NÆRINGSKLYNGER PÅ VESTLANDET OG REGIONAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE



Like dokumenter
Vestlandet ein stor matprodusent

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

HORDALANDD. Utarbeidd av

Arbeidsliv

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Talet på bedrifter innan eigedom har auka særleg sterkt i nokre av regionane rundt Bergen.

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Avdeling for regional planlegging

Ny region i emning. frå Runde til Videsæter gjennom Eiksund og Kviven. Utarbeidd på oppdrag frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet

Ole Helge Haugen Fylkesplansjef Møre og Romsdal fylke

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Vil indre strok på Vestlandet berre tapa på eit ferjefritt E39? Eit scenario for Rv 13-regionen med samfunnsperspektiv

Distriktsfylke Møre og Romsdal? Kjelde: SSB/PANDA

Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam 2006

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Fylkesstatistikk Møre og Romsdal

-Ein tydeleg medspelar. Aukra og Midsund i eit regionalt perspektiv

Sysselsette (arbeidsplassar i Nordhordland)

Om Fylkesprognoser.no

Fordeling av kommunale næringsfond og hoppid.no-midlar 2016

Produksjon og ringverknader i reiselivsnæringane

Fylkesstatistikk 2010

Guri Bugge Tlf: Saksnr Utval Møtedato Miljøutvalet

Nordhordland ein kommune 2020?

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Byen som motor i den regionale utviklinga. Bymøte, , fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik

8. Museum og samlingar

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Tabell F-k viser kriteriedata som ligg til grunn for berekninga av indeksverdiane i tabell E-k.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Auka produksjon av nye marine artar i Hordaland

Hordaland i tal. Fylkesstatistikk. Næring, innovasjon og kompetanse. Nr. 2 / 2007

Hornindal kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2019

Regional utvikling i Sogn og Fjordane etter andre verdskrigen

Saksbehandling kva er no det?

Samla oversikt over talet på innbyggjarar og befolkningsutvikling i kommunane i Helse Fonnaområdet:

VOLDA KOMMUNE. PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

Forslag frå fylkesrådmannen

Nye Volda Volda og Hornindal. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga april 2018

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Nye Volda 2017 Volda og Hornindal. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Nye Volda 2019 Volda og Hornindal. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2019

Finansiering av dei offentlege fagskolane

-Ein tydeleg medspelar. Ålesund kommune 2015

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

-Ein tydeleg medspelar. Haram kommune 2015

ARBEIDSNOTAT. Utviklinga i barnebefolkninga i Møre og Romsdal. Av Heidi-Iren Wedlog Olsen Severin Aarsnes. Dato:

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

2. Privat forbruk. Årleg forbruk til kultur og fritid tredje størst. 20 Statistisk sentralbyrå

Halsa_Hemne Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Auka finansiering av Interreg-programma i Norge

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Kor mange blir vi i Hordaland? Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

Bakgrunn I sak 0018/13 Reiselivsstrategi for Vestlandet gjorde Vestlandsrådet følgjande vedtak:

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

Kulturrekneskap for Hordaland 2008 April 2009

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Hordaland i tal. Nr Næring, innovasjon og kompetanse. Foto: Business Region Bergen

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,4 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Regional delplan for attraktive byar og tettstader

UTGIVELSESDAGAR AVIS. Motta korrektur på mail, godkjenn for trykk eller korriger evt. feil.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

I landet er det heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland

Referat frå folkemøta:

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Korleis lukkast med lokal næringsutvikling!

14. Radio og TV. Liv Taule

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Vurdering av allianse og alternativ

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Kommunereform. Ope møte i Volda

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

TILRÅDING. Kommunereforma i Møre og Romsdal. Oslo 8. des Prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad

Plankonferansen i Hordaland Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland. Solveig Svardal. Forståingsramme

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE NÆRINGSKLYNGER OG REGIONAR PÅ VESTLANDET Hordaland fylkeskommune, Arbeidslaget Analyse, utgreiing og dokumentasjon, november 2004. www.hordaland.no/ru/aud/

INNHALD: Side: Regionenes tilstand - Næringsklynger på Vestlandet... 3 Lokaliseringskvotient - LQ... 3 Næringsklynger og grupper av næringar... 3 Viktigast på Vestlandet: Maritim, Sjømat og Energi... 4 Seks vestlandsnæringar... 5 3 klassiske klynger:... 6 Klynger på vei ut?... 10 Andre grupper av næringar... 11 Regionar - LA og ABS... 13 Kjelder:... 17 2

