Om Amors piler og feite rotter med. Camelias Blancas



Like dokumenter
Om Amors piler og feite rotter med. Camelias Blancas

Om Amors piler og feite rotter med Camelias Blancas

Om Amors piler og feite rotter med. Camelias Blancas

Om Amors piler og feite rotter med Camelias Blancas

Frevo. gitarheltar. Konsert for årstrinn

Om Amors piler og feite rotter med Camelias Blancas

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Livets dans, Edvard Munch. Lyden av Munch. Hvordan ville det høres ut hvis maleriene fikk musikk? Konsert for årstrinn

Melankoliens historie. Melankoli er gleda ved å vere trist. Victor Hugo. Konsert for årstrinn

Foto John Hughes/Rikskonsertene. Ila Auto. En konsert med bluegrassmusikk spilt av bandet Ila Auto. Konsert for årstrinn

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Bevinget Bach. Woodpeckers Blokkfløytekvartett. Konsert for årstrinn

Musikk på serbisk. Konsert for årstrinn

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kim & Trym. med hjemlengsel og utferdstrang. Konsert for årstrinn. Kim André Rysstad (sang) / Trym Bjønnes (sang, gitarer, perkusjon, loops)

Elsker - Elsker ikke. Ragnhild Furholt - sang Jon Solberg - gitar Anders Erik Røine - munnharpe. Konsert for årstrinn

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Musikkfantasier - for solobratsj elektronikk og elever

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Frevo. gitarhelter. Artist - instrument. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Årsplan i Musikk for 2.årssteg Faglærar Linda Longva Veke Kompetansemål Delmål Metode Læremiddel Konkretisering av lærestoff Musisere:

: Frevo. Produksjonsnummer: 109H112 Oslo

SONGS AND SWEET POTATOES

SOLO SOLO. - ein griot fortel si historie. Konsert for årstrinn

Mhoo. Heime bra, men borte best

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Gode melodier Ola Fjellvikås - sang Merethe Trøan - sang

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Ekornes i 100. Med én musiker på scenen og 100 trommer presenteres rytmer fra 100 land på instrumenter som er opptil 100 år gamle!

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Gode melodier Olav Kallhovd, piano Ola Fjellvikås, sang

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Årsplan i Musikk for 2.årssteg

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Klangbilde. Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv.

Musikk i bilete. ein konsert med Trondheim Symfoniorkester. Konsert for årstrinn

Foto: Lars Opstad/Rikskonsertene. Kouame møter barna

Intro klassisk. Ung stjerne. Konsert for årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Halvårsplan, hausten 2011

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

mmm...med SMAK på timeplanen

Lyden av Munch. Hvordan ville det høres ut hvis maleriene fikk musikk? Konsert for årstrinn

Olav og Kari Navnet ditt:...

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Fag KRLE 3. trinn

Brødsbrytelsen - Nattverden

Ugress. Konsert for årstrinn

Forest & Crispian New Wave Baber Shop Rock

ZWAI MBULA. Du kan gjøre hva som helst med musikk og instrumenter, spørsmålet er hvordan du gjør det. Zwai Mbula. Konsert for

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Månadsplan for Hare November

Fannaråken Blåsekvintett

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Klassetrinn klasse

Samansette tekster og Sjanger og stil

BULDREBLUES OG BLÅSUS. Arle Hjelmeland vokal, munnspill Stein Urheim strengeinnstrumenter, vokal. Konsert for årstrinn

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

FRA BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Besøk frå Brasil. Choro betyr liten gråt, men er eigentleg ein ganske glad og munter musikk

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Bassoversveis. Jørun Bøgeberg. Konsert for årstrinn

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Jon Fosse. For seint. Libretto

Kva er økologisk matproduksjon?

