Føregangsfylke økologisk frukt og bær 01.03.2011



Like dokumenter
Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

Å lykkast med økologisk fruktproduksjon

Prosjektskildring for Føregangsfylke økologisk frukt og bær

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Økologi-satsing i Norge

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Auka konkurransekraft gjennom samarbeid om felles FoUutfordringar. Finn fram i finansieringsjungelen, Oslo, 20. april 2010

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Finansiering av søknaden

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Forslag frå fylkesrådmannen

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Årsmelding 2014 for Sognefrukt SA

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Fordeling av tilskot til fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag

Bustadområde i sentrum. Vurdering

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Den nye seksjon for applikasjonar

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

«Ny Giv» med gjetarhund

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Stemnehandboka for NKSF

Kompensasjonsmidlar TILSEGN OM TILSKOT PÅ INNTIL KR TIL PROSJEKT ETABLERING AV REGIONAL NÆRINGSHAGE. TILSEGN Komp

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Rapport prosjekt «høy til hest»

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Årsmelding Fylkesrådet for eldre.

Pressekonferanse. Utne Hotel 25. Juni 2014

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

SAKSFRAMLEGG. 36/15 Næring og miljøutvalet

Kvalitetsplan mot mobbing

FØREGANGSFYLKE FOR ØKOLOGISK FRUKT OG BÆR

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Til godkjente omsetningsledd for ordningen med Distrikts- og kvalitetstillegg for frukt og grønt.

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Kva er økologisk matproduksjon?

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Transkript:

Føregangsfylke økologisk frukt og bær 01.03.2011 Det overordna målet til føregangsfylke for økologisk frukt- og bærproduksjon, er å bidra til auka produksjon og forbruk av norsk økologisk frukt og bær i Noreg. Oppsummering: Svak auke i tal dyrkarar og areal økologisk drift frå 2009, men tidlegare øko-satsingar har resultert i over ein tredobling av eplevolumet i Bama frå 2009-2010. Denne auken skuldast i hovudsak to produsentar ein i Hardanger og ein i Telemark. Men ikkje alle produsentar satsar så stort som desse to, å framtidig auke kjem til å vera mindre i Føregangsfylka. Samkøyring av tilskotspraksis til nyplanting gjorde at økonomien i prosjekta vart endra, og førte til at fleire har sett planane om omlegging til øko-drift på vent. Vanskeleg marknadssituasjon på bær, medan Bama/NG melder om behov for meir økologisk frukt (eple, plomme, pære) og har dette som ein del av satsinga i Go Eco serien til hausten 2011. Informasjonssatsinga går over på nett og samkøyring av nettbasert informasjon om økologisk frukt og bær frå 2011. Behov for å vise bøndene at det er lønsemd i å dyrke økologisk og at marknaden vil økologisk frukt og bær. Få dyrkarar tvilar på at det mogleg å dyrke økologisk. Ugras og næringsforsyning er tilbakevendande utfordringar, i tillegg til risikoen for angrep av sjukdom og skadegjerarar. Nytt øko-regelverk er venta vedtatt i 2011: God diskusjon og prosess rundt koparspørsmålet. Innstrammingar i tolking av regelverket knytta til parallellproduksjon har skapt nye utfordringar kring skilje på sortar: LR organisera diskusjonen kring temaet.

Tiltak - prioriteringar Mål og Resultat for 2010 Mål og tiltak for 2011 2025-mål 1.Produksjon få fleire til å produksera økologisk frukt og bær i Noreg. DELMÅL: 1. Motivera til omlegging og halde på øko-dyrkarane 2. Auke kompetansen hjå dyrkarane og framheve dei gode eksempla 1. Oppretthalda investeringstilskotet og samkøyra praksisen i dei to fylka: 50% til nyetablering og minimum 3 daa Mål 2010: Tal søkjarar og nyinnmelde produsentar i Debio daa nyplanta i 2010 eller planlagt i 2011 Resultat 2010: 3 nye produsentar i Kvam, Horaland, 1 i Sogn. Auken i Kvam skuldast mykje arbeidet til Liv Lyngstad i Økoløftprosjektet. Totaltal på økologiske produsentar innan økologisk frukt og bær i 2010, over 1 daa: Hordaland: 8 bær (30 daa Ø), 26 frukt (191 daa Ø, 110 daa K) Sogn og Fjordane: 16 bær (57daa Ø, 10daa K )daa, 43 frukt (352 daa Ø, 112 daa K) (areala er ikkje justert for areal under 1 daa) 2011 Revurdering av kriteriar for ryddeog plantetilskot. Forslaga som er diskutert: moderne tettplanting for planting til konsum, med justeringar for planting til industri. Vatningskrav? Krav om deltaking på kurs eller medlem av lokal rådgjevings- teneste? Auka nyplanting: 15% areal med 1500kg/daa for eple og 1000kg/daa for plommer på nyplanta økologisk areal FMSF: 90.000 kr i tilskot i 2010 til fornying av 9 da frukthage som skal drivast økologisk. I tillegg har dei under arbeid ei litt større konvensjonell sak (9 daa) i Gloppen der planen er å legge om til økologsk i løpet av 2011/2012. FMHO: Vi har innvilga 5 saker på tilsamen kr 220 700. Dette er fordelt på 11 da økologiske eple og 9,1 da økologiske plommer. Totalkostnadar inkl arbeid: kr 345 452. I 2010 vart det sett av ekstrasum til rydde-og plantetilskot, men desse pengane vart istaden brukt til å støtte etablering av nye økofelt i Sogn og Indre Hardanger sjå pkt 1.3.2. Tilskot til dette vart tildelt i 2010, men utbetaling vert gjort i 2011 overført sum frå fjorårets budsjett.

