VERDSKULTURMINNET BRYGGEN I BERGEN



Like dokumenter
PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Vestnorske fjordlandskap UNESCO-status Lokalsamfunnsutvikling. Kommuneplankonferansen 2008 Arne Sandnes

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Forslag frå fylkesrådmannen

BRYGGEN STATUSSYMBOL OG VERDSARV

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Korleis sameine vern (Verdsarv), reiseliv og lokalsamfunnsutvikling

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Kulturminnearbeid i Asplan Viak. Eit fagfelt dekka av Asplan Viak

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Hordaland - høyring av framlegg til område

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Kommetarar til merknader til forslag til forvaltningsplan og føresegner til områdefreding av Stødleterrassen

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Den nye seksjon for applikasjonar

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Vår ref. 2008/ BS - 196/51 - naust og brygge - Toftevåg - Liv Karin Helvik Skjærven

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Kulturhistoriske registreringar

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

ROS-analyse i kommuneplan

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

Kulturarv på kartet Registreringer i Møre og Romsdal. Fagdag, Statens Kartverk,

SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL)

Aurland kommune Rådmannen

Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Vår ref. 2012/ Særutskrift - BS - 32/17 - terrasse - Hatlestrand - Alf-Rune Gundersen

Kommunedelplan for kulturminne

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Endeleg rapport frå tilsyn med Fjell kommune ved Nav Fjell 2013

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Ny strategiplan for Høgskulen

Vår ref. 2012/ Særutskrift - DS - 144/229 - deling av eigedom - Borvika -

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Saksframlegg. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 45/14 Plan- miljø og ressursutvalet /14 Kommunestyret

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

2015/ Særutskrift - 191/44 - forlenging av brygge - Halsnøy Kloster - Nils B. Engelsen

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Verdensarv innhold, roller og ansvar og litt om Riksantivarens tidligere arbeid med gruveforurensning på Røros

Reguleringsføresegner Reguleringsendring - Evanger

Det europeiske rammeverket og læreplanen for fremmendspråk

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Kvam herad. Søknad om løyve til tiltak på gnr. 136 bnr. 7, Dysvik. Flytebryggjer. Søknad om disp. frå LNF-føremålet og pbl. 17-2

Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland og Fusa kommune. Høyring av fellesdelen

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

Søre Sunnmøre landbrukskontor for kommunene Hareid, Herøy og Ulstein. Herøy kommune Postboks Fosnavåg

Adresseføresegner, Sund kommune

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Reguleringsføresegner for reguleringsplan Turistanlegg Uskedalen

DEN HISTORISKE STADEN - PÅ LAG MED FRAMTIDA KULTURMINNEPLANEN I BERGEN KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Privatarkivarbeidet Sett frå Møre og Romsdal ( og i lys av arkivmeldinga)

Vedlegg: Tilskuddsordninger

Nr. 20/152 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 27. juli 1999

FORVALTNING AV KULTURMILJØ

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Vår ref. 2011/ Særutskrift - Dispensasjon frå kommunedelplanen - 131/6 - Uskedalen - Gunnar og Edit Kjærland

Vurdering av allianse og alternativ

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde avgjerd i sak om klage på avslag på søknad om dispensasjon for bygging av småkraftverk

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

DIGITAL REISELIVSHISTORISK FORMIDLING BASERT PÅ SEMANTISK TEKNOLOGI

FRÅSEGN TIL REGULERINGSPLAN - BERGENHUS GNR , M.FL. OMRÅDET ØST FOR BERGEN JERNBANESTASJON - PLANID MOTSEGN

Utviklingen av arbeidet i Verdensarvkomiteen

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE VERDSKULTURMINNET BRYGGEN I BERGEN Foto: Ann Steindal Forvaltningsplan

INNHALD Innleiing: Forord Bakgrunn Målsetting DEL 1: VERDSKULTURMINNET BRYGGEN 1:1 Generell informasjon 1:1:1 Lokalisering 1:1:2 Kortfatta beskriving 1:2 Kulturell informasjon 1:2:1 Historisk oversikt 1:2:2 Byggeskikk 1:3 Informasjon om miljø 1:3:1 Klima 1:3:2 Tekniske installasjonar 1:3:3 Skader 1:3:4 Oversikt over tilstand 1:3:5 Planar 1:3:6 Eigedomsforhold 1:4 Vernestatus for Bryggen 1: 4:1 Innleiing 1: 4:1:1 Status som verdskulturminne 1: 4:1:2 Forvaltning etter kulturminnelova 1: 4:1:3 Forvaltning etter plan og bygningslova 1: 4:1:4 Samarbeidsplikta 1:4:2 Offentleg forvaltning 1: 4:2:1 Den norske stat 1: 4:2:2 Hordaland fylkeskommune 1:4:2:3 Bergen kommune 1:4:3 Stiftelsen Bryggen 1:4:4 Bryggen Private Gårdeierforum 1:4:5 Stiftelsen Bryggens Museum 1:4:6 Hanseatisk Museum 1:4:7 Prosjekt Bryggen