Klangbilde. Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Den musikalske regnbuen

Panamahatten. En rytmisk fortelling. Artist - instrument. Konsert for årstrinn

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

BARNEHAGEKONFERANSEN 2009 DEN FLEIRKULTURELLE BARNEHAGEN - EIn MøTESTAD FOR MANGFALD STAVANGER MAI

SKAKKE SANGER. - både rare, skumle og litt ekle. Konsert for årstrinn

Årsplan Musikk Årstrinn: 3. årstrinn Lærere:

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

6. trinn. Veke 24 Navn:

Forslag frå fylkesrådmannen

Tormod Haugland MØRK MATERIE

FAGPLAN I MUSIKK FOR 1. ÅRSTRINN, GOL SKULE. MÅL FOR TRINNET Kva skal elevane lære, kunne, mestre innanfor kompetansemålet

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

KOMPETANSEMÅL/ LÆRINGSMÅL

Bøygard Røre Ved Deg

Rikskonsertenes Skolekonsertordning. Klangbein. Klassetrinn: klasse Produsent: Scene Finnmark Produksjonsnummer: 113HY17

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Blues for barna. Har du en dårlig dag, spill en blues, så blir det kanskje bedre? Konsert for årstrinn

Captain Credible. Daniel Lacey-McDermott - Captain Credible. Konsert for årstrinn

TO TOBI. Lek og tradisjonsmusikk fra Marokko. Konsert for årstrinn

Til deg som bur i fosterheim år

Å skape og presentere ei framsyning

Brazalsa samba + salsa = sant

Transkript:

2012 2013 Om Amors piler og feite rotter med Camelias Blancas På den tida då riddarane kasta slengkyss til mor si før dei kyssa den dei elska, fauk den svaksynte amor omkring i lufta med bogen sin. Han skaut mange piler: Somme gonger trefte dei rett, og andre gonger trefte dei heilt feil. I songane til sefardane får vi høyre om problema desse pilene kunne skape: Karim og Rahelika får ikkje lov å treffe kvarande endå så forelska dei er, greven av Irlos reiser frå den sørgjande grevinna si, og sjølv noble damer blir vraka av den riddaren dei helst vil ha. Men dei feite rottene klappar uforstyrra i hendene. Konsert for 1. - 7. årstrinn

: Om amors piler og feite rotter Historisk bakgrunn det fleirkulturelle Spania Vi høyrer mykje om korstog og religionskrigar i mellomalderhistoria. Men det finst også eksempel på at folk med forskjellig kultur og religion kunne samarbeide og leve fredeleg saman. I Spania levde det på 700-talet både kristne, jødar og muslimar. Store delar av landet blei styrt av maurarane, arabarar frå Nord- Afrika som sjølve var muslimar, men som også anerkjende jødedommen og kristendommen. Den kristne kongen Alfons den vise (1200-talet) var kjend for å samle vitskapsmenn frå alle dei tre kulturane omkring seg for at dei saman kunne forske på felt som matematikk, astronomi og musikk. Den kristne kyrkja såg etter kvart med ublide auge på det fleirkulturelle samfunnet i Spania, og la press på dei kristne i landet for at dei skulle fordrive dei vantru. Når svartedauden kom til landet, ble det sett ut eit rykte om at jødane hadde skyld i dette, og ei veldig heksejakt blei sett i gang. Maurarane blei også gradvis drivne ut av landet, og i 1492 blei den siste skansen deira, Granada, gjenerobra av dei kristne. Same år gjekk det ut ein befaling om at jødane måtte forlate Spania. Nokre av jødane drog med maurarane til Nord-Afrika, andre busette seg i Sør- og Aust-Europa, mens andre mønstra på Colombus skip då det same år drog ut for å finne sjøvegen til India. Med seg på reisa tok jødane den spanske kulturen sin: språket dei hadde snakka, og songane dei hadde sunge. Jødane hadde sitt eige namn på Spania, nemleg Sepharad. Derfor blir jødar som stammar frå tida i Spania, kallar for sefardar, og det er musikken deira Camelias Blancas framfører på denne konserten. Songane og konserten i heilskap Konserten tek publikum med til dei sefardiske songane og den eventyrlege historieverda. Musikarane kjem ikkje til å fortelje om historiske fakta eller om instrumenta under førestellinga, men dei oppfordrar lærarane til å snakke med elevane om dette på førehand (sjå Bruk konserten-opplegget). Dei sefardiske songane lever i tradisjon hos sefardane rundt omkring i verda i dag, og er samla inn i notesamlingar, på same måte som vi samla inn folkeviser i Noreg på 1800-talet. Nokre av songane har gamle røter, kanskje heilt tilbake til den tida då jødane budde i Spania, mens andre er nyare. Dei songane som stammar frå mellomalderen, har nok endra seg mykje med åra, og dei har heile tida blitt påverka av musikken i dei ulike landa jødane busette seg i. Mange av sefardane flykta til arabiske land, og i fleire av dei sefardiske songane kan vi høyre innverknaden frå arabisk musikkultur. Musikarane i Camelias Blancas speler på kopiar av gamle instrument som var i bruk i Europa på 1400- og 1600-talet, og på instrument som blir brukte i arabiske land i dag. Renessansetraverso Marit speler på ei fløyte i pæretre som er ein kopi av ein type fløyter som var vanlege i Europa i renessansen. Vi ser også mange bilete frå mellomalderen der ein speler på liknande instrument. Traversoen utvikla seg vidare opp gjennom barokken og romantikken, han blei konisk i fasongen og etter kvart dekt av klaffar. Alle forandringane gjorde fløyta lettare å spele hurtig og å intonere rett på. Den moderne tverrfløyta er gjerne laga i sølv og har heilt andre tekniske moglegheiter enn renessansetraversoen. Men på vegen har han mista den mjuke og mystiske klangen som vi finn i dei gamle fløytene laga av tre. 2 2012-2013