Forskrifta for BU-midlar set maks-grense for tilskot til nyplanting av fruktfelt til 30% vurdert av juristane i LMD. FMHO har i nokre år gitt 20% ekstra til nyetablering av økofruktfelt frå BU-midlane, men denne praksisen vart avslutta i august 2010. Muntleg tilbakemelding frå rådgjevarar og dyrkarar seier at fleire hadde tenkt å melde seg inn, men med endra økonomisk grunnlag for nyplanting, har dei utsett avgjerda om å melde seg inn. Satsing på lik linje med danskane i 2011, ville monna, men forskriften set altså stoppar for dette. 2. Oppfølging av dyrkarar i karens eksisterande økologiske dyrkarar og gjennom å sikre dei ein god fagleg basis gjennom rågjevingstenesta. Mål 2010: Ingen utmeldingar i Debio frå 09 til 10. Spørjeundersøking om ordningane i etterkant. Resultat 2010: Ingen utmeldingar så langt, men ein dyrkar i Hordaland som har lagt tilbake til konvensjonelt. Ikkje utmeld enno. Rådgjevarane hadde ikkje tid til å gjennomføre ekstra besøk på øko-bruk i 2010, då tiltaket vart lyst ut til rådgjevarane 01.06.10. Det er mest naturleg å vitja bøndene med slike spørsmål utanom sesongen, helst om vinteren. Difor vart gjennomføring og budsjett utsett til 2011, og rådgjevarane er i gang med dette i begge fylker. Øko-bøndene i Hardanger er stort sett med i LR, men i Sogn er varierande kor mange øko-dyrkarar som er med i LR. Evaluering av tiltaket utsett våren 2011, då besøka vert gjennomført vinteren 2011. Målet er å fange problemstillingar bøndene slit med og tilpasse kurs og rådgjevingstilbod ut frå tilbakemeldingane. Økobønder bør ha høgt kunnskapsnivå for å lukkast. Mål for 2011 er difor å få fleire økofruktdyrkarar med i LR og på kurs arrangert av LR, enn i 2010. Eigen budsjettpost for dette tiltaket i 2011 budsjettet. Dobling av aktive økoprodusentar innan frukt og bær i begge fylka innan 2025 i høve til 2009-nivå.

3. GFR kor ein aktivt oppsøkjer nye produsentar Mål 2010: tal GFR-besøk til konv. bønder samanlikna med innmeldingar i Debio: 20 GFR besøk totalt i begge fylka i 2010. Resultat 2010: Jon Asbjørn Målsnes har rekruttert 10 nye GFR i Sogn og Fjordane, gjennom ringerunde til medlemmane av Sognefrukt, Innvik fruktlager og rådgjevingstenesta i Nordfjord. Gjennomføring av GFR ane rekruttert av Målsnes og Økofrukt i vekst vert gjennomført vinteren 2011 i Sogn. Jan Ove Nes (LR Hardanger) har oppsøkt 10 konvensjonelle fruktdyrkarar, og gjennomfører GFR-besøka vinteren 2011. Mål nådd i 2011, og vil bli målt med tal innmeldingar i 2011/2012 4. Samkøyre kurs og aktivitetar i dei to fylka; dyrkingsgrupper og markvandringar Kurs: gjødsling/jordøkologi/miljøperspektiv, økoplantevernplan, studietur for produsentar osb. Mål 2010: Tal samlingar planlagte og gjennomførte - tal oppmøtte på arrangement. Resultat 2010: Samling for rådgjevarar i mars (12 deltakarar) Støtta 2 informasjonsmøter om rognebærmøll i Hardanger, arr. LR (oppmøte: 15-20) Studietur utsett til 2011. Samla rådgjevarane i midten av august for å sjå på rådgjevarsituasjonen for økobøndene når Marianne Bøthun gjekk over i ny stilling. Vart avgjort at Jon Asbjørn Målsnes kunne reise saman med Olav Sørum til GFR-oppdraga, og ta noko ekstra-rådgjeving for Føregangsfylke. 8 deltakarar, Njøs Ny dyrkingsgruppe for økologiske plommeprodusentar i indre Hardanger: 3 samlingar og 5-10 deltakarar på kvart møte. 2011 Studietur 30.juni-3. juli: mål 30 deltakarar tilsaman frå aust-og vestlandet. Kurs om økologisk plommedyrking i Nordfjord mars 2011 (Jon Asbjørn Målsnes) Lansering av økoplantevernplan i prosjektet Norsk Økologisk frukt til forbrukar, dyrkarmøter (Eivind Vangdal, Bioforsk) Samkøyringsmøte med økofruktprosjekta i januar 2011. Eitt til før året er omme. Oppretthalda og auke aktiviteten og tal deltakarar for kvart år.

5. Vera pådrivar for å etablere modulbaserte kurs for unge bønder i fruktdyrking; øko-tilbod inkludert og tilbod i begge fylka Mål 2010: Oppstart hausten 2011, og sikre at økologisk driftsform er ein del av kursmodulane. Resultat 2010: Anne Karin Hatling frå Sogn Jord-og hagebruksskule, stilte på møte på Hjeltnes Gartnarskule i Hordaland, for føregangsfylket. Mål å få like etterutdanningstilbod i begge fylka, og vurdera eigne kurs for unge etablerarar innan frukt-og bærnæringa. Fylkeskommunen er no ansvarleg for vidare utvikling av dette arbeidet. 2011: Føregangsfylket vil haldast informert om dette arbeidet og vurdere initiativ fortløpande. 10% av frukt og bærdyrkarane under 40 år driv heile eller delar av garden økologisk i 2025.

