Formannskapssalen i 4. etg i Rådhuset Møtedato: Frå: til 09.45

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 244/2 - deling av grunneigedom - Utåker - Egil Heimvik

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

MØTEINNKALLING. Det vert synfaring før møtet vedk. sak 0015/03. Frammøte ved Sentrumskvartalet kl SAKLISTE

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0038/05 04/01566 SØKNAD OM KJØP AV TOMT 230

Løyve til tillatelse til tiltak uten ansvarsrett gnr. 84 Bnr 1

Særutskrift - 112/17 - deling av eigedom - Dimmelsvik - Per Harald Lunde

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Møteprotokoll. Til stades var og rådmannen, teknisk sjef, planleggjar og politisk sekretær. Sistnemnde førde møteboka. SAKLISTE

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

MØTEPROTOKOLL. Os Forvaltningsstyre. Møtestad: Os Kai Møtedato: Frå: til Nestleiar Jonny Garvik FO Laila Marie Reiertsen

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/194 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN FOR HOLMAMYRANE NÆRINGSOMRÅDE

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling - Søknad om deling - 99/1 - Dimmelsvik - Eivind Tvedt

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 3.gongs handsaming - Søknad om deling - 208/3 -Sydnes - Anne Marie Sydnes Helland

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0216/04 03/01610 PROFILERINGSPROSJEKTET I OS KOMMUNE

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

HANDSAMING AV DISPENSASJON - 66/1 - GJENOPPBYGGING AV NAUST, HUGLO

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

Møteprotokoll SAKLISTE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

2 av 11 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 020/16 16/242 Delingssak GBNR 21/2 - Olderbakken, Rødne. Oversikt f

Stryn kommune Servicekontoret

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEINNKALLING. Utval for tekniske saker og næring

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 243/26 - reidskapshus og tilbygg hytte - Salbuvik - Utåker - Lars Magne Stølen

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

(Sjå dei 2 siste sidene i saka)

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

HANDSAMING AV DISPENSASJONSSAK - 45/237 - REHABILITERING OG UTVIDING AV MOLO, SÆBØVEGEN 28

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for veg og kai Straume Sør

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00 - Møtestad: Kommunehuset

ØRSTA KOMMUNE Teknisk sektor

Vår ref. 2014/ Særutskrift - 100/5 - deling av grunneigedom - Dimmelsvik - Nils Hjelmeland

Austevoll kommune. Innkalling Utval for plan og byggesak. Sakliste

Vår ref. 2011/ Særutskrift - BS - 241/74 - garasje - Sandvoll - Linda Soma og Øystein Ersland

Møteprotokoll. Frå administrasjonen møtte: Rådmannen, teknisk sjef og planleggjar. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste.

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan - Trafikkplan Vik, Jondal

2 av 8 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 056/13 13/565 Faste saker 057/13 13/77 O

ØRSTA KOMMUNE Teknisk sektor

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Saksansvarleg Giske formannskap /14 BJFR Giske kommunestyre

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 81/08 08/440 PORTEFØLJESTATUS JUNI

Saksnr Utval Type Dato 006/18 Heradsstyret PS

SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutvalet for Teknisk og Næring /09. Saka vert avgjort av: Det faste utval for plansaker

MASFJORDEN KOMMUNE. Vedtaksprotokoll for Teknisk utval

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 145/28 - frådeling av tomt - Husnes - Jorunn Marit Røsseland

Særutskrift - 143/3 - eigedomsdeling - Husnes - Sør - Norge Aluminium A/S

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 250/22 - driftsbygning i landbruket - Matre - Haldor Matre Skålnes

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon og igangsetjingsløyve - 234/16 - hyttenaust - Høylandsbygd - Elisabeth og Harald Hammerseth

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS

ØRSTA KOMMUNE Tekniske tenester

Radøy kommune Saksframlegg

OS KOMMUNE Tekniske Tenester

MØTEINNKALLING 0149/04 04/ /30, DRANGE, NYBYGG NAUST - BJØRN J. LAASTAD

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /06 RUVI

2 av 11 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 012/13 13/185 Faste saker 013/13 12/654

2015/ Særutskrift - Dispensasjon - 140/6 - Fritidsbustader - Raudstein - Nils Gunnar Røssland

OFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 006/16 Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMT-utvalet) PS /16 Kommunestyret PS

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Møteprotokoll. Tilstades var og rådmannen, teknisk sjef, planleggjar og fagleiar sakshandsaming og arkiv. Sistnemnde førde møteboka.

MØTEINNKALLING SYNFARING. Det vert synfaring før møtet. Synfaringa tek føre seg sakene i slik rekkefølgje:

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

Møteprotokoll SAKLISTE 57/15 15/529 GNR.35 BNR.11 - FRANK SEKKESETER - SØKAND OM DISPENSASJON FRÅ PBL 1-8 FOR PLANERING OG RYDDING AV TOMT

Geir Røssland i sak PS 20/17 og PS 21/17 Leiar Stord-Fitjar Landbruks- og Miljøkontor Tore Nesbø i sak PS 19/17 Driftsleiar

Møteprotokoll SAKLISTE

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Møteprotokoll SAKLISTE 26/15 14/521 REGULERINGSPLAN - SAGBRUK OG LAGEROMRÅDE PÅ DEL AV GNR.48 BNR STAVSET. KLAGE PÅ VEDTAK I SAK 56/14