1:5 Vedlegg til del 1 1:5:1 Flytta og revne bygg 1:5:2 Restaurerte bygningar 1:5:3 Bryggestredet 1:5:4 Plan, snitt og fasade. Bredsgården 1:5:5 Prinsippskisse vegg 1:5:6 Prinsippskisse svalgang 1:6 Kart frå Byantikvarens Kulturminnegrunnlag for Vågen, kaiene og Bryggen Kart 1:1 Topografi og tidlig historie Kart 1:2 Antatt plassering av første bebyggelse Kart 2:8 Bebyggelsestruktur Kart 3:1 Kommunikasjonslinjer Kart 4:1 Fredete bygg og anlegg Kart A Sammenstillingskart, bygningsstruktur Kart B Sammenstillingskart, sjøtilkomst og bebyggelsesstruktur

DEL 2 VURDERING AV KULTURMILJØET 2:1 Verdiar 2:2 Kunnskapsverdiar 2:2:1 Universell verdi 2:2:2 Historisk verdi 2:2:3 Bygningshistorisk verdi 2:3 Opplevingsverdiar 2:4 Bruksverdiar 2:5 Bevaringsideologi 2:6 Vedlegg del 2

DEL 3: FORVALTNING AV KULTURMILJØ 3:1 Brannsikring 3:2 Vedlikehald 3:3 Istandsetting 3:3:1 Handverk 3:3:2 Dokumentasjon 3:3:3 Arkiv 3:3:4 Formidling 3:3:5 Frontareal 3:4 Bruk 3:4:1 Turisme 3:4:2 Parkering 3:5 Handlingsplan 3:5:1 Vern 3:5:2 Bevaring 3:5:3 Formidling 3:6 Vedlegg til del 3 3:6:1 Referanseliste til del 3 3:6:2 Tilføyingar til del 3

FORORD Bryggen i Bergen er eitt av fem norske kulturminne som står på UNESCO si liste over verdas kultur og naturarv. Dei andre er Røros, Urnes stavkyrkje, Vegaøyane og helleristningane i Alta. Hovudgrunngjevinga til at Bryggen kom med på Verdsarvlista i 1979 er byggeskikken som representerer ein nordeuropeisk urban bygningstradisjon som har røter i mellomalderen og at ein her har den einaste gjenverande del av eit hanseatisk kontor. Ein plass på Verdsarvlista plasserer Bryggen mellom andre kjende monument som Den Kinesiske Mur, Keopspyramiden i Egypt og Akropolis i Hellas. Den Norske stat har ved ratifisering av UNESCO konvensjonen forplikta seg til å verne, bevare og formidle dei verdiane ein har på Bryggen. Med dette har vi tatt på oss eit stort ansvar. Eit ansvar som vi tek på alvor. Som del av den statlege oppfølginga av verdsarvkonvensjonen vert det gjennomført evalueringar av verdskulturminna av uavhengige ekspertar kvart sjette år. Staten har engasjert ICOMOS (International Council On Monuments and Sites) til å gjere denne evalueringa av Bryggen i 1994 og 2001. For å møte dei utfordringane som låg i oppfølginga av tilrådingane frå ICOMOS-evalueringa tok Hordaland fylkeskommune på seg ansvaret for å lage ein forvaltningsplan for Verdskulturminnet Bryggen. Hordaland Fylkeskommune har med delegasjon av ansvar og mynde etter Kulturminnelova hatt tilsynsansvar med bygningsmassen i Verdskulturminnet Bryggen fram til 1. februar 2004 då Byantikvaren i Bergen Kommune tok over. Forvaltningsplanen som her ligg føre er arbeidd fram i Kultur og idrettsavdelinga i Hordaland Fylkeskommune i samarbeid med representantar frå Byantikvaren, Bryggen Private Gårdeierforum, Stiftelsen Bryggen, og Riksantikvaren-distriktskontor vest. Det nære samarbeidet mellom forvaltningspartane har vore ein føresetnad for at planen skulle få det rette forhold mellom bevaring av kulturminnet og utvikling av Bryggen som ein levande bydel i Bergen sentrum. Forvaltningsplanen er eit viktig verkemiddel for å få gjennomført tilrådingane og skal gje overordna rammer for det vidare arbeidet. Den skal ta føre seg dei viktigaste problemstillingane vedrørande sikring, istandsetting, vedlikehald og formidling på og inneheld retningslinjer om nødvendige tiltak og ansvarsforhold. Dette vil vere ein viktig reiskap for alle som er involverte arbeidet med å verne, bevare og formidle verdiane i dette unike kulturminnet. TORILL SELSVOLD NYBORG FYLKESORDFØRER HORDALAND FYLKESKOMMUNE