Tiltak - prioriteringar Mål og Resultat for 2010 Mål og tiltak for 2011 2025-mål Forts. 1.Produksjon få fleire til å produksera økologisk frukt og bær i Noreg. DELMÅL 3. Auke avling og kvalitet på økologisk frukt og bær 1. Regelverk: Økologiforskriften og vegleiar til den, skal ut på høyring i vår. Særunntaka skal reviderast, og inkluderar koparforbodet. Kort oppsummering av dei viktigaste reglane for økologiske frukt og bær produsentar. Mål 2010; fagleg grunngjeving + oversikt over praksis i Europeiske regelverk. Resultat 2010: Tok saman med RVU initiativ til arbeidsgruppe om bruk av kopar i økologisk frukt og-bærnæring, i samband med høyring av øko-regelverk. Koparsaken har tidlegare for splitta grunna kopar-saken og lite demokratisk diskusjon. I tillegg har det vore vanskeleg for bøndene å akseptera ulike konkurransevilkår for norske og EU sine økologiske fruktbønder. Føregangsfylke støtta utredning frå Bioforsk Økologisk (G. L. Serikstad). Eit arbeidsgruppemøte (5 medl) og eitt diskusjonsmøte arrangert av RVU (ca 35 deltakarar inkl RVU medlemmar). Oppmoding frå Føregangsfylke til faglaga om å vera aktive på vegne av sine medlemmar sende inn høyringsuttale frå Føregangsfylke 1. juli. Innstillinga frå Mattilsynet er at ein legg seg på line med EU i tolking av regelverket, med med norske bruksgrenser (konv. praksis). LMD handsamar saka vinteren 2011. 2011 Arbeidet med koparsaken er avslutta. Arbeidet med å gjera samandrag av økoregelverk er lagt på is grunna utsett avgjerd om nytt regelverk. I tilleg har LR planar om å lage samandrag av regelverk for ulike planteproduksjonar, i samband med Økoplanarbeidet. Lik praksisk som i europeiske land med omsyn til innsatsmiddel i økologisk produksjon. Juli 2010 : oppsummering av regelverkspunkt relevante for frukt-og bærdyrkarar sendt ut på høyring til nokre i styringsgruppa og Debio.

2. FoU; - rognebærmøll - ugrasregulering; innkjøp av utstyr ved behov. Mål 2010: Rapportar frå prosjekt delmål oppnådde. Kartlegging av nye flaskehalsar ut frå rapportar i 2010 Resultat 2010: Støtta FoU-aktivitet, nokre resultat er ikkje klare enno og kjem i Norsk frukt og bær i vår: Kompostering av hageavfall frå fruktnæringa, drive av Njøs Næringsutvikling. Kursing og erfaringsutvikling på SJH. Samarbeid med Føregangsfylke Buskerud. Utbetring av teknisk utstyr til øko-eplehage på Vindane i Aurland, kor registreringar vert gjort. Hagen vart planta med tanke på produksjon til industri (80% press, 20% konsum). SJH, Fritsvold Forsøk på næringsforsyning og ugraskontroll, Biforsk Ullensvang, Vangdal Utprøving av mineralolje og olje mot rognebærmøll. Bioforsk-prosjekt Kalsiumtilstand i frukthagar, dokumentasjonsråd og målingar (Bioforsk, Vangdal) Bringebær: måling av haldbarheit under transport (CaClbehandling), næringsforsyning (LR,Vereide) Støtta etablering av øko-vindauge på Njøs Næringsutvikling i Sogn og Ernes Biforsk Ullensvang: fokus på nyetablering av øko-frukthagar med tettplantingssystem og nye sortar, til inspirasjon for dyrkarane. Utplanting 2012/2013, med fokus på bruk av forkultur og kompost før utplanting/i kvileår. Prosjektstart 2011. Støtta utprøving av handheldne tynnarar i begge fylker. Utprøvingar i 2011 i regi av Norsk fruktrådgjeving Hardanger, Jan Ove Nes, gjennomføring 2011. 2011 Generelt: samarbeidet med forskarar og rågjevingstenesta om å løyse flaskehalsar i næringa. Ikkje søknadsfrist i 2011, men Føregangsfylke vil oppmuntre til prosjekt i større grad enn i fjor. Forslag 2011, med avklaringar til 1. april: støtte aktivt opp om planlegginga av nyplantingar på Njøs og Ernes/Lofthus støtte arbeidet om utvikling av kvalitetskompost frå og til frukthagar, spesielt økologiske. Eigen søknad frå Njøs, etter samkøyringsmøte 17. februar Dokumentasjon av effekt knytta til handheldne tynnarar? Næringsforsyning bringebær? Kontinuerlig fokus på å stimulere til relevante forskningsprosjekt: auke i økoforskningsprosjekt innan frukt og bær kvart år.

