Årsrapport og rekneskap



Like dokumenter
SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Kvalitetsplan mot mobbing

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

10/60-14/N-211//AMS

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

Forslag frå fylkesrådmannen

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Barnehageplan for Vinje kommune

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Tertialrapport 2 tertial 2015

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

SOGN driftig raus ekte

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Sandeid skule SFO Årsplan

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Oppdragsansvarleg revisor finansiell revisjon

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Handlingsprogram og økonomiplan

Lønnsundersøkinga for 2014

Sentrale utviklingstrekk i Luster kommune. Næringsarbeidet i Luster kommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Aurland kommune Rådmannen

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 72/12 12/1226 Endring av selskapsavtale for Alarmsentralen Sogn og Fjordane IKS

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Arbeidsreglement Sund kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: M74 Arkivsaksnr.: 12/1269

Nedbemanning/ omstilling. Stranda kommune

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kiwi-bygget (gamle 1881) 2. etg. Lærdal Møtedato: Tid: kl

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

Ottar Bjørkedal Eid vgs

MØTEPROTOKOLL. 2/10 09/3280 Søknad om lån i næringsfondet til bruksutbygging. 3/10 09/2352 Forprosjekt Sogn Brannvern

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:45. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

PPT-organisering i Sogn Oppsummering og tilråding frå prosjektleiar

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

1. Mål med samhandlingsreforma

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

VEDTEKT av februar 2007

Transkript:

Årsrapport og rekneskap 2010 Opning Gullringtunnelen Frå Luster barnehage Konferanse kvinner og ungdom Luster bad Rådmannen, mars 2011

Luster kommune - årshjul 2010 - Luster kommune sitt styringssystem består av ulike politiske og administrative dokument og aktivitetar. I årshjulet under er dokument og aktivitetar som syner samspelet mellom politisk nivå, rådmannsnivå og einingane innplassert Teiknforklaring til raud og blå aktivitet Teiknforklaring til dei grøne aktivitetane TP - tenesteplan BU-S - brukarundersøking skule, elevar og foreldre B - budsjett LD - leiardialog ØP - økonomiplan MS - medarbeidarsamtale PP - planleggingsprogram VR - vernerundar R - rekneskap BU-BH - brukarundersøking barnehage Å - årsmelding BD - brukardialog K - kostra IU - innbyggjarundersøking T1 - tertialrapport MU - medarbeiderundersøking T2 - tertialrapport

Styringsmål i årsrapporten Nådde vi måla i 2010? = ikkje heilt = så godt som = og vel så det Tilsvarande fargekodar er nytta i heile dokumentet Innhaldsliste Side Føreord 2 Interkommunalt samarbeid 4 Folketal og sysselsetjing 8 Folkehelse 10 Kommunen som verksemd 12 Folkevalde 17 Administrasjon 20 Barnehage 23 Grunnskule 26 Helse 30 Pleie og omsorg 34 Sosial 40 Tekniske tenester 44 Næringsutvikling og naturforvaltning 52 Kultur 56 Rekneskapen 2010 59 Revisjonsmelding 80 Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010 1

Føreord Rådmannen i Luster legg med dette fram årsrapport og rekneskap for 2010, også i år som eit samla dokument. Dette er rådmannen si viktigaste attendemelding til kommunestyret. I år er årsrapporten utvikla vidare ved at det innafor tenesteområda er skilt noko tydelegare mellom generelle/ Tore Eriksen tidlause og årsspesifikke tekstar. Det er vidare lagt stor vekt på å stette dei krav kommunelova set i høve rapporteringa til kommunestyret. Rådmannen viser her til kommunelova 48, punkt 1, der det står: Kommuner skal for hvert kalenderår utarbeide årsregnskap og årsberetning. 1) Rekneskapen for 2010 Kommunelova sitt rapporteringskrav på rekneskapssida ligg i 48, punkt 2-4, og lyder slik: 2. Årsregnskapet skal omfatte alle økonomiske midler som disponeres for året, og anvendelsen av midlene. Alle kjente utgifter og inntekter i året skal tas med i årsregnskapet for vedkommende år, enten de er betalt eller ikke når årsregnskapet avsluttes. Årsregnskapet skal føres i overensstemmelse med god kommunal regnskapsskikk. 3. Kommunestyret vedtar selv årsregnskapet. Vedtaket treffes på grunnlag av innstilling fra formannskapet. Vedtaket må angi disponering av regnskapsmessig overskudd eller dekning av regnskapsmessig underskudd. 4. Underskudd på årsregnskapet som ikke kan dekkes på budsjettet i det år regnskapet legges fram, skal føres opp til dekning i det følgende års budsjett. Under særlige forhold kan kommunestyret, etter å ha foretatt de nødvendige endringer i økonomiplanen, vedta at underskuddet skal dekkes over inntil ytterligere to år Slik rådmannen ser det vert desse lovkrava stetta i denne årsrapporten. 1) Det kommunelova kallar årsberetning kallar rådmannen årsrapport. Driftsrekneskapen Driftsrekneskapen er gjort opp med eit overskot på 19,1 mill kr. Bak dette ligg meirinntekter på skatt/rammetilskot på 2,1 mill kr og på renteinntekter/aksjeutbytte på 9,5 mill kr. Av denne avkastninga er 8,0 mill kr avsett til fond (bufferfond finansforvaltning) og har såleis ikkje innverknad på resultatet. Resterande del av overskotet kjem frå tenesteområda. Korrigert for fondsavsetjingar har dei ulike tenesteområde meirinntekter/mindreutgifter på omlag 15 mill kr. Dei største postane er: Premieavvik 4,9 mill kr, statstilskot barnehage 2,6 mill kr, konsesjonskraftvinst 3,1 mill kr, momskompensasjon investeringar 2,1 mill kr. I tillegg kjem mindre driftsinnsparingar på tenesteområda. Rådmannen vil gje ros til tenesteleiarane for god budsjettdisiplin. Resultat for 2010 vil ikkje utan vidare slå inn også i 2011. Premieavviket må dekkast opp i 2011 og gjev over ein 2-årsperiode ikkje resultatverknad. Øyremerka statstilskot barnehagar går ut frå 2011. Konsesjonskraftvinsten vil kunne variere, men ein større del vil kvart år verta sikra i forkant av budsjetteringa (jf sikringsstrategien). Momskompensasjon investeringar er avhengig av investeringsnivået. I tillegg vil beløpet som skal gå til investeringsrekneskapen auke med 20 % årleg (forskriftskrav). Investeringsrekneskapen Investeringsrekneskapen er gjort opp i balanse. Det har vore god styring og kostnadskontroll over investeringane. Kommunen har gjennom året fått eit betre tidssamanfall mellom løyvingar og gjennomføring. I 2009 hadde vi eit tidsmessig etterslep på ca 36 mill kr. Etterslepet pr 31.12.10 er kome ned i 20,9 mill kr. Forskotteringa av Fv55 Gullringtunnelen Ved utgangen av 2010 var det rekneskapsført renteutgifter på 4,5 mill kr til rassikringa av Gullringtunnelen. Oppteke lån til dette prosjektet er sikra ved fasterente fram til medio 2013. Kommunestyret har pr dato reservert 38 mill kr til tiltaket. Årsrapporten for 2010 Kommunelova sitt rapporteringskrav for årsrapporten ligg i 48, punkt 5, og lyder slik: I årsberetningen skal det gis opplysninger om forhold som er viktige for å bedømme kommunens økonomiske stilling og resultatet av virksomheten, som ikke fremgår av årsregnskapet, samt om andre forhold av vesentlig betydning for kommunen. Det skal også redegjøres for tiltak som er iverksatt og 2 Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010

