Ove Eide Nye kompetansemål og nye utfordringar i/for norskfaget.



Like dokumenter
Samansette tekster og Sjanger og stil

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Valdres vidaregåande skule

Frå dikt til teikneserie

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Vurderingsrettleiing 2011

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Tiltaksplan

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal)

- kunne kommunikasjonsmodellen

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Vurderingsrettleiing 2008

Ny Giv. Namn: Elin Vestre Røkke. e-post: telefon: skule: Stordal barn- og ungdomsskule

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Halvårsplan, hausten 2011

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Frå novelle til teikneserie

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

skriftlig eksamen i norsk

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Eksamensrettleiing. NOR0214 og NOR0215 norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen etter 10. trinn elevar og vaksne

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

ROGALAND FYLKESKOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

HEIM OG SKULE SAMAN OM ELEVEN SI LÆRING OG UTVIKLING TID FOR SAMTALE

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

Danning, retorikk og rådgjeving

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

mmm...med SMAK på timeplanen

NO Norsk 2-A Tekst, kommunikasjon og fagdidatikk


BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Høgskolen i Østfold. Studieplan for. Norsk 1. Studiet går over to semester 30 studiepoeng. Godkjent av Dato: Endret av Dato:

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Vekeplan 10. klasse. Namn:.. Veke Norsk: Eksamen / På nett. Matte Tal og algebra/eksamen. Samf: Geografi: Australia/Oseania. Eng.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Kjenneteikn på måloppnåing i norsk

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

Vurderingsrettleiing 2011

Ståstadsanalysen nokre erfaringsbaserte kommentarar.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Klepp kommune Tu skule

Aurland kommune Rådmannen

Sandeid skule SFO Årsplan

TIL REKTORANE PÅ KNUTEPUNKTSKOLANE

Emne: Norsk 1 (1-7) Kode: Studiepoeng: 30 stp Vedtatt: Vedtatt av avdelingsstyret i møte 25. mai 2010 (asak 20/10)

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

Fagdag norsk Hamar 28. oktober 2014 v/ Mette Thoresen, Utdanningsdirektoratet, Vurdering 1

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

SØR-TRØNDELAG FYLKESKOMMUNE SKJETLEIN VIDEREGÅENDE SKOLE Notat: Avsluttende vurdering skoleåret , ELEVER

Samansette tekstar. Aina, Linn og Silje

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Eksempeloppgåve/ Eksempeloppgave 2009

Ove Eide: Skriving retorikk og danning. Om tekstforming i ulike sjangrar (essay, kronikk og visuelle forteljingar)

Plan for overgangar. for barn og unge

«Ny Giv» med gjetarhund

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Årsplan 10. klasse Truls Inge Dahl, Edmund Lande, Rune Eide

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Den nye seksjon for applikasjonar

Transkript:

1 Ove Eide Nye kompetansemål og nye utfordringar i/for norskfaget. Læreplanen i norsk etter Kunnskapsløftet har mangt nytt i høve til tidlegare planar. Planen er bygt opp på anna vis enn før, og den gjev lokal fridom både med omsyn til stoffval og arbeidsmåtar. Somme emne er nye, og nokre er vektlagde annleis enn før. Noko av det nye legg forholda godt til rette for nye arbeidsmåtar, men ikkje minst for nye samarbeidsformer mellom lærar og elev. Her skal det stoggast opp ved eit elevarbeid som aktualiserer viktige sider ved den nye læreplanen i norsk: Samansette tekstar er eit nytt hovudområde i faget, digital kompetanse er ein grunnleggande ferdigheit i alle fag, retorikken har fått ein renessanse i norsk skule. Tradisjonelt har norskfaget hatt fokus på skriftleg og munnleg bruk av språket. Men etter den nye læreplanen er også samansette tekstar ein teksttype som elevane skal arbeide med gjennom alle 13 år, både som mottakarar og som produsentar. Dette gjev spennande mulegheiter for norskfaget, men har også skapt noko uro. Både mulegheiter og uro kan visast ved eit konkret døme: Etter læreplanen skal elevane i vg3 gjennomføre arbeidet med en selvvalgt fordypningsoppgave og utforme den som en muntlig, skriftlig eller sammensatt tekst med språklig, litterært eller annet norskfaglig emne. Ein samansett elevproduksjon er altså jamstelt med eit skriftleg arbeid eller ein munnleg presentasjon. Våren 2009 valde ein av avgangselevane i vg3 på Firda vidaregåande skule filmane om Batman som fordjupingsemne. Resultatet blei ein dokumentarfilm som blei presentert for medelevane. Men eleven la den også ut på Youtube i fire delar og gjorde den tilgjengeleg world-wide. Dermed blei filmen også eit fint døme på det vi kan kalle crossover av eit elevprodukt, presentert i to offentlegheiter som har vore skilde: klasserommet og massemedia. No vart også særskilt gode stilar prenta i aviser og tidsskrift i tidlegare tider, men då vart dei alltid utvalde etter streng juryering av klassisk orienterte lektorar/ redaktørar. Batmanfilmen som crossover-produkt er resultatet av ny teknologi (digitale reiskapar), framveksten av sosiale medium på internett og av ein ny læreplan som både utvidar tekstomgrepet monaleg og bryt med den tradisjonelle hierarkiske inndelinga av tekstformer. Batman-filmen er også eit godt døme på at elevars fritidsinteresse og eigenutvikla kompetanse vert henta inn i skulestova med godt resultat. Denne eleven laga fordjupingsoppgåva si i fritida, på eigen pc og med lite fagleg tilbakemelding frå skulen. Arbeidet er klårt innanfor ramma av læreplanen, og blei eit fagleg solid arbeid: ein sjølvlaga film, med kommentarar som viste høgt kunnskapsnivå og eit sterkt personleg engasjement i tema og produksjon. Dokumentarfilm om Batman. I dette fordjupingsarbeidet tok eleven opp mange sider ved Batman-fenomenet. Eit viktig utgangspunkt er sjølvsagt Batman som populært medieprodukt, med stor merksemd kring dei to siste filmane, Batman begins (2005 ) og The dark knight (2008 ). Men dokumentaren startar med byrjinga, 1930-åra, og legg vekt på korleis forteljinga om Batman har fått ulike uttrykk gjennom tiåra. Med særleg merksemd mot framstellinga av hovudperson og skurkar. Hovudtyngda av arbeidet er lagt på filmane i perioden 1966 2008, men også eldre filmversjonar, teikneseriar og TV-seriar er kommenterte. Eleven viser omfattande kunnskapar og at han meistrar å trekke linjer gjennom ei stor tekstmengd, med gode døme på ulike sider ved filmane. Forteljarstemma (eleven) er ein styrande fagleg instans i filmen: stemma kommenterer, forklarar, analyserer, konkluderer, bilda dokumenterer, illustrerer, viser fram.