: Om amors piler og feite rotter Lutt, teorbe og gitar Vi fekk lutten frå arabarane i mellomalderen, og dei kallar han oud, som betyr eit stykke tre. Det blir fortalt at det er treet i plekteret ein speler på lutten med, som har gitt namnet til instrumentet. Det arabiske namnet al-oud, ble til lutt i Europa. Ein av luttane i ensemblet er kjøpt i Libanon og er ein slik lutt ein speler på i arabiske land i dag. Denne lutten liknar faktisk også på dei bileta vi har av instrumentet frå mellomalderen. Lutten utvikla seg vidare i Europa gjennom renessansen og barokken, og det blei skrive mykje solomusikk for instrumentet. Mot slutten av 1500-talet forandra musikken seg på ein slik måte at det blei nødvendig med fleire strengar på lutten, og instrumentet fekk mange slektningar i ulike storleikar. Den andre lutten vi bruker i Camelias Blancas, er ein av dei større variantane av instrumentet. Den blir kalla teorbe og er ein langhalsa basslutt. Gitaren tilhøyrer også luttfamilien, men har ein annan fasong. I Camelias Blancas bruker dei ein barokkgitar. Camelias Blancas speler sefardiske songar i førestellingar der munnleg forteljarkunst, poesi og sceniske dialogar krydrar det musikalske biletet. Den sefardiske musikkulturen er den raude tråden vår som med sine vakre og poetiske melodiar representerer eit kulturelt blandingsprodukt frå mange kulturar og land. Camelias Blancas blei starta i 2000, og har dei siste ni åra turnert med Rikskonsertane i tillegg til konsertverksemd på arenaer som Historisk museum, Oslo Ladegård, Modum bad, Riksarkivet, Det Norske Teatret, Middelalderfestivalen på Hamar og Modus middelaldermusikkfestival. www.cameliasblancas.no Høyr Camelias Blancas spele sefardisk musikk her: www.myspace.com/cameliasblancas. Ylva Sjaastad jobbar som songar, forteljar og musikar, og har opptredd for publikum frå 0 100 år i over ti år. Ho syng og fortel på skolar, bibliotek, scenar, kafear, framfor bål, på marknader, under tre osv. Ho fortel munnleg overlevert folkedikting i tillegg til at ho utforskar spontan forteljarkunst og toneset nordisk lyrikk. Sefardisk folkemusikk og mellomaldermusikk er også ein sentral del av repertoaret hennar. Ho har ein lidenskap for å kombinere musikk og forteljing, og fekk statens kunstnarstipend for yngre kunstnarar i 2008 for å fordjupe seg i dette. Elles turnerer ho med Rikskonsertane og deltek i produksjonar i regi av Den kulturelle skolesekken. Ylva har også laga forteljande musikkprogram for NRK P2. Ho har hovudfag i musikk frå Universitetet i Oslo og drama og munnleg forteljing frå Høgskolen i Oslo. www. ylvasjaastad.no Marit Johanne Høye har studert tverrfløyte og barokktraverso ved Griegakademiet i Bergen. Ho har skrive ei doktoravhandling om nordfranske kyriesongar i mellomalderen, og jobbar no med tidleg musikk og musikk i munnleg overlevering. Marit har spelt traverso og mellomalderharpe i tidlegmusikkensemble i Bergen og i Oslo, og ho speler renessansetraverso i ensemblet Camelias Blancas. Som stipendiat ved Senter for middelalderstudium i Trondheim har ho fordjupa seg i mellomaldermusikk. Ho har halde foredrag om mellomaldermusikk i Tyskland, Ungarn og Austerrike, og ho har førelese om trubadur- og trouveresong ved Institutt for musikk, NTNU. Ulrik Gaston Larsen har studert historiske gitarar og lutt-instrument ved Noregs musikkhøgskole og har som luttstudent hos professor Rolf Lislevand ved Staatliche Hochschule für Musik Trossingen i Tyskland nyleg spelt avsluttande eksamenar med toppkarakterar, både som solist og som kammermusikar. Han har delteke ved fleire innspelingar både i radio og i studio med mellom andre Rolf Lislevand og Ensemble Kapsbergers cd-produksjon La chittara spostate (ASTRÉE / n a ï v e) og Heinrich Schütz (1585 1672) Histoire de la Résurrection & Musikalische Exequien (K617/ Harmonia Mundi) med ensemblet La Chapelle Rhénane, som han også har turnert med i Tyskland, Frankrike og Sør-Amerika. Plata fekk i Frankrike prisane Diapason D or, Le Monde de la Musique og ein Goldberg 5. Han kan jamleg høyrast i radioen over heile Europa. 3 2012-2013