tiltak som planlegges iverksatt for å sikre en høy etisk standard i virksomheten. Det skal redegjøres for den faktiske tilstanden når det gjelder likestilling i kommunen. Det skal også redegjøres for tiltak som er iverksatt, og tiltak som planlegges iverksatt for å fremme likestilling og for å hindre forskjellsbehandling i strid med likestillingsloven, samt for å fremme formålet i diskrimineringsloven og i diskrimineringsog tilgjengelighetsloven. Slik rådmannen ser det vert desse lovkrava stetta i dette fellesdokumentet. Store politiske saker Rådmannen sitt arbeid har i 2010 vore prega av å følgje opp kommunestyrevedtak frå 2009 og leggje fram nye saker. Av nye og store vedtak i 2010 vil rådmannen særleg nemne: Konsesjonskrafta (godt resultat). Nytt finansreglement (jf Terrasaka). Styringsmåla (jf forvaltningsrevisjon). Engjadalselvi (vert ikkje utbygging). Naturarven; verdiskapar (deltaking). Reguleringsplan Hafslo sentrum. Bustadfeltet Borhaug (utbygging). Oppreisningsordning (tilslutning). Tilstandsrapport for grunnskulen. Grunnskulestrukturen (inga endring). 5 oppvekstsenter (frå 2012). Hafslo barne-/u.skule (arealvurdering). Helsesenteret/ambulanseløysing. Sogn brann og redning IKS. Ny plan for vassforsyning. Luster bad (biosatsing). Avtale med Subsea 7 Norway (kjøp). Medlemer i kommunestyret (25). Desse vedtaka er dels følgde opp og dels under oppfølging. Sakene er omtalte i årsrapporten. Av viktige hendingar elles bør nemnast opninga av Gullringtunnelen 15.juni 2010 og gjenopninga av Urnes stavkyrke 2.september 2010. Folketalsutviklinga i Luster Luster kommune hadde ei svært positiv folketalsutvikling også i 2010. Innbyggjartalet auka frå 4.945 til 5.023, altså med 78. Dette er ein endå sterkare auke enn i 2009 (66). 5.023 er det høgste nivået som er registrert i Luster i nyare tid. Bakanforliggjande tal viser samtidig avvik i høve normalen. Nesten heile auken kom pga nettoinnflyttinga (innflytting - utflytting). Fødselsoverskotet (fødde - døde), som jamt over har vore positivt, vart på berre 4 personar. Kommunestyret etisk standard Luster kommunestyre har dei siste åra engasjert seg i fleire saker som vedkjem etisk standard, jf kommunelova sitt krav på dette området. Som døme kan nemnast vedtaket om at både folkevalde og administrative leiarar bør registrere eigne verv i KS sitt styrevervregister (2007), vedtaket om å bli Fairtrade-kommune (2009), vedtaket om etiske retningsliner for dei folkevalde (2009) og vedtaket om å slutte seg til den fylkesdekkande oppreisingsordning retta mot barn som kan ha blitt utsett for overgrep eller omsorgssvikt under kommunal omsorg. Kommunestyret sine styringsmål I 2008 kåra Dagens Næringsliv, ved hjelp av data om levestandard, sosiale forhold og tenestetilbod, Luster til landets beste kommune å bu i. Sistnemnde kategori dreier seg stort sett om dei kommunale tenestene. Kommunestyret tok same år til med å formulere eigne styringsmål for tenestene. Første års styringsmål (2008) vart oppsummert i årsrapport 2009. Årets rapport viser i kor stor grad vi greidde å gjennomføre styringsmåla for 2010. Oppsummering - 2010: Nådde vi måla i 2010? Tenesteområde/styringsmål Ikkje heilt Så godt som Og vel så det Lokaldemokratiundersøkinga x 1) Barnehage - brukarane x Grunnskulen, eksamen (10 kl) x Grunnskulen, nasjonale prøver x Grunnskulen, motivasjon x Grunnskulen, trivsel x Helse, tenesteytinga x x x Sosiale tenester, NAV x x Sosiale tenester, barnevernet x x Tekniske tenester x Kultur, bibliotektenester x Kultur, kulturskulen x Klagesaker m/omgjering x x Medarbeidartilfredsheit x Tilsette - sjukefråvær x 1) Gode resultat. Målsetjing var ikkje formulert. Årets temasider I årets rapport har rådmannen teke inn tverrfaglege temasider om følgjande emne: Interkommunalt samarbeid, folketal og sysselsetting, folkehelse og kommunen som verksemd. Rådmannen vil avslutningsvis takke kommunestyret for godt samarbeid også i 2010. Gaupne, mars 2011 Tore Eriksen Rådmann i Luster Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010 3

Tema Interkommunalt samarbeid Sogn Regionråd hadde ei av samlingane sine på Fuglesteg hausten 2010. Her er ordførarane samla framfor hovudbygninga. F.v. Olav Ellingsen, Aurland, Marta Finden Halset, Vik, Jarle Aarvoll, Sogndal, Arne Sanden, Lærdal, Olav Lunden, Leikanger og Torodd Urnes, Luster. Luster kommune samarbeider med andre kommunar både nasjonalt, regionalt og lokalt. Denne årsrapporten vil gje ei brei oversikt over dette samarbeidet med vekt på Sogn Regionråd og dei næraste nordsidekommunane. Kommunen sin policy når det gjeld interkommunalt samarbeid har vore og er at vi skal utvikle og drive kjerneområda barnehage, grunnskule, pleie/omsorg og vitale helsetenester sjølv, medan vi på nær sagt alle andre område er innstilt på å gå inn i gode samarbeidsløysingar. Nasjonalt nivå På nasjonalt nivå er Luster tilslutta KS (tidlegare Kommunanes Sentralforbund), Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK) og Norske utmarkskommunar (USS). Fylkesnivået Luster samarbeider med alle kommunane i fylket om felles innkjøpsavtaler (SFFI). Ordninga vert administrert av fylkeskommunen. Luster var ved inngangen til 2010 part i ca 30 avtaler innretta mot ulike vare- og tenestegrupper. Luster kommune er tilslutta den fylkesdekkande Alarmsentralen, eit interkommunalt selskap (IKS) der vi også er med på eigarsida. Alle kommunane er tilslutta akuttbiten (brann/ulukke) og stadig fleire, deriblant Luster, nyttar seg no også av tilbodet om tryggleiksalarmar. Kommunane fekk frå 2010 eit lovpålagt ansvar for å yte tenester til kvinner, menn og barn i krise. For åra 2010-11 imøtekjem Luster dette ved å yte driftsstøtte til det fylkesdekkande Krisesenteret i Flora (stifting). I løpet av 2011 vil ei arbeidsgruppe på fylkesnivået vurdere om dette tilbodet bør organiserast som eit vertskommunesamarbeid med Flora kommune som vert. Luster sitt årlege tilskot er på knapt 350.000 kr og må finansierast over kommunen sine frie midlar. Sogn Regionråd Sogn Regionråd står for interkommunalt samarbeid i indre og midtre Sogn. Regionrådet hadde i 2009 8 medlemskommunar og eit sekretariat lagt til Sogndal kommune. Frå 2010 er medlemstalet 7 som følgje av at Årdal har vald å forlate rådet. Ordførarane er fullverdige medlemer, medan rådmennene samarbeider i ei meir driftsretta rådmannsgruppe. Luster kommune og nesten alle kommunane i fylket samarbeider også med fylkeskommunen om ei felles arkivteneste. Hovudfokuset er å ta vare på eldre arkivmateriale. Ordføraren vår vart vald til leiar i rådet i 2010, medan rådmannen i Luster leia rådmannsgruppa i 2009-10. Sogn Regionråd har spelt ei sentral rolle i arbeidet med å 4 Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010

