Fylkesmannen i Hordaland



Like dokumenter
RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Rapport frå inspeksjon ved Lindum Bioplan Odda komposteringsanlegg 25. mars 2014

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

ROS-analyse i kommuneplan

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Samfunnstryggleik og beredskap

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Rapport frå inspeksjon 7. november 2012

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Øving Hordaland Bakgrunn, opplegg og forventningar til kommunane. Åsne Hagen Fylkesmannen i Hordaland

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Rapport frå inspeksjon ved Lindum Bioplan Eidfjord slamkomposteringsanlegg

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Den nye seksjon for applikasjonar

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Bustadområde i sentrum. Vurdering

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Universitetet i Bergen v/ John Inge Svendsen 1. SAKSHANDSAMAR2 ØlSTElN AASLAND ARKIVKODEI 2015/ DATO:

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Endeleg rapport frå tilsyn med Fjell kommune ved Nav Fjell 2013

Kvalitetsplan mot mobbing

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Finansiering av søknaden


Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Møte i FBR-H 14. & 15. januar ved fylkesberedskapssjef Arve Meidell

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Vår ref. 2012/ Særutskrift - Dispensasjon frå reguleringsplan og kommuneplan - 70/3, 5 - Årsnes - Norsafe AS

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: M74 Arkivsaksnr.: 12/1269

«Ny Giv» med gjetarhund

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Krisehandtering i Leikanger skyttarlag

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Opplysning og motivasjonskurs for tilsette i heimetenesta.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Reguleringsplan for Bergebakkane

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Stemnehandboka for NKSF

Då Dagmar kom på julebesøk til Hardanger. Hadde vurderingar av jordskredfaren i forkant hatt nokon betyding?

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Farlege fjell eller troll som kan temjast?

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Handbok i informasjonstryggleik. Presentasjon Geir Håvard Ellingseter, dokumentsenteret

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Fylkesmannen i Hordaland fant 6 avvik under inspeksjonen innan følgjande tema:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Statnett SF Søknad om løyve etter forureiningslova til utfylling ved Strandanes i Suldalsvatnet, Suldal kommune Utlegging til offentleg ettersyn

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

ETNE KOMMUNE K-LEAN BRUKARHANDBOK FOR LEIARAR OG VEILEDERE

Vår ref. 2012/ Særutskrift - BS - 32/17 - terrasse - Hatlestrand - Alf-Rune Gundersen

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Rapport frå inspeksjon 6. mai Resultat frå inspeksjonen. Fusa mekaniske industri AS 5640 EIKELANDSOSEN. Rapportnummer: I.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Transkript:

Fylkesmannen i Hordaland Sakshandsarnar, innyalstelefon Rune Heradstveit, 5557 2110 Vår dato 18.04.2005 Dykkar dato 21.09.2004 Var referanse 04/12578/4/350/RHE Dykkar referanse Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap Postboks 2014 3103 Tønsberg Diverse etatar og kommunar - sjå adresselista Rapport - evalueringsmøte etter gasstankaren "Marte" Havområdet mellom Utvær fyr på nordsida av Sognefjorden innløpet til Sognefjorden og rundt oljeterminalane Mongstad og Sture er svært utsett for ulukker og nestenulukker. Ei av dei mest alvorlege nestenulukkene skjedde mandag 20. september 2004 då gasstankaren "Marte" mista motorkrafta utanfor Fedje. Denne hendinga var så alvorleg og inneheldt så mange problemstillingar bl.a. i grenseområdet mellom ulike styresmakter og aktørar at fylkesmannen torsdag 4. november inviterte til breitt evalueringsmøte for å sjå nærare på korleis ulike sider av hendinga vart handtert. Fylkesmannen er i embetsoppdraget (tildelingsbrev frå MOD/JD) bedt om å bistå med nødvendige evalueringar i etterkant av større kriser og ulukker (eller hendingar som kunne ha utvikla seg til å bli det) for å sjå nærare på kva som skjedde, korleis hendinga vart handtert, og ikkje minst å sikra at eventuelle nødvendige forbetringar vert gjort. Fylkesmannen vart i skriv dagsett 21. september frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, bedt om å sjå nærare på kva som kunne skjedd av betydning for samfunnstryggleik og beredskapsmessige utfordringar lokalt og regionalt dersom gasstankaren "Marte" hadde gått på grunn ved Fedje den 20. september i år. Me vart også bedt om å vurdera beredskapen på land ved denne typen situasjonar, og eventuelt vurdera trong for ytterlegare tiltak. For involverte aktørar og andre vart hendinga opplevd som rimeleg alvorleg og usikker med tanke på kva som kunne skjedd dersom tankaren hadde gått på eit skjer eller land, og med eventuelle påfylgjande konsekvensar / skadeomfang både for mannskapet på tankaren, redningsmannsskap og nærområdet kring Fedje kommune. Hensikten med evalueringa var fyrst og fremst å sjå nærare på kva som skjedde og korleis hendinga vart handtert av ulike involverte etatar og Fedje kommune, og kva konsekvensar ein kunne ha fått dersom båten hadde gått på grunn. Vidare ynskte me å få fram erfaringar om korleis samfunnet best kan førebu seg på ei liknande hendingar seinare. 23. desember skjedde på ny ei hending då ein fransk gasstankar ("Rene") kom i drift utanfor Fedje i grov sjø og uver med sterk vind og regn, men skipet fekk maskinen i gang igjen før det oppsto dramatikk. Denne gasstankaren gjekk med ballast og var på veg til Mongstad for å lasta gass. HRS Sør fekk melding om motorstansen kl. 09.11. I hamna på Fedje låg taubåten "Baut" i beredskap, og den vart dirigert til den franske tankaren. Klokka 10.32 meldte "Baut" at den hadde fått slepar om bord, og like etter meldte den franske kapteinen at maskina var kome i gong att. Sjølv om ein unngjekk større dramatikk denne gongen, var dette ei ny påminning om at marginane kan vera små i forhold til at det kan skje ei større skipskatastrofe med påfylgjande hendingar. Ei dreiing og auking av vindstyrken kunne gjort situasjonen meir dramatisk. 111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111111 11111 Statens hus Beredskapseininga E-post: Kaigaten 9, 5020 Bergen Postboks 7310, 5020 Bergen postmottak@fmho.no Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 5557 2102 Internetf: Telefaks: 55 57 20 09 Org,nr: 974760665 www.fylkesrnannen.noihordaland