2016/ Særutskrift - 189/13 - naust og utlegging av flytebrygge - Halsnøy Kloster - Paul Karsten Sjo

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Vår ref. 2016/ Særutskrift - 90/2 - deling av eigedom - Seimsfoss - Merete Guddal

Vår ref. 2016/ Særutskrift - Konsesjon - fallrettar - Tverrelva - Tverrelva Kraftverk AS

Kvam herad. Søknad om løyve til tiltak på gnr. 136 bnr. 7, Dysvik. Flytebryggjer. Søknad om disp. frå LNF-føremålet og pbl. 17-2

Transkript:

OS KOMMUNE Os kommune Utval: OS FORVALTNINGSSTYRE Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 05.05.03 Tid: 13.00 MØTEINNKALLING SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0055/03 03/00149 POLITISK KVARTER 700 0056/03 03/01085 SFO GRUNNSKULE - VEDTEKTER 701 0057/03 03/01136 STRATEGIPLAN FOR SKULAR OG BARNEHAGAR 2003-2005 709 0058/03 03/00466 29/34, DELING AV EIGEDOM - NILS RØTTINGEN 712 0059/03 03/00471 42/13, FRÅDELING AV 3 NAUSTTOMTAR - MARIT SANDVEN 723 0060/03 03/00546 40/5, REKV. AV GRENSEPÅVISING - WENCHE MJØLKERÅEN 732 0061/03 03/00923 48/1, FRÅDELING AV PARSELL TIL VERKSTAD/LAGER- BRITT LUNDE SYDNES 0062/03 03/00065 51/3 MOBERG, NYBYGG VOGNHUS/REDSKAPSHUS KLAGE PÅ VEDTAK 0063/03 03/00092 31/170, LEPSØYNESET, SØKNAD OM RAMMELØYVE FOR BUSTADHUS 0064/03 03/00144 54/720 KUVENTRÆVEGEN, NYBYGG VERTIKALDELT BUSTAD - KLAGE PÅ VEDTAK 744 754 770 781 0065/03 03/00215

29/121, SKITNEVÅGEN, FRITIDSBUSTAD/NAUST, INGEBJØRG MEDAAS KNUTSEN 0066/03 03/00565 30/43 SUNDØYHAGEN 143, NYBYGG NAUST- MARIANNE JOHANSEN KORSVOLD 0067/03 03/00695 29/122, SKITNEVÅGEN, NYBYGG HYTTENAUST - MAGNHILD BOGETVEIT 0068/03 03/01144 54/626 KUVEN, LAGER- OG VERKSTADBYGG- BØ SYSTEMFORSKALING A/S 0069/03 03/00002 OFFENTLEG ETTERSYN, REGULERINGSPLAN FOR SKEISFLATEN, 34/4,M.FL. 0070/03 03/00664 OFFENTLEG ETTERSYN AV REGULERINGSPLAN FOR HILDEREN, GNR. 34, BNR.9 SKEISLEIRA 0071/03 03/00768 OFFENTLEG ETTERSYN AV PRIVAT REGULERINGSPLAN FOR FLORSHAUGEN, BJØRKHOVDA, GNR. 51, BNR. 325 0072/03 03/01183 SØKNAD OM OPPSTART AV ENDRING AV REG.PLAN JESSADALEN - STALEN 0073/03 03/01588 SØKNAD OM OPPSTART AV PRIVAT REGULERINGSPLAN ELVEBAKKEN 799 813 833 855 868 882 906 917 923 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 28.04.03 Ordførar Rådmann

Sak 0055/03 MØTEBOK POLITISK KVARTER Saksbehandler: Gunvor S. Heggland Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 03/00149 Saksnr.: Utval Møtedato 0001/03 Os Forvaltningsstyre 23.01.03 0014/03 Os Forvaltningsstyre 27.02.03 0033/03 Os Forvaltningsstyre 20.03.03 0055/03 Os Forvaltningsstyre 05.05.03 Uformell drøfting av ymse saker.

Sak 0056/03 SFO GRUNNSKULE - VEDTEKTER MØTEBOK Saksbehandler: Åsta Kuven Arkiv: A22 &21 Arkivsaksnr.: 03/01085 Saksnr.: Utval Møtedato 0026/03 Os Formannskap 18.03.03 0020/03 Os kommunestyre 01.04.03 0056/03 Os Forvaltningsstyre 05.05.03 Framlegg til vedtak: Forvaltningsstyret godkjenner nye vedtekter i SFO slik dei vert lagt fram. Lovgrunnlag SFO i Os skal drivast i samsvar med Opplæringslova 13.7. Seinare reguleringar frå departement og Kommunenes sentralforbund skal følgjast opp. prinsipp for drifta Skulefritidsordninga i Os skal fylgja føringar frå sentrale styresmakter og skal halda dei rammene som er sette i kommunen. SFO skal vera ein del av skulen sitt samla tilbod til brukarane. SFO skal samordnast med skuledrifta elles; organisatorisk, planmessig og i høve til personalet. mål Det skal vera eit omsorgs- og fritidstilbod i SFO ved alle skular med barnesteg i Os kommune. SFO skal leggja særleg vekt på dei kreative og sosiale sidene av elevane si utvikling. SFO skal vera ein trygg plass for barna. styring Det er den einskilde skulen som har hovudansvaret for å utvikla og tilby eit godt SFO-tilbod i eigen krins. Det er skulen sitt eige styre som handsamar saker som gjeld SFO-drifta; planar, budsjett, personale osb. Rektor har det overordna ansvaret for forvaltning og pedagogisk drift. Det er eit mål at SFO vert knytt til utviklinga i skulen. økonomiske vilkår Drifta vert finansiert ved kommunale budsjettmidlar og foreldrebetaling. Foreldrebetalinga vert fastsett av kommunestyret, og vil normalt verta justert 01.01. kvart år. Foreldrebetalinga vert kravd for ein månad om gongen, med betalingsfrist i slutten av kvar månad. Skulefritidsordninga har betaling for 10 månadar. opningstid Skulefritidsordninga føl skuleruta, dvs. SFO har ope når det er skule. Skulane har ulike tilbod, men kan berre gje tilbod med eit gitt tal timar pr. veke til gitt pris.