få rusta opp Sogndal lufthamn. Det regionale samarbeidet har elles vore tufta på ein del utvalde satsingsområde som også er prioriterte i samarbeidsavtalen med fylkeskommunen om regionale utviklingsprosjekt. Sogn Regionråd her gjennom åra teke initiativ til og vore med å etablert selskapa SIMAS (IKS), SognLab (AS) og Sogn og Fjordane Revisjon (IKS). Dette er eigne rettssubjekt der kommunane har eigardelar i form av aksjar eller innskot. Selskapa har eigne vedtekter, generalforsamling og styre og er såleis uavhengige av regionrådet. Blant desse selskapa er renovasjonsselskapet SIMAS flaggskipet. Dei syter for all handsaming og transport av hushaldsavfall i kommunane. For næringsavfallet er det private tilbydarar ved sida av SIMAS. I 2010 vart det gjennomført eit eige forvaltningsrevisjonsprosjekt i høve Simas. Ved kommunestyret si handsaming av tilhøyrande rapport, vart det gjort vedtak om at rådmannen i neste kommunestyreperiode skal utarbeide ei eiga eigarskapsmelding for Luster kommune. Det kommunalt eigde selskapet Sognlab kontrollerer m.a. vasskvaliteten i kommunane våre og har for tida 2-3 stillingar. Regionrådet og fylkeskommunen samarbeidde for nokre år sidan om å etablere selskapet Sogn og Fjordane revisjon. Dette selskapet yter i hovudsak finansielle revisjonstenester. I 2010 utarbeidde Sogn og Fjordane revisjon IKS ovannemnde revisjonsrapport i høve Simas (selskapsrevisjon). Sogn Regionråd står og saman om fleire tilskotsordningar: Den mest sentrale tilskotet gjeld Sogn og Fjordane museum - avdeling De Heibergske Samlingar. Avtalegrunnlaget for dette tilskotet vart fornya i 2009 og alle kommunane, samt Årdal, har no slutta seg til. Ordninga er ikkje tidsavgrensa. Museet vårt (Kaupanger) har ei stor samling frå Luster, både bygningar og gjenstandar. Regionrådet yter for tida kr 100.000,- pr år til Njøs Forskingsstasjon (Leikanger) og det er gjeve tilsegn ut året 2011. I Sogn Regionråd samarbeider vi og gjennom fleire vertskommuneavtaler. Alt i 1999 vart det etablert ei eiga avtale om felles arbeidsgjevarkontroll med Årdal kommune som vert. Ordninga er nært kopla til dei kommunale skatteinnkrevjarfunksjonane og har pr dato 2 stillingar. Samarbeidet er vidareført etter 2009, jf Årdal si utmelding av regionrådet. Seinare (2004) vart det inngått ei avtale om miljøretta helsevern i skular og barnehagar, med Sogndal som vert. Ordninga har pr dato 1 stilling, fysisk lagt til Mattilsynet Sogndal. For nokre år sidan etablerte regionrådet eit generelt GISsamarbeid knytt opp mot ein ressurs i Vik kommune, som har eit tett fagleg samarbeid med dagleg leir i regionrådet. Dette samarbeidet løper ihht gjeldande avtale ut i 2010. I løpet av året vart avtalen forlenga ut 2011. Ein skal i 2011 gjere ei nærare vurdering av kva oppgåver som skal ha prioritet. I 2010 vart det i regionrådet gjort vedtak om at kommunane våre bør kunne samarbeide om miljøsertifisering av verksemder og bedrifter. Luster kommunestyre gjorde i juni 2010 vedtak om å slutte seg til den utvikla samarbeidsordninga. Sogn Regionråd har og initiert ein del avtaler med fylkeskommunen. Dette gjeld Norsk Helsenett (auka samhandling mellom spesialist- og kommunehelsetenesta), SOFIE (skattenett), drift av felles GIS-løysing (geografiske informasjonssystem) og drift av Kommunenett (internettilgangar). Desse avtalene er inngått direkte mellom Regionrådet og fylkeskommunen og kvar kommune gjer opp for seg anten via rådskontingenten eller direkte. Gjennom Sogn Regionråd er det og etablert ein del avtaler med eksterne partar. Døme: Avtale om sekretariat for kontrollutvala (PricewaterhouseCoopers AS), kontrollar etter alkohollova (Nordenfjeldske AS), forsikringsavtaler (meklar), GIS/ Line (Norkart Geoservice), avtale med Sogn og Fjordane Felles Innkjøp (SFFI) og avtale med Helse Vest om kjøp av farmasøytiske tilsynstenester. Avtalen i høve sals- og skjenkekontrollar vart i 2010 forlenga til september 2012 (opsjon), ordninga i høve kontrollutvala vart forlenga til utgangen av 2012 (opsjon) og avtalen med Helse Vest vart forlenga ut 2011. Dei fleste av desse avtalene har sitt grunnlag i anbod og forhandlingar i regi av Regionrådet. Avtalane vert likevel inngått mellom kvar einskild kommune og dei respektive partar. Sogn Regionråd står også bak ein del prosjekt. Dette gjeld Sats på skulen - snu Sogn, skuleregion Sogn, GIS (geografiske informasjonssystem), Regionalt ungdomsnettverk, Breibandutbygging og Nye heimesider. Alle desse er finansierte og drifta av Regionrådet, Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010 5

dels via kontingenten og dels ved tilskotsmidlar frå stat/ fylkeskommune. Blant desse prosjekta har Sats på skulen snu Sogn stått sentralt (2006-12). I løpet av 2010 vart det lagt til rette for at også barnehagesida kom med. I prosjektet står elles skuleeigarrolla, leiarutvikling og felles fagnettverk sentralt. Luster kommunestyre gjorde i november 2008 vedtak om korleis vi vil følgje opp arbeidet som skuleeigar. Dette resulterte i ein eigen temadag i kommunestyret i 2009. Denne vart følgd opp med ein tilsvarande dag i september 2010. Arbeidet med nye heimesider stod sentralt i 2009-10. Dette utvikla seg etter kvart til å bli eit samarbeid på nordsida og eit på sørsida av fjorden. Den nye sida vårt vart offisielt opna i slutten av november 2010. Kort tid etter vurderte Difi den nye heimesida til terningkast 6. I 2010 vart det også på regionnivået - starta opp eit eige GIS-prosjekt knytt til vatn og avløp. Arbeidet kan bli omfattande og er førebels berre i oppstartfasen. Sogn Regionråd tek og del i ein del nettverksarbeid, som t.d. Breibandforum, IKT Helsenettverk og IKT skulenettverk. I 2010 starta rådmannsgruppa i Sogn Regionråd eit samarbeid med grunnlag i eit utvida lovkrav i høve bedriftshelsetenester. Ved årsskiftet 2010/11 var det klarlagt av 5 av kommunane, deriblant Luster, vil gjennomføre eit felles anbod med tanke på eit tenestekjøp. Denne saka vil venteleg bli avslutta 1.halvår 2011. BLLS kommunane Delar av IKT-funksjonen i Regionrådet er delt mellom ÅLAV (sørsida) og BLLS (nordsida; Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal). Nordsida starta i 2007 eit omfattande samarbeid om utvikling og drift av diverse IKT-løysingar. Det vart tidleg utarbeidd ein eigen strategiplan (2008-12) og tilsett prosjektleiar. Samarbeidet er omfattande og femner om stadig nye saksfelt/prosjekt. Ved årsskiftet 2008/09 starta nemnde kommunar, saman med fylkeskommunen, ein prosess med sikte på å gå over til same økonomi-, personal- og lønssystem. I 2010 vart det gjennomført anbod og val av felles leverandør, medan det nye systemet etter planen skal kome i drift frå 1.april 2011. Leikanger, Sogndal og Luster Kommunane Leikanger, Sogndal og Luster etablerte i 2006 ein interkommunal kulturskule, Sogn kulturskule, med Leikanger som vert. Samarbeidet vart evaluert i 2008 med relativt gode resultat. I 2009 vart det konkludert med at tilhøyrande distriktsmusikarordning skal vidareførast, men då med eit breiare geografisk arbeidsfelt. I 2007 vart det mangeårige jordmorsamarbeidet mellom Leikanger, Sogndal og Luster utvida. Dette har gitt grunnlag for meir stabile tenester. I 2008 etablerte dei same kommunane eit felles Sogn barnevern. Sogndal er vert. Målet er at kommunane skal få ei meir robust teneste og at det skal vere ein viss distanse mellom det nye kontoret/dei tilsette og dei som treng hjelp. Det nye kontoret har så langt fungert godt. Ved årsskiftet 2010/11 gjennomfører KPMG, på oppdrag frå dei aktuelle kommunestyra, eit forvaltningsrevisjonsprosjekt i høve Sogn barnevern. Det er kome signal om at også Vik og Balestrand ønskjer å tiltre dette samarbeidet. På det tekniske området inngjekk Luster i 2007 ei ny 5-årig avtale med Sogndal og Leikanger om sal av feietenester. Avtalen ga grunnlag for to heile stillingar og gevinstar når det gjeld det faglege, kvaliteten i tenesta og arbeidsmiljøet. Ved årsskiftet 2008/09 vedtok Luster kommunestyre at vi skulle greie ut og søkje samarbeid med Leikanger og Sogndal innan oppmåling, byggesakshandsaming og teknisk drift. Investeringar i større maskinar skulle også utgreiast. Kommunestyret fekk ei førebels løypemelding hausten 2009. 2 prosjekt har så langt vore prioriterte: I 2009/10 vart det gjennomført både eit forprosjekt og eit hovudprosjekt i høve etablering av eit Sogn brann og redning IKS. I løpet av prosjektarbeidet melde også Balestrand og Vik seg på. Alle 5 kommunestyra gjorde i desember 2010 endelege vedtak om å skipe selskapet og det vart vedteke både ein etablerings- og ein selskapsavtale. Det vart også tilsett felles brannsjef. Det nye selskapet konstituerte seg i januar 2011 og representerte då det største brannsamarbeidet i fylket. Ovannemnde samarbeid om feietenester er no integrert i det nye brannsamarbeidet. Det har også vore framdrift i arbeidet for å etablere ein felles funksjon (1 stilling) knytt til eit utvida byggjetilsyn. Dette arbeidet går formelt i regi av Sogn Regionråd, men Aurland og Lærdal har så langt reservert seg. Det inneber at prosjektet har same geografiske nedslagsfelt som Sogn brann og redning IKS. Våren 2011 vil det bli avgjort om byggjetilsynsarbeidet vil bli lagt til Sogn brann og redning IKS slik at brann- og byggjetilsynet kan samordnast. Luster kommunestyre vedtok i mars 2008 å byggje eit 6 Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010