Om ikkje dette var nok kom havariet av "Fjord Champion" utanfor sørlandskysten 3. mars 2005 med ei ny påminning om kor viktig det er at tryggleiken og beredskapen langs kysten er god. Denne gongen kan me sannsynlegvis takka det gode veret for at ikkje konsekvensane vart større. Dei siste hendingane (utanom "Fjord Champion") føyer seg inn i rekkja av ulukker og nestenulukker som har vore i dette området dei siste 30 åra. Rocknes-forliset vart den mest dramatiske av desse, og i tillegg til mange omkomne har den vist kor store konsekvensane er og kor vanskeleg og kostbart det er å rydda opp etter ei ulukke. Oppryddinga varte i 4 månadar og har ein kostnad på over 100 mill, kroner, og dette etter eit utslepp på "berre" 500 tonn bunkersolje. Årleg vert om lag 80 mill, tonn olje lasta og lossa i dette området. Mongstad har åleine 2100 anløp i året, av desse er 500 større oljetankarar med inntil 380 000 tonn olje om bord altså nesten 800 gonger meir olje enn det MS Rocknes hadde. Det går nesten ikkje an å tenkja seg konsekvensane av eit slikt oljeutslipp. Totalt utgjer hovudleia nord / sør og innseglinga til Sture og Mongstad eit kryssingspunkt med om lag 50 000 årlege seglingar. Kysten vår er dermed eit høgrisikoområde for kollisjon, havari og oljeforureining. At me til no ikkje har opplevd større forureiningsulukker kan i stor grad skuldast eit godt førebyggjande arbeid. Me nemner her etablering og drift av Fedje trafikksentral, losteneste, slepebåtar, eskorteteneste, og at Sture og Mongstad set strenge krav til skipa m.m. Samtidig viser nestenulukkene som "Marte", "Rene" og Fjord Champion" at kanskje berre marginane skil desse ulukkene frå å få langt alvorlegare konsekvensar../. Vedlagt (vedlegg 9) fylgier elles ein oversikt over samtlege ulukker og nestenulukker som har skjedd i dette området sidan 1975. Fylkesmannen viser til at Statoil etter nesten ulukka med "Marte" har gått til det skritt å stasjonera fast ein slepebåt på Fedje. (Statoil disponerar 4 topp moderne slepebåtar som vert sett på som dei beste i verda, både kva vedrørar mannskap og utstyr.) Statoil Mongstad har elles investert svært mykje i utstyr, og når dei private aukar sin beredskap dramatisk, er det eit paradoks at staten føreslår å trappe ned sin beredskap i området. Fylkesmannen finn det derfor uriktig at staten nedgraderar oljeverndepotet på Fedje slik det no er føreslått i St.meld. nr. 17 (2004-2005) "På den sikre siden sjøsikkerhet og oljevernberedskap". Ulukker og nestenulukker gjer at dette er vanskeleg for folk i området og langs kysten å forstå, også politisk. Fylkesmannen er ikkje ueinig i at oljevernberedskap vert styrkja i Florø eller andre stadar, men dette bør skje utan at depotet på Fedje vert nedgradert. Vår strategi er å ha den beste oljevernberedskap over heile landet, og det å behalda ressursar i dette området må ikkje trenga vekk ressursar andre stadar i landet. Det var og eit lite tankekors for oss at Kystverket for nokre år sidan vurderte å nedbemanna Fedje trafikksentral for å spara kostnadar. Utan snarrådig innsats frå Fedje trafikksentral ville "Marte" gått på grunn utanfor Fedje denne morgonen 20. september 2004../. FylkesROS for Hordaland har omtala akutt forureining, herunder større oljeutslipp til sjø, i kapittel 7. Me legg dette kapittelet ved rapporten (vedlegg 10). Fylkesmannen ynskjer å understreka at nestenulukkene ikkje må tolkast som om beredskapen er god nok, men meir som ei påminning og eit varsel om å investera enda meir i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og i dette høvet beredskapen i forhold til oljevern og sjøtryggleik totalt sett. Evalueringa etter gasstankaren "Marte" viste at det er rom for forbetring på mange område, både hos enkelte etatar og i samspelet mellom etatar med delansvar for tryggleiken. Me viser her til føreslåtte oppfylgjingstiltak. Tidleg varsling er eit viktig middel for å redusera konsekvensar i samanheng med ulukker. Erfaring etter ulukker og nesteulukker viser ofte at varslingsprosedyrar og planverk ikkje alltid vert fylgde, og at prosedyrar heller ikkje alltid er fullkomne. Vidare at varsling skjer for seint til etatar og kommunar som gjerne får ansvar etterkvart som hendingar / ulukker utviklar seg gjerne det me kallar for "ringane i vatnet". Ved slike hendingar og ulukker er det gjeme redningstenesta ved HRS eller LRS som har ansvaret i startfasen, og som saman i redningssamvirket handterar situasjonen. Me ser no meir og meir trong for at desse så tidleg som mogleg varslar etatar og kommunar som kan få oppfylgjingsansvar i og etter ulukkene / hendingane. Dette for at desse kan byrja å etablera og førebu sin beredskap og sine oppgåver så tidleg som mogleg. Her fylgjer forslag til oppfylgjingstiltak som kom fram i evalueringsmøtet i samanheng med "Marte" og me ber om at dei enkelte etatar og ulike styresmakter fylgjer opp forslaga som ligg i dette skjemaet. Me ber vidare Evalueringsrapport nestenulukka med Gasstankaren "Marte" Side: 2