2 Men i ein samansett tekst er sjølvsagt meir enn berre det reint faglege innhaldet viktig. Kvaliteten på heile den konkrete teksten, her dokumentarfilmen, blir sjølvsagt avgjerande: komposisjon, verkemiddel, bruk av ulike teikn: skrift, bilde, lyd. Og ikkje minst er kvaliteten avhengig av heilskapen i den samansette teksten: korleis dei ulike uttrykka verkar saman eller mot kvarandre i teksten. Er det godt samsvar mellom t.d. forteljestemme og bilde, mellom musikk og bilde? Hit høyrer også spørsmål som: Er den tekniske kvaliteten bra? Er lyd- og bildekvaliteten god nok? Er overgangane gode, klippinga tilfredsstillande gjort? Har eleven lukkast med dramaturgien? Når ein begynner å sjå nærare på denne konkerte Batman-filmen, stig det fram ein svært samansett tekst, bygt opp av element som i sum vert ein spennande montasje, med forteljestemme, musikk, stillbilde, levande bilde (filmklipp), eigenlagde animasjonar, teikningar. Eleven brukar humor og ironi og han kan stige ut av den jamne flyten i forteljinga med metakommentarar (både om eige arbeid og om konteksten.) I tillegg til tradisjonelle filmanalyse og filmhistoriske poeng, uttrykkjer Batmandokumentaren også meiningar om tid og samfunn, økonomi og kommersialisering, sjanger og skodespelar-prestasjonar. Utfordringar Denne filmen er døme på ei ny type elevproduksjon som gjev norsklærarane fleire utfordringar: - Kva for konkrete kriterium skal leggast til grunn for vurdering av filmen? - Kva er rimeleg nivå for td karakteren fem i vg3 når ein slik film skal vurderast? Til skilnad frå forventa nivå for liknande produkt i vg1, 10. klasse, 7. klasse? - Kvar skal karakteren for ein slik samansett tekst telje med når standpunkt skal setjast? - Korleis gje god undervegsvurdering og rettleiing i prosessen fram mot ferdig produkt når ein som lærar kanskje har lågare kompetanse i tema og teknologi enn eleven? (dette siste er nok sant i mange tilfelle) Utfordringane gjeld lærars kompetanse i fagfeltet, men like mykje vurderingskriterium og progresjon. Samtidig må det seiast at i arbeidet med å formulere vurderingskriterium er det få område i norskfaget som høver så godt for reelt samarbeid mellom lærar og elevar som nettopp samansette tekstar! Norsklæraren har god kompetanse i tekstlesing og analyse, medan mange elevar har høg kompetanse i multimedial, digital produksjon og i sjangrar som ligg utanfor dei vi tradisjonelt har møtt i skulen. Her, i dette samarbeidet, må utforming av vurderingskriterium starte, men så må sjølvsagt perspektiva utvidast mot nasjonale standardar mot eit tolkingsfellesskap for vurdering av samansette tekstar. Læreplanen har mange kompetansemål som er nye i høve til tidlegare planar. Vurdering av Batman-arbeidet konkretiserer, som nemnt, i alle fall tre sett av nye mål, knytte til digital kompetanse, samansette tekstar og retorikk. Alle tre nye for mange norsklærarar, men samtidig inspirasjonar til ei fornying av norskfaget. No må det minnast om at samansette tekstar er så mangt frå ein film som denne dokumentaren om Batman i vg3 til ein PP-presentasjon i eit allmennfag, td samfunnsfag i vg1. Det bør vel også vere skilnad på krava til ein film laga av elevar på Medium og kommunikasjon og ein elev på eit studieførebuande programområde. Dei første får langt på

3 veg ei fagutdanning, dei sistnemnde brukar digitale verktøy og sjangrar som hjelpemiddel for å formidle faglege innsikter. Det er altså ikkje muleg å ha berre eitt sett vurderingskriterium, her er mangfaldet stort og nivåa mange. God vurderingspraksis er avhenging av mange forhold: vurderingskompetanse i aktuelt emne hos lærar og elevar, lærar-kunnskap om elevane, gode tilbakemeldingar frå lærar til elev undervegs (godt her gjeld både form og innhald på kommentarane) og eit tolkingsfellesskap rundt vurdering av samansette tekstar. Når ein skal vurdere konkrete samansette tekstar, må læraren nytte kunnskap frå fleire norskfaglege område. For å lage ein dokumentarfilm som Batman, lyt eleven meistre digitale ferdigheiter, på eitt eller anna nivå. Retorikk vil vere ein god hjelpedisiplin ved vurdering både av forteljarstemma, dvs filmskaparens bruk av språklege verkemiddel, og av dei levande bilda. Vurdering av samansette tekstar Det har blitt skrive mykje godt om samansette tekstar etter at den nye læreplanen vart vedtatt. Men lite konkret om vurdering av slike tekstar. Feltet er nytt, mangt må prøvast ut, erfaringar må gjerast. Å bygge eit tolkingsfellesskap tek tid, noko vi har sett godt i norskfaget når skriftlege arbeid skal vurderast. Men retninga som skal gåast opp er grei nok: frå subjektivitet og synsing til fellesholdningar bygt på faglege resonnement. Eit steg på vegen mot betre vurderingspraksis kan vere å sjå på dei samansette tekstane i fire perspektiv: Innhald, uttrykk, heilskap og kontekst. I kvart av desse fire felta kan vi så skilje ut og vurdere ulike element i tekstane, som sjølvsagt ikkje alle er til stades i kvar enkelt tekst. Ved vurdering av innhaldet må ein m.a. sjå på korleis tema vert framstilt og drøfta, korleis eleven svarar på dei problemstillingane som er valde, korleis faguttrykk er nytta, om kjeldeog sitatbruk er i samsvar med oppsette normer. Læreplanen slår fast at samansette tekstar er tufta på ei utvida tekstforståing der tekst kan være satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. I vurderingsarbeidet kan det vere greitt å ta utgangspunkt i denne definisjonen og sjå på korleis eleven har lukkast i bruk av dei ulike teiknsystema. Her må vurderinga omfatte bruk av skrift, lydeffektar, stillbilde og ulike former for levande bilde. Mykje av dette er kjente element i norskfaget. Det tredje perspektivet tek for seg samspelet mellom elementa i den samansette teksten: korleis verkar lyd, skrift og bilde saman i ein funksjonell heilskap? Eit fjerde perspektiv ved vurdering er kontekst: tekstens forhold til målgruppe, føremål, situasjon. Den same teksten vil fungere ulikt godt i ulike samanhengar og etter føremålet. Slikt situasjonsmedvit må ein god tekst vere berar av. Av dei siste avsnitta ser vi greitt at her er det mangt å halde styr på både for elev og lærar. Samansette tekstar er eit mangfelt kompetanseområde både for lærar og elev. Tilpassa vurdering Tilpassa opplæring er eit veletablert omgrep i norsk pedagogikk eller kanskje rettare: i norsk skulepolitikk. Eit tilsvarande omgrep knytt til vurdering tilpassa vurdering er om lag ukjent. Eit nettsøk gav eitt meiningsfylt resultat: eit oppslag om leiaropplæring ved professor Kari Smith i Bergen formidla formelen: Tilpassa opplæring + tilpassa vurdering =