Regionenes tilstand - Næringsklynger på Vestlandet Informasjonen i dette notatet er i hovudsak henta frå rapporten Regionenes tilstand av Tor Selstad m.fl. Regionenes tilstand er utarbeidd av Østlandsforskning på oppdrag frå KRD, som ein basisanalyse for arbeidet med regionalpolitisk stortingsmelding som vert lagt fram våren 2005. Næringane er beskrivne for ABS- regionar. Sjå kapittelet om regionar for inndelingar og beskrivingar. Lokaliseringskvotient - LQ Eit sentralt omgrep er lokaliseringskvotient - LQ. Det er eit mål på om ei næring er over/ underrepresentert i ein region. Dersom verdien er under 1 er næringa underrepresentert. Ein LQ på 0,5 betyr dermed at næringa berre er representert til det halve av kva den ville hatt om den skulle ligge på landsgjennomsnittet. Motsett betyr verdiar over 1 at næringane er overrepresenterte, t.d. betyr ein LQ på 2 at næringa relativt sett er dobbelt så sterk i regionen som på landsbasis. Med denne målemetoden vil LQ kunne variere mykje mellom næringane i små regionar med eit tynt næringsgrunnlag, der det vil kunne kome ekstreme utslag. I dei store byregionane der mange næringar er representert vil LQ variere mindre mellom næringane og sjeldent vere svært høg eller svært låg. Det er lettare å oppnå ein høg LQ innanfor ein lita næring enn i ei stor. Næringsklynger og grupper av næringar Nokre grupper av næringar kan kallast næringsklynger - relaterte verksemder i klynger. Næringsklynger er produksjons- og/ eller innovasjonssystem med nære relasjonar mellom bedriftene. Slike relasjonar kan omfatte vareleveransar, men handlar også i aukande grad om kunnskapsoverføring. Relasjonane/ overføringane i ein klynge treng ikkje nødvendigvis vere i form av kontakt mellom bedriftene, men kan vere basert på dei sosiale systema og foregå på mange forskjellige møteplassar eller arenaer i samfunnet. Bedriftene i ein klynge er vanlegvis lokalisert til eit relativt avgrensa geografisk område. Andre grupper av næringar oppfyller kanskje ikkje krava til å bli kalt klynger, men vert likevel omtalt sidan dei utgjer naturlege og interessante grupperingar av næringar. Klynger/ grupper av næringar vert i resten av dette i notatet kalt næringar. 3

Viktigast på Vestlandet: Maritim, Sjømat og Energi LQ Syss. Vestl. Vestlandet i % av landet Maritim 1,91 54,2 Sjømat 1,55 43,9 Energi 1,50 42,4 Plast, gummi, møblar, tekstil 1,43 40,6 Teknologiindustri 1,12 31,6 Mat 1,06 30,0 Prosessindustri 0,96 27,2 Bygg og anlegg, Hotell og restaurant 0,89 25,1 "Typiske bynæringar" 0,70 19,8 Skog 0,46 13,1 Tabellen viser 10 næringar rangert etter lokaliseringskvotienten for Vestlandet. Utg. av 2002. Totalt antal sysselsette på Vestlandet utgjer 25,2 % av landet, medan Vestlandet har 25,9 % av befolkninga (utg. av 2003). Næringane (gruppene) består av: Maritim: Innanriks sjøfart, Utanriks sjøfart, Bygging av skip og boreriggar og Transportmiddelindustri. Sjømat: Fiskeforedling, Fiskeoppdrett, Fiske. Energi: Olje- og gassproduksjon, Kraft- og vannforsyning. Plast, gummi, møblar, tekstil. Teknologiindustri: Maskinindustri, Metallvareindustri, Elektroteknisk og elektronikkindustri, Instrumentindustri. Mat: Drikkevareindustri, Næringsmiddelindustri, Jordbruk. Prosessindustri: Ikke jernholdig metallindustri, Jern- og stålindustri, Kjemisk råvareindustri, Kjemiskteknisk industri. Bygg og anlegg, hotell og restaurant. Typiske bynæringar : Grafisk industri, Forretningsmessig tjenesteyting, Forskning. Skog: Treforedling, Trelastindustri, Skogbruk. Maritim er den næringa som veg tyngst på Vestlandet; den er nesten dobbelt så tung i denne landsdelen som landsgjennomsnittet. Det er også den einaste næringa der meir enn halvparten av aktiviteten (sysselsettinga) er på Vestlandet. Ikkje overraskande er det skog som har minst betydning på Vestlandet. Derimot er det påfallande at sjølv om Vestlandet har byregion nr. 2 og 3 i det norske byhierarkiet, er det som Selstad kallar typiske bynæringar svakt representert i landsdelen samla. Dette er endå ein illustrasjon på Osloregionen sin dominans. Prosessindustrien er viktig ei rekkje stader på Vestlandet, men totalt sett har denne næringa litt lågare vekt på Vestlandet enn gjennomsnittet for landet. Særleg Vest-Agder, Telemark og Nordland har mykje prosessindustri. 4