Sak 0056/03 Tilbod timar Utvida dag 1 22,5 t/v (full plass) 7,5 t/v 2 13,5 t/v 4,5 t/v 3 9 t/v 3 t/v Tilbod om utvida dag krev at min. 8 elevar på skulen nyttar tilbodet kvar dag. Ein kan berre nytta utvida dag knytt til det tilbodet ein vel. Det er mogeleg å kjøpa enkeltveke, enkeltdag eller enkelttimar dersom dette høver for skulen. Ferieope SFO kan halda ferieope dersom min. 8 elevar nyttar tilbodet kvar dag. Det vert kravd ekstra betaling for elevar som nyttar ferieope. Elevar som høyrer til ein skule som ikkje tilbyr ferieope, kan nytta ferieope tilbod på ein annan skule. Ferieope kan vera aktuelt i følgjande tidsrom: 2 veker før skulestart i august Haustferie Vinterferie 1 veke etter skuleslutt i juni Skulane har eiga påmelding til ferieope. opptak Barn i førsteklasse og funksjonshemma barn har førsterett på plass i SFO. Barna har plassen i SFO til dei går ut av 4. kl. eller seier han opp. SFO har hovudopptak i april, for start i august. Rektor tek inn barn etter søknad. Det er eit mål at alle som søkjer skal få plass. Det er høve til å søkja opptak gjennom heile året. Barnet vil då kunna få plass dersom det høver for skulen. oppseiing All oppseiing skal vera skriftleg på skjema som de får på SFO/skulen. Os kommunestyret har vedteke ei gjensidig oppseiingstid i SFO for foreldre og kommunen på 1 månad, rekna frå den dato skriftleg oppseiing vert gjeve (t.d. oppseiing motteke 12. februar, går ut 12. mars). Ved oppseiing etter 1. april må det likevel betalast til og med juni månad. For påmelding til komande skuleår, gjeld òg ei oppseiingstid på 1 månad. (T.d. påmelding i april, oppseiing i mai juli, betyr at ein må betala for 1 månad om hausten.) Dersom rektor skal seia opp ein elev frå SFO, må ei eller fleire av følgjande årsaker liggja til grunn: det vert ikkje betalt for plassen ut frå ei fagleg vurdering vert det klargjort at barnet ikkje har utbytte av tilbodet eleven rettar seg ikkje etter gjeldande reglar Side 5 av 61

Sak 0056/03 bemanning Etter Opplæringslova er det ikkje lenger noko fast tal for tilhøvet mellom barn og vaksne. Os kommune tek sikte på å nytta tilhøvet 15:1 som rettesnor for drifta. forsikring Os kommune ser det som viktig å sjå til at alle barn har ei sikker ramme kring opphaldet sitt i barnehage, skule eller skulefritidsordning. Kommunen har difor teikna forsikring for barna i desse ordningane. Barna er dekte av forsikringa på skulen, i skulefritidsordninga eller i barnehagen. Forsikringa gjeld og reise til og frå barnehage, skule eller skulefritidsordning. Os kommune tek atterhald om at folketrygda og forsikringsselskapa gjer eigne vurderingar av dekning i kvar einskild sak. Utfyllande og supplerande reglar om dekninga finst i både folketrygdlova og forsikringsavtalen. Lars Atle Skorpen Hansen Rådmann Side 6 av 61

Sak 0056/03 Behandling i Os kommunestyre i møte 01.04.03 Behandling i utvalget: Ordførar Terje Søviknes (FrP), kom med forslag om å delegera til formannskapet å gjera endeleg vedtak i saka etter ei ny saksutgreiing. Forslaget fekk 7 røyster og fall. Borghild Borgen (Ap), kom med forslag om gjensidig oppseiingstid i SFO på 2 mnd. Borgen sitt forslag fekk 14 røyster (6Ap, 4Krf, 2SV, 1Sp, 1Tvs) og fall. Laila Reiertsen (FrP) kom med følgjande endring vedk. bindingstid i SFO: Kommunestyret godkjenner gjensidig oppseiingstid i SFO for foreldre og kommunen på 1 månad, rekna frå den dato skriftleg oppseiing vert gjeve (t.d. oppseiing mottatt 12. februar, går ut 12. mars). Ved oppseiing etter 1. april må det likevel betalast til og med juni månad. Reiertsen sitt forslag fekk 21 røyster (14FrP, 4H, 3Tvs) og vart vedteke. Dag Westhrin (SV), kom med forslag om eit tillegg vedk. heildagsskule som skal innarbeidast i vedtaket: 1. Kommunestyret ser at det er for kort tid til å setja i gang heildagsskulen som eit alternativ for skuleåret 2003 2004. Kommunestyret ber om at heildagsskulemodellen vert lagt til grunn for SFO for skuleåret 2004-2005. 2. Kommunestyret vil oppmoda skulane til å leggja vekt på brukarane sine ønskje for det tilbodet dei får frå den einskilde skule. Westhrin sitt forslag pk.t 2 vart samrøystes vedteke. Westhrin sitt forslag pkt. 1 fekk 10 røyster (6Ap, 2SV, 2Tvs) og fall. Vedtak: Kommunestyret godkjenner at modell nr. 3, lokaltilpassa modell (tilbod med eit gitt tal timar pr. veke til gitt pris), vert lagt til grunn for drifta av skulefritidsordninga i Os kommune. Endringa inneber ingen meirutgifter for kommunen. Kommunestyret godkjenner følgjande betalingssatsar for hausten 2003: Opphaldstid per veke Pris 22,5 (100 %) 1.730,- (som i dag) 13,5 (60%) 1.211,- 9 865,- Utvida dag 7,5 (1,5 x 5) Max 550,- 4,5 (7,5 x 60%) Max 330,- 3 (7,5 x 40%) Max 220,- Side 7 av 61