regionalt bade- og symjeanlegg i Gaupne. Leikanger og Sogndal er tidlegare utfordra til å yte investerings-/driftsstøtte. Leikanger har stilt seg positiv, utan å spesifisere noko beløp. Sogndal har meldt at ein kan yte eit investeringstilskot på kr 300.000,-. Luster kommunestyre vedtok i september 2009 eit tilhøyrande forprosjekt. Fram til sommaren 2010 vart det gjennomført detaljplanlegging og anbod og arbeidet starta sommaren 2010 med Sogn Entreprenør som hovudentreprenør. Anlegget er venta å stå ferdig i 2012. Sogndal og Luster Frå 2006 har Luster og Sogndal drive Reisemål Sogndal og Luster AS. Kommunane yter årlege tilskot. Luster er inne på eigarsida og selskapet vert administrert frå Gaupne. Reisemålsselskapet er medeigar i selskapet Visit Sognefjord AS, der heile reiselivet i Sogn samarbeider om marknadsføring og sal. Annan interkommunal aktivitet Luster kommune er med på eigarsida i Sognekraft (knapt 7%). Selskapet har hovudkontor i Vik, eigen produksjon i Årøy og Vikfalli og nettkonsesjon i Balestrand, Vik, Leikanger og Sogndal. Luster Energiverk eig knapt 13% i Sognekraft og Luster kommune eig igjen knapt 18% av aksjane i Luster Energiverk. Luster kommune er, saman med kommunane i Sogn og fylkeskommunen, med på eigarsida i Sogneprodukter, med hovudkontor i Vik. Dette er ei bedrift med verna arbeidsplassar som også har arbeidstakarar utplassert i kommunane hjå ulike arbeidsgivarar. Eit tilsvarande arbeidsområde ligg under vårt eige Luster Arbeidssenter A/S - som også bistår nabokommunane. Luster kommune har tett og delvis prosjektbasert samarbeid med både fylkeskommunen og fylkesmannen innan områda bygdeutvikling og naturbasert næringsutvikling. Både Jostedal, Sørsida/Ornes og Veitastrond er/har vore aktivt med i utviklingsarbeid. Luster kommune har elles mange oppgåver og prosjekt saman med fylkeskommunen og andre kommunar om t.d: Kulturhuset, Storhallen, Fosshaugane Campus, Fjærlandsvegen, Fatlatunnelen og leige/bruk av skulebygget på Hafslo. Bompengeselskapet AS Fjærlandsvegen vart avvikla i november 2010. Samhandlingsreforma Regjeringa la i juni 2009 fram ei eiga stortingsmelding (nr 46) kalla Samhandlingsreforma, der ein legg opp til nye grensnitt mellom kommunane og helseføretaka og eit noko utvida samla oppgåvespekter frå 2012. Det er venta at regjering og Storting fastset innhaldet i reforma i løpet av 2011 gjennom eigne lover og nasjonale planar. Samarbeid om reiseliv og rekrutteringsmesse. Denne plakaten - i stort format - vart nytta på Sogn Regionråd sin stand på rekrutteringsmessa i Trondheim, Oslo og Bergen 2011. Desse er venta at ein vil følgje opp i Kommuneproposisjonen og statsbudsjettet for 2012. Dette vil kunne utløyse eit utvida interkommunalt samarbeid. Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010 7

Tema Folketal og sysselsetjing Folketalsutviklinga Folketalet i Luster kommune auka med 78 personar i 2010. Dei to siste åra har såleis folketalet i kommunen auka med 144 personar. Statistisk Sentralbyrå sin statistikk syner slik utvikling av folketalet i Luster: Årstal/dato Innbyggjarar 01.01.70 5126 01.01.80 5102 01.01.90 5172 01.01.00 5003 01.01.01 4955 01.01.02 4966 01.01.03 4926 01.01.04 4924 01.01.05 4927 01.01.06 4889 01.01.07 4884 01.01.08 4870 01.01.09 4879 01.01.10 4945 01.01.11 5023 I 2010 er det 184 personar som har flytta til Luster kommune medan berre 117 flytta ut. Det gjev eit stor nettoinnflytting. Fødselsoverskotet var på berre 4 personar. Det var 46 fødslar i Luster dette året. Sjå tabellen til høgre. Frida til Charlotte og Kjell Arvid Bringe vart fødd 13. oktober 2010. Ho fekk æra av å bli markert som innbyggjar nr. 5000, og vart gjort stas på av ordførar Torodd Urnes då han kom heim til dei med blomster og ein sjekk på 2.000 kroner. Krinsfordelinga Utviklinga internt i kommunen viser relativt store endringar. 1.1 1980 var det 1572 innbyggarar i Gaupne og på Hafslo og 3519 innbyggarar i resten av kommunen. 1.1 2009 var tala endra til 2477 i Gaupne (1194) og Hafslo (1283), medan resten av kommunen hadde 2402 innbyggarar. Folketalsutviklinga på grunnkrinsnivå for perioden 2000-2010: Krins/år 2000 2010 2000-2010 endring Mørkrid 15 20 5 Bjørk 74 57-17 Fortun 105 78-27 Bolstad 239 209-30 Fjøsne 10 5-5 Kvåle 112 91-21 Dalsdalen 42 39-3 Dale 207 176-31 For 83 71-12 Flahamar 126 142 16 Nes 186 182-4 Kroken 46 39-7 Sørheim 29 22-7 Ornes 66 41-25 Solvorn 213 213 0 Joranger 234 234-14 Fet 202 169-33 Ugulen 88 69-19 Molland 35 45 10 Galden 222 403 181 Kjos 441 428-13 Beheim 212 180-13 Alme 290 280-10 Heggestad 156 116-40 Mjølverdal 35 24-11 Krundal 136 140 4 Kreken 103 99-4 Sperle 88 82-6 Myklemyr 88 74-14 Alsmo/Dalane 60 44-16 Røneid 109 108-1 Gaupne 520 621 101 Sandvik 409 455 46 Uoppgitt bustad 20 3-17 Totalt 5003 4945-58 8 Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010

Sognekommunane Folketalsutvikling i sognekommunane frå 01.01 2001 01.01.2011 var slik: 01.01 01.01 2001 2011 %-endring 2001-2011 Sogndal 6647 7160 + 7,1 Leikanger 2188 2225 + 1,6 Luster 4954 5023 + 1,4 Lærdal 2201 2224 + 1,0 Årdal 5760 5601-2,8 Vik 2943 2758-6,3 Aurland 1827 1689-7,5 Høyanger 4653 4280-8,0 Balestrand 1530 1343-12,2 Tabellen syner at aksen Leikanger - Sogndal - Luster har hatt best folketalsutvkling siste tiåret. Dei kommunane som ligg lengst borte frå den regionale arbeidsmarknaden har dårlegast utvikling. Sysselsetjinga Oversyn over heilt arbeidslause i Luster syner eit gjennomsnitt på nærare 100 i fyrste halvdelen av nittitalet. Frå denne perioden og fram til i dag har arbeidsløysa gått vesentleg ned. 1.1.11 var det 44 personar som var ledige i Luster kommune. Dette utgjer 1,7 % av arbeidsstyrken. Det var fire fleire ledige enn ved førre årsskifte. Det er viktig å få ei god utvikling av næringslivet i kommunen. Tilgang til arbeid er hovudargumentet for dei fleste med omsyn til val av framtidig buplass. Skal Luster halde på dei relativt store ungdomsgruppene som veks opp no, er utvikling av ein differensiert arbeidsmarknad ei sentral arbeidsoppgåve. Arbeidsmarknaden I år 2000 var det 342 lustringar som arbeidde i Sogndal og 73 frå Luster som arbeidde på Leikanger. I 2009 var det 450 lustringar som arbeidde i Sogndal, medan 98 personar frå Luster arbeidde i Leikanger. Arbeidsstyrken går også den andre vegen. 99 personar frå Sogndal og 12 frå Leikanger arbeidde i Luster i år 2000. I 2009 var det 151 sogndøler som arbeidde i Luster og 24 frå Leikanger. Det var 50 personar frå Luster som arbeidde i Årdal i 2000, medan talet i 2009 var 49 personar. Fødde/døde i Luster 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Fødde 52 51 65 54 59 50 54 66 47 46 Døde 67 69 65 54 55 54 47 46 59 42 Fødselsoverskot - 15-18 0 0 + 4-4 + 7 + 20-12 + 4 Flyttetal for Luster 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Innflytting 172 110 122 135 107 147 106 106 182 184 Utflytting 140 132 120 134 149 148 128 117 103 117 Nettoinnflytting 30-22 + 2 + 1-42 - 1-22 - 11 79 67 Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010 9