: Om amors piler og feite rotter PRAKTISK KONSERTFørebuing Utøvarane kjem ca 45 minutt før konserten startar Utøvarane står på langveggen og elevane sit i ein halvsirkel rundt Utøvarane tek kontakt når dei kjem viss dei treng hjelp. Driftsansvarleg og dei involverte lærarane må få ein kopi av denne konsertinformasjonen Kulturkontakt må vere tilgjengeleg under besøket, og hugs, det er alltid hyggeleg å bli møtt med ein kopp kaffi når ein kjem til ein ny stad! KORLEIS SKOLANE KAN STYRKJE SI EIGA KONSERTOPPLEVING Vi ber særskilt om at lærarane er eit aktivt publikum, sit saman med elevane og tek aktivt del under konserten Bruk konsertinformasjonen og informer elevane, skoleleiinga og lærarane om innhald og praktiske opplysningar Rikskonsertane og Vestfold fylkeskommune har god erfaring frå skolar som brukar elevvertar og elevarrangørar. Sjå www.rikskonsertene.no/eleversomarrangor <http://www.rikskonsertene.no/eleversomarrangor> Gjer elevane kjende med programmet på førehand. Dei førebudde møta er ofte dei beste Bruk også det vedlagte Bruk konserten-materiellet. Effekten av konserten aukar der besøket er forankra i skolen si undervisning og læringsmål. Ein del av songane i framsyninga vert sunge på ein gammal form for spansk. Camelias Blancas fortel og framfører forteljingane i desse tekstane på norsk før eller etter at dei vert sunge på spansk. Det er fint om lærarane eller kulturvertane kan informere om dette før framsyninga. Sjå også boka Bruk konserten! for fleire undervisningsopplegg www.rikskonsertene.no/brukkonserten Velkommen til konsert! Idé/opplegg: Camelias Blancas i samarbeid med produsent Hallgeir Frydenlund Musikalsk konsulent: Hans Olav Gorset Produsent: Hallgeir Frydenlund, Rikskonsertene 2002/2009 Bruk konserten-opplegg: Ylva Sjaastad og Hallgeir Frydenlund 34 2012-2013

: Om amors piler og feite rotter SPØRSMÅL OM TURNEPLANEN Turnélegger Hege M. Gagnat, Møre og Romsdal fylke tlf: 71 25 88 87 / 90 11 40 24, e-post: kultursekken@mrfylke.no SPØRSMÅL OM PROGRAMMET Produsent Hallgeir Frydenlund Rikskonsertene Tlf. 22 02 59 13 E-post: hf@rikskonsertene.no FAKTA Rikskonsertane har det heilskaplege ansvaret for skolekonsertordninga i Noreg og legg dei faglege rammene for verksemda. Skolekonsertane er statleg fi nansierte gjennom budsjettet til Kulturdepartementet. Fylkeskommunane har ansvar for turnéplanlegging og delar av konsertproduksjonen i sine respektive fylke. Kommunane abonnerer på skolekonsertane til Rikskonsertane, ei ordning som i dag omfattar 99,7 % av alle grunnskolane i landet. 600 000 barn får to årlege besøk av profesjonelle musikarar på skolane sine. Den enkelte skolen står som arrangør av skolekonsertane. Kvart år gjennomfører rundt 800 musikarar 10 000 skolekonsertar i Noreg. Du finn meir informasjon på www.rikskonsertene.no 45 2012-2013