Sak 0056/03 Kjøp av enkeltveke 600 (22,5t) / 420 (13,5t) / 300(9 t) Kjøp av enkeltdag 150,- Kjøp av enkelttimar 50,- Desse prisane får ikkje innverknad på allereie utsende tilbod om opphald i SFO-ordninga for hausten 2003. Kommunestyret godkjenner gjensidig oppseiingstid i SFO for foreldre og kommunen er på 1 månad, rekna frå den dato skriftleg oppseiing vert gjeve (t.d. oppseiing mottatt 12. februar, går ut 12. mars). Ved oppseiing etter 1. april må det likevel betalast til og med juni månad. Kommunestyret vil oppmoda skulane til å leggja vekt på brukarane sine ønskje for det tilbodet dei får frå den einskilde skule. Forslag til nye vedtekter vil verta lagt fram i forvaltningsstyret 24.04.2003. Den nye driftsforma vil verta evaluert før skuleåret 2004/2005. Behandling i Os Formannskap i møte 18.03.03 Behandling i utvalget: Forslag til tillegg til tilrådinga frå FrP. Dette vedtaket får ikkje innverknad på allereie utsende tilbod om opphald i SFO-ordninga for hausten 2003. Tillegget vart samrøystes vedteke. Vedtak: Kommunestyret godkjenner at modell nr. 3, lokaltilpassa modell (tilbod med eit gitt tal timar pr. veke til gitt pris), vert lagt til grunn for drifta av skulefritidsordninga i Os kommune. Endringa inneber ingen meirutgifter for kommunen. Kommunestyret godkjenner følgjande betalingssatsar for hausten 2003: Opphaldstid per veke Pris 22,5 (100 %) 1.730,- (som i dag) 13,5 (60%) 1.211,- 9 865,- Utvida dag 7,5 (1,5 x 5) Max 550,- 4,5 (7,5 x 60%) Max 330,- 3 (7,5 x 40%) Max 220,- Kjøp av enkeltveke 600 (22,5t) / 420 (13,5t) / 300(9 t) Kjøp av enkeltdag 150,- Side 8 av 61

Sak 0056/03 Kjøp av enkelttimar 50,- Desse prisane får ikkje innverknad på allereie utsende tilbod om opphald i SFO-ordninga for hausten 2003. Kommunestyret godkjenner følgjande oppseiingstider i SFO: Opphaldstid per veke Oppseiingstid 22,5 3 mnd 13,5 6 mnd 9 6 mnd 30 6 mnd Vedtektene vil gje rom for at ein i sæskilde høve kan søkja om å få redusert oppsiingstid. Kommunestyret godkjenner at kommunen kan, med 1 mnd. varsel, seia opp brukarar pga. manglande betaling. Forslag til nye vedtekter vil verta lagt fram i forvaltningsstyret 24.04.2003. Den nye driftsforma vil verta evaluert før skuleåret 2004/2005. Side 9 av 61

Sak 0056/03 Vedlegg: Opplæringslova 13.7. Saksopplysningar: Ny driftsmodell for skulefritidsordninga i Os kommune vart vedteken i kommunestyret 01.04.03. I vedtaket frå kommunestyret står det at forslag til nye vedtekter vil verta lagt fram i forvaltningsstyret 24.04.03. Åsta Kuven Økonomikonsulent Side 10 av 61

Sak 0057/03 MØTEBOK STRATEGIPLAN FOR SKULAR OG BARNEHAGAR 2003-2005. Saksbehandler: Jorunn L. Solberg Arkiv: 144 A Arkivsaksnr.: 03/01136 Saksnr.: Utval Møtedato 0034/03 Os Forvaltningsstyre 20.03.03 0057/03 Os Forvaltningsstyre 05.05.03 0007/03 Råd for funksjonshemma 07.04.03 Framlegg til vedtak: Forvaltningsstyret vedtek Strategiplan for skular og barnehagar felles utviklingsområde slik han ligg føre. Lars Atle Skorpen Hansen Rådmann