Tema Med folkehelse meiner vi dei levekår som bidreg til å fremje eller hemme god helse i befolkninga definert som bustadforhold, økonomisk tryggleik, skule- og arbeidssituasjon, hjelp etter behov, sosial tilhøyre, ytre miljø og levevanar. Folkehelse satsingsområda fysisk aktivitet, kosthald, rus- og tobakksførebygging og psykisk helse, med barn/unge og eldre som prioriterte grupper. Folkehelsearbeidet har tatt utgangspunkt i korleis kan vi legge til rette for at desse gruppene skal ta vare på eiga helse. Folkehelsearbeid I stortingsmeldinga kalt Resept for et sunnere Norge er folkehelsearbeid definert slik: Folkehelsearbeid innebærer å svekke det som medfører helserisiko, og styrke det som bidrar til god helse. De negative påvirkningsfaktorene virker helsenedbrytende, enten det er ting vi spiser eller drikker, eller befinner seg i det sosiale eller fysiske miljøet rundt oss. Positive faktorer handler bl.a. om styrkende faktorer i miljøet rundt oss, om vårt forhold til våre nærmeste og de nettverk vi inngår i, og hvilken grad livet oppleves å ha mening og være forutsigbart og håndterbart. Dette kan kalles beskyttelses- eller mestringsfaktorer og gir individer og grupper bærekraft og slitestyrke. Folkehelseplanen vår Kommunestyret vedtok i 2009 ein plan for folkehelse i Luster kommune (2009-13). Hovudmålet i planen er formulert slik: Luster kommune skal vere ein god plass å vekse opp. Kommunen skal stimulere til aktive, levande og inkluderande lokalsamfunn der helse, kultur, trivsel og tryggleik vert sett i samanheng. Med basis i denne planen har vi inngått ein avtale om partnarskap med fylkeskommunen. Folkehelse- og politirådet mv Folkehelse- og politirådet er vidareført med ordførar, to folkevalde, rådmann og lensmann, og er supplert med helsesjef, leiar NAV, leiar barnevern og rådgjevar oppvekst. Det er viktig å ha brei samansetnad i rådet. Mandatet er å vere ei strategigruppe samt ein høyringsinstans i plan- og delplansaker som fell inn under rådet. Det er også etablert ei administrativ koordineringsgruppe som behandlar/forankrar nye prosjekt og satsingar. Våre prioriteringar Luster kommune har til no vald å halde på dei fire Barn og unge Barn og unge i Noreg er i dårlegare fysisk form enn tidlegare. 1 time fysisk aktivitet pr dag er tilrådd og berre 50% av 15-åringane følgjer dette rådet. Med mindre fysisk aktivitet og auka matinntak ser vi ein auke i tal overvektige barn. Auka inntak av fisk er ei prioritert oppgåve innafor kost og ernæring. I 2009-10 deltok tre av barnehagane våre i Fiskesprell, ei landsomfattande satsing. Og i 2010-11 har fleire tilsette delteke på kurs. Barnehagepersonalet blir kursa i å lage fiskerettar, og barnehagen er deretter forplikta til å ha minst eit fiskemåltid i veka. Kost og ernæring er eit prioritert område i alle barnehagane våre. Kommunen har over tid satsa på auka fysiske aktivitet for dei mest inaktive. Tiltak for å kome i betre fysisk form vert sett i samanheng med tiltak for kosthald og trivsel. I 2009-10 starta vi pilotprosjektet Fysisk aktivitet og sunt kosthald ved Hafslo barne- og ungdomsskule og Jostedal barnehage. Prosjektet vert vidareført i 2010-11. Målet er å førebyggje overvekt. Parallelt med dette blei det hausten 2010 starta eit prosjekt for foreldre med barn som strevar med fedme og overvekt. Arbeidet er interkommunalt (Leikanger, Sogndal og Luster) og vert leia frå Luster. Utvalde familiar m/barn er med og prosjektet tek føre seg tema som kosthald, grensesetjing og fysisk aktivitet. Målet er å bevisstgjere, ansvarleggjere og få til endringar i familiane sine livsvaner. Prosjektet går til april 2011 og vil deretter bli evaluert. I Jostedal har ein med prosjektet Glede og fysisk aktivitet for førskuleborn satsa på klatring i barnehagen. Prosjekt blei avslutta til jul 2010 og det vil bli vurdert tilsvarande aktivitetar også i andre barnehagar. Luster Danseverkstad er ei satsing på fysisk aktivitet gjennom folkehelseprogrammet, jf samarbeidet med fylkeskommunen. Gjennom heile året har over 150 barn og unge vore innom danseverkstaden, og ved utgangen av 2010 var 136 deltakarar med på aktivitetar. Dei 15 frivillige instruktørane har til saman brukt over 1.000 10 Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010

timar til å undervise i dans. Dette har vore ei storsatsing i Luster. Aktivitetstorget ME N U (starta i 2006) skal vere ein ungdomsstyrt, rusfri møteplass (13-18 år) med tilbod innan fysisk aktivitet, i heile kommunen. I 2010 flytta ME N U base frå Luster Idrettssenter til Soltun ungdomshus og har hatt 30-60 ungdomar innom på vanlege fredagskveldar. Ved kveldsope skitrekk, aking og paintball deltek det ca. 100 ungdomar. På området rusførebygging er kursprogrammet ÔPP (Ôrebro Førebyggingsprogram) teke i bruk. 5 personar i Luster kommune er kursa, med hensikt å nå foreldre i det rusførebyggande arbeidet. Metoden krev 20 minutt på foreldremøte 2 gongar årleg på ungdomsskulen. Tanken er at dersom foreldre blir einige om felles retningslinjer for barna, blir retningslinjene lettare å praktisere for foreldre og lettare å følgje for ungdomen. Fleire studiar har vist god effekt av å involvere foreldre og foreldrenettverk i slikt arbeid. ÔPP skal takast i bruk på foreldremøte frå hausten 2011. I tillegg til ÔPP er arbeid for rekruttering til Nattevandring og fritidsleiing å rekne som rusførebyggande tiltak i kommunen. Psykisk helse blir ivareteke som satsing gjennom ulike skuleprogram. Olweus, PALS og Steg for Steg er døme på program som arbeider med auka sosial kompetanse og det psykososiale skulemiljøet. Eldre Risiko for sjukdom og funksjonshemming aukar med alderen. Samstundes opplever mange eldre at dei har god helse. Dette gjeld fleirtalet frå 65-75 år, og også to av tre 80-åringer klarer seg bra. Luster kommune har i fleire år satsa på tiltak for eldre der aktivitet og sosialt fellesskap står i fokus. Målet er m.a. å førebyggja fallskadar og ulukker. Nokre tal frå 2010 kan illustrere aktiviteten: Gjennomførte førebyggjande heimebesøk Sponsa treningsmånader ved Luster Treningssenter Treningsbesøk Betre Balanse 20 375 1114 I gjennomsnitt 34 avtalar pr månad I gj.nitt 13,5 deltakarar pr gjennomførte gruppe. Førebyggande heimebesøk, fall- og ulykkesførebygging: Alle 75 åringar får tilbod om eit førebyggjande heimebesøk. Heimebesøka vert i dag stort sett gjennomført av friviljuge. Det vert tilbydd gjennomgang av sjekkliste og demonstrasjon av enkle hjelpemiddel for å førebyggje fall og brannulukker. Besøkjar formidlar ulike aktivitetstilbod som finns i nærområdet og kan - dersom personen ønskjer det - ta kontakt med hjelpeapparatet. I 100 mot 100 : Prosjektet legg til rette for at eldre skal kunne nytte Luster treningssenter. Bakgrunnen for satsinga er dokumentert effekt av fysisk aktivitet på m.a. muskelstyrke, beintettleik og fallførebygging hos eldre. I prosjektet ligg individuell styrketrening og uthaldstrening tilrettelagt av fysioterapeut. Målgruppa er alle over 70 år. Aktiviteten og atmosfæren skal leggast til rette for målgruppa, m.a. med tanke på musikkval og liknande. Betre Balanse: Aktivitetstilbod drive av fysioterapeut saman med friviljuge organisasjonar. Gruppetrim for eldre med fokus på betre balanse og styrke. Treninga blir gjennomført på alle tre omsorgssentera ein gong i veka. Balansen til deltakarane vert testa kvart semester (DGI). Målgruppa er eldre som kjenner seg ustøe og kanskje er utrygge for å gå ute (om vinteren). Ny folkehelselov Utkast til ny lov, som har vore ute på høyring, legg opp til følgjande (sitat): Ansvaret for folkehelsearbeidet legges til kommunen som sådan. I dag ligger ansvaret i kommunen ved sin helsetjeneste. Forslaget innebærer at kommunen skal bruke alle sine sektorer for å fremme folkehelse, ikke bare helsesektoren. Kommunen skal fastsette mål og strategier for folkehelsearbeidet egnet for å møte kommunens egne helseutfordringer. Mål og strategier skal forankres i planprosessene etter plan- og bygningsloven. Kommunens ansvar for å ha oversikt over helsetilstand og påvirkningsfaktorer blir konkretisert, slik at de får et tydelig bilde av hva som er de lokale helseutfordringer i den enkelte kommune. Kommunene skal iverksette nødvendige tiltak for å møte lokale utfordringer. Ut frå dette og lokale erfaringar er det i 2010 sett i gang eit arbeid med gjennomgang av folkehelsearbeidet i høve organisering og aktivitet. Stillinga som folkehelsekoordinator/ ungdomskontakt er todelt; funksjonen som folkehelsekoordinator er lagt til rådmannen, medan ungdomskontakten vart vidareført med fokus på prosjekt for barn/unge. Leiande fysioterapeut er koordinator for vaksne/eldre samt kontaktperson i høve eininga helse. Vi har og starta arbeidet med ein samla gjennomgang av folkehelsearbeidet, og under dette vurdering av den vedtekne planen. Vi må i dette arbeidet ta særleg omsyn til nye nasjonale føringa som vert vedtekne i 2011. Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010 11