INNLEIING: Bakgrunn Bryggen i Bergen; grunnen, fundamenta og bygningane, er i dag freda etter Kulturminnelova (1978), men vart første gang freda etter Lov um bygningsfreding i 1927 Bryggen vart tatt med på UNESCO si liste over verdskulturminne i 1979. Konvensjonen om bevaring av verda si kultur og naturarv vart vedteken 16. november 1972 på UNESCO si generalforsamling, og ratifisert av Noreg 12. mai 1977. Konvensjonen omhandlar bevaring av kultur - og naturarv som har framståande universell verdi frå eit historisk, kunstnarleg, vitskapleg eller estetisk synspunkt, og er tufta på to hovudprinsipp: 1. Det er det einskilde land som har hovudansvar for å sikre dei delane av verdsarven som ligg på landet sitt territorium. 2. Alle land som har ratifisert konvensjonen godkjenner at det internasjonale samfunn har plikt til å samarbeide for å sikre bevaring av ein arv som alle har del i. ICOMOS (International Council on Monuments and Sites) kom med følgjande grunngjeving ved nominasjonen I 1979: In its present form, following the 1702 fire, Bryggen, a harmonious ancient quarter, illustrates the use of space in a quarter of Hanseatic merchants. It is a type of modern fundaco unequalled by even Lübeck and Novgorod. Bryggen vart difor ført opp på verdsarvlista etter kriterie 3, etter Operational guidelines for the Implementation of the World Heritage Convention, artikkel 24 (a): (iii) bear a unique or at least exceptional testimony to a civilization or cultural tradition which has disappeared. Under evalueringa i 1993 vart det lagt fram forslag om at kriteria 4 og 5 skulle vurderast som relevante: (iiii) be an outstanding example of a type of building or architectural ensemble or landscape which illustrates (a) significant stage(s) in human history. (iiiii) be an outstanding example of traditional human settlement or land use which is representative of a culture (or cultures), especially when it has become vulnerable under the impact of irreversible change; or, in exceptional circumstances or in conjunction with other criteria. Før ein eventuell renominasjon vert sett i verk vil ein sjå til at desse omgjevnadane vert verna innanfor dei lovheimlar ein har i plan - og kulturminnelovgjevinga.

I World Heritage Convention vert det i artikkel fem påpeika at verdsarven skal integrerast i alminneleg planleggjing, ha gode organisatoriske tilhøve, vere stimulert av vitskapeleg og teknisk aktivitet og forsking, stetta av juridiske, vitskapelege, økonomiske og administrative tiltak og fremja gjennom oppretting av regionale senter for utdanning og formidling. Forvaltningsplanen er forma ut frå denne overbygninga, og skal sikre dei omsyna som vert nemnd i konvensjonen. Mål for forvaltningsplanen Forvaltningsplanen skal vere ein reiskap for å sikre ei best mulig bevaring av Verdskulturminnet Bryggen slik at dei kulturelle ressursane kan overleverast til komande generasjonar mest mulig intakt. Forvaltningsplanen skal seie noko om sjølve kulturminnet og presisere kva typar verdiar som skal bevarast. Planen tek opp forvaltningsmessige og administrative tiltak og korleis desse skal setjast i verk. Dette vil vere eit viktig rammeverk for alle som deltek i arbeidet og vil gje eit heilt naudsynt supplement til eksisterande struktur av lover og føresegner. Forvaltningsplanen er eit avtaledokument som byggjer på ei felles forståing av kva verdiar ein har i Verdskulturminnet Bryggen og korleis desse skal forvaltast. Følgjande parter har forplikta seg til å arbeide for målsettingane i forvaltningsplanen: Bryggen Private Gårdeierforum Stiftelsen Bryggen Riksantikvaren, distrikskontor Vest Byantikvaren i Bergen Hordaland Fylkeskommune Foto: Ann Steindal