Sak 0057/03 Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte 20.03.03 Behandling i utvalget: Forvaltningsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak: Saka vert utsett for å få inn uttale frå fleire, t.dømes Råd for funkjsonshemma. Vedtak: Saka vert utsett for å få inn fleire høyringsuttaler, t.dømes frå Råd for funkjsonshemma. Behandling i Råd for funksjonshemma 07.04.03 Behandling i utvalet: Det kom slik merknad fram i diskusjonen: Ein må sjå nøyare på situasjonen for barn med funksjonshemming og arbeida vidare med kuventræ-modellen i budsjettsamanheng. Planen vart samrøystes tilrådd med ovannemnde merknad. Vedtak: Råd for funksjonshemma tek planen til etterretning med den merknad at ein må sjå nøyare på situasjonen for barn med funksjonshemming og arbeida vidare med kuventræ-modellen i budsjettsamanheng. Side 12 av 61

Sak 0057/03 Vedlegg: Viser til Strategiplan for skular og barnehagar eige hefte i utsendinga til forrige møte. Saksopplysningar: Barnehagane og skulane sitt arbeid med utviklingsområde blir styrt av ein felles strategiplan. Den førre planen vart vedteken i Hovudutval for oppvekst. Den planen varde ut 2002 Omorganiseringa av kommunen har som føresetnad at einingane er sjølvstendige innan vedtekne rammer. Kvar eining vil vere ansvarleg for eigne utviklingsområde. Med tida vil dette medverke til at einingar innan same område utviklar sin eigen profil. Likevel vil det støtt vere område der kommunen legg felles føringar, på same måten som staten gjennom sine føringar forpliktar kommunen til å følgje opp. Skulane og barnehagane vil dermed ha eitt rom for sjølvvalde utviklingsområde, og eitt for felles utviklingsområde, der dei sistnemnde også vil få lokal utforming. Strategiplanen som hermed blir framlagd, gjeld felles utviklingsområde med tydelege kommunale eller statlege føringar. Som det går fram av innleiinga, har styringsgruppa for Pedagogisk forum leia arbeidet med planen. Styringsgruppa har hatt følgjande medlemmer : Anne F Fristad, Os skule, Leiar Øystein Holmaas, Nore Neset skule ut 2002 Elisabeth Nordstrand, Lysekloster barnehage og skule ut 2002 Ole Lars Strønen, Hegglandsdalen skule f.o.m. 2003 Inger Elin Hermansen, Halhjem barnetun f.o.m. 2003 Åse Østensjø, Os ressurssenter Grethe Nymark Mikkelsen, Hegglandsdalen barnehage Lill-Karin Wallem, Pedagogisk senter Lill-Karin Wallem har også vore sekretær for arbeidet. Kommunaldirektøren har hatt høve til å komme med innspel undervegs.barnehagane og skulane har vore aktive medspelarar i prosessen, og dei private barnehagane har også vore med. Planen er i heilskap lagt fram for Pedagogisk forum og fått tilslutning der. Slik han nå framstår, meiner vi han er ein god styringsreiskap for dei felles utviklingsområda i skular og barnehagar. Jorunn Solberg Kommunaldirektør Side 13 av 61

Sak 0058/03 MØTEBOK 29/34, DELING AV EIGEDOM - NILS RØTTINGEN Saksbehandler: Johan J. Jülke Arkiv: MA 29/34 Arkivsaksnr.: 03/00466 Saksnr.: Utval Møtedato 0017/03 Os Forvaltningsstyre 27.02.03 0040/03 Os Forvaltningsstyre 20.03.03 0058/03 Os Forvaltningsstyre 05.05.03 Framlegg til vedtak: I høve søknad dagsett 11.12.02, godkjenner ikkje Os kommune at Nils Røttingen, eigar av gnr. 29, bnr. 54, etter 12 i ordlova får dela frå dei 2 omsøkte parsellane, kvar på om lag 1,0 daa til bustadføremål. Lars Atle Skorpen Hansen Rådmann

Sak 0058/03 Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte 20.03.03 Behandling i utvalget: Forvaltningsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak: Saka vert sendt tilbake til administrasjonen for ny vurdering ut frå dei opplysningane som kom fram under synfaringa. Vedtak: Saka vert sendt tilbake til administrasjonen for ny vurdering ut frå dei opplysningane som kom fram under synfaringa. Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte 27.02.03 Behandling i utvalget: Saka utsett for synfaring Vedtak: Saka utsett for synfaring Side 15 av 61