Tema Kommunen som verksemd Tal årsverk og tilsette Ved utgangen av 2010 hadde ein i organisasjonen totalt 456,22 årsverk med slik fordeling: Pr 31.12.07 Pr 31.12.08 Pr 31.12.09 Pr 31.12.10 Årsverk Tilsette Årsverk Tilsette Årsverk Tilsette Årsverk Tilsette Stab 32,1 35 32,1 35 33,10 35 36,00 39 Teknisk drift 41,8 55 41,9 54 41,64 49 40,64 49 Barnehagar 57,3 70 61,4 72 62,18 73 66,81 80 PPT 3,3 4 3,3 4 3,25 3 3,1 4 Grunnskular 98,2 119 94,7 111 105,31 120 108,36 126 Helse 19,6 28 19,6 25 20,37 31 20,37 28 Luster sjukeheimsteneste 87,91 140 Luster heimeteneste 72,00 104 Omsorgssone I 41,3 65 43,26 58 43,26 58 Omsorgssone II 46,5 77 49,33 74 49,33 74 Omsorgssone III 66,5 108 70,28 104 72,88 116 ATS 5,4 7 5,4 7 5,40 8 5,40 8 Teknisk forvaltning 8 37 8 37 7,93 37 Oppmåling/ branntenester 5,93 31 Næring 1 1 1 1 1,00 1 1,00 1 Landbruk og naturforvaltning 8,3 10 5,3 6 5,00 6 5,00 6 Bibliotek 2 4 2 4 2,00 5 2,00 5 Prosjekt bygdebok 1,7 1 1,7 1 1,70 1 1,70 1 Sum 433,0 621 439,3 593 454,35 617 456,22 622 (Nokre tilsette har arbeid ved fleire einingar og vert dermed talt to gongar). Luster kommune sitt kvalitetssystem (LKK) Luster kommune har eit heilskapleg kvalitetssystem som skal ivareta kravet om internkontroll samt dei krav som blir stilte i lov, forskrift og eigne/interne krav. Føremålet med LKK er gode system for kvalitetssikring (internkontroll), kvalitetsstyring og kvalitetsutvikling. Identifisering av fakta, trendar i statistikk og gjennomføring av analyser er verktøy i arbeidet med kontinuerlig forbetring av tenester og forvaltning. Det er t.d. vktig at årsak til at avvik oppstår blir identifisert og retta opp slik at avvik ikkje gjentek seg. Viktige element i LKK er: Felles startside med ein inngang og søkemotor til alle område, dokument, skjema mv. Prosedyrar (laga i standard mal og samla i eit system). Registrering og oppfølging av uønska hendingar (under dette også avvik). Elektronisk sjekklistesystem. Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS analyse). LKK er eit lett tilgjengeleg system med låg brukarterskel for alle tilsette i kommunen. Arbeidsmiljøet Det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet vert systematisk kartlagt ved gjennomføring av: Medarbeidarundersøking kvart andre år. Årlege medarbeidarsamtaler. Årlege vernerundar. Kvartalsvis sjukefråværsstatistikk og sjukefråværsoppfølging. Rapportering og oppfølging av uønska hendingar. Desse tiltaka ligg fast i overordna årshjul og i kvalitetssystemet (LKK). Medarbeidarundresøking: I tråd med årshjulet vart medarbeidarundersøkinga gjennomført mot slutten av 2010. Dette er ei nasjonal standardisert undersøking som vart gjennomført for fjerde gang i Luster kommune. 12 Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010

Svarprosenten var 60 (388 av 640) som er noko lågare enn i 2008. Det vert svart på mange spørsmål på ein skala frå 1-6, der 6 er best. I tabellen under ser ein resultata på 12 dimensjonar og gjennomsnitt/samla resultat. Ein kan og sjå utviklinga i Luster og Luster sitt resultat mot gjennomsnitt for landet. 2006 2008 2010 Dimensjon Luster Luster Luster Landet Organisering av arbeidet 4,5 4,6 4,5 4,4 Innhald i jobben 4,6 4,9 4,9 4,9 Fysiske arbeidsforhold 4,3 4,7 4,5 4,1 Forholdet til kollegaene 4,9 5,0 5,0 5,0 Mobbing, diskriminering - 4,8 4,8 4,7 Forholdet til næraste leiar 4,6 4,6 4,5 4,5 Medarbeidarsamtalar - 4,6 4,7 4,7 Overordna leiing 4,1 4,1 4,0 3,9 Fagleg/personleg utvikling 4,2 4,2 4,2 4,3 System for løn/arbeidstid 4,0 4,0 4,1 3,9 Stoltheit over arb.plassen 4,8 4,8 4,8 4,7 Heilskapsvurdering 4,8 4,7 4,7 4,5 Gjennomsnitt samla 4,5 4,6 4,5 4,4 Medarbeidarundersøkinga er ei viktig kartlegging av status (temperaturmåling) i høve fysiske og psykososiale arbeidstilhøva i organisasjonen - som igjen er grunnlag for utviklingsarbeid. Generelt syner undersøkinga at tilsette har det bra i organisasjonen Luster kommune. Samla resultat for Luster i 2010 ligg noko over landet, og Luster sine resultat svingar i råd med landet; der landet ligg høgt ligg også Luster høgt og motsett. Bak den siste dimensjonen Heilskapsvurdering ligg eit spørsmål om korleis ein alt i alt har det som arbeidstakar i Luster kommune. Eit resultat på 4,7 på denne viktige dimensjonen må seiast å vere bra. Oppfølging av undersøkinga vert gjort i form av gjennomgang av resultat i leiarmøte, i personalmøte og til slutt i medarbeidarsamtale med den einskilde. Ein vil i denne prosessen gå inn i detaljar/bak tala, som igjen gjev grunnlag for konkrete forbetringstiltak. Sjukefråvær Tabellen/framstillinga under viser gjennomsnittleg sjukefråvær samanlikna med KS-området: 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Luster 6,1 % 5,1 % 5,9 % 6,3 % 7,1 % 7,0 % 6,3 % KS *) 8,3 % 8,7 % 9,1 % 9,4 % 9,6 % 9,9 % 9,2 % * Pr 3. kvartal 2010. Vi ser at Luster ligg godt under gjennomsnittet i kommunesektoren. Utviklinga i Luster var negativ frå 2005 til 2008, men auken har i 2009 og 2010 stoppa og godt noko tilbake. Som IA-verksemd arbeider Luster kommune systematisk mot tre mål: Redusert sjukefråvær Fleire med redusert arbeidsevne skal koma i arbeid Auke den reelle pensjonsalderen. HMT-tiltak Det vert gjennomført HMT-tiltak på to nivå: overordna og i einingane. I sum vert det gjort mykje godt HMT arbeid. Av overordna tiltak i 2010 kan følgjande nemnast: Tilbod om influensavaksine. Ca 80 tilsette tok vaksine. Fire tilsette som m.a jobbar med kloakk fekk spesialvaksine for stivkrampe. Økonomisk støtte ved kjøp av årskort ved Luster treningssenter til ca 100 personar pr. md. Ved Hafslo trimsenter fekk tilsette som kjøpte ½-årskort våren 2010 støtte. Inneklimamålingar ved 2-3 nye skular / barnehagar. Felles opplegg til arrangementet Blåe tonar under breen. Tilretteleggingstilskot frå NAV til mange gode førebyggjande tiltak. Treningsprosjekt ved Luster treningssenter. 17 personar deltok. Fotturar med premiering og god deltaking i motbakkeløpet Molden opp. Arbeidsplassvurderingar med hjelp frå Sogn bedriftshelseteneste ved fleire einingar. Tilskot frå NAV til kjøp av utstyr (etter arbeidsplassvurdering). Samarbeid med NAV, Luster arbeidssenter og Sogneprodukter AS om til saman 14 personar på arbeidsutprøving. Kommunen er tiltaksarrangør, men har ikkje arbeidsgjevaransvar. NAV gjev tilskot for utprøvingsperioden. Kommunen er medlem i Sogn Bedriftshelseteneste og ca. 90 tilsette er innmelde. I tillegg kjem ca.10 personar i brannvernet som ikkje har anna tilsettingsforhold i kommunen. I tillegg vart det gjennomført fleire mindre HMT-tiltak / tilretteleggingar i den einskilde eining. Ved fleire einingar er det oppretta eigne velferdskomitear. Kompetanseutvikling Overordna arbeid med kompetanseutvikling vert styrt av Plan for kompetanseutvikling. Utover eigne midlar på 620 000 kr fekk kommunen etter søknad 134 000 kr frå fylkesmannen til kompetanseutvikling innan pleie og omsorg. I tillegg vert det gjennomført mange tiltak på einingsnivå. Tiltak gjennomført i 2010 som kan nemnast: Kompetanseheving - rusomsorg. Kvalitetsleiarskulen. Leiaropplæring. Leiaropplæring for rektorar. Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010 13