Bruk konserten Dei forlét landet dei var fødde i. Store og små, unge og gamle. Til fots, ridande på muldyr eller i vogner. Kvar enkelt følgde sin eigen vei mot det målet han hadde sett seg ut. Somme stoppa ved vegkanten, somme fall saman av utmatting, somme var sjuke, andre var døyande. Inga levande sjel kunne unngå å føle medynk med desse ulykkelege menneska. Langs heile vegen blei dei bedne om å ta imot dåpen, men rabbinarane deira bad dei avslå mens dei bønnfall kvinnene om å syngje, spele tamburin og halde motet oppe. Denne beskrivinga kjem frå munken Andres Bernaldez. Han fortel om kva som skjedde i 1492 då dei jødane som nekta å la seg omvende til kristendommen, blei fordrivne frå Spania, åtte månader etter at arabarane måtte reise. Før hadde Spania og Portugal vore eit multikulturelt område der kristne, jødar og arabarar hadde levd side om side, i krig og fred. Då jødane reiste, tok dei med seg songane dei hadde sunge i Spania. Balladar, songar, eventyr og forteljingar vandrar og finst i tallause versjonar verda over. Slik er det også med songane ttil dei sefardiske jødane. Dei er prega av reising og multikulturell påverknad. Ein finn både kristne og arabarar som hovudpersonar i dei jødiske songane, og truleg er det restar frå kristne variantar av songane som sefardiske jødar har teke inn i sitt repertoar. Ein finn også melodiar som minner om musikk frå mange forskjellige land, mellom anna arabiske land, Tyrkia og Balkan. Det finst mange versjonar av dei same songane, der teksten fortel same historie, men der utforminga av teksten og melodiane er forskjellige. Ein finn til og med historier som minner om gamle nordiske balladar. Skandinavia Spania, historier som vandrar Denne delen er best å bruke etter konserten. Songen Porque lloras blanca niña ( Derfor græt du ) blir sungen og fortald under konserten. Den kan også høyrast her: www.myspace.com/cameliasblancas. Teksten t i songen er sett saman av fleire historier. Første halvdel av historia kjem frå den felleseuropeiske forteljinga Det avbrotne bryllaup, mens andre halvdel kjem frå Den vondskapsfulle mora. I den første varianten blir det fortalt om ein ung greve som forlèt kona si for å reise ut i verda (grunnen til at han reiser, varierer i dei forskjellige versjonane, blant anna pilegrimsreise, korstog eller å reise ut i krigen). Andre delen handlar om ein son som kjem heim til mor si etter ei lang reise. Skolekonserten tek utgangspunkt i den første delen av historia. Andre halvdel av historia er teken frå ein skandinavisk variant av same historie. Her kan klassane samanlikne dei to historiene og sjå korleis eventyr og songar vandrar mellom forskjellige land. Forteljinga kan også brukast som utgangspunkt for kreativt arbeid som historieforteljing, dramatisering eller teikneoppgåver. Forslag til teikneoppgåve: 1. Teikn det du hugsar best frå historia. 2. Vis teikningane til dei andre i gruppa. 3. Legg alle teikningane i rett rekkjefølgje ut frå gangen i historia. 4. Kva manglar? Teikn manglane ut frå kven som får lyst til å teikne kva. 5. Legg teikningane saman og fortel historia saman ut frå teikningane. 6