Sak 0058/03 Vedlegg: 1. Søknad datert 11.12.02 2. Kart 1:25.000 datert februar 03 3. Kart 1:3000 datert 07.02.03 4. Kart 1:1000 datert 15.10.02 5. Brev datert 14.02.03 6. Brev datert 11.12.02 Saksopplysningar: Omsøkte parsellar ligg i utmarka til 29/34. I gjeldande kommuneplan og framlegg til ny kommuneplan, ligg denne som LNF-område. Det meste av nordre Røttinga er godkjent for bustadbygging, men likevel slik at jordlova gjeld. Det er rom for fleire hus i dette området. Omsøkte parsellar er kupert skogsmark. 12 i jordlova seier m.a. at eigedom som kan nyttast til jordbruk eller skogbruk, ikkje kan delast utan samtykke frå departementet. Samtykke kan gjevast dersom samfunnsinteresser av stor vekt taler for det, eller deling er forsvarleg ut frå den avkastning eigedomen kan gi. Ved avgjerd skal det m.a. takast omsyn til om deling kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Det skal og takast omsyn til godkjende planer som ligg føre for arealbruken etter plan og bygningslova og omsynet til kulturlandskapet. Det ligg såleis føre eit generelt forbod mot oppdeling av landbrukseigedomar. Om tilhøva etter nærare vurdering likevel ligg til rette for det, kan departementet etter søknad gi delingsløyve. Ut frå eksisterande busetnad og krav til friområde, 100 m byggegrense mot sjø, m.v., er det etter måten sterke samfunnsinteresser som talar mot omsøkte delingar. Eigedomen sin avkastning vert redusert med parsellane sitt produksjonspotensiale som skogsmark. Delingane vil ikkje medføra drifts- og miljømessige ulemper for det nære landbruksmiljøet. Dei verkar negative på eigedomen si arrondering. Vi kan heller ikkje ut frå ynskjet om greie grenser mellom LNF- og bustadområde sjå at delinga er positiv. Delinga er i strid med gjeldande plansituasjon og har negative verknader for naturlandskapet. Sjølv om landbruksinteressene er små, kan frilufts-/naturinteressene i området vera store. Før ein nærare plan legitimerer at området (delar av området) kan byggjast ut, finn vi å måtta rå frå godkjenning. I høve delegasjon av 06.06.95 frå landbruksdepartementet, avgjer kommunen søknaden. Forvaltningsstyret handsamar søknaden på vegner av kommunen. Johan J. Jülke Landbrukssjef Side 16 av 61

Sak 0058/03 Kan ikkje sjå at det er kome fram nye moment i saka. Gunnar Kleive Landbruksrådgjevar Side 17 av 61

Sak 0059/03 MØTEBOK 42/13, FRÅDELING AV 3 NAUSTTOMTAR - MARIT SANDVEN Saksbehandler: Johan J. Jülke Arkiv: MA 42/13 Arkivsaksnr.: 03/00471 Saksnr.: Utval Møtedato 0018/03 Os Forvaltningsstyre 27.02.03 0041/03 Os Forvaltningsstyre 20.03.03 0059/03 Os Forvaltningsstyre 05.05.03 Framlegg til vedtak: I høve søknad dagsett 10.12.02, godkjenner Os kommune at Marit Sandven, eigar av gnr. 42, bnr. 13, etter 12 i jordlova, får dela frå parsell I. Ei nausttomt på om lag 80m 2. Kommunen godkjenner ikkje frådeling av parsell II og III, 2 nausttomter på tilsaman 160m 2. Lars Atle Skorpen Hansen Rådmann

Sak 0059/03 Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte 20.03.03 Behandling i utvalget: Frp/H fremja følgjde framlegg som vart vedteke med 7 mot 2 røyster: Saka vert sendt tilbake til administrasjonen for ny vurdering ut frå dei opplysningane som kom fram under synfaringa. Terje Sperrevik, Tvsl, fremja følgjande framlegg som fekk 2 røyster (Tvsl, Krf) og falt: I høve søknad dagsett 10.12.02, godkjenner Os kommune at Marit Sandven, eigar av gnr. 42, bnr. 13, etter 12 i jordlova, får dela frå parsell I. Ei nausttomt på om lag 80m 2.Kommunen godkjenner ikkje frådeling av parsell II og III, 2 nausttomter på tilsaman 160m 2. Grunngjeving for dette er at arbeidet med ny arealplan er i sluttfasen og at dette tiltaket ikkje er i samsvar med framlegg til ny plan. Vedtak: Saka vert sendt tilbake til administrasjonen for ny vurdering ut frå dei opplysningane som kom fram under synfaringa. Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte 27.02.03 Behandling i utvalget: Saka utsett for synfaring Vedtak: Saka utsett for synfaring Side 19 av 61

Sak 0059/03 Vedlegg: 1. Søknad datert 10.12.02. 2. Kart 1:1000 datert 17.09.02 3. Kart 1:5000 4. Kart 1:5000 datert jan 03 Saksopplysningar: 42/13 er ein liten landbrukseigedom som ligg i LNF-området. Skogteigen ligg på Innerøya og innmarksteigen grensar til Hauglandsjøen. Terrenget mot sjøen er særs brattlendt. Bruket sitt naust + frådelt nausttomt ligg i eit område der det er råd å koma ned til stranda. Her er det nå søkt frådeling av ytterlegare 3 nausttomter. I framlegget til ny kommuneplan er området fortsatt klassifisert som LNF-område. 12 i jordlova seier m.a. at eigedom som kan nyttast til jordbruk eller skogbruk, ikkje kan delast utan samtykke frå departementet. Samtykke kan gjevast dersom samfunnsinteresser av stor vekt taler for det, eller deling er forsvarleg ut frå den avkastning eigedomen kan gi. Ved avgjerd skal det m.a. takast omsyn til om deling kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Det skal og takast omsyn til godkjende planer som ligg føre for arealbruken etter plan og bygningslova og omsynet til kulturlandskapet. Det ligg såleis føre eit generelt forbod mot oppdeling av landbrukseigedomar. Om tilhøva etter nærare vurdering likevel ligg til rette for det, kan departementet etter søknad gi delingsløyve. Det er ikkje tilstades sterke samfunnsinteresser som forsvarar dei omsøkte frådelingane. Det er helst slik at samfunnsinteressene er i mot nedbygging av strandsona i området. Frådelingane vil redusera bruket si avkastningsevne, då det aller meste av nyttbar strandline då vert eigd av utanforståande. Dei vil elles ikkje medføra drifts- eller miljømessige ulemper for det nære landbruksområdet. Delingane er ikkje i samsvar med gjeldande plansituasjon. Dersom vi ynskjer moderat utbygging av strandsona, alternativ plassering av naust som ikkje høyrer til gardsbruk i godkjende naustområde, vil omsøkte delingar ikkje vera til det beste for klturlandskapet. Ut frå ei samla vurdering etter 12 i jordlova, finn vi å måtta vektleggja at 42/13 fortsatt bør disponera strandline av rimeleg lengd og kvalitet. Ut frå ovannemnde, finn vi å kunna godkjenna frådeling av parsell I, men ikkje av parsell II og III. I høve delegasjon av 06.06.95 frå landbruksdepartementet avgjer kommunen søknaden. Forvaltningsstyret handsamar søknaden på vegner av kommunen. Johan J. Jülke Landbrukssjef Side 20 av 61