3. Undersøkje moglegheit for å få nye driftsmiddel godkjende i Noreg; kartleggje aktuelle produkt, forhandlarar og flaskehalsar. Mål 2010: Eitt nytt godkjend preparat : Natriumbikarbonat Rapport ferdig i november inkludert nye prioriteringar Resultat 2010: Ugras-problematikk hindrar mange i å legge om, spesielt i bratte hagar: Prøvd å koma i kontakt med firma som fører Bioweed (Australia) Natrium-bikarbonat er det same som bakepulver, som i kombinasjon med svovelsprøyting gir god effekt mot skurv ved rett sprøytetidspunkt (vaskast lett bort av regn). Utsett fokus på dette til nytt regelverk er vedtatt, då framleis uklart om bakepulver vil vidareførast i ny regelverkstekst. 2011: LR må gjera den faglege vurderinga av kva for middel ein vil søka godkjennin for. Føregangsfylke kan bistå i vidare arbeid mot Mattilsynet for godkjenning. Ugrasmiddel: Edikk vil verte undersøkt frå Bioforsk/LR si side i 2011. Halde fram arbeidet med å undersøke godkjenning for Bioweed og Natrium/Kaliumbikarbonat. Arbeide for godkjenning av fleire preparat kalibrering med europeisk regelverk og praksis. 4. Økonomi i norsk økologisk frukt og bærproduksjon samla eksisterande tal frå registrerings-bruk, NILF og laga eksempel med hjelp av NILFkalkulatoren Mål 2010: Synleggjering av NILF kalkyle og mellombels tal frå NILF. Resultat 2010: NILF-kalkulator synleggjort gjennom bloggen i 2010. Innsamling av tal har vorte gjort gjennom prosjektet Norsk økologisk frukt til forbrukar i samarbeid med NILF. 2011: rapport bestilt av dette prosjektet frå NILF. Framleis usikkert om Føregangsfylket treng å støtte dette prosjektet med midlar. -10% betre driftsinntekt i dei tre beste åra frå 2010-25, for å kompensera for usikker og lågare avling i enkeltår. - 80% av produsert vare levert til konsum 5. Kartlegga behovet for dyrkingsvegleiarar, småskrift og nettinfo. Mål 2010: Oppsummering november 2010. Tidsskriftet Norsk Frukt og Bær gitt ut av LR, dekker stort sett siste nytt innan frukt-og bærproduksjon også på økologisk. Gjorde ein oppsummering i bloggen over alle relevante økoartiklar i dette tidsskriftet i 2010. Vurderer behovet for dyrkingsvegleiarar, småskrift etc. som minkande, dersom nettsider vert oppdaterte. 2011 Samarbeide med LR og Bioforsk Økologisk om nettbasert informasjon til dyrkarar. Mål om å få til ein felles strategi korleis fagstoff om økologisk frukt og bær skal verte formidla på nettet. Produsentretta informasjon 1-2 utgjevingar kvart år

Tiltak - prioriteringar Mål og Resultat for 2010 Mål og tiltak for 2011 2025-mål 2.Kunnskap og nettverk samle og vidareformidla tilgjengeleg kunnskap og erfaring gjennom eksisterande prosjekt DELMÅL 1. *Etablering av kompetansenettverk kor føregangsfylke skal vere ein ressurs for utvikling av økologisk frukt-og bærdyrking i heile landet 2. Synleggjere flaskehalsar som må løysast på nasjonalt nivå 1. Etablere kontakt med eksisterande nettstad www.hagis.no/lr.no med eigen fane økologisk frukt og bær; mål å samle all informasjon og nettressursar for økologisk frukt og bær på ein plass. Mål 2010: Blogg/øko-fane på hagis.no/lr.no etablert og samarbeid med nettstad; eitt innlegg for kvar veke frå etableringstidspunkt. Kommentarar på innlegg i blogg: 10%. Tal besøk på blogg: 1000 besøkande i 2010. Resultat 2010: Eitt, men ofte to nyheitsinnlegg kvar veke. Ein har kommentert på eit innlegg og han var medlem av styringsgruppa(!). Dyrkarane er truleg ikkje vand med å bruke slike kommentarfunksjonar enno. Bloggen okofruktogbar.blogspot.com vart oppretta i midten av mai 2010, og 844 personar har frå byrjinga av juli til februar 2011 vitja nettstaden, med eit snitt på 4 besøk kvar dag dei siste månadane. Dei besøker i snitt ca. 2 sider kvar gong. Sjå elles figur 1. LR ved Sigrid Mogan som no er ansvarleg for domenet til hagis.no og Agropub (Bioforsk) har vorte kontakta for å inngå samarbeid om nettbasert informasjonsarbeid om økologisk frukt og bær, men begge hadde ikkje som prioritet å arbeide med å oppdatere desse nettsidene knytta til øko-frukt og bær i 2010. 2011 Prosjektleiar meiner det er viktig ikkje å forvirra produsentane og forbrukarar med for mange nettstader, og har i 2011 fått aksept for å utsette etablering av eigen nettstad istadenfor bloggen. Det er dyrt og tidkrevande å lage nye nettstader og gjera dei kjende. Samstundes unødvendig då eksisterande nettilbod burde kunne dekke behovet. LR og agropub.no har no gitt signalar om å satse på nytt med nettbasert frukt-og bærinfo. Difor vert blog en halden i live inntil nytt tilbod i LR/hagis.no eller agropub.no er etablert. LR Hordaland får i 2011 midlar til å etablere eit nyheitsbrev til økologiske dyrkarar i og utanfor LR, og til heile landet. Regional informasjon vil framleis verte gjort av lokal rådgjevingsteneste. Liv Lyngstad i LR ansvarleg og tilbodet vil eventuelt kunne integrerast i ein ny drakt gjennom hagis.no/fagforum frukt og bær i LR. Nyheitsbrevet er viktig for å nå ut med informasjon kvar enkelt dyrkar om siste nytt og arrangementsinvitasjonar. Eigen nettstad om økologisk produksjon som alle føregangsfylkene nyttar

Blog en vart oppretta i mai 2010 (veke 18) for å koma igong med dette arbeidet, då dyrkarane har hatt vanskar med å finne fram til økologisk frukt-og bærinfo på nett. Prosjektleiar har inkludert forbrukarinformasjon og nyhende om helseeffektar av økologisk frukt og bær, stort sett saksa frå OIKOS. Men hovudfokuset har vore på å sy saman eksisterande informasjon og legge ut nyhende relevante for økologiske frukt-og bær dyrkarar. Dyrkarane som driv økologisk, har som oftast og konvensjonell produksjon. Difor har det vore eit mål om å integrera øko-stoff på eksisterande nettsider for frukt-og bærdyrkarar. Bloggen har likevel vore viktig for å teste og synleggjera behovet for samla øko-informasjon for frukt-og bærdyrkarar. Nettstaden vil du fungere som eit arkiv for fagstoff, og nokre nyheiter, medan nyheitsbrevet gjer dei som ikkje jamnleg fyljer nettstaden, å få med seg siste nytt. Viktige fokus for nye øko-nettstader vil vera å avklare: Målgrupper Redaksjonsansvar (på rundgang?) Kvalitetssikring av info Formidlings-formar: skal det lagast fleire informasjonsvideoar og instruksjonsvideoar istaden for skriftleg informasjonsmateriale? Synlegheit i sosiale nettsamfunn informasjonsstrategi må leggast for 2011.