om at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap bringer dette vidare oppover til ulike ansvarlege styresmakter. Rapporten er delt i 2. Fyrst ei oppsummering med forslag til oppfylgjingstiltak, deretter eit kort referat frå sjølve møtet. Oppsummering / oppfylgjingstiltak Kva Varsling Varsling fungerte ikkje optimalt Hordaland politidistfikt mottok ikkje varsel frå HRS Sør. Fedje kommune var kritisk til at dei ikkje fekk varsel om evt. evakuering Safeseanett SafeSeaNet er eit felles europeisk meldings- og informasjonssystem for skipstrafikken. Det inngår i eit større overvåkingssystem der bl.a. også AIS (Automatisk identifikasjonssystem) er ein viktig del. I eit EU-direktiv skal SafeSeaNet og AIS fullstendig integrerast i eit felles overvåkingssystem for Europa innan 2008. Systemet har mange tilleggsfunksjonar, f.eks. varslingsfunksjonar til styresmakter m.m. Evakueringsproblematikk Evakuering er problematisk, stikkord: varsling, kommunikasjon, praktisk gjennomføring. Folk høyrer i lita grad på NRK og radio på dagtid. SF sine varslingsanlegg finnest kun i få kommunar større byar og gjerne tettstadar med spesiell industri. Korleis organisera varsling av skular, institusjonar, verksemder, bustadar m.m.? Korleis øva gass-evakuering? Alert Flash Re ort Tiltak Varslingsetatar må fylgja planverk og evt. revidera dei. Dersom det ved "sjøredning" ikkje er obligatorisk varsling til "landaktørar" må det lagast ein rutine om at dette vert gjort når hendingar skjer nær land, eller når det kan verta aktuelt å frakta personar til lands. Kommunane som kan verta berørte må også varslast så tidleg som mogleg slik at dei kan førebu nødvendige handlingar. Kommunane må generelt i større grad få varsel om hendingar som kan utvikla seg sjølv om kast er kjent eller ukjent i ein tidleg fase. Dette må gjerast tilgjengeleg for HRS, LRS (politi), andre redningsetatar, hamnevesen, fylkesmann, berørte kommunar m.m. Dersom ein situasjon oppstår kan for eksempel kystverket sørgja for oppdatert informasjon om fartøy og last e-post. Systemet bør også utvidast til å seia noko om risikopotensialet ved lasta og evt. konsekvensar jfr. det som er skreve om faktaark lengrenede. Øvin ar. Systemet bør øvast. Når det gjeld Fedje-området, bør dette vurderast (kan også gjelda andre kommunar der denne type last passerar på kjøl eller hjul) Ha ein meir detaljert evakueringsplan. Denne må utarbeidast i samråd med fleire styresmakter. Alternative varslingssystem bør vurderast f.eks automatisk telefonvarsling (som td. UMS-varsling). Fleire kommunar og etatar har teke i bruk dette i dag. Dette er system som ringer opp folk og gjev dei meldingar kommunen eller andre ynskjer å gje. Evakuering bør utprøvast som del av ein større øving gjerne med Fedje som eksem el. Ansvar (Rovudansvarleger market med utheva skrift HRS LRS / Hordaland politidistrikt Politidirektoratet Kommune Alle med varsl ansvar Alle med varsl ansvar Kystverket Vest DSB Generelt - DSB Fedje kommune Lensmannen i Austrheim og Fedje Hordaland pd. Fylkesmannen Andre kommunar Evalueringsrapport nestenulukka med Gasstankaren "Marte" Side: 3