Sak 0059/03 Tilleggsopplysningar : Dersom bruket ikkje får godkjent frådeling nr. 2 og 3 vil bruket ha ei strandlinje på ca 35 m. Dersom tomt nr. 2 og 3 vert frådelte har bruket att ein brukbar strandlinje på ca 20 m. Gunnar Kleive Landbruksrådgjevar Side 21 av 61

Sak 0060/03 MØTEBOK 40/5, REKV. AV GRENSEPÅVISING - WENCHE MJØLKERÅEN Saksbehandler: Johan J. Jûlke Arkiv: MA 40/5 Arkivsaksnr.: 03/00546 Saksnr.: Utval Møtedato 0019/03 Os Forvaltningsstyre 27.02.03 0042/03 Os Forvaltningsstyre 20.03.03 0060/03 Os Forvaltningsstyre 05.05.03 Framlegg til vedtak: I høve søknad dagsett 12.10. og 08.11.02, rår Os kommune frå at Wenche Mjølkeråen, eigar av gnr.40, bnr. 5, etter 12 i jordlova får dela frå ein teig på om lag 0,4 daa med påståande naust, og ein annan teig på om lag 2,1 daa med påståande gamal driftsbygning for ombygging til verkstad. Lars Atle Skorpen Hansen Rådmann

Sak 0060/03 Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte 20.03.03 Behandling i utvalget: Frp/H fremja følgjde framlegg som vart vedteke med 7 mot 2 røyster: Saka vert sendt tilbake til administrasjonen for ny vurdering ut frå dei opplysningane som kom fram under synfaringa. Terje Sperrevik fremja følgjande framlegg som fekk 2 røyster (Tvsl, Krf) og falt. I høve søknad dagsett 12.10. og 08.11.02, rår Os kommune frå at Wenche Mjølkeråen, eigar av gnr.40, bnr. 5, etter 12 i jordlova får dela frå ein teig på om lag 0,4 daa med påståande naust, og ein annan teig på om lag 2,1 daa med påståande gamal driftsbygning for ombygging til verkstad. Grunngjeving for dette er at arbeidet med ny arealplan er i sluttfasen og at dette tiltaket ikkje er i samsvar med framlegg til ny plan. Vedtak: Saka vert sendt tilbake til administrasjonen for ny vurdering ut frå dei opplysningane som kom fram under synfaringa. Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte 27.02.03 Behandling i utvalget: Saka utsett for synfaring Vedtak: Saka utsett for synfaring Side 23 av 61

Sak 0060/03 Vedlegg: 1. Søknad om deling av grunneigedom datert 8.11.02. 2. Kart 1:1000 datert 09.11.02. 3. Kart 1:5000 datert 09.12.02. 4. Søknad om deling av grunneigedom datert 12.10.02. 5. Kart 1:1000 datert 28.11.02. 6. Kart 1:5000 datert 28.11.02. Saksopplysningar: 40/5 er eit mindre gardsbruk som ligg i LNF-område. Innmarka vert hausta av andre. For ein del år sidan vart det sett opp ny driftsbygning på den eine parsellen som no vert søkt frådelt. Den gamle driftsbygingen (merka 2 på kartet i 1:5000) var til nedfalls. Her er det nå ført opp ein verkstadbygning. Stovehuset er merka 1 på kartet i 1:5000. Den andre frådelinga gjeld garden sitt naust med grunn. Innmarka grensar ikkje til sjø. Utmarksteigen lengst vest grensar til sjø. Denne er sterkt oppstykka av tidlegare frådelingar. 12 i jordlova seier m.a. at eigedom som kan nyttast til jordbruk eller skogbruk, ikkje kan delast utan samtykke frå departementet. Samtykke kan gjevast dersom samfunnsinteresser av stor vekt taler for det, eller deling er forsvarleg ut frå den avkastning eigedomen kan gi. Ved avgjerd skal det m.a. takast omsyn til om deling kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Det skal og takast omsyn til godkjende planer som ligg føre for arealbruken etter plan og bygningslova og omsynet til kulturlandskapet. Det ligg såleis føre eit generelt forbod mot oppdeling av landbrukseigedomar. Om tilhøva etter nærare vurdering likevel ligg til rette for det, kan departementet etter søknad gi delingsløyve. Det er ikkje tilstades sterke samfunnsinteresser som forsvarar dei omsøkte delingane. Vi må ha lov å seia at utan driftsbygning for dyrehald og naust med tilgang til sjø, vert garden sin avkastnings-evne munaleg redusert. Teigane ligg slik til at frådelingane har lite å seia for bruket sin arrondering. Då nærområdet etter måten er reint for tomtebruk, ser vi fragmentering som uheldig for det nære landbruksmiljøet. Delingane er ikkje i samsvar med nåverande plansituasjon eller framlegget til ny kommuneplan. Kulturlandskapet vert lite endra. Vi ser reduksjonen i bruket sin avkastningsevne og fragmentering av landskapet som dei mest negative konsekvensane av omsøkte frådelingar. Rår til at søknadane ikkje vert imøtekomne. I høve delegasjon av 06.06.95 frå landbruksdepartementet, avgjer fylkeslandbruksstyret søknaden etter tilråding frå kommunen. Forvaltningsstyret handsamar søknaden på vegner av kommunen. Johan J. Jülke Landbrukssjef Side 24 av 61