2. Laga ein oppsummering av noverande FoUprosjekt og stake ut nye utfyllande prosjekt Mål 2010: stake ut fokus for nye FoU områder. Resultat 2010: Generelle utfordringar innan næringsforsyning/kompost, ugrashandtering, auka sortsmateriale, økonomi-info, erfaring med tettplanting i økologisk drift, plantevern tilpassa øko-drift/førebyggande. 2011: sjå pkt 1.3.2 elles skjer dette kontinuerlig gjennom året og i samarbeid med forskarar og rådgjevarane. Aktiv pådrivar for å stake ut nye relevanter prosjekt for næringa 3. Økomiddelnettstad kor produsentane kan finne godkjende innsatsmiddel til produksjonen Mål 2010: Innleie samtalar om dette i 2010 med føregangsfylkene, OIKOS og Debio Resultat 2010: Etter at dette punktet vart føreslege i mars 2010, har prosjektleiar hatt tett kontakt med OIKOS om nettstaden www.økofunn.no, som då allereie var utforma. Nettstaden dekker behovet. Møte med OIKOS 30. mai. Debio vil også utvikle ein nettbasert ordning for å erstatte positiv-lista til Debio. 2011: Prosjektleiar ser ikkje at Føregangsfylke skal ta meir ansvar for dette tiltaket då nettstaden vart lansert i november 2010, og Debio har starta arbeidet med sin nettstad. Føregangsfylke har og kan støtte informasjonsarbeidet med nettenestene. Eigen nettstad kor tilbydarar og kjøparar kan leggje ut produkt Figur 1: Tal sidevisingar frå bloggen okofruktogbar.blogspot.com frå mai 2010 til februar 2011. Stadig aukande tal besøk, og sida har jamleg vorte annonsert i e-postar og artiklar skrivne av Føregangsfylke. Sist gong den vart reklamert for var i februar-nummeret i Norsk Frukt og Bær. Høgast tal sidevisingar i januar, truleg fordi det er ein roleg periode for fruktdyrkarane.

Tiltak - prioriteringar Mål og Resultat for 2010 Mål og tiltak for 2011 2025-mål 3. Distribusjon, produkt-utvikling og sal: vidareutvikla eksisterande kanalar for omsetting og sal DELMÅL 1. Effektiv og sikker omsetting av eit auka volum av norskprodusert økologisk frukt og bær: 100% økologisk produsert 100% omsett som økologisk 2. Vidareutvikle kanalar for omsetting 1. Pådrivar for å sikre at all norskprodusert økologisk frukt og bær blir vidareforedla som økologisk råvare til økologiske produkt, gjennom gode planleggingsverkty og god merking og presentasjon i butikk. Mål 2010: All økologisk konsumfrukt omsett som økologisk i 2010. 1% norsk økologisk frukt gjennom BAMA: 0,04% i 2009 Resultat 2010: 38 tonn økologisk eple omsett i Bama, 9 tonn plomme omsett som økologisk. Med 12 tonn i 2009, er det er ein tredobling i høve til norsk økoepele omsett i 2009. Skulefrukt ikkje prioritert i oppstartsåret. Prosjektleiar hadde møte med Hardanger Fjordfrukt og Sognefrukt i april 2010, for å høyre om planar for omsetnad og korleis dei ville arbeide med å få omsett alle økovarene som økologisk. Oppfyljingssamtalar utover i norsk sesong for frukt. Samtalar med fruktlager og programutviklar for dataprogrammet Fruktklient for å få betre registreringsrutinar for når og kor mykje øko-frukt er venta på marknaden til kvar salssesong. I dag kan ein for eksempel ikkje lesa av systemet kva for eit år areala går over frå karens til økologisk, hos kvar dyrkar. Utbetringar moglege. Bama ga signalar i sommar om å prøve ut 4-pakk, og 2011: framleis mål om 100% omsett økologisk frukt Økologisk skulefrukt vert prioritert inn i prosjektet. Arbeidsgruppe vert oppretta i mars 2011 saman med prosjektet til Liv Lyngstad, med fokus på : merking av og informasjon om all økologisk skulefrukt. Motivering av skuleleiinga for å gjera miljøvenleg innkjøp med økologisk skulefrukt. Samarbeider med OIKOS sentralt om demo i butikk i Bergen, og derigjennom sette fokus på norsk økologisk frukt til forbrukar. Oppstartsmøte i februar 2011. Erfaringar frå tidlegare demo ar i butikk, har vist at omsetninga har auka med 30 % enkelte plassar etter demo ane (muntleg M. Bøthun). Mål for 2011 er 20% auka omsetnad -100 % kl 1. produksjon av økologisk frukt og bær omsett som økologisk. -50 tonn øko-epler og 100 tonn øko-plommer til konsum innan 2015.