4 Motivasjon. For meg gjev omgrepet god meining fordi det minner oss om at vi må gje tilbakemelding, rettleiing og vurdering som er situasjonsavhengig: alt skal ikkje seiast alltid. Kva slags råd som skal gjevast vil vere avhengig av både elev, situasjon og oppgåvetype. Ei formativ vurdering, ei vurdering som skal vere til hjelp for eleven i vidare arbeid, må alltid vere situasjonsavhengig! Til skilnad frå den summative vurderinga, når faget skal avsluttast. Sjølv om den og er kontekstbunden, på sitt vis. Behov for nytt vurderingssystem i norskfaget. Vurdering av Batman-filmen viser eit alvorleg mishøve mellom læreplanen og vurderingsordninga for norskfaget, knytt til endeleg standpunktkarakter. Norskfaget har tre karakterar, både i vidaregåande opplæring og i grunnskulen: Norsk hovudmål, norsk sidemål og norsk munnleg. Eit relevant og aktuelt spørsmål vert då: kvar skal karakteren som blei gitt for Batman-filmen førast? I vårt tilfelle vart det norsk munnleg, noko anna var ikkje muleg. Men spørsmålet er om dette er ei rimeleg løysing? Eleven som laga filmen, viser gjennom det ferdige produktet munnlege ferdigheiter (lydspor med forteljestemme som formidlar fagkunnskapar), men han har også skapt ein samansett tekst med mange meiningsberande element. I lys av dette vert det underleg å honorerer eleven berre som ein framifrå munnleg kandidat. Problemet har nok røtene sine i at den gamle vurderingsordninga i norskfaget, med tre karakterar, vart ført vidare i Kunnskapsløftet utan endringar. Men norskplanen bryt altså med tradisjonen ved å bygge på eit utvida tekstomgrep, der samansette tekstar er eit nytt hovudområde i faget. Den reint logiske løysinga på dette problemet er å gje ein karakter for kvart av hovudområda: skriftlege tekstar, munnlege tekstar og samansette tekstar. Det fjerde hovudområdet i norsk er Språk og kultur. Her finn vi alle dei tre nemnde teksttypane. Men så har vi to jamstelte målformer med kvar sin karakter, og dei bør bestå og då ville vi få fire karakterar i norskfaget. Det er knapt ei realistisk målsetjing. No kan ein sjølvsagt tenkje seg at elevane fekk ein karakter i norsk skriftleg, der dei to målformene kvar t.d. talde 50 % av endeleg karakter og så ein karakter i munnleg og ein i samansette tekstar. Då kunne ein behalde tre norskkarakterar. Men å slå saman karakterane i hovudmål og sidemål er nok heller ikkje noko enkel målsetjing. Det tredje og mest realistiske alternativet eg ser, er å behalde karakterar for Norsk I og Norsk II, og så la den tredje karakteren vere ein karakter som femner om heile faget. Som grunnlag for denne karakteren som gjerne kan nemnast språk og kulturkunnskap kan t.d. munnlege prestasjonar telje 50 %. Den gamle munnlegkarakteren var nettopp ein slik fagkarakter, som femnde om meir enn berre munnlege framføringar. Som grunnlag for karakteren i munnleg norsk vart det tidlegare ofte brukt såkalla skriftlegmunnlege prøver. Dette var reint skriftlege prøver der elevane vart testa i deler av pensum. Kompetansemåla i norsk etter Kunnskapsløftet er tydeleg på at det er munnlege prestasjonar som skal vere grunnlag for munnleg karakter ikkje skriftlege produkt. Logikken og fornufta i dette er udiskutabel. Men framleis vert ordninga med skriftleg-munnlege prøver drøfta med sterke kjensler i somme norskseksjonar. Same kva løysinga måtte bli: Det er nødvendig å sjå på nærare på samanhengen mellom læreplanen og vurderingsordninga i norskfaget. Slik det er no, er forholdet vindskeivt og det er dei samansette tekstane som gjer endring nødvendig. Språklege minstekrav eit innspel til diskusjon. Nye kompetansekrav reiser ei rad spørsmål som norskmiljøa og styresmaktene må utvikle svar på. To slike sentrale spørsmål er progresjon og minstekrav. Til det første høyrer dei