Seks vestlandsnæringar Plast, gummi, Teknologi- Maritim Sjømat Energi Mat møblar, tekstil industri Egersund 1,82 1,89 0,38 1,92 1,74 0,69 Stavanger/ Sandnes 2,05 0,28 3,66 0,82 0,43 0,78 Haugesund 2,53 0,98 1,39 1,15 0,50 0,75 Jæren 0,11 0,61 0,13 3,14 0,57 3,64 Bergen 1,40 1,03 1,39 0,70 0,93 1,15 Odda 0,75 0,31 0,95 1,02 0,70 1,33 Voss 0,29 0,03 0,55 2,30 0,03 0,44 Sunnhordland 4,99 2,24 0,48 0,76 0,22 1,30 Florø 3,45 5,14 0,59 0,83 0,13 0,42 Høyanger 4,07 3,80 0,64 1,33 1,00 0,20 Sogndal/Årdal 0,32 0,05 0,96 1,67 1,06 1,12 Førde 1,54 1,42 0,45 2,46 0,26 0,43 Nordfjord 1,37 4,98 0,42 2,21 2,84 0,30 Molde 2,51 2,18 0,27 1,11 2,14 1,45 Kristiansund 2,73 4,66 0,61 0,94 0,49 0,63 Ålesund 1,44 3,67 0,31 0,75 7,33 1,49 Ulsteinvik 4,48 5,58 0,25 0,43 2,47 2,02 Ørsta/Volda 0,89 2,19 0,56 1,69 4,05 2,29 Sunndalsøra 0,19 0,45 0,72 1,11 1,23 0,92 Surnadal 0,91 1,30 0,42 2,82 5,65 0,45 Syss. på Vestl. 33 240 13 491 19 245 31 153 8 272 20 829 Tabellen viser LQ for dei gruppene av næringar der Vestlandet totalt har ein LQ på over 1, spesifisert på kvar arbeids-, bustad- og serviceregion. Næringane i tabellen kan kanskje kallast Vestlandsnæringane, sidan dei er relativt viktigare på Vestlandet enn i landet samla. Alle regionane har særleg sterk konsentrasjon i minst ei av næringane. I ein region, Molde, veg heile 5 av desse næringane tyngre enn dei gjer på landsbasis. 5

Kristiansund 3 klassiske klynger: Surnadal Kartet viser utbreiinga av den maritime klyngen på Vestlandet. Den største konsentrasjonen om maritime næringar på Vestlandet finn vi i Sunnhordland, Florøog Ulsteinvik- området. Dei maritime næringane står sterkt langs nesten heile vestlandskysten og i om lag like stor grad i alle dei fire fylka. Dei regionane som er fargelagde har ein konsentrasjon om dei aktuelle næringane som er høgare enn landsgjennomsnittet. Tala t.h. for forklaringa til fargekodane viser lokaliseringskvotienten (LQ) for næringa. Er LQ 1 har næringa same tyngde i regionen som landsgjennomsnittet; er LQ 2 er næringa dobbelt så tung/ viktig som gjennomsnittet for landet. Omfanget av næringane er målt ved hjelp av statistikk for arbeidsplassar (sysselsette etter arbeidsstad) i regionane. Ulsteinvik Florø Bergen Haugesund Ørsta/ Volda Førde Høyanger Nordfjord Voss Odda Sunnhordland Stavanger/ Sandnes Jæren Egersund Ålesund Molde Sogndal/ Årdal Sunndalsøra 6