Seniorpolitikk. Deltakarar på seniorkurset på Hafslo 2010. Her orienterte KLP og NAV om den nye pensjonsreforma. I tillegg løfta psykolog Per Steinar Melås tilhøyrarane med eit inspirerande foredrag. Kompetanseheving innan IKT. Fagsamlingar innan dei ulike einingane. Lærlingar I 2010 vart det teke inn 7 nye lærlingar fordelte på faga: Institusjonskokk, barne- og ungdomsarbeidar, IKT og helsefagarbeidar. I tillegg var det 2 læringar som var tekne inn i 2009 og som skal avlegga fagprøven våren 2011. Seniorpolitikk Arbeidet med å auke den reelle pensjonsalderen har fått meir tyngde etter at det i 2007 vart teke i bruk eigne seniortiltak. I oktober 2009 gjorde kommunestyret i sak 79/09 ei evaluering på området. Det vart då vedteke ei vidareføring av tiltaka, men med følgjande endring: Tiltak 2: Redusert arbeidstid og tiltak 3: Ei ekstra ferieveke vert slegne saman til eit nytt tiltak 2: Redusert arbeidstid utan reduksjon i løn. Etter dette vart seniortiltak frå 1.08.10 i form av redusert arbeidstid utan lønsreduksjon gitt som friveke(r) med løn slik det går fram av tabellen under. I alt 37 tilsette er for perioden 1.08.10-31.07.11 tildelt følgjande seniortiltak: Tiltak Tal Tal kvinner menn Friveke med løn 25 8 To friveker med løn 2 2 Tilrettelegging, arb,plass - - Merknader Pleie og omsorg - tildelt etter behov Tilrettelegging på arbeidsplassen: Som del av samla tiltak for seniorar, er det sett av 80 000 kr til tilrettelegging på arbeidsplassen i sjukeheimstenesta og heimetenesta. Dette er tildelt etter søknad på konkrete, kostnadsrekna tiltak 20 tilsette tok ut heil eller delvis AFP/alderspensjon i 2010, ein auke frå 2009 på 9 tilsette. 5 fekk uførepensjon/ rehabilitering (personar som har vore sjukmelde i 1 år). Likestilling Likeløn Gjeldande hovudtariffavtale regulerer i stor grad lønsfastsetjinga i kommunen. Avtaleverket har ein kombinasjon av sentralt fastsett minsteløn, fastsetjing av løn i lokale lønsforhandlingar og fastsetjing av løn ved tilsetjing. Mange store yrkesgrupper i kommunen har avlønning i høve til sentralt fastsett minsteløn/ stigar, ev. med endringar gjort i lokale forhandlingar. Andre får si løn fastsett i lokale forhandlingar med grunnlag i føringar i hovudtariffavtalen og eventuelle lokale føringar avtalt mellom partane. Ved tilsetjing i einskilde stillingar vert det gjeve løn etter avtale. Det vert her teke omsyn til generelt lønsnivå, kompetanse, rekrutteringsbehov, krav frå søkjar osv. Løn er i 2010 nytta for å rekruttere og stabilisere kritisk kompetanse. I tillegg til løn har ein og nytta tiltak som gratis bustad, dekka flytting og fleksibel arbeidstid/-stad. Stillingar i HTA kap 4 - sentral lønsfastsetjing + lokale lønsforhandlingar I HTA kap 4 finn ein ca 400 stillingsheimlar, dvs 88 % av i alt ca 455 heimlar i kommunen. Tilsette i HTA kap 4B - gjennomgåande stillingar og 4C undervisningspersonale, er i all hovudsak løna på sentralt fastsette minstelønstabellar, og lønsplassering for desse er såleis lik for kvinner og menn. Ved dei sentrale lønsforhandlingane i 2010 var dei sentrale partane samde om at pott avsett til lokale lønsforhandlingar i kommunane skulle fordelast på kvinner og menn i høve 14 Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010

til tal årsverk i kommunen. I Luster kommune medførte dette at ca. 83 % av den lokale potten for 2010 vart brukt til lokale lønstillegg til kvinnelege tilsette. I nokre stillingskodar i HTA 4B har det utvikla seg eit system med stor grad av lokal lønsfastsetjing. Dette gjeld i særleg grad fag- og arbeidsleiarstillingar i pleie/ omsorg og teknisk drift, og i sakshandsamarstillingar på fleire tenesteområde. Samla sett er gjennomsnittsløna i desse gruppene tilnærma lik for kvinner om menn (0,2 % høgare for menn enn for kvinner). Viss ein trekkjer ut fagleiarar i pleie og omsorg, der 8 av 12 er kvinner, er menn si gjennomsnittlege lønsplassering 4,6 % i høgare enn for kvinner. Stillingar i HTA kap 5 - berre lokal lønsfastsetjing Dette gjeld stillingane 8084 Ingeniør og 8530 Rådgjevar (legestillingar er her haldne utanfor). I desse stillingsgruppene er gjennomsnittsløn for menn 4,5 % høgare enn for kvinner. Leiarstillingar HTA kap 3 - berre lokal lønsfastsetjing Dette gjeld einingsleiarstillingane 9451 Leiar og 9951 Rektor. I desse stillingsgruppene er gjennomsnittsløn for menn 11,2 % høgare enn for kvinner. Hovudgrunnen til dette er at lønsplassering for styrarar i dei mindre barnehagane dreg gjennomsnittsløna for kvinner ned. Til samanlikning ligg gjennomsnittsløn for tre kvinnelege rektorar på gjennomsnittet for menn i kap. 3-gruppa. Alderssamansetjing kjønnsfordeling Tilsette - kjønnsfordeling Tal kvinner % kvinner Tal menn % menn Stab 21 54 % 18 46 % Teknisk drift 23 26 % 26 53 % Barnehagar 76 95 % 4 5 % PPT 3 75 % 1 25 % Grunnskular 99 79 % 27 21 % Helse 21 75 % 7 25 % Luster sjukeheimsteneste 132 94 % 8 6 % Luster heimeteneste 95 91 % 9 9 % ATS 5 63 % 3 38 % Oppmåling brannteneste 1 3 % 30 97 % Næring 0 0 % 1 100 % Landbruk og naturforvaltning 2 33 % 4 67 % Bibliotek 5 100 % 0 0 % Prosjekt bygdebok 0 0 % 1 100 % Totalt 483 78 % 139 22 % Tabellen viser at det er tradisjonell kjønnsfordeling, ved at menn i stor grad arbeider i tekniske yrke og kvinner i omsorgsyrke. Kommunen har i stillingsannonsar i t.d. innan barnehage, oppfordra menn til å søkje, men det har ikkje gjeve resultat. Leiarstillingar - kjønnsfordeling Tenesteområde Tal kvinner Tal menn Stab 3 6 Tenesteeiningar 13 11 Tabellen viser ei god balanse mellom kvinner menn i leiarstillingar Permisjon/ redusert stilling - kjønnsfordeling 2009 2010 Foreldreperm * Red. stilling Foreldreperm * Red. stilling Kvinner 35 46 23 39 Menn 0 3 0 2 * Svangerskaps- og fødselspermisjon (menn: Uttak av fødselspermisjon i tillegg til lovfesta fedrekvote). Stillingsprosent kjønnsfordeling Kvinner Menn Stillingsstorleik 2009 2010 2009 2010 0-24,99 % 31 27 4 3 25-49,99 % 26 23 3 4 50-74,99 % 141 135 14 15 75-99 % 130 140 6 6 100 % 124 130 81 84 Totalt 452 455 108 112 Merknad: 10 % av dei tilsette har stilling under 50 %, 26 % har stilling frå 50 74,99 %, 26 % har stilling 75 til 99,99 % og 38 % har 100 % stilling. Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010 15