Porque lloras blanca niña Den sefardiske varianten (med norsk oversettelse) - Hvorfor gråter du bleke pike, hvorfor gråter du hvite blomst? - Jeg gråter min ridder, Fordi du skal reise og la meg være igjen alene. - Du forlater meg, bare en jente, nesten et barn selv. Vi har små barn som gråter og spør etter brød. - Hvis de spør etter sin far, hva skal jeg svare dem da? Han tok hånden i lommen, og ga henne hundre mynter - Hva godt gjør det meg? Er det nok til brød og vin? - Hvis det ikke er nok for deg, Har du også andre rikdommer. - Du kan selge åkrer og vinmarker, og du kan selge halve byen. Du kan selge de åkrene og vinmarkene som ligger ved havet. - Syv år skal du vente på meg, men det åttende året skal du gifte deg på nytt. En fin ung mann, skal du ekte, Som likner meg på alle måter. - La ham få alle klærne mine, de som ikke er skjemt av svette og skitt. Her slutter denne varianten av historien. Samandrag av ein skandinavisk variant av forteljinga frå balladen om Hertug Henrik Hertug Henrik sa ein dag til kona si at han ville reise på korstog. Ho skulle vente på han i sju år, men kom han ikkje tilbake innan åtte år, skulle ho gifte seg på nytt. Han la likevel til: Legg ikkje ein hare i senga til bjørnen. Så hogg han ein gullring i to og gav den eine delen til kona og tok den andre sjølv. Han reiste langt, heilt til Babylon der han blei teken til slave av ein heidensk herre og måtte dra plogen og arbeide hardt som ein hest. Etter sju år hjelpte kona til slavedrivaren han å rømme. På vegen møtte han ei løve som slost med ein diger lindorm, han kasta seg inn i kampen og drap lindormen og redda løva. Så sovna han hos løva, og då han vakna neste dag, var han heime. Den same dagen skulle kona hans gifte seg på nytt. Alle trudde Hertug Henrik var ein fattig pilegrim. Han bad om å få skåle med brura og fekk drikke av eit krus av gull. Han putta sin halvdel av ringen i kruset, og då kona hans som var kledd som brur, drakk av kruset, såg ho ringen i botnen og kjende att både ringen og ektemannen sin. Ho tok fram sin eigen halvdel av ringen, og dei to ringane smelta saman til ein. Stor var gleda over å få Hertug Henrik tilbake, og brudgommen fekk dottera deira i staden. www.rikskonsertene.no/brukkonserten 7

Same historie forskjellig melodi! Mange av songane finst i ei mengd variantar. Eit eksempel er Una tarde de verano, som blir sungen i skolekonserten. Klassane kan høyre to variantar av denne i ulik melodidrakt. Dette kan brukast som utgangspunkt for å snakke om forskjellar i melodiar og skalaer. Melodiane kan høyrast her: www.myspace.com/cameliasblancas. Una tarde de verano (På en vakker sommeraften) På en vakker sommeraften red jeg gjennom maurerlandet og jeg så en vakker pike vaske i det kalde vannet. Jeg sa: - Skjønne maurerinne! Kjære snille, vakre, vene! Kan jeg vanne mine hester i din glitrende fontene? Hun sa: - Jeg er ikke maurer. Jeg ble røvet i fra Spania på en vakker palmesøndag. Jeg var kun et lite barn da. - Vil du bli med meg tilbake? Kom nå, vi må være raske! - Men hva gjør jeg da meg klærne som jeg holder på å vaske? - De av silke, de av fl øyel tar du med deg når du rømmer. Mens de andre lar du synke mellom elvens strie strømmer. Da vi nærmet oss mitt hjemsted startet piken brått å gråte. - Hvorfor gråter du, min skjønne? Dine sukk er meg en gåte. På de markene vi ser her, lekte jeg som liten pike. Lillebror het Alexandro. Du og han er ganske like. -Åpne opp dører, åpne opp porter, skrek jeg da jeg hørte navnet. Jeg har med min kjære søster som vi lenge sårt har savnet. Denne norske omsetjinga saman med melodien til Una tarde de verano eignar seg godt til å syngje i klassen sidan melodien er ganske enkel. Han kan også framførast med akkompagnement med enkle akkordar. 8