prøvelansera det i haust. Lanseringa vart trekt tilbake og seld til Handball VM istaden. av økologisk frukt i demo-butikkane i norsk salssesong. Små eple, under 68 mm, er naturleg å selja til skulefrukt eller hotell. Bama Storkjøkken prøvde ut øko-skulefrukt i Hordaland i 2010, men dyr økofrukt, dårleg merking og informasjon inn til skulane, gjorde det til eit tapsprosjekt. Har ikkje satsa på produktutvikling i 2010, då det framleis er for lite frukt i marknaden til å kunne drive landsdekkande lansering av øko-eple i for eksempel Bama-systemet. Motivera til produktutvikling, spesielt på plomme og bær i 2011. Føregangsfylke ser det som viktig å ha gode samarbeidspartnarar for levering til industri: Sending av økologisk frukt til Balholm frå Hardanger viste at det var lønsemd i det, samanlikna med å sende det til lokal konvensjonell industri (eplejus). 2. Sikre meirpris til produsentane for økologisk frukt og bær til konsum Mål 2010: Oppretthalda 30% meirpris i høve til Økernpris. Resultat 2010: Jan Ove Nes sit som kulturansvarleg for økologisk frukt i Gartnarhallen, og har arbeidd for meirpris der. Han sit og i styringsgruppa for Føregangsfylke. Meirprisen var i 2010 30% meirpris på alle økofrukt som vart seld som økologisk inn til Bama systemet, minus vanlege fråtrekk. Fruklagra i Føregangsfylke: Sognefrukt (Bama) har ein produsent som leverer økovarer, og alt omsett som økologisk. Frittståande lager i Sogn og Hardanger har god omsetning av økofrukt til skulefrukt og abonnementordning, samt til industri (Balestrand). Nøgde med prisane. 2011 Vil oppretthalde målet om 30% meirpris også for 2011, men NILFrapport i 2011 vil vise kva for meirpris bøndene faktisk oppnår. Mars 2011: Brev til alle fruktlaga kor det oppmodast til å: Hauste i rett tid i frukthagane smak i høgsetet. Like kvalitetskrav som konvensjonell frukt Utvikle emballasje og merking slik at det vert tydeleg at forbrukaren får eit økoprodukt. Prioritera sal til øko-konsum, dinest til industri. -Garantert meirpris til produsentane: mål 30% i høve til konvensjonell pris.

Hardanger Fjorfrukt (Bama/Copp-leverandør): Usemje mellom produsentar og fruktlager om kvalitet på eple- sorteringane, slik at produsentane fekk mindre i 1. klasse og dermed mindre i økotillegg. I tillegg vart meir enn venta seld til industri som økologisk, då det ikkje var bestillingar på økofrukta i nokre periodar av norsk sesong. Totalt vart 67% av eplene som kom inn på lager seld vidare til Bama/Coop. Her var det og utfordringar med plommekvaliteten; for tidleg haustetidspunkt i hagane gjorde at plommene måtte ettermodnast på lagret. Samanblanding av plommer for ettermodning gjorde at plommene vart selde som konvensjonelle, og produsentane fekk ikkje meirpris for desse partia. Smaken på desse plommene vart dårlegare, og dette ville ikkje ha vore positivt for øko-plommene i marknaden. Totalt vart 43% av plommene omsett som økologisk frå Hardanger Fjordfrukt. Føregangsfylke vil halde jamn kontakt med fruktlagra og Erling Lundby i Bama, ansvarleg for økosatsinga i NG/Bama. Mars 2011: Produksjonsplanen for bringebæra til Atle Skaaden er avslått av NG/Bama. Dei ynskjer ikkje å satse på omsetnad av økologisk bringebær på marknaden. Framleis usikkert korleis om Føregangsfylke kan få til omsetnad av øko-bringebær innanfor prosjektets rammer og prosjektleiar sin arbeidskapasitet. Drøftingar med OIKOS og styringsgruppa i mars, om marknadsinitiativ for økologisk bringebær. Innvik Fruktlager hadde ikkje produksjonsplan for øko-bringebær i 2010, og fekk difor ikkje seld dei 2,5 tonna som vart produsert økologisk hos Atle Skaaden. Planen var å selje frukta i mindre korger (300g) enn for konvensjonelle bær (400g), men til same pris for konvensjonelle og soleis hente inn meirprisen.

3. Sikrare økonomi gjennom levering av økologisk frukt og bær til industriell bearbeiding. 4. Produktdifferensiering av frukt og bær for å sikre omsetting av økologisk produsert råvare som økologisk. Mål 2010: Betre økonomi enn for levering som konv. råvare i 2010. Resultat 2010:Prøvesending av øko-eple og pærer til Balholm i Sogn-og Fjordane. Frakprisane var ikkje høgare en sending til lokalt fruktlager, så oppgjeret var betre enn å sende til konvensjonell saftproduksjon. Sjå pkt 3.1/2.1 og 3.1/2.2 når det gjeld eple, plomme og bringebær for 2010 2011: NILF vil få tala frå prøveprosjektet med å sende økofrukt frå Hardanger til Sogn, for industrielle bearbeiding, og inkludera dei i sin rapport over økonomien i norsk fruktproduksjon. 2011 Plomme og ev. bringebær: pakningar med lokk/tydeleg merking av emballasje. Eple: 4-pakk og 6-pakk ut til butikkane. Bama er ansvarleg. Enkeltmerke øko-eple med Ø- merke og geografisk opphav (region) når det brettpakkast og skal leverast som skulefrukt eller til hotell. All produsert økologisk frukt og bær vert omsett som økologisk. -20% økø-frukt på alle skular og offentlege arbeidsplassar i 2025. -%-kravet inkludert i alle forhandlingsavtalar om offentlege innkjøp. Halde fram sending av økofrukt til Sogn frå Hardanger. Vurdera produkt utvikling og nye avtakarar for 2. sortering plomme, og bringebær som ikkje når ut til konsum.

