Referat frå styremøte 29. april kl. 12:00 på hovudkontoret i Rosendal. Til stades: Forfall: Harald Lie, Jorulf Refsnes, Finn Egil Adolfsen, Elin R. Haugen, Gjermund Stuve, Wenche Husby, Ivar Aae. Bodil Mannsverk Frå adm. Frode Alfarnes, Romar Skeie Olsen Møte starta med ein presentasjon av styremedlemene. Sak 23/13 Godkjenning av protokoll frå førre styremøte Frode Alfarnes gjekk gjennom sakene frå førre styremøte, for å orientere det nye styret. Samrøysta godkjend Sak 24/13 Rekneskap pr. 31.03.2013 Frode Alfarnes orienterte. Rekneskap pr. 31.03.2013 er teke til etterretning Sak 25/13 Nytt styre Harald Lie gjekk gjennom styreinstruksen. Dersom ein styremedlem ikkje kan møte til styremøte skal 2. eller 3. vara kallast inn. Styremedlemene må rekne med oppgåver utanom styremøta. Harald Lie går inn i verv i NHOML etter deira årsmøte. Det er viktig å fortsette med utsending av innspel til jordbruksforhandlingane frå NLT sentralt. o Ta med i innspelet at laga bør invitera seg sjølve til møte i lokale faglag. Ein skal ikkje utelukke Norges Bonde- og småbrukarlag sjølv om dei er mindre enn Norges Bondelag. Samle inn resten av epostadressene til styreleiar og nestleiar i dei forskjellige laga sine styrer. Viktig å engasjere tillitsvalde i laga. Det skal kjøpast inn Ipad til styremedlemene. Nemnder/utval o Verveutval - Gjermund Stuve Harald Lie går ut av vervegruppa. Det vert utarbeida ein brosjyre som skal brukast i dette arbeidet. Ein tillitsvalt frå eit lag, i tillegg til ein frå styret skal veljast inn på neste styremøte, i tillegg skal den nytilsette gå inn i ei sekretær
rolle. Forslag på Finn Egil Adolfsen og Jorulf Refsnes sjekkar opp lokal tillitsvalt. o Landbruksvikar kurs Jørn Haugli Lunde har hatt vervet. Frode Alfarnes orienterte om dette arbeidet. Kven som skal representera frå styret vert bestemt på neste møte. Forslag på Bodil Mannsverk. o HMS - Jorulf Refsnes Jorulf orienterte om hovudsakene i dette utvalet. Historikk kan lesast i tidlegare styrereprotokollar. Jorulf fortset i dette vervet. o Arbeidsutval i styret 3 medlemmer, leiar, nestleiar og dagleg leiar. Utvalet kan få fullmakt frå styret til å slutthandsama saker som allereie er drøfta i styret. Møteplan/Årshjul o Februar, 4.-5 feb; førebuing årsmøte, årets lag, jordbruksforhandlingane og messer. o Mars/april; gjennomgang årsmøte og vårsamlinga. o Mai/juni; i samband med vårsamlinga, rekneskap, arbeidsmåtar i styret, strategi/marknadsføring, oppsummering årsmøte, forsikring. o September, langhelg i storby. Rekneskap, haustsamling, oppsummering vårsamling. Veke 39 er utgangspunkt for tur for 2013. o Oktober, haustsamling o November, haustsamling o 3.-4. desember, rekneskap, evaluering haustsamling, saker til jordbruksforhandlingar, utkast til budsjett, lønn til dagleg leiar. o Årsmøte veke 14, 2014. Reiserekningar o Helst innsending av reiserekning fortløpande, med ei reise på kvar. Orientering er teke til etterretning Ipad skal kjøpast inn til styremedlemene pluss 1. varamedlem. Innstilling til representasjon i dei aktuelle utvala skal vera klart til neste styremøte. Dette inkluderar og arbeidsutval i styret. Sak 26/13 Strategi/marknadsføringsplan Strategisk plan ligg til grunn for NLT sin arbeidsplan. Denne ligg til grunn for arbeidet i organisasjonen og vert gjennomgått på første styremøte etter årsmøte. Kommentarar: Frode Alfarnes orienterte: Måla i strategisk plan vart gjennomgått. Det vart diskutert litt rundt at det har kome synspunkt på at bondelaget misliker at vi snakkar med departementet og SLF i høve jordbruksforhandlingane. Ein ide er å ta møtet med departementet og SLF ei anna tid på året enn før jordbruksoppgjeret.