Sak 0060/03 Tilleggsopplysningar vedk.driftsbygningar på garden. Det er ein driftbygning i tillegg på garden til den omsøkte parsellen, merka med nr. 2 på kart. Denne bygningen vart godkjend for oppføring 20.12.00, som nybygg/verkstad, driftbygning i landbruket. Bygningen vert nytta til verkstadbygg og er lite teneleg til landbruksføremål. Naustetomt Omsøkte frådeling av naustetomt med påståande naust er utan kjørbar tilkomst. Den kjørbare tilkomsten stoppar ca 70-80 m frå nausta. Bruket har utmarksteig som grensar til sjø. Ser det likevel vanskeleg å setja opp naust på denne utmarksteigen, grunna vanskelig terreng. Gunnar Kleive Landbruksrådgjevar Side 25 av 61

Sak 0061/03 MØTEBOK 48/1, FRÅDELING AV PARSELL TIL VERKSTAD/LAGER- BRITT LUNDE SYDNES Saksbehandler: Johan J. Jülke Arkiv: MA 48/1 Arkivsaksnr.: 03/00923 Saksnr.: Utval Møtedato 0039/03 Os Forvaltningsstyre 20.03.03 0061/03 Os Forvaltningsstyre 05.05.03 Framlegg til vedtak: I høve søknad dagsett 05.02.03, kan ikkje Os kommune rå til at Britt Lunde Sydnes, eigar av gnr. 48, bnr. 1, etter 12 i jordlova får dela frå omsøkte parsell på om lag 4,0 daa frå omsøkte parsell på om lag 4,0 daa med formål bygging av verkstad/lager. Lars Atle Skorpen Hansen Rådmann

Sak 0061/03 Behandling i Os Forvaltningsstyre i møte 20.03.03 Behandling i utvalget: Forvaltningsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak: Saka vert sendt tilbake til administrasjonen for ny vurdering ut frå dei opplysningane som kom fram under synfaringa. Vedtak: Saka vert sendt tilbake til administrasjonen for ny vurdering ut frå dei opplysningane som kom fram under synfaringa. Side 27 av 61

Sak 0061/03 Vedlegg: 1. Søknad datert 05.02.03 2. Kart 1:5000 datert febr.03 3. Kart 1:1000 datert febr.03 Saksopplysningar: 48/1 besto inntil for kort tid sidan av 2 åtskilde teigar. Austre delen er nå godkjend frådelt til utbyggingsføremål (1243 01 00042 DEL). Resten av eigedomen ligg i LNF-område i eit etter måten samanhangande og lite fragmentert jordbruksområde. 48/1 må nå sjåast som eit mindre støttebruk. Omsøkte parsell ligg nord for tunet inntil grensar mot grannar. Den består av grunnlendt beitemark. Tilkomst over 48/1 sin grunn. Det er meininga å nytta parsellen til verkstad/lagerbygg. 12 i jordlova seier m.a. at eigedom som kan nyttast til jordbruk eller skogbruk, ikkje kan delast utan samtykke frå departementet. Samtykke kan gjevast dersom samfunnsinteresser av stor vekt taler for det, eller deling er forsvarleg ut frå den avkastning eigedomen kan gi. Ved avgjerd skal det m.a. takast omsyn til om deling kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Det skal og takast omsyn til godkjende planer som ligg føre for arealbruken etter plan og bygningslova og omsynet til kulturlandskapet. Det ligg såleis føre eit generelt forbod mot oppdeling av landbrukseigedomar. Om tilhøva etter nærare vurdering likevel ligg til rette for det, kan departementet etter søknad gi delingsløyve. Det er ikkje tilstades sterke samfunnsinteresser som forsvarer omsøkte frådeling. Overordna retningsliner for forvaltning av arealressursane taler mot delinga. Eigedomen sin avkastning vert redusert med parsellen sitt produksjonspotensiale som beite. Eigedomen sin arrondering vert ikkje endra. Trafikk til og frå fylgjer grendevegen. Frå ein landbruksmessig synstad ser vi det som ei uheldig utvikling m.o.t. å ivareta landbruksmiljøet. Frådelinga og etableringa av lager/verkstad her, er i strid med gjeldande plansituasjon. Det kan verta vanskar med å få ein større verkstads-/lagerbyning til å gli inn i kulturlandskapet på Øvre Lekven. Ei samla vurdering tilseier at omsøkte frådeling ikkje kan tilrådast. I høve delegasjon av 06.06.95 avgjer fylkeslandbruksstyret søknaden etter tilråding frå kommuen. Forvaltningsstyret handsamar søknaden på vegner av kommunen. Johan J. Jülke Landbrukssjef Side 28 av 61