Den maritime klyngen er bygd opp rundt skipsfarten og reknast å bestå av Innanriks sjøfart, Utanriks sjøfart, Bygging av skip og boreriggar og Transportmiddelindustri. Dei tre førstnemnde undergruppene står alle sterkt på Vestlandet medan (annan) transportmiddelindustri har tyngdepunktet på Austlandet. Transportmiddelindustrien inkluderer ikkje skipsbygging, men omfattar t.d. fly- og bildelproduksjonen på Kongsberg og Raufoss. Ifølge Selstad har denne typen industri oppstått i tilknytting til skipsbyggingsmiljøet, som tidlegare var sterkt også på Austlandet. Høyangerregionen sin høge skåre for maritime næringar skuldast høg LQ på Transportmiddelindustri (produksjon av bildelar). 7

Kartet viser utbreiinga av sjømatklyngen på Vestlandet. Sjømatklyngen reknast å bestå av Fiskeforedling, Fiskeoppdrett og Fiske. Kristiansund Surnadal Sjømatklyngen har den sterkaste konsentrasjonen på Nordvestlandet og tildels i Sunnhordland. Det er til dels sterke band mellom deler av denne klyngen og den maritime klyngen. Nordvestlandet står sterkt i alle dei tre undergruppene, medan fiskeoppdrett betyr meir lenger sør på Vestlandet, særleg i Hordaland og i Ytre Sogn. Nord- Norge er ein sterk konkurrent i alle undergruppene, og Trøndelag på fiskeoppdrett. Ulsteinvik Molde Ålesund Ørsta/ Volda Florø Nordfjord Sogndal/ Årdal Førde Høyanger Voss Bergen Sunndalsøra Odda Sunnhordland Haugesund Stavanger/ Sandnes Jæren Egersund 8

Kartet viser utbreiinga av energiklyngen på Vestlandet. Energiklyngen reknast å bestå av Olje- og gassproduksjon og Kraft- og vassforsyning. Kristiansund Surnadal Olje og gass-delen er den klart viktigaste målt i sysselsetting. Klyngen er i hovudsak lokalisert til Sørvestlandet; der det er den petroleumsretta verksemda som gjer utslaget. Ulsteinvik Ørsta/ Volda Ålesund Molde Sunndalsøra Stavanger/ Sandnes er i ein klasse for seg, men også Bergens- og Haugesundsregionen har ein relativt tung energi- (petroleums-) sektor. Nasjonalt er olje-og gassverksemda sterkt konsentrert til Stavanger/Sandnes og Sørvestlandet elles, medan Kraft og vassforsyning betyr mykje i mange fjellregionar. Florø Bergen Nordfjord Sogndal/ Årdal Førde Høyanger Voss Odda Sunnhordland Haugesund Stavanger/ Sandnes Jæren Egersund 9

Klynger på vei ut? Prosessindustri, Skog og Mat er næringsklynger Selstad spør om er på veg ut. Berre sistnemnde har ein sterk posisjon på Vestlandet relativt til andre landsdelar: Kristiansund Surnadal Kartet viser utbreiinga av næringar relatert til matproduksjon (utanom sjømat) på Vestlandet. Ulsteinvik Ørsta/ Volda Ålesund Molde Sunndalsøra Matklyngen reknast å bestå av Drikkevareindustri, Næringsmiddelindustri og Jordbruk. Florø Nordfjord Matproduksjon er særleg viktig på Jæren, men står også sterkt på andre deler av Vestlandet, for det meste i midtre og indre deler av kvart fylke. Førde Høyanger Sogndal/ Årdal Matklyngen er stor; med over 100 000 sysselsette på landsbasis; godt over halvparten i jordbruket. Bergen Voss Nasjonalt har jordbruk og næringsmiddelindustri størst betydning i Trøndelag og på indre Austlandet, medan drikkevareindustrien er meir jamnt fordelt mellom landsdelane. Haugesund Odda Sunnhordland Stavanger/ Sandnes Jæren Egersund 10

Andre grupper av næringar Kristiansund Kartet viser utbreiinga av teknologiindustrien på Vestlandet. Surnadal Teknologiindustrien reknast å bestå av Maskinindustri, Metallvareindustri, Elektroteknisk og elektronikkindustri og Instrumentindustri. Ulsteinvik Ørsta/ Volda Ålesund Molde Sunndalsøra Teknologiindustrien har ein særleg sterk posisjon på Jæren, og til dels på Sunnmøre og nokre stader i Romsdal, Sogn og Hordaland. Florø Førde Nordfjord Sogndal/ Årdal Næringa er om lag like viktig i alle landsdeler unnateke Nord- Norge, der berre metallvareindustrien har nokon større betydning. Instrumentindustrien er den mest konsentrerte, med aller sterkast konsentrasjon i Kongsberg. Bergen Høyanger Voss Odda Sunnhordland Haugesund Stavanger/ Sandnes Jæren Egersund 11