Elektronisk meldeskjema. Lokalradioavtalen Det var like før melding om evakuering gjekk utover NRK. Det kom fram både manglande kunnskap om lokalradioavtalen, og trong for rutinemessig oppdatering av denne. Hemmeleg nummer (H-nr) Det var vanskeleg å koma gjennom til Fedje trafikksentral medan aksjonen pågjekk opptattsignal. Info-/kunnskapsformidling Me må bli flinkare med informasjon- og kunnskapsformidling både i forkant, når hendingar skjer og i ettertid. I dette høvet er det f.eks snakk om type last og konsekvensar Gasskompetane / faktaark Det finnest mykje informasjon og kompetanse om oljeproblematikk, men når det gjeld gass snevrar kompetansen inn. Det er og manglande informasjon om kva som er ombord i skipa, og kva konsekvensar slike stoff har. Avslutning / normalisering etter hendingar Det kom fram at fleire ikkje fekk melding om at aksjonen var avslutta. Avslutning / normalisering etter hendingar er svært viktig. Revidering av forskrifta for Fedje trafikksentral Føresegna er under revidering. Plaverk Kystverket har med utgangspunkt i Kystverket evalueringa laga eit elektronisk meldeskjema (som også vert distribuert via e- post) kalla Alert Flash Report. Dette skal gje informasjon frå Fedje trafikksentral om at det har skjedd ei ulukke, vedlagt ein del fakta om hendinga, skipet m.m. Kystverket må vurdera nærare kven som bør Kystverket fa denne infoen, men me nemner her Redningstenesta, HRS, LRS), hamnevesen, fylkesmannen, kommunar som kan bli berørte (NB! Tenk.a ro aktivt) Revidering av lokalradioavtalen. Fylkesmannen (Avtalen er normalt revidert ein gong i året. Politiet Det er viktig med årlege møte om denne NRK / lokalradioar avtalen. Andre Det bør vurderast om ikkjefleire aktørar bør informerast medjamne mellomrom om avtalen. Internt i etaten / organisasjonen må ein sørgja for å spreia kunnskap om avtalen). Alle som er brukarar av avtalen. Alle må informera internt i eige organisasjon om denne avtalen f.eks til va ersonell Innføring av H-nr. / ukjente nummer Fedje trafikksentral Det er viktig å ha fleire nummer utanom Andre sentral nummer som ikkje er kjente utad (enn for beredskapsetatar). Skira mellom inn- o ut nummer Betre bruk av dei moglegheitene IKT gjev. Ansvarlege etatar Bl.a. internett, e-post oppdatering m.m. DSB Kystverket Spre kunnskap. Fylkesmannen Tenkja samordning. Redningsetatar Orienteringsmøte / kurs/ seminar. Andre Det bør distribuerast faktaark (e-post / DSB og Statoil Mongstad internett) om ulike gasstypar. Desse må kunne tok på seg å sjå nærare på brukast av fraktar, dei involverte i ein dette. Dei tek med seg redningsaksjon, kommunar og andre. eventuelle andre aktørar Ein bør vurdera om desse faktaarka kan etter behov for eksempel innehalda scenariobeskrivingar. brukarar som politi, redning og gjerne kommune Dette bør også bli ein del av vedlegget til Alert Flash Report. Norrnalisering etter hendingar må vera ein del Alle av krisehandteringa; inn i prosedyrar og planverk. Fullføra revisjonen og i dette høvet ta omsyn Kystverket Vest til erfaringar bl.a. etter "Marte". Vurdering om førese na skal på høyring? Planverk må oppdaterast og reviderast med Alle Evalueringsrapport nestenulukka med Gasstankaren "Marte" Side: 4

