UNDERVISNINGSTJENESTEN I DEN NORSKE KIRKE HØYRINGSUTTALING FRÅ DET TEOLOGISKE FAKULTET, UNIVERSITETET I OSLO. 1. Stillingsstruktur og kompetansekrav for kirkelige undervisningsmedarbeidere. a) Ivaretar den etablerte stillingsstrukturen innen kirkelige undervisning som er beskrevet i kap 4.2 tilstrekkelig rammeverk og fleksibilitet for arbeidstakere og arbeidsgivere?. Det teologiske fakultet finn at ein stillingsstruktur innanfor kyrkjeleg undervisning slik han går fram av KA sitt regulativ for medarbeidarar innan feltet, framstår som fornuftig og tenleg både frå eit arbeidstakar- og eit arbeidsgjevarperspektiv. Mange lokalkyrkjelydar vil både pga. geografi og disponible stillingsbrøkar ha vanskeleg for å skaffe seg undervisningspersonale med tunge formelle kvalifikasjonar, og vi finn derfor at det er avgjerande med ulike mogelegheiter for tilsetting. Kyrkjelydsarbeidarkategorien bør difor ikkje fjernast.. Samstundes meiner fakultetet at det bør drøftast om trusopplærarar som blir fast tilsette i kategorien kyrkjelydsarbeidar skal påleggast å ta 30 STP kristendom og 30 STP pedagogikk (årsstudium) innan t. d. 3 år. I slike tilfelle bør det gjevastein viss lønskompensasjon.. Her finst det fleksibiliserte studietilbod ved kyrkjelege utdanningsinstitusjonar... b) Har høringsinstansen kommentarer til gjeldende kompetansekrav for kateket og menighetspedagog? (Jfr. kap 4.2 og 4.5). Kompetansekrava framstår som tenlege og fornuftige både med tanke på praksisfeltet og på eksisterande utdanningstilbod. Samstundes meiner fakultetet at det bør drøftast om det ikkje skal stillast krav om at kvalifikasjonskravet til kyrkjelydspedagog bør innehalde rettleia praksis. Dette kan løysast gjennom at praksis har plass i studietilbodet (slik det i dag er på dei relevante bachelorgradane på MF, TF og NLA). Om nokon blir tilsett i slik stilling utan å ha hatt rettleia praksis i studiet, bør arbeidsgjevar tilby pliktig arbeidsrettleiing det første halve eller heile året i tenesta.. c) Hvordan stiller høringsinstansen seg til vurderingen om å ikke etablere en ordning for godkjenning av personer med særlige kvalifikasjoner for katekettjeneste utover de
eksisterende godkjenningskrav for kateket med annen relevant utdanning på mastergradsnivå? (Jfr. kap 4.6) d). Det teologiske fakultet meiner vurderinga her framstår som rimeleg, all den tid det er høve til realkompetansevurdering, og at arbeidsgjevar har høve til mellombels omgjering av kateketstillingar og andre stillingskategoriar innanfor kyrkjeleg undervisning. Det finst også gode, fleksible utdanningstilbod for å auke kompetansen til aktuelle kandidatar. Alternativa for å arbeide innanfor kyrkjeleg undervisning er såleis ikkje kateket eller inkje.. Andre kommentarer til innholdet i kapittel 4:. Fakultetet har ein merknad til skildringa av utdanningstilbod innan kyrkjeleg undervisning på s. 18f. Denne er ufullstendig, og det på punkt som er relevante for denne høyringa! Det teologiske fakultet i samarbeid med høgskulen i Volda vart i 2013 tildelt midlar frå Norgesuniversitetet for å utvikle eit fleksibelt årsstudium for trusopplærarar. Dette tilbodet er ei vidareføring av det 20 studiepoengstilbodet Trospilotene (utvikla i samarbeid med Norges KFUK-KFUM), der vi sidan 2009 har uteksaminert ca. 25 deltakarar dei fleste i aktiv teneste i trusopplæringsfeltet, men også nokre friviljuge innanfor barne- og ungdomsarbeid. Årseininga inngår også i fakultetets bachelorgrad Kristendom, kultur og læring, som kvalifiserer til kyrkjelydspedagog, i likskap med Menighetsfakultetets bachelor Ungdom, kultur og tro og NLAsbachelor Praktisk teologi og leiing. Utdanningsinstitusjonane har altså vore proaktive og etablert prakisnære og dels fleksibiliserte studietilbod i høve til stillingskodar og kompetansekrav i KAsregulativ for medarbeidarar for kyrkjeleg undervisning.. 2. Vigsling. a) Vigsling til katekettjeneste fastholdes som obligatorisk ordning for personer som er kvalifisert i henhold til kvalifikasjonskrav for kateketer og tilsatt i fast undervisningsstilling på minimum 50 prosent. (Jfr. kap 5.3) Har høringsinstansen synspunkt på dette?. Her har fakultetet ingen merknader.. b) Det anbefales å bruke ordningen for «Vigsling til fast kirkelig tjeneste» som innvielse til undervisningstjeneste for andre kirkelige undervisningsmedarbeidere i fast stilling på minimum 50 prosent. (Jfr kap 5.3) Har høringsinstansen synspunkt på dette?. Det teologiske fakultet ser ikkje dette som unaturleg. På feltet kyrkjeleg undervisning har vi mellomkategorien kyrkjelydspedagog, med konkrete