Kartet viser utbreiinga av plast-, gummi-, møblar- og tekstilindustri på Vestlandet. Denne næringa kallar Selstad for Noen typiske distriktsindustrier, sidan dei i stor grad er lokalisert i distrikta. På Vestlandet er der ein sterk konsentrasjon i Møre og Romsdal, og aller sterkast i Ålesundsregionen. Nasjonalt står Nordvestlandet sterkt i alle tre undergruppene. Elles har tekstilindustrien ein viss betydning i mange deler av landet, møbelindustri manglar nesten heilt i Nord- Norge, og plast- og gummiindustrien er viktig nokre stader rundt Oslo og Trondheim. Kristiansund Molde Ulsteinvik Ålesund Ørsta/ Volda Nordfjord Florø Førde Sogndal/ Årdal Høyanger Surnadal Sunndalsøra Voss Bergen Sunnhordland Odda Haugesund Stavanger/ Sandnes Jæren Egersund 12

Regionar - LA og ABS Dei fleste kommunar er del av ein felles arbeids-, bustad- og servicemarknad (ABS), saman med andre kommunar. Med forbetra vegar og andre kommunikasjonar vert ABS- regionane stadig større. Stadig færre kommunar kan seiast å utgjere bustad- og arbeidsmarknader åleine. Svært få, om nokon, kommunar utgjer ein ABS- region åleine. Bu- og arbeidsmarknadsregionar LA- regionar : Dersom regioninndelinga berre er basert på data om arbeidsmarknaden (pendling og reisetid) kan den kallast bu- og arbeidsmarknadsregionar. Desse vert definert hovudsakeleg med tekniske/ statistiske kriteriar, utan stor grad av skjønnsmessige vurderingar. Dei fleste slike regionar vil vere i stadig utvikling og regioninndelingane må reviderast ofte om dei ikkje skal bli utdaterte. I Regionenes tilstand kallast desse lokale arbeidsmarknadsregionar LA-regionar. Slik NIBR (2002) definerer bu- og arbeidsmarknadsregionane er pendling hovudkriteriet medan reisetidskriterium er nytta til å justere samanslåingane til regionar, og som ei yttergrense for kor langt ein vil strekke regionane. Ut frå ein i utgangspunktet definert senterstruktur har ein formulert reglar der kommunar med meir enn 10 prosent pendling og/ eller mindre enn 30 min. reisetid til eit (større) senter vert rekna inn i dette senteret sin region. Det er 161 slike regionar i Norge, derav 43 i dei fire vestlandsfylka. Mange LA-regionar kryssar fylkesgrenser, og to av dei vestlandske LA-regionane strekker seg inn i ein annan landsdel. LA- regionane gir det mest nyanserte bildet i periferiområda, der dei fleste regionane består av ein eller to kommunar. På den andre sida vil mange regionar med berre ein eller nokre få kommunar vere så små og spesielle at dei har begrensa interesse som regionar. Ei rekkje einkommune- regionar har mindre enn 1000 innbyggjarar, den aller minste er Utsira med rundt 200. Når så mange LA- regionar er svært små, kan samanlikningar mellom dei bli prega av statistiske tilfeldigheiter. På den andre sida gir inndelinga i LA- regionar eit interessant bilde av den faktiske regiondanninga per i dag, der det er svært store forskjellar mellom regionane. Den største storbyregionen i landet (Oslo) består av 33 kommunar med eit folketal på godt over ein million. Dei største LA-regionane på Vestlandet (i folketal, 2004): Bergen: 14 kommunar, 336000 innb. Stavanger/ Sandnes: 13 kommunar, 268000 innb. Haugesund: 8 kommunar, 95000 innb. Ålesund: 8 kommunar, 77000 innb. Molde: 8 kommunar, 54000 innb. 13