Øvingar Øvingar er viktig for å bli betre. Samøvingar (Fullscala-øvingar) som involverar alle aktørar er viktig. Dette er eit høgrisikoområde og bør prioriterast i øvingssamanheng også som ei nasjonal - regional - lokal øving. Risiko- og sårbarheitsanalyse Det bor vurderastå gjennomføra ei ROSanalyse i forhold til eit liknande scenarie. Dette for å få riktige risikovurderingar i forhold til vidare tiltak. jamne mellomrom. Det er og viktig å involvera / sjå nærare på grensetiatane til andre aktørar / etatar / styresmakter og deira lanverk Fleire øvingar, små og større Fleire samøvingar - bl.a også fullskalaovingar frå nasjonalt via regionalt til lokalt nivå FTS(Fedjetrafikksentral) må trekkast meir inni øvingane Konkret forslag er ei stor øving i dette området februar/mars 2006. Gjennomføra ei ROS-analyse i forhold til fraktav gass på sjø og gjerne generelt transport av gass. Alle nivå. Spesielt Kystverket / DSB DSB, Kystverket Vest, Fylkesmannen DSB Fylkesmannen takka til slutt alle deltakarane for flott frammøte og ikkje minst for konstruktive bidrag og gode samtalar under evalueringa. Evaluering etter ulukker og "nesten ulukker" er viktig, men vel så viktig er at forbetringspunkt vert fylgd opp i etterkant. Fylkesmannen håpar derfor at mange av tiltaka me no nemner vert fylgd opp av ansvarlege etatar/styresmakter. Fylkesmannen vil sjølvsagt også vera med å bidra og leggja til rette for at dette vert gjort. Fylkesmannen takka til slutt Statoil Mongstad for at dei stilte lokale til disposisjon for møtet, for kaffi og lunsj, og ikkje minst for at dei heile tida er positive i forhold til å få til ein best mogleg beredskap kring anlegget. Med helsing Svem Alsaker t r t ktacs\ve Rune Heradstveit fylkesberedskapssjef Vedlegg: Referat frå evalueringsmøtet. Program for evalueringsmøtet den 4. november. Deltakarliste på evalueringa. Opningstale ved Fylkesmann Svein Alsaker, Hensikt med øvinga ved fylkesberedskapssjefrune Heradstveit. Foredrag frå DSB ved Nils Henrik Agerup, "Marte", mulige hendelser; gassutslipp og brann. Rapport frå Fedje kommune dagsett 20. september 2004. Rapport / resymé av hendinga frå Kystverket Vest dagsett 8. november 2004. Oversikt over ulukker og nestenulukker i dette området dei siste 30 åra. FylkesROS Hordaland, kapittel 7 om akutt forureining. Kopi av telefaks frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap til fylkesmannen dagsett 21. september der DSB ber om evaluering / innhenting av fakta. Kopi av invitasjonsskriv dagsett 4. oktober 2004 frå Fylkesmannen til evalueringsmøtet. Evalueringsrapport nestenulukka med Gasstankaren "Marte" Side: 5

Adresseliste: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, avdeling for utredning og nasjonale beredskap og Avdeling for næringsliv, produkt og farlege stoff Kystdirektoratet Kystverket Vest Fedje kommune Hordaland politidistrikt Lensmannen i Austrheim og Fedje Statoil Mongstad Øygarden kommune Lindås kommune Austrheim kommune Bergen kommune Bergen og omland hamnevesen Bergen kommune, brannvesenet Østensjø rederi Bukser og Berging AS Norsk Hydro Stureteminalen Justisdepartementet Hovudredningssentralen Sør Andre: Hordaland fylkeskommune Hordaland sivilforsvarsdistrikt Haakonsvern Orlogsstasjon, Haugaland og Sunnhordland politidistrikt Hordaland Heimevernsdistrikt 09 Fiskeridirektoratet Region Vest Fylkesmannen i Sogn og fjordane Fylkesmannen i Rogaland Intern kopi: Fylkesmannen i Hordaland, helseavdelinga, her Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga,her Evalueringsrapport nestenulukka med Gasstankaren "Marte" Side: 6