5. Kartlegge relevante opplysningar for å måle produksjon og omsetting av norsk produsert økologisk frukt og bær. Mål 2010: Gode måletal for norsk prod. og seld økologisk frukt/bær i kg (tonn), med skilje på import og innanlandsproduksjon Resultat 2010: Innleiande samtalar saman med Føregangsfylke grønt, med SLF 1. oktober, for å drøfte statistikksituasjonen innan frukt og grønt: Manglar volumtal for norskprodusert økologisk vare, ikkje satistikk over importert økologisk vs norsk økologisk på frukt-og grøntsida. Det finst i dag berre tal for dyrkarar og daa dyrkar, og ikkje eit startpunkt for Føregangsfylkeprosjekt på kor mykje som vert produsert i kg. Mogleg løysing for å få betre tal for produksjon volum norskprodusert: moglegheit for å innføre øko-kolonne for søknad om distrikts-og kvalitetstilskot, og dermed få betre volum-tal gjennom søknad om produksjonstilskot. 2011: Spleiselag med økologisk frukt i vekst -prosjektet om å lage ein oversikt over volum produsert og kor produksjonen vert omsett, gjennom ein spørjeundersøking utført og samanfatta av NILF. Det vil gi volumtal for startskotet for Føregangsfylkeprosjektet. Det vil samstundes gje ein peikepinn på kor varene som ikkje vert seld gjennom Bama-fruktlagra går, og kor stor den private omsetnaden er. Vidareføre dialog frå 2010 om betre øko-registreringar i søknad om prod. tilskot. Dette vil gje sikrare og årlege oppdateringar, utan å måtte gjere eigne innsamlingar som i NILFprosjektet over. Vera pådrivar for å sikre relevante tal i SLF-rapportar, slik at det vert mogleg å fylje utviklinga av produsert og omsett mengde av økologisk frukt og bær i Noreg. 6. Ynskjeleg å få ICA og Coop i tale om økosatsing i desse kjedene og innleie samtalar med fruktlagra og dyrkarane sine Mål 2010: Offisiell uttale frå ICA og Coop om norsk øko-fruktsatsing Resultat 2010: Under marknadsaktøranes økodag i september vart situasjonen for norsk økologisk fruktomsetnad i ICAbutikkane drøfta med økoansvarleg i ICA. Uformelle samtaler vart også gjort med fruktlagerstyrar på Lofthus, som er hovudleverandør til ICA Norge. Det vart ikkje sett konkrete mål i samtalane, då det ikkje ligg klare mål om satsing på økologisk frukt frå Noreg i ICAsystemet i dag. 2011: Ikkje press på ICA då dei ikkje har vist interesse for satsing i 2010. ICA, BAMA, Coop og andre grossistar har norsk økologisk frukt og bær i sitt sortiment, gjennom heile den norske sesongen.

*Synleggjering av Føregangsfylke økologisk frukt og bær lokalt, nasjonalt og i media/nettstader: Målsetnad for 2010: Prosjektleiar deltek og informerar på møter: 10 stk Gjennomført 2010: Bli-kjent-runde i begge fylka i veke 3 2010. Deltok/kort innlegg på årsmøtet til NBS Hardanger. 27. januar: Fagdag frukt og bær; smak, sensorikk, og emballasjeavgifter 29.-30. januar: Norske fruktdagar, Bø. Kort presentasjon, men ikkje ein del av programmet. 17.-19. februar: deltok på Biofach organisert av FMHO og møtte dei andre føregangsfylkene og OIKOS. Undersøkte ein del kring koparsaken i Europa, produkt og informasjonsstrategiar for frukt og bær. Samarbeide med Foregangsfylke Grønt for å lage bestilling på bedre statistikk fra SLF og krav om økologisk andel i offentlig innkjøp. Møte 3. mai, Oslo. Sendte saman med Føregangsfylka brev til Møtearenamøte 07.06. Innlegg på Trapman-møte på Utne (skurv-strategiar) og eit bærmøte med Liv Lyngstad og nye dyrkarar i Øystese: 19.-21. april Deltok på kompostkurset i mai og demonstrasjon av tynningsmaskin i Leikanger 18. mai. Koparsaken: Deltok på planleggingsmøtee 30. april og 15. juni : Utredning presentert og ope høyringsmøte i Drammen. Økoplan: samarbeidet med Liv Lyngstad om eit førsteutkast. Siste møtet 02.06. Har hatt to møter og samtaler med David i Debio. LR v Kjersti Berge driv arbeidet med Økoplanen vidare. Deltok på stand 6. september på Matvareaktøranes økodag i Oslo med stand og eple-og plommesmaksprøver. 7.-8. september: Regjeringas Økokonferranse. Innlegg på kontaktmøte mellom Debio og LR 9.-10. november. Stand på matfesten i Bergen 10.-12. september, siderfestivalen i Øystese 8. oktober, Matsteif Oslo med Føregangsfylkene/SLF 1.-2. oktober. Deltok på kompostkurs i Drammen: Føregangsfylke Levande Matjord, 18.-20.oktober. Innlegg på oppsummeringsmøta til Gartnarhallen i Sogndal og på Utne i november. Deltok på arbeidsgruppemøte i økologisk frukt-og bærgruppa som Handlingsplanmidlane prioriterar: 6. desember. To møter med dei andre foregangsfylkene i Oslo: 10. mars og eitt i slutten av mai. Deltok på årsmøte i prosjektet Norsk økologisk frukt til forbrukar, Eivind Vangdal. Innlegg på kommunesamling i Sogn-og Fjordane, Loen, 2. november.