5 nemnde problemstillingane: kva er rimeleg å forvente av kunnskap om og ferdigheiter t.d. i produksjon av samansette tekstar etter sjuande klasse, tiande klasse, vg1, vg3? Eit anna viktig problemstilling er knytt til språklege minstekrav. Dette gjeld på alle nivå, men særleg etter 10. klasse og etter vg3: Kva er minstekrava for karakteren 2? Etter vg3 skal no alle elevar opp til den same norskeksamen, uavhengig av språkleg og kulturell bakgrunn. Dette aktualiserer spørsmålet om ein nasjonal standard. I vurderingsrettleiingane for norskfaget er krava til lågaste ståkarakter uttrykt slik: Etter 10. klasse skal elevens tekst til eksamen vise eit enkelt språk, noko som betyr: forståelig syntaks, enkelt ordtilfang, enkel tekstbinding og at teksten har rettskriving og teiknsetjing som gjer han forståeleg. Etter vg3 skal teksten vise at eleven delvis meistrar grunnleggande krav til ortografi, formverk, syntaks og tekstbinding. Desse formuleringane har mykje godt i seg, men dei gjev ikkje god nok hjelp når sensorar og lærarar skal skilje mellom ståkarakter og strykkarakter i konkrete vurderingssituasjonar altså fastslå minstekrava til språklege ferdigheiter, i begge målformer. Når elevane går ut av vidaregåande skule etter vg3, vert dei sertifiserte for høgare utdanning. Mellom anna. Å avgjere skiljet mellom karakterane 1 og 2 er ei alvorleg avgjerd som fortel om kva som er nasjonalt minstekrav når det gjeld meistring av norsk språk. Dei spørsmåla som må avklarast er altså mellom anna: - Kva er dei grunnleggande krava til meistring av ortografi og teiknsetjing i skriftleg norsk etter 10. klasse, etter vg2 på yrkesfag, etter vg3? - Kva er dei grunnleggande krava til meistring av formverk etter 10. klasse, etter vg2 på yrkesfag, etter vg3? - Kva er grunnleggande krav til setningsbygnad og tekstbinding etter 10. klasse, etter vg2 på yrkesfag, etter vg3? Vi kan sjølvsagt seie at vi veit kva alt dette er når vi les ein konkret tekst. Men det vert om lag som å seie at det er vanskeleg å definere kva ein elefant er - men at vi veit kva det er når vi ser han. Det påtrengande behovet her er konkretisering, gjerne med gode døme på skriftlege arbeid i overgangssona mellom karakterane 1 og 2. Kjelder: http://www.youtube.com/ozansaklig (elevarbeidet om Batman) http://www.utdanningsdirektoratet.no/upload/eksamen/videregaende/v2009/vurderingsv_v 09/Norsk_og_samisk_forstesprak_Vurderingsrettleiing_VGS_Nynorsk.pdf (Vurderingsrettleiing norsk vgs, Utdanningsdirektoratet) http://www.utdanningsdirektoratet.no/upload/eksamen/grunnskolen/2009/vurderingsveiledni nger09/norsk_samisk_finsk_grs_nn_vurderingsrettleiing.pdf (vurderingsrettleiing norsk, grunnskulen, Utdanningsdirektoratet)