Kartet viser Vestlandet inndelt i bu- og arbeidsmarknadsregionar som definert av NIBR/ (2002). Regionnamna på kartet er dei som er nytta av NIBR (2002). Flekkefjord og Hemne/ Snillfjord/ Aure strekker seg inn i andre landsdelar. Vågsøy Ulstein Flora Vanylven Ålesund Smøla Kristiansund Molde Rauma Ørsta/ Volda Norddal/ Stranda Eid/ Gloppen Stryn Hemne/ Snillfj./ Aure Surnadal Sunndal Solund Fjaler Førde Høyanger Masfjorden/ Gulen Fedje Modalen Vik Voss Sogndal Aurland Lærdal/ Årdal Bergen Jondal/ Kvam Austevoll Kvinn- Stord herad Odda Sauda Haugesund Suldal Hjelmeland Stavanger/ Sandnes Eigersund Flekkefjord 14

Arbeids-, bustad- og serviceregionar (ABS) Sjølv om det kan vere realistisk at mange kommunar utgjer ein LA-region åleine, tek ikkje den definisjonen omsyn til at alle deler av landet må hente sine tenester ein stad frå. Sjølv om kontakten med det større senteret kan vere begrensa av lange avstandar må også dei mest perifere delene av landet forholde seg til minst eitt større senter. SSB (Statistisk sentralbyrå) utarbeidde i 1999 ei regioninndeling der regionane vart definert etter fleire kriteriar, m.a. arbeidsreiser, og det vart teke omsyn til at kommunen måtte tilordnast eit større senter sjølv om der ikkje var pendling av betydning. Hovudkriteriet er reisetid til næraste senter, men det er også brukt skjønn. SSB kallar desse regionane økonomiske regionar; nokre gongar kallast dei statistikkregionar. I tillegg til kriteriar for pendling, reisetid m.v. er der ei begrensning i at desse regionane skal utgjere NUTS 4- nivået i den europeiske regioninndelinga. Sidan fylka er NUTS 3 kan ikkje NUTS 4 / ABSregionane krysse fylkesgrenser. Arbeids-, bustad- og serviceregionar (ABS) er vanlegvis større enn bu- og arbeidsmarknadsregionane, sidan også handelsomland og servicefunksjonar vert trekt inn. I tillegg til kommunane innan den felles bu- og arbeidsmarknaden reknast kommunar med meir begrensa tilknytting til byen inn i definisjonen av byen sitt omland, delvis skjønnsmessig. Med denne definisjonen betyr historiske og kulturelle band meir, og regionen vil vere noko meir stabil over tid. Det er 89 slike regionar, av dei 20 på Vestlandet. Dei største ABS- regionane på Vestlandet (i folketal, 2004): Bergen: 19 kommunar; 361000 innb. Stavanger/ Sandnes: 11 kommunar; 228000 innb. Haugesund: 9 kommunar, 96000 innb. Ålesund: 11 kommunar, 85000 innb. Molde: 9 kommunar: 61000 innb. 15

Kartet viser Vestlandet inndelt i ABS Arbeids-, bustad- og service -regionar. Kristiansund Regionnamna på kartet er dei som er nytta i Regionenes tilstand. Surnadal Ulsteinvik Ålesund Molde Sunndalsøra Ørsta/ Volda Florø Nordfjord Førde Sogndal/ Årdal Høyanger Voss Bergen Odda Sunnhordland Haugesund Stavanger/ Sandnes Jæren Egersund 16

Kartet nedanfor viser bu- og arbeidsmarknadsregionar som definert i Vestlandsutgreiinga. Denne inndelinga skil seg frå dei andre inndelingane ved at ikkje alle kommunar er rekna inn i ein buog arbeidsmarknadsregion, og nokre kommunar reknast til to regionar. Kjelder Regionenes tilstand. 50 indikatorer for vekstkraftige regioner. Tor Selstad m.fl. ØF-rapport nr. 07/2004. Kommunal- og regionaldepartementet/ Østlandforskning. Internett: http://www.ostforsk.no/rapport/pdf/072004.pdf. Vestlandsutredningen. A. Farsund, E Leknes og T Aarethun. Rapport RF 2002/004, Rogalandsforskning. Internett: http://www.vestlandsradet.no/ ( publikasjonar ). Standard for økonomiske regioner. Rapporter 99/6, Statistisk sentralbyrå. Inndeling i bo- og arbeidsmarkedsregioner. Dag Juvkam, NIBR-rapport 2002:20, NIBR. PANDA (Plan- og analysesystem for demografi, næringsliv og arbeidsmarked). 17