utdanningskrav, i motsetnad til dei to alternativa diakon og diakoniarbeidar som vi har på diakonifeltet. I dei bachelorgradene som no er etablerte på feltet, inngår rettleia praksis (i tillegg foreslår vi obligatorisk arbeidsrettleiing for dei som ikkje har det i utdanninga). Dersom det er rettleia praksis og ikkje masternivået på utdanninga (jfr- kvalifikasjonskrava til diakon og prest) som er hovudpoenget når bispemøtet held saman kvalifikasjonskrav med tenesta det blir vigsla til, er dette logisk. Det har vore forsøkt sondra mellom kateketar og kyrkjelydspedagogar med tanke på at den eine har leiaransvar og den andre ikkje, men i praksisfeltet lokalt fungerer nok ei slik sondring i mindre grad. Begge driv kategoriar med «tjenesten med å undervise i den kristne tro [...] med ansvar for menighetens undervisningstjeneste».. All den tid tilsynet med heile den kyrkjelege undervisningstenesta (ikkje personane som arbeider i henne), inkludert dei nye stillingane innanfor trusopplæringsfeltet, er plassert på bispedømenivå, ser vi ikkje teologiske eller pragmatiske argument mot å vigsle kyrkjelydspedagogar, sjølv om det bryt med noverande praksis om masterkrav til vigsla stillingar.. c) Hvordan stiller høringsinstansen seg til vurderingen fra Nemd for gudstjenesteliv om å endre benevnelsen på ordningen for «Vigsling til fast kirkelige tjeneste»? (Jfr kap 5.3) Hva mener høringsinstansen denne ordningen i så fall bør hete?. Så lenge tilsvarande ordningar blir kalla vigsling, vil fakultetet meine at det er naturleg å halde på namnebruken her. Å kalle det noko anna enn vigsling, gjer at vigsling av t.d. kateket og diakon framstår meir i retning av ein ordinasjon. Det er tenesta sin karakter, og ikkje ei sondring mellom kvalifikasjonskrava som bør avgjere språkbruken, og då tenesta til ein kyrkjelydspedagog og ein kateket i praksis ofte er veldig lik, er det naturleg å halde på nomenklaturen her.. d) Hvordan vurderer høringsinstansen behovet for å etablere en ordning for «Veien til vigslet tjeneste»? (Jfr. kap 5.4)Argumentasjonen for ei slik ordning framstår som fornuftig, og ho kan gjerne vere tverrfagleg. 3. Sakramentsforvaltning (Jfr. kap.6). a) Hvordan vurderer høringsinstansen spørsmålet om hvorvidt sakramentsforvaltning kan inngå kateketens tjeneste, i gudstjenester der undervisningsoppdraget på en særlig måte står i fokus?. Som ei fullmaktsordning forankra i 10 i tenesteordning for biskop vil dette kunne vere tenleg dersom det ikkje er vigsla prest tilgjengeleg.
. b) Hvordan vurderer høringsinstansen tjenligheten av at menighetspedagoger, andre undervisingsmedarbeidere og barne- og ungdomsarbeidere kan forrette nattverd ved bestemte anledninger eller i et avklart omfang, jfr. tjenesteordning for biskop, 10, slik det er foreslått i KR sak 51/10.. Det teologiske fakultet vurderer at dette kan vere tenleg ved høve som leir, festivalar eller andre høve når ikkje vigsla prest er tilgjengeleg, og som ei fullmaktsordning forankra i 10 i tenesteordning for biskop. Då vil argumentasjonen vere at dette skjer for kyrkjelyden si skuld og ikkje forankra i personen som forrettar.. c) Andre kommentarer til innholdet i kapittel 6: Med tanke på tverrfagleg samarbeid i undervisningstenesta, og at gudstenester inngår i mange kyrkjelege undervisningstiltak, bør det oppmuntrast til at prestar er til stades på arenaer der barn og unge er, og forvaltar sakramenta der. 4. Tjenestedrakt (Jfr. kap.7). a) Utredningen foreslår at vigslet kateket skal bruke alba med stola som liturgisk bekledning. Hvordan stiller høringsinstansen seg til dette?. Det teologiske fakultet har ikkje sterke oppfatningar om dette spørsmålet. Det er vanskeleg å ha motførestellingar mot at ein vigsla kateket nyttar alba med stola som liturgisk klednad.. b) Bør stola for kateket være rettstilt eller skrå? Hvordan begrunner høringsinstansen dette? Ein kateketstola meiner fakultetet bør vere skrå, då katekettenesta snarare bør vere forankra i det allmenne prestedømet og framstå som ei særskilt kvalifisert utgåve/teneste i høve til den trusopplæringa alle kristne har eit medansvar for, snarare enn tenesta med å lære evangeliet og forvalte sakramenta. Rett stola kan gjere at tenesta blir forveksla med presteteneste. Samstundens vil fakultetet peika på at skrå stola kan gje signal om eit samlediakonat, noko som har blitt avvist i dei seinare åra sine avklaringar.. c) Har høringsinstansen andre innspill til utforming av stola for kateket når det gjelder farger og symboler?. Det er, som ved kva tilfellet er for andre kyrkjetekstilar, naturleg å nytte kyrkjeårsfargane. Fakultetet meiner det bør vere høve til fleire symbol enn dei
som er nemnde, men ikkje symbol som spelar på den sakramentsforvaltninga som er særskilt for prestetenesta.