Lær ein sefardisk song! Denne songen blir spelt under skolekonserten både på norsk og på spansk. Teksten på norsk ligg ved, så elevane kan lære songen. Melodien kan høyrast på nettet og lærast på øyret, slik desse songane blei overleverte: www.myspace.com/cameliasblancas (der syng dei han på spansk). Gruppa kan lære melodien først, og så syngje saman med den norske teksten etterpå. Denne melodien er meir utfordrande enn Una tarde de verano. Han kan for eksempel syngjast som ein spørsmål og svar-song mellom to elevgrupper, der ei gruppe er guten og den andre jenta. Avrix mi galanica (Gutten) - Lukk opp din dør, min kjære se, natten er snart slutt! (Jenta) - Nei, jeg kan ikke åpne nå min elskede gutt! (Jenta) Min far han leser fortsatt, han vil nok høre deg (Gutten) -Slokk lampen og ta boken vekk så vil han legge seg. (Jenta) Min mor broderer fortsatt hun vil nok høre deg. (Gutten) -Gjem nålen hun broderer med så må hun legge seg (Jenta) -Min bror han skriver fortsatt han vil nok høre deg (Gutten) - Gjem pennen som han skriver med så må han legge seg. Spania i mellomalderen var mangfaldig kulturelt sett med både muslimar, kristne og jødar som innbyggjarar. Sjå tekst om dette i første del av konsertinformasjonen. Klassane kan sjå på andre kunstuttrykk frå denne tida i Spania: Eitt av underverka frå den tida er palasset og festningskomplekset Alhambra frå 1300-talet, som kan vere eit fint utgangspunkt for å sjå på arabisk arkitektur: http://no.wikipedia.org/wiki/alhambra http://en.wikipedia.org/wiki/alhambra Den castillanske kristne kongen Alfons den vise på 1200-talet var kjend for å samle både muslimar og jødar ved det kristne hoffet sitt. Det blei laga eit stort verk med over 400 songar til Jomfru Maria på hans befaling (som du kan sjå via lenkja under), med illustrasjonar av musikarar som speler på ei mengd instrument som var vanlege i mellomalderen. Det er også eit berømt bilete der ein maurisk musikar speler saman med dei kristne. Cantigas dei Santa Maria heiter verket: http://www.pbm.com/~lindahl/cantigas/images/ http://en.wikipedia.org/wiki/cantigas_de_santa_maria Det kan også vere interessant å snakke om det spanske samfunnet i mellomalderen som eit eksempel på eit fleirkulturelt samfunn der tre kulturar levde side om side dei kristne, muslimane og jødane. Sjå tidlegare i konsertinformasjonen for å lese om instrumenta som blir brukte i førestellinga. 9

Norsk munnlege tekstar: Etter 2. årstrinn: samtale om personar og handling i eventyr og forteljingar Etter 4. årstrinn: framføre tekstar for medelevar Etter 7. årstrinn: opptre i ulike språkroller gjennom rollespel og drama, opplesing, intervju og presentasjonar Norsk språk og kultur: Etter 2. årstrinn: snakke om innhald og form i eldre og nyare songar, regler og dikt Etter 4. årstrinn: samtale om eit utval songar, regler, dikt, forteljingar og eventyr frå fortid og notid på bokmål, nynorsk og i omsetjing frå samisk og andre kulturar Samfunnsfag historie og samfunnskunnskap: Etter 4. årstrinn: gi att mytar, segn og eventyr med historisk innhald samtale om toleranse og om korleis møte mellom ulike kulturar kan vere både givande og konfliktfylte Musikk: Etter 2. årstrinn: musisere imitere rytmar og korte melodiar i ulike tempi, takt- og toneartar delta i framføring med song, samspel og dans 10

Etter 4. årstrinn: musisere meistre eit sangrepertoar frå ulike sjangrar og syngje med intonasjon framføre song, spel og dans i samhandling med andre Lytte (kan vere relevant) kjenne att og beskrive klang, melodi, rytme, dynamikk, tempo og form delta i samtalar om kva som er særeigne trekk ved enkelte musikksjangrar kjenne att lyden av og namngi sentrale blåse-, strengje- og slagverkinstrument gjere greie for eigne musikkopplevingar, om ulik bruk av musikk og ulike funksjonar musikk kan ha Etter 7. årstrinn: musisere framføre songar og viser frå eldre og nyare tid Lytte (kan vere relevant) samtale om kva som er særeige for eit musikkstykke, og kva assosiasjonar det kan gi samtale om klang, melodi, rytme, dynamikk og tempo i musikken kjenne att lyden av og kunne namnet på nokre instrument samtale om eigen bruk av musikk og eigen musikksmak Lytte diskutere særtrekk ved kunstmusikk, norsk og samisk folkemusikk, folkemusikk frå andre land og rytmisk musikk Kunst og handverk: Visuell kommunikasjon Etter 2. årstrinn: uttrykkje eigne opplevingar gjennom teikning Etter 4. årstrinn: lage enkle utstillingar av eigne arbeid 11