Arbeidsoppgåver; Vervekampanje o Vore stille ute i laga, vi må pushe på for å få opp trykket. o Firkantane i Bondebladet bør kome oftare. o Vervegruppa tek ein ringerunde til laga, nokre har starta arbeidet allereie. o Etter sommaren skal vi ha klar mal til brev som laga kan senda ut til aktuelle bønder. Oppfordringa her vert at alle bønder som ikkje brukar laget skal få brev og brosjyre. o Vi skal vera aktive på messer. o I tida fram mot haustsamlingane skal vi vera meir aktive mot media. o JS har ei grense på 2500 brosjyrar. Vi prøver no å finansiera med sponsorar. o Samle inn malar til kundeavtaler o.l. o Kampanjen er i gang, og den må jobbast vidare med Samkøyring av kursing av landbruksvikarar o Her vert det valt eit styremedlem som skal vera med i denne gruppa på neste styremøte. Møte ute i laga o Det er gjennomført to møter, Landbrukstenester Folgefonna og Landbrukstenester Sør. Med bakgrunn av desse møta er det satt opp nokre punkt vi vil diskutere og eit skjema for rapportering. Oversikt over kven som skal kor vert fordelt på det nye styret. o Det er laga ein presentasjon som skal brukast på møta o Tanken er at vi sender ut brev til aktuelle lag om at ein frå styret ynskjer å komme, så vert det opp til styremedlemene å følgje opp og avtale med laga o Dette arbeidet starte så snart som råd og ikkje vente til hausten. o Breva går ut når styret er fordelt, ein avtalar med laga sjølv om ein må vente til hausten med møtet. o 2. og 3. vara skal og vera med i dette arbeidet. Firkantar i Bondebladet o Det vart diskutert om ein skulle la dette gå som ein stafettpinne rundt i laga. Dersom eit lag lagar ein artikkel skal dei gje melding til NLT om kven dei har utfordra til neste informasjon o Ansvarsområdet vert lagt til nytilsettinga. o Finn Egil Adolfsen lagar ei sak på Timelistekafe frå Steinkjer o Årsmøte og årets lag skal vera faste innlegg. o Kan ta inn tidlegare firkantar t.d. kan vi no ta inn artikkel om sesongarbeidarar. o Utrekning av sjukepengar er og eit tema vi bør ta med. Innføring av Webtemp o Frode Alfarnes orienterte styret om moglegheitene i programmet o Landbrukstjenesten Midtre Hålogaland og Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester er på trappene til å verte pilotlag. Kurs/samlingar o Vi har motteke tilbod frå Steg for Steg, v/ola Jordhøy, om vidareføring av fjorårets styrekurs. Dette må verte anten på haustsamlingane eller så kan vi høyre med laga om dei ynskjer eige kurs. o Det er viktig at vi har fleire tema også for dei tillitsvalde på haustkurs. o Opplæring av nye styreleiarar er eit tema.
o Leiarskule for dagleg leiarar. Prøve å få nytilsette til å føle seg velkomne i organisasjonen. Velkomstinformasjon. Sjå dette i samanheng med administrasjonshandboka. Lage eit forslag til dette. o Vårsamlinga Undersøking i laga, vervegruppe m/aud Fossøy Salskurs første dag Tilpassa organisasjonen og vervekampanje. 2. dag Salskurs, utviklingsprogram Dette er første av tre samlingar. Utviklingsprogrammet fortset på haustsamling, i tillegg til ei samling etter dette. Kostar kr 12.000,- pr deltakar Søkt NHOML om støtte Finansiering med opplæringsfond NHOML, regeldag. LHMS, HMS i landbruket. Administrasjonshandbok o Frode orienterte om bakgrunn og historikk om prosjektet. Det er ynskje om å få ein fortgang i dette prosjektet. Jan Klemmetvold i Landbrukstjenester Nord-Østerdal er førespurd om å delta i tillegg til Wenche Husby i Helgeland Landbrukstjenester. Deltaking på messer o Landbruksmessa (29. 30. juni) i samarbeid med Landbruk Nord (Ansvar Bodil Mannsverk og Gjermund Stuve). o Dyrskuen (13. 15. sept.) i samarbeid med Vestfold Bondelag (Ansvar Harald Lie). o Agrovisjon (11. 13. okt.) i samband med laga i Rogaland og LHMS (Ansvar Jorulf Refsnes). Dette er messer vi skal delta på personleg. Andre messer bidrar vi med materiell og profilering. o Nye profileringsprodukt: Pins og Buff. Kravspesifikasjon i organisasjonen o Her må vi vera klar over at det er fleire som kan ha motsetningar mot einskilde krav. o Bruke balanse mellom gulrot og pisk. o Bør få på plass krav om profilering. o Merkevarebygging o Vi ønskjer profesjonelle lag Profesjonalitet mot tilsette Profesjonalitet mot medlemmer o Startar med salskurs/haustsamlingar. o Ta opp kva krav vi skal fremme til neste årsmøte. Må spesifiserast i løpet av styremøte i året. Framskaffe fleire sentrale avtaler, ikkje berre forsikring. o Krev det medlemskap i Landbrukssamvirke? o Kva må til for å bruke Agrol?
o Tilsette har ordningar gjennom medlemskap i organisasjonar. o Viktig å profilere helseforsikring. Få oversikt over lag som treng hjelp, og hjelpe desse tidsnok. Lage arbeidsgrupper ved hjelp av medlemslaga, dersom arbeidspresset på administrasjonen vert for stort. Sakene er diskutert i styret og arbeidsoppgåver er fordelt, og det enkelte styrerepresentant føl opp sine ansvarsoppgåver. Sak 27/13 Årsmøte 2013 Frode Alfarnes gjekk gjennom protokollen. Fylkeskontakt tek vi opp på fylkesvise samlingar. Møteleiar på fylkesvise samlingar må forberedast i god tid. Ein representant frå styret opnar fylkessamlingane og avsluttar dei. Vedkommande skal då sjekke at lister med utsendingar er fullstendige. Saker som styret meiner ein skal arbeida vidare med vert innarbeidd til neste årsmøte. Sak 28/13 Referatsaker A. Tariffkonferanse NHO Frode Alfarnes orienterte Dette er eit fora for å møte andre og få informasjon. Tema som vart teke opp: Tariffoppgjeret, utsikt for norsk økonomi, lokale forhandlingar, pensjon, innleie av arbeidskraft. Det var eit informativt møte. Sak 29/13 Eventuelt Årsmøte Bondelaget NLT er invitert med ein representant til møtet 12.-14 juni. Styreleiar, Harald Lie, er utsending for Vestfold Bondelag. Nestleiar, Jorulf Refsnes, deltek for NLT. NHO generalforsamling 15. mai. Frode Alfarnes er i valkomiteen. Harald Lie reiser med stemmerett for NLT. Arbeidstilsynsrevisjon. Christel Kirkøen, Laila Grødal og Liv Lian Kosberg er i gang med dette arbeidet. Ref. Romar Skeie Olsen..