Auka stillingsstorkleikar 2009 2010 Tenesteområde Nytilsetjingar Utvidingar Nytilsetjingar Utvidingar Pleie/omsorg 22 29 3 30 Teknisk drift 2 1 3 3 Biblioteket 1 Skule 14 8 14 18 Barnehage 3 10 14 13 Helse 1 2 1 1 ATS 1 3 Stab 1 1 Landbruk mv 1 PPT 1 1 Sum 44 56 36 67 67 personar fekk auka stilling i 2010. Arbeid med å gje tilsette som ynskjer det større stilling er ei prioritert oppgåve som det vert arbeidd med kontinuerleg etter slikt system: Årleg kartlegging av uønska deltid. Resultat av kartlegginga august 2010: 40 tilsette svara at dei ynskte større stilling. Erfaring syner at kartlegginga er usikker og at det ikkje er mogleg å talfeste heilt sikkert kor mange som arbeider uønska deltid. Ved ledig stilling vert det alltid først vurdert om stillinga kan lysast ut internt slik at deltidstilsette kan få auke si stilling. Det vert kontinuerleg arbeidd med å finne kombinasjonsløysingar der tilsette kan kombinere fleire stillingar for å få så stor samla stilling som mogleg. Tilsette i deltidsstillingar som ynskjer større stilling vert prioritert ved ledige vikariat. Frå Molden Opp 2010. Lærling. Lene Fuglesteg tok i september 2010 fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Det er innan pleie- og omsorg vi har flest tilsette med uønska deltid. Sommarjobb for 16-17-åringar Luster kommune innførte i 2007 ei eiga ordning med sommarjobbar for 16- og 17-åringar. Føremålet er at ungdomane skal få kjennskap til nærings- og arbeidslivet i Luster. I samsvar med vedtaket i kommunestyret, vart 10 ungdomar tilsette i sommarjobbar i kommunen i 2010. Det vart etter søknad tildelt kommunalt tilskot til 37 sommarjobbar i private verksemder. Med tilskot på kr 3 000 pr. sommarjobb, vart samla tilskot kr 111 000. Av 37 tilskot til private verksemder, gjekk 16 til landbruket (i hovudsak via Landbrukstenester Sogn), resten til industri, handverk og tenesteyting. Samla kostnad var i 2010 på vel 300 000 kr. Arbeidsmiljødag med Yngvar Andersen 25. mars 2010. Luster treningssenter (Arkivfoto) 16 Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010

99 % 1 % 99 % 1 % Kommunestyret: 29 Formannskap/næringsutval: 7 Plan- og forvaltningsstyre: 7 Adm.utval: 3 + 2 Kontrollutval: 5 BRUTTO driftsutgifter i % av dei totale brutto driftsutgiftene. NETTO driftsutgifter i % av dei totale netto driftsutgiftene. Folkevalde Politisk organisering Organisering vedteke frå konstitueringa hausten 2007 Overordna mål Gje dei folkevalde arbeidsforhold slik at alle har høve til å delta i lokalpolitikken. Sikra gode avgjerdsprosessar og effektiv fordeling av oppgåver ved hjelp av delegering og klare retningslinjer. Leggje til rette for at politiske organ får frigjort tid til overordna oppgåver. Sjå til at Luster kommune i alle samanhengar opererer innafor gjeldande regelverk og nyttar fellesskapet sine midlar på ein effektiv og god måte. Arbeide godt med alle saker som måtte kome frå kommunen sine kontrollorgan. Styrke det interkommunale samarbeidet, både gjennom Sogn regionråd og på nordsida av fjorden. Etiske reglar I følgje kommunelova 5 skal årsrapporten m.a. redegjøre for tiltak som er iverksatt og tiltak som planlegges iverksatt for å sikre en høy etisk standard i virksomheten. Luster kommunestyre har dei siste åra engasjert seg i fleire saker som vedkjem etisk standard: I 2007 gjorde kommunestyret vedtak om at både folkevalde og administrative leiarar burde registrere eigne verv i KS sitt styrevervregister. Svært mange har følgd opp dette. Føremålet med ordninga er at ålmenta skal ha tillit til at dei som tek avgjerder i kommunen ikkje er ugilde. Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010 17

I 2009 gjorde kommunestyret vedtak om å bli Fairtrade-kommune. Dette er eit etisk val som inneber at kommunen ønskjer å kjøpe varer som er produserte og formidla gjennom rettferdig handel,. Kommunen er og pådrivar for å få fleire verksemder i Luster til å kjøpe og selje Fairtrade-merka produkt. I 2009 vedtok kommunestyret eigne etiske retningsliner for dei folkevalde. Desse legg vekt på at ein som folkevald skal opptre ope og ærleg, lytte til innbyggarane og legge vekt på likebehandling. Som folkevald skal ein og gjere det ein kan for å unngå å kome i situasjonar som kan føre til konflikt mellom private og kommunale interesser. I 2010 vedtok kommunestyret å slutte seg til ei fylkesdekkande oppreisingsordning retta mot barn som kan ha blitt utsett for overgrep eller omsorgssvikt under kommunal omsorg før 1.01.93. Dette er ei ordninga tufta på moral, ikkje på lovverket. Brukarspørjing Luster kommune deltok i 2010 i KS si lokaldemokratiundersøking. Kommunestyret svarde på spørjeskjema og 250 innbyggjarar svara i telefonintervju. Det vart i undersøkinga vurdert om kommunen har eit påliteleg, ansvarleg, innbyggjarnært og effektivt styresett. Resultat: Dei folkevalde tykkjer at fellesinteressene har gode kår i kommunestyret, medan eit fleirtal av innbyggjarane meiner at særinteresser får mest gjennomslag. Både folkevalde og innbyggjarar er godt nøgde med kommunal informasjon knytt til kva saker som vert politisk handsama. Eit klart fleirtal av dei folkevalde meiner det er vesentleg kva parti som sit med makta. Eit lite fleirtal av innbyggjarane er usamde. Dei meiner det ikkje spelar noko rolle kva parti som har makta. Folkevalde tykkjer i stor grad at dei tek omsyn til innbyggjarane sine synspunkt. Innbyggjarane er også nøgde, men i langt mindre grad enn kommunestyret. Både folkevalde og innbyggjarar er godt nøgde med kommunen sitt tenestetilbod. Jentekveld på Lustrabui. Tverrpolitisk prat. Frå venstre Trine Hess Elgersma, Sølvi Fretheim Steig, Susanne Heen Veum, Christin Sønnesyn og Torunn Gauteplass Hønsi. Folk i fl eire hus. Prosjektgruppa. F.v.: Inger Moe (prosjektleiar), Marit Tennø, Jimmy Hilleren, Olaug Høyheim, Heidi Heløy, Gunnhild Berge Stang og Olav Grov. Ordførar Torodd Urnes er leiar av gruppa og har teke biletet. 18 Årsrapport og rekneskap Luster kommune 2010