Målsetnad 2010: Avis/media-oppslag og artiklar om eit utval tema: 4 totalt ; 3 produsentretta og 1 konsumentretta Eit portrettoppslag med epledyrkar i Ulvik, Rolf Tore Djønne Forsøkte å få oppslag om øko-plommer i Hardanger, men lukkast ikkje. Har skrive 3 arktiklar på FMHO sine sider, 1 i Vestlandsk Landbruk, 1 i Frukt og bær, 1 i Økologisk Landbruk i august, 1 artikkel til Fylkesnytt i haust. Målsetnad 2010: Facebookgruppe/Twitter: konsumentretta inn mot den norske fruktsesongen : august-desember, etablert i august Satsa ikkje på desse kanalane då det er eit utval butikkar som får norsk økologisk frukt i butikkane. Det er betre å satse på dette i samband med ein større lansering av norsk økologisk frukt, slik at ein kan garantera at forbrukaren finn produkta i butikken. Vurderer og å utvikle ein apps for mobiltelefon saman med OIKOS, kor ein kan etterspørja øko-varer ein ikkje finn i butikken. Samarbeidspartnere (andre foregangsfylker, andre prosjekter, rådgivingstjeneste osv ): Prosjektleiar har og funne god støtte og prosjektpartnarar i prosjektleiarane i dei andre føregangsfylka, OIKOS, Norsk Landbruksrådgjeving, SJH og miljøa på Njøs Næringsutvikling og Bioforsk Ullensvang. Samarbeidsparnarar: Føregangsfylke Oslo og Akershus og Østfold, Føregangsfylke Buskerud, Føregangsfylke Grønt/Vestfold, Norsk Landbruksrådgjeving: frukt-og bærrådgjevarane (Vereide, Sørum, Bøthun, Zurbuchen i Sogn, Lyngstad, J. O. Nes, Bjotveit i Hardanger, G. Myren i Lier, T. Gislerud i Telemark, Tellevik -Hordaland, J.K. Henriksen- Agder), fagkoordinator i LR (Mogan), Øko-ansvarleg i LR (K. Berge), OIKOS (Holten, Alnes, festivalkontaktane, Andestad), Bama (E. Lundby, Toledo Sand, Dagestad), Norsk Økologisk frukt til forbrukar (Eivind Vangdal, Bioforsk), Økologisk frukt i vekst (Bøthun), Bondelaget Hardanger/Sogn, NBS Hardanger, Bioforsk (Vangdal, M. Meland, Serikstad, Stensvand, Nes, A. Døving, Trandem, Kobro ), Njøs/Graminor (D. Røen, Hjeltnes, Hatleli), SJH (AK. Hatling, Fritsvold, Mead, Tyssen, Dalsryd), SLFøkologiansvarlege, Debio (Nilssen, Bjørn-Larsen, Woodland), Mattilsynet Ås. Dyrkarar i Sogn og Fjordane og Hordaland, NILF (Milford, Haukås), Rettleiing og utvikling innan dyrking av økologisk jordbær og bringebær (Døving/Serikstad), Fruklagra på Vestlandet (Hammervoll, Lyngholm, Bøtun, Målsnes). Kunne sikkert nemd mange fleire

Kort om samarbeidsform (i referansegrupper, på arrangementer, osv.): Godt samarbeid mellom dei to Føregangsfylka Hordaland og Sogn-og Fjordane, som samarbeider om frukt og bær. Engasjerte diskusjonar på møtene og konstruktive tilbakemeldingar til prosjektleiar. 5 styringsgruppemøter i 2010. Medlemmane av styringsgruppa er: Åse Vaag (FMHO, leiar), Torbjørn Takle (FMSF), Jan Ove Nes (LR), Lars J. Naa (GH), Jon Asbjørn Målsnes (Bondelaget Sogn), Ragnhild Sand Toledo erstatta av Øyvind Dagestad etter 3 møter (BAMA), Frøydis Lindén (prosjektleiar) Erfaringer med organiseringen av arbeidet i 2010: Arbeid med forbrukar og marknad er viktig men krev mykje tid og lang erfaring for å lukkast. Vanskeleg å finne riktige strategiar, men lærerikt å stå på stand på matfestivalar for å kunne skjøne kva for argument ein kan bruke i informasjonsarbeid. Styringsgruppa er heilt nødvendig for å kunne forankre arbeidet saman med andre organisasjonar. Medlemmane har god fagleg bakgrunn, men få med erfaring frå marknaden. Dette vart sakna då det vart tydeleg gjennom prosjektåret at ein må fokusere like mykje på marknad som på produksjon også dei to fyrste åra i prosjektet. Det er framleis underdekning av norsk økologisk frukt og bær så det er viktig å få opp norsk produksjon for å hindre at importvarer overtek den norske øko-marknaden. Samstundes er det vanskeleg å oppmuntra dyrkarane til vidare omlegging når generelle signalar om at forbrukarane ikkje vil ha økologisk, kjem ut i media, som det gjorde vinteren 2010. Grossistane signaliserar at dei vil ha meir frukt (lagringsdyktig) og ikkje bær(ferskvare). Samarbeidspartnarane har ofte for mykje arbeid og ikkje alltid like lett å finne tid til eit føregangsfylke-prosjekt i tillegg. Mange negative tilbakemeldingar på at det vart sett søknadsfrist i 2010, då mange hadde forventa at føregangsfylke skulle arrangere og initiere prosjekt. 2011 blir difor basert på at føregangsfylke tek initiativ til å gjennomføre prosjekt og oppmodar til å kontakte føregangsfylke for å samarbeide om å gjennomføre prosjekt.